Arkiv for mai 2012

31
Mai
12

officium: marias gjesting hjå elisabeth (luk 1,39-56) frå ein homilie av den hl Beda den ærverdige (673-735)(matutin)

Datoen for denne festen er flytt frå den 2. juli. I gamal tid blei han kalla «Marias fjellgang»; fordi ho gjekk opp i fjellbygdene der Elisabath og Sakarja budde. I norsk mellomalder fekk dette ein særskild klang i samband med stemna på Filefjell, ved St Thomas-kyrkja, nettopp på denne dagen…

«Det er rett [å syngja Marias lovsong] til vesper, slik at sinnet vårt, trøytt etter dagen og fortumla av mange slags plager, samlar si merksemd når det er på tide å gå til ro, og skjønar at det må kasta frå seg alt det uvesentlege eller skadelege det har teke opp i seg i løpet av dagen, og straks reinsar seg for alt dette ved bøn og tårer».

I den offisielle bøna til kyrkja, tidebønene, syng ein nettopp Marias lovsong (Magnificat) under vesperen (aftansongen), frå Lukas 1, 46-51. Vesper-bøna tek opp den store tonen av takk for alt Gud har gjort – i verda, i kyrkja, i livet mitt. Maria, Guds mor og mor til kyrkja, syng denne lovsoongen på vegner av oss alle, og vi får ta del i han. I Magnificat lyfter vi blikket og ser dei store linene, meininga; ser Guds hand i alt. Det vanskelege, det komplekse, det nærsynte og motviljuge fell på plass i Guds plan.

I Guds nåde.

30
Mai
12

officium: onsdag, 8. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins «Vedkjenningar» (matutin)

«Gje det du krev, og krev så kva du vil!»

Augustin streva med å overgje sine lidenskapar, kanskje fordi han hadde teke dei så sterkt ut i illegitimt samliv. Alt set spor. Han ville no leve åleine – og difor avhaldande. Det er noko med den kroppslege lidenskapen som spreier oss og sprengjer oss, meiner Augustin. «Ved å vere avhaldande bli vi samla og førde tilbake til den einskapen vi forlet då vi blei oppløyste i mangfald», legg han til. Sterke krefter må styrast, ikkje berre med tvang, men utfrå ein indre fridom. Å elske Gud og nesten krev fokus – og gjev fokus. Sentrifuga som slyngjer oss ut når vi lar våre apetittar drive oss, må staggast så vi ikkje går i oppløysing, både kroppsleg og sjeleleg.

Å makte dette, fordrar eit overskot som berre Gud kan gje oss. Vi må fyrst ta i mot, så kan vi gje. Alt.

29
Mai
12

carpe diem: vandring

Pinsehelga var varm og vakker. Etter høgmessa pinsedag, tok eg toget til Tangen, ved Mjøsa – og gjekk den gamle pilgrimsvegen fram til Stange kyrkje. Tidlegare har eg gått ei lei i same retning, langs sjølve Mjøs-kysten. No tok eg den merka leia over åsane austanfor. Forbi eitt og anna småbruk; tidlegare husmannsplassar inni skogen, attanfor dei opne bygdene og storgardane.

Eg fekk gå for meg sjølv, ein lang landeveg, litt i skuggen av granskogen. Berre gå, tenkje, be. Ein dag åleine.

Så opnar den breie Stange-bygda seg. Vakre gardar med korte, gamle namn: Rå nordre, Rå søndre,Store Re… Namn som viser at her har det vore folk og drift frå arilds tid. Namn frå Snorres soger. Og bylgjande enger og åkrar, med svart jord, pløgd opp og harva, kraftige felt mot dei ljosgrøne, vide slettene med bryddande korn. Ned mot Mjøsa som glitra sørover og nordover. Av og til eit kast av sval bris. Lurer meg til ein rast under eit stort tre i eit tun ut mot vegen.

På lang avstand ser eg det slanke spiret på Stange kyrkje. Eit heilagt merkje i landskapet. Eg gjeng heilt fram – og møter Kjell Nyhus, ein studiekamerat frå MF-tida, no fengselsprest i Hamar. Eg bur hos han og Anne, kona, til dagen etter og er med på gudstenesta i fengslet, 2. pinsedag. Kjell har teke til med å arrangere turar for nokre av dei innsette, til Fokstugu på Dovrefjell der vertskapet har opna garden som eit pilgrimssenter, med gjesterom og kapell. Dugnadsarbeid, fjellturar, samtalar og samlingar i kapellet. Det gjer noko med dei som er med.

Vi er alle menneske – som treng Guds nåde, i skaparverket, i stilla, i Ordet, i fellesskapen. På vegen.

29
Mai
12

homiletica: Pinsedag, 27/5-12, St dominikus krk, Joh 15, 26-27; 16, 12-15

Kjære kristne!

Det er pinse, ’pentakosta’, den femtiande dagen etter Påske – og dermed fullbyrding av påska. Pinsa er påska si frukt: Ved sin død og si oppstode opna Kristus veg mellom Gud oss, opna han himlens sluser over verda, opna for Krafta frå det høge, slik han hadde bedt apostlane, saman med Maria, å vente på i det bøn, i Jerusalem. Som profeten Joel hadde førutsagt:

Ein gong skal det henda
at eg auser ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal profetera,…
Eg set varsel
på himmel og jord,
blod og eld og røyksøyler.

Altså: Den allmektige, majesteten, stig ned, som han gjorde på Sinai – men no, på Sion, i all sin fylde, no ikkje berre med tanke på den gamle pakts gudsfolk, men på eit nytt folk av alle ætter og tungemål, av alle nasjonar.

Den nye pakta – også varsla av profeten, når han seier:

Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land. Eg stenkar reint vatn på dykk, så de blir reine. Eg vil reinsa dykk for all ureinskapen og for alle avgudane. Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden. Og min Ande gjev eg inni dykk og gjer at de følgjer forskriftene mine, held lovene mine og lever etter dei.

Også i vår tid er det snakk om ”åndelighet”, men det blir ofte nokså diffust. Den ånd vi feirar i pinsa, er Guds Ande, den tredje person og guddomen. Han som går ut frå Faderen og Sonen og som blir tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen og som har tala gjennom profetane, slik vi vedkjenner det i vårt credo (jfr Nicenum). Guds Ande verkar overalt, i skaparverket og Guds verdsstyre, men i sin fylde blir han gitt oss gjennom Jesus Kristus, i kyrkja sin fellesskap. Anden bles dit han vil – men det er i kyrkja vi finn sjølve ”stormsenteret”; der talar han til oss og handlar han med oss. I Ordet, i sakramenta, i embete og tenester, i karismane, nådegåvene, i den innbyrdes kjærleiken. Der gir han oss Barnekårsanden som gjer at vi ikkje berre anar at der er ein Gud, men som gjer at vi ropar: -Abba, Far! Fadervår!

Det er dette Jesus minner oss om i evangeliet i dag. Han seier, som vi høyrde:

Når Talsmannen kommer, han spm jeg skal sende dere fra Faderen – Sannhetens Ånd som utgår frå Faderen – da skal han vitne om meg. Og:

Han skal kaste glans over meg, for det er av mitt han skal ta og forkynne dere.

Andens verk i kyrkja er altså knytt til Kristus, til hans ord og verk, til alt det han overgav til apostlane og vidare til kyrkja. Sann «åndelighet» held alltid fast ved det. Nettopp i den kristne fellesskapen, i kyrkja, er det at Andens frukter veks fram, slik vi høyrde i lesinga:

Kjærlighet, glede, fred, høysinn og vennlighet, godhet og trofasthet, mildhet og selvbeherskelse. Til forskjell frå

utukt og utsvevelser, avgudsdyrkelse og magi, hat, fiendskap og nag, uvennskap og intriger, splid, missunnlese og partivesen, drikk, svir og annet av samme slag. Som å lese ei av dei store tabloidavisene…

For at Guds Ande skal kunne skape dei gode fruktene iblant oss, vil han fyrst vise seg for oss som Botsanden. Som Sakarja seier:

Over Davids hus og dei som bur i Jerusalem, auser eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge(Sak 12,10).

Det var det som skjedde då Peter steig fram og forkynte den krossfeste Kristus, Israels Messias, verdas Frelsar, Livsens hovding. Då dei høyrde det, stakk det dei i hjarta, står det, og dei spurde: Kva skal vi gjera, brør? Peter svara: Vend om, og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn… så de får tilgeving for syndene; då skal de få Den heilage Ande i gåve (Apgj 2, 37-38).

Brør og systre! Det er denne nåde- og bøneånda vi treng for at det skal bli pinse, for at pinsens verk skal halde fram i kyrkja og i vårt liv. Den som får oss til å spørje: -Kva skal vi gjere? Pinse er krise, er oppgjer, er ny innsikt, ny uro, ny start, ny forankring. Mange er interesserte i ‘åndelighet’, men kanskje ikkje i å gjere bot. Pinse er å begi seg til skriftestolen og tale ut om livet slik det er. Pinse er å forsone seg med Gud og menneske. Kva om vi alle stilte dette sprøsmålet for alvor, på alle område av livet og aller mest i det som har med vårt tiulhøve til Gud å gjere: -Kva skal eg gjere? No.

Midt i krisa skal vi sjå opp til han som vi har gjennomstunge, til den krossfeste, når vi feirar evkaristien og ser han, “Guds Lam som tek bort verdens synder”. Når dette skjer – når dette blir fokus, når dette slepp til – skjer det alltid noko nytt og fornyande, både individuelt og for fellesskapen.

Pinse, det er at trua trengjer inn under overflata. Og det må ho dersom vi skal kunne leve og stå fast som kristne i eit samfunn der mange av dei tradisjonelle haldepunkta og støttepunkta blir tatt frå oss.

Vi lever i ei tid som er vansklegare, men også opnare. Difor har vi grunn til å be med styrke og forventing:

Veni, Sancte Spiritus! “Kom, Heilage ande, fyll hjarto til dine truande!”

29
Mai
12

officium: tysdag, 8. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins «Vedkjenningar» (matutin)

«I mi vedkjenning vil eg gjera som sanninga byd i hjarta mitt for di åsyn, i mitt skrift vile eg gje det til beste for mange vitne».

Trongen etter å kome til rette med seg sjølv, å finne fram til det som er eg, til det personlege og individuelle – den hl Augustin er ein pioner i dette som er så viktig for det moderne mennesket. Augustins vedkjenningar er, kan vi seie, ei tidleg utgåve av Knausgårds «Min kamp».

Kvart menneseke er unikt, eigenarta, uendeleg ansvarleg. Dette er ein innsikt som ikkje minst har vakse fram i kultur og sisvilisasjon gjennom den kristne trua. Ei frukt av Evangeliet. Inst inne har dette sitt opphav i synet på mennesket som skapt i Guds bilete, ikkje berre som «art», men som individ.

Vi er ikkje berre biomasse. Vi er eit univers, ei verd, eit mysterium. Kvar og ein. Gjennom vedkjenninga utforskar vi oss sjølve.

25
Mai
12

officium: fredag, 7. vike i påsketida, utdrag av eit brev frå pave gregor 7. (+1058) (matutin)

«I kraft av Guds tilskikkingar som gjorde at Kyrkja, vår mor, sette meg høgst uverdige…på den apostoliske trona, har eg av alle krefter anstrengt meg for at den heilage Kyrkja, Guds brud, vår frue og mor, skulle få tilbake den venleiken som tilkjem henne, og forbli fri, reinlevande og katolsk».

Pave Gregor 7. var forgrunnsfiguren for den breie og djupe rørsla som blei kalla Gregorianismen eller Libertas Ecclesiæ (fridom for kyrkja). Det var ei sterk fornyingsrørsle – og både gjenopptakinga av dompkapitla med klerkar som levde i ein klosterfellesskap ved katedralen (kannikar), Bernhard av Clairvauxs fornying av det benediktinske klosterlivet (cisterciensarane), framveksten av tiggar- og forkynnarordnar som dominikanarordenen (preikebror-ordenen), oppstramming av sølibat, studiar og standarden elles for presteskapet har si rot i denne rørsla. Ikkje minst viktig: kyrkja skulle vere rettesleg og økonomisk fri i høve til den verdslege makta, både i høve til konge-, keisar og adel og til det lokale ættesamfunnet. Også pavemakta vart styrkt, nettopp for å hindre at kyrkja fall frå kvarandre i nasjonalkyrkjer og særinteresser.

Anten kyrkja har ein offisiell status som samfunnsmakt, som ho hadde i mellomalderen, eller ho er ein minoritet og ein motkultur, skal ho vere fri og ikkje basere seg på kjøpslåing og kompromiss. Sanfunnsrammene og kultursituasjonen kan endre seg, men kallet og visjonen er den same: Kyrkja skal vere fri og leve i truskap mot sin Herre.

24
Mai
12

nota bene: «illusjonen om folkekyrkja» – utdjupande kommentar

Kronikken i spalten Refleksjon, Vårt Land, blei lagt ut her på bloggen og på VLs Verdidebatt-sider. Der blei det eit lengre ordskifte – som eg svara på, summarisk. Legg denne utdjupande kommentaren frå Verdidebatt ut her på bloggen…

1.Det avgjerande for å kome vidare, både med folkekyrkja og tilhøvet mellom stat og kyrkje, er å ha eit godt teologisk utgangspunkt. Det er like viktig å ha teologisk basis i spørsmål om kyrkja, som det er å ha t d medisinsk-fagleg basis i medisinske- og helsepolitiske spørsmål. Eit av problema med den kyrkjelege utviklinga er nettopp avteologiseringa av kyrkja. Å ta teologien alvorleg styrkjer saksinnhaldet og gjer den offentlege debatten ryddigare og meir etterretteleg. Også kyrkja sin praksis bør vere teologisk informert. Kvifor skal elles dei som har kyrkjeleg og pastoralt ansvar, bruke mange år på teologiske studiar?

2. Det teologiske hovudtemaet i det som no er oppe til debatt (ikkje berre her på Verdidebatt, men i det offentlege ordskiftet i det heile), er ekklesiologien (læra om lva kyrkja er). Det er eit forsømt område i protestantisk teologi og i norsk kristendom, generelt. Kyrkja blir sett som noko reint indre og åndeleg – og det ytre – det som har med kyrkja som ein konkret, ordna fellesskap å gjere – er blitt overteke av staten og statsretten, og av det sekulære samfunnet. Då er det nærliggjande å fokusere berre på kyrkja sin bodskap. Kyrkja er ein fellesskap, frå den fyrste disippelfellesskapen kring Jesus til den fullborne fellesskapen som stig fram på pinsedagen i Jerusalem – med apostlane si undervising, med dåp, nattverdfeiring og ein diakonal praksis (Apgj 2,42f).

Reint konkret er kyrkja, lokalt, ei forsamling av menneske som på ein ordna måte brukar Guds Ord og sakramenta. I både luthersk og katolsk tradisjon blir dette verkeleggjort i feiringa av evkaristien/messa/den fullstendige gudstenesta, særleg på Herrens dag.

Før ein fokuserer på kva kyrkja g j e r – i heile breidda av si verksemd – må ein vite kva kyrkja e r. Der folket ikkje sluttar opp om dette, er det inga kyrkje og inga «folkekyrkje», uansett kva ein elles er med på eller knyter seg til.

3. Det er sant at mange – skjønt stadig ferre – brukar dei s k kyrkjelege handlingane (casualia). Men desse har si meining ikkje som lausrivne handlingar, men som noko som er tilordna den gudstenestefeirande og vedkjennande forsamlinga. Dåpen er ei innføring i denne fellesskapen, ikkje ein frittståande overgangsrite, eit «kontaktpunkt», eller eit evangeliseringsmiddel.

4. Skal vi «granske hjarte og nyre» hos dei som framleis brukar kyrkja sine tenester? Nei. Det handlar ikkje om motivgransking, men om at desse tenestene høyrer heime i ein samanheng, ein fellesskap. Det handlar ikkje om motiv eller personleg «verdighet», men om ein kristen og kyrkjeleg praksis som alle både kan og bør forhalde seg til. Vi skal gå kor langt som helst saman med menneske som verkeleg vil gå denne vegen. Det er Kristi veg, etterfylgjinga sin veg. I dag er det avgjerande at kyrkja vågar å ansvarleggjere menneske. Ansvar er å ta på alvor. Gjensidig.

For den lokale kyrkjelyden er nattverdfeiringa – saman med forkynninga , slik det er sameina i høgmessa – noko normalt og grunnleggjande nødvendig. Slk har det vore heilt frå urkyrkja og oldkyrkja. Også i den lutherske tradisjonen. Deltaking i nattverdmåltidet for den einskilde høyrer også med til normal kristen praksis, sjølv om alle har sin veg å gå, reint personleg. Det er når nattverdfeiring og gudstenestedeltaking blir eit randfenomen, at kyrkja lid skade. Når eit svært lite mindretal sluttar opp om dette, kan ein vanskeleg snakke om ei folkekyrkje.

5. For frikyrkjene spelar oftast fellesskapen og fellessamlinga/gudstenesta ei sentral rolle. Utfordringa til desse er, slik eg ser det, å gjenoppdage den historiske gudstenesta og det sakramentale livet. Det gjev i det lange løp ein større bibelsk- og trusmessig fylde og breidde til gudstenestelivet.

6. Ei reint kulturelll grunngjeving for kyrkja blir utilstrekkjeleg. Den rike kristne kulturarven er ei frukt av levd trusliv – i forkynning, undervising, truvedkjenning, diakoni, gudsteneste og tilbeding. Ein må verne treet om ein vil ha fruktene.

:

22
Mai
12

nota bene: staten og kyrkja

Tilhøvet mellom stat og kyrkje vart tydeleg endra i- og med storingsvedtaket i går. Personleg har eg vore motstandar av statskyrkjeordninga og har argumentert mot henne heilt frå studiedagane på MF (syttitalet) og framover, som prest i DNK (Den norske kyrkja) og heile vegen vidare. Både av historiske og aktuelle grunnar er det ei sak som angår oss alle, også ikkje-medlemer i DNK. Både fordi vi er medkristne og har eit ekumenisk ansvar, fordi DNKs ordning har konsekvensar for andre trussamfunn, og fordi det er eit politisk anliggande som har med tilhøvet mellom religion, verdigrunnlag og samfunn å gjere.

Statskyrkjekritikken omfattar også folkekyrkjekritikken. Begge deler botnar i det teologiske synet på kva kyrkja er, i ekklesiologien. Det kritiske arbeidet med desse spørsmåla er ikkje avslutta etter stortingsvedtaket, sjølv om det var eit steg i rett retning. Fordi:

1. Ideen om «folkekyrkja» lever vidare og er til og med innarbeidd som omgrep in den nye grunnlovsteksten. Det er all grunn til å vidareføre debatten om dette. Kyrkja som eit lokalt og universelt Guds-folk med sentrum i feiringa av evkaristien/messa – og ikkje som eit nasjonalt, religiøst tenestetilbod må vere utgangspunktet for tenkjing og praksis på dette området. Både dei lutherske og dei andre protestantiske kyrkjesamfunna har her ei stor utfordring å ta. Kyrkja som eit fritt, synleg, ordna samfunn – dogmatisk, embetsmessig, sakramentalt, liturgisk, diakonalt og evangelsiserande/misjonerande – må tematiserast tydlegare.

2. DNK er framleis knytt til staten og den sekulære samfunnsordninga. Ho skal framleis ha ei særstilling, ho skal framleis vere ei «kommunekyrkje», prestane skal vere statstenestemenn og vere løna av staten, og det juridiske- og forvaltingsmessige rammerverket kviler endå i den statlege lovgjevinga. Mest alvorleg: Statlege organ har framleis ansvar og fullmakter i læresaker. På sett og vis har vi berre fått ei «Statskyrkje light».

3. Formuleringa av eit statleg verdigrunnlag, «kristent og humanistisk», er utydeleg. Korleis forpliktar det kristne verdigrunnlaget den aktuelle norske statsstyringa? Og kva meiner ein med «humanistisk»?

Kort sagt: Ein vil gå framover, men ser for mykje bakover. Eit viktig steg er teke, men mykje gjenstår før kyrkjene har kome skikkeleg til rette med sitt liv og si teneste i eit moderne, sekulært og pluralistisk samfunn som det norske.

21
Mai
12

officium: måndag, 7. vike i påsketida, frå den hl kyrillos av Jerusalems kateketiske føredrag (matutin)

«Sjølv om Anden har éin skapnad, verkar han, på Guds bod og i Kristi namn, eit mangfald av dygder».

Anden skaper og verkar noko i det truande mennesket. Ikkje berre trua, men i heile livet vårt. Trua er ikkje ein abstrakt tilstand, men levd liv. Det kristne livskallet stiller høge forventingar til mennesket, og vi har lett for å tenkje at det er så umogeleg at vi ikkje ein gong skal prøve. Men Anden og nåden er ei verkeleg kraft, Guds kraft, som gjer noko med oss; i vår forstand, vår vilje og i heile vår personlegdom. I Anden kan vi leve disippelskapets liv. Det ber frukt i alle dygder, og blir krona av dei sk teologale dygdene: Tru, von og kjærleik (1 Kor 13).

Det kristne livet er ikkje eit «prinsipp», men ei røynsle og ein realitet.

21
Mai
12

discursus: Harstad kirkeforum, 20/5-12: Luthersk/katolsk; aktuelt synspunkt

legg ut dette kompaktmanuset. Emnet var oppgitt. Eg valde å ta opp nokre aktuelle tematikkar...

Eg tar ”Luther” her ikkje isolert, som om det berre dreia seg om personen/teologen/reformatoren Martin Luther; men om heile hans prosjekt, om reformasjonen, protestantismen og den lutherske kyrkja, med vekt på det aktuelle og ikkje berre det historiske.

Nokre ord om Luther fyrst, likevel:

ILuther er ein fascinerande person og teolog. I hans teologske tenkjing og arbeid har eg alltid funne – og finn stadig – mykje spenstig og verdfull. Eg førtrekkjer å sjå han primært som ein katolsk teolog; nytenkjqnde og original, men samtidig – også etter sin eigen intensjon – i kontinuitet med heile den kyrkjelege tradisjonen Luther insisterte på at han tala og verka ut frå sitt embete som katolsk, offisiell kyrkjeleg teolog; som doktor i Den heilage skrifta, ved universitetet i Wittenberg. Og som vigd, katolsk prest. Luther var som kjent munk, augustinareremitt, tiggarmunk, som eg. (For spøk brukare eg åseie at det beste Luther har sagt er: ”Hjelp, Sta Annna, eg vil bli munk!). Det braut han med, men eg trur det sat i han, likevel. Studium, bøn, forkynning, den intense søkjinga etter Gud. Påverka av NB dominikanaren Joh Tauler, i Strasbourg (ein av Rihnmystikarane, som M Eckhart, H Suso…).

Slik eg ser det, var det ulukkelege med Luther at han spela prosjektet sitt over i hendenen til den framstormande fyrstemakta – og dermed til heile utviklinga fram mot nasjonalstaten og den pretensiøse statsmakta (skal komne tilbake til det..). Moderne Luther-forsking er i ferd med å oppdage Luther som seinmellomaldersk katolikk. Vi har pressa han inn i moderne kategoriar. I dag trur eg han ville ha vore nokså forskrekka over ”lutherdomen” og den kyrkjelege utviklinga han der ville ha observert. Det siste Luther ville vere, var lutheranar!

II

Å gå gjennom alle dei teologiske og læremessige møte- og kollisjonspunkta mellom luthersk og katolsk tru, ville både ta for mykje tid og vere uødvendig. Eg vil heller fokusere på nokre aspekt som eg meiner er sentrale i dag.

Mange ventar seg at det er læra om ”rettferdiggjeringa av tru” som er hovudgreia i reformasjonen og i oppgjeret mellom luthersk og katolsk. Det er ei forsnevring og eit feilfokus, meiner eg.

Dei katols-lutherske samtalane/dokumentet: ”Rettferdiggjeringa”. Det offsielle ekumeniske standpåunktet no, er at det Ikkje lenger er noko avgjerande skilje på dette punktet, slik ser ein det frå begge sider.

-Og, viktigare: Konsentrasjonen på ”rettferdiggjering” er ei del av det eg vil kalle konfesjonaliseringa av reformasjonen og av reformasjonskyrkjene. Visse temn og termar får preg av ideologi, blir reindyrka og einsidige. Det er etterkvart som reformasjonen går frå å vere ei reformrøsle innann den dåtidige universelle kyrkja til å bli nye, nasjonale kyrkjedanningar (Landeskirchen), blanda inn i den politiske frontinga med trettiårskrigen som det mest ekstreme utslaget, at ein finsliper rettferdigjeringslæra. Mange tidlege luthersle teologar, som Osiander, meinte det var for einsidig, at det kristne livet og nådens gjerning i mennesket blei underbetont. Rettferdiggjeringa er berre eitt av fleire motiv i Det nye testamentet: Jesu undervising i Bergpreika, dei apostoliske formaningane, alt det Paulus seier om at vi er –i Herren, -i Kristus blir borte. Likeeins det sakramentale: døds- og livssamfunnet med Kristus, at vi er Kristi lekam osv. Frelsa er meir enn det forensiske (tilrekning ved dom); det er eitt aspekt blant fleire.

Luthers eigen teologi er mykje rikare. Einskapen med Kristus, livet i Kristus, heile den kristne spiritualiteten er mykje sterkare der. Theologia Crucis – som ikkje berre handla om forsoninga, men om korleis Gud openberrar seg for oss i det motsetnungsfulle, i det løynde, i sin veikaskap; korleis mysteriet i vårt liv også er veikskapen, døden bort frå sjølvet, å bere krossen, å dele Kristi lidingar.

I Luthers vesle katekisme (forklåringa til 3. trusartikkel) ser vi at menneskets mottaking av frelsesverket ikkje er framstelt som rettferdiggjering, men som helging/”helliggjørelse” – fordi det er Heilagandens verk (sit.) Her er heile det kristne livet sett som ein prosess, som Guds verk/nådens verk i oss, frå kallet til fullendinga og herleggjeringa.

Utan tvil reindyrkinga av den forensiske rettferdigjeringslæra ført til ei utarming av det kristne livet. Mest radikalt i den såkalla nyevangelismen (rosenianismen): Ekstrem objektivisering. Heile det kristne livet blir borte; alt skje Utanfor oss. Rein teori, ein fasit, eit reknestykke. Eit slags nihilisme, som har verka sekulariserande. Den gamle pietismen var annleis (nådens ordning/ordo salutis: kallet, opplysinga, gjenfødinga, rettferdiggjeringa, helginga, herleggjeringa); med Johan Arnt, Schriver, Pontoppidan, Brorson…. Her høyrer nåden og livet saman (katolsk). Likeeins i dei pentakostale retningane (pinsevenene), med sine erfaringar og sin entusiasme.

➢ Så her er ei hovudutfordring: Få det kristne livet tilbake i teologien, i forkynninga, i kyrkja, i praksisen!

III

Den viktigaste utfordringa er likevel det som har med synet på kyrkja å gjere; ekklesiologien. Her er det også dei største vanskane ligg for ekumenikken i dag, særleg mellom luthersk/protestantisk og katolsk. Kva er kyrkja?

-Nasjonalstaten og nasjonalkyrkja. Heile den synlege kyrkja blei utlevert til /gjekk opp i staten. Kyrkja blir noko reint åndeleg. Dertte har ført til stats-servilitet og til borgarleggjering av kyrkja. Og til nasjonalisme.

Noko som igjen har avfødt den sk ”folkekyrkja”. Romantikken (Herder): Nasjonen erstattar kyrkja som samfunn, som identitetsskapar. Ei guddomleggjering av ”folket”, rasen og kulturen. Fascistoide greier. I strid med kyrkja sin universelle, katolske karakter.
Samankobla med den kravlause nåden; Å vere med i kyrkja krev ingen ting. Ja, nettopp det at du er passiv, blir eit ekstra sterkt uttrykk for evangeliet og nåden (Sevat Lappegard, TF ved UiO).

Mest har dette å gjere med ein institusjonell, sosiologisk reaksjonsmåte: Når oppslutninga går ned, går ein langt for å tøye kriteriane for tilhøyring. Når kundane forsvinn, reduserer ein på prisane. Overlevingsmekanisme.

Dernest er det eit uttrykk for eit sterkt bekreftingsbehov. Som kyrkje og representantar for kristendomen har vi lenge vore drivne på defensiven, sida Opplysingstida. Det har vore (og er) ein aktiv og konstant politikk gjennom heile den kulturelle og etiske utviklinga: Reduksjon av kristendomens truverde og av dens plass i det offentlege romet. Fråfallet, ofte grunna i erfaring av møte med streng kristendom (prest, heim, s.dagsskule osv). Dette er i dag ein myte, men stadig effektiv. Vi har behov for å vise at Gud er god, at kyrkja er positiv, at vi ikkje er slemme og strenge.

I grunnen røpar dette ein umedviten paternalisme. Ein tenkjer: Det er vi/kyrkja som har definisjonsmakta, det er veldig viktig for folk å bli godtekne av kyrkja.Trur vi. Eigentleg ein form for snill autoritær haldning. Vi burde heller forstå situasjonen meir sakleg/nøkternt: Kyrkja er der, har si identitet, vi godtek at folk gjer andre val, vi kan informere og vegleie dei som vil finne veg, bli kristne.

Og der er vi ved poenget: Tilhøvet til kyrkja vil i dag vere avhengig av den einskildes val; interesse, kontakt, undervising/vegleiing, vedkjenning og forpliktande kristen praksis.

Då må vi også ta eit oppgjer med det som verkeleg skaper og opprettheld den blodfattige og patetisk utdaterte folkekyrkjeideen: Nemleg ein dårleg ekklesiologi, ei underlødig læte om kva kyrkja er.

Kyrkja er eit åndeleg, men synleg samfunn, med si lære, sin etikk, sine embete og tenester (hierarki), sin liturgi og sitt sakramentale liv, sin diakoni og sin misjon. Eit verkeleg samfunn, ikkje berre ein ”åndeleg storleik”. Vi har tappa kyrkja for identitet og overlate det meste til staten. Kyrkja som ein verkeleg fellesskap må gjenoppdagast.

I dette ligg at kyrkja ikkje er eit apparat eller ein organisasjon for å gje religiøs service til folk. Kyrkja er ein fellesskap kring Ordet og Sakramenta, ei forsamling, eit folk. Ekklesia, Guds folk, Guds familie. Universelt og lokalt.

NB: Ulike aktivitetar og bruk av kyrkjelege handlingar kan ikkje erstatte den synlege samlinga kring forkynninga og nattverdfeiringa på Herrens dag (og elles). Tese: Der det ikkje lenger er nokon som samlast på denne måten, er det inga kyrkje, uansett kor mange ting ein driv på med, uansett velvilje, uansett kor mange tilsette ein har.

Dette svarar også til luthersk teologi og lære: ”Kyrkja er forsamlinga av dei heilage der Evangeliet vert rett forkynt og sakramenta rett forvalta” (CA ).

Mitt spørsmål er: Korleis kan ein ha gløymt dette, i praksis? Og deretter med ein ideologiskteori som passar?

Her er mi største utfordring til den lutherske kyrkja, til DNK, i dag: Ho er i ei ekklesiologisk krise. Det gjeld sjølve synet på kva kyrkja er, men også spørsmålet om autoritet i kyrkja. Oppflisinga, subjektivismen… Det har verknad også for oppslutning og rekruttering: -Når luren gjev uklår lyd, kven samlar seg då til slag?

Folke- og statskyrkja spelar også seg sjøl i hendene på politiske makthavavarar og opinionsleiararne/fleirtalet. Krav om tilpassing, ei kyrkje som ikkje uroar, men berre bekreftar politikken, regimet, folkemeininga, livsstilen…
Ei instrumentalisering av kyrkja: Nyttig for ”verdiane”, den nasjonale kulturen, mot andre livssyn, kulturar og religionar.

Avsl:

➢ Utfordring: Finn tilbake til basen (einskap i trua, og gudstenestefeiringa, til det å byggje lokale fellesskapar). Noreg blir i dag ikkje kristna frå toppen, men frå grunnlaget i vårt eige liv.

Ekumenisk felles plattform i dag: Ta utgangspunkt i dei positive, felleskristne (katolske ) elementa. Ikkje fordi dei er vage, men fordi dei er grunnleggjande. NB

Katekisma (boda, credo, sakramenta, skriftemålet, morgon og kveldsbøn). NB: Katekisme/barnelørdom tyder ikkje ”det barnslege”, men nettopp det basale.

Gudstenesta (den tradisjonelle,fullstendige høgmessa). Ta vare på den lutherske liturgitradisjonen, som er allmenkyrkjeleg.

Lukke til!

21
Mai
12

carpe diem: sørover

Evenes flyplass. Helga er over, retur med Norwegian Air om nokre minutt. Det blei fine dagar i Harstad-området, skjønt kald vår her oppe (også). Fekk kome meg til Ramsund (orlogstasjonnen), der eg var marineprest i 1880-81; særleg fint å treffe gamleklokkaren, Petter Hansen, som var ein viktig støttespelar. Inn i det enkle kapellet, stille bøn på altarringen. Det same i Trondenes krk (frå mellomalderen), mange minne derfrå. Så dette blei ein valfart til den fyrste tida i teneste. Ringar blir slutta.

Det blei også ein tur ut til Elgsnes, med utblikk mot storhavet og Andøya langt ute. Og møtet i Harstad kirkeforum blei engasjerande. Glad er eg både for at eg fekk feire messe i St Sunniva krk (den katolske) laurdag kveld, og preike i Harstad krk i går. Igjen: Mission accomplished. Takk til Odd Bjarne (sjukehusprest) og Elin for losji og fellesskap i Sørvika, i Harstad sør. No tek eg vengene fatt.

20
Mai
12

homiletica: 7. sundag etter Påske, Harstad krk, Joh 3, 16-21

Kjære kristne!

Det er alltid ein risiko å høyre alt for kjende tekster; det verkar varmande og kjært, men så glepp det, fordi vi ikkje legg merke til innhaldet, det blir berre ein lyd. Ofte er det slik fordi vi misser samanhgengen det kjære ordet står i. I dagens evangelium er vi midt inne i ein teologisk læresamtale mellom Nikodemus og Jesus. Men Nikodemus kom ikkje berre for å diskutere teoretiske spørsmål; han ville finne ut av rabbi Jesu lære, han ville finne ut noko om vegen til Gud, til liv i Gud.

Og Jesus lærer han om den nye fødselen, om nyskapinga av mennesket gjennom Den heilage Ande, Skaparanden, Spiritus Creator, gjennom vatnet, gjennom dåpen, den nye fødselens sakrament.  Alt dette – at vi blir Faderens born gjennom Andens verk, det skjer ved trua på Sonen, på Jesus Messias. Ja, på den krossfeste Messias, den lidande Messias, sonaren. For, seier Jesus like før:

Liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv (v 14).

Det er det same han siktar til når han seier at Gud elska verda så høgt at han ”gav” Son sin, den einborne. Gav – det vil seie gav han som offer, som sonoffer for oss.

Det er denne bodskapen, denne frelsa, menneska er kalla til å ta stilling til gjennom forkynninga av evangeliet. Alle stader der dette Ordet lyder, blir menneske stilde på val. Å opne seg for det, å ta i mot det, kallar Jesus ”å kome til ljoset”, ”å fylgje sanninga”.

Menneske i dag har vondt for å tru at det finst noko forpliktande sanning; eg har mi og du har di. Eller at det finst noko ljos som er tydlegare enn andre; eg fylgjer mitt ljos og du fylgjer ditt. Vi har edå meir vondt for å tru at det skal ha så store konsekvensar som frelse og fortaping. Etter døden er det ikkje noko, tenkjer dei fleste, og viss det er noko, går det sikkert bra. Og: Skulle det vere så himla avgjerande kva eg trur om denne jødiske rabbien Jesus, eller kva eg trur i det heile? Religion og tru er ei privatsak; ingen kan stå og falle med det.

Kvifor tenkjer vi slik? For det fyrste fordi vi har redusert meininga av kva det vil seie å vere eit menneske. Vår kultur har vore boren oppe av eit menneskesyn som gjer mennesket til eit uendeleg ansvarleg vesen, eit fritt vesen, eit vesen som ber sin Skapars bilde, nesten som ein liten gud er menneske (Sal 8). Mennesket har ei evig bestemming og eit evig ansvar. Men korleis tenkjer fleire og fleire i dag? Jau, vi er biologiske maskinar, høgt utvikla dyr berre; det gjeld om å ha det bra i dette livet – og det var det. Det er klårt at då blir tru på Guds Son, frelse, fortaping og evig liv meiningslaus tale.

Men det har, for det andre, også å gjere med korleis vi ser på Gud og det å høyre Guds ord. Vi blir jo overkøyrde av alle slags tilbod, også når det gjeld livssyn og tusen gode måtar å leve livet på, åndleg og materielt. Den kristne bodskapen, Guds Ord, evangeliet, forkynninga av Jesus Kristus – det blir eit tilbod blant mange, eit livssynsalternativ blant mange.  Vi vel og vi vrakar, og når det gjeld kristendomen og kyrkja, vrakar vi det meir og meir.

Men: Å høyre Guds Ord, å bli møtt av Evangeliet, det er å bli tiltala av sin Skapar, sitt Opphav. Det er å stå andlet til andlet med Den allmektige. Kjære brør og systre: Ingen ting kan vere meir høgtidleg, meir forpliktande, meir skjebnesvangert enn å høyre sin Skapars ord; ingen ting meir drastisk enn å avvise det. Det burde vi alle ha meir respekt for, ikkje minst vi som talar det og tek vår Guds ord i vår munnn.

Kjære vener! Skaparen, Frelsaren og vår evige bestemming, vår evige framtid som vi ber i våre hender – det er det perspektivet folket vårt er i ferd med å gløyme. Tenk på den gamle klokkarbøna:

Herre, jeg er kommet inn i dette ditt hellige hus, for å høre hva du Gud Fader, min skaper, du Herre Jesus, min frelser, du Hellige Ånd, min trøster i liv og død, vil tale til meg”.

Der er inga fortaping, seier du. Korleis kan du vere så sikker?  Jesus seier altså noko anna. Nettopp i dag, i denne teksten, med den ”lille Bibel”, nettopp her viser han oss at det handlar om store ting. Inga fortaping ? -Igjen: korleis kan du vere så sikker? Så trygg?

Eg trur Jesus er på sporet når han seier at mennesket kvir seg for å kome til ljoset. Det er ikkje alltid dei intellektuelle problema som hindrar oss i å tru. Heller dette at å kome til Gud, er å kome til ljoset, til sanninga. Som vi høyrde:

Den som gjør det onde, hater lyset, og vil ikke komme til lyset for at hans gjerninger ikke skal bli avslørt. Men den som følger sannheten, kommer til lyset for at det skal bli klart at hans gjerninger er gjort i Gud.

Brør og systre: Jesus kallar oss til å kome fram, ut av våre innskrenkingar, ut av vår vantru, ut av våre unskyldningar og tildekningar. Han vil møte oss som han møtte Nikodemus. Nikodemus kom til Rabbien frå Nasaret – og blei ført langt lenger enn han hadde tenkt. Han møtte seg sjølv og sin Gud.

På dørstokken til Pinshelga er det nettopp det vi treng. I det vi bed:

Kom, Heilag Ande, Skaparmakt/reis opp det synd har øydelagt//og glede i kvart hjarta giv/som du har født til evig liv!

19
Mai
12

carpe diem: nordover

Gardermoen. Ventar på å borde fly til Evenes/Harstad. Skal halde foredrag og preike. Tilbake måndag. På veg til gaten, ser eg eit avisoppslag i ein kiosk: Nordmenn hiv i seg seks kilo snacks for året; vi ligg på den absolutte europeiske snackstoppen. Ein tankestillar ved 17.mai-tider. Eg seier ikkje meir….

19
Mai
12

officium: laurdag, 6. vike i påsketida, frå den hl Augustins kommentar til johannesevangeliet (matutin)

«Kyrkja kjenner til to liv etter det som er henne openberra og tiltrudd av Gud. Det eine er å leva i tru, det andre i åskoding[…]Det fyrste livet blir symbolisert ved apostelen Peter, det andre ved Johannes».

Peter, leiaren for apostlane og for heile kyrkja, har fått seg tiltrudd utøvinga av nyklemakta og dermed ansvaret for å styre kyrkja i hennar misjon og teneste – saman med dei andre biskopane og i einskap med alle truande. Det krev stadig innsats og merksemd.

Johannes, teologen, er han som ser djupt inn i Kristi verk og Den treeinige Guds mysterium. Han er den som legg seg inntil Herrens barm og kviler der. Her er det kjærleiken og einskapen som er i fokus. Det kristne livet og kyrkja treng begge deler. Utan kontemplasjonen blir apostolatet, forkynninga og det kristne livet berre strev og press. Utan viljen til å seie: -Herre, sjå her er eg, send meg!, blir vi sjølvopptekne og stagnerte.

Verda ventar på oss, men vi må ha noko å gå med.

19
Mai
12

nota bene: Illusjonen om folkelyrkja

fyrst prenta i spalten Refleksjoner, Vårt Land, fredag 18. mai…

“Når godt over 50 prosent gifter seg uten kirkelig medvirkning, forteller det at folkekirken sliter tungt”, seier Vårt Land-redaktør, Helge Simonnes, i eit innlegg i Verdidebatt nyleg (3. mai). Det har han heilt rett i. Denne modige innsikten burde no spreie seg til fleire; til den kyrkjelege leiarskapen, til grasrota og til politikarane. Tida burde vere inne til ikkje berre å unngå bortforklåringane, men òg til å unngå å pøse på med medisin av typen “meir av det same”, meir folkekyrkjeretorikk og stadig nye freistnader på å oppretthalde status quo. Det blir oftast teke for gjeve at folk tviheld på dei kyrkjelege handlingane, trass i manglande kyrkjegang og tilslutting til kristen tru og moral. Men empirien seier altså noko anna, sjølv om statistikkane går litt opp og ned frå år til år. Ferre blir døypte, ferre blir konfirmerte, det er til og med ferre som går til julaftansgudstenesta, sjølve det folkekyrkjelege flaggskipet – og altså: Under helvta av ekteskapsinngåingane skjer i kyrkja. Sjølsagt er det stadig mange som sluttar opp, men folkekyrkjeargumentet inneber nettopp at “folket”, altså den store majoriteten heng med, tydeleg og aktivt. Gravferda gjenstår, men også her må ein rekne med at alternativa vinn fram og dessutan er presset mot det direkte kristne innhaldet i songar og liturgi stadig stigande. Kor kyrkjeleg er eigentleg den kyrkjelege gravferda for tida? Og er ei kyrkje verkeleg tent med å ha gravferda som si fremste merkevare?
Vi må òg hugse på at grunnlaget for den tradisjonelle stats- og folkekyrkja er endra i vår tid. Den drastiske omdefineringa og reduseringa av kristendomsfaget i skulen seier alt om det. Men illusjonen gjeld ikkje berre fakta; det gjeld også trua på at ein skal kunne oppretthalde massetilslutning til kristendom og kyrkje i eit pluralistisk og liberalt samfunn som vårt. Det let seg nok gjere å ha førestellingar om det, dersom ein legg lista lavt og er nøgd med den nominelle statistikken og einskilde (sovande) lovparagrafar – sjølv om altså dette også er på vikande front. Resultatet blir oppslutning basert på politiske og trusmessige kompromiss. Kyrkja får behalde plassen på fremste benk mot å sitje stille og ikkje forstyrre for mykje. Nokre ynskjer seg gjerne tilbake til tider då kyrkja hadde meir reell politisk og jurdisk makt og folkepedagogisk prestisje. Det er sjølsagt også å leve i illusjonane og nostalgiane si verd.
Ein grunntanke i den aktuelle folkekyrkjeideologien, både på poltisk og kyrkjeleg hald, er at deltaking i gudstenesta og kyrkja si truvedkjenning ikkje er avgjerande. Bruk av dei kyrkjelege handlingane som overgangsritar og deltaking i ulike aktivitetar blir sett på som like viktige. Støtte til kristne “verdiar”, likeeins, sjølv om det er nokså uklårt kva en legg i det. “Den kristne kulturarven er vevd inn i vårt samfunn”, sa Høgres nestformann, Bernt Høie, nyleg. Heller ikkje for Høgre ser det ut til å gjelde på område som abort, ekteskaps- og familieetikk, der partiet har forlete dei tradisjonelle og allmenkyrkjelege posisjonane. Ein verdikonservativ profil kan det neppe kallast. Og, legg Høye til: “Kirkens og den kristne kulturarvens betydning kan ikke avleses i antal fremmøtte på gudstjeneste en vanlig søndag”. Men det er nettopp det vi kan. Heile folkekyrkjeballongen ville sprekke dersom ein våga å innsjå at kyrkja i det lange løp ikkje står sterkare enn den ordinære og regulære oppslutninga om forkynninga og nattverdfeiringa på Herrens dag.

Den britiske journalisten Peter Hitchens er bror til den nyleg avdøde rabiate nyateisten, Christopher Hitchens. Peter var sjølv ivrig ateist i ungdomsåra, men kom seinare tilbake til trua og kyrkja. I boka “The Rage against God” fortel han om sitt møte med ei moderne biletframstelling av historia om Den fortapte sonen: Han kjem heim, den forsarva bilen står i bakgrunnen, ingen kjem i mot han med opne armar, huset er tomt og forfalle, ingen gjøkalv i sikte, berre beingrinda av eit dyr grin mot han i det uslegne graset. Når Hitchens ser biletet, blir han slegen av sitt eige svik. Kyrkja han møtte, var broten ned både utanfrå og innanfrå, og det råkar han i hjartet: “Where had I been when I was needed?” Kvar hadde eg vore då eg trengtest?
Dersom vi verkeleg ynskjer å ta ansvar for kristendomens framtid i vårt land, er det ikkje lenger nok med vag godvilje og nominell tilslutning. Alle dei gamle kristne nasjonane, protestantiske som katolske eller ortodokse, møter denne utfordringa. Kyrkjene må finne att fotfestet i si tru og sine grunnleggjande livsformer. Vi treng ikkje uendelege bekreftingar på at alt er i orden, men djup kjærleik, og eit kall til forsoning med vår Skapar.

19
Mai
12

nota bene: Kva er eit menneske?

fyrst publisert i Dag og Tid, i går, fredag 18. mai...

Dag og Tid skriv i siste nummer (nr 19) om seinabortane ved Oslo universitetssjukehus. Takk til avisa og til NRK som har teke fatt i saka. Det kostar noko å ta opp eit slikt forbode og infisert tema som dette, særleg om ein ytrar seg kritisk til abortpraksisen. Denne tabuiseringa burde i seg sjølve vere eit varsel om at noko er gale fatt.

Her dreiar det seg om born, nyfødde etter seks månaders graviditet. Som blir ”lagt til side”. Det kan ein kalle ein evfemisme. Ord med ein uhyggjeleg mildskap. Med god hjelp kunne borna ha levd, som alle oss andre. No blir dei lagde til side for å døy. Dette kallast å drepe på vanleg norsk.

Dei ansvarlege får kanskje kritikk, takka vere modige jordmødre som seier frå. Men held det å reagere berre med forvaltingsmessige tiltak når det vitterleg dreiar seg om å ta livet av små menneske? Når menneske blir skotne med kaldt blod, skjønar vi at det handlar om alvorleg kriminalitet. Kvifor ikkje når nokon legg hjelpelause små menneske ”til side” for å døy?

Etikaren Helge Solbakk tek avstand frå det som er hendt, og seier at det ”bør få konsekvensaar for samansetjinga av abortklagenemnda”. Men er det nok? Og på spørsmål om når vi kan snakke om eit menneske, svarar han: ”Ved fødselen”. Så når foreldre under graviditeten snakkar om ”barnet” sitt, er det berre sentimentale ytringar, etter dette resonnementet. Like før har Solbakk – prisverdig- forsvara at ein omtalar fosteret som eit ”barn”, jamvel ”tidleg i svangerskapet”. Men er ikkje eit barn det same som eit menneske, med fulle rettar?

Den vilkårlege graderinga av menneskeverdet gjev dårlege haldepunkt for etisk tenkjing og moralsk framferd når det gjeld vern om menneskets kroppslege og sjelelege integritet. Det er eit menneske som blir født, ikkje fødselen som gjer oss til menneske. Det synest meir enn klårt at det norske samfunnet heilt har misst dømekrafta i det som har med det ufødde livet å gjere, både moralsk og intellektuelt. Vi har hamna på ei glatt glidebane, og det er alvorleg å tenkje på kvar det kan ende. Det har ført oss inn i forvirring og mangel på haldepunkt i det mest grunnleggjande av alle spørsmål i eit humant samfunn: Kva er eigentleg eit menneske?

Vestigia terrent, spora skræmer.

17
Mai
12

homiletica: Kristi himmelfartsdag/17. mai, st dominikus krk, mark 16, 15-20

I år fall Kristi himmelfartsdag saman med Grunnlovsdagen. I katolsk liturgi er det den kyrkjelege høgtida som har forrangen og vi feira høgtidsmessa. Men det kan også kaste ljos over nasjonaldagen…

Kjære kristne!

Vi feirar i dag Jesu Kristi herrevelde over verda! Han har fått all makt i himmel og på jord, han sit på trona i den himmelske verda, i sjølve senteret for Guds verdsstyre. Det er ikkje sant at verda, at kosmos, at historia, at livet er eit kjempemessig absurd spel, utan mål, utan meining. Stadig fleire trur det, openlyst eller i sitt stille sinn. Før eller seinare raknar den illusjonen at livet då kan gå vidare, som før, som alltid. Det raknar anten ved openlys fortviling, ved stålhard kynisme eller ved utagerande livsførsel. Så lenge ein tærer på overlevert kristent syn på mennesket og på verda, i tru, i etikk, i lovverk, i sed og skikk, kan det fungere, men den dagen det er slutt, vil vi merke skilnaden og tomromet. Å fornekte Gud og at der er eit høgare mål og ei mening med livet, er så å seie ein luksus som samfunnet kan tillate seg så lenge der er nokon som trur. Som det står i det oldkyrkjelege skriftet, Brevet til Diognet: ”Det sjela er for kroppen, er dei kristne i samfunnet” – ein surdeig, eit ljos, eit salt, slik Herren sjølv seier det i Bergpreika.

Dei kristne lever midt i verda, i alle land og fedreland og arbeider for kvar nasjons beste. Men dei veit at deira rette fedreland er Guds rike, at deira statsborgarskap er i himlen, at dei er borgarar av Guds stad, Guds by, Jerusalem; hans kyrkje i himlen og på jorda. Det er vår basis, vår heim. Difor er Kristus vår konge, vår Cæsar, vår Herre, han som er Pantókrator, Allherskaren. Han utbreier sitt rike, ikkje ved ytre makt, men gjennom si kyrkje, gjennom Evangeliet, gjennom trua og Anden, gjennom at menneske lyder hans kall: -Fylg meg! Det er dette vi høyrer i dagens evangelium. Nettopp på himmelfartens berg, seier han:

Gå ut og forkynn Evangeliet verden over, for hver og en som Gud har skapt. Den som tror og lar seg døpe, skal bli frelst, men den som ikke tror; skal bli fordømt.

Det Jesu Kristi misjon, hans sending til verda, handlar om, er ikkje å fallby eit livssyn blant mange, men å kalle menneske tilbake til sin skapar. Det er nettopp dette universelle: Kristus angår alle, alle angår Kristus, som gjer kyrkja katolsk, universell. Når kyrkja, utsend av Kristus, driv ut demonar, talar ulike tungemål og helbredar sjuke er det nettopp som teikn på Guds endelege vilje med verda: At synda, døden og demoniets makt er broten, at ingen lenger treng å liggje under for det.

Brør og systre! Det kan ikkje vere tvil om at vi lever i eit folk som på mange måtar har falle frå Kristus, falle frå si dåpspakt, gått bort frå Skaparen sin og er i ferd med å bli som sauer utan hyrding, utan Gud og utan von i verda. Det fins ingen kollektiv veg tilbake til eit kristent Noreg, ingen veg tilbake gjennom tvang, reglar og paragrafar. I dag må kvart menneske ta stilling til Kristi kall. Fyrst og fremst er det eit kall til alle truande om å vite kvar dei høyrer heime; vi er ikkje berre norske, vi er kristne, vi er katolske kristne, vi tilhøyrer Guds folk, Kristi nasjon, av alle ætter og folk og tungemål, vi har brør og systre over alt. Snever nasjonalisme er det motsette av katolsk tru. Kristus er vår konge og hans Bergpreike er vår primære grunnlov. Om dette vil vi tale og vitne i det norske samfunnet; dette vil vi leve, privat og offentleg.

”Ville vesten er ikke som før”, syng vi – men det er heller ikkje gamle Noreg. I den gamle kristenretten heitte det: ”Dette er det fyrste i lovene våre; at vi skal venda oss mot aust og tilbe den Kvite Krist”. Det vil seie: Den sigrande, den himmelfarne, den tronande Kristus; Frelsaren og Herren, Kongen over kongane og Herren over herrane. I dag er det vårt kall som truande å minne om han, å peike på han, å halde fast ved han; hans bodskap om frelse, hans lover for livet.

Når nasjonaldagen fell saman med Kristi himmelfarts dag, minner det oss om at vi skal sjå lenger enn til Eidsvoll eller Dovre; vi skal sjå heilt inn i Guds rike, der livet vårt her i tida, her i dette landet, er forankra. Difor seier vi i dag:

Jesus i det høye troner/ham lovsynger millioner//som på jorden, så i himlen/englekor og folkevrimlen/seierherren fredegod.

12
Mai
12

homiletica: 5. sundag i påsketida, st paul krk, bergen, Joh 15,1-8

Sist sundag ver eg der, og legg her ut preika, litt forsinka…

Kjære kristne!

Vi er i påsketid! Vi forkynner og feirar den levande, oppstadne Kristus. I dag feirar vi han som Vintreet, som eit levande tre, med levade greiner som ber frukt, edel frukt; vindrua, eit symbol på glede, kraft og velsigning.

Vintreet og vingarden – det er eit kjent motiv i Bibelen og Guds historie med sitt folk. Profeten Jesaja kallar Israel, Guds folk, for Guds vingard (Jes 5):

7 Vingården til Herren, Allhærs Gud,
det er Israels hus,
og folket i Juda er hagen
som var hans lyst og glede.

Og no seier Jesus at han er vintreet, det fruktberande vintreet i hagen, og vi er greinene. Berre i samfunn med han kan vi bere frukt. Det vil seie: Berre i samfunn og enhet med han kan vi leve eit kristent liv. Kristendom er meir enn eit sett med moralprinsipp, det er einskap med Gud; Fader, Son og Heilagande, gjennom Kristus!

Korleis lever vi det samfunnet?
For det fyrste gjennom dåpen. Der blir vi eitt med hans død og oppstode, der blir vi poda som greiner inn i vintreet. For det andre gjennom evkaristien, gjennom nattverden. Der blir vi på nytt og på nytt eitt med han, med hans lekam og blod, der lever vi i kommunion, i full fellesskap med Kristus.
For det tredje blir dette fornya i Forsoningssakramentet (skriftemålet), der blir vi reinsa; hver gren som bærer frukt, renser han, så den kan bære mer, høyrde vi.

Men alt dette skjer ved at vi blir i hans ord. ”Blir” –det vil seie noko konstant, noko vi stadig høyrer, grunnar på, mediterer på, trur på, tar til oss, stolar på. Når vi høyrer lesingane i liturgien, når vi høyrer Guds ord forkynt, når vi les og brukar Bibelen i vårt eige liv, slik Kyrkja oppmodar oss om det, i vår lectio divina, vår heilage lesing.

Og alt dette – sakramenta og Ordet – det blir eitt med oss gjennom bøna; ved at vi opnar hjartet vårt for Jesus – med alt vi har av sorger, gleder, lengsler og behov. Eller ved at vi berre blir stille og blir i hans nærleik, med forventing og von.

Kjære brør og systre! Å vere kristen, å vere ein katolsk kristen, er å vite at i alt det som møter oss i kyrkja, er det Kristus som møter oss og vil ha samfunn med oss personleg. Berre då kan vi leve eit fruktbart liv.

Jesus gir oss også ei alvorleg påminning i dag. Han seier ikkje berre korleis vi skal bere frukt, men at dersom ei grein blir tørr, fruktlaus og død, bli ho kutta av og kasta på bålet, slik gartnaren, vingardsmannen, plar gjere det med døde og visne greiner.

Kjære vener; er vi blitt så skuggeredde at vi ikkje tør å snakke om det Jesus snakkar om: At vi kan gå fortapt, at vårt liv kan bli evig forspilt? Uansett kor vellukka det elles måtte synest? Som Gud sa det gjennom Jesaja, om Israel, sin vingard og om vingardsmannen, som hadde planta og stelt hagen så fint:

Han ventet rett –
men se, det ble blodig urett!
Han ventet rettferd –
men hør, det ble skrik!
8 Ve dem som legger hus til hus
og føyer åker til åker,
til det ikke mer finnes plass igjen,
så dere får sitte alene i landet!

20 Ve dem som kaller det onde godt
og det gode ondt,
som gjør mørke til lys og lys til mørke,
bittert til søtt og søtt til bittert!
21 Ve dem som er vise i egne øyne
og kloke i egne tanker!

Eg er redd at dette ofte passar på vårt folk, som på mange måtar har snudd ryggen til sin Gud, til hans ord, til sin dåp. Vi, kristne, vi katolske kristne, har eit ansvar for å snu dette, for å kalle folket og menneska tilbake til Gud, sin Skapar! Det er ikkje sånn at kristendomen alltid forblir her automatisk, at det berre går litt opp og ned og så går det uansett bra til slutt! Katolske foreldre har ansvar for neste generasjon , at dei formidlar trua til etterslekta, kyrkja og prestane har ansvar for at Guds hage blir stelt slik at kristent liv kan vekse fram og få næring gjennom forkynning og sjelesorg, unge menneske har ansvar for å gjere val i livet: Kva skal vere innhaldet og meininga i livet mitt?

Det gjeld landt vårt, det gjeld byen vår – Paulus hadde modig tala Herrens namn i Damaskus, høyrde vi i lesinga. Korleis talar vi i Bergen? – Det gjeld dei menneska vi lever blant, det gjeld tida og det gjeld æva, det gjeld vårt liv!

Derfor vil eg i dag be:

“Å fikk jeg kun være den minste kvist/på vintreet ditt, Herre Jesus Krist/ Og måtte så aldri skilles igjen, men elske og elskes/som venn hos venn!”

12
Mai
12

carpe diem: sogn, solvorn og wittgenstein

Godtfolk, her har det vore litt bloggpause, i overgang frå studie- og skriveopphald på Iona/i Oxord, mange ting å ordne på basen i klosteret, så hit til Solvorn i Sogn. Her tek eg del på eit lite seminar om filosofen Ludwig Wittgenstein. Var her i fjor, også. Som språkfilosof, er han interessant for det eg jobbar med (Newman) for tida.

Det var finne dagar i Blackfriar’s (vårt kloster) i Oxford, saman med br Haavar og brørne der. Sist fredag tok eg bussen derfrå til London/Heathrow og fly til Bergen, for å vere med i ein konfirmasjon i Loddfjord/Olsvik. Fint å kome inn over Nordsjøen og sjå øyriket i Sunnhordland opne seg under meg når skylaget rivna. I Bergen traff eg også gode vener og hadde høgmessa i St Paul krk sundagen. Dagane i Oslo var ei mellomlanding i denne studieperioden – som no altså har ført meg hit til Sogn. Var her i fjor også, då dette semimaret vart skipa til for fyrste gong. Regn og skyer hang tungt i åsar og fjell under heile bilreisa frå Oslo i går, men i dag strålar sola over ljosgrøn, ung bjørkeskog som kryp opp over i fjellesidene, heilt opp i den siste snøen, endå tjukk og kald over toppane.

Seminaret går av stabelen på vesle eksotiske Walaker hotel her i sogneidyllen Solvorn, men eg og fleire bur, som i fjor, på B&B-pensjonatet Eplet rett ovanfor. Trivleg plass! Seinare i dag er det ekskursjon til Urnes stavkyrkje, rett over fjorden, og så inn til Skjolden, der Wittgensteinn hadde ei hytte/ei skrivestove. Sjølv om han var professor i Cambridge.

Herleg å vere vestafjells, her ved Den store fjorden, sjølve Sognefjorden, ein arm av storhav rett inn under Jotunheimen.

03
Mai
12

carpe diem: oxford

To og ein halv dag i Oxford i denne runden – og tida har eg mest nytta til skriving og litt litteratur-research, så bloggen har kvilt. Fint å bu med brørne her i Blackfriars» (= Svartebrørne, som brørne ofte vart kalla i mellomalderen pga den svarte hettekappa vi stundom brukar utanpå den kvite kutta). På 20-30-talet vart det bygd eit kloster her, som ein studiestad for både dominikananarar og andre, og ein fekk godkjend status i Universitetet, som eit mindre college (grunneininga i universitetssystemet her), ein «hall». Her kjem du inn frå gata – og inn eit veritabelt Oxford-miljø; klosteret bygd kring to små, indre hagar; kyrkja på den eine sida og resten av bygningsmassen parallelt og på kortsidene. Alt i vakker gulgrå naturstein, nygotisk og gjennomført, men samstundes enkelt og monastisk. Vakker, strengt enkel kyrkje, i tradisjonell, dominikansk modus.

Liturgien er verdig og fin, både tidebønene og messene. Biblioteket eit skikkeleg romantisk anlegg med galleri og trapper, men alt moderne lagt ut på digital database. Sjølsagt har eg sosialisert eín del med br Haavar som er i ferd med å fullføre sine studiar her før retur til Noreg (etter sju lange år utanlands, fyrst i Frankrike og så her), og blitt kjend med nokre av dei andre. Stundentbrør og lærarar dei fleste. I kveld var vi ein tur på Oxfords eldste pub, The Turf (Torva!), kloss inn til den gamle bymuren, inn i nokre tronge smau.

Har elles teke turen til Newman-plassar som universitetskyrkja (anglikansk),St Mary the Virgin, der Newman, ved sidan av å vere lærar ved universitetet, også var soknperest, t o m med landsoknet Littlemore i tillegg, eit par kilometer utanfor byen. Det var der han dro seg tilbake saman med vener, til ein kvasimonastisk fellesskap i åra før konversjonen (1846) då han skyna kva veg det bar.. Landsoknet tok han seg også samvitsfullt av; gjekk fram og tilbake til fots, heldt gudstenester, underviste born og unge, fekk bygd ny kyrkje, oppretta skule mm – samstundes som han altså var akademisk lærar og prest for universitetskyrkja. Og skreiv traktar og bøker og artiklar i ein stri straum og leia den anglokatolske rørsla (The Oxford Movement/The Tractarians). Utan datamaskin! Intens bøn og hardt arbeid, det var oppskrifta den gongen. I St Mary såg igjen den enkle preikestolen opp ved ei av søylene der han held sine vidgjetne, intense preiker; preiker som samala skarer av folk og snudde Oxford på hovudet. På den same plassen (skjønt på ein eldre preikestol) preika i si tid også John Wesley så det susa. Historisk plass.

I den store (understatement) bokhandelen, Blackwell’s, med diger teologisk avdeling (utenkjeleg i Noreg) greidde eg å halde meg, og kjøpte berre éi bok (og noterte fleire Newman-titlar): av bror til den krakilske nyateisten Christopher Hitchens («God is not great»), nyleg avdød, Peter Hitchens («Rage against God»). Peter bei også ihuga ateist, men kom seinare tilbake til trua. I boka fortel han om livet sitt og analyserer den britiske, antikristne kulturen frå etterkrigstida og framover; med engelsk, imperial nasjonalisme som psevdoreligion og Winston Churchill som nasjonens Jesus. Boka er svært velskriven og er blitt ein bestseljar. Ta og les! Sjølsagt heilt underkommunisert i Noreg.

Vel, det er snart natt. Matutin og laudes i morgon, pakke sekken og ta bussen 90 min til Heathrow. Så heimover.




kategoriar