Preike frå sist sundag; ved utsendingsmessa etter evangeliseringsdagane i St Paul katolske sokn, Bergen…
Kjære brør og systre!
Evangeliseringsdagane her St Paul blir avslutta med den vakraste forteljinga i Det nye testamentet, kanskje den vakraste forteljinga Bibelen, ja i heile verda. Forteljinga om den bortkomne sonen, forteljinga om Gud, Faderen som tok i mot sonen med opne armar då han vende tilbake til heimen sin, til faderhuset.
Det er forteljinga om eit menneske som drog bort, som lenge blei borte, som snudde ryggen til heimen sin. Men det er og forteljinga om faren som aldri gav opp vona, det er forteljinga om ein far som ventar! Om ein Gud som ventar! Som aldri gir opp!
Kjære bror og syster! Evangeliet er dette: Gud er ein Gud som ventar. Ventar på oss! Det er difor vi har evangeliseringsdagar; for å minne oss alle om at Gud ventar på å ta i mot oss på nytt – for mange har kanskje kome bort frå Gud, sjøl om alt ser bra ut på overflata. Det er synder vi ber på som vi aldri har fått skrifta, det er forventingar i jobb og på heimebane som gjer at vi ikkje lenger får plass for at eitt er naudsynt, for Gud (Luk 10,42). Det kan også vere mange som gradvis har slutta å gå til messe, har slutta å praktisere, dei blei berre borte… Gud ventar på dei! Han har ikkje resignert, han har ikkje gitt opp, han har ikkje stroke deg av protokollane!
Gud ventar også på alle dei i denne byen, i dette samfunnet som har vendt ryggen til Gud og kristendomen. På mange måtar har heile vår kultur lenge prøvd å legge kristendomen bak seg. Vår kultur har så seie vakse opp i Guds hus, med eit kristent syn på livet, på mennesket, på døden, på rett og galt, på sed og skikk, nedfelt i lovene, uttrykt i litteraturen, i kunsten, i heile historia. Vi har tatt det for gitt – og mange vil gjerne behalde det, men utan å ta i mot det frå Gud, utan å ta med det som krasjar med andre ideal.
Endå er det sterke innslag av kristen arv i kulturen og i samfunnet vårt. Men ein dag er det kanskje slutt. Som det står om den bortkomne sonen: Då han hadde sett alt over styr – heile arven sin – var det uår og svolt i landet og han tok til å lida naud. Han, som hadde vore ein fri mann, måtte ta seg slavearbeid og til sist sat han på dynga og åt skolmane, av grisematen. Han var ved vegs ende.
Då, står det, Då kom han til seg sjølv…og sa: Eg vil ta i veg og gå heim til far min og seia: ’Far, eg har synda mot himmelen og for deg. Eg er ikkje lenger verdig til å kallast son din lenger. Men la meg få vera som ein av leigekarane dine!
Han gav seg i veg – og faren kom løpande i mot han med opne armar. For han var ein far som venta! Han omfamna han, gav han nye klær, gav han ring på fingeren, slakta gjøkalven og heldt fest; evkaristisk fest, ein gledens liturgi; for denne son min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen! Han var som død – no hadde han fått livet igjen, eit nytt liv!
Brør og systre! Eg skulle ynskje at St Paul kyrkjelyd blei ein plass der det strålar ut: Gud ventar på menneske! Gå ut til alle du møter og sei: -Du er på veg bort, men Gud ventar at du skal snu om. Og til dei som tek til å forstå at mennesket høyrer til hos Gud og som kjenner at dei gjerne skulle ha vendt tilbake, menneske som tek til ”å gå seg sjølve”, ”å kome til seg sjølve”– sei: Det nyttar, det er ikkje for seint! Gud ventar! Skriftemålet ventar på deg, kanskje dåpen om du ikkje er døypt, evakaristien ventar på deg, fellesskapen ventar på deg, brør og systre venar på deg! Ikkje berre gjøkalven er slakta, men Påskelammet, Jesus Kristus, Agnus Dei, qui tollis peccata mundi; Guds lam, han som tar bort verdens synder! Han har satsa alt for at du skal kome tilbake!
Uansett kven vi er: Om det er blitt ein avstand mellom oss og Gud, av kulde, av fortvilling, av likesæle, av synder, av masse greier som har tatt Guds plass i livet vårt: Lat oss seie: No vil eg reise meg, no vil eg kome til meg sjølv, no vil eg ta i veg, no vil eg gå til skrifte, no vil eg starte på nytt! Det nyttar.
For Gud er der. Han er klar. Han bere ventar på at det skal skje. Som vi song i går – og måtte det klinge ut i heile Bergen by:
Treng i Guds arme inn og fatt din Jesu hjerte/det koste i dit sinn/hva det vil for smerte!
I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Amen.
Siste kommentarar