Go» morn! Vaknar opp i Tønsberg i dag, hos familien Hareide. Hadde foredrag på Tønsberk kirkeakademi/Katolsk Forum (samarbeid) om ekumenikk i går. Fekk litt motbør i samtalen, men det høyrer med… Så preikebroren er på farta dennne våren. No: toget til Oslo. På gjenblogg!
Arkiv for mars 2009
carpe diem: Tønsberg…
Brør og systre!
Den stille vika og påskehøgtida nærmar seg. Vi står ved inngangen til Via Dolorosa, snart kjem han gåande… Kristus, han som skal lide og døy, han som skal bli eit sonoffer for oss og for verda. Snart skal vi feire det som knapt og og samafatta står i vårt Credo: ”Crucifixus etiam pro nobis” (han blei krossfest for oss”). Pro nobis. Han gir livet sitt for vår skuld.
Her er vi ved hjartet i den kristne trua: Jesu Kristi evige soningsoffer. Paulus samafattar bodskapen sin og seier: ”Eg vil ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest” (1 Kor 2,2). Og kor tydeleg er det ikkje i evangelia; det er pasjonshistoria som opptek det meste av plassen; alt leier fram mot dei siste dagane i Jerusalem.
Og det er dette som er den messianske løyndomen, det messianske mysteriet: at han skulle overgjevast i syndarhender, i framande hender, som ein forkasta; at han skulle gje livet sitt som løysepenge, at han skulle utrenne sitt blod ”for oss og for de mange til syndenes forlatelse”, slik det står i dei evkaristiske forvandlingsorda. For i den siste nattverden, den første messa, tyda han sitt liv og sin død nettopp slik: som eit offerliv, ein offerdød.
Her ser vi det djupaste og inste i Jesu identitet:
”Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg, og våre pinsler bar han. …Han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom” (Jes 53, 4-5).
Særleg evangelisten Johannes ser Jesu liv i dette ljoset; hans evangelium er ikkje berre ”beskrivande”, det er tolkande, det er teologisk. Jesu liv og død handlar om kveitekornet som må falle i jorda og døy. Det handlar om Jesu sterke sjølvmedvit som offerprest, som offerlam. Som vi høyrde: ”Nå er timen kommet, da Menneskesønnen skal opphøyes i sin herlighet” – og då er det ikkje berre oppstoda og påskedagen Johannes talar om, men nettopp om opphøginga på krosstreeet. ”Forbanna er kvar den som heng på eit tre”, står det i lova; men nettopp der blir Jesus herleggjord, der herleggjer han Faderen som har sendt han; nettopp der er det han ropar ut: ”Det er fullført”, Consummatum est! Alt er ’konsummert’, alt er oppslukt, alt det vonde, alt det bitre. Som det stod i den andre lesnaden: ”Da han hadde nådd fullendelsen, ble han opphav til evig frelse for enhver som gir seg inn under ham” (Hebr 5,9).
Kvifor er det så mange som stiller seg uforståande til dette, også mange truande; at Gud skulle fordre eit offer, at vi treng forsoning? Kanskje er det slik at den som ikkje opplever seg som syndar, treng inga forsoning? Eller at den som trur at døden berre innber å bli borte, ikkje har behov for ein frelsar på den andre sida av grensa og på yttarste dagen? Kanskje er det mange som ikkje lenger reknar med at det finst ein ”mørkets fyrste” og demoniske makter i verda, dei som Herren overvann då han ”synte seg som sigerherre over dei på krossen” (Gal 2,15), eller som Jesus sa: ”Nå felles dommen over denne verden, nå skal mørkets fyrste støtes ut”?
Kanskje trur mange at alt berre dreiar seg om moral og psykologi – og kva skal vi då med ein forløysar? ”Syndarar på papiret”, folk som syns at dei eigentleg er bra nok, treng ikkje at Jesus går Via Dolorosa for dei. Men verkelege syndarar, menneske av kjøt og blod, menneske med ei historie, menneske som vedstår seg si historie – dei treng ein som ber for dei hos Faderen, med naglemerkte hender, med kjærleikens stigmata!
Brør og systre:
Å vere prest, er å feire Jesus evige offer saman med Guds folk i den heilage messa. Det er å halde fram hostien over kalken og seie: ”Sjå Guds Lam, sjå han som tek bort verdsens synder!” Og der eg står, seier eg stille ved meg sjølv:
Hill deg, Frelser og Forsoner!/Verden deg med torner kroner!//Du det ser, jeg har i sinne/rosenkrans om kors å vinde./Gi meg dertil mot og hell!
”Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren…”(20,13)
Minnet om Meriba er er gått inn i Israels historiske medvit: Den misnøgde tretta med Gud – ikkje det fortvila ropet, den pågåande trua. Misnøyen med Gud signaliserer ein djup reservasjon; den halvhjarta trua, den grunnleggjande skepsisen.
Ved den fyrste morgonbøna i klosteret syng vi denne stendige anamnesen, påminninga, om det trettekjære og sure mennesket si utfordring av Gud; når kantoren syng invitatoriesalmen, oppmodinga til lovsong: ”Å ville de høyra på han i dag! Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba…” (Sal 95, 7-8).
Det mennesket som rugar på si misnøye, stengjer seg både for nesten sin og Skaparen sin. Til slutt kan det ikkje opnast meir. Då døyr både kjærleiken og lovsongen.
nota bene: Liberalismar
fyrst publisert i spalten «Signert» i Klassekampen, i dag…
Finanskrisa er eit stadig meir øyredøvande faktum. Ikkje minst venstreorienterte kommentatorar held fram at krisa også er ideologisk; det handlar om samanbrotet av den lenge lovpriste marknadsliberalismen og ein knekk for den globale kapitalismens sigerstog. Eg er samd.
Men eg synest kriseinnsikten er for smal. Liberalisme er eit mangslunge fenomen og sjølv om vi ikkje kan snakke om eit gjennomført tankesystem, er der samanhengar og affinitetar mellom dei ulike liberalismane. Venstresida vil setje grenser for den liberale marknaden, men køyrer samtidig vidare – og stadig sterkare – på sporet åt den kulturelle og etiske liberalismen. Ein viser ingen vilje til å spørje om det kanskje ikkje finst slektskap mellom den grassate marknadsøkonomien og den ekstreme moralske individualismen som også pregar samfunnet vårt.
Det kan ikkje nektast at veldig mykje av den liberale retorikken rettar seg mot etiske tradisjonar som på ulike måtar legg band på individet. Det syner seg særleg i seksual- og familietikken og i spørsmålet om utdanning og oppseding. Men også i spørsmål om liv og død, om synet på kva mennesket er – som i debattane om abort, dødshjelp, genteknologi og kunstig ”befruktning”. Fordi ein veit at dei historiske religionane er kritiske til desse sidene ved den liberale utopien, blussar det også opp kontroversar om kva plass religionane skal ha i samfunnet. Desse metakontroversane er for tida den overlegent mest markerte og høglydde tematikken i samfunnsdebatten i det heile.
Noko som syner at det nettopp er liberalismen som er den heite poteten i dag. Retten til å ytre seg er sett i fokus, men under det sterke engasjementet for ytringsfridom, ligg insisteringa på å kunne kritisere og frigjere seg frå ein del tradisjonelle verdiar. Det er retten til å utfordre og nedkjempe desse, som utgjer ”trøkket” og lidenskapen i debatten. Temperamentet, inntil raseri, i forsvaret for ”dei liberale verdiane” syner ein stigande angst nettopp for at frigjeringa frå den tradisjonelle etikken skal bli stagga.
Det ville vere bra både for blodtrykket, for den offentlege samtalen og for samfunnsutviklinga om ein roa med og prøvde å puste litt djupare. Kvifor er ein så lite viljug til å sjå nærare på kva den konskevente etiske individualismen gjer med oss? Kvifor ser ikkje venstresida at også høgresida ivrar for den slags liberalisme? ”I liberalistisk tradisjon er det vanlig å ta utgangspunkt i at man bør kunne gjøre hva en vil så lenge dette ikke skader andre”, uttalar FrP-tenkjaren Ole Vanebo i ein blogg eg las nyleg. Sant å seie, synes eg oftast at argumentasjonen i etisk tenkjing på venstresida ikkje skil seg serleg mykje frå dette. Kvifor ikkje våge å tenkje meir som debattanten Erik Sårheim i eit innlegg i Dagsavisa (5.mars ), når han argumenterer for ”behovet av en meningsbærende horisont i menneskers liv”? Då kjem ein ikkje utanom spørsmål det ikkje er plass til i Vanebos liberalistiske tommelfinger-regel. Spørsmål om menneskesyn, om kva som er grunnlaget for den menneskelege moralen, om viljefridom og autoritet, om korleis ein skal takle verdikollisjonar mellom storsamfunnet og motkulturane.
Det er grunn til å lure på kvifor venstresida, særleg i SV-utgåva, profilerer seg og intensiverer seg stadig meir nettopp på individmoral og familie- og samlivsmoral? Dette har vel alltid vore med i den radikale porteføljen, men det har vore eit markert skifte frå økonomi, utanrikspolitikk og fredsengasjement til kultur- og livssynsaker. Er det humanetikarane i partiet som har teke styringa? Er SV-miljøa i ferd med å bli meir liberale enn sosialistiske?
Den liberalistiske sjølvrealiseringa – vere seg den politiske fargen er raud, grøn eller blå – er nihilistisk og destruktiv både i høve til samfunnet, til naturen og den økologiske balansen og til den menneskelege personen sjølv. Dyrt er det med.
Krisa kjem også for denne liberalismen. Toget nærmar seg, det susar alt i skinnegangen.
«Two households, both alike in dignity, In fair Verona, where we lay our scene, From ancient grudge break to new mutiny…» Eg sit i aulaen på Marienlyst skule i Oslo og høyrer ein 15-åring framføre Prologen til «Romeo og Julie»; med stort alvor og ekspressiv, engelsk diksjon… Salen er full av fjortisar og lærarar som fylgjer spent med. Det er Shakespeare-førestelling, iscenesett av ein god ven av meg, Eirik Sukke, som er lærar her. Han er ein musisk fyr – og har laga ein liten musical på alle tiders romanse; om dei to unge elskande – i utdrag, sjølsagt…
Det er den eine tiandeklassen som har ansavar for alt; sceneoppsett, scenearbeid, sminking, kostymar og framføring! Alt er modernisert og forenkla; musikken er pop-rock, klesdraktene er saggete og heilt Oslo Vest pr. i dag. Og dei unge skodespelarane har akkurat den blandinga av adolescence – pur ung overgangsalder – og gryande talent og speleglede som skal til. Skodespel- og songteknikken er ikkje perfekt, dei gyldne augneblinkane kjem som flash undervegs; men nettopp det gjer at det sårbare blir tydeleg. Vaksne folk, vaksne kunstnarar og skodespelarar blir fort for flinke. Desse ungdomane treng litt meir tryggleik for å kunne «levere» stoffet, men dei «har» det. Dei vaksne og rutinerte er gode på å levere – enten dei «har » noko eller ikkje. Proft, kjapt – og kaldt.
Dersom nokon av desse blodferske tenåringane går til teatret – måtte dei då alltid ta vare på fjortis-sjela si! Og eg hadde nær sag: fjortis-kroppen! Måtte det ta vare på si tynne hud og sine vaklete bein! Og sine opne hjarte! Og sitt mot til å utlevere seg! Tenk på alle kompisane i salen som legg merke til alt, og så vågar dei likevel å synge og danse og ta store og vakre ord i sin munn!
Det skjer altså nydelege ting: Lærarar som gir alt, som Sukke; og ungdomsskuleelevar som gir alt, på Shakespeare-engelsk! Gratulerer! Bliss be upon you!
”Vi vil dra opp og vinne landet. Vi skal nok få det i vår makt”
Sa Kaleb, ein av speidarane som Moses sende ut for å ta det lova landet i nærare augesyn. Det står om Kaleb at det var ”ein anna ånd i han” enn i dei andre;for dei vart redde då dei såg kor store og sterke byane og mennene i desse landområda var. Kaleb såg det mogelege, dei andre såg det umogelege.
Å mangle sjølvkjensle, er ikkje å vere audmjuk. Reservasjonar, skepsis og pessimisme er ikkje ”realisme”, men måtar å sikre seg på.
Sterk er ikkje den som aldri er redd, men den som overvinn si redsle.
”Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg attt etter skurden, skal du ikkje plukka opp” (v 9).
Kvifor? Fordi noko skulle ”vere att ”til dei fattige og innflyttarane” (v 10). Av same grunn skal ikkje alle druene i vingarden sankast inn. Og bak denne retten åt dei fattige og framande står han som eig både åkeren og vingarden og seier: ”Eg er Herren dykkar Gud”.
Sjølve krona av det som gror, kornet og druene, det som blir dei evkaristiske elementa, brødet og vinen – det skal delast, til ei påminning om han som opnar si hand ”og mettar alt som lever med det som godt er”(Sal 145, 16).
Gud vaktar åkerkantane og ser etter drueklasane; han set foten ned for det kjipe og grådige mennesket som meiner seg å ha rett på alt det har streva for. Fordi det ikkje skjønar at utan Gud, ville strevet vere fruktlaust.
Stel gjer du ikkje fyrst og fremst når du forbryt deg mot borgarlege petimeterdygder; det gjer du når du tek livsgrunnlaget frå den fattige.
«Det same skal han gjere med møteteltet, som er reist hjå dei midt i deira ureinskap”
Møteteltet – der Aron skulle gå inn på den store soningsdagen og gjere soning for folket. Det høgheilage midt i det ureine. Gud kjem syndaren i møte. Det er Gud som ”kryp til korset”, den verkelege soningstaden; på Langfredag, den største soningsdagen.
Midt i ørkenen flyt dåpskjelda fram. Midt i ferdsla er det opne skriftestolar. Midt mellom syndarane dukar han det evkaristiske bordet der soningsofferet, Kristi kropp og blod, vert bore fram.
Ikkje langt der framme, langt der ute; ikkje i eit idealliv som eg aldri når – men midt i min ureinskap. Der eg treng det.
Guds realisme.
carpe diem: Nytt nettverk!
Ein litt historisk dag her… Over tjue personar, eg inkludert, er på Menighetsfakultetet (!)i Oslo, på skipings-seminar for ”Nettverk for katolsk teologi”. Historisk at det hender på MF – og at det har vakse fram eit mangfaldig miljø av katolske teologar her til lands. Her er det lekfolk, prestar og ordensfolk, kvinner og menn, akademisk tilsette, stipendiatar, ein seminarist (katolsk prestestudent) som alt har doktorgrad i liturgihistorie og mange fleire.
Viktig er det at katolsk teologi markerer seg i norsk akademisk og kyrkjeleg rom. Viktig er det òg at katolske kristne som ikkje tilhøyrer klosterlivet eller kleresiet, kan skulere seg som teologar. Viktig er det òg at den norske, katolske kyrkja etterkvart kan nyttiggjere seg teologisk kompetanse som elles ville vore bortvist til privatsfæren.
Dette er ein del av av-klerikaliseringa av kyrkja og teologien – ikkje for at det skal vere ei motsetning mellom fagteologien og det kyrkjelege læreembetet eller mellom lekfolk, klosterfok og presteskap, men for at alle nådegåver og resursar skal nyttast og samverke.
Alt tyder på at dette kan verte eit spennande miljø som vil vise i terrenget, både på teologske lærestader, i katolsk kyrkjeliv og i norsk kultur- og samfunnsdebatt.
Nettverket skal konstituere seg i ettermiddag. Akkurat no står Maria Junttila Sammut (katolsk doktorstipendiat, MF) på talarstolen.
Ting skjer…
carpe diem II: Nedover dalane
Rask rast på Otta. Lett snøslaps møtte oss på Dombås, litt surt også her på Otta. Men vegane er turre og ferda går fint, reknar med å vere i Oslo utpå kvelden, om alt går bra. Gudbrandsdalen er tungt norsk. Vakkert landskap og kulturlandskap, sjølv i bleikt mars-vêr. Dei høge, kvit-stomna innlandsbjørkene står nakne og ventar på sitt grøne brudeslør…
I morgon skal eg vere på Menighetsfakultetet; samling for «netteverk for katolske teologar»; faktisk nokså mange etterkvart. Ein fagleg dag. Det blir spennande!
God sundag, alle! Har nettopp feira messa her i Vår Frue krk, Ålesund, saman med soknepresten, pastor Johannes Hung (frå Vietnam). Kyrkja ligg vakkert ved Nørvasundet (gamalnorsk: det trange sundet; jfr engelsk: narrow; vikingane kalla Gibraltar for Nørvasund, også!). På andre sida her ligg det vakre museumsanlegget Sunnmøre Museum – i det som i mellomalderen var ein veritabel kaupang (kjøpstad), Borgund. Dessverre vart kaupangen utmanøvreret av Bjørgving og Nidaraos, men i stortida var det mange kyrkjer her; éi av dei, St Petri, utgjer hovudkroppen i det som no er Borgund kyrkje.
Vår Frue kyrkje var heilt full, av alle slags folk og folkeslag, og songen tona friskt! Enkle tilhøve, men ei svært open, frimodig og ’barnleg’ ånd i forsamlinga her; lett å tale, lett å be, ingen kunst å kome som prest på passasje, her er vi saman i Guds universelle familie!
Under kyrkjekaffien helsa eg på ei ung jente frå Kina (!); ho har studert litt i Noreg og jobbar no i Brattvåg ei stund før ho drar til eit anna land. Snakkar godt norsk berre etter to år her! Ho heiter Sissi og familen har vore katolikkar i fleire generasjonar. Ved nabobordet helsa eg på ein annan frå Asia, ein ungdom frå Korea, på forretningsreise til Sunnmøre (skipsindustren, reknar eg med).
Så her kjem ein til noko veldig lokalt og svært universelt, på same tid.
Straks rullar Skoda-en (!) vidare mot Åndalsnes, opp Romsdalen, over Lesja og ned Gudbrandsdalen retning Oslo. Be for reisa…
carpe diem: Ein veg og eit møte…
Den lange, bratte vegen går opp gjennom skogen, opp mot eit eit vegkryss der ei grein går ut mot ein einbølt gard høgt over Sunnylsvfjorden; den andre går rett fram og endar på ein sætrevoll med eit vatn og ein dalbotn. Bak og over dalbotnen tronar to tvillingfjell; heimste- og fremste Blåhorn (ca 1400 moh). Har vore mange gonger på den eine av dei to toppane. Det er dei to fjella som ”møtte” meg for over ti-tolv år sidan; eg gjekk oppover den same vegen – og brått fyllte fjella horisonten, og tala til meg. Eg har skrive eit dikt om det.
Denne gongen, i går, tok eg turen for å kome meg ut litt der det er turre vegar og snøfritt. Stille og nesten varmt vêrlag her inne i fjorden, alt i mars. Skylaget frå dagen før sprekk opp, varm og blå kjem himlen fram, fjellheimen er stadig drivkvit av sein vintersnø, men ein dags mildvêr har vore nok til at svarte skrentar og hamrar tek til å stikke fram.
Ein varm fred kjem mot meg frå alt dette. Englar er her! Noko opnar seg, bøna renn ut av deg; alt du ber på, alt du vil. Få det fram, no er han her, no er det ”audiens”. Eg snur i ein sving. Står på ei tuve og berre ser. Han. Eg. Her.
Skal eg skrive dette? Kvifor ikkje? Livet er også slik. Kanskje kan det glede nokon. Eg stryk over den glatte borken på det vesle orre-treet eg lener meg mot. Tek rundt den gamle furestomnen like ved, med si grove hud. Guds hud, Guds kinn.
”Herren har kalla Besalel… og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk…” (v 31)
Moses fekk sjå det framtidige templet i ein visjon og at det ville bli bruk for kunstnarane i Guds-folket.
Men har handverk og kunst noko med Guds Heilage Ande å gjere? Det er vi ikkje vane med å tenkje, korkje som truande eller ikkje-truande. Vi har liksom delt røyndomen i to – og delt han mellom oss: Frelse og moral er ”åndeleg”, kultur og kunst er ”verdsleg”.
Bibelen ser røyndomen som éin, fordi Gud er éin. Guds Ande verkar i skaparverket, også all menneskeleg kreativ verksemd; i evnene til ”å tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv eller bronse” (v 32), i musikken, songen, poesien, i evna til å dramatisere og uttrykkje det menneskelege. Kunst og handverk er heller ikkje skarpt åtskilde verksemder; her har vi òg skapt splitting med ”finkultur” på den eine sida med ”simpelt” nyttearbeid på den andre.
Når vi skal skape noko – i eit kunstnarisk uttrykk eller i anna godt arbeid – burde vi alltid påkalle Skaparen og be: ”Veni, Creator Spiritus!”; ”Kom, Heilagande, skaparmakt!”
carpe diem: Både vinter og vår…
Så kom eg til Sunnmøre igjen, på ei rask helgavitjing. Fekk skyss og kom køyrande; starta frå Oslo i otta, er no på Stranda. Sol og snø oppover dalane og over fjella (Strynefjellet) – og heilt berre marker og lier her vest! Skjønt nokså streng temperatur. Mars-vår: Den erkeblå himlen lovar meir enn han held nede på bakken; der tinar det seint. I skuggen frys det, i solsteiken dryp det. Men dropane vinn!
Returnerer sundag…
Tematikkar med religiøs profil er på topp for tida. Sist måndag var det fem hundre deltakarar, med folk utgjennom dørene, på Litteraturhuset i Oslo, der mange av dei trendy debattane i hovudstaden går føre seg.. Det seier meir enn et meste om at religion og tru er tilbake på den offentlege arenaen – om noko endå skulle tvile på det. Sjølsagt er ikkje alle tilhengjarar av religion; tvertom ser vi ei mobilisering mot, men det hadde ikkje vore tilfelle dersom ikkje nettopp mange er for! Som eg har både blogga og skrive og sagt lenge: Samfunnet blir meir polarisert, ikkje minst i høve til religion og tru. Bra og sunt for alle partar, sjølv om det blir vansklegare. Og meir spennande, meir lærerikt!
Mykje av det kontroversielle kjem av at den etablerte, sjølvtrygge og ofte arrogante sekularismens hegemoni er i ferd med å bryte opp, som tjukkisen i ei elv om våren; ’isfærd’, kalla vi det i heimbygda mi. Den siste tida er det Snåsamannen, lækjande hender, bøn for sjuke, hijab og eksorsisme som har vore i fokus. Hijab og denslags har eg skrive om her tidlegare – og kan no berre rsakt seie noko om det andre:
Bøn for sjuke? Skulle det vere så merkeleg? Det utgjer ein stor del av Jesu gjerning slik vi les det i evangelia. Likeeins i apostlane si verksemd og i urkyrkja. Og i oldkyrkja. Og heile vegen i den katolske kyrkja. Alle dei store helgnane , som den hl Frans og den hl Dominikus, ba for sjuke og opplevde at under skjedde. I den katolske kyrkja er dei heilage si forbøn hos Gud ein viktig del av trusliv og trusrøynsle og eit kriterium for helgenkåring. Dei store valfartsplassane som Compostella, Nidaros og Røldal i mellomalderen og Lourdes, Guadalupe, Fatima og Medjugore i nyare tid – bøn for sjuke er ei av hovudsakene her. Sjukesalving-sakramentet (tidlegare kalla ’Den siste oljen’) er ein ordinær del av katolsk sjelesorg.
Så vidt eg har skjøna Snåsamannen, utfører han sitt kall på kristen grunn, som eit truande menneske. Han er klokkar i Snåsa! Det finst også menneske som har ”lækjande hender” som ei reint naturleg gåve – og det skal vi ikkje avvise, dersom det vert brukt på ein seriøs og open måte. Vi skal hugse på at Gud verkar også i skaparverket, hans nåde er på ferde også der; alt godt kjem frå Gud; ”all god gåve og all fullkomen gåve kjem frå han” (Jak 1,17).
For truande er det viktig at bøn for sjuke blir utført på ein usekterisk måte, i harmoni med kristen tru og lære,
Eksorsime? Ja det er også heilt dominerande i Jesu gjerning og i apostlane sin misjon. Evangeliet handlar om forløysing og utfriing av mennesket og all skapningen frå fordervskreftene: Døden, synda og demonen (djevelen). Eksorsismebøner inngår i det katolske katekumen- og dåpsritualet og ’eksorsist’ er eit embete i kyrkja Kvart bispedøme har som oftast ein eller fleire eksorsistar.
Det er heilt vanleg at ein i denne delen av sjelesorgen samarbeider med somatisk og psykiatrisk medisin.
Så også på dette området seier eg: -Velkomen til røyndomen! Det finst ei usynleg verd likesåvel som ei synleg. Og kyrkja tek heile røyndomen på alvor.
”Heren gjekk framom beint for augo hans og ropa…” (34, 6)
Igjen: Guds rop. Den ropande Guden. Moses sit like ved, i bergskora og skal få sjå Herren attantil.
Guds underlege og ”keitete” framferd… Han vil nærme seg menneska, vere saman med folket sitt. Men det er så motsetningsfullt; hjarta hans brenn av kjærleik, men og av harme; dei gløymde han og forkasta han, dei ville heller ha gullkalven. Ropet – den guddomlege rådvilla, den guddomlege smerten: ”Kva skal eg gjera med deg, Efraim? Kva skal eg gjera med deg, Juda?”
Hans rop kling i livet mitt: ”Kva skal eg gjera med deg….?”
«Dei sette seg ned og åt og drakk, og stod så opp og gav seg til å dansa” (v 6)
Historia om gullkalven er ei av dei mest fortetta og intense i verdslitteraturen. Valet mellom det heilage og det hedonistiske, den uhemma dyrkinga av livsnytinga.
I Bibelen er det inga avvising av festen som ein del av livet og trua; Gudsrike-måltidet skal by på ”feite, mergfulle retter og gamal, klåra vin”(Jes 25,6). I Nehemja –boka står det om festen ved oppattbyggjinga av tempelmuren: ”Gå no heim og et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til deis som ingen dukar bord for…Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke” (Neh 8, 10f). Og David dansa av glede for Guds åsyn då arka vart førd inn i Jerusalem (2 Sam 6,5).
Men når Gud blir borte, blir festen og livsnytinga destruktiv. Karneval og utagering trengs – men så fylgjer fasten, og så igjen festen.
Berre fest og reindyrka hedonisme endar alltid i angst og tomleik.
”Dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safirheller, klåre som himmelen sjølv.” (v 10)
Moses og Aron, Nadab og Abihu – dei såg han. Gud er ikkje berre ein toregud med bulder og brak. Dei ytre inntrykka av Guds nedstiging på Sinai-fjellet er ikkje det viktigaste. Bak- og inni alt dette er det Guds stille, opphøgde utstråling som løyner seg.
Dei ”såg”han; men kanskje det berre står om ”føtene” fordi dei ikkje såg han fullt ut? Også når Gud blir sett, løyner han seg. Men dei såg nok til å skjøne at han Er. At han er meir enn ein stammegud, ein ørkenguddom.
Han er alle tings opphav og mål.
”Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg” (v 3)
Dekalogen, Dei ti boda; eit monument i den menneskelege historia. Guds vilje, urviiljen, den grunnleggjande og innlysande sanninga om det rette. Alle veit noko om det, boda er skrivne inn i alle hjarte. Uråd å kome forbi.
Vi tenkjer ikkje så ofte over at dei tre fyrste boda handlar om Gud. Vi har alle med Gud å gjere; lova om oss og Gud er innplanta i alle.
Gud er ikkje ei ”smaksak”. Han er Skaparen vår. Han forpliktar oss. Ein- eller annan dag kryssar han vegen for alle. Om ikkje før på den yttarste dagen.
Han tvingar deg ikkje. Du kan avise og forteie han.Men djupt inni deg er det ei røyst som seier: ”Du skal ikkje…”
Sta Birgitta kyrkje i Fredrikstad har vore åstad for eit kurs i gregoriansk song og tidebøn denne vike-slutten. Arrangør har eigentleg vore domorganisten i Fredrikstad i samarbeid med bispedømekontoret i Borg – og med det katolske Birgitta-koret. Førti deltakarar; menn og kvinner, prestar og lekfolk, korsongarar og kyrkjemusikarar. Vi har sunge og øvd og innmellom halde/høyrt foredrag om song og liturgi. For eit par timar sidan avslutta vi kurset med ein høgtidleg vesper her i kyrkja, med ministrantar, røykjelse oig det heile. ”Lat mi bøn gjelda som røykoffer for deg; mine opplyfte hender som eit offer om kvelden…”, står det i Salmen.
I går var det litt ”social evening” på den lokale ”Jeppes Pizza”.
No er eg nettopp ferdig med kveldsmessa i Sta Birgitta og pausar litt på gjesteromet her. Stille og fredfullt. I morgon tidleg er det meir øving – for eg skal vere med å framføre ´to bibelske salmar (Introitus og Graduale; inngangssong og svarsalme etter lesinga) – og det blir ekumenisk, for det finn stad i den lutherske høgmessa i domkyrkja her! Det er rykande ferskt materiale, laga av ein ”coming man”, musikkstudent og alt no ein dyktig komponist: Jo Hegle Sjøflot! For vel ein vike sidan blei han spontant beden om å lage desse sakene, og det har han gjort både kjapt og nydeleg! Fylg med i komande salmebok-utgåver!
Primus motor for helga har vore domorganisten, Tore Erik Mohn og komponisten og kyrkjemusikaren Henrik Ødegaard, mangeårig organist/kantor i Nes og Sauherad.
Ei kreativ helg, med andre ord. Ut på dagen i morgon vender eg nasa mot Oslo. Det regnar lett ute, og det fordriv marssnøen som eg er inderleg lei av…
Siste kommentarar