dagens preike/homilie i St Dominikus klosterkyrkje. Tekstreferansane på bokmål viser til det lektionaret og det missalet som vert nytta i messa…
22. S. I ÅRET, 31/8-08, ST DOMINIKUS KRK, MATT 16, 21-27
Brør og systre!
Når vi møter Peter og Jesus i dag, i evangeliet, har Peter nettopp fått vite at han er ”klippa”, berggrunnen, som Kristus skal byggje si kyrkje på. Han hadde avlagt si trusvedkjenning, sjølve den felles kristne trua på Jesus: ”Du er Messias, den levande Guds Son!” (v. 16)
No, i dag, får han lære Kristi mysterium endå djupare å kjenne: Krossens mysterium, lidinga, sjølvoppgjevinga og offeret sitt mysterium. Det mysteriet som frelser verda.
Det var så uventa: Etter tider med ein vellukka kampanje rundt i Galliea – med sjuke som blei lækte, med menneske som blei løyste ut av demonane si makt, med brødunderet som metta dei fem tusen som hadde samla seg rundt Jesus… Og no er det som den tunge, dunkle skuggen frå den store byen legg seg over det ljose Gallilea-landskapet. Jesus seier at han skal til Jerusalem, til hovudstaden, til tempelbyen, til maktsenteret, til dei mektige, til dei lærde, til konfliktane og til konfrontasjonane, til den store konfrontasjonen, til avgjerande prøva.
Brør og systre! I Jerusalem ventar Getsemane og Golgata, der ventar krossen, offerplassen. Og det er dette som er sentrum i Jesu liv og gjerning. Det er dette han omfamnar når han seier: -Fader, ikkje som eg vil, berre som du vil! Ikkje som Peter vil ,men som du vil. Det er dette krossens mysterium Paulus omtalar som det heilt avgjerande i den apostoliske forkynnninga når han seier: ”For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest!” (1 Kor 2,2).
Ja, vi høyrer i Jesu ord nesten som ei samanfatting, ei oppsummering av kva det dreiar seg om; vi høyrer ekkoet frå Credo: ”…han skulle bli slått ihjel og så bli oppvakt fra de døde tredje dagen etter.”
Dette at krossen og offeret står i sentrum, det kjem frå Jesus sjølv. Han sa jo: ”Menneskesonen er ikkje komen for å la seg tene, men for sjølv å tene og gi sitt liv som løysepenge for dei mange”(). Han tok kalken i den siste nattverden og tolka heile sitt liv på han sa: ”Dette er pakstblodet som blir utrent for dei mange til forlating for syndene!”
Mange er framande for dette. Dersom avisene av og til intervjuar folk, gjerne kjendisar, om ”Min tro” – så unngår dei dette. ”Korsets anstøt”. Skandalon. Snublesteinen. Jesus blir ein morallærar, det er alt. Igjen er dette fordi vi kanskje så lite ser at kristendomen er ein eskatologisk religion; det handlar om å sjå verda og livet sitt i lys av dei ”siste/yttarste tinga”. Som vi høyrde: ”Menneskesønnen skal komme i sin Fars herlghet og omgitt av sine engler og da skal han gjengjelde enhver etter hans eget verk” . Når det går opp for meg, får eg bruk for å seie med Brorson: ”Jesus, kom med dine vunder/og min gjeld hos Gud betal”: Då får eg bruk for å seie: ”Herre, se ikke på mine synder, men på din Kirkes tro” – nemleg trua på han som gav seg sjølv for oss som ei gåve og som eit offer.
Brør og systre; å vere eit kristent menneske, er å tilhøyre Kristus med hud og hår; som hans lagnad, hans skjebne – så vår. Vi må velje, vi må gjere det store valet:
-Fordelar, beregningar, tilpassingar, verdsklokskap, litt av det eine og litt av det andre, litt av alt – for å kome velberga og vellukka gjennom dette livet.
-Eller: La det gå som det vil. Ave Crux, spes unica! (Ver helsa kross, mi einaste von!). For: ”Hva gavn har vel et menneske av å vinne hele verden dersom prisen er hans eget liv? Hva skal et menneske gi i vederlag for sitt liv?” Si sjel?.
-Herre, eg vil fylgje deg, også frå Gallilea til Jerusalem. Du går den einaste vegen som fører til livet:
”Einsleg midt i folkemugen/gjeng du audmjuk, sterk og trugen/fram til krossen, steg for steg. // Vegen i frå Oljehagen/vegen fram til Påskedagen/vert ein einsam veg for deg.”
Men du må gå han. Og så må vi.
Siste kommentarar