Brør og systre! Vi er på slutten av det liturgiske året, kyrkjeåret; pilene peikar fram mot avlutninga av historia, mot endetida, mot Kristi gjenkomst, mot ’dei siste tinga’… Likninga er ein «eskatologisk» tekst.
Kristus, han som er verda sin Herre, han sit no ved Faderens høgre hand; han har tiltrudd oss sine gåver til forvalting – ein dag skal han kome igjen og halde rekneskap – akkurat som mannen som dro utanlands, slik vi høyrde det i evangeliet.
Kristus er usynleg for oss no – men ein dag skal han kome til syne, i all sin glans; ein dag skal hans teikn lyse over himmelen, også her i stille og fredelege Halden! Då skal den daglege tralten – som dei fleste trur er heile greia – avbrytast. Basunen skal lyde og alle menneske skal mønstrast, levande og døde: ”Å tenk ein gong når alle fram skal stemna/til himlens port, og alle bankar på/ det vert ei syn som ingen her kan nemna: /kven skal gå inn, og kven skal ute stå?..”.
Det Jesus vil med likninga i evangeliet idag, er å stille dette spørsmålet: -Kva vil du svare når det spørst om kva du har gjort med livet ditt; med talentane som Gud har gjeve deg?
Vi her i Noreg er blitt så sekulariserte, så verdsleggjorte, at vi ikkje eingong tenkjer over at livet er er gåve, langt mindre ei gåve frå Gud! Det Gud vil sprøje om på den yttarste dagen, er ikkje minst dette: -Kva gjorde du ut av livet ditt, som ein Guds skapning, som ein person med ei udøyeleg sjel, som Guds bilete, som eit individ med eit evig mål? Kva gjorde du med tida – og kva gjorde du med æva?
Gud har gjeve oss livet; kropp og sjel, alt det vi treng, alt det vi er – og han har gitt oss kyrkja; Ordet sitt, sakramenta, dåpen, ferminga, evkaristien, skriftemålet – kva gjorde du med det? Brukte du det? Pave Johannes Paulus II vitja ein gong Frankrike og stilte det dristige spørsmålet: -Frankrike – kva har du gjort med din dåp? Vi kan spørje: -Halden – kva har du gjort med din dåp?
Vi har hatt evangeliseringsvike her i ’St Peter’ desse dagane. For å fokusere på vårt kall som kristne, som katolske kristne, i denne tida, i denne byen. Det handlar nettopp om å ta i bruk alt det Gud har gjeve oss på ein ny og offensiv måte! Brør og systre; det dreiar seg ikkje om pene og pyntelege tradisjonar; det dreiar seg om å investere – som vi høyrde i evangeliet – om modige, dristige og framtidsretta investeringar!
Evangeliet er ikkje veggpynt, men ”ei Guds kraft til frelse” (Rom 1,16)! Evangeliet kjem til oss med nytt liv, det seier: ”Eg gløymer det som ar attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor” (Fil 3). Heile krafta og dynamikken i evangeliet ligg gøymt i kvar talent; éin er prest og har fått fem talentar; éin er fersk konvertitt og har fått
éin talent – det spelar inga rolle; det som tèl er at du investerer, at du brukar det, at du tek det heilt ut! Forsiktigperar har ingen plass i evangeliet. Dei som vil vere på den sikre sida, er på feil side.
Difor: slå dørene opp på vidt gap her! Ein levande kyrkjelyd må vekse; det burde snart vere dobbelt så mange katolikkar her i Halden – fordi byen treng ei levande katolsk kyrkje i dag, ei kyrkje som kan gje ei tydeleg kristne rettleiing, eit tydeleg vitnemål om Kristus! Gi plass for fleire unge kristne; dei unge treng dei eldre si erfaring, dei eldre treng dei unge sitt vågemot! Gi plass for nye, gi plass for framtida! Invester dien talentar! Ver ikkje redd for å ta nye initiativ! Kristus er framtida sin Herre!
Kjære brør og systre! Fordi vi veit at Kristus ikkje er ein død og fjern filosof, fordi vi veit at han lever og at han ein dag skal stå på vår dørstokk, at han skal kome i all sin glans, skal vi ha eit aktivt tilhøve til livet:
– Ta fatt i livet ditt; lever du i ei dødssynd, så gå og skrift, så snart som råd!
-Veit du at det er ting som må ordnast, med Gud og menneske; så ta fatt no. Det nyttar!
-Veit du at det er oppgåver som ventar, så start no. Du skal få kraft! Sjå framover: ’Godt begynt, er halvt fullendt!”, som ordtaket seier.
Ta fatt i livet ditt no, sub speciæ æternitatis, under æva sin synsvinkel: Då skal du få høyre: ”kom inn og gled deg i lag med husbonden din!
I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.
Siste kommentarar