Archive for the 'diversa' Category

09
Okt
11

diversa: Natthymne

Ei omsetjing, via fransk, av ein tekst frå natt-officiet (tidebøna, matutin, om natta) i Sinai-klosteret, frå om lag 1000-talet. Ein «ideolmèle»; ein hymnisk tekst, sungen på «sin eigen melodi»:

Syn meg di miskunn, Meistar og Herre,

og reins sjela mi for vondskap.

For du er full av medkjensle, du, den einaste Gud,

og du er Meistar for livet og for døden, å Kriste!

Tilgjev meg, så lenge eg lever,

utfri meg frå dei hisidige prøvingane,

for du er uåtskiljeleg eitt med din Fader,

og med Anden som vert tilbeden samstundes med deg:

Syn meg den uåtskiljelege Treeininga,

slik at eg kan lovprise din herlegdom i Einskapen.

Gjev meg, du Menneskeven, å tilbringe resten av natta i fred,

akt meg verdig til å nå heilt fram til daggryet

så eg då kan love ditt namn,

for deg tilhøyrer ære og tilbeding,

i alle æver. Amen.

Kom, alle trugne, lat oss tilbe

Gud, den allmektige Meistaren,

og den Eine, avla av den Eine,

Sonen som er av same grunnhått som Faderen,

slik også Anden er med-evig og uskiljeleg frå

den ufattelege Faderen.

Èin Gud i tre personar,

han som  dei himmelske Maktene feirar,

han som Kreftene, Fyrstane og Herredøma

tener, kastande seg ned for han;

Kjerubane og Serafane med uteljande augo

ber fram «Heilag, heilag, heilag»-hymna,

skaren av patriarkar og profetar

og det heilage apostelkoret,

saman med Guds Mor og martyrane

bed om avløysing for alle våre synder,

til deg, du Udøyelege og Medlidande,

for oss som syndar her på jorda,

så vi kan finne nåde og miskunn

på gjengjeldingsdagen.

Å høgheilage Treeining, sameint i eitt vesen,

skil oss aldri frå di miskunn,

men send denne di miskunn til jorda,

du som sårar, og deretter lækjer,

for deg tilhøyrer ære og tilbeding

i alle æver. Amen.

Kom, lat oss falle på kne; kom lat oss bønfalle han som Englane og Erkeenglane prisar. Himmelkreftene, Tronene, Herredøma, Fyrstane og Maktene tener Gud, Den Himmelske Faderen, den sam-evige Sonen

og den høgheilage Anden, Talsmannen, som Kjerubane herleggjer utan kvild, han som Serafane løyner sitt andlet for.

Profetar, apostlar og heilage martyrar: Bønfall den einaste Menneskevenen, den einaste Medlidande, og be om avløysing for alle vår sjels synder,

slik at vi kan gjerast verdige til å stå fram på den yttarste dagen utan å bli  fordømde,

og silk at vi kan høyre Frelsarens røyst seie til oss: «Kom, de velsigna borna åt Far min, og ta i arv det som er førebudd for dykk frå æva av: Guds Rike»,

så vi då kan syngje ei sigershymne til han som er vår domar: Menneskevenen!

Reklame
21
Aug
11

diversa: Melding av «Atle Næss: «Nidarosdomen» «

Fyrst publisert i «Bokmagasinet», Klassekampen, laurdag 19/8-11 (litt forkorta; fullstendig tekst her)…

Bøkene om Nidarosdomen har dei siste åra kome i rekkje og rad. Prakt og fag mellom to permar. Også Atle Næss store bok om domen er ei praktbok. Men ho vil ikkje vere fyrst og fremst ei litt distansert kunstbok. Næss vil gje oss domens ”biografi”, ei heilskapleg framstelling av katedralens livsløp, den levande historia som denne kyrkja både er ein del av og på sett og vis ein medskapar av.

Språk og stil boka er difor forteljande og tilsikta personleg, ja populært. Dette skal vere ei bok for fleire enn fagfolka og dei spesielt interesserte, men like vel sakleg informativ. Men er ho det? Ei så omfangsrik bok – ei bok som skal dekkje eit stort og svært mangfaldig spenn av tid,  av kyrkjeleg og sekulær historie, om teologi, liturgi, politikk, kunst og kultur – kan ikkje bli gjenstand for detaljkommentar på den tilmålte spalteplassen bladet har gjeve meg. Detaljane må overlatast til kunst- og arkitekturhistorikarane og til allmenhistorikarane.  Her kan eg berre prøve å fange inn noka av heilskapen, noko av forfattarens interpretasjon av domens livshistorie. All biografi er tolka liv.

Dessverre er framstellinga prega av det som ofte går igjen i formidling av norsk mellomalder og mellomalderens kyrkjesoge. Eit utanfrå-perspektiv, ein lett ironiserande distanse. I framhaldet av dominerande norsk mellomaldertolking, i arven frå Bull til Lunden, ligg vekta på å forstå kyrkjehistorie ikkje minst som ei makthistorie. ”Makt”, ”maktkamp”og liknade omgrep går stadig igjen hos Næss. Det er så klårt eit legitimt perspektiv, men det finst andre vinklar som gjev ei meir nyansert forståing av dei historiske dynamikkane, både i person- og i instititusjonshistoria. Dersom ein i det religiøse ikkje ser anna enn ein ueigentleg, ideologisk overbygning, blir det mykje ein ikkje får med.

Næss burde la oss forstå noko av korleis mellomalderkyrkja forstod sitt samfunnsmessige, moralske og åndelege prosjekt. Kyrkja hadde eigdomar, men hadde også eit store oppgåver å løyse, kulturelt, pedagogisk, sosialt og politisk. Makt- og personinteresser blandar seg alltid inn, men ein bør også prøve å forstå dei idémessige og idéhistoriske komponentane. Katedralskulane var ikkje berre puggeskular for prestelærlingar, men vidareførar av dei klassiske, liberale kunstane. Jon Raudes standhaftige hevding av kyrkja sine rettar, uttrykte i Sættargjerda, var ikkje ein isolert maktkamp, men ein freistnad på å gjennomføre den universelle, kyrkjelege reformrørsla sitt program, med indre fridom frå statlege makter og ei nasjonalistisk og nepotistisk forsnevring av den kyrkjelege identiteten. Også erkebiskop Øysteins policy må sjåast i dette ljoset. Dette berre som eit par døme på stader der Næss kunne late oss få ein vidare og større innsikt i problematikkane i dåtida. Vidarekomne klerkar studerte ved utanlandske universitet, kanskje ikkje berre for å kunne ”klatre i hierarkiet”. Seriøse interesser for faget og legitime ambisjonar om å gjere ein innsats for det ein trudde på, var ikkje utelukka då, like lite som det er no.

Oppfatninga av mellomalderen som mørke, maktkamp og folkeleg fordumming er ein seig fordom i vår kulturkrins, og passar godt med den tradisjonelle protestantiske historieforståinga. Religionen til både høg og låg ser ein som noko som var forma av kyrkja sitt kyniske ynskje om makt og pengar, med frykt for helvete og von om paradiset som pressmiddel. Å prøve å gje ein glimt inn i trua som noko oppriktig og viktig i seg sjølv, får vi ikkje hjelp til av Næss. Kannikane syng sine tidebøner i katedralen, men kva indre tyding dette hadde i spiritualiteten, er fråvereande.

Nettopp fordi boka vil vere ein biografi, altså vere i ein meir skjønnlittereær sjanger, hadde det hjulpe om vi kunne få auge på eit meir spennande og meir innforliva perspektiv – noko ein berre kan få ved å kome meir på innsida av kva slags livsprosjekt mellomalderkyrkja, i det minste ideelt sett, la til rette for og streba etter. Særleg katedralane er – som Næss er inne på – metafysiske, teologale byggverk. Men det svarar til ei livskjensle som er noko meir enn eit ynskje om litt ljos og himmel over ein grå mellomalderkvardag.

Boka kjem ut av dette fangenskapet i mellomalderklisjéar når Næss kjem til domens historie etter reformasjonen. Her blir det instruktivt og interessant, men også ein turrare tekst,  i alle fall som biografi, som livs-litteratur. Dersom det er ei line i biografien, så er det Nidarosdomen som nasjonalheilagdom. Særleg i motiveringa for å restaurere domen, var det dette momentet som gjorde at det endå antikatolske, offisielle Noreg gjekk inn for det. Å gje katedralen ein identitet som nasjonalheilagdom er risikabelt. Det endar gjerne med at det nasjonale blir meir heilagt enn det guddomlege.

Det er oppskrifta på ein framandgjord katedral.

(Atle Næss: NIDAROSDOMEN – en biografi om Norges nasjonalmonument og menneskene som bygde det.)

25
Jul
11

obs: Helsing frå pave Benedikt 16

Denne helsinga vart  opplesen under høgmessa i alle norske katolske kyrkjer sist sundag:

Hans Majestet
Kong Harald V
Konge av Norge

Hans Hellighet pave Benedikt XVI sørger dypt over nyheten om de mange tap av liv forårsaket av de ufattelige voldshandlingene i Oslo og på Utøya. Han ber inderlig for ofrene og deres familier og påkaller Guds fred over de døde og guddommelig trøst til dem som lider. I denne tiden med landesorg ber han om at alle nordmenn må være åndelig forenet i besluttsomt å avvise hatets og konfliktens vei og uten frykt arbeide sammen for å skape en fremtid med gjensidig respekt, solidaritet og frihet for kommende generasjoner.

Kardinal Tarcisio Bertone

Statssekretær 

24
Jun
11

diversa: Nordvegen

Fyrst publisert i Dag og Tid, denne vika…

 

Eg er ein av uteljande mange fleire som har late TVen stå på nesten kontinuerleg dei siste dagane. Eg har reist, virtuelt, med Hurtigruta frå Bergen, og er i dag på veg rundt Nordkapp, ut på nordhavet, på veg mot Kirkenes. Kva er dette? Eit TV-program vi ikkje har sett maken til, fjernsynshistorie, rett og slett.

Forsynet har vilja at eg ikkje er i klosteret, men på ein studieperm og har lånt eit husvere ved kanten av Oslofjorden. Det er TV her, og eg kan nytte tida friare enn dei daglege klosterrutinane tillet. Faktisk sit eg i skrivande stund på ein kaikant, i ly for den friske brisen, men med båtar og sjø rett fram for nasen. Det er noko av løyndomen, trur eg. Eg har alltid likt båtar og kaier, oppvaksen ved kyst og fjord heime på Sunnmøre; ja – eg såg undervegs dei svaberga eg sprang rundt på som gutunge, dei sjøstykka eg rodde færingen på saman med andre gutfantar, holmane der vi for ut sommarnatta og dorga småsei og kroppung, fjellhamrane vi kleiv i og fjelltoppane eg har vore på, øyane eg stammar frå. Og så markene der eg var med i slåtten, no omgjorde til byggefelt med nyrike sunnmørshus, med løa langt inn på land, strittande opp som ein torso frå ei anna verd. Og altså kaiene. I timesvis kunne eg stå å sjå når lastebåtane kom. Det var fascinerannde med sjauen av lossing og lasting, med matrosar, båtsmenn og super-cargoar (dei som har ansvar for lasten og logistikken ombord) og kanskje ein skipper i det fjerne, med lukta av diesel frå kjølevatnet blanda med matos frå byssa. Som ei vitjing frå verda utanfor; ikkje den store verda utanriks, men nettopp frå den lange kysten. Båtane batt meg inn i den lange kjeden som heiter Norskekysten.

Du må vere kystglad og båtglad for å fatte dette programmet fullt ut. Nordmenn har dette i seg. Vesås seier, rett nok, at han har eit ”innlandshjarte”, men eigentleg veit også døler og opplendingar at dei bur i eit land med andletet vendt mot havet. Det er denne gleda over kyst og båt eg kjenner att hos alle som tek mot m/sNordnorge undervegs. Ein slags maritim og kontinuereleg 17.mai: Korps og kor og vinkande menneske med norske flagg i alle variantar, og  kjedekransa ordførarar og lokale kvardagsheltar. For ikkje å snakke om armadaen av småbåtar som eksorterer det store skipet langs leia, ut og inn av hamnene. Skjønt småbåtar; det friska faktisk opp å sjå ei snekke med Saab-diesel mellom alle dei rålekre high speed lystbåtane. Det norske kystfolket er ikkje fattigfolk, tenkjer eg, der eg sit. For meg blir det for mykje båtshow, både som kulturfenomen og som kamerafokus. Det blei for mykje for kapteinen og losen også, trur eg.

Noko magisk og nesten metafysisk er det også med det store skipet som kjem sigande majestetisk inn mot kaia, under musikk og jubel. Som var det sjølve havguden, Neptun, som let seg hylle. Skipet – meistringa av havet, sjølve kaoskrafta. Saman med den store forteljinga om det å kome frå ei stor reise – og dra vidare. Møte og avskil. Hurtigrute er høgtid.

Så kva er dette? Det er rett og slett Noreg, Nord-vegen. Sjølve leia frå sør til nord med tilstøytande land– det er det denne nasjonen e r. Det han blei då isen drog seg tilbake og kysten synte seg. Øygarden, skjergarden, vågane og buktene, og fjordane som fører havblodet i lange arteriar heilt inn hjartet av landet. Å stille opp og helse skipet der det glir nordover, det er, heilt konkret, ei nasjonal mønstring. Hurtigrute er nasjonsbyggjing. Alle som ser programmet, må også leggje merke til at dette landet er folkesett, ikkje ned-sentralisert, at det heile vegen er fullt på høgd som moderne lokalsamfunn.  Vi ser at her vert det skapt verdiar, det er ikkje eit kystmuseum vi siglar gjennom.

Sjølsagt er det eit romantisk program, det har ein draum i seg – og kvifor ikkje? Det høyrer med til livet, også samfunnslivet og kulturen. Heldigvis let ein sjøen, naturen og skipet sjølv sleppe til. Vi vert ikkje underhaldne og prata ihel. Vi slepp for mykje ”Norge rundt”-modus, med evig trekkspeling og budeier som slår kollbøtte. Takk.

Sjølvsagt kunne det vere grunn for å reise langs kysten med eit kritisk blikk og få fram alt som ikkje funkar, og kvifor. Men det får bli på sørtur.

07
Feb
11

diversa: St dominikus katolsk forum

… startar opp vårsemesteret med temaet: «Religion i et åpnere samfunn» – ein samtale/debatt mellom Didrik Søderlind og arnfinn haram, tirsdag 15. februar kl 1930, i foredragssalen her på klosteret. Sjekk linken http:/stdominikus.katolsk.no/

31
Jul
09

Til lesaren: Kommenter gjerne!

Etter statistikken å døme, har visst denne enkle bloggen mange lesarar og brukarar. Det er fint. Meninga er at han ikkje skal vere for vidløftig i form og utstyr, men ha så bra innhald som mogeleg.

For vel eit år sidan var det ein del ivrige debattar og kommenteringar på bloggsidene. På eit tidspunkt måtte eg vere litt ordstyrar og setje litt grenser. Kanskje gjorde det at folk var litt for stille av seg? Kanskje ville det vere bra om fleire av dei som les bloggen, gjev seg til kjenne med tankar om tinga? Sjølvsagt er det mogeleg å berre bruke bloggen som «lectio», som lesnad til eigen ettertanke. Eit litt fordjupande og kontemplativt preg syns eg det er bruk for i den litt rastlause og spragla bloggverda. Men: Skriv gjerne kommentarar og tankar som du vil dele med andre – og med meg. Gjerne kort og greitt. Kom igjen 🙂

27
Sep
08

takk!….

til alle som både her på bloggen (i kommentarane) og elles har kome med helsing og gratulasjonar i høve fødselsdagen den 25.september! Takk for gode ord og tankar! Takk, ikkje minst, til dei som skipa til seminaret laurdag den 20., med føredrag av Asbjørn Aarnes, sr Anne Bente Hadland OP og Liv Bliksrud! Takk også for skriftet dei redigerte og takk til alle som har skrive der! Det var heilt uventa.. Som alt det beste i livet… Takk til alle!

Dykkar fr Arnfinn Andreas

24
Nov
07

introitus (om denne bloggen)…

Denne bloggen har no halde på vel ein månad – og har alt hatt om lag 15000 treff. Som du har sett, har bloggen ulike spaltar /overskrifter; éin med ein meditativ/teologisk (spiritualitet) tekst: «Officium», og éin med synspunkt og kommentarar (aktualitet): «Nota bene». I «Carpe diem (grip dagen) får du vite litt om kva eg held på meg og kvar eg er (!). Av og til legg eg ut ei preike under «Homilia». Etterkvart legg eg ut fleire «tekstar» og «artiklar» som gjerne har stått publiserte i andre media. Kommentarar til dette stoffet passar sjølsagt best under den kategorien. Fylg med! Kommenter gjerne!

The black Pa(n)ter




kategoriar