«I mi vedkjenning vil eg gjera som sanninga byd i hjarta mitt for di åsyn, i mitt skrift vile eg gje det til beste for mange vitne».
Trongen etter å kome til rette med seg sjølv, å finne fram til det som er eg, til det personlege og individuelle – den hl Augustin er ein pioner i dette som er så viktig for det moderne mennesket. Augustins vedkjenningar er, kan vi seie, ei tidleg utgåve av Knausgårds «Min kamp».
Kvart menneseke er unikt, eigenarta, uendeleg ansvarleg. Dette er ein innsikt som ikkje minst har vakse fram i kultur og sisvilisasjon gjennom den kristne trua. Ei frukt av Evangeliet. Inst inne har dette sitt opphav i synet på mennesket som skapt i Guds bilete, ikkje berre som «art», men som individ.
Vi er ikkje berre biomasse. Vi er eit univers, ei verd, eit mysterium. Kvar og ein. Gjennom vedkjenninga utforskar vi oss sjølve.
0 Svar to “officium: tysdag, 8. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins «Vedkjenningar» (matutin)”