Kjære brør og systre!
Skjærtorsdagen – og evangeliet vi har høyrt – handlar både om innstiftinga av Nattverden, av messa – og om fotvaskinga, så å seie innstiftinga av diakonien, den innbyrdes kjærleiken, fellesskapen, tenesta for dei andre.
På mange måtar er det siste noko vi kan forstå i ein kultur som vår – vi syns det er meiningsfullt å høyre om at vi skal vere aktive og sosiale, at vi skal gjere noko nyttig, gjere noko for andre. At Gud skal gjere noko for oss, at vi treng han, det synest fjernare.
Den ivrige Peter reagerte tydelegvis også slik: Skal du vaske mine føtter, Herre?… Aldri i evighet skal du vaske mine føtter! Då får han høyre Jesu svar: Får jeg ikke vaske deg, har du ingen plass hos meg. Eigentleg står det: ”har du ingen del i meg”.
Denne Skjærtorsdags-kvelden, trur eg det er dette Herren vil seie til oss som er her: Får jeg ikke vaske deg, har du ingen plass hos meg. Vi tenkjer så lett at det er mindre verdig å ynskje noko av Gud enn å gjere noko for Gud. Men Gud er ein Gud som vil vere noko for dei som høyrer han til. Som i all kjærleik, i all venskap: -Vi ynskjer å bety noko for den andre, slik vi er. Ikkje berre gjere nytte for oss. Aldri kjem eit menneske oss nærare enn når det opnar seg, når det kjem med seg sjølv, med sitt hjarte, sine behov, si naud, sine vanskar, sine sår, ja, sine tårer. Då kan vi møtast, då vert band knytte, då kjenner vi at vi høyrer saman, at vi elskar.
Difor lengtar Gud etter at vi skal kome til han også med alt det verste i livet vårt. Då kan skuld sonast, då kan sår legast, då kan alt bli nytt. Difor seier også Johannes: Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre… Vi elskar fordi han elska oss fyrst (1 Joh 4,10…19).
Det var dette Peter måtte lære. Han måtte fyrst la seg vaske – så kunne han vaske andre.
I dei heilage sakramenta blir livet vårt fornya, der blir vi vaska og reinsa, der får vi del i Jesus. I dåpen blir vi eitt med i hans død og oppstode. I skriftemålet – forsoningssakramentet – tileignar vi oss stadig på nytt det som hende med oss i dåpen; vi får reinsa bort alt det vi pådreg oss heile tida av synd og sår. Og aller mest i messa, i evkaristien – som vi høgtidleg feirar innstiftinga av i dag; der er Kristi kropp og hans blod og dermed hans offer for oss nærverande: som vi høyrde: Hver gang dere spiser dette brød og drikker dette beger, forkynner dere Herrens død, inntil han selv kommer. Eller som vi song i omkvedet, også med apostelens ord: Velsignelsens kalk som vi velsigner, er samfunn med Kristi blod.
Hans blod, kalken mot mine lipper– det vil seie: Han har tatt det heilt ut, han har tatt full høgde og full djupne for livet vårt; han har gått like inn i døden, like inn i gapet på alle fiendtlege makter, han har gjort opp for alt. Difor kan han vaske oss, difor er det ingen ting som treng å hindre oss, difor kan vi kome med alt. Kristi blod – den ekstreme kjærleiken! Det toler møtet med mitt liv: Som det heiter i gospelsongen: Det når mig när jag er på höjden/det når mig när jag är i djupet!
Difor er denne Skjærtorsdagen eit kall til å la alle forsvarsverk falle, til å innsjå at vi treng han, og at vi treng å la oss elske. Ja, kanskje er det som er det aller største og aller mest fortrengte behovet for menneska rundt oss: – Å bli verkeleg elska; av andre, men også av Han, den høgste; å bli elska av sin Gud!
I kveld vil eg lyfte ”frelsens beger” og vite, for meg sjølv og for alle:
”at ein drope berre/av det blod som rann/kan all verdi løysa ut or syndeband!” *)
*) frå den hl Thomas Aquinas» sakramentshymne: Adoro te devote
Siste kommentarar