Kjære brør og systre!
Den evangelieteksten vi har høyrt i dag, i den fortløpande lesinga frå Matteusevangeliet i det liturgiske året, finn vi også som hovudtekst på festen for Peter og Paulus. Då ligg vekta på Peter, Klippa, på Petrustenesta, på Peter som ”fundamentapostelen” for Kristi Kyrkje. I dag ligg vekta på vårt ansvar
For Peter talar på vegne av alle apostlane, ja, på vegne av heile kyrkja. Heile den kristne kyrkja, alle truande, alle dei kristtrugne, er kalla til å avlegge den same vedkjenninga: Du er Messias, sønn av den levende Gud. Kristi kyrkje er ei vedkjennande kyrkje, alle truande er vedkjennarar, confessores! Difor spør Jesus alle disiplane: Hvem sier folk at Menneskesønnen er? Dei har fylgt med han, budd saman med han, delt måltid saman med han, vandra med han, arbeidd saman med han, lytta til han og bedt saman med han. No kjem det avgjerande spørsmålet, no skal det vise seg om dei anar at han er meir enn ein rabbinar, ein lærar, ein meistar. Meir enn Johannes døyparen, meir enn Jeremias eller ein av profetane, slik ordet gjekk om han på folkemunne. No skal han røpe sin persons mysterium: At han er Messias, son av den levande Gud!
Brør og systre! Dette er døra til kyrkja, til den kyrkjelege fellesskapen: Vedkjenninga til Jesus som Messias, som Kristus, som Guds Son. Når vi blir døypte, blir Credo framsagt, blir Kristus-trua vedkjent. – På våre vegne av foreldre og fadrar dersom vi er døypte som born. Av oss sjølve, med eigen munn og eige mæle, dersom vi er vaksne og har gjennomgått katekumenatet. Noko som blir meir og meir vanleg, også i Europa, i dei gamle kristne landa – som på mange måtar er blitt etter-kristne, post-kristne. Fordi fleire og fleire ikkje blir døypte som born, men søkjer trua og kyrkja sjølve, på eige initiativ og eige ansvar, i full fridom.
Dette viser oss at vi ikkje eigentleg er kristne fordi vi tilhøyrer ein kristen kultur eller tradisjon. Vi er ikkje fødde som kristne, eller ”født som katolikk”, som vi ofte høyrer det uttrykt. Det er ved dåpen og trua vi er kristne, og katolske kristne. Meir og meir forstår vi at massekristendomens tid er forbi, at vi er tilbake der dei urkyrkjeleg og oldkyrkjelege kristne var: Som truande i ei meir eller mindre truande omverd. Det vil meir og meir vise seg at ingen i det lange løp vil eller kan vere kristen berre fordi det er vanleg. Det vil vise seg også i land der kristendomen, også den katolske, stadig har stor oppslutning. Det vil vise seg at den som er kristen fordi han eller ho er norsk, vil ende med å vere berre norsk; den som er katolikk, berre fordi han er polsk, vil ende med å bli berre polsk, eller tilsvarande for den som er fransk, italiensk, irsk, vietnamesisk, fillippinsk eller kva det kan vere. Det vil vise seg at du er ein katolsk kristen fordi det er noko du vil, noko du satsar på, noko du trur på, noko du vedkjenner: Credo! Eg trur! Eg trur ikkje ka som helst, men nettopp at Jesus er Messias, Guds Son; at han er Gud av Gud og ljos av ljos, sann Gud av den sanne Gud; at han steig ned frå himlen og blei menneske, født av jomfru Maria, for oss menneske og for vår frelse skuld , «propter nos homines et propter nostram salutem» (Nicenum).
Sentrum og hjarteslag i den katolske trua er nettopp Jesus Kristus og hans frelsesverk, hans død, hans oppstode, hans gjenkomst på den yttarste dag. Eg er ein katolsk kristen – og eg tilhøyrer den kyrkja som saman med Peter seier: ”Du er Messias, son av den levande Gud!” Den katolske kyrkja, den kristne kyrkja, kan vere stor eller lita på ein plass, kan vere rik eller fattig, kan vere forfylgd eller ha fred; dette er alltid det same: Credo! Eg trur!
Det er nettopp dette som gir oss fridom og sjølvstende: Trua. Mange vil bruke kyrkja for sine formål, gode eller mindre gode: Moralen, kulturen, kunsten, kva det kan vere. Men kyrkja, ikkje minst den katolske kyrkja i Vesten, har alltid, på sitt beste, kjempa for sin fridom – frå statsmakt, frå nasjonalisme, frå det å gå opp i ”Blut und Boden”, blodet og jorda. Som ein av mine no avdøde medbrødre sa: ”Kristendommen er ingen stammereligion”. Det er sant: Kyrkja slår rot i det konkrete, i nasjonane, i kulturen, ja ho skaper kultur og ho er med å forme nasjonar, men alltid er ho fri, universell, ja, nettopp katolsk. Ho tilhøyrer fyrst og fremst Kristus og er sett til å vitne om det Guds rike som er for alle menneske, for alle folkeslag, for alle tider – fordi ho er evig og har det evige som siktemål, som forankring.
Det underleg er, at det er nettopp når kyrkja er fri, når ho lever av si tru og ved si tru – at ho verkeleg påverkar sine omgjevnader, at ho fritt kan samarbeide med og støtte ”alle menneske av god vilje”.
Brør og systre! Vi treng alle å få vårt fotfeste her. – Både om dei som er våre hyrdingar, som den heilage far, Peters etterfylgjar, og djupast om sett eit kvart kristent menneske blir det då sant det som var profetert om Sjebna, slik vi høyrde det: ” Jeg slår ham inn som en nagle på et sikkert sted”. Verda, og også vårt land, treng slike kristne i dag; kristne menneske som har sinnsro, dømekraft og handlekraft, som ikkje treng å vere fanatiske eller hysteriske, som berre treng å vere vedkjennarar: I den felles liturgien, i vårt daglege liv, i sorg og i glede. Jesus Kristus er vårt feste; ”i stilla og tillit skal vår styrke vere”.
Særleg den stille tilliten, forankra i trua, trengs no, det er vårt kall:
Det går et stille tog/ igjennom kampens bulder/ med bønn på alle sprog// det bøyer mot den falne ned/ med korset på sin skulder/ med bud fra hjem og fred.
Siste kommentarar