Kjære brør og systre!
Det handlar om dei audmjuke i dag; om de fattige i ånden, som vi høyrde. Det er ikkje så lett å prøve å vere audmjuk; «eg er veldig audmjuk», liksom. Det blir feil.
Bibelen meiner noko heilt spesielt med dette: Dei audmjuke. Søk Herren, alle ydmyke i landet, dere som gjør hans vilje, høyrde vi i den fyrste lesinga. Det er eit namn på dei fromme, dei verkeleg truande i folket. Heile Israel var Guds folk, utvald av han, i pakt med han. Men det å vere ein verkeleg israelitt, ein israelitt utan svik, som Jesus kalla ein av sine disiplar – det var noko som ikkje var automatisk. Eg er israelitt, alt OK; eller: eg er katolikk, alt OK, eg er prest eller pater, OK, spelar inga rolle om eg tar det så nøye.
Nei, midt i Israel, midt i Guds folk, var det nokre som tok trua si på alvor – som i virkeligheten bar alle dei andre. Bibelen, særleg profeten Jesaja, kallar dei for resten, den trufaste resten, som stubben av eit tre. Eller dei fattige.. Det var dei som ikkje lot seg lure av rikdomen og luksusen som kom då landet blei rikt og mektig. Det var dei som ikkje fylgde dei heidenske skikkane og rituala som folkeslaga rundt Israel praktiserte. Det var dei som forblei trufaste mot Israels Gud, også under okkupasjon eller i eksil, som Daniel – han som i Babylonia opna vindauget sitt mot Jerusalem, mot templet, og bad til Gud tre gonger om dagen, sjøl om det var forbudt. ”Dei fattige/dei audmjuke – det var dei som ikkje berre utførte reglane i lova til punkt og prikke, men som hadde eit hjarte fullt av tillit til Gud. Dei stolte på han, vona på han, var lydige mot han, påkalla han!
Det er desse som vi høyrde om:
Jeg lar det bli tilbake hos deg et armt og ydmykt folk. De skal ta sin tilflukt til Herrens navn…De skal ikke gjøre urett mer og ikke tale løgn. Ingen svikefull tale skal finnes i deres munn. De skal finne føde og hvile trygt, og ingen skal skremme dem.
Det var denne ånda som prega dei som på Jesu tid blei kalla ”dei stille i landet” . Til dette åndelege miljøet høyrde Maria og Josef, gamle Simeon i templet og profetkvinna Anna Fanuelsdatter, ho som, då ho blei enkje, vigde seg til faste og bøn og levde i templet dag og natt. Det var desse som venta på Messias og som tok mot Jesus då han kom. Det var i dette miljøet Jesus vaks opp.
Og det er nettopp i dette perspektivet vi skal forstå det når han seier til disiplane sine, slik vi høyrde i evangeliet, i sæleprisingane:
Salige er de fattige i ånden, for himlenes rike tilhører dem, Salige er de ydmyke, for de skal ta jorden i eie.. Salige er de som sørger…de barmhjertige, de rene av hjertet, de som skaper fred…
Dette er menneske som set all sin lit til Gud og som har sin rikdom i han. Slik er Jesu disiplar, slik er Guds vener til alle tider. Dei som er opne mot Gud og mot andre, som ikkje er lukka inne i seg sjølve. Menneske som har alt for mykje å ta vare på, går glipp av dette, går glipp av Gud og Guds rike. Dei har alt fått si løn, seier Herren. Du kan ikkje tene både Gud og mammon; mammon, dvs alle dei materielle resursane som finst i livet. Derfor var dei fyrste kristne slik vi høyrde i den andre lesinga:
Ikke mange mektige, ikke mange av edel byrd. Men de som i denne verden går for tåper, dem har Gud utvalgt for å gjøre de vise til skamme … for å gjøre til intet de som er noe, så ingen dødelig skal ha noe å rose seg overfor Gud.
Det var husslavar og galeislavar, det var soldatar og vanlege folk. Dersom nokon var rik, måtte han dele sin rikdom med dei andre, for pengehugen er rota til alt vondt, seier apostelen. Ja, i urkyrkja i Jerusalem hadde dei t o m felles kasse, slik at alle kunne få hjelp. Dersom nokon var klok og lærd, måtte han bruke sine talent til det beste for andre.
Brør og systre! Vi treng alle slags folk i kyrkja, men her må alle finne seg i å vere på like linje; uansett nasjonalitet, uansett bakgrunn, uansett livshistorie, uansett utdanning og karakterar, uansett stand og stilling. Å vere katolikk, er ikkje ein ekstra ”fin” måte å vere kristen på. Av og til kan det ha blitt oppfatta slik her i Noreg; difor er eg glad for alle som er komne frå andre land og vist oss at å vere katolikk, er noko vanleg, for vanlege folk. Å vere ein katolsk kristen, betyr nettopp å vere ein vanleg kristen. Vi er eitt folk, ein familie; kyrkja er katolsk, for alle, alle som vil gå Guds veg. Prestane, biskopane, kardinalane og paven –dei er alle tenarar, vi er alle Guds barn, noko større kan vi ikkje vere. Vi er alle syndarar som treng å gå til skriftemål. Vi er alle tiggarar som ber til Gud om det vi treng: –Lat namnet ditt helgast, lat riket ditt koma, lat viljen din rårda, gjev oss i dag vårt daglege brød, forlat oss vår skuld, før oss ikkje ut i freisting!
Vi får alle ta i mot den same Kristus i Evkaristien. Han er vårt liv, vårt alt,
..han som Gud har gitt oss til å være vår visdom, ja, vår rettferdighet, vår helligelse og vår befrielse, – så det skal være som det står skrevet: ’Den som roser seg, skal rose seg av Herren!’
Å vere audmjuk er difor å seie:
Jeg har valgt å gjøre selskap med Guds enkle vandringsmenn/ det får koste hva det vil, men jeg må hjem til himmelen!
Siste kommentarar