04
Mar
09

discursus: Norske helgnar – framand for norsk mentalitet?

føredrag i Fredrikstad Kirkeakademi, i kveld. Her er manuset, i fortetta form; ein liten mentalitets-studie….

Det kunne vere enkelt å snakke om dei ulike norske helgnane – stort sett frå mellomalderen, pga av reformasjonen (Olav, Halvard, Sunniva, Torfinn). Men alle kan lese i eit leksikon og finne facts sjølve. Eg vil heller prøve å sjå ein problematikk som vi kan stilling til, som kan utfordre oss, både kyrkjeleg/teologisk og kulturelt/samfunnsmessig. Og kanskje t.o.m. personleg….

Eg finn det fruktbart å sjå spørsmålet på ein idé- og kulturhistorisk bakgrunn, ikkje berre smalt teologisk. Kvifor er helgenkulten ”som sådan” og dermed dei norske helgnane ”hot potatoes” stadig vekk? Kva er det som er så vanskeleg?

Det har med heile utviklinga av sekulariteten å gjere, med framveksten av ein autonom, ikkje religiøs, ikkje-kyrkjeleg kultur i Vesten å gjere.

Mellomalderen var svært prega av eit kristent grunnsyn – uavhengig av den moralske praksisen; kva folk held for rett og korleis det etterlever det, er ikkje alltid identisk, men på ein eller annan måte bestemmer det livskjensla og grunnleggjande haldningar.

I den kristen epoken var medvitet om vår evige ”bestemming”,vårt evige mål, sterkt. Dette eskatologiske synet på livet ligg der heilt frå aposteltida, fram gjennom oldkyrkja. Målet med livet går ut over det dennesidige, denne tida er ei endetid. Det jordiske livert er godt, skapt av Gud – men det er midlertidig. Den jordiske rutinen: ”kjøpe, selje, gi til ekte og ta til ekte”, er ikkje alt.

Sølibatet – for himmelriket skuld: Jesus! (Matt 19). I det same perspektivet må vi sjå det apostoliske livet, fattigdomen, disponibiliteten, jomfrustanden, ørkenfedrene og ørkenmødrene, klosterlivet.

Moderniterten kjem med ein reaksjon på alt dette. Revaluering og oppvurdering av det dennesidige, av det menneskelege, av det daglegdagse, av ordinær lukke/helse/velferd, av stat og nasjon. Frigjering frå kyrkja og hennar grep.

Her har vi den protestantiske reformasjonen og etterkvart den sk Opplysinga/opplysingstida (egtl 1750 -1800). Reformasjonen meir katolsk enn slik han seinare vart tolka; dette er ein i ferd med å oppdage no, t d i nyare Luther-forsking (det same med renessansen; meir mellomaldersk enn moderne); men verknadshistoria drar oss inn i moderniteten. Ansatsar i individualismen, subjektivismen, autonomien for statsmakta, lausare kyrkjeleg autoriet (som går over på staten/fyrsten), framvekst av nasjonalstaten etc..

Også Opplysinga ”går ut over seg sjølv”; religiøst t d frå deisme til ateisme. Dobbel line frå Opplysinga: Dionysisk/antihumanistisk retning og ei meir humanistisk retning.

Etoset i dette blir ikkje det ekstraordinære, det hinsidige, det heroiske, det guddomlege. Men det nyttige og nære. Vi er i kulminasjonen av dette verdisystemet i dag. To tendensar, ambivalente, som begge ville protestere mot helgenidealet:
-det humanistiske, alltruistiske (menneskerettar, sosial innsats osv..)
-det ”antihiumanistiske”; kontakt med djupet i mennesket, med det tragiske, med aggresjonen, med kjenslene osv. Noko av dette kom med Romantikken, men i si meir ekstreme form i Schopenhauer, Nietzsche, Foucauld o a. Mennesket skal verkeleggjere seg sjølv, ta ut alt. Viljen til liv, til makt!

Den moderne kulturen pendlar mellom desse ”modellane”- mellom idealisme og sjølrealisering – og eg trur det snart vil melde seg som ei akutt krisne i kulturen, på line med finanskrisa. Felles for begge er at dei foraktar det kristne helgenidealet. Humanistane vil vere gode og prektige utan Gud – og vitalistane vil vere heroiske og ekstraordinære utan Gud.

Kanskje kan vi seie at i den daglegdagse, norske/vestlege kulturen er det den snusfornuftige motstanden mot helgenkulten som dominerer: Jantelov, trivialisme, anti-ekstremisme. Ein borgarleg- for ikkje å seie småborgarleg attityde.

Ei idealisering av anti-idealismen, ei dyrking av ”de nære ting”; ”Ditt sinn monne flyve så vide omkring/så lær deg å elske de nære ting…”virke sådan i de stille/det var det jeg gjerne ville”. Ikkje stikke seg fram…

Sjølsagt: verkelege helgnar går djupt i inn i det verkelege livet, og det finst sjølsagt mange ukjende eller mindre kjende helgnar (ein av grunnanen til at vi har Allehelgens dag..). Men: det er noko som strålar fram, som gir seg til kjenne: Ljoset i staken; så dei kan ”sjå dei gode gjerningane dykkar og prise Far dykkar i himlen” Matt 5/Bergpreika. NB: Ikkje som motiv for å gjere godt, men som eit resultat av eit kristent liv, eit heilagt liv. ”Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje løynast” (ib.) ”Byen som på berget ligger/ingenlunde skjules kan”(Lina Sandell).

Kulten av dei heilage oppstår nettopp nedanfrå, frå folket som har vore vitne til eit liv, til ein død, til ei vedkjenning. Eller som er blitt bøhøyrde og som har sett teikn og kraftige gjerningar finne stad på forbøn av den heilage. Det er folket, dei truande, som sensar dette, sjølv om det er den instititusjonelle kyrkja som etterprøver og godkjenner; ”kanoniserer”, som det heiter.

Det som ikkje er mainstream, det som ikkje er tilpassa, det som lyser fram, det som utfordrar, det som konfronterer, det som ikkje går rett heim i Aftenposten eller Fredrikstad Blad – kva plass er det for det her til lands? Vi lever i eit veldig egalitært samfunn; bra, men baksida er: konformisme og jantelov. Vi lever i eit samfunn som er på veg ut av denne konformismen, men som reagerer med frykt og aggresjon, som i hijabdebatten. Særleg er religiøs profilering, religiøs ”performance” uglesett.

Kva då med dei historiske, norske helgnane? Faktisk ville det vere viktigare om vi fekk nye helgnar no, syns eg. Viktigare enn alle dei nyoppmerka pilgrimsløypene – som lett blir oppfatta som reine kulturstigar – ville det vere om Gud synte seg i Groruddalen, om det skjedde under og teikn der! Tenk på Hans Nielsen Hauge, som gjekk og pløgde på åkeren heime på Tune!

Men lat oss sjå raskt på dei:

Sunniva og Selje-mennene:

Ei ung jente som set til havs, som lever på ei fjern øy, som døyr i ein hellar. Igjen: Det store spranget, den store gesten, oppbrotet, flukt frå heidendomen, i staden for tilpassing. Kanskje er Sunniva legendarisk, men historisk er Selje-mennene (som sikkert omfatta kvinner) som på irsk vis set seg i båten og let seg drive av Anden, av Vinden ut i det framande…

Oppbrotet sitt vitnemål, trua sitt primat, distanseringa til ”den noverande verda”..

Ta og les den NT-lege ”helgenkatologen” i Hebrearbrecet 11- 12, særleg 11, 32-39. Ikkje akkurat kvardagslege saker!

Halvard:

Ein ung mann som kjem ei ung kvinne til unnsetning. Positivt: men noko av moralen ligg i at han redda kvinna og barnet ho bar under bringa. Det kan vere sjenerande for det norske abort-samfunnet. Eg tvilar på at det ufødde barnet ville blitt fokusert dersom St Halvard skulle profilerast i eit kommunalt kulturarrangement i regi av Oslo by. Halvard er jo Oslos vernehelgen.

Torfinn:

Katolsk Hamar-biskop (d 1285). Fortrengd av kongen i utlegd for sit forsvar av kyrkja sine rettar (Settargjerda, Tunsberg). Det ligg mykje kontrovers i ein slik figur, vil eg tru. Ville han likt den ekstreme folkekyrkje-idéen som i dag pregar Hamar-området?

Olav:

Stadig er det utfordrande at ein vikingkonge blir helgenkåra. Ein godtek ikkje at så store omveltingar kan skje i eit menneskeliv. Ein held fast ved tanken på at ein helgen er eit borgarleg dygdsmønster, eit ukomplisert og straight menneske. Medan det i røynda handlar om at menneske, nesten trass seg sjølve, blir Guds reidskapar. Eg nemner i fleng:
-Moses, som drap en egyptar
-David, som både var ein valdeleg krigar og som begjekk både drap og hor; sette Urias på «Urias-posten» og tilrana seg den vakre Batseba, som fekk høyre av profeten Natan: -Du er mannen!
-Eller skjøkja Rahab, eller:
-Peter, som banna på at han ikkje kjende Jesus
-Paulus som dreiv aktiv forfylgjing av dei kristne og sa seg medskuldig i drapet på Stefanos…

Olav er også utfordrande fordi han minner om den kristne identiteten i ”det norske”.

Olav og Stiklestad hadde eit oppsving i trettiåra, men det var det nasjonale som var ”greia”, meir enn det katolske helgenidealet. Etter krigen var det inga stor interesse for Olavs-arven.
No er det stor oppslutning om Olavsfest-dagane i Trondheim, men teologisk er det temmeleg vagt og allmen-kulturelt. I det minste: ambivalent, tvetydig.

Eg trur at det som til no har vore norsk mentalitet, hyser ei djup framandkjensle/framandgjering i høve til ”helgen”-tanken.

Det nye religiøse nærveret i det offentlege romet, ikkje minst pga av islam, vil endre dette. Det vil skape polarisering. Helgnane vil kome tilbake – ikkje som rikssymbol, men som viktige identitetsmarkørar for truande menneske.

Norske helgnar? For meg er det viktigaste at dei er helgnar – og dermed dreg ”det norske” inn i ein meir universell samanheng. Difor seier eg:

For alle helgner som til døden tro
stod fast i kampen og har nådd sin ro,
vær evig lovet, Krist, ditt navn og blod!
Halleluja! Halleluja!


11 Svar to “discursus: Norske helgnar – framand for norsk mentalitet?”


  1. 1 Herman
    mars 5, 2009 ved 5:00 am

    Hurra! En dag kommer alle helgnene ut av himmelen og ned på jorden. Men den dagen sitter Gud på sin trone og dømmer verden og alle mennesker, slik at Han kan åpne for sitt rikes komme. Og det er nok en stund til det enda…!

    Tror du Gud vil vise seg i Grorud-dalen? Det er jo et interessant spørsmål, og situasjonen kjærkommen for Norge! Og verden. Gud kan alt. Men kan vi se Ham? Nei, han holder seg skult, bare i Kirken får vi være med på underet der Hans Sønn kommer til syne i Eukaristien. Mens Han selv er skjult i løyndom, som du ville sagt det.

    At helgner også kan være «syndere» -eller- ja rent ut sagt syndere mens de lever her på jorden, er egentlig et under. I hvertfall hvis man f.eks. sammenligner kong David, drapsmannen, med en klostermunk som kanskje bare har drukket litt for mye øl en gang eller to i sitt liv. Men det bidrar jo til å binde menneskene sammen med helgnene, vi er alle syndere på jorden, som vi sier i den katolske messen, og ber om forlatelse for vår synd. (NB! Don’t try this at home! Synd mot budene leder aldri til Gud. Det er Gud som tvert i mot bestemmer seg for å gripe inn i menneskets liv! Bønn o.l. er nok tryggere jfr. Jesus og den siste pakt).

    Hilsen Herman

  2. 2 Blix
    mars 5, 2009 ved 3:00 pm

    Har kanskje våre lavkirkelige venner overtatt den katolske helgenforståelsen, uten at de selv vil innrømme det ? Ludvig Karlsen var muligens en moderne helgen. Han har jo skrevet bøker om sitt liv som voldsmann, fengselsfugl etc, før han blev omvendt. Dette minner meg litt om de gamle helgenhistoriene.

    Jeg foreslo for pater Olav Muller for noen tid siden at vi trengte helgener i fra Grorud-dalen. Vi er altså flere som har tenkt den samme tanken. Men, kanskje ville en moderne helgen i fra Frogner allikevel vært å foretrekke ? Sekulariteten, livsforakten og begjæret for velstand når for tiden uante dimensjoner i Oslo 2 og 3 !!

  3. 3 Herman
    mars 5, 2009 ved 4:10 pm

    Jeg melder min interesse… Men. Hva er egentlig en helgen? Det er det kanskje bare Gud som vet, eller klargjør i tidenes fylde, og Paven som stadfester. I den rekkefølgen. Og det kan jo ta tid, mange hundre år.

    Men for Gud er en dag som tusen år og tusen år som en dag. Det vet vi jo. Det står i Bibelen. Og det er jo det som reflekteres i Kirken. Noen som kan underslå det? Det er jo derfor Kirken ikke alltid tekkes det fornuftige menneske, nettopp fordi den reflekterer Guds virken -etter beste evne i hvert fall.

    Av det jeg har kunnet lese meg til, er det ikke sikkert at en person som omvendes til Gud fra et syndig liv nødvendigvis behøver å være mer hellig enn alle andre som er kalt til hellighet i Kirken. Det er jo det som skjer der, at vi ikles Kristus gjennom Eukaristien. Og det gjelder alle. Alle mennesker (tror jeg) får en eller annen gang et valg i forhold til Gud mens de er her på jorden, og så er det jo opp til Kirken (og/eller de omkringliggende myndigheter og omstendigheter) i hvor sterk grad man klarer å følge opp dette menneskets ståsted og åndelige behov før og etter at man får dette avgjørende valget.

    Hele tiden må vi velge her på jorden. Mellom godt og ondt. Synd og ren samvittighet. Hele tiden må vi velge mellom Gud, og —noe annet. Gud vil hele tiden prøve oss, prøve vår tro, prøve vår trofasthet, alt etter hva vi er og er skapt til, hva slags oppgaver vi har, og hva vi har forutsetninger for.

    Men tilbake til utgangspunktet: hva en hellig -i betydningen utvalgt og utpekt og et redskap for Gud- mann eller kvinne egentlig er, se det er et åpent mysterium. For oss.

    Inntil videre.

    Hilsen Herman

  4. 4 Herman
    mars 5, 2009 ved 8:50 pm

    Takk for dette foredraget frater Arnfinn!

    Vi trenger disse katolske smykkene som helgnene er. Og de trenger oss.

    Hilsen Herman

  5. 5 Wenche
    mars 6, 2009 ved 11:44 pm

    Eg har lese Snåsamannen, Sletten Kolloen si bok. Forvitneleg. Absolutt «under og teikn» der!
    Bror Arnfinn, kan du kommentera mannen og undera?

  6. 6 Wenche
    mars 7, 2009 ved 10:39 am

    Eg gløymde dette berre: Notify me of follow-up comments via email.

  7. mars 7, 2009 ved 10:08 pm

    Wenche:

    Eg har ikkje lese boka; har litt lite ork på Kolloen-bøker og bøkene elles står i kø; vita brevis, ars longa. Men eg skal prøve å kome tilbake til fenomenet Snåsamannen…

  8. 8 Wenche
    mars 8, 2009 ved 10:15 pm

    Fint.
    Alle bispekandidatane, Dnk i Stavanger, er positive til Snåsamannen,(sjølvsagt), og det går att i avissvara deira at me må takka for slike Guds gåver som varme hender er.

    Snåsamannen er i tillegg klårsynt.
    Når han ser blått ljos, er det eit godt teikn. Eg kom til å tenkja på eit blått ljos i ei kyrkje her på Vestlandet ein gong. Der er sikkert ei teknisk forklaring, men rare greier likevel.

    Kolloen er i og for seg uinteressant her, men han kan handverket, så boka er ok å lesa.

    Hastar ikkje med svar.

  9. 9 Herman
    mars 10, 2009 ved 8:54 pm

    Spørsmål: Hvorfor skal Kirken ta stilling til Snåsamannen?

    Hilsen Herman

  10. mars 11, 2009 ved 11:05 am

    Skal poste ein kommentar til «Snåsamannen» på framsida med det fyrste..

  11. oktober 29, 2018 ved 4:05 pm

    Link exchange is nothing else except it is simply placing the other person’s blog link on your page at suitable place aand other person will also do similar in support of you.


Kommenter innlegget


kategoriar