Arkiv for oktober 2008

31
Okt
08

nota bene: «strikke-pillane».

«Magasinet» – bilaget åt «Aftenposten» – melder at fleire unge jenter døyr etter bruk av P-pillen, ofte av blodpropp. Helsevesenet og styremakten tek det ikkje på alvor og prøver å tabuisere temaet. Sjølvsagt. Fordi det gjeld  eit av den moderne statens store prestisjeprosjekt: Den seksulle frigjeringa med tilhøyrande abortpraksis.  Difor skal dette ikkje snakkast om i den offentlege helse-diskursen.

Sanninga kjem fram før eller seinare. Framtida vil truleg opne opp for ei heilt ny vurdering av desse tunge menneskelege og moralske spørsmåla.

Reklame
31
Okt
08

officium: Fredag, vike 2, Visdomen 8 (matutin)

”Om nokon trår etter rik livsrøynsle, så kjenner [Visdomen] det gamle og skjønar det tilkomande; han har vit på retorikkens vendingar og løysing av gåter” (v. 8).

Her ser vi noko av den antikke jødedomens intellektuelle ideal i ein glimt. Ein som er klok, har historisk sans. Historia er overlevering av hendingar, av røynsler, av tekstar, av ritar; sett under synsvinkelen: det guddommelege forsynet deltek i soga.

Den kloke kan også sjå inn i framtida, er ein visjonær. Ikkje utfrå statistiske prognosar, men utfrå oppøvd intuisjon. Klokskap omfattar også talekunsten – provet på at ein kan tenkje klårt og vakkert og formidle visdomen til andre. ”Gåtene” er dei underlege mønstra ein kan sjå i naturen, i hendingar, formlar og figurar. Fordi ein har ei symbolistisk forståing av røyndomen; alt er poesi, er teikn og tydingar.

Heilt annleis enn det skeptisistiske intellektualiteten som har dominert vår tidsepoke.

30
Okt
08

carpe diem: Frå «Storsalen» til «Sta Birgitta’…

Dette skriv eg på toget til Fredrikstad og postar det ved ankomst…Kvifor har ikkje NSB internett på togsetta sine? Eg berre spør… I alle fall: eg gjekk ombord i Oslo klokka to – etter å ha delteke på ein fagdag for alle studentane på ”Dianova” (sjukepleishøgskulen åt ”Menighetssøsterhjemmet” i Oslo).

Det var studentane sjølve som stod for dagen, motiverte av eit ynskje om å få fram den diakonale, kristne/kyrkjelege profilen i utdanninga si. Bra tiltak! Samlinga var i Storsalen i Staffeldts gate og eg var beden om å halde to føredrag: ”Kven er min neste?” og: ”Kva er skilnaden på diakoni og sekulær sosialomsorg?” Det blei eit lite kurs i kristen antropologi (læra om menneske) og om diakonien som ein del av kyrkja sitt indre liv, med base i nattverdfeiringa.

I pausen hadde kommitén taua inn eit lite band – tre kompisar, to- og ein trekvart katolikk – som er supre musikarar i mange sjangrar. Her gjekk det på åndelege songar i country-stil: ’Amazing grace,’ ’Å , Jesus, du som fyller alt i alle’, ’In the highways, in the hedges’ o.s.v. Ein gutta er også forsongar i St Dominikus og kan sin gregorianikk! Etter mitt syn, høyrer også ’dei åndelege songane’ (spirituals, country o.s.v.) med til det katolske…

I kveld er eg i ’Sta Birgitta’; den katolske kyrkjelyden i Fredrikstad, og skal tale i ”Katolsk Forum”. Men fyrst: Messe. Just no er eg innom domorganisten her i byen, Tore Erik Mohn ; han har tårn-kontor i domkyrkja og er ein gamal kjenning og ven. Her kan eg ta ein pust i bakken, poste denne bloggteksten og ta ein dusj. Preike-munkar har hus i kvar busk.

Siste toget til Oslo ut på kvelden…

29
Okt
08

officium: Onsdag, vike 2, Visdomen 6 (matutin)

”For [Visdomen] går sjølv ikring og søkjer dei som er han verd… i alle deira tankar kjem han dei i møte” (v. 17).

Vestlege menneske har ofte ei svært teoretisk og statisk forståing av visdom. Filosofi blir ”analyse”, vitskap blir ”forklaring”. Vi dissikerer røyndomen som ein død corpus; berre tenk på bileta av dei fyrste obduksjonane. Det analyserande mennesket og den døde røyndomen.

Visdom er fyrst og frems livsvisdom. Visdomen er eksistensiell og etisk. Visdomen røpar seg og opnar seg for det gode mennesket, for den ”som er han verd”. Visdomen er ein sympati, eit møte; naturen, livslovene, historia… Røyndomen lettar på sløret berre for ”visdomselskaren”, den verkelege filo-sofen.

27
Okt
08

officium: Måndag, vike 2, Visdomen 2 (matutin)

”Ved eit tilfelle kom vi til verda, og sidan vert vi som vi ikkje hadde vore til i det heile…” (v. 2).

Menneskeleg skepsis, avvising av Guds eksistens og ei æveleg meining med menneskelivet er ikkje noko nytt. Menneske som ikkje trur, kan vere – og er ofte – ærlege, oppriktige og gode menneske, men det syner seg òg at ei hedonistisk livshaldning fylgjer med i kjølvatnet av skeptisismen; ikkje naudsynlegvis som eit dårleg liv, men som ei overtyding om at ”velvere” er målet med livet: ”Kom, då, og lat oss nyta dei godar som finst og lat oss flittig bruka det vi har, som i ungdomstida… Overalt vil vi etterlata teikn på kor lystige vi er” (v. 9).

Dei grunnleggjande vala i kulturen vår ligg her. Valet er ditt og mitt.

26
Okt
08

carpe diem/nota bene: Heim frå Hermon! Lækjaryrket i fokus.

Tilbake frå Hermon. Det blei så mange intense og interessante samtalar at eg ikkje fekk tid til å blogge meir før eg reiste nedover frå Hallingdal går.

Heimreisa gjekk med eit ungt lækjarpar, som akkurat no jobbar i Noreg, men som skal utanlands igjen; tidlegare har mannen vore sendt ut for ”Leger uten grenser” og for ein misjonsorganisasjon.
Ei lækjarteneste basert på idealisme.

Det kan synast svært langt frå det som er vanleg i Noreg, med høg status og løn for lækjarar. Det viser seg at det er ei yrkesgruppe som er utsett for stor slitasje, både fysisk og psykisk. Prestasjonspress kanskje heilt frå gymnastida, eit studium som er svært skuleprega og lite ”filosofisk”, ein arbeidssituasjon som medfører karrierejag og høge forventingar frå alle andre.

I Noreg er det heller ikkje ”lov” for lækjarar å gjere feil. Krava til det ”fullkomne» norske livet er så store, resurskrevjande og urealistiske at ingen kan makte å oppfylle dei. Mykja av stresset på arbeidsplassen åt lækjarane kjem ikkje minst av at ein heile tida må skrive dokumentasjonar og rapportar – i tilfelle noko skulle klikke og lækjaren blir saksøkt, kritisert eller avsett. Det norske helsehysteriet driv dei profesjonelle ut i ekstreme arbeids- og livstilhøve. Medan sjuke menneske i fattige land må nøye seg med ein heilt anna standard, både for si eiga helse og for tilgangen på medisinske resursar.

I tillegg til dette kjem alle dei (andre) etiske konfliktene: abort, evtanasi, genteknologi, kunstig ”befruktning” osv osv. Lækjarane har ei av dei største ”representasjons”-rollene i det norske supersamfunnet; dei personifiserer vårt syn på livet og alle vår krav til livet.

Både på fjellet og i bilen heimover prata vi om dette. Det blir stadig klårare at ein kristen lækjar i framtida må arbeide utfrå ein annan basis enn det offisielle helsevesenet. T. d. ut frå kyrkjene, som på misjonsmarkene. Då vil ein kunne ha eit anna yrkesetos, ein annan og meir menneskeleg måte å vere lækjar på. Mindre løn, men eit sunnare liv.


Altså ein ny lærerik week end for meg. Fint å vere i klosteret igjen. I rytma som ber deg. Ei heilt vanleg vike ventar.

26
Okt
08

officium: Sundag, vike 2, Visdomens bok 1 (matutin)

””For [Gud] let seg finna av dei som ikkje freistar han, og han openberrar seg for dei som ikkje mistrur han” (v. 2).

Å tru på Gud – det er ikkje berre eit spørsmål om Gud kan gjere det sannsynleg for oss at han finst. Det er eit spørsmål om innstilling frå vår side. Den som ikkje vil tru, kan aldri overtydast. Den som i utgangspunktet mistrur Gud, vil aldri lære han å kjenne.

Mennesket har mange grunnar for å unngå Gud; fyrst og fremst våre synder og vår eigenvilje. ”Visdomen kjem ikkje inn i ei sjel som tenkjer ut vondt, heller ikkje bur han i ein lekam som trælar under synda” (v. 3). Tvil og vantru sit ikkje alltid berre i hovudet, men også i kroppen.

Vil du tru på Gud? Då er ikkje berre tankane dine, men heile livet du må opne for han.

24
Okt
08

carpe diem: Hermon her!

Ny utferd, hit til Hermon i Hallingdal (det finst eit i meir bibelske landskap, også), til eit kristent fjellpensjonat langt opp i dalen frå Hol og Hovet, på vegen over til Aurland. Opp- og inn på platået på sørsida ragar Hallingsskarvet opp, skjønt vi ikkje kan sjå det akkurat herfrå.

Brun seinhaust, snø innover høgdene, eit langstrakt vatn i dalbotnen, stor furuskog. Fjellbygd.

Eg er her som seminarhaldar (ein av fleire) på den årlege studentkonferansen for ’Kristen Medisinerkrets’ (ekumenisk). 170 studentar + nokre lækjarar, medisinske lærarar og nokre talarar. Så fullt at det var venteliste! Eg dro oppover frå Oslo i grisotta i bil, saman med ein lækjar (Espen) og ein student (Rune). Det var mørkt lenge over Ringerike, langs Krøderen og oppetter dalen. Vi diskuterte, song og ba; mila susa avgarde. Gjennom rifter i dei myrke skyene såg vi innimellom glimt av dei store stjernebileta Orions belte og sverd glitre høgt over oss.

Så kjem det ljos på himmelen i aust og ettersom det spreier seg, ser vi dei blankskura bergveggane, dei skogkledde åsane og fjella, bleike gardvollar og bruntømra hus langt opp i liene, med gavlane vende ut mot dalen. Så kjem vi fram og høyer bibeltimen, halden av Egil Svartdal – som også kunne fortelje at han på eit vendepunkt i livet oppheld seg tretti dagar i eit Jesuitt-hus i Wales og gjekk gjennom den store, jesuittiske retretten, ”Exercitia Spiritualia” (Dei åndelege øvingane”).

Utanom seminarføredraga er det sjølsagt mykje samtale rundt borda, i gangar, tropper og tun. Det er kort og godt imponerande og inspirerande å sjå så mange og sterkt motiverte studentar mønstre kvarandre for åndeleg og menneskeleg opprusting!
Vi lever i ei tøff tid, ikkje minst for kristne som skal arbeide innan helsesektoren. Men det er også ei engasjerande og interessant tid, tenkjer eg når eg ser denne gjengen! Noko er på gang…

Eg returnerer til Oslo i morgon ut på dagen. Men vi bloggast meir før det.

23
Okt
08

officium: Torsdag, vike 1, Ester 5-7 (matutin)

”Unn meg livet fordi eg bed om det, og unn folket mitt livet fordi eg ynskjer det” (7, 3)

Slik ordla Ester seg då ho steig fram for kong Xerxes. Hennar styrke var at ho var ærleg, at ho sa kva ho var redd, at ho sa kva ho ynskte; radikalt, enkelt, rett på sak. Både andsynes Gud og menneske.

Det er ikkje lurt å vere for lur. Taktikarane går seg oftast fast i sine eigne smarte labyrintar. Særleg bør vi vere ærlege når det gjeld det vi verkeleg er redde for, alt det som rører ved våre sterkaste og djupaste drivkrefter: livet, kjærleiken, sorga, døden. Då skjønar ”den andre oss”, då når vi inn. Vi når inn til det verkeleg menneskelege hos den vi apellerer til.

Menneske skjønar kvarandre, når dei vågar å stå andlet til andlet.

22
Okt
08

officium: Onsdag, vike 1, Ester 14 (matutin)

”Hjelp meg, den einsame, som ikkje har nokon annan hjelpar enn deg” (v. 3)

Ester bed. Ho skal inn til ”løva” (v. 9), til kongen. Ho er redd. Verkeleg uredde menneske er redde; dei vågar å vedstå seg si redsle.

Dei vedstår seg si einsemd, at dei er fullstendig avhengige av Gud. Det var dette som var styrken til jødefolket når dei var utleverte til sine fiendar. Det er dette som er styrken åt barnet. Og åt dei heilage. ”Når eg er veik, då er eg sterk”, seier Paulus (2 Kor 12,10).

Mange menneske kjenner seg stundom heilt kjøvde av alt det vonde og smertefulle som har råka dei. Fortvilinga har berre éin utveg: Å opne munnen og tale ut: ”Hjelp meg, den eisname..”.

Menneske kan tale ut med andre. Men si djupaste fortviling og lengting kan menneske berre tiltru Gud. Kva skjer når menneske ikkje kan be lenger, ikkje lenger kan opne seg, fulllt og heilt, for Den Høgste? Då lagrar fortvilinga og det indre trykket seg i kropp og sjel, i samfunnet sine mentale ”kjellaretasjar”. Då går redsla over i aggresjon og destruksjon.

Få redsla ut. Ta henne i munnen. Tal til Gud. Gje han alt.

21
Okt
08

officium: Tysdag, vike 1, Ester 3 og 4 (matutin)

”..med tanke på ei tid som denne…” (v.14)

Den kongelege embetsmannen Haman hadde lagt jødane for hat fordi Mordekai ikkje ville vise han stor nok ære. No planla Haman å utrydje jødane; eit verkeleg holocaust, med kongens aksept.

I denne situasjonen vert Ester sett på prøve: Vil ho våge seg inn til despot-kongen og be for folket sitt? Utan å vere innkalla, var det i så fall med livet til låns. Etter påtrykk frå sine skrekksslagne landsmenn, gjekk ho inn – for, sa dei ”kven veit om det ikkje er med tanke på ei tid som denne at du har fått dronningrang”.

Då skjøna Ester at livet hennar var ein del av Guds plan. Gud har gjeve menneska ein aktiv og fri vilje, årsaker og verknader går sin gang i verda. Men Gud har ikkje abdisert. Han grip inn, han har eit større perspektiv, hans ”forsyn” spelar ei rolle. Så lenge denne verda står, finst det også spelerom for Guds motkrefter. Men dersom vi ikkje bryt med Gud, kan vi ferdast i ”gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige” for oss (Efes 3, 10).

Oppdag kallet ditt, sjå planen, vit at Guds tankar alltid ligg i forkant! Ikkje for at du la vere å risikere noko – tvert om: Forankra i Gud, kan du møte despotar og gå inn i ukjent og utrygt land!

Kven veit? Kanskje var det med tanke på det du står oppe i no, at du skulle gå den vegen du gjekk?

off

20
Okt
08

officium: Måndag, vike 1, Ester 1 og 2 (matutin)

”I lang tid lét han dei få sjå sin kongelege herlegdom og rikdom” (v. 4)

Slik står det om persarkongen Xerxes; han arrangerte eit ”show up” for storemennene i riket sit, etter orientalske despotars skikk. I det fyrste kapitlet i Ester-boka får vi eit bakgrunnsbilete for det vi seinare skal høyre om: Korleis Israel i eksil overlevde gjennom sin åndelege og menneskelege visdom og ved sin truskap mot Israels Gud, sjølv når han synest langt borte.

Stormaktene som kom og gjekk i områda som omgav det heilage landet, var så annleis enn den jødiske kulturen. Sjølv under kong Salomos glansfulle regime, forblei Israel eit annleis folk; ja, heile folket hadde eit anna sjølvmedvit, trass synd og fråfall. Det visste at det ikkje er menneskeleg styrke og overmot som ber livet, ber landet. Medvitet om å tilhøyre den levande Gud og om å skulle leve etter hans lover, skapte ei grunnleggjande annleis livsinnstilling.

Bibelen fortel om særskilde personar som kroppsleggjer denne livshaldninga, særleg frå den epoken då folket og trua vart sett på harde prøver; tida i utlegd og diaspora, ei tid som skulle bli lang, ja, den normale tilstanden. Då står dei fram: Mordekai, Ester, Daniel…

Despotane var ”solkongar” i storformat. Men eit anna ljos var kome inn i verda – Guds vesle folk – med ein annan glans, ei annna utstråling, ei anna meining.

19
Okt
08

carpe diem: À Dieu, Kristiansand og «St Ansgar»!

Så var dagane i Kristiansand over. I dag har eg preika og gjort teneste ved den norske høgmessa her, klokka elleve. Kyrkja er altfor lita, som alle sundagar; fullt i skipet, fullt på galleriet, fullt under galleriet; born unge, vaksne, gamle; alle slags kolørar og nasjonalitetar, song og jubel – heile det katolske registeret. Etter kyrkjekaffien – med prat, kontakt, gjensynsglede, med sal av kristne bøker, av rosenkransar, krossar, bilete, kort og klosterproduserte kremar og såper frå Lunden og Tautra – var det ny messe. Denne gongen på vietnamesisk; igjen overfullt så messa blir overført på storskjerm til kyrkjelydsalen.

Det sydar og kokar her heile tida: Katekese (trusopplæring), bønesamlingar; inne frå kyrkja (i går) høyrer vi den stadige songen frå den vietnamesiske rosenkrans-resitasjonen. Bøn er i grunnen stikkordet og gjennomganstonen. I ettermiddag er det nye messe. Soknepresten, pater Catrein, har tidlegare i dag køyrt til Mandal og Lyngdal for å feire messe for dei truande der. Dagen blir lang.

Det er eit privilegium å vitje ein slik lokal ”Guds familie”! Utan tvil vil også denne kyrkjelyden bli stadig viktigare som vitne om Kristus og vegvisar for menneske som vil søke han i tida som kjem!

Toget går om ein times tid. Tenesta med Ordet, som preikebror, denne helga kan samanfattast i salmen etter lesinga i messa i dag:

”Sei mellom folka: Herren er konge.. himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla!” (Sal 95,10-11)

No skal eg gå meg ein tur ned til sjøkanten; dra inn eit siste drag av Skagerak…

18
Okt
08

officium: Laurdag, vike 4, Malaki 3 og 4 (matutin)

”Men for dykk som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom under sine venger” (4, 2)

Dette er eit av dei vakraste orda i Bibelen. Det gode kjem i mot deg som noko uventa, som ei gåve, som ei stigande sol; varmen spreier seg i kroppen, ljoset strøymer over deg. Guds venger – hans storslagne nåde, omfamnande, lyftande.

Alt skal lækjast, det gamle er borte, alt er nytt! Kvar menneske og heile skaparverket lengtar etter dette. Vegen dit heiter: ”age for Guds namn”; djup tru på Gud, djup vyrdnad og kjærleik.

Kvifor går vi så mange omvegar?

17
Okt
08

carpe diem: Odderøya!

..som ligg rett «utforbi» (som det heiter her sør..) Kristiansand sentrum, eit tidlgeare kystfort og miltærområde er blitt kjøpt opp av kommunen som friluftsareale for folk flest. Så i dag, etter Laudes, førebuingar og anna skriving, har eg vandra meg ein tur utover, til det ytste punktet. Ein skinande haustdag, stille, varmt i sola, heilt skyfritt – og Skagerak rett ut havgapet i sør. Horisonten glitrar, nokre båtar glir forbi.

I ettermiddag og i kveld held retretten fram. Opprustinga av det katolske lekfolket er noko av det viktigaste som skjer for tida. Paven held bispesynode i Roma om Guds Ords-/Bibelens plass i kyrkja. Det er eit signal om kva kyrkja skal prioritere no. Noko seier meg at det blir ein offensiv periode for kyrkja snart, i dei sekulariserte landa. Ei katolsk vekkjing, kunne vi kanskje seie, men på ein måte som vil vere til hjelp for alle kristne. Skal kome tilbake til dette, ved høve.

Her sit eg, ved den kommunale båthamna, på ein benk. Benkar og nett er det overalt.. 🙂

17
Okt
08

officium: Fredag, vike 4, Malaki 1 (matutin)

”Men er eg far, kvar er då mi ære, og er eg herre, kvar er då agen for meg?” (v.6)

Mange av profetane gjekk i rette med Israel fordi folket heldt gudsteneste utan å gje akt på rett og rettferd.

Denne profetiske kritikken har fått mange til å tru at Gud ikkje tek det så nøye med gudstensta, med takka og tilbedinga. Malaki tok oppgjer med ringeakten for tempeltenesta – at ein bar fram annanrangs offergåver på Herrens altar. Det verkar fromt, men er eigentleg eit uttrykk for at vyrdnaden og kjærleiken i høve til Gud har kjølna.

Gud vil at vi skal leve i rettferd, men han vil ikkje berre ha vår ”moral”, han vil ha vår tilbeding, vår lovsong, vår takk, våre kjærteikn.

I vår kultur har respekten for Gud blitt borte. Han er den gløymde Skaparen. Fordi den liturgiske tilbedinga og lovprisinga er blitt undervurdert.

16
Okt
08

carpe diem: Kristiansand!

I ettermiddag kom eg med toget – gjennom haustfarge-landet igjen – til Kristiansand. For å preike ein retrett (retreat) for den katolske kyrkjelyden her, i St Ansgar kyrkje. Vi starta med messe i kveld, deretter fyrste retrett-foredrag, med samtale etterpå. Framhald i morgon og laurdag, med avsluttande høgmesse sundag.

Eg bur i den katolske prestegarden – der det er ein liten kommunitet av Picpus-patrar som har ansvar for kyrkjelyden. Retur til Oslo sundag ettermiddag.

Kva plan har Gud med desse dagane? Eg skal også lære noko om Gud, om meg sjølv, om kyrkja, om dette lokalsamfunnet i løpet av denne retretten…

16
Okt
08

officium: Torsdag, vike 4, Sakarja 8 (matutin)

”Eg òg vil gå med” (v. 21b)

Når Guds-folket blir fornya, skapest det ei sterk utstråling, ei sterk tiltrekkjingskraft. Det som før syntest som ein blindveg – vegen til Gud – blir no ein hovudveg. Alle vekkjingar skaper denne dynamikken: ”Kom, lat oss gå og be Herren om nåde, lat oss søkja Herren, Allhærs Gud!” (v 21a).

Gud kan vende retninga, han kan opne stengde og lenge gløymde vegar. Vårt samfunn verkar heilt ferdig med Gud. Men endringar kan kome brått. Gud ser etter nokon han kan lite på; dei som tek dei fyrste stega, som opnar den store pilgrimsgangen tilbake til Gud. Alle kan vi ikkje vente skal bryte opp frå vantru-landet, ikkje ein gong dei fleste. Men det skal bli eit oppbrot som merkast. ”For menneska vender augo mot Herren” (9,1).

Samfunnet endrar seg snart. Då er det Guds time.

15
Okt
08

officium: Onsdag, vike 4, Sakarja 4 (matutin)

”Framfor Serubabel skal du verta ei slette” (v. 7)

Serubabel – ein av dei to leiarane (den andre: Josva) som skulle reise opp att templet – manifestasjonen av Guds nærvere og frelsesvilje for folket sitt.

Å byggje tempelet, er å gje plass til Gud, å ”påstå” Gud, ikkje berre ha Gud i ”sitt stille sinn”. Det verkar provoserande i ei tid som meiner seg å ha blitt ferdig med Gud éin gong for alle. I eit elles fredeleg samfunn kan det melde seg heftig motstand når ein innser at truande menneske meiner alvor.

Når fjell av motstand, latterleggjering og aggressjon reiser seg, talar Gud og seier: ”Framfor Serubabel skal du verta ei slette”! Hindringane må vike, menneskeleg makt flyt bort som vatn, motstanden blir omskapt til ein veg å gå på. Uventa, forbausande, som på eit vink frå ei høgre hand.

Tida er inne for eit sterkare vitnemål om Gud. Han vil stige fram frå skuggane. Gud vil gjere seg gjeldande. For dei som skal tale hans sak, skal fjell og hindringar svinne og sletter skal opne seg.

Berre vent og sjå.

14
Okt
08

nota bene: Når Dagbladet «goes Catholic»

denne kronikken stod på prent i Dagbladet, sundag 12/10 (s 35), under tittelen: «Antikatolisisme». Han er også lagt ut på nettsidene(debatt). Dagbladet bad underteikna om å skrive kronikken som oppfylgjar i «serien» som har gått i det siste, om konvertittar og katolisisme..

No skriv også Dagbladet om den katolske kyrkja. Ikkje berre spydige leiarartiklar og nedlatande kommentarar, men side opp og side ned i Magasinet og i hovudavisa. Den store reportasjen om elitekonvertittane nyleg er fascinerande lesnad, og det som eigentleg fascinerer, er at det kan lesast i Dagbladet. Etter reportasjen fylgjer usvikelege Gelius opp med eit lesarinnleg i kjempeformat.

Sjølvsagt har konverittreportasjen – ein serie mini-intervju med kjendiskonvertittar frå Oslo-regionen – Dagbladets vanlege antikristne og antikatolske sebrastriper. Det er likevel ein annan vri å spore. Fleire av intervjuobjekta slepp til med oppriktige ytringar, sjølv om nokre av dei sikkert er blitt vinkla litt i hytt og pine. I faktaboksane får ein fram ein god del grei informasjon; som rett nok ikkje røpar ein veldig sofistikert kjennskap til materien. Men alle monner drar.

Mi fyrste innvending er at utvalet av konvertittar er svært einsidig. Det er – som Dagbladet sjølv – temmeleg Oslo-sentret. I dag blir folk også katolikkar på rare plassar som Sunnmøre og i bygde- og distrikts-Noreg elles. Biletet av den typiske konvertitten som lett liberal høgremann, matmons og vinkjennar med kulturelle preferansar for Italia og Frankrike, har endra seg raskt. Det finst også stadig fleire konvertittar som ikkje har hatt trong for å distansere seg så veldig frå mørke pietistar og trasige pinsevener. Tvert om er det mange som i dag oppdagar at tradisjonell, folkeleg norsk kristendom slik du finn han i vekkingsrørslene, har mange felles trekk med den katolske trua. Nye alliansar oppstår; i dag får dei katoske prestestudentane ein del av si teologiske utdanning på Menighetsfakultetet og ein av dei mest prominente leiarane i den katolske kyrkja i dag, kardinal Walter Kasper, er ein av føredragshaldarane ved hundreårsjubileet for Menighetsfakultetet!

Dette uroar nok nokre av elitekonvertittane og gjev Dagbladet høve til å grøsse endå meir frydefult over katolisismen. I alle høve skiplar det biletet av ein reint sentrumsbasert og urban konvertittprofil. Sjølv synst eg at nokre av dei som var intervjua, kunne synt større truskap mot kyrkja enn det dei gjorde med sine raske dissensar om kondomar, kvinnelege prestar og samkjønna ekteskap. Dei har faktisk heilt friviljug og med handa på Evangeliet lova å tru og vedkjenne det den katolske kyrkja ”trur, lærer og forkynner”.

Verre blir det når dei store rikssynsarane skal sleppe til med sine visdomsord. Over-synsar Hylland Eriksen går friskt ut med teoriar i rein Da Vincikode-stil: Det katolske presteskapet har ei ”enorm makt” og elitekonvertittane utgjer sannsynlegvis eit obskurt nettverk. Etter messa møtes dei sikkert for å rådslå om katolsk maktovertaking i Noreg og for å utplassere kvarandre i viktige posisjonar. I tillegg kan dei ”ringe hverandre etter å ha vært med på vakre ritualer og knytte sterke bånd”. På tide at Dagbladets undersøkjande journalistikk får slike skumle konspirasjonar opp i dagen. Dette skulle vi ha visst før.

Eit par dagar etter denne store avsløringa kjem Gelius på banen.
Den katolske kyrkja undertrykkjer menneske og er motstandar av demokrati og menneskerettar. Elegant går han forbi kyrkja sin enorme sosiale og karitative innsats verda over, med undervising, sjukehusdrift og arbeid for fattige og underpriviligerte – utført av tusenivis av ordenssystre, ordensbrør og lekfolk utan løn og som eit livskall. Gelius har heller ikkje fått med at kritikken av den latinamerikanske frigjeringsteologien ikkje dreia seg om å vere mot menneskeleg og politisk frigjering, men om å verne den åndelege dimensjonen i kyrkja og teologien. Katolsk kristendom handlar om å tru på Gud, trass alt.

Utåleleg for Gelius er også den katolske prakten, med katedralar ”av gull og marmor”. Kanskje han tenkjer på Operahuset? Den katolske kyrkja – som andre historiske kyrkjesamfunn – sit på store institusjonar og ein omfattande estetisk arv frå epokar då kyrkja var dominerande i samfunnet og ivaretok svært mange, for ikkje å seie ikkje dei fleste, samfunnsoppgåvene. At dette i dag skulle representere økonomisk rikdom og overflod, er rein overtru. Det same må seiast når det gjeld den seigliva myten om kor velståande det katolske presteskapet er. Ei norsk statskyrkjeløn er nok langt å føretrekkje framfor ei katolsk. Heller ikkje ein katolsk biskop eller prelat tilhøyrer nokon lønsleiande overklasse. Kvar har Gelius sine informasjonar frå?

Som Hylland Eriksen, køyrer Gelius også opp skrekkvisjonen av det katolske maktapparatet. Det burde vere klårt at ei kyrkje som trur at Kristus er kyrkja sin Herre, ikkje utan vidare kan vere basert berre på representativt demokrati og fleirtalsmeningar. Er det så oppsiktsvekkjande? Det kyrkjelege hierarkiet, som i grunn og botn ikkje er noko anna enn den verdsvide fellesskapen av katolske biskopar frå alle slags land og kulturar, har sterk lokal forankring som pastorar for det katolske folket. Dei sentrale og samordnande organa for dette, knytt til pavestolen og biskopen av Roma si teneste, er ein nokså nøktern administrasjon (kurien) i høve til svært mange andre byråkrati i verda – særleg når ein tenkjer på at den katolske kyrkja omfattar over ein milliard medlemer. Dessutan. Alle desse ordningane utgjer eit ytre rammeverk som tener til å halde kyrkja saman i tru, lære og liv. Slik framstår den katolske kyrkja som ein internasjonal fellesskap, som motvekt til nasjonalisme og særinteresser.

Kyrkja er ikkje fyrst og fremst ein organsisajon, men eit folk – og i den store og mangfaldige realiteten som er den katolske kyrkja, finst det eit utal av gamle og nye rørsler, ordnar, kloster, kommunitetar og grupper som stort sett styrer seg sjølve. Den katolske kyrkja er meir eit myldrande kaos enn eit korps av soldatar.

På eitt viktig punkt treff Gelius med sin kritikk og indignasjon: Pedofiliskandalane i USA. Det er eit verkeleg skandalon; ei kjensgjerning som med god grunn går på trua laus. Personleg meiner eg at det obligatoriske sølibatet for vanlege kyrkjelydsprestar må kunne opphevast, på line med ordninga i dei ortodokse og orientalske kyrkjene. Det er ikkje ei trussak, og vil truleg gje ei breiare og meir allsidig rekruttering av menneskelege eigenskapar. Sølibatet bør plasserast der det høyrer heime: I ordens- og klosterlivet.

Likevel: Opptrappinga av antikatolske haldningar og ytringar får meg til å fryse på ryggen. Tydlegvis er aggresjonane sterke, ikkje minst i store deler av akademia og media, og vi skal passe oss når toleranseapostlane flekkjer tenner. Eg spør: Er det i ferd med å utvikle seg ein slags ”McCarthyism” mot katolikkar her til lands? Katolisisme er sterke saker, men skikkeleg antikatolisisme er heller ikkje å spøke med.

Det er fyrst og fremst dei sekulære elitane som har stått for definisjonsmakta i den vestlege verda i nyare tid. Kanskje det er på tide å sjekke opp korleis det ligg an med nettverk, hierarki og privilegiium der i garden? Skrekkslagne vaknar dei norske mainstream-elitane opp og anar at ikkje alle kjem til å dele den kulturradikale konsensusen. Det finst- og vil finnast folk som har andre synspunkt på famile-etikk, på seksualitet, abort og offentleg religionsutøving. Ingen av desse, heller ikkje den katolske kyrkja, har planar om å tvinge sine meiningar inn på andre.

Spørsmålet er heller om katolikkar og likesinna i det heile kan rekne med å få lov å leve vidare i dette samfunnet. Spørsmålet er ikkje retorisk.




kategoriar