Arkiv for juni 2008

30
Jun
08

carpe diem…

AUF WIEDERSEHEN, HAMBURG!

For no er det på tide å finne toget til Køpenhamn, det går om ein halvtime. Eg har gått meg ein tur, kjøpt meg to Brötchen og ein grilla fiskebit i ein butikk; innteke ved Alster (innsjæen som går inn i sentrum) i eit trappetrin. Dårleg med benker her (tenkjer på tyskgramatikken: die Axt, die Äxte; die Bank, die Bänke u s w). Innom Hauptkirche St Petri; mellomaldersk, no evangelisk: ribba og kvitmåla (ei 70-talsrestaurering, tippar eg); mange av dei gamle bileta var hekta opp på veggane litt her og der. Men: Midt på eine langveggen står dei ein kopi (trur eg) av ein gamal Maria- statue (stor!) og der var det blomar og ljos! Og folk. Pendlane svingar, tru kjem tilbake…

På gata vart eg stogga av eit TV-team, dominikanar med blå Bergan-ryggsekk er eit bra scoop :), og dei hadde tydlegvis gåande ei utspørjing om ferievanar: -Praktisererer du frå-divan-til divan-ferie? Bur du billeg hos vener? Eg sa som, sant var, at i min bransje blir det i alle fall noko som liknar, vi satsar på det gjestfrie, både i kloster og elles, ta det som det kjem, eit ope liv. Sa eg. Både kameramannen og intervjudama smilte og var glade!

No må eg skunde meg til Hauptbahnhof. Her går toga presis også..

30
Jun
08

carpe diem…

«WENN JEMAND EINE REISE TUT…

dann kann er was erzählen».. Seier det slik i dag, sidan eg er komen til Hamburg. På ein litt modernistisk benk på Gertrudenkirchhof, ikkje langt frå Hauptbahnhof. Kom inn med natt-toget frå Offenburg for ein times tid sidan. Sov godt, i Sitzwagen. Som sagt; orden på sakene i Deutsche Bahn; presis på minuttet kom vi til stasjonenen her. Vidare klokka 1328 (litt vetettid på rimlege Internett-billetar), til Køpenhamn.

I går kom eg altså til Strasbourg – men måtte leggje om planane; vanskeleg å plassere bagasjen på stasjonen og den stor baggen med bøkene mm var for tung å drasse fram og tilbake til klosteret (der eg var novise i si tid). Så eg tok neste tog rett over grensa til Offenburg der natt-toget skulle ta meg på seinare. Ein triveleg liten by, som visst nok var ein tysk fristad (som Hamburg) i tidlegare tider. Jarnvegutbyggjing på slutten av 1800-talet gjorde at folketalet eksploderte. No er jarnvegsysystemet rasjonalisert så byen er blitt ein ganske søvning stasjonsby (med litt høgskular etc) i Baden Wûrtemberg. Bak oss: Schwarzwalds mørke skogåsar; bortanfor, på den andre sida av Rihnen og den breie, alsassiske (elsassiske, på tysk) sletta, ligg det låge fjellmassivet «Les Voges», også skogkledd – med gamle borger og kloster. Ein gong, i novisiatet, gjekk eg i solsteik og til fots over sletta, med maisåkrar og vinmarker og landsbyar med ei svær kyrkje i sentrum – opp til den gamle heilagstaden Mont St Odile

Men no (i går): i Offenburg. Ser to store kyrkjetårn og tenkjer at eg skal gå dit og sjå om det er kveldsmesse, sidan eg miste messa i Strasbourg. På vegen dit passerte eg den evangeliske kyrkja. Stengt. Så kom eg forbi den gamle bykyrkja; Heiligen Kreuz, frå 16-1700-talet. Svært vakker, moderat barokk. Open. Utanfor fann eg informasjon som synte meg at kveldsmessa ikkje er her, men i den «nye» soknekyrkja Dreifaltigkeitkirche, den med dei to tårna. Eg går dit og får sett byen og på vegen. Klassisk tysk (eller rett og slett: europeisk-) småby, med torg, rådhus, eit mellomaldersk hospital (St Andreas!), kroer og kafear – og kyrkjer. «Dreifaltigkeitkircche» er stor, frå 1908, vakker utsmykka. Det er ope, ein time til messa. Litt folk ut og inn; og ei eldre kvinne helsar på meg og blir glad over å treffe ein norsk dominikanar på farten. Eg seier at eg gjerne vil konselebrere i messa – og ho tilkallar kyrkjetenaren som presenterer meg for kapellanen, p Christian, i sakristiet. Før eg veit ordet av det, togar vi inn, med fire små ministrantar, med orgelspel så ein skulle tru ein var i luthersk kyrkje, med tyske koralar og det heile! Så feirar vi Peter og Paulus (deira fest, den 29. juni, som kjent). Rart å stå der; til altaret, rett frå toget, på ein plass eg aldri har vore før. Dette er Kyrkja.

Etterpå inviterer den eldre dama meg med; fyrst innom ein MacDonald og eit par hamburgarar, så til eit slags ope eldresenter, like ved den gamle kyrkja (drive av det katolske Caritas) – der bur ho. Det synte seg at huset også vender mot torget – som no var blitt sprengfullt av folk, mange tusen tyske fotballpatriotar, med gul-svart-raude flagg både måla på kjakane og viftande i lufta. Her er det nemleg storskjermframsyning av Tyskland- Spania-kampen – med orkesterplass i andre etasje på eldresenteret! Der traff eg også ein pensjonert katolsk sokneprest som heia ivrig på Tyskland, utan at det hjalp, for Spania vann, som kjent. Massane tok det tålegt bra og alt såg ut til å ende godt, skjønt litt vemodig. Han velsigna meg før eg gjekk til stasjonen, i 23-tida.

Den eldre kvinna, Frau X, fortalde meg mykje om kyrkjelivet i bispedømet Freiburg (im Breisgau), om masse folk i Freibürger Münster (domkyrkja der; Freiburg ligg nokre mil lenger sør) tidlegare i dag, den årlege (ellr noko slikt) «kyrkjedagen», med messe, føredrag, samtalegrupper, ungdomssamlingar osv. Og ho fortalde om bønegrupper i Karlsruhe; vanlege menneske som har fått ein ny glød både i bøn og i tru. Ting skjer i Tyskland.

No skal eg sjå meg litt rundt her i Hansa-byen; så nært, i grunn, for ein nordmann og ein tidlegare Bergens-buar. Nordsjøkulturen. Kjenner at eg er lenger nord. Friskare luft, meir drift i skyene. Nydleg. «Nord-vegen» opnar seg.

PS Liten korreksjon til gårsdagens «carpe diem»: Togreisa frå Lyon går berre så vidt opp i Bourgogne, i staden går ho nok så raskt opp i Franche-Comté; eit vakkert landskap i utkanten av Jura-fjella, mot den sveitsiske grensa. Eg blanda litt saman med bilvegen som går opp til Macon, Baume og Dijon.

29
Jun
08

carpe diem…

FRÅ LYON WITH LOVE

Sit utanfor stasjonen «Part Dieu» i Lyon… Dagane her saman med mine medbrør er ferdige, no går toget mitt vidare til Strasbourg. Folkelivet utnfor ein storbystasjon er mangfaldig; sigøynarmusikk og ein einsam kar som plukkar opp ein brukt sneip; redda morgonrøyken i dag også.Det er jo sundag. Folk kjem bort og slår av ein prat…

Eigentleg er billetten min frå den andre stasjonen, Perrache, men den ligg lenger unna og det er bale å kome seg dit med den tunge baggen, bøker og ymse; eg har vore i Roma nesten eit halvår og då blir det litt meir å drasse på. Men i fylgje infotavla i stasjonshallen skal toget stoppe her også, så eg satsar på det. Det blir ein fin togtur, med vidaugsplass, på toget oppgjenniom Bourgogne, forbi Besancon, Belfort, Mulhouse, Colmar til Strasbourg. Vel framme, skal eg gå til klosteret vårt der og delta i sundagsmessa på kvelden, så over til Offenburg på den andre sida av grensa, som er Rihnen, og på natt-toget til Hamburg. Billettane er rimlegare viss du reiser frå Offenburg og ikkje frå Strasbourg. Orden på sakene i Deutsche Bahn!

Vel, eg skal fortelje litt til frå dominikanarmøtet her i Lyon, men det må bli seinare. No må eg passe på å nå toget. Det går alltid eit tog, men ikkje som eg har billett til.. Lyon; À Dieu!

28
Jun
08

carpe diem..

LYON – OG ST IRENEUS

Strålande dag her i Lyon – og ein ny steme- og samtaledag for brørne. No har vi nettopp feira Laudes (morgonsongen) og messa for denne dagen, som er festdagen for den hl Ireneus av Lyon, biskop og martyr. Han er faktisk vernehelgen for dei den franske dominikanarprovinsen, og dominikanarane sitt særlerg kall er jo å undervise om trua og også å preike contra haeresis, mot vranglærararne.

Lyon er, som sagt, ein kristen ”kjerneplass”. Her har Trua vore heilt sidan den fyrste tida. Ireneus sjølv hadde motteteke trua frå biskop Polykarp av Smyrna – som var opplært av apostelen Johannes, den læresveine Jesus elska. Så nært er vi altså den kristne trua sitt rotsystem her. Og det er trua som bind saman. Her er brør frå Irak og Egypt, frå Litauen og Afrika. Ved frukosten prata eg med ein afrikansk bror; og dei har så mange kall at dei må seie nei til eit stort tal ungdomar som gjerne ville blitt dominikanarar. Ein må ha kapasitet til opplæring og undervising i klosterliv og teologi. Markane er kvite…

Ein av dei unge, franske brørne er av polsk-jødisk familie. Mormora hans greidde å røme frå Polen, men resten av slekta blei utsletta konsentrasjonsleirane.

Kristus, som vi nettopp har feira og motteteke i messa, i evkaristien, bind samane allle desse ulike lagnadene. Det er løyndomen. Over altaret i kyrkja her heng eit ikon-krusifiks med den lidande og sigrande Kristus; nederst står det: A og O, Alfa og Omega. Dei siste dagane har denne tanken ”gått inn” hos meg: Han er Alfa og Omega, det er det namnet han vil eg særleg skal bruke no. Den fyrste og Den siste, Opphavet og Enden; grunnen for livet og for verda, målet med alt som er. Han har gjennomgått alt, prøvd alt; han toler alt – han skal ikkje tape.

27
Jun
08

carpe diem…

ROMA, MILANO – LYON!

Eg er komen til Lyon. I går gjekk det raskt med toget oppover det italienske ”støvleskafte”, gjennom Appeninane og ut på den vide Posletta. I Milano var det togskifte; ein enorm stasjonsbygning, i ei blanding av jugendstil og eit slags nyfascismen; ein verkeleg jarnnvegskatedral. Eg stakk innom kapellet som var let tilgjengeleg – med messetider og med folk som var innom og ba undervegs. På den eine veggen: eit bilete av dei reisande sin vernehelgen, St Kristoffer (Christoforos = Kristusberaren); han som etter forteljinga bar Jesusbarnet på skuldrane over ei elv. På den andre veggen, ein inskripsjon: -Lat dykk forlike med Gud! ( 2 Kor 5)

Vi kom til Torino, og så barst det opp Alpane; nydeleg å sjå vaksne tre; furer, bjørker, høg lauvskog. Elva i dalboten var grå av sand i strie straumar. Hugsar det same frå ein sommar eg var i eit lite kloster på den andre sida, i Boscodon; fjellet er laust her og vert lett vaska ut. På den franske sida kom vi etterkvart til ”hovudstaden” for det franske alpindistriket Savoy; Chambery. Svært vakkert; eit slags Voss i kjempeformat. På baksida av fjellmassiva her, ligg det kjende eremittklosteret La Grande Chartreuse. Kartusianarmunkane sitt moderkloster.

Så ned på nye slettar, men meir bylgjande og grøne enn Posletta. Solnedgang over Rohn-landet. Eg gjekk av på stasjonen ved flyplassen og tok buss inn til Lyon sentrum. Omsider kom eg meg til dominikanarklosteret Saint Nom de Jesus (Jesu heilage Namn); eit vakkert, klassisk klosteranlegg frå ordenen sin ny grunnleggjing etter Revolusjonen, godt ut på 1800-talet. Eg fekk gjesterom i eit leigekompleks som kommuniteten har like inn til klosteret. Heilt Ok.

I dag, fredag, kom fr Haavar og fr Per Erik ned frå Lille, dei er våre to norske studentbrør der – og vi hadde ein triveleg tur på byen; over dei to elvane som møtest i Lyon, inn i gamlebyen og til den vakre katedralen. Lyon er faktisk setet for le Primat des Gaulles – primas for den franske katolske kyrkja residerer her. Lyon er ein by med djupe katolske røter heilt frå oldtida. Det var ein viktig romersk by i provinsen Gallia, og her var kyrkjefaderen Ireneus biskop; han som skreiv skriftet ”Mot heretikarane”; i dette tilfellet: gnostikarane, som ikkje ville vite av det kroppslege i Jesu liv og gjerning; og dermed går frelsa i vasken, sa Ireneus. For ” berre det han (Kristus) har teke på seg, kan han frelse”. Inkarnasjonen, forsoninga, oppstoda, sakramenta – alt dette stod på spel.

Det er også Irenus som har sagt (og Grundtvig siterer han): ”Menneske fyrst, kristen så”.

Lyon er altså ikkje kvar som helst. Eg blir her til sundags morgon.

26
Jun
08

carpe diem…

toget går frå Roma Termini om ein time, men lat meg fyrst gje fylgjande oversikt over sakene:

Her i Roma, ved «Angerlicum» har eg altså gjort det som trengs for den kanoniske (katolske) Lisensiatsgraden i teologi, særleg ved å skrive avhandlinga:

«Romantic Newman. The impact on Newman’s theological visíon of «the higher philosophy» of the Romantics»

Avhandling skal forsvarast her i Roma den 9. oktober.

Samtidig har eg m.a. gjennomført seminar for doktorandar, med sikte på å kunne fullføre den kanoniske Doktorgraden på temaet:

» «The world unseen» – in Newman and Grundtvig, with special reference to the Eucharist.»

Arbeidet vidare med dette skjer med base i Oslo. Om liv og helse held.

Sommaren vidare blir slik, Deo volente:

27-28/6: Provinsialdagar i Lyon
29/6-1/7: Reise (tog): Lyon, Strasbourg, Hamburg, Køpenhamn/Malmø, Oslo.
2/7: Oslo, St Dominikus.

3/7 – 1/8: Sunnmøre; både fritid og ein del oppdrag. Meir om det, kanskje. Base: 6200 Stranda.

2/8: > Vanleg teneste, St Dominikus, Oslo.

Prøver å sjekke blogg undervegs i sommar, men det blir som ettersom det klaffar.

GOD SOMMAR! 🙂

25
Jun
08

carpe diem…

SISTE KVELD I ROMA -FOR DENNE GONGEN; FERDA GÅR VIDARE

Om eg ikkje «har børi ved», så har eg i alle fall «vaska gølvet» i cella som har vore heimen min sidan februar. Ein god heim, med stort utsyn, med brei glaskarm, med tjukke, kvite vegger, med kaldt vatn – som eg skulle ynskt var kaldare enn det er akkurat no. Dei 36 plussgradene uttadørs i dag lunkar på vassforsyningane. Det har vore fred her; englar, trur eg.

Og det gamle svære klosteret, SS Dominkus og Sixtus, med sine fire, fem meter under alle tak, steingolv og kjempebjelkar under taka – heavy! – med sin vakre søylegang og ein paradisisk fred med ein gong du kjem inn frå den buldrande Via Nazionale og høyrer fontena sildre midt i klostergarden. Det er stille her no – når alle studentane etterkvart er borte på ferie. Dei tilhøyrer ikkje klosteret (berre nokre av dei, som er dominikanarar), men er lekfolk, seminaristar, prestar, systre av alle slag, frå alle verdsdelar, i alle slags drakter, med ulikt språk og ulik hud, men med same tru. Den katolske kyrkja, rett og slett.

I føremiddag gjekk eg ei fyrst opp til Maria Maggiore (Den store Mariakyrkja), så bort den lange boulevarden til Lateranet – og vidare ned til Cisterciensarane sitt kloster med den stor baslikaen Santa Croce in Gerusalemme. Der er eit kapell med relikvien av Jesu kross, som Konstantins mor, Helena, etter tradisjonen fekk henta til Roma. «Ved treet fall vi, ved treet vart vi frelste», stod det på ein inskripsjon ute i kapellet. Det var så stille der.

Men det eg skulle fortelje, var noko anna, noko uventa. Det var eit anna rom i tilknyting til kyrkjekomplekset – for ei lita jente, Antonietta Meo (1930-37), ikkje helgen- eller sælekåra endå, berre «føreslått» (postulert), så vidt eg skjønar. Skal sjekke det. Eg visste ikkje noko om henne før eg gjekk meg fram på dette kapellet eller minnerommet i dag. Ho levde her i grannelaget, dette var soknekyrkja hennar. Ho fekk ein alvorleg sjukdom og døydde berre seks-sju år gamal. Ho lærde å skrive; skreiv brev til Jesus. Gud var nær henne, det kunne merkast, sa folk.

Eg merka det no også. Plutseleg. At ho ba for meg, der ho er i Guds nærleik. Eit barn. Borna skjønar nesten alt, utan vidare. Og eit barn er nærare alt det som sette forteikna av godt og vondt då du sjølv var i same alderen. Når nokon greier å ta deg med dit – ikkje som konkrete minne, kanskje; berre at du er der – då blir du trygg. Opna. Eg kan ikkje forklare det betre. Eg veit berre at dette barnet ba for meg. Saman med meg. Også for alt det andre og alle dei andre eg gjerne ville be for. Noko lett. Stille og alvorleg. Sakleg. Ei lita jente i Roma. Nær Gud. Skjønar de meg?

I morgon går toget til Lyon. Dominikanrarane i Skandinavia høyrer til den franske provinsen – som har sine «Provinsialdagar» der i år. Etter planene treff eg mine medbrør fr Jon Atle og fr Gérard Marie frå Oslo og fr Haavar Simon, som er ved vårt studiekloster i Lille. Sundag reiser eg vidare, heimover. Skal meddele oversyn over sommarprogrammet seinare. Elles, som vanleg: sjekk interessante diskusjonar i kommentarane. Og så får eg sjå kor godt eg greier å blogge på reisa. Det er eit spørsmål om straum og nett-tilgang.

Vale, vale, Roma!

24
Jun
08

officium…

HØGTIDA FOR JOHANNES DØYPAR, Responsorium, Magnificat (vesper II)

” Parate vias Domini/Rectas facite semitas eius!”

(Rydd veg for Herren/ Gjer hans stigar rette!)

Johannes Døypar er ein av dei som ruvar mest i den heilage historia. Vi har feira hans høgtid i dag, innleia med vesper i går – og etter gamalt feira også med vigilie, med vake. Difor ”Jonsvake”, eller Jonsok. Men det er det nok få som tenkjer på i dagens Noreg..

Jesus, slektningen hans, sa om han at han er den største som er fødd av kvinner. Det må ein kunne kalle helgenkåring. Han var ein asket, munkane reknar han for ein av sine fyrste fedre saman med profeten Elia, som han var ein slags arvtakar av. Eit radikalt liv, eit engasjert liv, eit alvorleg liv – men også fyllt av den dirrande gleda vi kan høyre i røysta hans når han kallar seg ”Brudgomens ven”, eller når han seier: ”Han skal veksa, eg skal minka!”, og kanskje aller mest når han uttalar dei djupaste orda om Messias, dei som presten uttalar når han lyfter fram den innvigde hostien (over kalken, i den dominikanske ritusen): ”Ecce Agnus Dei...Sjå Guds Lam! Sjå han som tek bort heimsens synder!”, orda som vert til song – den inderlegaste av alle – under nattverdmåltidet, medan brødet vert brote og delt ut: ”Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, miserere nobis!”, -Å, Guds Lam, du som tek bort heimsens synder, miskunn deg over oss!”.

Johannes Døypar hadde det kallsmedvitet som kjenneteiknar alle dei store profetane. Difor les kyrkja også teksten om kallet åt Jeremia i Matutinen (Leseofficiet), Jer 1. Også Jeremia var ein modig og lidande profet, tru mot kallet sitt: ”Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, og før du vart fødd, helga eg deg; til profet for folka sette eg deg… Spenn beltet om livet og stå fram og tal til dei alt det eg byd deg! Ver ikkje redd dei!” (v 5 og 17).

Gud reiser opp slike folk når han vil. Då må vi forhalde oss til dei. Når Gud talar. Når Gud kjem på nært hald. Når røysta ropar i ørkenen. Når vegane vert rydda. Når ”small talk”-tida er ute. Når Gud vert for sterk.

Det kjem.

21
Jun
08

carpe diem…

OM AT DET LAKKAR OG LID MED ROMAOPPHALDET
OG OM AT BLOGGLESARANE MÅ FYLGJE MED PÅ KOMMENATARNE

Ja, no er det like før eg forlet Den ævelege staden; komande torsdagsmorgon set eg meg, om Gud vil, på toget til Lyon for å vere der som ein av dei norske utsendingae til Provinsdagane for den franske dominikanarprovinsen. Meir om det. Sundag går ferda vidare, stadig med tog, via Strasbourg, Hamburg, Køpenhamn/Malmø til Oslo. Etter eit par dagar i Oslo, drar eg til Sunnmøre og blir der i Juli. Meir om alt dette også.

No kan eg seie som gamle Simeon: Nunc dimmitis.. – No let du meg fare… Har trykt opp avhandlinga for det kanoniske lisensiatet (som eg måtte skrive for å halde fram med doktorarbeidet, har avslutta doktorandseminaret og fire andre kurs. Men altså: har skrive ei avhandling på 76 sider(engelsk), leverer henne på måndag. Bra å ha gjort jobben. Blir fint å reise no…

Stadig litt Roma- og sommarmodus på bloggen; men tinga blir sagt på kommentarplass; sjå særleg (stadig) «notabene» (det med 37 kommentarar)…

Det er fløyelsmørk sommarkveld i Roma. Tretti grader har det vore i dag, minst. Så her er det shorts-vêr døgnet rundt , for den som ikkje går i si ullkutte, som eg. Luftig, eigentleg. Som eg seier: det er ein grunn for at sauene går i ull både sommar og vinter. Rett nok blir det klipte, men det er eit menneskepåfunn. Elles slit dei ulla av seg og får ny etterkvart. Passar meg bra.

19
Jun
08

carpe diem..

FIRENZE HER!

Tru det eller ei, men dette blir tasta og posta på ein liten Trattoria («Za Za») på Piazza dei Mercato Centrale, i Firenze. Litt turisme no på tampen av Roma-tida; faktisk er eg send hit i dag av ein norsk vikeavis for å skrive noko herfrå. Det kjem, samlar inntrykka i dag.. Det blir om Savonarola og Michelangelo og om Donatellos profetskulptur: Habakkuk.

Altså gjekk eg i dag rett frå toget til det andre store dominikanarklosteret her, Santa Maria Novella– masse kjend kunst med dominikanske motiv-og så rett i muset for katedralen, il Duomo. Museet er rett og slett basert på dei gamle verkstadane for konstruksjon og utsmykking av domen. Utanfor her laga Michelangelo sin David-skulptur, og her arbeidde også Donatello. Eg fann snart Michelangelos Pietà, som eg syns er vakrare enn den i Peterskyrkja; kunstaren har lagt sine eigne drag inn i ein av figurane i skulptur gruppa. Dei syrgjande si liding, den døde Kristus i overgjeven fred. Ein fred Michelangelo lengta etter, kjempa for, kjempa med.

Eg skimta Donatellos Habakkuk i eit av romma då eg passerte ei dør; våga ikkje å gå rett inn, rett på. Men eg nærma meg, sky, som gjennom ein labyrint av rom og forbi andre skulpturar; gamaltestamentlege kongar og Gudsmenn, syngjande born og englar – og så ser eg opp; opp på denne skulpturen som Donatello visst nok skal ha brukt ein sjuk mann i Firenze som modell til.

Den plaga kroppen, så sterk, likvel, den opne munnen, så vant med å rope: -«Kor lenge skal eg ropa, Herre, utan at du gjev meg svar?» (Hab 1). Berre ein kropp og ei røyst. Heilt i Gud.

Firenze har hatt rikkdom, både kulturelt og materielt, men også dette alvoret, denne sansen for at det vakre forpliktar…. Ja, kanskje er det det det handlar om her. At det vakre forpliktar. No må eg betale og rusle vidare. Har kjøpt eit par bra bøker om byen. Tog-lesnad. Om ein by i Toscana, ein by for heile verda.

På gjenblogg!

19
Jun
08

carpe diem…

Varmen er komen til Roma for denne sommaren, trur eg – etter ein vår og forsommar med svært skiftande verlag. No, i morgontimane, ligg den blå disen over fjella rundt byen. Det blir ein heit dag, som i går. Vindauga i cella står på vidt gap – og eg høyrde nettopp kyrkjeklokkene frå ei av kyrkjene på andre sida av Forum Romanum. Ein del av det romerske lydbiletet – som evindelege sirener og alarmar og bilhorn; av politibilar, ambulansar, diplomatar og politikrarar som skal raskt fram (trur eg) og kva dei elles kan finne på som lagar mykje og sterk lyd. Tut, tut, Italia!

Lyd har, like mykje som arkitektur og kunst, ei sterk kulturell symbolkraft. Når eg let att augo, høyrdest klokka frå den romerske kyrkja ut akkurat som kyrkjeklokka på Stranda. Det seier, raskt og tydeleg, noko om kulturell fellesskap. Klokkeklangen legg sitt lydteppe over pinjene her likesåvel som over bjørkeskogen på Sunnmøre. Vi er under same kvelven.

Noreg var aldri ein del av Romar-riket, men det har i tusen år vore ein del av Kristendomen («kristenheten»). Kankje er det berre klangen att?

16
Jun
08

discursus…

må rekne med litt engelsk og litt Newman i denne bloggen i denne epoken…

«WHEN WAS THE WORLD WITHOUT IT?» (Newman)
-OM TEOLOGIEN II

«Whoever philosophizes, starts with it, and introduces it, when he will, without any apology… Men the most opposed, in creed or cast of mind, Addison and Johnson, Shakepeare and Milton, Lord Herbert and Baxter, herald it forth. Nor is it an English or a Protestant notion only; you track it across the Continent, you pursue it into former ages. When was the world without it? Have the systems of Atheism or Pantheism, as sciences, prevailed in the literature of nations, or received a formation or attained a completeness such as Monotheism? We find it in old Greece, and even in Rome, as well as Judea and the East. We find it in popular literature, in philosophy, in poetry, as a positive and settled teaching…”

Newman er frimodig og ublyg på vegner av teologien, slik vi finn han innan dei teistiske og monoteistiske religionane – og sjølvsagt har han særleg den jødisk-kristne tradisjonen og teologien i tankane. Sjølve syndefallet i den teologiske verda er å ha godteke den marginaliseringa og fortrengjinga av teologien som vi har vent oss til i vår kulturkrins. Det har gått oss fullstendig i blodet; vi reknar det meste av det som finst på kunnskapens område, som allment, noko som angår alle, som alle kan ta stilling til, noko som alle bør vite noko om. Men teologien held vi ”innan familien”; det gjeld for noko ”partikulært”, noko ein kan velje ut eller -inn.

Det er sjølvsagt Opplysinga sine opphavsmenn som har lansert denne tenkjinga. Gibbon, Hume og Bentham på britisk side; dei franske encyclopedistane og radikale fritenkjarane på den andre sida av Kanalen. Berre empiriske og ”positive” fakta kan gjerast til allmenn kunnskap. Alt ”overnaturleg” må forvisast til området for ”smak og behag”. Eller ”ubehag”, som oftast.

Noko av det mest avorlege med dette, er at dette regimet (for det dreiar seg om makt) har lukkast med å usynleggjere trua og teologien også i historia, både den kulturelle og den politiske – som anna enn noko primitivt og destruktivt som langsomt svinn bort. Newman gjer kort prosess med heile tankegangen og minner oss om at teologiske vinklar, problemstillingar, termar og tankeliner er frapperande tilstades overalt i sivilisasjonshistoria: ”When was the world without it”? Teologien er ikkje noko forsert og søkt, seier han, men noko som kjem spontant, som melder seg og som kan tematiserast ”without any apology”.

Ved nærare ettersyn vil ein kunne sjå i kor høg grad den idéhistoriske utviklinga – i vårt kulturelle område, i alle fall – er teologisk styrt. Det er Gud og tankane om han som filosofane slåss med, rasar over, mediterer på, riv seg laus frå eller vender tilbake til heile tida. Historia er kort og godt teologisk informert.

”When was the world without it?” Temperaturen i vår tid, frå offentleg nøytralisme til rabiat ny-ateisme tek mål av seg til å seie: Frå no av skal verda vere utan desse meningslause idéane! Det er dette eg har kalla det ”titatinske” ved prosjektet. Som om ein ville seie: Frå no skal tyngdekrafta opphevast!

Vil dei lukkast?

Note: John Henry Newman: The Idea of a University, ed: Rinehardt et co, New York, 1960, s. 51.

15
Jun
08

carpe diem…

LES KOMMENTARANE,

for det eg har på hjarta i kveld står der, særleg til «discursus» 5. juni (Telogi I); ein liten diskusjon om konservatisme /Høgre/ og kristendom, som à propos til Newman, Coleridge, Burke mm. Det er jo denslags eg held på med for tida. Som går fort mot heimtur.

14
Jun
08

officium…

Fredag, vike II, sal 116 (vesper)

”Ambulabo coram Deo, in regione vivorum”

(”Eg får ferdast for Herrens åsyn, i landet åt dei levande”, v 9)

Klosteret ”SS. Domenico e Sisto”, her ved Angelicum-universitetet er eit klassisk, vestleg anlegg med ein indre klostergang rundt ein open plass med brunn eller fontene i midten. Klostergangen, med sine vakre søyler, vert tradisjonelt kalla ambulatoriet; staden for å forflytte seg, romet til å vandre i – eller til å ta joggeturen i i grisotta, gjerne med nokre rundar ut i klosterhagen, slik pater N gjer det fordi det er for tungvint for han å stresse seg avgarde til parkar i nærleiken. Romet til å ferdast i, til å leve i.

Dette gjer noko med den som lever i klosteret. Ein norsk student på jesuittane sitt universitet lenger bort i gatene, Gregoriana, sa til meg ein dag ho var innom hos oss: Det er ei anna stemning her; det pregar teologien. Noko av den monastiske atmosfæren sig inn i måten å arbeide med teologi på. Ein vandrar, ein vender tilbake, ein ser røyndomen i glimt, broten av bogar og søyler. Ein høyrer vatnet si rolege sildring i fontenen. Og alt dette er eit bilete på resten av det klosterforma livet: pulsen, tidebønene, dei felles måltida.

Sjølv om dagane har nok av arbeid, skiftingar, avbrot, distraksjonar – du vert likevel henta tilbake, dersom du let deg hente. Du ’ambulerer’, du er her, coram Deo; for Guds åsyn. Døden strekkjer skuggearmar ut etter deg, kvar dag er ein risiko, ”Det store spelet om Einkvar”. Men eg er her i Guds ambulatorium, eg ferdast for hans åsyn, eg er endå i landet åt dei levande. Det er der du ikkje berre eksisterer, men trur, vonar og elskar. På plass.

13
Jun
08

discursus…

Alt no eit lite glimt frå Firenze der eg var nyleg…

Det er Savonarolas by; frater Girolamo Savonarola (1452-1498), prior i San Marco –klosteret, der ein av hans forgjengarar, fr Antoninus av Firenze, fekk sin medbror, fr Angelico, til å måle ein freske i kvar celle. Både fr Girolamo og fr Antoninus var aktive i reformen av dominikanarordenen; tilbake til den strenge observansen etter regel og konstitusjonar. Det vakre og det asketiske er ikkje motsetnader, slik ein ofte trur. Fr Girolamo, meir kjend berre som Savonarola, er mest kjend som den store botspredikanten, men – igjen tvertmot det mange trur – var han ingen motstandar av kunst og litteratur. Han fekk oppretta arkitektur- og kunstskule i klosteret – som vart eit av dei viktige sentra for den frambrtande renessanse-humanismen. Sjølv var han ein verkeleg intellektuell kapasitet og lærd mann. På grunn av si utfordrande forkynning, som samla så mange at den store Domen i Firenze var sprengfull i årevis når han steig opp på preikestolen, fekk han etterkvart fiendar både blant fyrstar og prelatar.

For å fasthalde og vedkjenne si katolske tru under alle skuldingane, skreiv han ned denne trusvedkjenninga:

“ Å Herre, eg vedkjenner deg som den fullkomne, usynlege Treininga; tre i Èin, Fader, Son og Heilag Ande; eg vedkjenenr deg som Det ævelege Ordet, og at du steig ned i Marias morsliv, at du steig opp på krosstreet for å utrenne ditt blod for våre synder. Eg bed deg, at eg ved blodet ditt må vinne tilgjeving for syndene!”

Kva ser vi her anna enn den grunnleggjande, katolske og kristne trua i ein sum, uttrykt og vedkjent av denne dominikanarbroren i Italia på 1400-talet? Det er ein tankestillar for protestantar som ofte tenkjer at dette var ukjent i mellomalderens katolske kyrkje, at det er noko som kom med Reformasjonen etter å ha vore borte sidan aposteltida. Og kanskje finst det også katolikkar som har godteke denne tankegangen? Som meiner at ‘den slags’ nettopp er ‘protestantisk’? Medan det i røynda er breiddfullt av det i heile den katolske trusoverleveringa. I messa, i tidebønene, i hymner og songar, i kyrkjekunsten, i preikesamlingar og i teologiske framstellingar. Det er katolsk fordi det er kristent, det er kristent fordi det er katolsk.

Kyrkja sine kår vil endre seg, kanskje drastisk, i den tida vi går inn i. Der det vil vere kristne, er det dette som vil vere trua deira. Hjarta og hjarteblodet. Guds og vårt.

13
Jun
08

carpe diem…

Stadig lite tid til bloggen desse dagane. Men eg har svara nokre kommentarar som har venta (Maria, Blix, Gunnar – på artikkelen om Roma; og Alexander i den siste om romantikarane). Eg kjem tilbake med ting frå Firenze og anna, som sagt. Og no har eg berre to viker att her i Roma i denne runden.

10
Jun
08

carpe diem…

ROMA-INNSPURT; BLOGG SLOW DOWN EI STUND

Varmt i Roma også no… og innspurt for meg og universitetsgreiene her. Så det blir litt meir uregelmessig blogging innimellom. Les forresten kommentarane frå andre – og evt mine svar; på siste «nota bene», t d. I dag, tysdag, har eg vore i Firenze – så kanskje blir det litt å fortelje derfrå seinare/snart.
Pax et bonum!

07
Jun
08

nota bene….

URBANE MEDITASJONAR

Å vere ”pater”, skrive i avisa og opphalde seg i Roma kan vere ei fårleg blanding. Det eksotiske får dei ”kulturinteresserte” til å flokke seg slik kvepsane surrar rundt sukkerbiten. Kanskje eg skræmer dei bort ved å seie at eg syns Roma er ein ganske dau by?

Eg snakka med ein godt etablert italiensk journalist nyleg – og han stadfesta det eg – heilt subjektivt, sjølvsagt – har mistanke om: At Roma ikkje er noko viktig intellektuelt sentrum, at dei kunst-, teater- og kulturliv ikkje er spesielt strålande her. Arven frå antikken er så tung her; til slutt går du i ein døs mellom søyler og palass, verdslege som kyrkjelege. Og du får nok av barokk; av små ballete baby-englar med rosa venger, av menneske med 16- og 1700 tals fasong, temmeleg hysteriske og med spastiske gestikulasjonar; ein fake-metafysikk, ein liksom-himmel.

Skal tru om ikkje dette er noko av alle vidgjetne storbyars fåre og risiko? Dei vart til i kreative fasar av historia; om ikkje alltid ei like dygdefull historie. No ligg dei der og tek imot tursistar og gjer sitt beste for å gje folk det dei ventar å finne: Roma – slik det alltid har vore; Paris slik det alltid skal vere. Eg har opphalde meg ein del i Paris også og har den same kjensla der, stadig heilt subjektivt, for all del: Dette er det beste Paris-museet verda kan framskaffe; bien venu! Bokhandlarane langs Seinen sel dei same bøkene som alltid, hobby-målarane på Montmartre målar dei same glorete skilderia, trekkspelarane spelar stadig ”sous les ponts de Paris”.. Alt svarar nøyaktig til Sterling-reklamen.

Rundt Paris-hermetikken med dei vakre arondissementa ligg det ein stor ringveg – og utanfor der veks det fram ein annan by, ein levande by; forstadane. Dit har ein stua bort problema, det verkelege livet. Ein dag her i Roma hadde eg ein ubrukt togbillett og tok turen til Napoli; skitten og støyete, men – tenkte eg, heilt uventa – ein verkeleg by! Napolibukta som opna seg mot havet og sende friske vindar innover land, var sjølvsagt ein ekstra sjarmoffensiv i konkurransen med Roma. Kva er det som gjer at New York er ein viktigare kulturby enn Roma og Paris? Kvifor trur eg at det nye Berlin er meir levande?

Tung historie er ei skummel greie. Ein må stadig på ny ned til det som skapte historia. Ned til det som utfordrar, som uroar. Ned til rota av vulkanen, der grunnen skjelv under deg. Turisten må bli pilgrim; for alvor, meiner eg.

Det er det som reddar Roma, trur eg. Kyrkja. Der inne lever byen. Ikkje i alt det storslagne kyrkje-stasjet, eigentleg; om du går i Peterskyrkja eller ei av dei små med nedsota fasade – løyndomen er den same. Det kristne Roma er bygd opp kring ei handling, eit nærvere: Messa. Kristus, som dei fyrste martyrane nekta å fornekte. Byggverka, kuplane, kunstsamlingane, pavepalasset, kardinalane, kontora – alt er der eigentleg på grunn av at denne handlinga har gått- og skal gå sin gang. Stilla som slår deg når du merkar dette. Liketil, open, ikkje spesielt tilrettelagt. Berre gå inn. Be, viss du vil.

Nyleg fekk eg høyre at ein kjend forfattar har skrive ein fictionroman der Peterskyrkja og meir til blir rasert og kardinalane spør seg om ein skal byggje opp att dei stolte bygningane. Dei kjem til at det skal ein ikkje. Den praktfulle tida er forbi. Vi finn oss eit lokale som vi gjorde det dei fyrste hundreåra, vi byrjar på nytt. Meir fekk eg ikkje vite om boka, men eg føresteller meg framhaldet:

Paven er der. Han er stadig biskop av Roma, også utan sveitsargarde. Han sit på Petri stol sjølv om det berre er eit enkelt sete. Han har sine rådgjevarar rundt seg; dei er stadig kardinalar, også utan raudt silkeslep. Messa er den same, sjølv om orda skulle måtte kviskrast fram. Det verste er at slik trur eg det kjem til å gå…

Dette er det som gjer det leveleg i Roma for meg. Det i storbyen som er meir enn museet. Ikkje så mykje Keisaren som Gallilearen. Han er ”still going strong”.

(Fyrst publisert i spalten «Signert», Klassekampen, i dag, 7/6)

05
Jun
08

poetica…

VED HELGHEIM KYRKJE

Astrup-landet
eit underleg klårt vatn
fjell med store former
oppetter
og nedetter
langs strendene

flater og fonner
av snø
og grøne grøne dalar
soleier store som soler
lyser opp bøane
lyser opp dagen
lyser opp natta
juninatta
Jølsternatta

05
Jun
08

discursus…

OM TEOLOGIEN I
– med utgangspunkt i Newman-tekst.

”If, for instance,Theology, instead of being cultivated as a contemplation, be limited to the purposes of the pulpit or be represented by the cathecism, it loses, – not its usefulness, not its divine character… but it does lose the particular attribute which I am illustrating; just as a face worn by tears and fast loses it beauty, or a labourer’s hand loses its delicatness; – for Theology thus exercised is not simple knowledge, but rather is an art or business making use of Theology”

For Newman høyrde telogien med i Universitetet, fordi det er ein del av røyndomen, av den universelle kunnskapen. Han nekta å sjå på teologien som ei sekt-dialekt, utan plass i det ålmenne, i det felles offentlege romet. Ein av hans landsmenn, Jeremy Bentham (1748-1832), ein av ingeniørane for den moderne livskjensla, meinte at teologien ikkje hadde nokon offentleg plass – fordi han ikkje representerte verkeleg kunnskap. Dermed var han ikkje berre unyttig, men jamvel skadeleg. Det er ikkje vanskeleg å kjenne at utviklingsdraga fram til vår eiga tid i dette. Det er både vanleg tankegang og noko som har vorte hevda med stor energi i det siste, av ivrige nyateistar (som R. Dawkins).

Newman skriv om teologien i eit kapittel om ”dei frie kunstane”; the liberal arts/artes liberales (jfr den gamle nemninga examen artium)– altså om skule- og universitetsfag som ikkje var direkte profesjonsorienterte (slik som t d medisin, jus, farmasi ). Han var ein sterk kritikarar av ein del av tankegangen frå Opplysingstida, nyformulert og aksentuert av hans samtidige John Stuart Mill (1806 -1873 ), særleg den s k Utilitarismen; at alt skal sikte på ”det nyttige”. Ettersom verdiar med høgre forankring, som dei tradisonelle dygdene, eigentleg ikkje finst.

Det kunne vere lett å tenkje at teologien er profesjonsfaget for dei som jobbar i kyrkja; presteskapet og andre. På sett og vis har teologien falle mellom to stolar: Den akademiske vitskapen, der ein metodisk ser bort frå det guddomlege og der fagkulturen er fullstendig sekulær og ofte karriere-retta. Og den fromme, matnyttige presteutdanninga (evt kateketutdanninga o s b). For Newman – som for kyrkjefedrene, dei store skolastikarane, dei monastiske teologane, for ikkje å seie Bibelen sjølv – er teologien fyrst og fremst kontemplativ. Noko ein mediterer over; reflekterer over, studerer, grunnar på. Det kontemplative inneber ikkje at bøna erstattar det grundige, saklege studiet. Men studiet har berre det målet å søkje sanninga – om Gud (teo-logi =talen/læra om Gud) og om mennesket og skaparverket sitt tilhøve til Gud. Det er å sjå alt ”i Gud”. Ja, noko av det som er alvorleg med å fjerne trua og teologien frå den offentlege samtalen, er at eit djupare perspektiv på mennesket og på livet lett vert borte.

Det kontemplative omfattar nettopp det ’unyttige’, det å berre omgåast ’det sanne, det gode og det vakre’. Vi kan vel nokå trygt seie at ikkje berre er teologien, men mykje av kunnskapssøkjinga og det akademiske livet i dag, manglar tid, ro, resursar og motivasjon for det ’unyttige’, kontemplativet studiet. I det lange løp viser det seg ikkje å vere så ’nyttig’ – for sjølve kvaliteten blir skada. Og det nyttar ikkje i lengda…

I dominikanarordenen, Preikebror-ordenen, skal studium og forkynning ha ein hovudplass. Men vi skal merke oss at eitt av mottoa våre er: Contemplare et aliis tradere contemplata (Kontempler og gi vidare til andre det du har kontemplert) og ikkje ut aliis tradere osv (ut= for å). Vi skal ikkje studere og be for å forkynne. Vi skal gjere det – som eit mål i seg sjølv, og så skal vi forkynne og undervise. For fyrst då kan du ha noko ekte å seie, noko som rett og slett er er sant, godt og vakkert. Det er heile skilnaden.

Den kontemplative innstillinga til livet, til studiar, til skaparverket, til samfunnet – og djupast sett til Gud; det er det som er mest påkrevd for både intellektuell, etisk og åndeleg fornying i dag. Fascinasjon, undring, tålmod – i staden for kynisk kunnskapsproduksjon og kunnskapskonsumering. Anten det er i kyrkja eller i samfunnet.

Note: Frå boka:The Idea of a University, s 82, sjå «discursus» 3.juni




kategoriar