Arkiv for april 2008

30
Apr
08

Carpe diem…

LITT PÅ REISE IGJEN

Denne helga blir det rask reise tur-retur Noreg i eit oppdrag. Drar frå Roma torsdag morgon 1/5, retur frå Oslo sundag 4/5. Be for reisa. Elles er eg godt igang med det eg skal skrive her denne våren. Og det er sol og fint her for tida. Men ingen vårljose kveldar og netter for ei nordisk sjel…

Skal prøve å blogge meg på i helga også, men kan ikkje love noko. Nett eller ikkje nett – that’s the Question!

Pax et bonum!

Reklame
30
Apr
08

poetica…

Ein skal ikkje legge ut dikt om seg sjølv, men eg lova det! – til forfattaren; éin av lærar-studentane frå Høgskulen i Hamar, som eg fylgde til Assisi nyleg. Ein kjempegjeng! Diktet er skrive på ”bror Buss” frå Assisi til Roma…


TIL FR ARNFINN

Arnfinn er en mann som lever i Frans sin ånd,
iført moteriktig kutte og rosenkransbånd. Les meir «poetica…»

29
Apr
08

officium…

29/ 4; Festen for Sta Katarina av Sienna; akklamasjon frå forbøner (vesper)

”Munda nos, Domine, in sanguine Agni”
(”Reins oss, Herre, i blodet åt Lammet”)

Ei bøn og ein tanke som er heilt i samsvar med den heilaga Katarina i hennar skrifter, hennar bøner, hennar vitnemål for verda. Jesus var for henne ikkje minst den elskande og lidande; Lammet. Var ho meir syndig enn andre? Berre Gud kjenner hjarta. Eg trur at ho sterkt identifiserte seg med samtida si, med menneska som så ofte var slik Jesus såg dei: ”som sauer utan hyrding”. Ho såg vanmakta og ureinskapen i kykja. Men ho laga ikkje ei sekt for dei ”reine”. Ho bad om Jesu Kristi reinleik for seg og for alle. ”Reinleik” – eit ord som kanskje mest påkallar grimaser for mange. Men eg trur reinleiken svarar til ein djup lengt i mennesket: det som toler ljoset, det som vågar å sjå opp, det som har slutta å kalkulere, slutta å ”sno seg”, som er endeframt. Integerert. Heilt. Ope.

Mennesket treng å møte ei stor Rettferd, ei stor Sanning for å kome til sans og samling. Men det treng mest ein stor Kjærleik, som har tolt alle støytane, som har vunne tilbake den tapte og utledde reinleiken i verda. Dei som ser dette på seg sjølve, i seg sjølve, dei skjønar kva det er å be: Munda nos, Domine! Reins oss, Herre!

29
Apr
08

carpe diem…

«A WOMAN FOR ALL SEASONS»

Kyrkja har feira den hl Katarina av Sienna (f 1347) i dag. For oss dominkanarane er det ein festdag ettersom ho tilhøyrde den dominikanske 3.orden (lekmanns-grein). Det var ei tynn, asketisk kvinne – men sterk som stål både intellektuelt og åndeleg. Mystikar og politikar, tilbaketrukken og pågåande, skribent og frimodig talar. Ho var rådgjevar for den fyrste store reformatoren av dominikanarordenen, Raimund av Kapua; så mykje av reformen (fatigdomen, tystnaden, klausuren) var nok hennar idear sett ut i livet av Raymond et co. Ho jobba veldig for å få paven tilbake til Roma og få ein slutt på splittinga (Avignon/Roma). Ho har status som ”kyrkjelærar” (doctor ecclesiæ) og er ein av vernehelgnane for Europa.

Noko av hennar jordiske leivningar ligg i den store dominikanarkyrkja (den einaste gotiske kyrkja i Roma), like bak Pantheon, for dei som er litt kjende: Sta Maria Sopra Minerva (det var eit Minerva-tempel der tidlegare). Eg burde ha vore der på den store messa i kveld; bede om hennar forbøn for ordenen, for meg sjølv, for Europa (inkludert Noreg!). Men eg må prioritere skrivinga som eg no er godt i siget med. Det er min raison d’ Être her i Roma. Så eg trur Katarina ville ha ”sagt”, om eg dukka opp:
-«Gå heim til cella og tastaturet ditt!» Det kunne likne henne.:)

Men eg veit at ho bed for alt det eg nemde. Det trengs. Kyrkja er boren av dei heilage si forbøn, av ”skya av vitne” som fylgjer med oss frå tribunene der oppe (Hebr 12, 1f).

26
Apr
08

poetica…

ein salme, sidan det er helg…

Å, SAKRAMENT SÅ SÆLT

Å, Sakrament så sælt
løynt i eit jordisk ly.
Sjå, kring ditt låge telt
vår bøn vi fram vil by
Å, Jesus, høyr vår lov og pris
av kjærleik fylt, som Paradis!
Å Sakrament, så sælt!

Å, Sakrament av fred
ein heim, for hjarto kjær,
der rastlaus lengt sig ned,
all sorg finn kvile der!
Der i ditt øyra kviskrar vi
så trygt vår bøn, vårt tap, vår strid
Å, Sakrament av fred!

Å, Sakrament av ro
ei ark på ville hav,
vern oss ved Kristi blod
til stormen stilnar av
Kom frels oss; vinden rasar hardt!
Ja, frels oss; vi gjeng under snart!
Å, Sakrament av ro!

Å, Sakrament, så sælt
som gjestar oss på jord,
du Guddomsmajestet
så strålande og stor!
I frå det djupe lyser du
så natti vik for von og tru!
Å, Sakrament, så sælt!

(”Sweet Sacrament Divine”; av Francis Stanfield, oms. Av fr Arnfinn Haram o.p., 27/9-96)

og her er originalen

Sweet Sacrament divine,
hid in thine earthly home;
lo! round thy lowly shrine,
with suppliant hearts we come;
Jesus, to thee our voice we raise
In songs of love and heartfelt praise
sweet Sacrament divine.

Sweet Sacrament of peace,
dear home of every heart,
where restless yearnings cease,
and sorrows all depart.
there in thine ear, all trustfully,
we tell our tale of misery,
sweet Sacrament of peace.

Sweet Sacrament of rest,
ark from the ocean’s roar,
within thy shelter blest
soon may we reach the shore;
save us, for still the tempest raves,
save, lest we sink beneath the waves:
sweet Sacrament of rest.

Sweet Sacrament divine,
earth’s light and jubilee,
in thy far depths doth shine
the Godhead’s majesty;
sweet light, so shine on us, we pray
that earthly joys may fade away:
sweet Sacrament divine.

26
Apr
08

nota bene…

”PAPPA” ER HEIME IGJEN, MISSON COMPLETED!

Paven er vel tilbake frå si apostoliske vitjng i USA. At frammøtet til messer og samlingar var enormt, er ei kjensgjerning. Presidentkandidatane vert smågutar i samanlikning.

Særs viktig var det at talar, helsingar og føredrag hadde eit innhald utover episkopal fest-retorikk (akk, så vanleg..); der lauvet alltid er grønt, sola skin, flagga er oppe, alle er samde, verda går framover og til og med ordføraren, evt statsministaren, framstår som kristne for ein dag eller to. Av all profesjonell optimisme er den geistlege kanskje den verste. Benedikt oppmuntrar og held saman kyrkja – det er ein del av ein biskops teneste, men han vågar også å konfrontere både innover og utover. Velgjerande er det at det han seier, som t d i SN (FN), har intellektuell substans. Han vågar også å tale om Gud og om Jesus Kristus utanom dei kyrkjelege arrangementa; på den måten bryt han ned noko av den splittinga og isloasjonen som har utvikla seg mellom kyrkja og det sekulære samfunnet.

Også skeptikarar til tidlegare ”politimeistar Ratzinger” frå Truskongregasjonen har – jamvel i prominente og nokså antikatolske New York Times – innrømma at dei temmeleg fullstendig har måtta endre si oppfatning og sine kjensler etter denne vitjinga. Det kunne vere grunn til å nemne som særskilt viktig både Benedikts uformelle møte med nokre av ofra for dei pedofile prestane og møtet med den jødiske synagogen.
Eg vil berre i sum seie at det som har vore avgjerande, er at paven både er sterkt medviten om den katolske og kristne trua sin utfordrande karakter samtidig som han har personleg, intellektuell og åndeleg integritet til å til å forstå samtida si. Difor vil orda hans også ha hald og autoritet og ikkje berre vere pompøse klisjear.

Ein kommentator sa at paven sine ord har tyngde også fordi han ikkje har illusjonar om at kyrkja skal dominere eller triumfere: ”This pope is a minimalist”. Han er klår over at kyrkja gjerne kan bli ein minoritet i den vestlege verda. Det som tél, er at ho har indre kvalitet og er tydeleg og etterretteleg i sitt tilhøve til samfunnet ho lever i.

Denne paven sin styrke er at han kan takle den katolske kyrkja sitt mest kritiske område i dag: den vestlege verda. Og ikkje minst USA. Eit land der den katolske kyrkja si framtid samtidig er langt meir lovande enn i dagens Europa.

Difor var denne reisa så viktig. Som vi snart nok skal få sjå endå tydlegare, trur eg.

25
Apr
08

poetica…

i utlandet tenkjer ein heimover, vestover…

VED STADT

Berre gråte stille
berre la vindane
renne inn
frå havet
puste mot panna mi

sjå kor lyngen skjelv
kor det låge graset
blakrar og bøyer seg

døyvd ramnesong
borti hamrane
den arkaiske urfugl-poesien

å atlantiske høgtid
å regntunge trøyst

25
Apr
08

officium…

25. april; festen for den hl Markus, evangelist; antifon til Magnificat(Marias lovsong) (vesper)

”Verbum Domini manet in æternum..”
(”Herens ord varer i all æve”)

Dese orda, som vi song i Magnificat-antifonen ikveld, hugsar eg frå ei innskrift over kordøra i ei kyrkje på Sunnmøre. Ei kyrkje frå 1800-talet, men på ein gamal kyrkjestad, i Sande på Søre Sunnmøre. Eg var der fleire gonger som ungdom; med Sunnmøre kr Mannskor, eller med SKRUK. Altartavla var mellomaldersk, trur eg – og dei latinske orda prenta seg inn i meg som tale frå ei større tid. Ord som sette livet på plass. Ord som sette bygdene der ute ved havet inn i ein større samanheng, i ein Tradisjon.

Alt i kyrkja er ein del av denne Tradisjonen; ’overleveringa’. Evangeliet er ei Overlevering. Evangelistane overleverte, gav vidare. Frå Kristus til oss. I Evangeliet ligg bodskapen om Kristus; om hans frelse, om hans kyrkje, om sakramenta, om det heilage livet som skulle slå rot og utvikle seg på stadig nye stader. Ein gong kom det til øyane i Sande, nord for Stadt. Men fyrst hadde det vorte gjeve vidare gjennom tidene, oppover kontinenta, ut langs mange kystar. Den hl Markus Evangelist, som vi feirar i dag, skal ha grunnlagt kyrkja i Alexandria, ein viktig kristen metropol i si tid.

Men takka vere han og dei andre evangelistane, for Ordet vidare. Så bygde det seg ei kyrkje rett opp for den kvite sandstranda under fjellet, på den grøne sletta, på Sande, på Sandsøya. Så lenge folket der og i tilsvarande bygder held fast på apostlane og evangelistane sine ord, Guds Ord, vil det vere sjølve berggrunnen under livet, samfunnet og kulturen der. Dersom dei gløymer det, vil det gå vidare. Til andre.

Våre kulturar og konstruksjonar forgår. Verbum Domini manet in æternum!

25
Apr
08

carpe diem…

Vel tilbake frå Assisi i går kveld. Veret vart strålande, heilt motsett vermeldiga eg lasta ned frå ”yr.no”, som melde regn og atter regn.. Det blei i staden sol og atter sol over dei umbriske slettene; sol som fekk den gråkvite steinbyen til å skine. Og sol over Subicao, fjlellet som reiser seg bak byen. Langt oppe i liene der hadde Frans sine holer, Cargeri’; dit drog han seg unna for å be.

Dei 20-30 studentane frå Høgskulen på Hamar var lova guide i Frans–basilikaen. Men han/ho dukka ikkje opp. I staden fekk vi vandre stille rundt i kyrkja, sitje lenge nede i krypten der Frans’ gravmele er. På den måten var det Gud som vart guide.

Ut på dagen raska vi på heilt opp på toppen med byborga. Ved foten av muren kunne vi slå oss ned i graset og sjå vidt ut over fjell og sletteland Det vart ein fin foredragssal. Dette landskapet gjorde nok noko med Frans – og han gjorde kanskje noko med det..

Blikket vårt pregar det vi ser på; også naturen. ”Kalla den ’änglamarken’ / eller ’himlajorden’, om du vill..”

23
Apr
08

carpe diem…

Folkens; eg knogar og skriv for tida, om den engelske Romantikken (som bakgrunn for Newman et co); meir om det. Men i morgon er eg i Assisi, så eg får neppe blogga noko før fredag. Sjekk dei siste kommentarane; der har eg sagt det eg vil seie i dag. Som sagt; meir om alt seinare… God bless! 🙂

22
Apr
08

officium…

Tysdag, vike 1, 3. Antifon (vesper)

”Misericordia Domini plena est terra. Alleluja”

(”Jorda er full av Herrens miskunn. Alleluja!”)

Eg la merke til det idag i antifonen (omkvedet før- og etter dei bibelske salmane i tidebønene). At jorda ikkje berre er full av Herrens ”herlegdom”, men også av hans ” miskunn”.

Naturen kan verke skremande; mennesket er så lite og veikt, dimensjonane og kreftene er så veldige og trugande. Det er sant: Noko er skada i naturen og i samspelet mellom skapningane; ”heile skapningen sukkar og stønnar” under forgjengelgdomen (Rom 8, 20f). Det har også med mennesket sin disharmoni å gjere. Han har forplanta seg til alt som er.

Og i det nære spelar det også inn. Når vi er opne mot skapningen, tek skapningen i mot oss. Ljoset fyller augo våre, badar kroppen vår; mørkret løyner oss, når vi gret, når vi søv, når vi vil vere fortrulege i kjærleik og ømleik; ja, møkret gjev meg ei kappe å slå rundt meg også når eg skal be i det løynde til min Gud. Steinen vert ei hovudpute, eit hardt kinn å legge seg inn til; vatnet svalar og omfamnar oss og stettar torsten i oss, den sterkaste fysiske trongen av alle, eit bilete på ur-lengten i kroppen og sjela. Jorda er myrk og djup, som eit morsliv; havet opnar alle dørene i livet ditt på vidt gap, vinden yter deg glad motstand eller fyller segla dine, driv livet ditt vidare…

Slik kunne vi halde fram. Menneske snur ryggen til oss stundom. Skaparverket, jorda, ser stort på det. På deg. Gud har fyllt henne med miskunn. Ho har nok å gje.

21
Apr
08

officium…

Måndag, 21/4 ; St Anselm av Canterbury, 1. Responsorium, (Matutin)

”Non ancilla, sed liberam esse Christi sponsam”

(”Ikkje slavinne, men fri skal Kristi brud vere)

I dag, den 21. April, har vi feira den hl Anselm av Canterbury (f 1033). Opphavleg italienar, benediktinarmunk – men seinare kalla til erkebispesetet i Canterbury. Han vert ein viktig figur i den kyrkjelege rørsla som kalla seg Libertas Ecclesiæ (Fridom for Kyrkja); ei sterk fornyingsrørsle i den mellomalderske katolske kyrkja; med vekt på kyrkja sitt sjølstende i høve til staten og verdslege makter, men også med eit program som sikta på fornying av presteskapet, i utdanning og livsførsel, og av klosterlivet. Bernhard av Clairvaux og hans reformrørsle er ein del av dette. Utan tvil var også ein mann som den heilage Dominikus, hundre år seinare, påverka av denne fornyingsrørsla sine idéar.

Det har ikkje minst vore den vestlege kyrkja sin styrke å ha syn for at kyrkja er katolsk, universell, internasjonal – ikkje ein lokal ”stammereligion” eller statsreligion. Ei styrking av den sentrale pavemakta var ein del av programmet; oftast fordømt som ’maktpolitikk’, men eigentleg uttrykk for ein viktig innsikt: Utan eit overnasjonalt fotfeste vil kyrkja lett verte bytte for nasjonalistiske og statlege målsetjingar.

Den heilage Anselm er også kjend som teolog; ikkje minst i sin refleksjon over Kristi forsoningsverk som ei ’fyllestgjering’ (satisfactio) for menneska sine synder. I skriftet ”Cur Deus Homo” (Kvifor vart Gud menneske) syner han at Gud i Kristus gjekk heilt inn i vårt liv nettopp for å ’gjere fyllest’, for å gjere soning for syndene våre. Dette synest ofte framandt for dagens menneske som ofte har lita kjensle av skuld, særleg overfor Gud. I den kristne livsrøynsla lærer ein å skjøne kor avgjerande det er at Kristus verkeleg har gjort opp for oss!

Eg trur den hl Anselm ville ha kjent seg att i den gamle songen frå bedehustradisjonen (som står i større gjeld til Anselm enn vi vanlegvis tenkjer over..):

”Det var en som var villig å dø i mitt sted / for at jeg skulle leve ved ham..!”

19
Apr
08

officium…

Laurdag, vike 4, 2. Responsorium (matutin)

”Sic præcebit nobis Dominus: Posui te in lucem gentium”

(”Dette er Herrens bod til oss: Eg har sett deg til eit ljos for folkeslag” Apgj 13, 47)

Israelitten Saulus vert apostelen Paulus – og sprengjer veg for Guds frelsesplan frå Israel ut til alle nasjonar. Han var framleis israellitt; for Guds misjon til heile verda låg gøymt i hans kall til Israel: ”Mot ditt ljos skal folkeslag fara… Øyar og strender ventar på meg” (Jes 60, 3 og 9).

Verda venta! Og apostelen som Gud hadde sett til ”eit ljos for folkeslag”, ”gjekk seg over sjø og land” og spurde alle: ”kvar høyrer du vel heime?” Han ville at alle skulle vite: Vi høyrer heime hos Gud. Vi er kalla til å hylle hans Messias! Fordi det er han verda er skapt ved. Fordi det er han som har overvunne maktene som held folka nede: døden, synda og demonens makt.

Gud har lagt noko av sin vilje og si meining inn i alt som er og særleg inn i tankane og samvita åt menneska. I alle lokale og nasjonale kulturar er der spor av Gud. Der er noko som bind menneska og nasjonane saman. Difor har det meining å arbeide for universell rett og rettferd og for at jorda -med sitt biologiske og zoologiske liv – skal vere vår felles heim. Medan vi ventar på den endelege fornyinga av ”himmel og jord” ved Kristi atterkome.

’Dei sameinte Nasjonane’ (SN/FN) og alle gode, internasjonale samarbeidstiltak er eit uttrykk for at Guds verd er éi! Som kristne skal vi ta dette på fullt alvor. Ein reint ”nasjonal kristendom” er ikkje kristendom. Kristi bodskap er universell.

Dess viktigare er det at menneske ikkje aktivt utelet Gud frå forståinga av dei universelle verdiane. Det vert stadig tydlegare at desse verdiane fell frå kvarandre dersom den teologiske og åndelege forankringa vert borte. Ikkje slik at trua på Gud og på Kristus må offisielt godkjennast av alle. Det ville vere i strid mot den menneskelege fridomen. Det avgjerande er at ikkje trua på Gud vert undertrykt og medvite fortrengt frå det internasjonale romet.

Som kristne veit vi at verda kviler i Herrens hand og at det er Kristus som er det eigentlege Lumen Gentium, Ljoset for folkeslaga!

Og kanskje er det fleire enn vi veit som anar det…?

17
Apr
08

officium…

Torsdag, vike 4, 1. Responsorium (matutin)

”Ecce, venio sicut fur, dicit Dominus, beatus qui vigilat, alleluja”

(”Sjå, eg kjem som ein tjuv, seier Herren, sæl er den som vaker, alleluja” Joh Op 16,15)

Opne vindauga! Slepp inn kald, frisk luft i andletet, i rommet der du er. Du vaknar, du legg merke til kven du er, kva som er rundt deg. Den lune, trygge kosen hadde sløva deg. Alt var på plass, trudde du. Kontroll, ingen overraskingar. Profesjonell. Safe. Venleg, smilande, alltid trivleg ( vel, av og til må ein heve røysta, vise kven som er sjefen, sette stolen på plass; det tener ikkje til noko å vere dumsnill…). Livet går min veg.

Korleis held vi oss vakne, så vi ikkje hamnar i denne storkna sjølvtilliten? Ta krisa når ho kjem! Lat det storme! Og sørg for å ha vener som ikkje berre applauderer og smiskar. Utan vener på likefot – ikkje eit hoff av ”omgangsvener” – misser vi gradvis evna til å sjå oss sjølve og røyndomen med eit vake blikk. Då slepp heller ikkje Gud inn. Då må han bryte seg inn, som ein tjuv. Når vi bråvaknar på den yttarste dagen og ser kven vi verkeleg har vore.

Det kristne mennesket er det vakne mennesket. Med alle sansar opne. Beatus qui vigilat, alleluja!

17
Apr
08

carpe diem…

Vi kjenner oss litt forlatne her i Roma, når «pappa» (papa Benedetto) er bortreist.

Og i dag tidleg var straumen gått i nærområdet, så det var for lite ljos til å syngje Laudes i den mørke kyrkja. Så ein bror frå Polen, ein frå Italia og eg resiterte tidebøna på ein benk i hagen. Romerske sporvar og finkar kvitra med i sitrontrea: «Laudate Dominum, quoniam bonum est psallere Deo nostro * quoniam iucundum est celebrare laudem!» (sal 147) – «Lovsyng Herren; for det er godt å syngje salmar for vår Gud; det sømer seg å syngje Laudes (lovsongar)»! Litt fritt omsett…

Dagen er i gang.

16
Apr
08

officium…

Onsdag, vike 4, vers (Non)

”Mane nobiscum, Domine, alleluja! Quoniam advesperascit, alleluja”

(”Ver hjå oss, alleluja. Det kveldar og dagen er på hell, alleluja”)

Vi kjenner Emmaus-vandrararne si bøn som liturgien brukar i dette korte svar-verset i Påsketida, etter ei lesing i ettermiddagens tidebøn, Non.

Dagen lid. Alt blir kveld her på jorda, her i livet. Skyminga mot Dødens store ”vesper” fell sakte, men sikkert innover vegane våre. Men mennesket er skapt for det som «vert verande»; vi hugsar paradiset, vi kan sjå over kanten til himlane.

Då kan vi seie til Den ukjende som har nådd oss att, som går saman med oss, som får hjarto våre til å gløde og brenne fordi han opnar Den store forteljinga, Skriftene, for oss; talar om ein dag etter kvelden, om ei oppstode etter døden: -Ver hjå oss! Når du er saman med oss, vert livet, fellesskapen, venskapen, kjærleiken, landskapa rundt oss, ikkje borte.

Når du bryt brødet, vert alt forvandla og du vert usynleg fordi du er nær i alle ting. Og vi skjønar at med Deg var også Faderen her, han som ein gong skal fylle alt i alle; og Anden, som er Herre og Livgjevar og som fornyar andletet åt jorda. Du slo deg ned hjå oss, slik du tok inn hjå Abraham og Sara og heldt måltid under terebintetreet.

Denne kvelden som ville ta alt frå meg, vart eit morgon! Og eg veit: ”Det som var så bittert, har har vorte til fred for meg. Du har spart mitt liv..” (Jes 38,17), alleluja !

15
Apr
08

artiklar…

prenta i «Klassekampen», «Signert»-spalten, sist laurdag….

UT AV SJENANSEN

Av bror Arnfinn Haram

Nettboka åt Jon Michelet burde vore utgjeven som vanleg bok, seier Espen Stueland i sin omtale her i Klassekampen nyleg. Kvifor valde forfattaren å ikkje gjere det, undrar Stueland. ”Kan det skyldes genanse over at den er så utleverende, full av engstelse og uro?”, spør han.

Ja, det kan nok vere – men uro og angst over kva? Sjølvsagt over det å utlevere seg; sjukdomen, tankane på døden, nedbrytinga av eins egen kropp. Men ingen ting av dette er det heilt uvanleg å skrive om. Derimot har det lenge vore uvanleg å skrive om sjukdom, kropp og død i møtet med det som kanskje kjem etter døden. For det er ikkje minst det boka åt Michelet handlar om. Det er ei bok om metafysikk, om tru, om Gud, om bøn og æveleg liv. Sjølv om Michelet ikkje greier å tru, greier han å skrive ei bok om sterkt tabuiserte tema i notidig litteratur. Han er sjenert – men han overvinn sjenansen.

Stueland likar boka og det er modig berre å innrømme det. Men å gå nærare inn på Michelet sine eksplisitte, religiøse tema, vert for sjenerande. Det gode med både boka og bokmeldinga er at vi etterkvart kan få ein samtale om kvifor metafysiske og telogiske emne er blitt så plagsame i den ”korrekte” kulturen. Kvifor all denne sjenansen over tema som til overmål fyller kulturhistioria; i litteraturen, i musikken, i biletkunsten? Kvifor er det i Noreg meir sjenerande å snakke om Gud enn å gå naken på gata?

Både Stueland og andre er nok letta over at Michelet forblir ateist og tru mot si vantru. Kor sjenerande ville det ikkje elles ha vorte? Det er ei heilt skvær sak å vere vantru. Samstundes syner boka åt Michelet ei nok så urealistisk forventing om kor raskt og greitt trusspørsmålet let seg avklåre dersom ein lenge og vel har vore ein innbarka ateist. Det er svært få av våre overtydingar som berre sit hovudet; dei sit i kroppen og i livskjensla. Det har funnest tider då byars ”vestkantfolk” knapt nok kunne førestelle seg at det fanst folk på ”austkanten”. Dei hadde aldri vore der.

”Religiøst engasjement” er ikkje noko ein kan la seg ”fyre opp” til – slik Stueland formulerer det. Like lite som å lese ei bok eller forstå musikk. Å gjenoppdage trua – om ikkje for å tru, så i det minste for å kunne ta stilling til trua – er ikkje gjort over natta. I vår kultur har kunnskap om teologi og spiritualitet vore møysommeleg fortrengt over lang tid. Religiøs ”erfaring”, både vår eigen og den åt andre, har vorte noko eksotisk og pussig. Er ikkje boka åt Michelet i høg grad ei forteljing om uventa og forundrande møte med truande menneske? Som han våga å sleppe inn på seg fordi sjukdomen og døden hadde brote hol i panseret?

Èin ting er det å skrive om død, sjukdom og angst. Noko anna er det å eksponere tyngden av åndelege og moralsk innhald i desse orda. Det er der motet sviktar. Det er då sjenansen melder seg. Hjå forfattarar og kritikarar. Helse, harmoni, smerte, medisinering, pleie – det vågar vi å snakke om. Men det som er ”etterpå” – eller kanskje etterpå – det har vi dyssa ned. Vi har bytt ut Kristus med Epikur og trudd hans devise: ”Når eg er, er ikkje døden. Når døden er, er ikkje eg.”

Michelet seier at han stadig er samd i dette. Men han har tillate seg å ikkje vere heilt sikker ei stund. Det kan vere fårleg nok.

15
Apr
08

officium…

Måndag, vike 4, 1. Responsorium (matutin)

”Felix sacramentum aquae!” (”Lukkelege vatn-sakrament”..)

I denne liturgiske teksten i Påske-tida høyrer vi ein atterklang av den gamle kyrkja si glede over dåpssakramentet.. Her i Roma ser eg for meg dei oldkyrkjelege basilikaene – som Sta Maria Maggiore, der det svære ”baptisteriet”, det runde dåpsbassenget, er teke vare på. Med trappetrin rundt heile så dei oldkyrkjelege dåpskandiadatane kunne stige heilt ned i vatnet. Så steig dei opp or vatnet, vart ikledde sin ”alba” (den kvite drakta), vart salva med krisma (som i Kristus…) over heile kroppen og mottok så seinare i messa eukaristien (nattverden) saman med alle dei andre ”Christifedeles”; dei Kristtrugne, dei truande.

Ei grense var passert, dei hadde gått gjennom Det raude havet liksom Guds fyrste folk, dei kom inn i landet med mjølk og honning, inn i Kyrkja, dei hadde teke til på eit nytt liv. Felix sacramentum aquae! Å bli døypt, var ei stort privilegium; du hadde gjennomført katekumenatet, du hadde omstilt livet ditt, kanskje skifta yrke, teke ein stor risiko. Du var blitt ein kristen.

Vi har mist noko av denne oldkyrkjelege kjensla av det å vere døypte. Dåpen er blitt noko for borna; og meir og meir berre forstått som ei vakker velsigningshandling.. Ofte lausrive frå livet i kyrkja, frå nattverdfeiringa, frå disippelskapet; det å vere Jesu Kristi læresvein.

Å vere døypt,er å tilhøyre Kristus ”med hud og hår”. Kristendom er ikkje berre det åndelege; det er også det kroppslege. Noko er hendt med heile deg. Vatnet har omslutta deg, kropp og sjel er blitt overskylde. Guds Ande har sveva over livet ditt som på på den fyrste skapingsdagen. Du er eit nytt menneske. Felix sacramentum aque!

13
Apr
08

nota bene…

«BUKK FRA LUFTEN, BUKK FRA BUNDEN..»
-om «statskyrkjeforliket»

Framtida for «Den norske kyrkja» og statskyrkjerordninga vedkjem oss alle. Det er utan tvil ei historisk hending at politikarane no er «forlikte» om å gje slepp på statleg utnemning av «Den norske kyrkja» sine toppleiarar. Denne utnemningsretten er det aller viktigaste «maktpunktet».

Men ting kan tyde på at gåva har ein prislapp: Ei styrking av det såkalla «kyrkjelege demokratiet». Her legg ein m a opp til at fleire av statskyrkja sine medlemer skal ta del i dei kyrkjelege vala. I den til no rådande ordninga har vala i hovudsak vore knytte til gudstenesta. Det er ikkje tilfeldig, men har ei klår teologisk grunngjeving – som både politiske og kyrkjelege instansar no synest å oversjå: Det er det gudstenestefeirande gudsfolket som agerer ved dei kyrkjelege vala. Det er dette som også kjem til uttrykk i gamle ordinasjonsritual der folket blir konsultert om korvidt det fins hindringar for ordinasjonen, og elles ytrar si tilslutning ved akklamasjon eller på annan måte. Ei slik konsultering er stadig førutsett i t d den katolske ordinasjonsordninga.

Det «folket» som er aktivt i det kyrkjelege «folkestyret», er altså det praktiserande gudsfolket. Minimum av «praksis» er å vere tilstades ved gudstenesteferinga; i prinsippet bør ein vere ein fullt kommuniserande (med-)lem i kyrkja.

Det er denne grunntanken ein no kan sjå ut til å vinke farvel til i «Den norske kyrkja» – ved å vilje massemobilisere flest mogeleg nominelle kyrkjemedlemer. Det er klårt at dersom desse vala vert politiserte – kyrkjepolitisk og-/eller partipolitisk – vil dei få innverknad på statskyrkja sin trusmessige og etiske profil. Politikarane endrar altså taktikk: Det grepet ein no kanskje må gje frå seg når det gjeld statskyrkja sitt toppsjikt, vil ein ta att ved eit sterkare grep på grunnplanet.

Folkeleg oppslutning om kyrkja – og det gjeld for alle kyrkjesamfunn! – kan ikkje i dag sikrast gjennom politiske valordningar, men gjennom ei auka og verkeleg oppslutning om den trua og den bodskapen kyrkja forkynner. Alt anna er «strutsepolitikk». For ikkje å seie «bukkeritt»!

PS: Les elles «Klassekampen»s (!) vettuge kommentar på leiarplass i går, laurdag 12/4-08

12
Apr
08

officium…

Fredag, vike 3, sal 135 (vesper)

«Alt han vil, det gjer han, i himmelen og på jorda» (v 6)

Israels lovsongar har alltid to store hovudtema: At Gud er Skaparen og opphaldaren av himmel og jord – og at han er Forløysaren som friar ut folket sitt og lærer det sine vegar.

Korleis kan vi forstå at Gud med makt måtte føre Israel ut av Egypt og gje det dei gamle landområda i Kanaan tilbake? Sjølv om nordmenn kvar ”17.mai” syng: ’Har den Herre stille lempet/så vi vant vår rett” – er det ikkje lenger sjølsagt at Gud kan takast til inntekt for nasjonale frigjeringskampar.

Men Gud går inn i den faktiske historia. Israels tid var ei tid då folk frigjorde seg frå eksil og tyrannar. Ei tid då stammar og små bysamfunn vart angripne og måtte vike plassen for andre. Dei israelittiske stammane var som andre; dei vann seg land og vart verande der så lenge dei kunne.

Med desse stammane, dette vesle folket, hadde Gud ein plan. Det skulle halde fram. Det skulle fostre profetar. Det skulle leve etter lover. Det skulle tilbe Ein Gud. Det skulle omsider gje verda Jesus frå Nasaret; Israels Messias, Ljoset for folkeslaga, Ordet som vart kjøt..

Nokon meiner at verda ikkje hadde tapt noko på å sleppe arven etter dette folket og deira krasse historie. Har du tenkt over fylgjene av det? Lovsong krev stundom ettertanke…




kategoriar