Fyrst publisert som kronikk i Sunnmørsposten (s 3), laurdag 30/7-11…
Tida framover blir naudsynlegvis ei tid for ettertanke, refleksjon og ordskifte for å prøve å forstå det som hende i Oslo og på Utøya den 22. Juli. Breiviks eigen motivasjon, ideologisk,, så vel som kjenslemessig og personleg, må klårleggjast, så godt som råd. Likeeins den historiske, kulturelle og samfunnsmessige samanhengen i det heile. Kva slags intellektuelt og moralsk klima er det vi lever i, sett i ljos ev denne sjokkhendinga?
For å kome nokon veg med dette arbeidet, er det viktig å justere sine vante måtar å tenkje på. Nettopp noko av det uventa og sjokkerande ved den 22. Juli, var at vi fekk bruk for andere tankar og tolkingar enn dei innarbeidde. Gjerningsmannen og hans tankar var ikkje den dei fleste rekna med: Ein svartmuska, muslimsk skurk, men tvert om ein ljos og atletisk nordmann frå beste vestkant, eit nordisk ikon. Innsikten om dette uventa burde gje tilstøyt til å utvide både tenkjing og terminologi i den vidare analysen. Men det er svært lett å gli inn i oppgåtte løyper.
Ei av dei er ”ekstremisme”. Heilt klårt at Breivik går lenger enn sine verste meiningsfeller, i teori, og særleg i praksis. Men dersom vi berre ser han som ”ekstremist”, utan å sjå det saklege innhaldet i det han står for, blir det feil. Heilt dominerande i Breiviks kampanje er aggresjonen mot islam og muslimar og gløden for å stogge muslimsk innvandring og dermed demografisk og kulturell invasjon av Europa. Nokre kommentatorar underkommuniserer dette, og legg vekta på hans ekstremisme, rett og slett. Ved å bruke generelle karakteristikkar, kan vi, medvite eller umedvite, kome til vri merksemda i den retninga vi ymskjer. Det er inga overdriving å seie at norsk opinion lenge, og med høg temperatur, har vore prega av sterk innvandringskritikk og kraftig skepsis til muslimar og deira religion. Einsidig fokus på ektremisme har fått skribentar til å framstelle Breiviks idéar berre som ein variant av det same. ”Eigentleg” er han av same slag som islamistane – og slik stemninga lenge har vore her tillands, er det ikkje alltid folk er så nøye med å presiseringane. Kritikk av islamisme kan fort gli over i aggresjon mot islam, i alle fall i kortfatta kommentarstoff og summariske meiningsytringar. Den ekstreme antiislamisten og antimuslimen Breivik blir berre ”ekstremist”, den blonde nordmannen ein forkledd orientalar.
Slik oppretthelde ein fiendebileta og immuniserer seg mot sjokket; han er ein landsmann av oss. Alle muslimar er ikkje terroristar, men alle terroristar er stadig muslimar. Eigentleg.
Ei anna tankeløype er å kalle alt for ekstremt som er annleis enn oss og som vi ikkje likar. Det er blitt vanleg å vere motstandar av absoluttar og utopiar. Då tenkjer ein ikkje over at vi stadig refererr til våre eigne absloluttar, ikkje minst i innvandrings- og islamdebatten. ”Demokrati”, ”åpenhet”, ”likeverd”, ”vår liberale samfunnsform” – vi høyrer orda framførte i debatt og talar, på ein måte som seier at dette er umisseleg og viktig. Det er eg samd i, for min eigen del, men vi bør vere ærlege og klårtenkte nok til inmnrømme at vi alle har absoluttar og overtydingar. Og utopiar? ”Det åpne, inkluderende ”samfunnet, med plass for alle – er ikkje det òg ein utopi? Det utopiske er ikkje berre det fullstendig urealistiske samfunnet, illusjonen og luftslottet. Det er å ha eit samfunnsideal, eit mål og ein visjon for kulturell og politisk innsats. ”I have a dream”, sa Martin Luther King. Det skulle sikkert meir til for å velte rasesystemet i USA, men draumen høyrde med. Vi treng både absoluttar og motiverande utopiar, og vi treng å gå inn for det med heile oss og med alle våre krefter og evner.
Det tredje tankesporet er semja om at vi ikkje treng idelologiske, og særleg ikkje religiøse, tradisjonar for å skape eit sunt samfunnsengasjement. Vi greier oss med Menneskeretts-erklæringa synest mange å meine, både politisk, pedagogisk og personleg. Då gløymer vi lett at denne erklæringa er blitt til i freistnaden på å finne ein sams grunnvoll i ei splitta verd, slik ho særleg framstod etter den andre verdskrigen, og slik ho stadig framstår, diverre. Dei som utforma og lanserte erklæringa, gjorde det med ulik livssysnmessig og religiøs bakrunn og ville nettopp finne samlande formuleringar for ”alle menneske av god vilje”. Dei ville slett ikkje avskaffe sine eigne tradisjonar eller erstatte dei med ei erklæring. Tvert om er erklæringa ikkje tenkjeleg utan den fyldigare bakrunnen ho har i historiske kulturar og tradisjonar – som, trass all ulikskap, også viste seg å ha noko felles. Noko som kunne vere forpliktande og operativt i arbeidet for fred og rettferd i samtida og i framtida.
I bearbeidinga og debatten som ventar, bør vi altså prøve å søkje verkeleg forståing og ikkje for raskt falle tilbake i våre eigne fordomar. Det er ekstremt viktig.
Siste kommentarar