Arkiv for april 2010

23
Apr
10

carpe diem: hei igjen!

Pg a mediamerksemda den siste tida og alt som fylgjer med, har eg måtta ha ein pause på bloggen – men eg ser at kommentarar har gått sin gang likevel, og det er fint! Eg har i mellomtida vore i Stavanger og Ryfylke med foredrag og evangeliseringsaksjon, delteke på Rørosseminaret som fordragshaldar m  m. Skal leggje ut nokre av tekstene etterkvart. Etter ei tid ved basen i klosteret for å innhente meg, er eg no på Sunnmøre for å vere med på eit lokalt seminar om sunnmørskulturen i vår tid, saman med Paul Otto Brunstad. Det går av stabelen i kveld, i Velledalen Grendahus, i Sykkylven. Sundag feirar eg messa i Vår Frue krk, Ålesund.

Måndag er eg,  om Gud vil, tilbake i Oslo – men varslar alt no at min lenge planlagde studie- og skriveperm går av stabelen 1-24. mai, hovudsakleg i vårt kloster i Lille, Frankrike.

Her på Sunnmøre er det sein og kald vår, men friskt – med sol og regnbyger og snødriver nedover dei svarte fjellsidene. Perfekt!

På gjenblogg!

Reklame
02
Apr
10

nota bene: Skandalon

..her legg eg ut ein kronikk eg publiserte i Aftenposten tysdag 23/3-10.  Han er også lagt ut på Aftenpostens eigne nettsider http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article3576266.ece.. Her nyttar eg den overskrifta eg sjølv hadde sett; avisa hadde ei anna…

Forkasteleg.

Den katolske kyrkja opplever no eit veritabelt jordskjelv gjennom overgrepsskandalane som blir rulla opp rundt heile jordkloden. Det som har kome fram i dagen, kan berre beskrivast som horribelt og forkasteleg. Det gjeld både overgriparane og dei som på ulike vis har dekt over eller mangla mot og handlekraft til å fjerne dei.

Når sant skal seiast, har svært mange hovud – også bispehovud – rulla, og enorme summar vore punga ut til erstatning. Det er hjarteskjerande, men naudsynt at oppgjeret kjem. For eigen del kan eg seie at det som her syner seg, er eit verkeleg skandalon, ein snublestein, noko som går på trua laus.

Sølibatet

Eg har korkje oversyn eller kunnskap nok til å vurdere årsakene til missbrukfenomenet. Det er heilt sikkert komplekst og mangfaldig. Mange tenkjer på prestesølibatet som ein hovudgrunn. Det spelar nok med, men er for enkelt som forklåring åleine. Sølibatet for vanlege prestar (prestar som ikkje er kloster- og ordensfolk) er ein lang tradisjon i Vesten, frå tidleg mellomalder.

Etterleving av Jesu liv

I si tid var det ein freistnad på å fristiille presteskapet frå verdslege institusjonar og omsyn. Nepotisme – at embetet gjekk i arv i ætta – truga både den rettslege, moralske og åndelege standarden som ein ynskte at prestane skulle stå for. Det å kunne vie seg heilt til kyrkja og tenesta, blei sett som ei etterleving av Jesus eige liv og teneste. Økonomisk seier det seg sjølv at det er lettare handterleg enn om ein skulle ta ansvar for ein familie. Ikkje minst i vårt samfunn, vil opphevinga av prestesølibaet koste dyrt, i kroner og øre.

Ikkje eit dogme

Det spørst likevel om ikkje det kostar dyrare i tapt livsevne og truverde slik det no kan sjå ut. Sølibatet for vanlege prestar er ein lang og hevdvunnen tradisjon og disiplin i den vestlege, latinske kyrkja, men ikkje eit dogme; presteembetet er ikkje per definisjon sølibatært. I dei ortodokse og orientalske kyrkjene, er kyrkjelydsprestane gifte; berre biskopane blir valde blant munkane. Også i vestkyrkja, i den katolske kyrkja, finst det gifte prestar – både konvertittar som har fått dispensasjon og innan dei såkalla unerte kyrkjene; kyrkjer med austleg ritus i liturgi, skikkar og kyrkjerett, men i full einskap med Roma.

Truskap i krise

Ei fristilling av prestesølibatet er truleg ikkje nok til å løyse dei seksualmoralske problema som no syner seg. Både pedofili og andre typar overgrep blir begått av menneske i alle slags samlivsformer og livssituasjonar. Det same gjeld den enorme marknaden for prostitusjon og pornografi. Seksuell og personleg truskap er i dag i krise også innan det tradisjonelle ekteskapet. Heller ikkje rekrutteringa til presteteneste vil, sannsynlegvis, betrast berre ved at ein tek bort sølibatskravet; også kyrkjesamfunn med gifte prestar, opplever stor kallskrise.

Større mangfald

Men: Å fjerne det obligatoriske sølibatet for dei ordinære prestane, vil kanskje opne opp for resursar og menneske som kyrkja i dag treng. Ikkje berre fordi mange som har familie, også kunne ha kall, evner og faglege kvalifikasjonar til pastoral teneste, men fordi dei ville tilføre kyrkja eit større mennskeleg mangfald og gje presteskapet ein breiare og meir balansert menneskeleg profil.

Sunnare klima

I tider då kyrkjeleg teneste hadde høg sosial status, rekrutterte ein nok folk som ikkje alltid hadde ein reint åndeleg motivasjon, men det gav eit betre tverssnitt av menneskelege resursar, personleg, psykisk og sosialt. I dag kan det vere lettare å gå inn i ei teneste som ein slags naudutveg og «cover up» dersom du ikkje meistrar andre livsformer godt nok. Kyrkja er tent med eit så breitt og ope utval av menneske som mogeleg. Det vil kunne skape eit sunnare klima.

Takling av seksualitet

Sølibatet er eigentleg ei monastisk livsform; det er livsforma til munkane og nonnene og dei ulike ordenssamfunna i alt sitt mangfald. Denne livsforma er sjølvsagt uoppgjeveleg for den katolske kyrkja, som for dei ortodokse og orientalske. Dess viktigare er det at ein arbeider med å gje det monastiske livet og ordenslivet så høg kvalitet som råd, med både realisme og idealisme og open og ærleg takling av seksualiteten, sølibatet og måten å leve det på.

Intern leiarkultur

Livsform og moral i presteskapet er éin ting. Ein annan og viktig faktor som overgrepssakene tydeleggjer, er den interne leiarkulturen og dei personalpolitiske prosedyrane i den katolske kyrkja. Her trengs det ei radikal endring. Kyrkja sitt eige lovverk (den kanoniske retten) har lover som regulerer det kyrkjelege livet både for lekfolket og presteskapet. Det finst domsinstansar og sanksjonar som skal tre i kraft når nokon har forbrote seg. Blir dette hevda som det skal? Og endå viktigare, i eit samfunn der tillit og open framferd er avgjerande: Kriminelle handlingar som også er i strid med den kristne etikken, må utan vidare takast hand om av lovleg politi- og rettsvesen.

Meldast til politiet

Kort sagt: Brotsmenn må få sparken og meldast til politiet. Uansett stand og stilling, også kyrkjeleg. Dette er truleg det som for offera tydlegast viser at ein tek tinga på alvor.

Det er til sjuande sist dei kyrkjelege styremaktene som må ta fatt i problema og som også må svare for kyrkja i det offentege rommet, noko eg sterkt oppmodar dei til å gjere. Det eg skriv her, er mine personlege synsmåtar, som katolsk prest og klosterbror. Fordi det på mange måtar er vårt kall å verke utetter i samfunnet, får vi ei offenteg røyst, som skribentar og kommentatorar både i media og elles. Eg skuldar difor å gje til kjenne også korleis eg ser på desse sakene. Eller også teie om alt anna.

Ein sjukdom

Det sterke seksualpresset i samfunnet gjer ikkje livet lettare for nokon. Overgrepskulturen er nok eit generelt samfunnsproblem – ja, ikkje berre eit problem, men ein sjukdom. Men no er det den katolske kyrkja det gjeld. Om ikkje ho kan gjere bot, kven skulle vi då forvente det av? Det kan ikkje utsetjast lenger.

01
Apr
10

poetica: Den natta

DEN NATTA

Natt

mørk nok

for Judas

mørk nok

for kyss

som endar i galgen

for nyttige sølvpengar

sjå blodåkeren lyser alt

men raudt

mørkre

for køller og soldatar

mørkre

som let Kedron spegle

ei skjelvande stjerne

mørkre

som tetnar

kring skuldrene

dei bleike skuldrene

som ber oss

berre eit bleikt ljos

i denne natta

01
Apr
10

homiletica: skirtorsdag, 1/4-10, St Dominikus krk, høgmessa om kvelden

..homilie  ved den høgtidlege messa for innstiftinga av evkaristien, der prioren (som presiderer og preiker i denne messa) også vaskar føtene til brørne og andre. Ved slutten av messa blir sakramentet bore, dekt av velum, i prosesjon og med røykjelse, til sidealtaret medan folket syng: «Pange lingua glorioso» (Pris, mi sjel, det brød som lyser) og «Adoro te devote» (Deg eg tilbed, guddom). Utover natta er kyrkja open for bøn og tibeding etter at Jesus avskilstale er lesen…

Kjære brør og systre!

Skirtorsdags kveld feirar kyrkja innstiftinga nettopp av den heilage messa, av evkaristien. Herren feira den siste nattverden og gav eit påbod, gav ei innstifting, til sine apostlar og til alle som skulle vidareføre deira teneste, ja, til heile kyrkja: Gjer dette til minne om meg. Det vi seie: Ved å gjere dette, blir mitt krossoffer nærverande, proklamert, manifesteret, gjort gjeldande – for dykk, for Gud, for heile verda, for all skapningen. Som den hl Paulus seier, som vi høyrde i den andre lesinga: Hver gang dere spiser dette brød og drikker dette beger, forkynner dere Herrens død, inntil han selv kommer (1 Kor 11,23-26).  Messeofferet er nettopp dette: At vi framber og forkynner Jesu Kristi sonoffer for oss, for levande og døde. At vi deltek i hans øvsteprestelege forbøn som han forrettar i det himmelske templet, for Faderens åsyn, der han alltid lever og går i forbøn for oss (Hebr 7,25)!

Dette offeret er sentrum i messa, i kyrkja sitt liv , ja i verda og i all skapningen. Krossen – og dermed krossofferet –, er  engelens vei og Jakobs stige, seier presten Hippolyt slik vi las det i dagens matutinlesing; det holder alle ting oppe, støtter alt, er jordens pillar.. Ja, den overgjevande kjærleiken – det er hjartet i alt som er, Guds eige hjarte, Guds eigen kjærleik, vist for oss og levd for oss i Sonen, Jesus Kristus.

Difor heng også fotvaskinga så nøye saman med evkaristien, med nattverden. Jesus innstiftar ikkje berre messa, nattverdfeiringa, på Skirtorsdags kveld; han innstiftar ogs kjærleikens handlingar, kjærleikens handlingsmønster: Det er et eksempel jeg har gitt dere, og hva jeg har gjort for dere, skal også dere selv gjøre. ”Gjer dette” – det gjeld ikkje berre nattverden, det gjeld også kjærleiken. Ikkje berre messa har Meistaren innstifta, men også diakonien, den tenande kjærleiken, som ein grunnleggjande del av kyrkja sitt liv. Liturgi og diakoni kan aldri skiljast frå kvarandre; Jesus har sjølv bunde dei saman den natta han vart sviken, den natta han vart overgjeven; natta som enda i Getsemane der han overgav seg sjølv, ikkje som eg vil, berre som du vil… Det er kjærleikens vesen.

Det er denne kjærleiken vi les om hos apostelen når han seier at kjærleiken held ut alt, trur alt, toler alt (1 Kor 13). Men vi kan ikkje bruke kjærleiken som unnskyldning for å gjere kva som helst, for i den same kjærleikens høgsong heiter det også: Kjærleiken gjer ikkje noko usømmeleg, han søkjer ikkje sit eige… han gleder seg ikkje ved urett, men han gleder seg ved sanninga.

Dette er det særleg grunn til å huske denne høgtida. Påske er bot – og denne stille vika og påske er det blitt smerteleg tydleg. Ikkje minst for presteskapet – for Skirtorsdag feirar vi også at prestetenesta vart innstifta då. Vi som har fått overgitt den heilage tenesta, treng ikkje minst ein skirtorsdag- ei skirsling, ei reinsing, av vårt liv. Krkja må la seig reinse, som Herren sa til Peter: Får jeg ikke vaske deg, har du ingen plass hos meg.

Brør og systre! De heilage natta som vi no går inn i, er ei tid for realisme, for å vake. Vi lever i ei tid då vi må velje på nytt, vite kva vi vil, kome ut av gråsonene. Vi må innsjå at det er noko som må forsakast, gjevast avkall på – og det kan berre skje på ein konstruktiv og positiv måte, dersom det er noko som er endå viktigare for oss enn det vi forsakar. Apostlane rømde når det blei for vanskeleg å fylgje Herren. Men dei kom tilbake, dei forstod kallet sitt seinare. Og då stod dei fast, heilt inn til martyriet.

Kristus er vårt liv, vårt livsinnhald, vårt livsmønster. Difor seier vi i kveld, om enn stammande:

Din o Jesus, din å være/er min lyst og all min ære/ din i liv og din i død.






kategoriar