Archive for the 'officium' Category

04
Jun
12

officium: den hl peter av verona o.p., frå pater Campanas skrift om martyren (matutin)

«Etter å ha avslutta [det han fortalde], gav han seg til å syngja, stikk i strid med det han hadde for vane. Han stemte i påskesekvensen Victime pascali laudes , fordi dei endå var i påskeoktaven (vika etter påskedag). Bror Dominikus, ein av dei som gjekk saman med han […], stemte straks i songen saman med helgenen,og begge song saman den vakre lovsongen til ære for det mest dyrverdige av alle offer».

BrPeter og hans kompanjongar var på veg frå sitt kloster i Como til Milano. Br Peter var kjend og mislika som ein hard motstandar av samtidig vranglære, ofte retningar som likna på det katarane stod for (ordet kjettar kjem nettopp av katar, «dei reine»). Retningar som fornekta materien, det kroppslege og den synlege skapningen som god og skapte av Gud. Så den nidkjære preikebroren hadde fiendar – som overfall han og drap han på vegen.

Typisk for forteljinga er at dominikanarbrørne syng medan dei er på vandring; nettopp merknaden om at brPeter ikkje gjorde det, vanlegvis, tydlegjer normalen endå meir. Hymner og songar frå liturgien (messa og tidebønene) kunne ein utanatt. På vegen, oftast to og, men stundom fleire, blei det som et vandrande kloster; stundom stille, stundom syngjande, stundom isamtale. Slik det dominikanske idealet er uttrykt etter den hl Dominikus, vår fars føredøme: Vi bør tale anten «til Gud eller om Gud». Det er noko å leve opp til.

01
Jun
12

officium: justin martyr (+165), frå forteljinga om dei heilage martyrane Justin et co, som vitna om Kristus i Roma (matutin)

Forteljinnga er bygd på ein samtidig avhøyrsprotokoll, rekna som særs påliteleg…

«Prefekten Rusticus sa: «Og kva går så denne trua ut på? Justin svara: «Det er å leva i ærefrykt for dei kristnes Gud, han som vi meiner er den éine Skaparen og tilverkaren av heile skaparverket, både det synlege og det synlege, heilt frå opphavet av. Og dernest å leva i ærefrykt for Herren Jesus Kristus, Guds Son, han som profetane hadde varsla vile koma til menneskja og forkynna frelsa og gje dei ei god lære».

Justin og dei som stod for retten saman med han, vedkjende, tydeleg og klårt, den kristne trua. Å tru er ikkje berre ei vag kjensle eller å halde visse formuleringar for sanne. Det er å leve i ærefrykt. Trusvedkjenning og tilbeding er eitt. Å framseie trusvedkjenninga, credo, må vere ei akt av djup vyrdnad. Vi vedstår oss den inste og høgste lojaliteten i vårt liv. Som eg har sagt før: Det vi ikkje kan svike utan å svike oss sjølve.

Å framseie trusvedkjenninga er ikkje å lese opp eit dogme, men å setje sitt liv på spel. Kven veit når det ikkje berre er noko som er føreskrive i liturgien, men noko som blir kravd av deg, offentleg, av dine motstandarar? Det er då det spørst.

31
Mai
12

officium: marias gjesting hjå elisabeth (luk 1,39-56) frå ein homilie av den hl Beda den ærverdige (673-735)(matutin)

Datoen for denne festen er flytt frå den 2. juli. I gamal tid blei han kalla «Marias fjellgang»; fordi ho gjekk opp i fjellbygdene der Elisabath og Sakarja budde. I norsk mellomalder fekk dette ein særskild klang i samband med stemna på Filefjell, ved St Thomas-kyrkja, nettopp på denne dagen…

«Det er rett [å syngja Marias lovsong] til vesper, slik at sinnet vårt, trøytt etter dagen og fortumla av mange slags plager, samlar si merksemd når det er på tide å gå til ro, og skjønar at det må kasta frå seg alt det uvesentlege eller skadelege det har teke opp i seg i løpet av dagen, og straks reinsar seg for alt dette ved bøn og tårer».

I den offisielle bøna til kyrkja, tidebønene, syng ein nettopp Marias lovsong (Magnificat) under vesperen (aftansongen), frå Lukas 1, 46-51. Vesper-bøna tek opp den store tonen av takk for alt Gud har gjort – i verda, i kyrkja, i livet mitt. Maria, Guds mor og mor til kyrkja, syng denne lovsoongen på vegner av oss alle, og vi får ta del i han. I Magnificat lyfter vi blikket og ser dei store linene, meininga; ser Guds hand i alt. Det vanskelege, det komplekse, det nærsynte og motviljuge fell på plass i Guds plan.

I Guds nåde.

30
Mai
12

officium: onsdag, 8. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins «Vedkjenningar» (matutin)

«Gje det du krev, og krev så kva du vil!»

Augustin streva med å overgje sine lidenskapar, kanskje fordi han hadde teke dei så sterkt ut i illegitimt samliv. Alt set spor. Han ville no leve åleine – og difor avhaldande. Det er noko med den kroppslege lidenskapen som spreier oss og sprengjer oss, meiner Augustin. «Ved å vere avhaldande bli vi samla og førde tilbake til den einskapen vi forlet då vi blei oppløyste i mangfald», legg han til. Sterke krefter må styrast, ikkje berre med tvang, men utfrå ein indre fridom. Å elske Gud og nesten krev fokus – og gjev fokus. Sentrifuga som slyngjer oss ut når vi lar våre apetittar drive oss, må staggast så vi ikkje går i oppløysing, både kroppsleg og sjeleleg.

Å makte dette, fordrar eit overskot som berre Gud kan gje oss. Vi må fyrst ta i mot, så kan vi gje. Alt.

29
Mai
12

officium: tysdag, 8. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins «Vedkjenningar» (matutin)

«I mi vedkjenning vil eg gjera som sanninga byd i hjarta mitt for di åsyn, i mitt skrift vile eg gje det til beste for mange vitne».

Trongen etter å kome til rette med seg sjølv, å finne fram til det som er eg, til det personlege og individuelle – den hl Augustin er ein pioner i dette som er så viktig for det moderne mennesket. Augustins vedkjenningar er, kan vi seie, ei tidleg utgåve av Knausgårds «Min kamp».

Kvart menneseke er unikt, eigenarta, uendeleg ansvarleg. Dette er ein innsikt som ikkje minst har vakse fram i kultur og sisvilisasjon gjennom den kristne trua. Ei frukt av Evangeliet. Inst inne har dette sitt opphav i synet på mennesket som skapt i Guds bilete, ikkje berre som «art», men som individ.

Vi er ikkje berre biomasse. Vi er eit univers, ei verd, eit mysterium. Kvar og ein. Gjennom vedkjenninga utforskar vi oss sjølve.

25
Mai
12

officium: fredag, 7. vike i påsketida, utdrag av eit brev frå pave gregor 7. (+1058) (matutin)

«I kraft av Guds tilskikkingar som gjorde at Kyrkja, vår mor, sette meg høgst uverdige…på den apostoliske trona, har eg av alle krefter anstrengt meg for at den heilage Kyrkja, Guds brud, vår frue og mor, skulle få tilbake den venleiken som tilkjem henne, og forbli fri, reinlevande og katolsk».

Pave Gregor 7. var forgrunnsfiguren for den breie og djupe rørsla som blei kalla Gregorianismen eller Libertas Ecclesiæ (fridom for kyrkja). Det var ei sterk fornyingsrørsle – og både gjenopptakinga av dompkapitla med klerkar som levde i ein klosterfellesskap ved katedralen (kannikar), Bernhard av Clairvauxs fornying av det benediktinske klosterlivet (cisterciensarane), framveksten av tiggar- og forkynnarordnar som dominikanarordenen (preikebror-ordenen), oppstramming av sølibat, studiar og standarden elles for presteskapet har si rot i denne rørsla. Ikkje minst viktig: kyrkja skulle vere rettesleg og økonomisk fri i høve til den verdslege makta, både i høve til konge-, keisar og adel og til det lokale ættesamfunnet. Også pavemakta vart styrkt, nettopp for å hindre at kyrkja fall frå kvarandre i nasjonalkyrkjer og særinteresser.

Anten kyrkja har ein offisiell status som samfunnsmakt, som ho hadde i mellomalderen, eller ho er ein minoritet og ein motkultur, skal ho vere fri og ikkje basere seg på kjøpslåing og kompromiss. Sanfunnsrammene og kultursituasjonen kan endre seg, men kallet og visjonen er den same: Kyrkja skal vere fri og leve i truskap mot sin Herre.

21
Mai
12

officium: måndag, 7. vike i påsketida, frå den hl kyrillos av Jerusalems kateketiske føredrag (matutin)

«Sjølv om Anden har éin skapnad, verkar han, på Guds bod og i Kristi namn, eit mangfald av dygder».

Anden skaper og verkar noko i det truande mennesket. Ikkje berre trua, men i heile livet vårt. Trua er ikkje ein abstrakt tilstand, men levd liv. Det kristne livskallet stiller høge forventingar til mennesket, og vi har lett for å tenkje at det er så umogeleg at vi ikkje ein gong skal prøve. Men Anden og nåden er ei verkeleg kraft, Guds kraft, som gjer noko med oss; i vår forstand, vår vilje og i heile vår personlegdom. I Anden kan vi leve disippelskapets liv. Det ber frukt i alle dygder, og blir krona av dei sk teologale dygdene: Tru, von og kjærleik (1 Kor 13).

Det kristne livet er ikkje eit «prinsipp», men ei røynsle og ein realitet.

19
Mai
12

officium: laurdag, 6. vike i påsketida, frå den hl Augustins kommentar til johannesevangeliet (matutin)

«Kyrkja kjenner til to liv etter det som er henne openberra og tiltrudd av Gud. Det eine er å leva i tru, det andre i åskoding[…]Det fyrste livet blir symbolisert ved apostelen Peter, det andre ved Johannes».

Peter, leiaren for apostlane og for heile kyrkja, har fått seg tiltrudd utøvinga av nyklemakta og dermed ansvaret for å styre kyrkja i hennar misjon og teneste – saman med dei andre biskopane og i einskap med alle truande. Det krev stadig innsats og merksemd.

Johannes, teologen, er han som ser djupt inn i Kristi verk og Den treeinige Guds mysterium. Han er den som legg seg inntil Herrens barm og kviler der. Her er det kjærleiken og einskapen som er i fokus. Det kristne livet og kyrkja treng begge deler. Utan kontemplasjonen blir apostolatet, forkynninga og det kristne livet berre strev og press. Utan viljen til å seie: -Herre, sjå her er eg, send meg!, blir vi sjølvopptekne og stagnerte.

Verda ventar på oss, men vi må ha noko å gå med.

29
Apr
12

nota bene: Nasjonalisme som tru (eller: Breiviks religion)

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, laurdag 28/4-12…


Anders Behring Breivik hevdar at han er ein militant kristen. Han har meir sympati med den katolske kyrkja enn med protestantismen, sjølv om han er medlem av statskyrkja. Men han er ikkje ”særleg religiøs”, seier han òg.

Dette er nokre av elementa i hans credo, hans truvedkjenning – som eigentleg ikkje er vedkjenning av tru, men av eit kulturelt og ideologisk program. Det er den kristne kulturen han kjempar for og nettopp difor må han nedkjempe islam, med alle midlar. For Breivik er verkeleg militant. Han siktar ikkje til ein åndeleg, men til ein verkeleg valdeleg kamp. Han er ikkje berre militant, han er ein militær; om ikkje kommandør, så i alle fall soldat.

Breivik lever mentalt i ei symbolverd, og det er ikkje underleg at han finn meir symbolsk kraft i det katolske enn i det protestantiske. Visjonen som driv han, er den eintydige og kraftfulle einskapskulturen. Islam er for Breivik ein vond religion og nettopp ein trussel mot vestleg, europeisk og kristen integritet og einskap. I dette inngår til ein viss grad også noko av den liberale og moderne kulturarven, synest han å meine. Vi har det bra som vi har det, ialle fall som vi har hatt det, ingen må ta det frå oss og vi må slåss for det før det er for seint.

Noko av det skumle med den kulturelle ”bomba” Breivik har miksa seg, er bruken av kristendom som ein reint kulturell storleik og nostalgien etter det totalt einskaplege samfunnet. Den tilbakeskodande einskapsdraumen er ei freisting både for religiøse og sekulære. Ynskjet om at eitt sett av verdiar skal dominere i eit samfunn, tek ikkje høgde for realitetane: At vi må leve saman i dette landet, med ulike overtydingar og lojalitetar. Viljen til forhandling og pragmatisk sameksistens er det einaste farbare vegen. Teokratisk orienterte religionar må jenke seg, men det må også dei som trur at løysinga er å undertrykkje religiøs tru og praksis, så å seie éin gong for alle.
Sekularistisk einskapsnostalgi er ikkje betre enn den religiøse. Våte draumar om at dei andre skal kunne fjernast, er nettopp problemet og rota til aggresjon og terror.

Kjernen i den monokulturelle fantasien – eller skal vi seie den glødande massen i vulkanens indre – er nasjonalismen. Til sjuande og sist er det dette som er Breiviks religion, også etter hans eiga utsegn. ”Eg er ultranasjonalist”, seier han, det er hans eigentlege credo. Tradisjonell, historisk kristendom er fyrst og fremst interessant og nyttig som element i eit nasjonalistisk, kulturelt amalgam. Det har vi sett, og ser stadig, mange døme på også innan den kristne kultursfæren. Det finst ein variant katolsk tradisjonalisme som apellerer til nasjonale stordomstider. Vi finn det til dømesi Frankrike; sjølv om dei mest ekstreme tilhengjarane har separert seg frå den katolske kyrkja og er blitt ei sekt for seg.

Også tidlegare har ein nettopp i Frankrike hatt rørsler som ville tilbake til det gamle, gode, sterke og katolske Frankrike. Action Francaise og forgrunnsfiguren, Charles Maurass (1868-1952), viste seg etterkvart å ikkje vere meir katolske enn det som var identisk med det franske. Maurass erklærte ope at han ikkje var truande, men hadde bruk for katolisismen som symbol og markør av det nasjonalt franske. Ikkje kyrkja, men Frankrike var det viktige. Trua som ideologi.

I land der katolismen endå har ein dominerande posisjon, som i Polen, vil ein måtte vere på vakt mot eit liknande nasjonailstisk katolsk svermeri. Ikkje mindre er dette ein fåre i nasjonar der den ortodokse kyrkja har stått sterk. Kanskje fordi sjølve kyrkjestrukturen der har vore sterkt knytt til nasjonale- og ikkje til internasjonale ordningar. Kyrkja, nasjonen og staten blir nærast identiske. Noko som strir mot kyrkja sin universelle og overnasjonale karakter.

Den protestantiske og meir sekulariserte varianten er ikkje så lett å leggje merkje til, men ikkje mindre fårleg. Kristendom og kyrkje blir argumenterte med som brukbare for det nasjonale, politiske prosjektet – og meir og mindre diskret tilpassa dette. Mange tyr til argument om kor viktig kristendomen er for den nasjonale eigenarten, ikkje fordi dei er ”særleg religiøse”, men fordi det fungerer som skjold mot andre kulturar og religionar. Då kan ein lett hamne på den breie vegen til Breiviks tankeunivers.

Tilfellet Breivik burde syne oss at det er nasjonalismen, i si mjuke så vel som i si råe form, som er den religionen vi i dag mest av alt bør akte oss for.

07
Apr
12

nota bene: Gud, Ola og Kari

Fyrst publisert som kronikk/spalte i Sunnmørsposten, i dag, påskeaftan…

Halvparten av det norske folket trur at døden er siste stoppestad og at det ikkje er noko liv etterpå, i fylgje ein fersk spørjerunde. No surprise, spør du meg. Ola og Kari har alt i lang tid halde på med å kutte banda til tradisjonell kristen tru. Ein må nesten vere kyrkjeleg tilsett for ikkje å våge å innsjå det. Leiande biskop i Den norske kyrkja, Helga Byfuglien, vinkar det bort (Vårt Land, 3. april) med å seie at oppslutinga om kyrkjeleg gravferd syner noko anna. Religionssosiologiske undersøkjingar har nok feilmarginar, men tendensen er tydeleg og har vore det lenge: Kristen livstolking blir stadig fjernare for folk flest, vel å merke i Noreg og liknande land. Gravferd eller bisettjing i kyrkjeleg regi seier i dag ikkje så mykje om kva trusinnhald folk fyller det med. Så mykje meir som at dei nye rituala er blitt nokså tynne og fleksible og kan komponerast med songar og tekster som seier lite om dei åndelege og evige spørsmåla.

Nokon vil kanskje replisere at – sett frå den andre sida – er det stadig ein halvpart av folket som trur på eit liv etter døden. Dei har eit poeng – for etter bortfallet av direkte kristendomsundervising i skulen og nedtoning av kristen tru og etikk i lovverket saman med mykje pågåande kristendomskritikk i media og det offentlege samfunnet, skulle ein tru at kristendomen var endå meir svekka. Den kristne rota er ikkje lett å rykkje opp, éin gong for alle. Likevel er det strutsepolitikk å ikkje ville sjå kva grunnretninga er: Fleirtalet løyser gradvis banda til kyrkja og trua. At mange er med på ulike kyrkjelege og kristne aktivitetar og brukar nokre av dei kyrkjelege sermoniane, endrar ikkje dette. Kyrkja står i lengda ikkje sterkare enn oppslutninga om den regulære gudstenesta med Ord og Sakrament, med den fyldige forkynninga og fullstendige trusoverleveringa. Trusvedkjenninga og den kristne etikken, uttrykt i dei ti boda og i undervisinga til Jesus og apostlane – dersom ein ikkje vågar å bruke desse målestokkane, kjem ein ikkje til rette med kor sterkt eller svakt den kristne trua eigentleg står.

Refleksrekasjonen når desse sakene skal diskuterast, er at når folk forlet trua og kyrkja, er det fordi kyrkja ikkje er flink nok. Hadde berre biskopane, prestane og dei truande kristne vore meir medgjerlege, greie og glade, så ville folket strøyme til kyrkjene og bli ivrige trusvedkjennarar. Majoriteten blir frå begge sider framstelt som meir eller mindre frustrerte og søkjande menneske som dessverre ikkje finn fram eller tek avstand fordi det er så mange dumme kristne. Det ville vere bra om ein omsider frigjorde seg frå denne tankemodellen. På mange måtar liknar det ein slags uavvikla pupertet der ein stadig må frigjere seg frå foreldra, les: kyrkja og kristendomen. Alt har si tid, men no burde ein trygt kunne setje strek for denne evige fjortis-epoken. Folk må ta ansvar også for si tru og sitt tilhøve til Gud. Vil ein erklære seg som ikkje-truande, er det greitt og det må respekterast av alle – også av kyrkja. Men ein kan ikkje få både i pose og sekk; både fristille seg frå trua og kyrkja – og ha dei i bakhanda når det måtte høve. Det er ikkje noko livssyn for vaksne folk. Vil du vere heidning, så sei det og stå for det. Vil du nærme deg trua, så gjer noko med det. Det du kan forvente av kyrkja, er at ho tek seg sjølv og andre på alvor. Og at ho kan svare sakleg på ærlege spørsmål.

Så lat oss konstatere at det norske samfunnet på mange måtar ynskjer å distansere seg frå kristen tru. Mange meiner at der er ingen Gud, ingen himmel, ikkje noko helvete, ingen Jesus som er Guds Son og vår Frelsar, inga oppstode frå dei døde. Og dermed heller ingen grunn til å feire kristen påske. Men det er helst i storbyane det er slik, seier nokon. Ja, det er tydlegast der; men for det fyrste bur etterkvart dei fleste der, og det er som regel der vi kan avlese trendane i tida. Nordvestlandet kjem nok etter.

Som sagt: Det er ikkje lett å rykkje kristendomen opp med rot. Det er som med løvetanna; rett som det er og ofte uventa stikk ho hovudet opp gjennom asfalten og veks villeg, der menneske veit kva dei vil og kva dei vil stå for. Eg er ikkje redd for trua si framtid. Sjølv om ferre trur, vil dei som gjer det, vere meir medvitne og tydelege, og i andre verdsdelar er det vanlegare å tru enn å ikkje tru. Gjennomført ateisme, personleg og kulturelt, krev godt vedlikehald. Det er heller ikkje lett å fortrengje Guds røyst i mennesket. Ho går gjennom jarnteppe og berlinmurar og kviskrar til oss i nattemørkret.

På kalendaren står det Påske. Men kva så?

04
Apr
12

officium: onsdag, den stille vika, frå kommentaren til Johannesevangeliet, av den hl Augustin, biskop av hippo (matutin)

«Vi minnest ikkje [martyrane] ved Herrens bord på same måte som vi minnest dei andre som kviler i fred, det vil seia ved å be for dei, men snarare slik at dei bed for oss, om at vi må fylgja i deira fotspor».

Her ser vi kor sjølsagt St Augustin rekna med, som ein allment kjend, kristen praksis, at vi bed for dei døde og at vi bed dei heilage hos Gud om å gå i forbøn for oss, og at dette har sitt brennpunkt nettopp i den hl messa, i evkaristien, der tid og æve møtest.

Det heilage samfunnet sprengjer grensa mellom liv og død, mellom himmel og jord.

04
Apr
12

tysdag, den stille vika, frå den hl basilios» bok om Den hl Ande (matutin)

«Vår Guds og Frelsars plan for frelsa for menneska er å føra det attende til seg etter syndefallet. å lyfta det opp frå den tilstanden av framandgjering det var kome i på grunn av sin ulydnad, så det kan stå i eit venskapelg tilhøve til Gud».

 

Vi kan godt seie at her har vi i fortetta form heile den oldkyrkjelege, bibelske og katolske framstellinga av synda og frelsa. Mennesket er blitt framandgjort, for seg sjølv, for andtre, for skaparverket og for sin Skapar.  Noko også moderne tenkjarar, som Marx, har sett ord på. Men ikkje berre politisk og materielt; framandgjeringa går til djupet av vårt vesen og får kroppslege, sjelelelege, moralske, økologiske og politiske fylgjer.

Berre når mennesket kjem tilbake til Gud, som hans ven, vil samspelet bli fulltonande. Synda fjernar oss frå Gud og frå kvarandre, ja, frå alle våre medskapningar. Frelsa er meir enn ei reint ytre redning frå undergang; det er ei gjenoppretting av den fortrulege tilliten og venskapen i sjølve tilveret.  Er det noko vi lengtar etter meir enn det?

 

 

31
Mar
12

officium: laurdag, 5. vike i faste, frå ein påskehomilie av den hl Gregor av Nazianz (matutin)

«Søte er naglane, om dei enn er svært skarpe»

St Gregor bed oss om å feire påska ved i trua å vere tilstades i hendingane, som ein av personane i dramaet:  «Er du Nikodemus, denne nattlege gudryktige, salv han [Jesus]og legg han i grava. Og er du Maria, den andre Maria, Salome eller Johanna, gråt i morgongryet. Ver den fyrste til å sjå at steinen er teken bort, møt engelen og Jesus sjølv».

Kan det seiast vakrare og sannare? Aller mest: «Lat oss tola alt for Ordet skuld, lat oss etterlikna hans lidingar med våre lidingar..lat oss skunda oss opp på krossen. Søte er naglane….»

Det kan ta lang tid og mykje nåde å kome dit at vi kan seie dette. Men eg trur vi anar det.

30
Mar
12

officium: fredag, 5. vike i faste, frå den hl Fulgentius av Ruspes brev til Peter, om trua (matutin)

«Offera i den gamle pakta var teikn og varsel om det vi skulle måtte gje; i den nye pakts offer blir det som alt er oss gjeve, framstelt».

I oldkyrkja var det vanleg å kalle liturgien, messa, eit offer. Fordi messa og liturgien er eit lovprisingsoffer, ei takkseiing, ein evkaristi – som gjenkallar, manifesterer og aktualiserer Jesu Kristi kross-offer.  Dei gamaltestamentlege ofringane peika fram mot Golgata; messa peikar tilbake til Golgata og gjev oss del i det som hende der.

I messa feirar vi sjølve senteret i historia: Kristi kross. Difor er messa også senteret i kyrkja sitt liv.

29
Mar
12

officium, torsdag, 5. vike i faste, frå Det andre Vatikan-konsils dogmatiske konstitusjon «lumen Gentium» (ljoset for folkelslaga) om kyrkja (matutin)

P g a  arbeidsmengde og mange oppdrag har det vore ein «officium»-pause nokre dagar. Men framhald no…

«Dette messianske folk [kyrkja] er difor, sjølv om det faktisk ikkje omfattar alle menneske, og ikkje sjeldan syner seg som den vesle flokken, likevel den tryggaste kimen til einskap, von og frelse for heile menneskja».

Kyrkja er ikkje fyrst og fremst ein mektig institusjon, men eit folk med frelsehistorisk kontinuitet frå den gamle pakts gudsfolk fram til Messias» endelege kome.  Ho vinn ikkje fram gjennom ytre dominans, men gjennom å vere eit teikn. Kyrkja verkar ut over sine eigne, synlege grenser. Ofte blir ho motsagd og kritisert – det kan òg vere ein del av den reinsinga Gud let henne gjennomgå.  Men men mange veit, utan å våge å seie det, at ho representerer og forvaltar det verda og menneska lengtar etter og vonar på.

Fordi henner djupaste løyndom og identitet er han som er lumen gentium (ljoset for folkeslaga): Jesus Messias.


29
Mar
12

Homiletica: Bodskapen til MARIA/ MARIMESSE, LUK 1, 26-38

Marimesse blei feira (i katolske kyrkjer) den 26. mars – fordi sjølve dagen, den 25., i år fall på ein sundag – og sundagen, Herrens dag, går alltid fyrst…

Kjære kristne!

Bodskapen til Maria, om at Herren skal fødast, handlar om Guds veg til verda og til menneska.

For det fyrste handlar det om at Gud, i den andre personen i guddomen, Sonen eller Ordet, tar opp i seg den menneskelege naturen, gjennom Marias liv. Det er Maria som gjev Sonen del i vår natur. Ho opnar seg, ho stiller seg til disposisjon. Ho seier: Jeg er Herrens tjenerinne. Det skje meg som du har sagt.

Når Herren tek på seg vår natur, eller tek den opp i seg, inneber ikkje det at han blir ein syndar. Menneskenaturen i seg sjølv er skapt av Gud, og skapt god. Jesus, Guds Son, blei lik oss i alt, men utan synd. Ja, han skulle nettopp vise oss kve det sant menneskelege er; ja endå meir: Han skulle fornye og nyskape mennesket ved sin person, ved sitt frelsesverk, si død og si oppstode. Han skulle lyfte oss opp til Gud, guddomleggjere oss.  Synda tok han på seg – og bar henne opp på treet og overvann synda, døden og djevelens makt. ”Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg og våre pinsler bar han”, seier profeten Jesaja om Messias (Jes 53).

For det andre handlar bodskapen til Maria om at menneskebarnet som ho bar under sitt morsliv, som ho fødde og oppdrog, verkeleg var Guds Son, av Guds vesen, eitt med Faderen. Det handlar ikkje om eit menneske som blir Gud, men om Gud som blir menneske. Som vi høyrde: Den Hellige Ånd skal komme over deg, og kraft fra Den Allerhøyeste skal senke seg ned over deg. Derfor skal også det hellige barn du føder, kalles Guds Sønn.

Brør og systre! Det vi feirar i dag, har difor med vår frelse å gjere. Berre om Jesus var eit verkeleg menneske, med navlestreng til mor si, så å seie, som oss alle, kunne han frelse oss. Berre det han har påteke seg, kan han frelse, seier den hl Ireneus. Berre som eit menneske, kunne han gå i vår stad og bere våre sydner: Et legeme formet du for meg…Da sa jeg: Her er jeg, for å gjøre din vilje  (2. lesn. )– og Guds vilje var nettopp at han skulle overgje seg for oss.

Alt dette skjer som eit under, eit jarteikn. Ei ungmøy som blir med barn. Ja, for slik handlar han som alltid er ”undrenes Gud”, den underfulle. Han utfordrar til tru gjennom sine teikn, som profeten let Gud seie til den vantru kong Akas: Derfor skal Herren selv gi dere et tegn: Se, en jomfru skal bli med barn, hun skal føde en sønn og gi ham navnet Emmnuel (Gud med oss) (1. lesn).

Å tru er å vere open for Guds teikn, å våge å tru på Den underfulle.

Han handla i  sin frelseplan. Han handla i Marias liv.  Han handlar i vårt liv.

Vågar vi å tru det?  Engelen ventar spent også på vårt svar…

21
Mar
12

Carpe diem: på boknafjorden..

… på veg frå Stavanger til Bømlo, med Kystbussen. No sig den store ferja ut frå hamna nørdst på Rennesøy og kursar nordvestover til hi sida. Eg går av bussen på Føyno, mellom Bømlo og Stord, og blir henta der. Skal halde føredrag på eit semniar om teologi og næringsliv.

I går va det Stavanger. Kom med fly i otta og brukte føremiddagen til avtalar, m a ei skulevitjing på Steinerskulen, der ein god ven av meg, Jørg Jørgensen, er lærar. Gløgge elevar!  Så va det rask runde innom NRK Rogaland, saman med dei som gjorde at eg va Stavanger: Alex Rosén og «Hank von Helvete». Studentvika, «Ugå», inviterte til open samtale om trusspørsmål på «Folken» (Folkets Hus, lokala for studentsamfunnet i Stvgr). Samtalen, leia av studentpresten, Stefan Emmerhof, varde i nesten to timar, med høgt trykk, og blei veldig positiv.

Og i dag, altså, til Bømlo. Retur via Stavanger til Oslo i kveld. Om Gud vil.

17
Mar
12

officium: laurdag, 3. vike i faste, frå ei preike av den hl Gregor av Nazianz om kjærleiken til dei fattige (matutin)

«Å gjere vel skal vere fest, ikkje sorg».

Den gåva du gjev til den fattige, skal ikkje vere tvungen, nedlatande og sur, meiner den hl Gregor. Som om  du er den sterke som skal etterprøve og godta den fattige. Å tale om  «verdige trengende» er småborgarleg prosedyre.

I den fattige kjem Den fattige til oss og ser om du har Faderens storsinn. Også du har motteke alt av hans hand. Meir enn du fattar.

17
Mar
12

officium: fredag, 3. vike i faste, frå pave Gregor den stores bok «Moralia over Jobs bok» (matutin)

«Jesu blod talar sterkare enn Abels, for Abels blod bad om brodermordarens død, medan Herrens blod skaffar liv til forfylgjaren».

St Gregor tek opp det gamle motivet frå 1 Mosebok (4) og Hebrearbrevet (12,24)om Abels blod som ropa til Gud frå jorda. Ropet om uretten. Den himmelropande uretten. Jesu blod som ropar frå Golgata. Og frå messa, frå altaret, frå kalken, lyft opp for  Guds åsyn.

Ropet om Jesu rettferd. For oss. Himmelropande rettferd!

 

15
Mar
12

officium: torsdag, 3. vike i faste, frå tertullians bok om bøna (matutin)

«Berre bøn kan overmanna Gud…»

Overmanne Gud? Vi er så vane med å snakke i fromme klisjear om Gud og bøna, at ei slik formulering sjokkerer oss. Men Gud vil bli tatt på alvor, Gud vil bli tatt på ordet, Gud vil vere noko for oss, Gud vil at vi skal ha bruk for han, Gud vil bli overtala, slik den kananeiske kvinna overtala Jesus (Matt 15,22ff). Ja, Gud vil bli kjempa med, slik han kjempa med patriarken Jakob, som sa: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg» (1 Mos 32,26). Han overmanna Gud.

Det kosta Jakob ei skada hofteskål og Gud ei velsigning. Men begge tenkte nok: Det var verdt det.




kategoriar