Brør og systre!
De skjønte ingen ting av det hele, høyrde vi det stod om apostlane i evangeliet i dag– endå dei var Jesu aller næraste og levde samam med han; såg det han gjorde, høyrde det han sa. Dei skjøna ikkje at Messias skulle lide, at han skulle tene, at han skulle gjere seg liten som eit barn. Dei skjøna ikkje at det umyndige barnet er den største, at barnet røpar for oss det som er mysteriet både i trua og i menneskelivet.
Det store med barnet, er ikkje berre at det er avhengig av andre, men at det vågar å vere avhengig. Det store med barnet, er ikkje at det treng vern når det blir redd, men at det vågar å vere redd. Berre den som har barnets nærkontakt med seg sjølv, får del i barnets styrke: At det ikkje har vett til å gje opp. Det kan ikkje la vere å tru på det gode, det kan ikkje la vere å ha tillit, det kan ikkje la vere å ha von! Dersom det ikkje er blitt skada og nedbrote – og også då vil eit barn ofte ta vare på ein glimt av ljos inni seg.
Å bli vaksen, å bli eldre, gjer oss på mange måtar tryggare og sikrare. -Vi må overleve, seier vi. Vi innretter oss. Vi tar alt med ein klype salt, vi får dårlege erfaringar, vi misser våre illusjonar. Tru, von og kjærleik – det er luksus og trøyst for dei enkle og einfaldige, tenkjer vi. Det beste er å vere pessimist, då blir vi ikkje skuffa, då tar vi sjeldan feil. Då har vi oversikt og kontroll.
Kor lett tenkjer vi ikkje at det er slik Gud er: Klok, gamal, mektig og trygg. Men nettopp den ævelege og allmektige Gud stig ut av sin ævelege tryggleik. Han tek sjansen på noko uhøyrt: Han skaper verda. Noko endå meir uhøyrt: Han skape mennesket, i sitt bilete! Han gjer det til ein liten gud. Han tillet seg å ha illusjonar. Han har alle grunnar får å bli skuffa –og han blir det. Så sorg og indignasjon brusar i han. Men han gir ikkje opp: Han kjem sjølv, i Jesus Kristus. -Sjå, det er eg! Eit barn i Betlehem, eit ungt menneske i Nasaret, ein omvandrande rabbinar på Palestinas og Judeas vegar. Berre eit par- og tretti år når han ropar ut sin bodskap, når han fullfører sitt verk. Han provoserer dei vaksne, dei sjølvhjulpne, dei sjølvsterke, dei rike. Han velsignar barnet – nettopp fordi det speglar Gud som den opne og sårbare.
Han blir forkasta. Men han let seg ikkje forkaste; han gir oss ikkje opp, han blir ikkje klok av skade. Korleis kan eg gje deg opp, Efraim, la deg fara, Israel…Hjarta vender seg i meg, all min medynk vaknar (Hos 11, 8).
Bror og syster, medmenneske! Kor lett er det ikkje å bli kynisk! Som vaksne er vi flinke til å lure kvarandre, vi held maska, vi unngår pinlege opptrinn – endå vi veit at vi kan vere fulle av aggresjon, av missunning, av fortviling. Kor lett er det ikkje å bli bitter og å forskanse seg i si forbitring, fordi ”livet har lært oss” –som vi seier – at vi ikkje skal ha for store forventingar! -Livet har lært oss, seier vi, men meiner: Livet har lurt oss.
Bror og syster, medmenneske! Mennesket kan alltid bli eit barn, ikkje som uansvarleg, men som tillitsfullt. Det kan bli født på nytt, slik det blir i dåpen. Det største du kan vere, er å vere eit barn av Gud. Då har du eit æveleg perspektiv over livet, då er det alltid noko som peikar vidare, då er det ikkje for seint, då er det aldri for seint. Då er det alltid ein regnboge der framme, teiknet i skya som barnet kan undre seg over og springe i mot. Ja, eit gamalt og klokt menneske er nettopp eit menneske som lærer dette: -Eg ser meir av kor stor gåve livet er, eg ser at også manglane, tapa og lidinga ikkje kan ta Gud i frå meg. Difor strøymer livet friskt gjennom slike menneske: Enno i sin alderdom ber dei frukt, friske og frodige er dei, står det i salmen (sal 92,15 ).
Barnet er sårbart, barnet kan syrgje, barnet kan gråte. Men, seier den franske diktaren Charles Peguy: Barna er lykkeligere når det gråter enn vi når vi ler. Barnet er vona, ein av dei teologale dygdene, den vansklegaste av alle, seier Peguy.
Det er hun, den lille, som trekker alt.
For troen ser bare det som er,
mens hun ser det som skal bli.
Kjærligheten elsker bare det som er,
mens hun elsker det som skal bli .
Kjære brør og systre! Det er fyrst når vi får denne indre fridomen, barnekårsanden , at vi kan bli alles tjener, som Jesus sa.
Når vi opnar oss for Gud, for kvarandre – og for oss sjøve
Siste kommentarar