Arkiv for februar 2008

29
Feb
08

carpe diem…

ROMERSK FREDAG

I dag var eg beden ein tur på Byen (det er jo Roma som er Byen, med stor B) av eit par norske studentar – som for tida er i Roma, ved «Det norske Instituttet» (UiO). To andre var det også; studentvener på vinterferie.

Det var ein flott gjeng! Og det viste seg at dei til nyleg hadde utgjort kulturstyret i ”Studentersamfunnet” i Oslo! Ein av dei gjestande studerer no politisk vitskap ved ein høgskule i Paris, dei to for tida herverande studerer historie; den eine tysk-jødisk historie og den andre ”skandinavismen” på 1800-talet. Welhaven et co. Den fjerde er ei grepa sunnmørsjente frå Volda – altså ein ekstra attraksjon for meg – som dette året studerer ”semiotikk” i Bologna! Welcome to the world! I like it!

Og ikkje berre det; det slappe, avpolitiserte og lett kommersialiserte ”studentersamfunnet” frå 80-og 90-talet har vakna til nytt liv under dette gløgge regimet. No samlar det seg fulle hus igjen til debattar og kulturarrangement. Den ironiske epoken er kanskje over, sa Andreas, ein av dei. I den universitære ”nyordninga” (”kvalitetsreformen”) kan det sjå ut som studentmassen berre må henge i stroppen for å kome ut på den andre sida med eit eksamenspapir.

Men kanskje viser det seg at der det er unge menneske, står dei store spørsmåla opp på nytt? Før eller seinare? Filosofiske, politiske, estetiske og til og med teologiske og religiøse tema melder seg som noko meir enn ”pensum”. Og når det fyrst skjer, trur eg ikkje at korkje apetitten, evna til å søkje breie kunnskapar eller den intellektuelle kreativiteten vert mindre enn før. Tvert om.

Gåverike og meiningssøkjande menneske. Det er oppskrifta både for studentersamfunnet og for akademia. Det skjøna eg i dag, igjen.

Reklame
29
Feb
08

officium…

Torsdag, vike 3, sal 132 (vesper)

”Eg unner meg ikkje blund på augo… før eg har funne ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs veldige” (v 4-5)

David ville så gjerne at Herren som hadde vandra med folket sitt, skulle ”slå seg til ro” i det lova landet saman med folket. Han som ”tronar over kjerubane” på paktkista, han er Israels midtpunkt; Gud og menneske skal ikkje berre vandre saman, men bu saman.

Vi lever i samfunn og mellom menneske der Israels Gud er blitt ein framand, der han ikkje har ”ein stad”. I alt kyrkja held på med, skulle ho ha dette for augo: å finne stader og bustader for Herren. Kvifor skal han vere heimlaus? Kvifor skal han vere ein flyktning, ein ukjend? Eg trur han kjem heim att også til menneska i vårt land ikkje minst gjennom dei truande som flyttar til landet vårt, som vågar å vise at dei trur, at dei hyllar ”Jakobs Veldige”. I arbeidslivet og privatlivet, i det kulturelle livet, i det offentlege livet, på akademia og i redaksjonane – vil eg arbeide og leve for at han skal finne seg bustader.

Han vil ikkje tvinge seg inn på nokon, han er viljug til å dele plassen med andre, for fridomen si skuld. Men han vil vere heime hos nokon, han vil at andre skal kjenne han att gjennom dei; dra kjensel på han, sin Skapar.

Eg tener ein meir og meir ”heimlaus Gud” i Noreg– men eg ”let ikkje augneloka kvila” før eg ser stengde dører opne seg igjen. Også i mitt folk skal han ha ein heim.

28
Feb
08

officium…

Onsdag, vike 3, sal 126 (vesper)

”Dei som sår med tårer, skal hausta med glederop” (v 5)

Guds kall er så overveldande; ingen kan fylgje det utan stundom å kjenne: dette er for mykje, dette skulle eg aldri ha gitt meg ut på. Vi må svelje gråten, og ofte må vi gi otten, smerten og fortvilinga utløp og berre la tårene renne. Alle som har pløgd og sådd Guds jord, frå patriarkane til apostlane og martyrane, veit at det er ei tid for tårer. Dei skal ikkje haldast tilbake.

”Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen og sa: ”Hadde du berre visst, om enn på denne din dag, kva som tener til din fred. Men no er det dult for augo dine” (Luk 42). Guds gråt over byane. Sin eigen og våre. Guds gråt i Kristus, i Getsemane. Guds sveitte. Guds blod. Guds såkorn.

Det er ikkje naudsynt å late som at det vonde ikkje er vondt: Gråt! Du treng ikkje å tenkje at du aldri skulle fylgt dette kallet; i staden: Gråt! Du skal ikkje presse deg til ein optimisme du ikkje kan stå for no. No har du nok med det som er. No er det tårene sin tur. Ein dag du ikkje veit, står du midt i den mogne åkeren! Då kan du bere det i hus. Tårekornet. Lett og uventa.

27
Feb
08

officium…

Tysdag, vike 3, sal 131 (vesper)

”Som eit lite barn hjå mor si..” (v 2)

Det mennesket som bed i Salmane, ropar og klagar, protesterer og insisterer. Høgg seg veg gjennom livet, bryt opp alle dører for å kome inn til Gud.

Men stundom kjenner det at det er der. Det blei berre stille. Kven har ikkje høyrt små born rase og gråte, gjennomtrengjande og påståeleg? Og så, plutseleg, når mor la det inntil seg; gav det bryst eller berre byssa det, stoppa gråten. Som om han aldri hadde vore. Barnet vert trygt, det vert mett, det døser. Det veit ikkje meir. Det er omslutta av mor. Av Gud.

Slik er denne salmen. Kva er fortid? Kva er framtid? Kva skal eg gjere? Kva skal eg ikkje gjere? Korleis skal det gå? Kva med alt ansvaret? For ein augneblink, for ei stund – spelar det inga rolle. ”Eg gjev meg ikkje av med slikt som er for stort og underfullt for meg” (v 1b).

Å vere trygg – det er ikkje den borgarlege idyllen, det er ikkje å sikre seg mot risikoar, å byggje gjerde rundt seg sjølv. Det er tvertom å våge å ”gi ein god dag” i alt. ”Som eit lite barn hjå mor si!”

26
Feb
08

officium…

Måndag, vike 3, sal 123 (vesper)

”Liksom trælen fylgjer handa åt Herren sin med augo” (v 2)

Slik er det å be. Er det noko som går att i Salmane, så er det at å be, er ei akt av desperasjon. Å vere ’desperat’ tyder eigentleg å vere utan von, men nettopp då er det vona viser seg. Når du er på grensa til å gje opp – då er det du samlar alle krefter i eit ynskje: å overleve. Å ha von og forventing når alt går på skinner, er ingen kunst. Fortvilinga og vona ligg vegg i vegg.

Å be er difor å fokusere. Det er å vite kva du vil. Det er å tru at Gud kan og vil gje det. Det er å insistere. Det er å la alle omsyn fare. Den som er i naud, kan ikkje prioritere ’pene manerer’. Trælen har ingen illusjonar, han veit at alt er avhengig av om herren hans ser han og viser han gunst. Det minste vink av husherrens hand er livsviktig. Difor slepp han ikkje augo av den handa. Difor fokuserer han.

Gud er ingen slavedrivar, men han er berre tilgjengeleg for det hungrande mennesket. Hans rike må stormast, vi må rive det til oss (Matt 11, 12). ”Smalltalk” er for sosieteten. Gud er ikkje ”attåt”. Han er Livet.

25
Feb
08

carpe diem…

SIST SUNDAG, EIN BYTUR

Den konventuelle høgmessa på sundagar er tidleg her på klosteret, alt kl 0800. Brørne, kanskje femti, syng samstemt den gregorianske messa så det kling under kvelven. Frater Lukasz frå Polen heldt ein svært god homilie (preike) – som eg skal få omsett og lagt ut her; om Jesu møte med den samaritanske kvinna ved Jakobsbrunnen.

Som veret var vakkert og våren komen, hadde eg eit godt høve til å vere litt Roma-turist, Roma-pilgrim. Gjekk tilbake til ”Newman-kyrkja” mi, San Giorgio in Velabro. Mangt og mange å be for.

Derfrå gjekk eg over Tibern, gjennom Trastevere og opp til Gianicolo-høgda. Vid utsikt over Byen på høgdene! Vel nede på Trastevere fann eg meg ein liten kafé og bestilte, utandørs, ein kopp kaffi. Då eg skulle gå og ville betale – ville dei inga betaling ha! Fint å vere ”padre” og dominikanarbror her; det gode smilet dei gav meg, var mest verdt.

Dette var rett ved Piazza Trilussa og Ponte Sisto. Eg gjekk over brua og opp ei smal gate, ein liten ”vincolo”; eg drog kjensel på strøket, og der, rundt eit hjørne låg den vesle plassen me den ør-vesle kyrkja Santa Barbara dei Librari! «Den heilage Barabara av Bokhandlarane» – kult namn på ei kyrkje. Hadde vore der sist eg var i Roma, i oktober, men kunne ikkje hugse kvar det var, i labyrint-gatene her i ”det historiske sentrumet”. Så var eg der plutseleg, utan tvil leidd av verneengelen min!

Kyrkja, som er frå 1300-talet, er vakkert utsmykka inne, men no i barokkstil – som vanleg er i Roma. Det rare og artige er at kyrkja også har vore ei ”gilde-kyrkje”, for bokhandlar-gildet. Det kristne laugsvesenet, ein tidleg ”fagorganisajon”, knytt til kyrkja og messa; verkelege kumpanar (cum-pane), ”kompisar”… Den heilage Barabara (200-talet) kunne vi også skrive noko om, men det får bli seinare.

Då eg kom tilbake på kvelden, var det messe. Fullt hus.

Eg gjekk vidare og såg at den store kyrkja SS Trinità Pellegrini var open. Der lydde vakker, fleirstemt song ut gjennom dørene – og der hadde «San Egidio-fellesskapen» ei av sine kveldsmesser. Fullt hus. Kvar kveld er det forbøns-samling. Kvar sundags kveld, messe. Kviskra ein av dørvaktene til meg. Så kom eg til Santa Maria in Trastevere, frå antikken, der eg hadde avtale; eit fast punkt for meg og mange i Roma. Messe og mykje folk, og på liturgien å døme, kunne det vere katolikkar av ein orientalsk ritus som var der. Skal sjekke det..

Ved inngangsdøra hang det eit oppslag. Mellom mange. Om pave Benedikts brev til bispedømet Roma (han er jo fyrst og fremst Romas biskop) om katekese og opplæring av dei truande, som høgsteprioritet! Han er teolog- og kateket-paven. Bendikt den grundige. Han skjønar at fundamenta må stabiliserast i våre dagar. Som katolsk kristen er det ikkje nok å vere ”dum og deilig”.

Eg traff dei eg skulle.

25
Feb
08

officium…

Sundag, vike 3, sal 111 (vesper II)

”Han har skapt eit minne om sine under” (v 4)

Israels gudsteneste, oppfylt og vidareført i Kristus og i den universelle kyrkja, er fyrst og fremst eit ’minne’; ei påminning. Offera, påskemåltidet og sabbatsmåltidet, påska og dei andre festane, dei heilage skriftene, salmane, bønene – alt er i hovudsak ei stadig påminning og levandegjering av Herrens store gjerningar,”magnalia Domini”, som skapar og frelsar. Også katekesen og opplæringa er påminning, i ord og teikn. Om Lova og trusvedkjenninga som Gud gjev folket sitt seier Moses: ”Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. Du skal binda dei på handa di til eit og bera dei på panna som ein minnesetel og skriva dei på dørstolpnae i huset ditt og på portane dine” (5 Mos 6, 4f). Og i salmen syng Israel: ”Mi sjel, lov Herren, og gløym ikkje alle hans velgjerningar!” (sal 103,2).

Ikkje berre vi skal påminnast; vi påminner også Gud om hans lovnader, om hans paktsvilje, om kven han er og kva han har sagt – så han ikkje gløymer oss, ikkje gjev oss opp! I påminnnininga vert dei store gjerningane, dei store hendingane, levande og nærverande for Gud og for oss. For Gud er alt NO!

Alle påminningane peikar fram mot den store påminninga, den store ”ihug-kominga”: Evkaristien, den heilage messa. Heile Guds verk, i fortid, notid og framtid kjem til oss i Kristus – han som er Ja og Amen til alle Guds lovnader (2 Kor 1, 19-20) – og Kristus kjem til oss når vi ”gjer dette til påminning” om han! Samstundes kjem vi til han, der han står for Faderen, med kjærleiks-såra i sine utbreidde hender. Han som seier: ”Sjå, i begge hendene mine har eg teikna deg!”.

Han gjev ikkje opp. Han gløymer ikkje. Ikkje så djupe sår. Så stor kjærleik.

23
Feb
08

carpe diem…

LAURDAG KVELD

Våren kom skikkeleg i dag, med seksten varmegrader, med meir folk i gatene, med eit anna drag i lufta og i ljoset. På ettermiddagen ville eg gå til ei av dei kyrkjene eg likar best i Roma: «Sta Maria in Cosmedin». På vegen gjekk eg forbi mange andre kyrkjer – og svinga bortom ei som låg i ei sidegate. Det viste seg å vere ein gamal basilika, «Basilica di San Giorgio in Velabro«. Frå antikken – som så mykje her i byen – ombygd og endra tallause gonger fram gjennom soga. Det primitive, enkle rommet. Altaret under sin baldakin på fire søyler høgt oppe i koret, apsiden (halvrundingen som avsluttar korpartiet) med ein enkel benk rundt veggen, på båe sider av stolen for den presiderande presten eller biskopen. Det oldkyrkjelege rommet. Under altaret: relikviar av den heilage Georg frå Kappadokia, som kyrkja er vigsla til. I apside-taket: Freskoen (frå 1300-talet) med den sigrande Kristus, St Georg og andre heilage.

Nede ved døra bladde eg i brosjyren om kyrkja – og såg til mi glede og overrasking at denne kyrkja i si tid var titulærkyrkje for – kardinal Newman, han som gjer at eg er i Roma no! I brosjyren stod det attgjeve ein tekst som var innrita på ein marmorstein, felt inn i kyrkjeveggen. Med denne teksten (omsett frå latin):

”John Henry S.R.E. kardinal Newman, teolog, fremjar av ekumenikk (oecumenismi favtor), medlem av den hl Filipp Neris Oratorium, men framfor alt kristen (sed ante omnia christianus), presiderte over denne diakonat-kyrkja som sitt æresete, 1879-1890”.

Ei Newman-kyrkje, altså! Eg tok det som eit lite teikn frå Gud. ☺
Og som ei påminning: ”Ante omnia Christianus” – framfor alt kristen! Det er det det kristne Roma handlar om. Kva anna var det som skapte martyrane anna enn dette: Ante omnia Christianus! Kasta for løvene på Colosseum like bort i her. Ofte unge menneske, vanlege folk. Plebs. Pøbel. I dei mektige sine augo.

Eg er sikker på at paven, litt lenger borte og oppover på andre sida av Tibern, også vil seie: Ante omnia Christianus!
Framfor alt kristen!

Det er det som er ”koden”. Så lenge det er det, vil kyrkja vere sterkare enn alle imperium. Og reise seg på deira ruinar.

23
Feb
08

officium…

Fredag 22.febr: Festen for apostelen Peters stol, sal 116 (vesper)

”Kva skal eg gje Herren att for alle hans velgjerningar mot meg? Eg lyfter frelsesstaupet og kallar på Herrens namn” (v 12)

Kva kan vi gje Gud att anna enn takk? Og takk er i Bibelen og i kyrkja det same som lovprisinga, det same som å gje seg sjølv som offer til Gud! Det er det same som Evkaristien (gresk: «takkseiing»), som Velsigninga – i Bibelen og den jødiske tradisjonen er det vi som velsignar Gud; vi takkar og lovprisar han, vi ber fram ’evkaristi’! Kristus bar seg sjølv fram som eit offer, som ein evkaristi, til Faderen: «Sjå her er eg og dei born Gud har gjeve meg..» (Hebr 2,13/Jes 8, 17-18).

Vi ber fram heile livet vårt som eit takkoffer, sameina med Kristus og hans offer. Det er dette som er hovudinnhaldet i kyrkja si hovudgudsteneste, den heilage messa. Som i oldkyrkja særleg blei kalla nettopp ’evkaristien’.

Så kva skal eg gjere til gjengjeld for alt Gud gjer for meg? Feire messa som sjølve uttrykket for det viktigaste i livet mitt! ”Eg lyfter frelsesstaupet”, ”velsigningskalken som vi velsignar” (1 Kor 10, 14)! Eg lyfter opp Kristus, ja, som prest lyfter eg han bokstaveleg under elevasjonen (opplyftinga) etter at dei heilage orda er uttala: ”Dette er min lekam… dette er mitt blod”. Då lyfter eg livet mitt høgt opp, då lyfter eg opp all naud, all synd, all fortid, notid og framtid! Eg lyfter det opp – for meg og for alle, saman med alle dei truande – lyfter det opp i Gud. Han som omskaper og forvandlar alt.

Då kan eg seie som kong Hiskia: ”Sjå, til fred vart meg det bitre, ja, det bitre. Du har spart mitt liv, så eg ikkje går til grunne i grava. For alle mine synder har du kasta bak din rygg” (Jes 38, 17).

Korleis kan nokon leve utan å ”lyfte frelsesstaupet”? Utan å feire evkaristien, feire messa? Utan å feire den store overgjevinga – at Gud har gjeve alt til oss så vi kan gje alt att til han?

Eg lyfter kalken. Eg lyfter Kristus. Eg lyfter meg og alle. Eg lyfter Livet!

22
Feb
08

poetica…

du kjem fram ein gong, vesle Holgerson…

TIL KEBNEKAJSE

Store sorg
vesle gut

vengjene dine
av mjuke grå fjører
ber meg avgarde

høgare opp
enn eg skjønar
lenger avstad
enn eg trur

vågar ikkje å sjå ned
eller sjå fram
ser berre vengjer

kvifor flyg du så tungt
stormfugl
med denne vesle børa?

fordi reisa er så alvorleg
fordi du veit
at målet ligg langt unna
men at det finst der
ved dei blåe fjella

som ventar oss

22
Feb
08

officium…

Torsdag, vike 2, sal 72 (vesper)

”Då skal fjella gje folket fred og haugane rettferd” (v 2)

Her ser vi det igjen: Guds rike og Guds rettferd gjeld ikkje berre nokre snevre reglar, gjeld ikkje berre mennesket. Heile skapningen er omslutta av Guds vilje og tek aktvit del i å fremje henne og forkynne henne. Her er det ikkje berre vi som skal gje fred til fjella og gjere noko godt for naturen; nei, her er det fjella og haugane som deler si rettferd med oss!

Der dei styrande og ansvarlege for det menneskelege samfunnet utøver rettferd og lever i Guds lov, ”Guds domar”, der spreier det gode seg som soloppgang over skuggeland, som lækjande regn over ørkenland og sprukken jord.

For Guds rettferd er meir enn ”jus” der det dreier seg om å vakte på sine private domener. Guds rettferd er at alt er hans og difor eigd av alle! Guds rettferd er særleg hans hjartelag og vakne merksemd for dei fattige, fordi dei meir enn andre er avhengige av han; som fuglar i lufta, som lijer på marka, som læresveinar av Meistaren, Guds Tenar, Jesus, som born av Faderen! Ja, ”han ynkast over småkårsfolk og bergar livet åt den fattige… deira liv er dyrt i hans augo” (v 14).

Guds rettferd. Det er som ein stramt stemd streng, vàr og tonesterk. Der Guds rettferd banar seg veg, bylgjer kornet over åsane og byar blømer og breier seg (v 16).

Der er det godt å leve. For Gud og hans skapningar.

21
Feb
08

carpe diem…

TORSDAGS KVELD, PÅ CELLA:

Arbeidet mitt her kjem meir og meir i gang. Eg skal fylgje nokre kurs; her kjem dei:

-Poets and Mystics of 20th Century

-«Ave Maria» in the History of Culture.

-ARCIC og BEM: Theological Consensus (om ekumenikk; ’arcic’ og ’bem’er teologiske samatalar m. a. mellom den katolske kyrkja og anglikanismen).

-The Influence of Contemporary Philosophy on Theology.

Artig?

Fyrst og fremst er eg her for å fylgje eit doktorand-seminar: ’Seminar for Doctoral Students’

Emnet for avhandlinga (som ikkje skal skrivast her, men når eg er vel heime i Oslo. Hjelp!):

” ’The World Unseen’ in Newman and Grundtvig, with Special Reference to the Eucharist”.

Altså ein samanliknande studie, med hovudvekt på Newman, om synet på røyndomen, om den synlege verda som eit ”sakrament” for den usynlege/åndelege verda. Nattverdteologien er ”prismet”, brytingspunktet for dette (det er mi hypotese, i alle fall) hos Newman – og kanskje hos Grundtvig også. Begge teologane og kyrkjemennene reagerer på si samtids rasjonalisme i filosofi, i kultur og kyrkjeliv. På mange måtar er dei forløparar for ein meir ”postmoderne” teologi (eg nyttar omgrepet positivt); med vekt på det esteiske, det poetiske, det intuitive, på det konkrete, på det histoiriske. Her er dei også i slekt med sin eigen epoke: romantikken.

Hovudarbeidet her i Roma blir å skrive ein 50 siders monografi som eit førebuande arbeid. Både dette og hovudarbeidet må skrivast på engelsk.

Noko av det fine ved å vere her, også i doktorandseminaret – er den internasjonale breidda i miljøet: ein Redempsjonist-pater som har vore misjonær i Brasil i ei årrekkje, men som no skal arbeide i Libanon, ein ung prest frå Nigeria, to-tre frå USA, systre frå Afrika, eit par indiske prestar. Emna omfattar alt frå etikk (om ’dødsstraff’!), om frigjeringsteologi, om ekumenikk, om nytestamentleg teologi, og altså: om Newman –som er noko av alt dette på ein gong, som professoren, fr Taylor, sa! Så mange ulike tankar, så mange ulike liv, så mange kontinent, så mange kall. For det slår meg at studiane og forskinga for desse folka er sterkt forankra i det samfunnet og den kyrkjelege røyndomen dei er ein del av. Dei held på med noko. A sense of mission.. Kyrkja og Kristus bind oss saman.

Når førelesingane tek til her på Angelicum, gjer alle krossteiknet, ”i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande” +, vi bed Fadervår; professoren som leier det heile, legg til: ”Heilage Thomas..” og alle stemmer i: ”be for oss!”. Det er Thomas (Aquinas) som har gjeve namn til universitetet her: ” Universitas Studiorum Pontific. a Th. Aqu. in Urbe”, eller til vanleg: ”Angelicum” – fordi st Thomas vert kalla ”den angeliske doktor”, ”doctor angelicus”.

Også kommuniteten i klosteret her er internasjonal; her snakkast det italiensk, engelsk, fransk og tysk – og latin i koret. ☺ Berre dette, til orientering. Meir seinare, God willing.

21
Feb
08

officium…

frå gårsdagens vespersalme..

Onsdag, vike 2, sal 62 (vesper)

”Einast i von til Gud..” (v 2)

Som eit hjarteslag slår det i denne salmen: – til Gud, -for Gud, -frå han, -i Gud, -på Gud. Tru på Gud er ikkje berre tankar og førestillingar, ”livssyn” og prinsipp. Gud er vår ”økologi”, vårt ”miljø”, lufta vi pustar i, varmen i kroppen vår, rommet rundt oss, ljoset i augo våre, merksemda i det vi høyrer. Det gjeld alle, men den truande, Guds ven, er den som tek mot dette, som gjev seg sjølv tilbake til Gud. Det mennesket som stoggar opp, som veit seg ståande for Gud, oppreist, vakande, fokusert: ”Ver still for Gud, mi sjel!” (v 6).

Difor er denne salmen ein ettertankens salme. Ettertanken er både ei mental, ei sjeleleg og ei åndeleg øving. Ein meditasjon. Det ikkje-mediterande mennesket går opp i røyk: ”på vektskåla vippar dei opp, dei er alle lettare enn luft” (v 10). I meditasjonen skal du kjenne: Du er knytt til Gud. Utan han er du som lauv utan grein, som grein utan tre.

Kulturen rundt driv oss – repeterande, rytmisk – inn i ein annan meditasjon og seier heile tida: -bort frå Gud, -utan Gud, -utanom Gud.

Kjenn på livet ditt. Ta pulsen. No.

20
Feb
08

officium…

Tysdag, vike 2, sal 49 (vesper)

”Eg bøyer mitt øyra til visdomsord og løyser mi gåte til tonar frå lyra” (v 5)

Orda i Skrifta kjem til oss i ei litterær form; ord med uttrykkskraft og venleik, med klang og konturar. Noko av Guds visdom kjem til oss også i tekstar utanom Bibelen; som i dikt, i aforismar og ordtøke; i ”visdomsord” og ”tonar frå lyra”. Eller som det står i den latinske utgåva av Salmane vi brukar her i klosteret: ”Inclinabo in parabolam auream meam, aperiam in psalterio ænigma mea”. Fritt omsett: ”Eg bøyer mitt øyra til likningar, gjennom Salmane opnar mi gåte seg”… Salmane i Bibelen har same namnet som instrumentet ein ofte nytta ved songen: Psalterium, ”Davidsharpe”, lyre….

Det er nettopp mi røynsle at mi ”gåte” (ænigma) har opna seg gjennom Salmane, slik vi brukar dei i tidebønene. Ikkje berre orda som tankeinnhald, men som sungne ord; som tonande, gyngande, rytmiske, jublande og klagande ord! Poesien finn vegen inn i mennesket sitt løynde, indre liv, inn i det mysterium som er mennesket, som er eg. Det er ord som Anden brukar; han som bed for oss med sukkar som det ikkje finst vanlege ord for… (jfr Rom 8,26).

Kven skjønar mennesket? Poesien opnar usynlege dører i oss, og ikkje minst orda i Salmane – og for meg, i klosterlivet: den regelmessige resitasjonen, den felles kroppsrytmen, dei rolege, enkle rørslene under tidebønsongen, ”in psalterio”…

Der er eg på sporet etter meg sjølv.

19
Feb
08

Carpe diem…

Sol over Roma. Kalde kveldar og morgonar. Eg trivst svært godt på cella mi; ho ligg høgt i klosteret, som igjen ligg på ei høgd. Rett utanfor vindauga ragar det opp ei palme, litt vinterslapp, men likevel eit lite paradisteikn.

Det er fint å streife litt i byen no. Dei smale gatene på Marsmarka, rundt Pantheon, Piazza Navona, i områda ned mot Tibern. Ein dag skal eg vandre meg ein tur til Gianoccolo, høgdedraget mellom Sta Maria in Trastevere og Vatikanet. Eg er ingen Roma-kjennar, så spesialistar må orsake alle omtrentlege geografi-referansar o l..

Vakkert, altså, men støvete. Her må det vaskast klær; ullkvite dominikanarkutter blir fort «sorte får»-aktige i denne lufta. Noko av det beste med å rusle rundt i Roma, er at kyrkjene er opne, heile dagen. Plutseleg står du framfor ei ny barokk-fasade, eit gudshus du ikkje visste om. Ein del av det urbane landskapet. Og inne er det alltid heilt stille; ikkje arrangert «stllle-kirke-for-turister», men rett og slett fullt av naturleg overnaturleg fred. For å be i. Kristi nærvere. Guds hus. Englars heim. Og ein heim for mennesket. Så enkelt.

I morgon startar studiearbeidet for alvor. Meir om det.

19
Feb
08

Officium…

Måndag, vike 2, sl 45 (vesper)

”Du er den fagraste av menneske” (v 3)

I denne salmen er det ikkje rop og klage, berre poetisk yndest og kurtise. Det er ei hylling til den messianske brudgomen – og til brura. I openberringa sitt fulle ljos ser vi at det handlar om Jesus Messias, om det universelle gudsfolket som er kyrkja – og om henne som er eit bilete på kyrkja: Maria møy.

Brudgomen vert poetisk presentert i all si prakt og all sin venleik. Jesus er ikkje berre kongsson, son av Faderen, han som er ”kongen over kongane og herren over herrane” (1 Tim 6, 15). Han er også vår bror, eit menneske, ja: ”den fagraste av menneske”. Fordi han er Mennesket; den nye Adam, ”den siste Adam”, ”det andre mennesket” som er ”frå himmelen” (1 Kor 15, 44ff). Han er det fornya gudsbiletet – ”og likesom vi har bore biletet av det jordiske mennesket, så skal vi òg bera biletet av den himmelske” (ib.)

Jesu andlet – Guds andlet, ja, men også vårt. Mennesket er vakkert, med kropp og sjel. Ikkje ”filmstjerne-vakkert”, og likevel med den venleiken som dei store kunstnarane har sett og skildra. Det er lov å sjå etter den menneskelege venleiken, etter mennesket sin estetikk. Men vi skal vite at den verkelege venleiken alltid er fordjupa av mennesket sin åndelege venleik, av det djupet som visdomen, som trua, vona og kjærleiken gjev; den venleiken som skin fram også i det mennesket som er merkt av liding; i det gamle mennesket, i det sjuke og det skada. Gjennom den konkrete, menneskelege kroppen og skapnaden lyser Kristi skapnad fram.

Mennesket er vakkert – for vi ser oss i Han og Han i oss.

18
Feb
08

carpe diem…

Stadig Roma… Eg kan ikkje love tekster på bloggen kvar dag, heller inga fullstendig «dagbok», men det kjem når eg kan. Klosteret her er ein svær 1700-talsbygning; opphavleg for dominikanarsystre. No er Dominikanarane sitt universitet (med fakultet for teologi, filosofi, spiritualitet, kanonisk rett, sosialvitskap m a) knytt til kloseret – som stort sett hyser professorar og stipendiatar under sitt tak og i sin klausur. Undervisingslokala for studentane er ein del av komplekset, men utanfor klausuren, og det er eit fargerikt liv av studentar i krokar og kråer.

Eg vaknar på den enkle cella med halvannan meter tjukke vegger, og ser ut av vindauget med tilsvarande djup glaskarm – og ser rett ned på Forum Romanum, Trajansøyla og med ein liten hovudvri: rett bort til Colosseum. Capitol (den verkelege, ikkje kopien i Washington) reiser seg like bortanfor her. Så eg bur midt i historia. Kleskåp, nattbord, seng, skrivebord, vask med kaldt vatn. Fint. Dusj bort i gangen med varmt vatn (så lenge det varer; på denne korridoren bur det fem-seks andre brør). Eg går til refektoriet (matsalen) nede i «magen» av klosteret. Kvite, reine vegger, eit krusifks på endeveggen. I eit lite «siderefektorium» inntek ein bolle med kaffi og litt attåt. kl 07 er det Laudes. På latin; det er det enklaste her med så mange nasjonalitetar. Men messene på italiensk eller engelsk.. Det er kaldt i den uoppvarma kyrkja; eg ser mange svarte,oppdregne hetter framfor meg. Songen tek til. Og så arbeidet..

Just no sit eg på ein nettkafé, oppkoplinga til cella mi er ikkje heilt klar. Men i dag er kafén open så eg er innadørs, med ein kopp amerikansk kaffi…

18
Feb
08

officium…

i «officium» har eg til no knytt meditasjonane til tekster frå morgonbønene (matutin, laudes). No kjem kveldsbøna, aftansongen (vesper) sine tekster. NB Tekstene skal brukast i liturgien fyrst; tanke, refleksjon og meditasjon kjem etterpå. Kvar dag kjem difor meditasjonen over ein vespersalme frå dagen før. Tekstene er framleis frå Salmane og andre bibelske hymner i tidebønene (officiet)…

Vike 1, sundag sal 114 (vesper II)

”Sjøen såg det og rømde, Jordan snudde og rann tilbake” (v 3)

Var det nokon som snakka om ”naturlover”, som om verda var ein maskin? Kosmos går ikkje av hengslene, det er sant. Ikkje fordi alt er styrt av døde lover, men fordi Gud held alt oppe med si høgre hand. Til Noa gav han bogen i skya og sa: ”Eg set bogen min i skyene; han skal vera eit teikn på pakta mellom meg og jorda” (1 Mos 8,13). Gud fyller alt med liv. Hans skaparånd er ein livgjevande Ande. Eigentleg er ikkje noko av skaparverket ”dødt”, sjølv om det ”lever” på ein annan måte enn vekster, dyr og menneske. Døden er ikkje Guds modus. Berre livet. Døden er ein skugge, ein episode, ein unntakstilstand. Kristi oppstode var ikkje berre for menneska si skuld, men for heile skaparverket.

Difor ”rømer” sjøen, Jordan ”renn tilbake”, fjella ”hoppar” – alt er på styr og går ut av sitt gode skinn – av ei gysande og ufatteleg glede fordi Gud har gripe inn og frelst folket sitt or Faraos hær og hand!

Guds menneske, Guds barn, har naturen på si side; elementa, ver og vind, ljos og mørkre er dine vener og samverkar med deg i det kallet du har, i det du skal gjennomleve i dag. Alt blir ikkje lett, men Gud ”gjer berget til eit vatn og harde fjellet til ei kjelde” (v 8).

Så berre gå på!

17
Feb
08

carpe diem…fr Arnfinn – i Roma!

Sundag kl 1200

Sol, men kaldt i Roma; ideelt for meg som liker det svale. Feira messe i klosteret i dag kl 0800; kyrkja er utan oppvarming (typisk!), så brørne hadde pakka på seg gensrar og skjerf under og over kutter og messeklær ☺ Skal ikkje mykje til før dei hutrar her i syden…

Tar nok litt tid til før eg får nettet til å funke på cella (jobbar med saka), samt litt trubbel med å kome inn på bloggen. No sit eg utanfor ein kafé ved Tibern (rett ved Engleborga der ein brua går over mot Vatikanet, nedst i Victor Emmanuel-corsoen (gata), tjue minutts marsj frå Angelicum, der eg altså bur. Sit i skuggen, inst i kroken her, og har det storveges. Kaféen opnar fyrst ut på dagen. Men Gud let sitt internett stråle over fattige og rike og også over tiggarmunkar….

Litt uregelmessig blogg endå ei stund. Vonar det kjem i rute!
Pax Romana!

17
Feb
08

carpe diem…fr Arnfinn på veg til Roma, 3:

Fredag kl 2115.

Hamburg Hauptbahnhof, kom for ein time sidan – og eg fekk sitjeplass på toget frå Køpenhamn (ergo erat demonstrandum), gjekk rett i billettluka her, og fekk ny sitjeplass, på natt-toget til München. Deo gratias – og gratias til alle som har tenkt på meg… ! Dette var det usikre punktet i reiseplanen, og det gjekk bra!

Eg sigla sørover Sjelland og Falster på eit fullstappa tog, etterkvart som sola seig ned over grønt spirande åkrar, danske kyrkjetårn og nakne skogkrullar. Tre kvarters ferjefart frå Rødby til Puttgarden, frå Skandinavia til Hansa-land, forbi Lübeck og til Hamburg.

Og her er det ein skikkeleg jernbanestasjon; brei og svær hall, med tversgåande galleri og utsyn over alle spora og inn- og utgåande tog. I rekkje og rad. Sjølsagt butikkar, kaféar og kioskar av alle slag, og på ein liten kaffibar sit eg no. I stimen av folk, kan eg opprette mitt vesle kloster og scriptorium, i ein krok med sky-stolar og med alskens tungemål surrande rundt meg. Perfekt. Eit kaffikrus til ein dryg euro. Toget går sørover kl 2202. Veit ikkje om eg får lagt ut desse tekstane i kveld… Om ikkje, får vi prøve i morgon. Då er det dagtoget gjennom Tyrol og Nord-Italia ned til Byen. Urbs. Mit Gottes Hilfe…

Dagen i Køpenhamn vart fin; fekk utretta det eg skulle, møtte gjestfrie og hjelpsame folk. Det syner seg at Grundtvig møtte Newman, Pusey et co i Oxford. Sterke felles anliggande, men ulike personlegdomar, i ei vanskeleg tid for Newman – som då song på siste verset som anglikanar (1843). Så vala vart ulike. Eg er ikkje sikker på at Grundtvig ville ha gjort same valet i dag…

Laurdag kl 0800.

München Hauptbahnhof. Hugsar tidlleg på 80-talet, sist eg var her, med tog til Roma.. Eg sov lett,men bra på min romslege sitjeplass der vi susa gjennom Tyskland frå nord til sør, frå Preussen til Bayern, frå protestantisme, til katolisisme, så å seie.

Det ljosna dei siste mila før München – som ligg på den store sletta rett nord for Alpane. Faktisk er det kaldt her; ein rask tur ut i gata og eg kjende den isande nordatrekken. Fekk fjeset til å vakne. Kaffi på ein perrongkafé. Halv ti drar eg vidare.

”I stolryggen framfor meg” på toget låg «Deutsche Bundesbahn» sitt magasin for reisande. Med ein artikkel om den tyske jarnbanen sin medverknad til jødedeportasjonane under krigen. Dåverande «Reichsbahn» stilte lydig opp og organserte minituiøst og pliktoppfyllande den veldige folkevandringa på skinner, rett i døden. I godsvogner utan oppvarming om vinteren, utan kjøling om sommaren, opp til 200 i kvar vogn. Utan toilett, utan… Stykkprisen pr passasjer var nøye utrekna; det var rabatt for store ”grupper”; i alle fall var det dei deporterte sjølve som betalte si dødsreise. I fylgje magasinet. Magasinet syner oss også eit foto av to smilande, jødiske gutar. Namngjevne. Den eine overlevde, den andre vart hala ut på endestasjonen i Riga, ut i skogen – og vart skoten. Saman med alle dei som ikkje unnslapp. Vichyregimet i Frankrike utleverte jødiske flyktningar, også born; dei vart henta, stilte opp og meia ned.

Dette er berre nokre år før eg blir født, eit par hundre mil lenger nord. I Europa; kulturens ”storsal”, kristendomens gamle kjerneområde. Kva hende? Kva kan hende?

Laurdag kl 1735

Vi glei nettopp inn til Firenze. Å kome med tog, er som å kome med skip. Ei hending. Vognsettet er nokså gamalt og nedslite, med kupéar. Eg har plass ved vindauga, vis à vis ei bestemor frå Roma. Ho pratar med meg sjølv om eg berre forstår litt italiensk innimellom. Ho deler ei bayersk kringle med meg: ”vi er gode kristne, vi skal dele”, seier ho. Ho kunne nok prata med meg heile vegen om det ikkje var for språkbarrieren.

Det er ikkje straum-uttak på 2. Klasse og sist eg fekk ladda Macen, var på toget frå Køpenhamn til Hamburg, så det syng på dei siste elektrodane no. På stasjonane tek eg inn nett, men du må kjøpe tid på kredittkort og det funkar dårleg, særleg på korte opphald. Vi får sjå når dette kan lesast på bloggen…

Vi steig opp i Alpane, passerte Insbruck (”ich muss dich lassen!”), Brennerpasset og var vips i Italia, om enn i ein nokså germansk variant. Fyrst etter Bolzano, vel nedover mot flatlandet, vart det brått italiensk; grantrea og sveitsarhusa skifta til pinjer( eller noko som liknar) og rufsete bygningar med pannetak. Bakom, tusen etasjer over dei næraste fjellsidene og åsane, skin det drivkvit i italienske alpar. På nutar og toppar balanserer store kyrkjer og borger.

Og no altså: Firenze. Her på stasjonens Nowhere-land er det ingen sus å merke korkje av Romeo og Julie, Dante, Machiavelli, Savanorola eller Fra Angelico. På veg hit stogga vi også m a i Verona, ute på Posletta, og i Bologna. Bologna var ein av dei fyrste stadane der dominikanarordenen fekk stor innverknad, viktig universitetsby som det var; ei skikkeleg vekkjing med fr Reginald av Orleans som eldfull preikar. I same byen ligg den hl Dominikus (han døydde der). Både i Bologna og Firenze er det store, vakre dominikanarkloster. Men akkurat her ser eg berre taket over perrongen. Ferda går vidare. Det er disig, men sola fylgjer oss sørover.

Laurdag kl2300.

Toget sklei inn på Roma Termini presis on schedule, kl 2018. Eg slepa bagen og skulderveska ut av den enorme terminalen, fann ein kiosk som selde bussbilletar (systemet her til lands), slepa meg tilbake over gata, inn på buss 64, ned Via Nazionale, ringde fr Robert Christian på Angelicum – og etter nokre skrangleminutt på bussen var eg ”ved klosterets port”. Fr Robert tok mot meg og viste meg til cella. Rask utpakking; Macen der, tannkosten der, strømper, truser og T-skjorter, eit par sko, joggesko og shorts (skal jogge rundt ein- eller annen plass her) og ei ekstra kutte, eit par jeans just in case, inn i skåpet, det var det.

Litt social evening med nokre få brør – ein mexicanar, ein italienar, ein polakk, to frå USA og eg… i det vi på fransk kallar ”salle commune” , eit kvitkalka rom med nokre soafer, stolar, bord og ein espressomaskin. Ja, fyrst tok eg ein dusj; ei natt på sitjeplass frå Hamburg samt 11 timars reise i trong kupé frå München kvalifiserte til det.. No legg eg meg. Høgmesse kl 0800 her i morgon. Så skal eg få lagt dette ut på bloggen.

Det syner seg at sjølv om eg har internettkobling her på cella, må eg få vite den spesielle koden; den italienske broren som er nettansvarleg, har sine prosedyrar. Som ein av dei amerikanske brørne sa då vi sa god natt:…”They call it ’the eternal city’ – because everything takes an eternity here..”

Vel, då er eg her. In urbe.




kategoriar