Arkiv for januar 2008

31
Jan
08

nota bene…

KATOLSK KYRKJEBYGGJING

Dagens Vårt Land slår opp at den katolske kyrkja i Noreg treng å byggje minst ti nye kyrkjer i næraste framtid. Biskop Bernt (Eidsvig) seier –på sin lakoniske, og dermed utfordrande måte – at den statlege innvandringspolitikken har ført mange frå Austeuropa til Noreg. Men mange av desse trur på Gud, seier Eidsvig og legg til at det hadde styremaktene ikkje rekna med… Les meir «nota bene…»

31
Jan
08

officium…

”Kven har mælt havet med si hand og himmelen med utspende fingrar?” (v 12)

I skrivande stund (!) sit eg på bussen mellom Sykkylven og Stranda, ei reise midt gjennom Sunnmørsalpane. Kven har skapt dette storslegne landskapet? Dei retoriske spørsmåla i salmen kan takast opp att her. For israelitten som song salmen fyrst, ville svaret lege på tunga: -Gud, Skaparen! Kven er som han?

For dei som sit rundt meg i bussen og for svært mange menneske i vår kulturkrins er det ikkje slik utan vidare, trur eg. Naturen apellerer nok stadig til dei åndelege sidene åt menneska og kallar fram age, indre ro, kjensle av noko større enn oss. Men Gud? Vi tek ikkje inn hans frekvens lenger, han har falle ut av forteljinga.

Eg trur det må bli stille lenge. Å legge inn Guds tale berre som eit ekko av noko ein har lært, er ikkje nok. Klisjéar i sjela hjelp ikkje lenger, vi trur ikkje på dei. Vi må våge å lytte til togna og tomleiken i naturen, godta at fjella, havet og skogane er lågmelte. Fyrst når alle våre idéar og innlærde vendingar har tagna, kan vi lære å høyre etter på nytt. Når undringa over alt som er, dukkar opp att – då kan tinga tale, møte oss og seie, sakte: -Det er ein som vil oss; havet, himmelen, fjella, mennesket. Meg.

Då seier eg: Mi-ka-el? Kven er som Gud?

30
Jan
08

officium…

Onsdag, vike 3, Jes 33 (laudes)

”Kven kan bu ved ein øydande eld? Kven kan bu ved evige logar?” (v 15)

Med andre ord: -Kven kan bu og leve i Guds nærleik? Vi skulle tru at salmisten ville svare noko om den fullkomen reine, det menneske som er endra og omskapt i sitt vesen, som er ”full av nåde”, som Maria; lysande som helgnane. Men Guds ven vert skildra som den sosialt ansvarlege, som den fredselskande, som den økonomisk redelege, som den ikkje-valdelege, det vere seg munns vald eller sverds vald.

Fordi all gjennomgripande helging av personen, den gudomleggjeringa vi er kalla til, alltid må ta til med den ytre livsferda, der livet vårt er ”jorda”, der vi er verkelege. Spiritualitet og gudsfrykt som er usosial, uvenleg og kverrulerande, kort sagt: ikkje menneskeleg, er ikkje ekte. Også målet og testen på at Gud verkeleg pregar livet vårt, er dei ytre, sosiale gjerningane: ”Eg var svolten og de gav meg mat..” osv (Matt 25).

Det åndelege livet går ikkje opp i det sosiale og humane, men all bøn, tilbeding, mystikk og gudslengt må ha fotfeste i røyndomen og kunne testast av røyndomen. Av dei andre.

Gud let seg ikkje lure av store ord. Berre det rettskafne mennesket kan vere Guds ven.

29
Jan
08

officium…

Tysdag, vike 2, Jes 26 (laudes)

” Herre, vi ventar på deg og fylgjer den veg du har fastsett” (v 8)

Å vente på Gud – det er Bibelens måte å seie ”tru” på; det er eit grunnord for bibelsk spiritualitet. Dei seier noko om fokus, om tydeleg forventing, om tålmod – som alltid kan forståast best av den utålmodige. Sedat mangel på uro er ikkje det same som tålmod. Vent på Gud, vent noko av Gud; gjev han noko meir enn eit slapt handtrykk!

Mange gjev opp å vente. Mange gjev opp før dei har venta i det heile. Dei trur at Gud vil syne seg for dei sjølv om dei ikkje har forventingar. Eller dei vil at Gud skal kome dei i møte uansett kva vegar dei vel å gå. Å gå Guds veg – det er eit anna av grunnorda for det å vere eit truande menneske, ein Guds-ven. Vi må gå Gud i møte på den vegane som er hans: Rettferdsvegen, vegen åt Guds bod, vegen der du vågar å vere sannferdig; framfor alt Kristi veg, han som er Vegen. Vent på Gud, men kast ikkje tida di bort på blindvegar. Han er på veg mot deg, heile tida – på den vegen han har fastsett.

28
Jan
08

officium…

Måndag, vike 3, sal 84 (laudes)

”Kor elskelege dine bustader er, Herre, Allhærs Gud!” (v 2)

Gleda over Guds hus og over gudstenesta der – det er noko som mange norske kristne ikkje er fortrulege med. ”Vanekristendom, tome ritual og tradisjonar” – både ivrige truande, kyrkjekritiske og åndeleg ”søkjande” synest å samstemme i dette omkvedet.

Ikkje slik for den gamaltestamentlege israelitten. Sjølv om profetane kunne kritisere gudsdyrking utan hjarte og utan etiske konsekvensar, endra det ikkje det sterke medvitet om Guds-møtet på Sion, i templet, staden Gud sjølv hadde valt seg ut og sett stemne mellom seg og folket sitt. Templet, prestane, levittane, songen, offera, prosesjonane… Alt var teikn på Guds venleik, stordom og rikdom. Hjå han, på Sion, kunne synder sonast, bøner berast fram, einskap og fellesskap opplevast. Templet – sentrum i universet, som eit jordisk ”ekko” av det himmelske templet.

Kropp og kosmos, ånd og sjel – alt vert halde oppe der Guds ære, gleda over Gud, vert halden oppe! Difor lengtar eg dit med heile meg, saman med fuglen som har funne seg ein heim og svala som legg sine ungar ”ved dine altar, Herre, Allhærs Gud!” ( v 4). Midt i røyndomen er det jubel, fred, kjærleik, kommunion. Det er som når ”oljen renn ned skjegget, Arons skjegg, og nedover saumen på hans kjortel”, slik salmisten seier ein annan stad.

Utan gudstenesta døyr mennesket, visnar livet. Som israelitten på si pilgrimsferd mot Jerusalems tempel, seier eg når eg tenkjer på den heilage staden og den heilage tenesta: ”Ja, ein dag i dine tempelgardar er betre enn tusen andre” (v 84)!

28
Jan
08

Carpe diem..

SUNNMØRE, BLOGG ETC

Som sagt/blogga, er eg nokre dagar vestpå, på Sunnmøre. Køyreturen nordvestover, i går/sundag, gjekk svært fint, berre sol og vindstille og vakkert oppover langs Mjøsa, opp Gudbrandsdalen, ned Romsdalen, ut- og inn av fjordar – og hit til Stranda. Dagen før var det snøstorm, kaos og uframkomeleg. Så eg takkar! I Lillehammer feira eg høgmesse undervegs, i den katolske Maria-kyrkja, saman med den nye, unge presten der, p Fredrik Hansen.

No er eg altså på bygdene – og dagens utgåve av «Sunnmørsposten» har framsideoppslag med ei ku på Giske som hadde falle gjennom sprinkelgolvet og ned i gjødselkjellaren! Stort bilete av nautet som blir drege opp av dynnet med traktor, grimer og kjettingar… Så storpolitikken er ikkje alt. 🙂 Fint å vere på heimlege trakter nokre dagar. Retur fredag. Skal prøve å halde bloggen rimeleg oppe desse dagane også. Har funne ein kafé med nett, så det kjem ein tekst eller to innimellom..

25
Jan
08

officium…

Apostelen Paulus’ omvending

”Kven er du Herre? Eg er Jesus, han som du forfylgjer. Det er hardt for deg å stampa mot brodden” (1.Antifon, matutin)

Den katolske kyrkja feirar i dag festen for ein av dei som har sett størst spor i verdssoga; Saulus frå Tarsus, fariseareleven som vart Paulus, Jesu Kristi apostel, ”lærar for folkeslaga”. Saman med den andre apostelfyrsten, Peter, vert han feira også den 29. Juni. Men i dag, altså: Hans omvending. Hans møte med Den oppstadne, på vegen til Damskus. Paulus vart verkeleg om-vend, han fekk ei ny retning, eit nytt mål, eit nytt liv. Han var på veg for å arrestere Jesu læresveinar; med eitt slag – som slo han til jorda – vart han Jesu utsending til folkeslaga, for å vinne nye læresveinar, for å grunnleggje Kristi kyrkje verda rundt! Han vart blinda av han som er Ljoset, den sanne Sol Invictus (den uovervinnelege sol) – og fekk eitt nytt syn både på seg sjølv og på heile historia.

La du merke til at Herren seier: ”Kvifor forfylgjer du meg?” Jesus gjer seg til eitt med sine læresveinar, med kyrkja. Ikkje utan grunn at det er Paulus som lærer oss at kyrkja er ”Kristi lekam”, Kristi kropp (1 Kor, Efes, Koloss). Med heile sitt liv tente Paulus Kristus – i kyrkja: ”det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja. Hennar tenar har eg vorte…” (Koloss 1,24).

Kor fjernt er ikkje dette frå vår oppfatning av kyrkja som ein reint menneskeleg institusjon. Kor annleis ville ikkje både livet vårt og livet i kyrkja blitt, om vi såg på den måten Paulus såg det!

Vi er redde for den totale ovegjevinga, den totale gåva av kropp og sjel, slik Paulus synte oss det. Han visste at ”nåden var nok”, at ”krafta vert fullenda i vanmakt”. Difor kunne han seie: ”For meg er livet Kristus og døden ei vinning” (2 Kor 12, 9; Fil 1, 21).

23
Jan
08

poetica…

TIL EIN VEN

Du stormar fram
vil rive stjernene
og himlane til deg

springande
leande
undrande deg
med barnets
grenselause tillit
og alvor

Du må
du vil
elske
setje alt inn

medan noko bivrar
under brystet:

ein stor angst
over djupa
du anar inni deg
kringom deg

Det vil bere
eller breste

det vil bere!

23
Jan
08

carpe diem…

NÅR DU SER…

Ei gospelstrofe gjekk rett inn frå CD-”rillene” her i kveld:

I’m gonna keep on singin’, I’m gonna keep on shoutin’, I’m gonna keep on liftin’ my voice…

Og det fekk meg , uventa, til å sjå livet mitt frå ein bakketopp, ei lita høgde på vegen, akkurat no. Og eg ser tilbake og ser at det ikkje er så rart at eg er tiggarmunk, prest, forkynnar..For meg har det alltid vore rart; for store sko til føtene, liksom. Eg kunne sikkert gjort noko anna, brukt det som er eg på ein annan måte. Det var også planen – heilt til noko hende i 18-19-årsalderen: -Eit kall, ei sterk hand som tok meg hardt i nakken og snudde andletet mitt mot seg – og det var Han, leande, trur eg eg vil seie, lysande og utfordrande, ikkje dystert eller knugande. ”Heretter blir det denne vegen..!” ☺

Kristus og hans kyrkje, hans rike, hans plan for verda – og eg som ein ung ven i hans fylgje. Nokre rundar med samtale med ein klok rettleiar, og det var gjort: ”Gå inn i rekken…”.

Det er så mange ting som fyller eit menneskeliv; evner, oppgåver, opplevingar, møte, smerte, tårer. Men eg ser: dette vart ein raud tråd. Kristus og apostolatet for han. Stundom må vi sjå den raude tråden, sjå spora og vegen i landskapet når vi kjem litt ”opp”, når dis og skodde lettar litt. Då forstår vi betre. Og eg forstår:

I’m gonna keep on marchin’, I’m gonna keep on fightin’, I’m gonna keep on liftin’ my voice...

Orsak dennne personlege tonen, men det blei slik i kveld.

See?

Fr Arnfinn

23
Jan
08

officium…

Onsdag, vike 2, sal 77 (laudes)

”Om natta retter eg ut mi hand, og ho trøytnar ikkje” (v 3)

Natta er bøna si tid. Det er sagt om den hl Dominikus at for han var dagen for menneska og natta for Gud. Ein gong fann dei han sovande i kyrkja, med altarfoten som hovudpute. På grunn av vakenettene dubba han ofte av under måltida i refektoriet.

Jesus bad også om natta og i det tidlege morgongryet; ”medan det endå var mørkt” (Mark 1,35). Han kom til læresveinane frå bøna i fjellet og gjekk dei i møte på bylgjene – i den fjerde nattevakta (Matt 14, 23-26). Anna Fanuelsdotter, profetkvinna, ”tente Gud i faste både natt og dag” (Luk 2,37)…

Kyrkja har etter Jesu påbod halde fram den bibelske praksisen med å be ved nattetid; vi skal vake medan dei andre søv, halde ”vake”, vigilie.. ”Vak og be”, seier Herren (Matt 26, 41; Luk 21,36). Israel heldt vake i Egypt, den store Natta, då Gud fridde folket sitt ut. Om natta kjem Brudgomen att (Matt 25,6), difor vaker brura… Om natta vart Messias fødd i Betlehem; då ei anna natt grydde mot dag, braut han ut av grava. Natta er tida for Guds stor inngrep. Han er alltid den store Uventa.

Natta er også dei mørke maktene sin time. ”No er det mørkret som rår”, sa Jesus då han skulle overgjevast og gå den tunge vegen (Luk 22,53). Natta er slagmarka. Guds konfrontasjon med fienden.
Difor skal kyrkja be om natta. I klostera er det etter tradisjonen tida for den fyrste tidebøna, matutinen (morgonbøna). Gjennom natta ser vi dagen. Natta forenklar og fordjupar alt. Gjer oss stille. Alt kjem nærare. Natta er tida for å halde ”motvake” mot den aldri kvilande Motstandaren. Natta er den solidariske bøna sin time då du skal gå i bresjen for dei som mørkret held på å overvelde. Akkurat denne natta….

I mørkret bur Gud, den løyndomsfulle. Inst i templet er det mørkt. Den som vågar å gå inn dit i ”den store stilla”, skal få sjå at ”natta er ljos som dagen, ja, mørkret er som ljoset” (Sal 139, 12).

22
Jan
08

carpe diem…

FR ARNFINNS AGENDA NO:

Eg er heldig og får reise nokre dagar til Sunnmøre (heard of it?); sundag 27. Jan – fredag 1. febr. Denne gongen får eg bilskyss og vi skal køyre over Strynefjellet i vinterveret, så litt forbøn trengs (sundag og fredag). Takk! Skal prøve å blogge på Sunnmøre også; kanskje litt sporadisk alt etter nett-tilgangen. Blir bra å sjå att ”dei gamle fjell i syningom”, ”alltid eins å sjå”, som kjent, til skilnad frå oss andre…

Reise til Rom vert rundt den 13.febr. Men det skal eg kome tilbake til. Så:

NOKRE BLOGG-RÅD:

Som nokon vil ha sett, har det utvikla seg nokre debattar her på bloggen med opp til hundre innlegg/kommentarar. Og det er jo bra – og noko av meininga.

Blogg er eit opnare medium enn dei vi er vane med og denne bloggen har ingen førehandssensur. Det er likevel eit offentleg medium(med 25 000 treff så langt, einskilde dagar opp i over 900) og då er det naudsynt med nokre enkle reglar, særleg:

1) Unngå negative personkarakteristikkar. Spar på lauskruttet også!

2) Ikkje trapp opp konfliktpunkt unødig. Alt er så mykje kjappare på bloggen, alt rusar fortare opp i turtal. Skriv med ein tåspiss på bremsa..

3) Ikkje ver for personleg med personar som er anonyme og som berre let seg representere med ”blogg-namn”.

Det var berre dette ☺

22
Jan
08

officium…

Tysdag, vike 2, sal 65 (laudes)

”Markene er kledde med sauer og dalane sveipte i korn. Det lyder glederop og song” (v 14)

Typisk bibelsk er den margfulle og beintframe gleda over dei materielle godane som Gud velsignar landet og menneska med. Her er det ikkje snakk om private luksusgodar, men om at Gud velsignar landet så det kjem til sin rett. Gud kler jorda med ulltjukke sauer, sveiper henne med gulnande korn. Menneska, dyra og jorda høyrer saman. Guds overflod og godhug som eit romsleg plagg rundt oss alle!

Fordi vi opnar oss mot han i lovprising og takk: ”Gud, det er rett at vi lovsyng deg på Sion og held våre lovnader til deg” (v 2). Når mennesket stengjer seg for Gud, syrgjer og skrantar jorda. Når mennesket ”lyfter hjartet til Herren”, opnar Guds store smil seg i alt som er til. Naturen og skaparverket si ”helse” er i høg grad avhengig av- og påverka av mennesket sin åndelege, sjelelege og moralske gehalt. Alt som er til, er ein stor vev. Guds vev.

Det opne mennesket som erkjenner at det er ein skapning, at det mottek heile livet sitt frå Gud, han som ”skaper jubel frå aust til vest” (v 9), det kan vandre over markene og gjennom dalane og gjennom livet – og høyr: ”Det lyder glederop og song”!

21
Jan
08

officium…

Måndag, vike 2, sal 31 (matutin)

”Du løyner dei i livd av ditt åsyn” (v 21)

Eit andlet? Ei åsyn? Kan vi tenkje oss noko opnare og mindre vernande? Og Guds åsyn? Så høg, så uendeleg. Eg treng noko som skjermar meg. Heilt nært, tett innpå meg. Eit rom, ei borg, ein famn. Når makter som vil meg til livs, pressar seg inn på meg. Når eg kjenner meg truga. Dødskreftene er så nære, så innpåslitne, så nærgåande; kva skal eg med noko så passivt som eit andlet, ei åsyn, eit blikk?

Likevel, i redsle og tumultar; kva gjev deg meir styrke enn at ein ven ser deg, med augo som utan ord seier: Du har min tillit, min vyrdnad, min kjærleik! Som seier: Du kan misse alt, men ikkje meg.

Alt dette kan stå skrive i eit andlet og det trengjer inn i deg så du veit, til dine inste fibrar, at det vonde ikkje skal få overtaket, det er nokon som ser deg som eit heilt menneske, som eit elska menneske. Når alt du er, synest viska ut, ”bur” du i den andre sitt andlet.

I dag set alle fiendtlege makter augo i meg og problematiserer livet mitt heilt til grunnen, kler av meg alle gleder, all tru, von og kjærleik. Då ser eg ei større åsyn, eit djupare blikk, eit sannare ljos: –Eg veit kva tankar eg har med deg… fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje deg framtid og von (Jer 29, 11).

19
Jan
08

nota bene…

MODIG REDAKTØR!

Endeleg nokon i dei sekulære media som vågar å bryte den kompakte forteiinga kring norsk abortlov og abortpraksis. Redaktør Svein Gjerdåker i den nynorske vikeavisa ’Dag og Tid’, skriv m a i det siste nummeret (fredag 18.jan), på leiarplass: ”Når ein overskrid terskelen ved testing av Downs syndrom, vert grensene uklare. Testinga er ein portopnar og ein aksept for at samfunnet kan setje opp visse standardar for kven vi eigentleg ynskjer skal fødast og vekse opp i samfunnet vårt. Kva med døvblinde? ”

Han opplyser òg: ”Åtte av ti kvinner over 38 tek abort når dei veit at barnet har Downs syndrom. Alle gravide over førti som får vita det, tek abort”.

Inngrepet kan utførast fordi det offentlege tilbyd testing som ”avslører” sjukdomen. Vi spør oss sjølve: kor dobbelt og kor hyklerisk kan eit samfunn bli? Har vi ikkje ofte sett songkor med funskjonshemma, m a menneske med Downs syndrom, sett og høyrt livsgleda, sett og høyrt kor gjevt både folk flest og samfunnsansvarlege syns det er; høyrt og sett politikarar og profesjonelle frå omsorgsetatane som rosar og applauderer?

Og som no snur seg og tilbyd ”fjerning” av den same kategorien menneske – som ingen ting. Ekspedisjonelt. Ryddig. Greitt. Sånn er det berre. Klart at det er krevjande for ein familie å ta i mot born med dette syndromet; det er lett å vere raus på andre sin kostnad; likevel: kan vi leve med den doble standarden? Kan vi leve med at visse menneske ikkje skal få leve opp fordi vi ”vel dei bort”?

Norsk helsevesen bør ikkje tilby ”utveljingsservice” for å kunne avlive uynskte menneske på fosterstadiet. Det bør heller ikkje kunne bli ein ny privat ”helsebusiness”.

Kva slags land er det vi lever i? Korleis orkar vi å identifisere oss med ein slik offentleg og privat kultur? Kva skal vi med Noreg?

Takk og gratulasjonar til ein redaktør som har våga å bryte sjølve Det norske Tabuet, som har våga å skrike ut! Det er modig gjort.

19
Jan
08

officium…

Laurdag, vike 1, sal 119, 145-152 (laudes)

”Før morgonen renn, ropar eg om hjelp; eg ventar på dine ord” (v 147).

Kvar ny dag er mennesket som eit ope kjerald, som eit barn, nyleg kome ut av mors liv. Kva med røynsle, kva med den gode rutinen, med det profesjonelle grepet, kva med at du har tileigna deg ei viss meistring av livet? Det er der, men det må kvar dag stabiliserast på grunnvollen i Gud. -Tilbake til orienteringspunktet for å ta ut kursen vidare, kjenne etter at røtene er der før du strekkjer greinene vidare ut.

”Far min var ein omflakkande aramear”, sa isarelitten til seg sjølv, for Guds åsyn (5 Mos 26,5). Og minte seg sjølv om sitt sårbare opphav. -Eg er avhengig av Guds og alle mine medskapningars venskap skal dette gå godt, eg kan ikkje berre ture fram, ikkje berre leve av gamal vane.

Kvar dag må du stå naken for Skaparen din, som Adam på den fyrste dagen i livet sitt. Kvar dag må du vente på at Gud talar til deg, i dei orda han har gjeve oss i dei heilage Skriftene, som alltid seier det same og alltid noko nytt. Noko som syner kva som er kallet ditt nettop denne dagen. Kvar dag er ein «anamnese», ei ihugkoming, av den dagen Adam vart skapt ”av jorda” – sterkare er du ikkje – og ”bles livsande inn i nasen hans”( 1 Mos 2,7); Guds levande skapning – mindre er du ikkje!

Stø deg ikkje på alt du har oppnådd i fortida di, på alt du har samla opp. Tru ikkje at framtida berre er det same livet som rullar vidare av si eiga tyngde. Vent på Skaparen din; no skaper han noko nytt, no vert du til!

18
Jan
08

officium…

Fredag, vike 1, Jes 45, 18-25 (laudes)

”…som ikkje skapte henne til ei audn, men til bustad for folk” (v 18),

seier Gud, i denne hymnen der han talar om seg sjølv som skapar av jorda.

Vil ikkje Gud at det skal vere audn og ørknar, tundraer, stepper, urskogar og villmarker på jorda? Jau, men med heile sitt mangfald er verda ein heimstad. Oikos- som det heiter på gresk; eit hus, ei hushaldning, ein øko-nomi, ein øko-logi…

”Folk” er sjølvsagt mennesket, Guds yngste barn. ”Hus treng folk/og folk treng hus”, seier nordlandsvisa. Eg trur det også gjeld det store huset som er skaparverket. Mennesket har lenge gløymt dei andre i huset, slik mange miljøforkjemparar minner om i dag; nokre av dei spår at jorda vil kvitte seg med mennesket.

Det vil bli ein sorgens dag, i så fall. Dei andre skapningane vil gråte endå meir over å misse oss enn over å måtte tole oss. Jorda og verda treng mennesket, den vesle ”guden” (sal 8). Det menneskelege perspektivet let oss sjå skaparverket som ein familie, ikkje som eit tomt kaos. Jorda skal ha tette junglar, skumle skogar og veldige vidder. Vi skal ikkje alltid kultivere dei, vi treng å vite at dei er der – som eit stort rom, som teikn på det ukjende og fascinerande, på alle skapningars fridom.

Men utan ”folk”, utan det menneskelege perspektivet, vil verda verte ein kosmisk episode, eit tomt hus, eit vakkert, men kaldt rom. I det norrøne språket heiter verda ”heimen” og universet ”allheimen”. Nettopp.

17
Jan
08

poetica…

litt mariansk, moderleg, i kveld…

MATER DEI

Mater Dei
kva veit eg om deg?

det er så mange som har freista
å viske bort biletet ditt
vekk frå augo
vekk frå hjarto
hjå dei som trur på son’ din

kva skal det tene til
å stoppe munnen
på dei som prisar deg sæl?

Skrifta held ikkje opp med sin tale
Elisabeth helsar deg like fullt
som velsigna mellom kvinner:
bendicta tu!

og han som dei vil ære
ved å gløyme deg
talar tungt og tydeleg frå krossen:
ecce mater tua!
og eg svarar:

mor!

17
Jan
08

officium…

Torsdag, vike 1, sal 48 (laudes)

”Ditt namn er kjent, Gud, og det får lovsong heilt til endane av jorda” (v 11).

Lovsong er ikkje fyrst og fremst eit uttrykk for menneskelege kjensler, det er ikkje vår personlege ”programvare”. Lovsongen er sjølve den guddomlege livssfæren. Lovsongen har sitt senter i det himmelske templet, der serafane ropar: -HEILAG, HEILAG, HEILAG! (Jes 6). Strøymande ut derifrå, omsluttar han heile skapningen. Lovsongen er universell, kosmisk, altomfattande, katolsk.

Lovsongen er like høg og vid som Guds allmakt og herrevelde, like uendeleg som hans miskunn, like utstrekt over verda og gjennom rømdene som Namnet over alle namn; Guds namn, Jesu namn. For han bøyer ein dag alle kne seg , i himlen, på jorda og under jorda; englar, menneske og demonar, ja, alt som er, jublar at ”Jesus er HERRE, JHWH – til Gud Faders ære (Fil 2, 1-11)!

Å ta del i lovsongen, er å puste i Guds eiga luft; er å ande inn Guds velde og nåde, å ande ut takk og undring til han som ber alle ting med sitt mektige ord (Hebr 1,3), som ber livet ditt, gjennom kvardagane, gjennom tidene, gjennom døden! Lovsongen er ikkje ein programpost, det er Israel og Kyrkja si deltaking i Den store liturgien, the love song of Creation!

16
Jan
08

officium…

Onsdag, vike 1, Judits lovsong, Judit 16 (laudes)

”Du sende ut din Ande og alt vart til” (v 17)

Israelitt-kvinna Judit tok den assyriske hærføraren Holofernes av dage og vart såleis ei heltinne og ein utfriar for folket sitt. Av type er ho ei profetkvinne som handlar ved den klokskap og styrke som Guds Ande gjev. Livet og livskreftene kjem frå Anden; ikkje berre i Guds frelsesverk, i nådegåver og nådemiddel, i kyrkja og i truslivet. Heile skaparverket er til og vert oppretthalde ved Guds Ande. Naturen er ikkje berre åndlaus materie, ein maskin som går av seg sjølv, råstoff til vår disposisjon.

Vi har splitta det åndelege og det naturlege frå kvarandre. Difor: Sjå Guds Ande i bylgjene på sjøen, i greinene som svingar, i dyra sine rørsler, i skyene som fær over himmelen, i ljoset som flommar over oss. Kjenn at hjarta ditt bankar, at lydar og ljosstrålar når trommehimnner og netthinner. Kjenn eit anna menneske i omfamninga eller handtrykket, kjenn spyttet på tunga di og den fine bøyinga i kneet og olbogen, krafta i musklar og sener. Høyr elvane strøyme og sjå flodene gli sakte fram.

I alt dette andar Gud. Er du til.

15
Jan
08

poetica…

livet kan vere slik…

”Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han”

NOKO

Noko
er så vondt
at det ikkje kan skrivast

du kan berre sjå på det
og vente
på engelen
frå Getsemane




kategoriar