19
Mai
12

nota bene: Kva er eit menneske?

fyrst publisert i Dag og Tid, i går, fredag 18. mai...

Dag og Tid skriv i siste nummer (nr 19) om seinabortane ved Oslo universitetssjukehus. Takk til avisa og til NRK som har teke fatt i saka. Det kostar noko å ta opp eit slikt forbode og infisert tema som dette, særleg om ein ytrar seg kritisk til abortpraksisen. Denne tabuiseringa burde i seg sjølve vere eit varsel om at noko er gale fatt.

Her dreiar det seg om born, nyfødde etter seks månaders graviditet. Som blir ”lagt til side”. Det kan ein kalle ein evfemisme. Ord med ein uhyggjeleg mildskap. Med god hjelp kunne borna ha levd, som alle oss andre. No blir dei lagde til side for å døy. Dette kallast å drepe på vanleg norsk.

Dei ansvarlege får kanskje kritikk, takka vere modige jordmødre som seier frå. Men held det å reagere berre med forvaltingsmessige tiltak når det vitterleg dreiar seg om å ta livet av små menneske? Når menneske blir skotne med kaldt blod, skjønar vi at det handlar om alvorleg kriminalitet. Kvifor ikkje når nokon legg hjelpelause små menneske ”til side” for å døy?

Etikaren Helge Solbakk tek avstand frå det som er hendt, og seier at det ”bør få konsekvensaar for samansetjinga av abortklagenemnda”. Men er det nok? Og på spørsmål om når vi kan snakke om eit menneske, svarar han: ”Ved fødselen”. Så når foreldre under graviditeten snakkar om ”barnet” sitt, er det berre sentimentale ytringar, etter dette resonnementet. Like før har Solbakk – prisverdig- forsvara at ein omtalar fosteret som eit ”barn”, jamvel ”tidleg i svangerskapet”. Men er ikkje eit barn det same som eit menneske, med fulle rettar?

Den vilkårlege graderinga av menneskeverdet gjev dårlege haldepunkt for etisk tenkjing og moralsk framferd når det gjeld vern om menneskets kroppslege og sjelelege integritet. Det er eit menneske som blir født, ikkje fødselen som gjer oss til menneske. Det synest meir enn klårt at det norske samfunnet heilt har misst dømekrafta i det som har med det ufødde livet å gjere, både moralsk og intellektuelt. Vi har hamna på ei glatt glidebane, og det er alvorleg å tenkje på kvar det kan ende. Det har ført oss inn i forvirring og mangel på haldepunkt i det mest grunnleggjande av alle spørsmål i eit humant samfunn: Kva er eigentleg eit menneske?

Vestigia terrent, spora skræmer.


4 Svar to “nota bene: Kva er eit menneske?”


  1. 1 Solveig
    mai 19, 2012 ved 10:57 pm

    Grusomt, vanskeleg å forstå at praksisen har kunne vedvare, og påfallande taust etter at det blei kjent. Elles hadde studentavisa i Trondheim Under dusken eit tema om abort for ein månad sidan, der dei blant anna intervjua ein kvinneleg student som hadde tatt medikamentell abort og uforberedt opplevde å finne det lille menneskebarnet i bindet då ho var på toalettet (ingen hadde fortalt henne at fosteret på det stadiet i svangerskapet faktisk ville sjå ut som ein lite menneskebarn). Ho tok på seg det moralske ansvaret for det å ha avslutta livet til dette lille vesenet, og det skal ho ha, modig å gå ut med erfaringa, og oppfatninga si om kva det dreier seg om, nemlig avslutte livet til eit lite individ. Synes det er viktig at ansvaret ligg, ikkje i systemet (berre), men i den som faktisk tek avgjerdsla, og den personen – dei personane – er det som må leve vidare med vissheita om det som blei gjort..

  2. 2 Ragnhild Aadland Høen
    mai 19, 2012 ved 11:28 pm

    Takk for velformulert og godt innlegg i Dag og Tid! Du har helt rett: «Med god hjelp kunne borna ha levd, som alle oss andre. No blir dei lagde til side for å døy. Dette kallast å drepe på vanleg norsk.» Hvorfor blir det ikke mer oppstandelse over at ti uskyldige, levedyktige barn har blitt drept i Oslo? Det aner meg at det har noe å gjøre med at vi har vent oss til å drepe tusener av andre uskyldige barn hvert år. Barn som vi ikke definerer som barn fordi lungene deres ikke klarer å puste selv helt ennå. De er dermed ikke «levedyktige» og av en eller annen grunn er det ok å ta livet til barn som ikke klarer å puste.
    Vi har nettopp feiret 17. mai. Om lag 60 000 barn gikk i barnetoget forbi Slottet. Det er akkurat like mange barn som blir født hvert år i Norge. Etter dem kom det stille barnetoget – alle vi mangler – 15 000-16 000 barn hvert år. De 60 000 barna brukte tre timer på å strømme forbi. Resten av klassekameratene deres manglet. 15 000 barn skulle ha fortsatt i 45 minutter til. Gode Gud, hva er det vi driver med her i landet?

  3. 3 Maria E. Fongen
    mai 20, 2012 ved 6:10 pm

    «Det er eit menneske som blir født, ikkje fødselen som gjer oss til eit menneske.» Denne setningen din går rett inn til kjernen av abortspørsmålet. Og svaret på om det holder med å reagere med forvaltningsmessige tiltak kan da ikke bli annet enn et drønnende nei.

    Det er noe sterkt bibelsk over at det er jordmødrenes protester og barnas egen død som nå er i ferd med å åpne øynene på vår blindhet for lovens dype urett og for hva et menneske er. Måtte vi klare å våkne en gang for alle, begynne å se skjønnheten i og nødvendigheten av hvert unnfangede menneske, og la hvert eneste ett føle seg ønsket og elsket!


Kommenter innlegget


kategoriar