Arkiv for august 2009

27
Aug
09

carpe diem: helg, blogg etc…

I dag reiser eg til fjells  for å leie ein retrett (retreat) for katolske studentar (og andre) – på Skirva i Tinn! Messe og tidebøner,  bibelforedrag, fjelltur, stille tid, fellesskap… Blir fint. Så det blir nok litt bloggpause frå i dag til sundag kveld. Kjem tilbake i bloggen med tankar om integrering, gettoar, val etc… God helg!

27
Aug
09

officium: Torsdag, 21. vike i det allmenne året, Jer 3,1-5; 19 – 4,4 (matutin)

”Berre vedgå di skuld” (3,13)

Gud lengtar etter å tilgje, etter at Israel skal kome tilbake til han. Men det førutset truskap mot sanninga. Inga forsoning utan innsikt om at vi har krenkt det som er heilagt: Gud, medmenneske, oss sjølve. Den saksvarande innsikten: ”Det du gjorde, var vondt, og det til gagns!” (v 5).

Til all lukke vil Guds tilgjeving alltid overgå vår evne og vilje til anger og sjølvinnsikt. Han  lengtar meir etter oss enn vi ofte gjer etter han. ”Eg tenkte de ville kalla meg far og aldri venda dykk bort frå meg”, seier Herren (3,19).

Gud gjev ikkje opp sine voner for oss. Mot alle odds. Difor nyttar det å vende om, å vende tilbake. Berre vedgå di skuld.

26
Aug
09

officium: Onsdag, 21. vike i det allmenne året, Jeremia 2, 1-25 (matutin)

”..fordi du gjekk bort frå Herren din Gud den tid han førte deg på vegen” (v 17)

Jeremia – den gråtande profeten. Ein typos på den lidande Messias. Han går i rette med folket for deira fråfall, men tek tragedien, opprøret og smerten opp i seg.  Han refser, men vi kan merke den såra kjærleiken i orda hans. Han er profeten, ikkje berre med Guds Ord, men med Guds hjarte.

Ingen ting er meir lagnadstungt og drastisk for eit folk og for eit menneske enn å gå bort frå Herren sin Gud. Det medvitne, overlagde brotet. Du sa: ”Eg vil ikkje tena deg lenger” (v 20). Tydeleg. Undervegs med Gud; han har funne deg, han har fylgt deg, du gjeng saman med han. Så slepp du taket. Vender deg bort. Går bort. For kvart steg aukar avstanden.

Berre to vegar no: Bort – eller tilbake.

23
Aug
09

homiletica: 21. sundag i det allm. året, St Dominikus krk., Joh 6, 60-69

Kjære brør og systre!

Vi tala sist sundag om at Jesu forkynning om seg sjølv som det levande brødet var ei utfordring til tru og vedkjenning. Han ville at dei som høyrde på og han og fylgde med han, skulle ta stilling, skulle gjere eit val. Som vi høyrde Josva sa det då han utfordra Israel som stod på dørstokken til det lova landet, på Jordans breidd; han stilte dei på val og sa: Har dere imot å tjene Herren, så velg i dag hvem dere vil tjene. Du ikkje vere kristen. Du ikkje vere katolikk. Dersom du synst at kristendomen og det med kyrkja er for drygt: Let go! Du er fri. Du kan velje.

Nettopp i dagens evangelium høyrer vi at Jesus reknar trua som ei vedkjenneande tru, som ei tydeleg og uttala tru. Ofte har vi i vår kultur idealisert det nølande og usikre og hylla tvilen. Stadig ser vi når det er snakk om tru og religion; å tru er dumt, å tvile er fint. Det er sant at Gud ikkje knekkjer det brostne strået elller sløkkjer den rykande veiken; det minste teikn til og den minste vilje til tru oppmuntrar han, tek han i mot.

Men er det likevel slik at vi brukar nølinga og det utydelege for å  skjule oss, brukar det til å skuve utfordringa frå oss? Dersom vi har vanskar med å tru; lat oss då ta fatt i det på ein konstruktiv måte, gjere noko med de, ikkje berre surre rundt i rundkøyringa utan å velje retning. Dersom vi slit med å tru, så lat oss seie som høvedsmannen: Herre, eg trur! Hjelp meg i mi vantru! Trua er eit dristig sprang, noko som overskrid våre menneskelege evner. Ånden er det som gir liv, kjøtt og blod er til ingen nytte, sa Jeus. Då han tala om å ta i mot hans ord, hans harde, utålelege tale. Og han held fram: Derfor var det også jeg sa til dere at ingen kan komme til meg uten at Faderen gir ham det i gave. Som den heilage Paulus seier: Ingen kan seia: ’Jesus er Herre!’, utan i Den Heilage Ande”(1 Kor 12,3).

Guds folk er eit vedkjennande folk. Det veit kvar det står: Jeg og min ætt, vi vil tjene Herren” sa Josva. Israel var Guds folk, men trua var ikkje noko sjølsagt, det var noko som måtte fornyast og uttrykkjast stadig på nytt. I den nye pakta, i kyrkja, er ikkje trua i det heile tatt knytt til nasjonalitet, til rase, til stamme. Kyrkja er eit folk av alle folk, ein nasjon av alle nasjonar, eit folk av vedkjennarar.

Vi ser det tydeleg i kyrkja sine gamle initiasjonsriter: Katekumenen blir uttrykkjeleg spurt om han vil gå vegen, om han er beredt til å fylgje Kristus. Og når han etter lang tids skulering og trening står ved døypefonten, blir han spurt: Forsakar du? Trur du? Der og då må han istemme kyrkja sitt Credo. Så blir han døypt. Slik var det i oldkyrkja. Slik blir det meir og meir også i vår tid. Massekristendomens tid er forbi.

Brør og systre! Alle som berre heng med i kyrkja av nasjonale og såkalla kulturelle grunnar, vil – i den tida vi lever i – stå i fare for falle av lasset når det røyner på, når presset blir stort. Det er stadig mykje snakk om kristne ”verdiar”, ”tradisjonar” og ”spiritualitet”. Vel og bra. Men framtidas kristne, framtidas katolikkar, vil vere kristne som kan sitt Credo, som lever ut dei nådegåvene og den utrustinga dei mottok i ferminga, som lar seg nære av evkaristien, som lar seg opplyse av Ordet. Framtidas kristne vil vere kristne som har eit teologisk fundament, som er liturgisk aktive og lever med i messa, som er diakonalt solidariske og sosialt innstilte. Som vågar å forplikte seg.

Eg veit kven eg trur på, seier Paulus. Vi trur og vi veit at du er Guds Heilage, sa Peter, på vegne av apostlane, på vegne av alle truande. Vi lever i ei tid då vi må gjere opp vårt bo, vite kva vi vil. Bror og syster:

Har du mot å følge Kristus hva det enn skal koste deg?/ Har du mot når verden håner og til motstand reiser seg?

I namnet åt Faderen og Sonen + og Den Heilage Ande. Amen.

21
Aug
09

officium: Fredag, 20. vike i det allmenne året, Jes 30, 1-18 (matutin)

”Lat oss vera i fred for Israels Heilage” (v 12)

Det kunne vere ei oppsummering av haldninga til tru og kyrkje i eit land som vårt. Tru inneber å sleppe Gud inn på seg. Særleg viss det er ei tru som eg ikkje sjølv rår over, ei tru som eg kan forme ettersom det passar meg. Kyrkja si tru.

Held vi kyrkja på avstand, er det òg lettare å halde Gud på avstand. Stundom, når eg går på gata i mi ordensdrakt, merkar eg at folk eg møter, i ein lynrask augneblink blir råka av tanken på Gud. Uforvarande. Nesten irriterande. Vanlegvis er det ytre romet i vårt samfunn heilt fritt frå slikt som kan minne menneska om Gud.

Å vere i fred for Gud. Den fråfalnes fred.

20
Aug
09

Torsdag, 20. vike i det allmenne året, Jes 11,1-17 (matutin)

”For landet er fylt av kunnskap om Herren, liksom vatnet dekkjer havsens botn” (v 9)

Slik er Guds-kunnskapen. Ikkje eit påtvunge regelverk, noko framandt og snevert. Men som eit hav, djupt og fullt av liv. Omfattande, ein overflod. Noko som er der heile tida. Noko du høyrer heime i. Ditt rette element.

Skaparverket turkar ut når Guds-kunnskapen blir borte. Andre tankar, annan kunnskap kjem i staden. Tankar som held Gud borte frå skapningen. Kunnskap som splittar og fragmenterer, som lærer oss korleis vi skal kontrollere, nyte og forbruke livet; kroppsleg, sosialt, økologisk.

Landet kjenner seg att i Guds-kunnskapen, i Ordet og i bøna. Det Ordet som skapte alt og som gjev skapningen form og meining. Utan Guds-kunnskapen turkar verda og mennesket ut, og landet vert The Waste Land, Det golde Landet.

Med Messias kjem fylden av Guds-kunnskapen tilbake til verda.

18
Aug
09

homiletica: 20. sundag i det allmenne året, 16/8-09, St Dominikus krk, Joh 6, 51-58

sist sundags preike/homilie. Sitat frå tekstane som vart lesne i liturgien, fylgjer lektionariet. Andre sitat er frå den nynorske bibelen…

Kjære brør og systre!

Vi høyrer svært ofte at kristendom eigentleg handlar om ”Jesu enkle lære”, og at kyrkja, ikkje minst den katolske, har omgjort henne til eit tungt dogmatisk system.
Men dette stemmer i alle fall ikkje med det vi høyrer i evangeliet i dag, eller med Johannes-evangeliet i det heile. I den tette teksten, henta frå Jesu tale i ein synagoge, kan vi spore ein heil serie med påstandaar om Jesu person og gjerning, påstandar som er tunge av trusinnhald, ja, av dogma.

For det fyrste:
Jesus er Menneskesonen, ein himmelsk skikkelse; han er guddomleg, pre-eksistent, han har alltid vore; han er det levende brød som kommer ned fra himmelen. Altså ikkje berre ein jordisk profet eller vismann. Det er Faderen, den Levende, som har sendt meg, [og som] det er ham jeg har mitt liv fra..seier Jesus. På talarstolen i synagoga står han som er Gud av Gud og Ljos av ljos; sann Gud av den sanne Gud (Nicenum).

For det andre:
Han er dessutan eineståande, han er Verdas Frelsar! Den éine, ikkje éin av mange. Det er samfunnet med han som gjev evig liv: Dersom dere ikke spiser Menneskesønnens legeme og drikker hans blod, finnes heller ikke liv i dere. Som han seier ein annan plass i Johannesevangeliet: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg (Joh 14,6).

For det tredje:
Han talar om evakaristien, nattverden, som sin kropp og sitt blod, på ein veldig konkret måte: Den som spiser mitt legeme og drikker mitt blod, han blir i meg og jeg i ham. Som vi kjenner det frå nattverdens forvandlingsord: Tak dette og ét det, det er min lekam... Her kan vi verkeleg tale om realpresens; at det evkaristiske brødet, nattverdsbrødet, verkeleg er Kristi kropp, og kalken verkeleg Kristi blod.

For det fjerde:
Jesu tale om dette viser oss også at han ser seg sjølv som eit offer for våre synder: Mitt eget legeme, hengitt for verden. «Hengitt for» – det er offerspråk. Sanneleg, seier profeten Jesaja om Messias; våre sjukdomar tok han på seg, og våre pinsler bar han… Straffa låg på han så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom (Jes 53, 4-5). Det er dette offeret vi stadig på nytt feirar i messa og som nærer vårt liv. Han bar det vi ikkje makta å bere. Han er Lammet qui tollis peccata mundi, som tar bort verda si synd, som gir open veg, som gir blanke ark!

For det femte:
Ikkje minst høyrer vi i evangeliet i dag at tru på Kristus handlar om den kroppslege/lekamlege oppstoda, oppstoda av kjøtet, som det heiter i Credo. Den som spiser mitt legeme og drikker mitt blod, han får evig liv, og ham vil jeg oppreise på den ytterste dag. Det handlar om kroppen; Kristi kropp og vår kropp. Den kristne vona er ikkje berre åndeleg, ho er også kroppsleg, fysisk, materiell.

Kva peikar heile denne Jesu tale, denne undervisinga, fram mot? Jau, mot stillingstaking, mot vedkjenning. Jesus utfordrar tilhøyrararne til å ta stilling til hans ord, til kven han er. Hans ord vakte reaksjonar: Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde dette: ’Dette er harde ord. Kven kan høyra på slikt?» Og mange tilhøyrarar og tilhengarar og sympatisørar forlet han. Så stod han der med ein flokk og sa: Vil de óg gå bort? (v 67).

Då svarar Peter. Han vedkjenner det som er den kristne trua, den katolske trua, kyrkja si trua: Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord og vi trur og vi veit at du er Guds Heilage (v 68-69). Altså Messias, Guds Son,

Brør og systre! Vi er alle kalla til å vedkjenne den fullstendige katolske trua! Kanskje blir vi ikkje martyrar, men i vår tid er det vårt kall å vere confessores, vedkjennarar! La det bli tydeleg kva du står for, kva du trur på. Vi kan ikkje overlate formidlinga av trua til prestane og og ordensfolket. Som katolsk kristen er du døypt og ferma til å vere apostel, og dermed til å vedkjenne den apostoliske trua, trua på han som er Guds Heilage og som har det evige livs ord! Ein diskret, anonym og pynteleg katolsk eksistens tar ikkje høgde for det som trengs i dag. Vi skal ikkje prakke trua på andre, men, sant å seie, trur eg ikkje det er den store risikoen for oss som er her.

I grunnen er det berre å vite kvar du sjølv står, kva som ber ditt liv. At du, trass alt, kan seie: -Dersom eg skulle forlate Kristus; kven skulle eg gå til? Han har det evige livs ord!

Som vi song i den bibelske inngangssalmen i messa: Herre, du er mitt vern/i din ære finner jeg all min kraft!”

18
Aug
09

officium: Måndag, 20. vike i det allmenne året, Jesaja 7, 1-17 (matutin)

”Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd og miss ikkje motet…” (v 4)

Juda-riket skalv for sine fiendar. Dei destruktive kreftene får oss stundom til å skjelve, særleg om vi veit at dei også har makt inni oss. Panikk, tankelause framstøytar eller lammande fortviling veltar over oss.

I staden er det då tid for å puste langsamt, hente seg inn og bryte med dårlege vanar og praksisar, gjere dei gode tinga i bøn og arbeid med ny merksemd. Gå til skriftemål. Rett opp livet ditt. Det kan du rå med. Alt det trugande, umogelege, stengde – det gjev du til Gud. Og let det bli der, i hans verkstad.

Den trua profetane stadig kalla Israel til å leve i, har også denne defensive, avventande, vaktsame sida. Trua som kjenner menneskets veikskap. Og Guds styrke. Det er nok når det er krise

For: ”Er Gud for oss, kven er då i mot oss?” (Rom 8,31)

15
Aug
09

discursus: Eusebius» bilete av oldkyrkja

Eg les litt i Eusebius (f 260) si kyrkjehistorie for tida. I introduksjonskapitlet i den utgåva eg les, seier omsetjaren noko det er verdt å merkje seg:

Mange av oss i dette landet [England, min merkn.] vaks opp med den overtydinga at dei tidlege kristne hadde svært enkle trussatsar, ei primitiv organisasjonsform og ein fullstendig mangel på liturgisk seremoniell. Ein studie av Eusebius vil gjere det meir enn tydeleg at vi har blitt kraftig bløffa. Ikkje berre i det Eusebius sjølv fastslær, men óg vitnemålet frå andre tidlege autoritetar som han påropar seg, syner oss at kyrkja åt dei fyrste generasjonane av kristne var slik at ein notidig anglikanar ville kjenne att dei fleste ideane og praksisane som han er van med. Vi vil finne den same sondringa mellom geistlege og lekfolk, den same opdelinga av kleresiet i den trefaldige embetsordninga med biskopar, presbyterar og diakonar, den same praktiseringa av biskopleg ordinasjon og konsekrasjon, den same insisteringa på apostolisk suksesjon og på at det er Kristus som har innstifta Den heilage, katolske og apostoliske kyrkja.


Vi vil finne oppdelinga av dei kristne områda i bispedøme og erkebispedøme, presiderte over- og styrde av hølgt respekterte biskopar. Vart ikkje Jakob, Herrens bror, berre nokre få dagar etter Frelsarens død, innsett på Jerusalems biskoplege trone. og forretta han ikkje den heiage tenesta i presteleg skrud? Og var ikkje Johannes, den læresveinen Jesus elska, ’ein offerprest, kledd i mitra’?

Eusebius kyrkjehistorie er ei tidleg og viktig kjelde til kunnskap om den tidlege kyrkja. Historisteten tilfredssteller sikkert ikkje moderne vitskaplege kriteriar på alle måtar. Likevel gjev boka eit bilete av korleis samtida såg på kyrkja og det kyrkjelege livet. Dette syner oss, som mange andre skrifter og kjelder frå oldtida, at mange gjengse førestellingar må reviderast. Ei kyrkje utan dogmer, utan liturgi, sakrament, embete og ytre ordningar, er eit fantom frå den liberale teologiens tid; delvis ein arv frå reformasjonen og dessverre overteken også av mykje av vekkjingskristendomen og frikyrkjene.

Som ein liten smakebit frå Eusebius, kan vi lese noko av hans skildring frå vigsla av den atterreiste katedralen i Tyrus i Fønikia. Etter sjølve skildringa legg han ved si eiga preike (utan direkte å seie at det er hans) ved festen – ei preike som var skriven på førehand og som det ville ta minst ein time å framføre! Staseleg liturgi var altså ikkje ukjent i oldtida, men heller ikkje lange preiker..

Der var ein kraft frå den guddomlege Anden som rann gjennom alle lemene; ei sjel i dei alle, den samen entusiasmen for trua, ein hymne av lovprising på alles lipper. Ja, og våre leiarar utførde seremoniane med full praktutfalding, og det vigsla presteskapet forvalta sakramenta og dei majestetiske ritane åt kyrkja; stundom med med song av salmar og resitasjon av bøner, gjevne oss av Gud, stundom med å forrette dei guddomlege og mystiske innstiftingane; medan dei underfulle bileta av Frelsarens liding truna over det heile.

Og heile det truande folket – av alle aldrar, menn og kvinner, med alle sine sjelskrefter, jublande i sjel og hjarta, med bøner og lovprisingar – gav ære til Gud sjølv, han som er opphavsmannen til deira glede og lukke. Kvar og éin av dei prelatane som var tilstades, preika til kveik for den store forsamlinga, alt etter evne.

(Eusebius: The History of the Church from Christ to Constantine, by G.A. Williamson, 1976, Penguin)

14
Aug
09

officium: Fredag, 19. vike i det allmenne året, Mika 6 (matutin)

”…og ferdast audmjukt med din Gud” (v 8 )

Slik sluttar Mika den livsregelen han tilrår; ”kva som godt er”. Rettferd og trufast kjærleik i høve til menneska, men òg ein verkeleg relasjon til Gud.

Gud – som ein å ferdast med. Ikkje eit arbeidsmøte, ikkje eit styremøte, ikkje eit seminar, men ei vandring. Du og Gud saman på vegen. For å halde ut, for å nå fram, for å tale med kvarandre.

På likefot med Gud, vandraren.

13
Aug
09

officium: Torsdag, 19. vike i det allmenne året, Mika 5 (matutin)”Som ei regnskur på gras” (v 6)

”Som ei regnskur på gras” (v 6)

Den som har gått gjennom ei eng etter regnvêr, veit det. Angen av det reine, det veksande, det nærande. Liv frå jord og himmel.

Slik angar det av ”Jakobs rest”, av dei trufaste i Herrens folk. Dei som djuapst sett ber kyrkja og verda. Dei har mange namn i Skrifta: Dei fatige. Dei stille i landet. Fatige, fordi dei er rike i Gud. Stille, ikkje fordi dei er forsagte og feige, men fordi dei hentar all sin styrke frå det intime samfunnet med Gud. ”Dei ventar ikkje på nokon mann og vonar ikkje på menneske” (v 6).

Stå stille stundom. Vent på regnet. På Gud.

12
Aug
09

officium: Onsdag, 19. vike i det allmenne året, Mika 4, 1-7 (matutin)

”For frå Sion skal lovlæra gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem” (v 2)

Sion er tempelberget. Gud har sett sin fot i verda. Han har openberra seg, gjeve oss eit fast punkt. Verda – både sosialt og økologisk – har ein grunnvoll, eit senter, ein konstitusjon. Utfrå dette senteret spreier retten, freden og harmonien seg. Den solide tryggleiken som gjer at ”alle kan sitja under sitt vintre og sitt fikentre” (v 4), slik orientalaren drøymer om det gode livet.

Guds openberring i Israel og i kyrkja er eit haldepunkt, ein målestav, ein standard som gjer at kosmos ikkje er kaos, både i det enorme universet og under det heimlege fikentreet. Der er ei hand som held om verda, der er ein mening som let seg finne.

Kaoskreftene trugar livet vårt. Men Guds masterplan er sterkare.

11
Aug
09

officium: Tysdag, 19. vike i det allmenne året, Mika 3 (matutin)

”Men eg er full av styrke, av Herrens Ande, av rett og kraft” (v 8).

Difor kan profeten ”tala til Jakob om hans brot, til Israel om hans synd” (v 8). Dei feige profetane forkynner ”fred og lukke berre dei får noko å tyggja på” ( v 35).

Desse to typane av hyrdingar og forkynnarar kjenner vi att gjennom heile historia åt gudsfolket, i Israel og i kyrkja. Når ein forkynnar tek til å drage seg unna Gud, sloknar bodskapen i munnen hans.

Styrke, rett og kraft fær berre den forkynnaren som sjølv opnar livet sitt for Herren. Den som kan seie: ”Om eg sit i mørker, er Herren mitt ljos” (7,8).

10
Aug
09

officium: Måndag, 19. vike i det allmenne året, Hos 14 (matutin)

”Eg er som ein grøn sypress, frå meg skal frukta di koma” (v 9)

Alltid vil kontrasten mellom oss og Gud melde seg når vi nærmar oss han. Slik vil det vere, fordi mennesket har, i sin natur og sine handlingar, så mange svin på skogen. Det er lite konstruktivt å la det bli med dette. Det kan overvinnast ved Guds nåde i Jesus Kristus, i oppgjer og skriftemål, i sjelsorg og god rettleiing.

Då kan vi sjå kva Gud eigentleg vil vere for oss: Ei livskjelde, ei vekstkraft. Hjå Hoseas har Guds aktive, søkjande kjærleik mange namn. Den grøne sypressen – er ikkje det eit av dei vakraste? Eller kanskje det som står like før i teksten: Eg vil vera som dogg for Israel” (v 6).

Eg treng det i dag. Sypressen og dogga.

08
Aug
09

discursus: Den hl Dominikus og hans preikebrør.

Sidan det idag, 8. August , er festen for den hl Dominikus (1170-12221), grunnlegjaren av dominikanarordenen, lanserer eg dette sitatet frå ei bok om mellomalderhistorie eg les inni mellom. Det er ikkje ei kyrkjehistorisk bok, men ei allmenn historisk framstelling av livet i epoken. Tiggarordnane eksploderte i oppslutning på 1200-talet og dei blei ein uunngåeleg og dominerande del av samfunsbiletet, både i dei breie laga av folket og på det akademiske området. Ikkje minst galdt dette dominikanarane; Ordo fratrum prædicatorum (Preikebror-ordenen) som det offisielle namnet (forkorta: o.p.).

Teksten seier noko om den prestisjen og kvaliteten dei nye ordnane stod for. Ideala er stadig dei same og livsforma liknar i merkeleg høg grad det vi her får skildra. Sjølv om –élas – intensiteten og disiplinen vekslar, både individuelt og kollektivt, ,i løpet av ei så lang historie.

Den framtidige dominikanaren gjer fyrst eit langt novisiat. Denne tida forblir i han i klausuren og vigjer seg til grundige teologiske studiar. Etter sine første lovnader (lydnad, fatigdom, reinleik) trer han inn i eit kloster det han held fram sine studiar og mottek dei høgre ordinasjonsgradene (diakon og prest). Deretter deler han livet sitt mellom studium, meditasjon, undervising, administrasjon og aksjon, sjelesorg, forkynning på lange preikeferder eller i byane. Alt medan han praktserer streng fatigdom, faste eller anna sjølvtukt som materialiserer bota og forsakinga han er kalla til.

Kledde i premonstratensarane sin kvite habitt med den svarte kappa åt dei spanske kannikane utanpå, styrte også desse spesielle og strikte preikebrørne universiteta – takka vere si teoretiske utdanning – og framskaffa mellomalderens største lærde: Albert den store og Thomas Aquinas.

(Robert Delort: La vie au Moyen Âge, Paris 1982 s 196-97. Sitatet er omsett  frå fransk.)

07
Aug
09

officium: Fredag, 18. vike i det allmenne året, Hos 2 (matutin)

”Sjå, eg vil lokka henne, føre henne ut i øydemarka og tala venleg til henne” (v 14)

Kjærleiken og truskapen treng stundom tilbakedraging og einsemd for å bli gjenoppdaga og fornya. Berre du og den du elskar. Berre du og din Gud. Han må lokke deg; ei røyst som seier at dersom han blir borte, vil du bli som ein død mellom dei levande. Livet blir ei- eller fleire roller som du må spele. Til tida er ute.

I øydemarka gjorde Gud og Israel pakt; der kan kan folket, hans brud, møte att sin fyrste kjærleik

Øydemarka – det er når du har skrella bort alt det andre. Der vil du oppdage at du treng Gud meir enn han treng deg. Mange menneske er døde når dei døyr. Lat deg lokke av din Skapar, før du gløymer det.

06
Aug
09

officium: Torsdag, 18. vike i det allmenne året, Hosea 1,1-9; 3,1-5 (matutin)

”Landet er sanneleg trulaust og fylgjer ikkje Herren” (1,2)

Pakta mellom Israel og Herren var meir enn ein formell kotrakt, ei juridisk forplikting. Hosea forkynner at det er ei truskaps- og kjærleikspakt. Gud er ikkje business-mann, han er elskar og ektefelle. Utruskap er eit djupt personleg tillitsbrot. Fråfall, apostasi, er det yttarste brotet med Gud.

Vi er blitt så vane med fornektinga at vi ikkje lenger har noko kjensle av kor radikalt det er. Vi må leve med at menneske og samfunn lausriv seg frå trua på Gud, frå hans bod og vilje. Gud vil ha frie etterfylgjarar. Kjærleik som svar på kjærleik.

Likevel: Bør vi ikkje våge seie det som det er? Reine ord er frigjerande.

05
Aug
09

carpe diem: Austover

I dag, onsdag, har eg vore på returreis til Oslo. Expressbussen frå Sunnmøre og Nordfjord. Med sykkel, sekk og sykkelveske som bagasje. Frå ende til anna var det norske landskapet på sitt vakraste: Blanke fjordar og vatn på vestsida, oppragande tunge Nordfjord-fjell framover frå Stryn, lysande brear kvelver seg, fossane heng utover hamrane, lier og marker skin grønt. Ur-Vestlandet.

Nedfrå fjellet ved Grotil og Pollfoss er alt lett og friskt, elvane er store, strøymande og reine; vi kjem ned i Ottadalen og Gudbrandsalen med sin rike byggningskultur, med tjukk gran- og fureskog ,mjuka opp av alskens lauvtre, aller mest av dei grasisøse bjørkene; lange, kvitlegga, og tette i lauverket. Kornåkrane bleikt gule etterkvart.

Sola blir lågare utover ettermiddagen og kvelden. Lyser opp innanfrå og nedanfrå, ser det ut som, med ein rusande intensitet. Mjøslandskapet er himlen på jorda; natur og kultur i breie ringar rundt innsjøfjorden. Som rundt ein brunn av fred.

05
Aug
09

officium: Onsdag, 18. vike i det allmenne året, Amos 9 (matutin)

”Ja, heile jorda stig som Nilen og sig som elva i Egypt” (v 5)

Kvifor? Fordi Rettferda som opprettheld sjølve grunnvollane i verda er krenkt. Fordi urettferda rører ved Gud og opprører han voldsamt. Skapar og skapning skjelv når Retten vert omstøytt.

Slik er bodskapen åt profeten Amos. Ein enkel mann, gjetar og fikendyrkar utan ambisjonar, med ei sterk røyst. Sosial og moralsk urett er like destruktivt som å omstyrte naturlovene. Vi tenkjer lett at etiske spørsmål berre handlar om abstrakte prinsipp og personleg livsførsel. Men samfunnet og naturen har og med dei moralske lovene å gjere.

Uretten skiplar den freden og harmonien som Gud vil skal råde i hans skaparverk.

04
Aug
09

carpe diem: Siste dag på Sunnmøre..

…blei brukt til ein skikkeleg innspurt: Sykla fram heile Stranda-dalen, 30 km tur-retur, så opp bratte sætrevegar, parkere sykkelen bak eit sel, og sprinte opp (på Sunnmøre vil det seie rett opp!) på Storhornet, 1380 moh. Mykje ur på slutten. Sol og litt skyer, 22 grader pluss, niste og rast på toppen, rask sprint ned til sætra, kjapp dukkert i den kalde elva som kjem ned gjennom dalen med vatn frå sideelvar og brear. Resten av termosen smakar godt, saman med min vanlege tur-dop: Rosiner.

Så på sykkelen ned gjennnom sætredalen på bra grusvegar, forbi sauer  og folk – og heim til basen. Dusj. Det er vakkert her no. Sommaren er framskriden og har smelta dei store snøfonnene i fjella. Lyng og gras er blitt grønt langt oppover og gråfargen i berget er blitt mørk og mystisk. Den breie fjorden, Storfjorden på sitt vidaste, er blågrøn med solglitter over. Det er ikkje seinsommar, men djup-sommar. Alt står stille, i ljos, skugge og varme. Alt mognar no.




kategoriar