Kjære brør og systre!
Også denne sundagen er evangelieteksten henta frå Jesu Bergpreike; sjølve Grunnnlova, konstitusjonen, for kyrkja og for disippellivet. Når Jesus set seg oppe i fjellet for å undervise folket, framstår han som den nye Moses som formidla Guds lov, Guds paktsvilje til Israel. Bergpreika utvidar og fullbyrdar Lova, som Guds paktsvilje for eit gudsfolk av alle ætter og folk og tungemål.
Apostelen Peter gjentek det som Moses sa om Guds folk og Guds vilje, og anvender det på oss, på kyrkja, på Jesu læresveinar: De skal vera heilage, for eg er heilag (1 Pet 1,16). Guds folk, Guds born, Guds vener skal avspegle Guds vesen. Det er dette Jesus siktar til når han seier: Dere skal være fullkomne, slik som deres himmelske Far er fullkommen. Fylg ikkje berre gjennomsnittsmoralen, samanlikn deg ikkje med andre, men med Gud. Om vi gjer akkurat det som skal til å for ikkje å bli avslørte, for å slippe unna med minst muleg innsats; ja, så lever vi ikkje opp til den stadarden som Gud har sett for oss og som vår eigen sjølvrespekt eigentleg fordrar av oss! Om dere elsker dem som elsker dere, hva lønn fortjener dere for det? spør Jesus, selv tolloppkreverne – altså dei mest suspekte – gjør det samme. Og om dere hilser deres landsmenn, men ingen andre, hva er vel det storartede ved det – gjør ikke selv hedningene det samme?”
Mennesket som sprengjer grensene for det som er rimeleg, som har overskot, mot, innlevingsevne til å sleppe andre inn på seg, som ikkje er styrde av frykt, fiendskap og skepsis – det er mennesket i Guds bilete, mennesket som speglar Gud. Det er slike menneske vi treng no, det er den menneskelege mentaliteten og kulturen vi må fornye! Brør og systre; vi treng ein ny, kristen humanisme i dag. Når eg ser rundt meg, når eg les avsinnlegga, høyrer på ein del samfunnsrøyster, sjekkar bloggdebattane – då må eg seie: -Kva skjer? Hat og sjikane florerer – og det som gjer det muleg, det som er jordsmonnet, er sjølve innstillinga vår: -Vi vil sikre oss, byggje murar mot alle som forstyrrar vår idyll og vår velstand, jage bort den fattige Lasarus utanfor døra vår. Vi ser på dei fattige som late, snuskete lurifaksar. Og dette fallet – eller forfallet – i human kultur, ja, i kristen kultur, skjer så gradvis at vi ikke legg merke til det. Vi risikerer å utvikle oss til ein folk av kvardagsfascistar.
Som katolske kristne skulle vi vite at Guds familie består av alle slags menneske og at Guds gåver er for alle. Fordi Gud er Gud for alle. Som truande skulle vi vite at Gud tar seg av vår sak og syrgjer for vårt liv. Difor: Til den som ber deg, skal du gi; den som vil låne av deg, skal du ikke vende ryggen. Dette er dessverre noko som mange ler av i dag; no er det på mote å ikkje vere ”dumsnill” som ein kallar det. Vi har vent oss til å sjå andre som mulege inntrengjarar, som ein trussel. Merkeleg nok nettopp i same grad som vi er blitt styrtrike. Slik er det alltid; den som har mykje, har mykje å misse, mykje å passe på, mange å vere redd for. ”Mykje vil ha meir”; sa bestemor mi alltid, som ei åtvaring.
Jesus seier ein plass til dei han sender ut for å forkynne evangeliet, til apostlane: For ingen ting har de fått det, for ingen ting skal de gje det. Det gjeld igrunnen heile vårt liv, heile vårt livskall. Vi kan vere opne mot andre fordi vårt liv kviler i Gud. Dette er ein heilt annan logikk enn den ”alles kamp mot alle” som overtek der dei verkeleg humanistiske ideala døyr ut. Som truande har vi eit særleg ansvar for å halde desse ideala levande – fordi vi ser at menneskets høgste kall og ’verdighet’ er å vere born av Gud, vår himmelske Far –
…han som forlater dine synder, som leger dine sår. Han som løser ditt liv fra graven og kroner deg med miskunn og godhet.
Siste kommentarar