Arkiv for november 2009

30
Nov
09

homiletica: 1 sund i advent, 29/11-09, st dominikus krk, Luk 21,25-28.34-36

Kjære brør og systre!

Vi feirar i dag fyrste sundag i Advents-tida. ”Advent” – det er nettopp noko anna enn norsk førjulstid. Advent har eigentleg ikkje fokus på jul men på Kristi gjenkomst. Det handlar om Adventus Domini – Herrens kome. Heile den bibelske frelseshistoria peikar fram mot dette; mot Herrens Dag, mot Messias’ kome til sitt folk; presten , kongen, profeten – fornyaren og utfriararen for Israel og for alle folkeslaga. Folkefrelsaren, Redemptor gentium!

Difor: Advent er ei botstid, ei fastetid, akkurat som vi har ei botstid før påske. Advent er ei botstid, ikkje ein julebordsesong, ei tid der ein nettopp ikkje skal la seg sløve av utsvevelser, eller av livets bekymringer – som vi høyrde i Evangeliet.

Som kristtrugne veit vi at denne verda skal gå under, hennar dagar er talde:  Da skal dere se Menneskesønnen komme i skyen i all sin makt og herlighet. Dette er ikkje prestens skræmeord, men his Masters voice, Meistarens eiga røyst!

Mange kjenner Jesu apokalyptiske tale, hans ord om verdens ende, som noko uhyggjeleg – kanskje fordi dei veit at ikkje alt er som det skal for deira eigen del. Og det er all grunn til å ta det alvorleg, for éin dag skal vi alle verkeleg møte Menneskesonen ”ansikt til ansikt”, som vi høyrde.

Men, brør og systre; vi skal ikkje sjå på dette som ei skræmsle, vi skal sjå det som eit punkt av von, av rettferd, av endeleg siger for det som er rett. Nettopp difor skal vi ”rette ryggen og løfte hodet”!

Eg skal ikkje la meg knuge ned av det negative, eg skal ikkje la meg forvirre av alle meiningane som svirrar rundt meg. Eg skal forbli nøktern, eg skal behalde fotfestet og dømekrafta. Det faste punktet ligg ikkje bak meg, i ei fortid som blir stadig fjernare; det ligg framfor meg, der framme! Kristus, Messias, kjem til meg frå framtida; han kjem med frantida! Adventus Domini!

Eg skal utfriast frå alt det som er korrupt og forfalle og tvetydig i livet mitt, merkt av synda og av døden. Kyrkja, den nye menneskeslekta, den nye humaniteten, skal ha sin heim under nye himlar og på ei ny jord.

Kjære truande: Omveltingar og kriser vil kome – for menneska, for verda, for heile skaparverket. Men det er fødselsrier; eg veit at etter tordenskyene og uvêret skal sola gå opp og himlane klarne!

Difor går eg inn i adventstida med denne røysta syngjande inni meg: -Herre, du som eg har trudd på, deg skal eg få sjå – og alt anna skal eg få sjå i ljos av det!

Tenk når ein gong dei lettar alle skuggar/som her ligg tyngjande på all min veg,/Når sol som aldri sig, mitt hjarta huggar/og ljos omstrålar kvart av mine steg!

Reklame
30
Nov
09

nota bene: Andre ord

fyrst prenta i spalten «Signert» , Klassekampen 28/11-09

 

Muslimske studentar ynskjer å bruke gymsalen på Blindern til fredagsbøn. Den vesle mosallaen, bønerommet dei har fått tildelt, er rett og slett alt for liten. Søknaden har så langt medført forlegne og nølande reaksjonar frå universitetsleiinga. Ein er reservert fordi bøn i gymsalen vil innebere ei vanhelging av det ”sekulære” fellesarealet. Heilt sjølsagt definerer ein sekulært, felles og offentleg som tre ord for det same.

Dette ser fint og forstandig ut, men er i røynda løynd maktbruk og eit retorisk knep for å stagge religionen i samfunnet. At staten og det offentlege fellesrommet skal kallas sekulært for å signalisere nøytralitet, er utbreidd oppfatning i dagens samfunssdebatt og terminologi. Intensjonen er forståeleg; ingen skal kunne eige og dominere samfunnsareanen på kostnad av andre. Problemet er at ein nyttar seg av ein anakronistisk ordbruk som ikkje lenger er formålstenleg, men tvertom tilslørande. Bakteppet er ei historisk samfunnsform der staten og felleskulturen var sterkt religiøst fundert, i verdigrunnlag, i lovgjeving og institusjonelle former.  Å fjerne særstillinga til religionen, blir då hovudgrepet ein må ta for å sikre samvitsfridom og livssynsmangfald.

Men det er forlengst slutt på den tida då biletet bestod av dominerande religion og små, alternative utgrupper. I vår tid kan mange ulike ideologiar vere aktuelle som verdisystem for storsamfunnet. Det er ein merkeleg illusjon at religionen meir enn andre interesser må haldast i sjakk for å sikre livssynsfridom og eit ope samfunn. Dessutan har sjølve omgrepet ”sekulær” i stadig større grad blitt ideologisert og knytt til eit uttrykkjeleg ikkje-religiøst, for ikkje å seie antireligøst, livssyn, med utløparar i mange av maktbasane i samfunnet; i akademia, i media, i det offentlege byråkratiet og i partipolitikken. Offentleg ateisme er sjølvsagt  ikkje meir demokratisk enn offentleg religion.

Å krevje at eg skal vere ”sekulær” når eg trer inn i fellesromma i samfunnet, inneber ei negativ stigmatisering av meg som truande. Kvifor skal eg finne meg i det? Eg skal, på mi side, ikkje prøve å fortrengje dei ikkje-truande; vi må rett og slett alle ta omsyn til kvarandre. Og dele på plassen. Difor blir ikkje gymsalen på Blindern ”urein” av at folk får be der, særleg ikkje når ein spør om rom fordi Universitetet ikkje tilbyr gode nok areal elles. Trening og mosjon er tilgodesett med svære salar og kostbare anlegg, medan bøn og religiøs praksis er skufla unna i nokre små, usle lokale. Som katolsk studentprest deler eg eit litt stort kott under trappa med alle andre livsynsgrupper. Den einaste innreiinga er kasser med hengelås rundt veggene; ei kasse for kvar tru.

Denne tankelause og likevel målmedvitne utklassinga av religiøs tru og praksis vitnar om manglande kunnskap om korleis verda er i dag. Sekulære europearar trur at det sekulære er det normale og det sjølvsagde og at alt anna er unntak og raritetar. Sanninga er at Europa er unntaket og meir religiøse samfunn regelen, globalt sett.  At aktiv tru er ei normal, menneskeleg livsutfalding, blir borte i det same forsnevra perspektivet.

Også ordet ”multikulturalisme” treng utskifting. Det blir stadig brukt som skjellsord om dei som ikkje i tilstrekkjeleg grad vil verne om dei ”norske” eller ”vestlege” verdiane som forpliktande for alle borgarane. Slik det er blitt brukt i den vanlege samfunnsdebatten, stammar det frå ei tid då ein tenkte seg dei framande som festlege innslag i kulturen og kanskje som ei motvekt mot den kristne kulturarven. Det kulturradikale toleranseregimet har heile tida vore tenkt som moderator for og forvaltar av den heilskapen som mangfaldet skulle innpassast i. Etterkvart viste det seg at religionen er langt viktigare for innvandrarmiljøa enn det nordmenn er vane med. Og truande menneske har ikkje lyst til berre å bli ein del av den folkloristiske fargepaletten. Dei vil be også.

Det ville vere langt skværare å innsjå at vi no kan operere korkje med religiøs eller med antireligiøs dominans, ei heller med ein ideologisk overstyrt blandingskultur. Vi treng ei meir pragmatisk innstilling til den offentlege røyndomen. Og fylgjeleg eit meir pragmatisk vokabular.

28
Nov
09

discursus: WORKSHOP OM MINORITETAR; HOLOCAUSTSENTERET, OSLO, FRED 27/11-09: ”MINORITETAR, MULTIKULTUR OG EINSKAPSKULTUR”

…i går var eg med som foredragshaldar på Holocaust-senteret, i Villa Grande, på Bygdøy. Senteret skal også fokusere på minoritetsspørsmål generelt og samfunns-spørsmål i tilknyting til detHer er stikkordmanuset…
situasjonen

Den katolske kyrkja er stor og ho er universell. I mange samfunn representerer ho ein majoritet. Store skilnader og endringar. Også i gamle katolske majoritetsområde er kyrkja i ferd med å bli minoritet, i røynda. Massene heng igjen/glir bort – og ein ny kjerne framstår, og gjev ny vekst. Frankrike er eit godt døme. Avskalinga/omstillinga er endå smertefull i land som Spania, Italia – og etterkvart Irland og Polen…

I ”nye” katolske land, i Afrika og i Asia, er kyrkja veksande  og sterk, men ikkje i kraft av å vere ein nasjonal og historisk kultur. I LatinAmerika er det også utfordringar, frå td dei pentakostale retningane.

Her i Noreg:
Den kat krk framstår på line med frikyrkjene, i den nye religøse-/livsyns-sosiologien. Konseptet ”fedrenes gamle tro” er ute. Undset stod litt for det, men hadde ingen illusjonar om ein ny, katolsk/kristen epoke på norsk mark. Tvertom, ho var vedlg realistisk. Nidarosdomen som konsertlokale..

Paranoia? Eg kan tenkje meg at ekstreme reaksjonar mot minoritetar er utslag av mentalitetar i kulturen. Her er det klart at den katolske kyrkja utfordrar det norske samfunnet – både som tradisjonelt protestantisk og som ”moderne”, det konfesjonelle Noreg og ”det nye Noreg” (nasjonsbyygjinga, den sosialdemokratiske velferdsstaten, den liberale staten (FrP-staten) og den nye kulturradikale staten (raudgrøn).

Utfordrande at kyrkja har høgt sjølmedvit.
Eit eige samfunn i samfunnet, med sin rett, sitt hierarki, sitt folk, sine ritar, seder skikkar.. Den protestantiske statskyrkja er meir ein funksjon av det vanlege samfunnet (rettsleg sett eksisterer ikkje DNK), eit religionsvesen. Den katolske kyrkja har:
Ein lang tradisjon, historisk tyngde.
Ein universell fellesskap,
med eit tydleg senter: Roma. Noko som gjev fridom i høve til nasjonale/statlege makter.

Noko av det same gjeld Islam; ei større verd enn ”den norske”, den heimlege.
Dette irriteterer både elitane og dei breiare laga i folket. Her finst det både intellektuell/akademisk/mediamessig/og politisk aggressjon – og populistisk aggresjon. Les bloggar!

modus vivendi
som minoritet i dag

Kva slags modus vivendi (livsmåte/livsform) skal/bør kyrkja velje her, i ein slik situasjon?

Freistande å tenkje konservativt: Vi manar til tilbakevending til ein kristen gullalder, ein  kristen majoritets- og felleskultur.

Bra å oppdatere opinionen på historiske røyndomar. Apologetisk; som motvekt mot marginalisering og usynleggjering.  Det gjeld kulturhistoria, det gjeld grunnlegjande verdiar i menneskesynet osv. Eg meiner at heile vår kultur og samfunnsform har eit religiøst/teologisk bakteppe. Umuleg å forstå dynamikkane i dag utan å kjenne denne historia.

Men: Heile tida presisere at kyrkja/religionen ikkje skal overta samfunnet, men vere tilstades på ein likeverdig og aktiv måte saman med andre grupperingar og miljø, sekulære eller religiøse.

Difor: Ikkje akseptere at éin ideologi tilranar seg rolla som ”nøytral” regisør/forvaltar av mangfaldet i samfunnet. Her vil eg arrestere dagens terminologi (og medfylgjande tankegang): ”det sekulære” som det nøytrale, som forvaltar og distributør av fellesgodset og fellesromet i samfunnet.

Ein ”sekulær” stat er i dag ein ideologisk stat. NB Det finst grupper og miljø som kallar seg sekulære nettopp i motsetning til religiøs tru! Og vi har sett oppblomstring av s k”nyateisme”. Det er ein heilt annan aggressiv temperatur på dette området i dag enn berre for nokre år sidan.  Ein er i sjokk og raseri fordi religionen ikkje døydde ut slik ein hadde spådd, men tvertom har fått ein ny giv.

Ein fordel med å vere katolikk og dominikanar er at du har ei lang historie. 2000 år for kyrkja sitt vedkomande – og 800 hundre år for ordenen; samanhengande, organisert, dokumentert historie. Det gjev innsikt om å takle mange ulike historiske, sosiale, kulturelle og politiske settingar. Vi er no på mange vis tilbake i oldkyrkja; ”kristehetens” tid er forbi, kyrkja lever og orienterer seg i eit mangfaldig storsamfunn. Ho er eit samfunn i samfunnet, vel vitande om at ho har sitt feste i ein høgre, metafysisk røyndom. Så konkret forstått at ein kunne seie: ”Vårt borgarskap er i himmlen” Kyrkja er den eigentlege polis, civitas; eit verkeleg samfunn (det einaste verkelege, vil eg seie; det moderne velferdssamfunnet er ein sekularisert kopi av kyrkja).

Kyrkja – eit folk i folka, eit folk i diaspora, eit folk spreidd ut – for å verke, påverke, omforme. Som surdeig. Salt og ljos.

Difor:

a)Kyrkja må vere ein tydeleg minoritet. Ikkje sjå det som mangel/minus, men som normal eksistens. Dette gjev eksistenshumør! Ikkje  sutre over tapt fortid!

b)Kyrkja må vere strikt innåt. Som i oldkyrkja. Fordre og utfordre. Ikkje ”open og inkluderande fokekyrkje”. Kyrkja er ikkje forplikta til å ta seg av alle og ordne opp for alle; det er ei paternalitsisk innstilling, ei soft-autoritær haldning. Ho må vere informativ og vegleiande for dei som ynskjer å vite meir, som ynskjer å vere truande menneske.

c)Kyrkja må vere pragmatisk utåt. Forhandle, finne vegar, finne rom. Ikkje prøve å undergrave storsamfunnet, men heller ikkje ha overdrivne forventingar til det. Realistisk.

Nysgjerrig, interessert, parat. Påverke gjennom sin stadige dialog, samtale, medverknad. Fritt, i alle lag. Ikkje binde seg til andre institusjonar.

Kort sagt:

Ho må i dagens Noreg likne meir på ein fri tiggarmunk på vandring gjennom verda! 🙂

I samtalen etterpå sa – interessant nok –  m a Terje Emberland (Professor i religionshistorie, aktiv i Humanetisk Forbund) seg samd i det eg siterte frå USA om «Catholisism – the last accepable prejudice» (katolisisme – den siste akseptable fordom) og hevda at det er ein verkeleg djuptsitjande antikatolisisme i dei vestlege samfunna i dag; salssukssear  som «DaVinci-koden» vitnar om det; folk tenkjer, i sitt stlle sinn, at «det er noko i det» og er budde til å tru kva som helst om den katolske kyrkja, bortsett frå det kyrkja sjølv lærer og forkynner!  Eg la til, i ein replikk, at dei antikatolske haldningane finst både hos elitane og populistiske utgåver. Antikatolisismen er éi av dei få sakene der desse ulike samfunnsnivåa møtest og omfamnar kvarandre. Samstundes: Folk ser på kyrkja både som skummel og fascinerande. Her er det ein ambivalens.

Grafiske famstellingar frå ei gransking av antsemittisme i norske kristne miljø frå 1800-talet og framover, synte at antikatolismen i Noreg var mykje sterkare enn antisemittismen. Tankevekkjande…



28
Nov
09

officium: laurdag, 34. vike i det allmenne året, Judas brev (matutin)

Judas brev er halde i den same heftige tonen som 1 Peters brev; ei åtvaring mot innsnikarar i den lokale kyrkja, folk som ”misbrukar vår Guds nåde, så dei kan leva eit usedeleg liv” (v 4b).

Det er tydeleg at den tidlege kyrkja måtte takle åndelege sjarlatanar og opportunistar, folk som meinte at Kristus-trua gav frikort til grenselaus moralsk fridom der Guds bod kunne setjast til side.  Det var ikkje alltid lett for kyrkja brått å vere omgjeven av den antikke heidenskapens mangslungne og ofte utagerande liv.

Bodskapen om oppgjeret som skal kome på den yttarste dagen og på Jesu Kristi endelege siger, er motivasjonen som vert halden opp for dei truande. Det gjeld om å halde seg vaken i sinnet, lett i kroppen og trufast mot overleveringa frå apostlane. Ikkje la seg rive med av lettsinnet rundt seg.

Aktuelt?

27
Nov
09

officium: fredag, 34. vike i det allmenne året, 2 Pet 3 (matutin)

”Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte” (v 14)

Vi ventar på at det skal kome nye himlar og ei ny jord, etter den endelege krisa som vi òg veit skal kome.

Målet for livet her i verda er ”å verte ståande”, å halde fast ved trua, uansett kva som hender, sjølv om det skulle halde hardt. Freden og det lytelause livet inneber ikkje at vi aldri har motgang eller aldri fell. Det innber at vi heile tida reinsar oss og reiser oss; i skriftemålet, i bøna, i mottakinga av sakramenta, i forsoning med andre menneske, med øving i rettferda og kjærleikens gjerningar.

Vit kva som skal kome, ver ærleg, gje ikkje opp!

Hvem teller vel de tapte slag/på seirens dag?

26
Nov
09

officium: torsdag, 34. vike i det allmenne året, 2 Pet 2,9-22 (matutin)

”Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av det moralske forfallet” (v 19)

Det umoralske livet, livet utan seder, utan fast innarbeidde prinsipp for livsførsla – det har alltid vorte framstelt som fridom. Ein har sett det som uverdig å kjenne seg bunden av reglar og forventingar, av bod og dygder. Fridom blir ofte forstått som retten til å leve ut sine lyster.

Det underlege er at ein har prøvd  å tolke denne tanken inn i evangeliet, inn i læra om nåden. Slike oppfatningar har gjort seg gjeldande heilt frå urkristendomens tid. Den frie nåden har enda som lovløyse.

Det er for å slå alarm mot denne mistydinga at 2 Peters brev har blitt skrive.

Eit kristent menneske vil alltid ynskje å bøye seg for Guds lov, sjølv om det ikkje maktar å leve opp til henne som det skulle i dette livet.  Fridom er ikkje å gjere kva du vil, men å ha fred med Gud i eit godt samvit. Det er det som  som held oss oppe i den barnlege trua…

Så mange gav gull og berømmelse hen/ fikk de den igjen

26
Nov
09

officium: onsdag, 34. vike i det allmenne året, 2 Pet 2,1-9 (matutin)

”Det fanst òg falske profetar i folket, og sameleis skal det stå fram vranglærarar mellom dykk” (v 1)

Dei falske profetane i Israel og vranglærarane i kyrkja – ofte er det etiske og moralske spørsmål det dreiar seg om. Trua og livet heng saman. Ja, vranglæra er nettopp det at ein skil desse frå kvarandre. Det er denne læra  som ”fører til undergang” (v 1b).

Det kristne livet er eit liv i Kristi etterfylgjing, eit liv som læresvein.

”Dei seier ’Fred, fred!’ – og så er det ingen fred”, sa Profeten Jeremia (Jer 6,14).

”Ikkje alle som seier til meg: ’Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket. Men dei som gjer det Far min i himmelen vil”, sa Jesus (Matt 7,21).

23
Nov
09

officium: måndag, 34. vike i det allmenne året, 2 Pet 1,1-11 (matutin)

”Oppløysinga i verda, den som kjem frå lystene” (v 4 b)

Kyrkja har alltid kalla til eit asketisk liv; den truande sin kamp mot lystene – eller tråen, ”begjæret”, som det greske ordet eigentleg tyder.

Gud har gjeve oss livstrå, livsapetitt, lengsler og lidenskapar både kroppsleg, kjenslemessig, sosialt og åndeleg. Vi er ikkje skapte som ”grønnsaker”. Men noko har gått gale, så natureleg livstrå utartar til grådigskap. Det går ut over naturen, samfunnet –og oss sjølve. Det omsynslause mennesket som aldri vert tilfredsstilt, blir eit monster som øyder alt rundt seg. Ikkje utan grunn seier apostelen at det er denne destruktive krafta som oppløyser verda (v 4).

Vi skal vite om vår livsdrift og ikkje late att augo for realitetane, både det som er godt i det og det som er skada. Elles bryt det berre fram endå meir destruktvt. Men vi skal også gi la Gud ta hand om det så det kan forløysast og formast på rett måte.

Lystprinsippet, hedonismen, står sterkt som livsfilosofi i dag. Difor trengs den balanserte, kristne askesen som ein alternativ livsstil.

21
Nov
09

officium: laurdag, 33. vike i det allmenne året, Sakarja 14 (matutin)

”Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste” (v 9)

Profetane, også Sakarja, talar om ”dagen”; ”den dagen”, ”Herrens dag”. Det er når Guds tid er inne  og vår tid er ute. Dagen for oppgjer, dagen for krise, dagen for dom. Men også dagen for rettferd, for fred, for det endelege gjennombrotet av Guds Rike. I Den nye pakta heiter han også ”Jesu Kristi dag”  (Fil 1,6).

Dagen skal vere ”éin”, det vil seie ubroten, utan trussel frå mørkret, døden og forgjengelegdomen. Då skal Guds velde vere synleg og tydleg; alle dei fiendtlege maktene, alle som prøver å ta Guds stad og fortrengje Skaparen, må vike. Freden, retten, kjærleiken er eintydige.

Komne for å bli.

Tenk når ein gong dei lettar alle skuggar/som her ligg tyngjande på all min veg/ Når sol, som aldri sig, mitt hjarta huggar/og ljos omstrålar kvart av mine steg.

19
Nov
09

officium: torsdag, 33. vike i det allmenne året, Sak 11,4-12,8 (matutin)

” Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: ’Dei som bur i Jerusalem er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud’. ” (12,5)

Kan vi seie det om lågprofilerte kristne i vår del av verda? Vi er svake for kva den ikkje-truande verda måtte meine. Vi tenkjer at vi må finnne på noko ”verdsleg” for at vi skal få vekst og kjenne oss ”relevante”. Det blir eit utmattande jag etter vind.

Å vere sterk i Gud, er å ha ei tru som er forankra i det kyrkjelege dogma, å kjenne Bibelen, å ha ei levande og utfordrande forkynning, å feire liturgien og sakramenta på ein lødig og levande måte, å søkje Gud i den indre bøna, å ikkje gje opp ”den gode striden”, livet i helging og fornying.

Då har vi også noko gje til alle menneske; i vitnemål, i tale, i dialog og diskusjon, i venskap og omsorg, i eit mangfald av livssituajonar.

All anna styrke smuldrar opp.

19
Nov
09

officium: onsdag, 33. vike i det allmenne året, Sakarja 10,3-12 (matutin)

”Ja, det skal gå dei som om eg aldri hadde støytt dei bort” (v 6)

Evangeliet, den glad bodskapen om Guds frelsesvilje, lyser fram i heile Bibelen, i heile Guds historie med folket sitt, med Israel, med kyrkja, med verda. Kva som enn hender, kor lange omvegane er, kor langt bort vi er komne, kor djupt vi er falne: Han er klar til å ta fatt igjen.

Han vil fullføre det han har sett i verk. Han er trufast mot sin plan. Han står på spranget til å ta i mot oss dersom vi vender oss til han. Stundom syest det som han vil gje oss opp, stundom logar sorgen og indignasjonen opp i hjarta hans. Men på det minste vink av bot veiknar han av kjærleik og seier at alt skal vere som før; ”for eg er Herren deira Gud, og eg vil høyra deira bøner”.

16
Nov
09

discursus: «Anamnesis». tale ved jubileum for praktikumskullet/MF-1979; fred 13/11-09:

talen som eg vart utfodra til å halde ved jubiileumsfesten sist fredag. om lag 30 kandidatar, altså nesten heile kullet. tankevekkjande at tilsvarande kull ved dagens MF ikkje er fleire enn fem, seks…

Kjære alle! Gratulerer med jubileum! Eg er ingen kåsør – Haram er ein alvorsmann, i fylgje Jon Michelet – og altså ingen festtalar, eigentleg. Og ingen minnetalar. Men minnast gjer ein uansett, når ein ser tilbake, som i dette høvet, på praktikumstida og praktikumskullet, samt lærarar og miljø i det heile.

1.Minnet som filosofisk modus

Minne/å minnast kan vere noko veldig statisk, sjølvfiksert og sentimentalt. Men det kan også vere noko dynamisk, ein filosofisk og teologisk modus. Filosofisk – som ekte nostalgi; lengten, den lidenskaplege lengten, til den opprinnelege venleiken, godleiken og sanninga, minnet om Paradise lost, det tapte paradiset. Minnet er for Platon , som for nyplatonisten Augustin, eit viktig, intellektuelt medium; gjennom minnet ser du samanhengar, gjennom minnet kan du plotte din situasjon no, fordi du ser tilbake til startpunktet. Som i robåten heime; du må ta mål og med i landet bak deg, på kyststripa og fjellrekkja som kverv i horisonten etterkvart som du ror deg til havs, ut mot andre horisontar. Du veit kvar du skal, for du veit kvar du kjem frå. Du veit kvar du skal leggje til lands eller leggje bi for du veit kvar du tok ut. ”Kom i hug steinen du er hoggen ut or”, seier profeten til Israels-folket. Pakta der bake avgjer din veg mot Gudsriket der framme. Brør og systre, vi fekk på mange vis ei god utferd frå MF, ein god kurs vart sett. No spør vi oss: Har vi halde kursane våre? Har vi vore trufaste mot utgangspunktet? Den gode nostalgien hjelper oss å sjå kvar det er blitt av oss, kva som er vår posisjon.

Elias Blix heldt sitt indre aktivt gjennom minne-akta:

«I min heim var eg sæl avdi Gud var attved, og eg minnset so vel kor det anga Guds fred// Når til kyrkje me for, når me heime heldt kor/når med moder eg bad/Å eg minnest så vel denne stad».

Det indre sacrum vart levandegjort ved minnet. Den røynde og lærde hebraiskprofessoren på denne måten vare på sin indre barndom. Det var nok det som gjorde han til diktar.

2. Minnet som teologisk modus

Framfor alt vil eg tenkje på minnet som ein teologisk modus – og då heiter det anamnesis; ihugkoming, påminning. Vi veit at dette nettopp ikkje er ein statisk term; ”Husker du den gang i måneskinn..” Det er det borgarleggjorte, småborgarlege minnet, kosealbummet, peiskroken… Nei, minnet som anamnesis, er det aktive, kreative, dynamiske, aktualiserande, framtidsskapande minnet! Det som var, det som hende – det ER her no, og det som skal kome, likeeins, som teikn, som pant, som smak – fordi vi feirar det, forkynner det, proklamerer det. Som Paulsus seier om sjølve den anamnetiske riten i kyrkja: messa/evkaristien/nattverden: Ved å ”gjere påminning”, touto poieite (gjer dette), ”forkynner vi Herrens død, dvs hans sigersdød, inntil han kjem. Eller som det heiter i den messa eg feirar dagleg: Mysterium fidei/”Mysteriet i trua: Din død forkynner vi, Herre, og di oppstode lovprisar vi, inntil du kjem!”

Difor, i dette anamnetiske ljoset: Kva er dynamisk, skapande  nærverande i livet mitt, i livet vårt, no? Av det beste av det vi oplevde på Praktikum? Sjølvsagt sett frå min avgrensa synsvinkel..
-Fellesskapen er det fyrste som slår meg. Interessa for andre – både å høyre nysgjerrig på kva dei tenkjer, seier, meinar – og iverene etter å formidle, dele, påverke. Terapeutisk lytting er bra, men det kan også lett paternalisere den andre, dei andre: Eg er den kloke, gode presten som ”er der for deg”. Eg er hjelpar, du er trengande, eg er frisk, du er sjuk.. Den heftige debatten er meir likeverdig, ein frisk brytekamp, ei open deling, ein open fight. Stålhand  i silkehanske er ei geistleg freisting. Den mjuke valden er den verste. Praktikumskullet var ope fordi det også innebar brytningar og drøftingar. Korleis har vi teke vare på dette; evna til open, modig og skvær fellesskap? Fellesskap har ei offentleg, sakleg og engasjert side som hindrar mugg og sektvesen. -Betre å vere glad og sint enn snill og sur, skal Trond Kverno ha sagt.  I alt fellesskap er humoren, gneisten og glimtet viktig. Det er der den rause dimensjonen ligg.

-Eg huskar også eit miljø med intellektuell driv, eit minne i slekt med det eg alt har snakka om. Det var litt opprør i flokken; sikkert ikkje lett for lærarane. Men dei hadde godt av det, meiner eg. Syttitalet var endå ei tid med reformvilje; verda kunne endrast, og – ikkje minst: kyrkja. Å finne seg ein trygg jobb, var ikkje det pastorale ethoset på syttitalets MF, det er sikkert; ialle fall ikkje som ideal.   Kyrkjeleg og samfunnsmessig idealisme er, etter mitt syn, ein gullverdi som må hevdast og haldast ved like. Det som gjer at du ser lenger, held ut lenger, tenkjer større, vil meir. Her kjem sunnmøringen inn. Gründaren som skulle overlevere skipsverftet i Ulsteinvik til dotra si som var arving: Ville ho? Våga ho? –Du veit viss d’e noke du vil, sa faren. –Og viss du må tenkje på det, så vil du eigentleg ikkje.  Sunn omtanke er bra, men rask handling trengs: -Vél i dag kven du vil tene, sa Josva. –Fylg meg, lat dei døde gravleggje sine døde, sa Josva ben Josef, Jesus frå Nasaret.  Kunsten, evna, til å la garna liggje, stå opp og fylgje Han, fylgje Røysta….

Vi må våge å bryte gjennom panseret som vi har sikra oss med; våge å vere sårbare, våge å vere redde om så skal vere, om neste steg, det nødvendige steget, skræmer oss. Eg vonar at mange her har hatt ei eller fleire kriser undervegs; det brukar å hjelpe mot gamal rust og gamalt feitt, både på tru og tanke.

3. Levande lærdom

For ein som har teke praktikum, er det nokre disiplinar som alltid vil fylgje deg, uansett den profesjonelle settingen du måtte hamne i. To aspekt, to disiplinar:

-Det liturgiske. At livet som prest eller lekmann er eit liv for Guds altar, er eit liv med lyfte hender, er eit liv med løyst tunge. Eg er ikkje lamma, incurvatus in me, eg er ikkje autist, eg har opna meg, effata har lydd over meg; eg har svara på oppmodinga: Sursum Corda; lyft dykkar hjarto! Habemus a Domino; vi har dei hjå Herren, hjartet mitt er der, sjølv om alt anna er her! Det er verdig og rett, i sanning; det er verdig og rett!

-Det homiletiske. Preika, forkynninga, Ordet, Igjen: Anten du er prest eller ei. ”Ve meg, om eg ikkje forkynner Evangeliet”! Heretter skal du fange menneske”! Det avgjerande ”ve meg”! Det avgjerande ”heretter”.  Interessa for formidlinga, for møtet mellom Gud og den verda vi har rundt oss, jo verre, jo bedre, så å seie. Nyfikna, det å vere nysgjerrig, på korleis Gud handlar, kva som skjer når Gud kjem inn som ein faktor, som ein innbrytar i livet åt menneske der han lenge har vore ukjend. Å vere på Areopagos, å sjå alle altara åt ukjende gudar og avgudar; å vere Jesu Kristi apostel. Gjerne diskutere med filosofane, men også vite at du har det ordet som er annleis, som ikkje kom opp i noko hjarte, det ordet som har eksousia, som har makt i seg, også fordi det er trudd og levd av formidlaren. Det er ikkje nødvendig å slå av på det teologiske, det er eit sug etter det, stadig meir. Difor kan du seie, som Brand: -Jeg må! Jeg går en stormanns bud! –Hva heter han? –Han heter Gud! Gud, det store, vågale ordet; det skaper litt beven, det er tremendum; det har dragning, det er fascinosum!

-Vi kunne snakka om sjelesorgen; korleis vegleier vi menneske i dei vanskelege spørsmåla i dag? Kva veg går vi sjølve. Vi kunne snakka om kyrkjeretten, om kyrkja sin rett, om hennar sjølvstende og verdighet i dagens samfunn. Ingen grunn til å krype. Eg seier heller som salmisten: -Kvi ståkar heidningane og stilar på det som er fåfengt?

4. Inn i framtida

Brør og systre; det står om Herren at han arbeidde så lenge det var dag, i sin misjon, i sitt apostolat, i si sending frå Faderen til verda. Pensjon er ikkje tingen, ikkje nyte sitt otium, ikkje bli ein slags geistleg ”elg i solnedgang”. Kanskje bli eremitt, bli meir kontemplativ, ja. Som Simon i templet, som Anna Fanuelsdotter, dei levde i templet, i fanum, i det heilage, dei var sant ”fanatiske”. Den kontemplative visdomen er den tilbaktrekkjinga som eigentleg er ei framrykking mot framtida:  Nunc dimittis; No, Herre, let du tenaren din fare hefrå i fred etter ditt ord; for augo mine har sett di frelsa, eit ljos til opneberring for folkeslaga og ein herlegdom for Israel, folket ditt!

Å vere kristen, er å vere på veg inn i framtida. Å feire praktikumsjubileum, er å vere på ferd inn i framtida, inn i det som Gud heile tida er i ferd med å skape. Med heile vårt liv forkynner vi, anamnetisk, Herrens død, Herrens siger, inntil han kjem.  Difor ”fyllest  vår munn med latter”, kva som enn skjer – og må vi gråte, gret vi i hans fang. Vi lever i ei open og spennande tid, ei vanskeleg tid, fordi vi må gjenfinne det vi trur på og lever for, stadig på nytt; gamal vane og profesjonell rutine er ikkje nok. Då kan vi roleg sjå at ting skifter; politisk, kulturelt, på alle måtar. For då kan vi vite at

”Mens verdensriker stiger og de synker/går kirken mot fullkommenhetens vår!”

16
Nov
09

officium: Måndag, 33. vike i det allmenne året, Joel 3 (matutin)

”Himmel og jord skal skjelva” (v 21)

Guds oppgjer med folkeslaga gjev gjenlyd i kosmos. Guds inngrep i historia har fokus på Israel, på gudsfolket, på menneska og menneskja. Men både  ”himmel og jord”, heile universet, blir dregne inn i dramaet. Så alvorleg er plassen til mennesket i skaparverket.

I dag tenkjer mange at mennesket er kasta inn som eit tilfeldig støvkorn i eit veldig, æveleg og like tilfeldig universelt rom. Vi dukka opp, vi blir borte, som individ og som art – og verda rullar vidare inn i den mørke kosmiske natta.

I Bibelen er heile skaparverket djupt moralsk og åndeleg basert. Mennesket er lite, men det er Guds bilete. Difor er det – på løyndomsfull vis, med sitt etiske og åndelege ansvar – aksen i universet.

15
Nov
09

homiletica: 33. sundag i det allmenne året, st Dominikus krk, mark 13,24-32

Kjære brør og systre!

Kvar du går i byen for tida, ser du store oppslag og plakatar for ein kinofilm som handlar om ”verdens ende”. ”2012”, om tre år. Den endelege katastrofen rammar jorda og menneska. Alt styrtar saman. Filmen gjer sterkt inntrykk og vitskapsmenn og psykologar har måtta rykke ut for å seie at det ikkje er noko naturvitskaplege indikasjonar på at ein slik katastrofe er sannsynleg no.

Det er absolutt grunn til å åtvare mot usunne spekuleringar og mot kommersiell utnytting av framtidsfrykt og panikk. Men ofte er det populærkulturen og populærlitteraturen som fyrst sensar kva som er på gang, og på kva som er fortrengt i den offisielle kulturen og i finkulturen. Læra om ”verdens ende” finn vi i mange religionar, anten det heiter ”Ragnarokk”; Domedag!”, eller noko anna.  Slik uttrykkjer det ein aning om at den noverande verdsordninga er noko midlertidig, at det er noko i kosmos som ikkje er på plass, at det er noko uforløyst med denne verda, noko som seier at krisa kan true under den optimistiske overflata.

For kyrkja er dette meir enn ei  aning; det er noko som Gud har openberra, det er ei trussanning. Det står tydeleg i Evangeliet, ord av Jesus munn, slik vi nettopp har høyrt. Og vi vedkjenner det i credo kvar sundag: Iterum venturus est cum gloria, judicare vivos et mortuos; han skal kome att i herlegdom og døme levande og døde. Mange truande fortrengjer dette. Kristendomen blir utglatta og redusert til moral og spiritualitet, til ”åndelighet”. Vi deler lett den vanlege optimismen i vår kultur: At alt går framover heile tida. Vi tenkjer som folk ofte har gjort: Guds styring av verda og av livet blir sett som noko utidig og anmassande. Det er som i Noahs dagar, seier Jesus; ein gir til ekte og tar til ekte, ein kjøper og sel, alt går sin gang, og ein tenkjer: Lat prestane preike.

Men midt i heile verdshistoria sitt vekslande og dramatiske forløp er det éin ting som strålar fram: Menneskesonen skal kome att i sin herlegdom, i sin glans. Han et sentralfiguren i historia, i verda, i universet. Alle må forhalde seg til han. Kor ulikt er ikkje dette den ofte vanlege måten å sjå det på: Jesus Kristus – han er berre éin av dei mange; han har sine tilhengarar. Ein fantast for fantastar. Vi treng ikkje å bry oss meir om det.  Om han.

Vi står alle på val mellom desse to perspektiva. Er han ein av dei mange eller Den éine, den avgjerande? Når alt går sin gang, er det lett å avfeie det vi har høyrt i Evangeliet i dag; det er inga katastrofe rundt hjørnet.  Likevel veit vi at uventa ting skjer, det har ikkje minst vår tid lært oss. Kvifor skulle ikkje uventa ting skje i kosmos, i det store, dirrande spelet av krefter som det utgjer? Dei truande i urkyrkja og oldkyrkja såg fram mot Kristi gjenkomst og dei siste tidene med glad forventing. Retten og freden skulle endeleg bryte gjennom. Kvifor er det blitt så fjernt for oss? Kanskje fordi vi er blitt så sterkt knytte til denne verda? Gull og gods og gode dagar veg tungt. Sekularisering inneber nettopp at alt dreiar seg om dette saeculum, denne tidsalderen, denne verda. Kanskje veit vi at vi ikkje er helit klare til å møte vår skapar og vår Gud? Best å ikkje tenkje på det.

Brør og systre! Lat oss ikkje vere så sikre på alt det vi er så sikre på: Rikdom, makt, velstand, samfunn og kultur, alt det som synest så sjølvsagt. Det er eigentleg så sårbart. Det står i dag og vaklar i morgon. Berre éin kan vi stole på: Jesus Kristus, verda sin Herre og oppretthaldar; han som har skapt alt og som skal nyskape alt.

Han som seier: Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal bli stående!

14
Nov
09

officium: laurdag, 32. vike i det allmenne året, Dan 12 (matutin)

det har vore ei litt hektisk vike i prioratet og i forkynning og undervising den siste vika, og litt stille her. men no blir det meir bloggmodus igjen….

 

”Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida” (v 4)

Daniels bok handlar om endetida, om ”dei siste tinga”. I jødedomen vaks det fram eit stadig sterkare medvit om at Riket, Israels von, ikkje ville kome heilt og fullt før historia og verda var ført til ende. Motstanden, prøvingane, lidinga – alt peika fram mot ei tid då Gud då gjer ende på denne verda og skaper noko nytt.

Det er denne trua som slår gjennom med Jesus Kristus. Han forkynner eit komande rike og han sjølv er den som skal opprette det. Som eit teikn og eit mysterium fyrst; i full glans og makt når tida er inne.

Mange truande i dag har fortrengt dette og inrettar seg som om den noverande verda alltid skal gå sin gang. Vi er verdsleggjorte, sekulariserte, det vil seie: Vi reknar berre med dette ”saeculum”, denne tidsalderen. Dei fleste reknar denne haldninga for klok og rasjonell. Men Danielsboka seier:

”Dei vituge skal skjøna” (v 10).

07
Nov
09

officium: laurdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makk 9,1-21(matutin)

”Det vere langt frå meg å gjere noko slikt som å røme for dei” (v 10)

Judas Makkabeus sigra i mange slag, ofte med mindre mannemakt enn det fienden møtte han med. Denne gongen, før det siste slaget, skjøna han at han verkeleg var ille ute. Bakkides og hans heidningar synest overlegne i tal og styrke. Storparten av Judas’ menn rømde, så berre nokre hundre var att. Dei rådde Judas til å snu heim og vente på forsterkingar.

Men han avfeia det. Truleg ana han  at denne gongen skulle han tape. Difor lèt han det stå til: ”Er vår tid komen, så lat oss døy som menn…”.

Den som forblir trufast og overgjev seg og alt til Gud, vinn. Sjølv om han taper.

07
Nov
09

homiletica: 29. sund i året, St dominikus krk, Mark 10,42-45

Denne preika/homilien skulle vore lagt ut for to viker sidan. Betre seint enn aldri….
Kjære brør og systre!

Jesu ord om å vere alles tenar, liksom orda hans om å vende det andre kinnet til, og alt han seier som er annleis enn det som gjeld vanleg menneskeleg oppførsel – det er ord som har vore akta, som har hatt ein viss popularitet.

Idag har dette kanskje endra seg. Vi lever i eit meir sjølvhevdande samfunn. Mennesket skal hevde seg. Du skal kvitte deg med skruplar, du skal bruke makta når du har henne. Nietzsche og Machiavelli er komen i staden for Jesus. Idealisme er farleg svermeri. Naivitet. Vi har sett dette i det siste valet, syns eg. Vi sikrar oss. Vi låser døra vår. Mitt er mitt.

Sant nok: Det finst ein legitim autoritet, ei legitim makt; i kyrkja og i samfunnet. Men makt og mynde skal nettop utøvast som ei teneste. De kallar meg Meistar og Herre – og det med rette, for det er eg; seier Jesus til disiplane sine, men han seier det samtidig med at han legg av seg kappa, bind opp om seg, vaskar føtene deira og seier: Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera (Joh 13,12ff).  Jamvel paven, Peters etterfylgjar i Roma, har som sin heiderstitel: Servus servorum Dei; Guds tenarars tenar! Dei gamaltestamentlege kongane skulle vere tenarar for Guds folk, dei skulle fremje rettferd og særleg verne dei fattige og verjelause i folket. Den messianske kongen, tenarkongen, Herrens tenar, som vi høyrde om i den fyrste lesinga. Dette var også middelalderens kongeideal.  ”Solkongane” kom fyrst på banen seinare i historia..

Ambisjonen om å utrette noko stort og vakkert med livet sitt, er ikkje gal. Å gje all si kraft, sin kreativitet, sitt engasjement – det er både menneskeleg og guddomleg. Forsiktigperar og krypande servilitet er ikkje det same som å vere ein verkeleg tenar. Tenk på Jesu likning om talentane; han som berre hadde fått éin, ville ikkje gi seg ut for å vere noko, ville ikkje risikere noko, han grov talenten, resursane sine, ned. Eg har ikkje gjort noko rett, men heller ikkje noko gale, tenkte han. Men nettopp han fekk attesten: Du låke og late tenar!

Vi skal gje alt, men vi skal nettopp gje det, som ei gåve. Ikkje som karrierejag og hensynslaus sjølvhevding. Det er berre destruktivt, både for oss sjølve, personleg og for samfunnet. Den gamle visdomen tala om scandalum magnatum, dei mektige sitt fall. Karrieremakt er eigentleg falsk makt, ho gjev ingen verkeleg autoritet, ho blir gjennomskoda. Jesus talar i teksten om de som kalles folkenes ledere. Kallast. Det greske ordet tyder eigentleg: Som synest å vere, som har skin av å vere. Deira leiarskap blir avslørt, før eller seinare. Alle ballongar sprekk når dei blir for store, for oppblåste.

Brør og systre! Det største og mest fascineande er å sjå at fellesskapen blir bygd, at mange gåver og evner for utfalde seg. Kristus gav seg sjølv som løysepenge. Han gav alt. Hans ambisjon, hans lidenskap, var å vinne verda tilbake til Faderen, var å reise menneske opp til deira sanne verd.

Det er vanskeleg å omstille livet sitt i Jesu ånd, å bli ein tenar, ei diakon – ein som jobbar dia konos: Nede i støvet, ein gatefeiar. For å tene andre, må vi bli stille for Gud, ta i mot frå han, ta i mot livet som ei gåve, la han vaske våre føter fyrst.

Den franske katolske diktaren Bernaos lar ein av sine romanfigurar seie:

Min Gud, jeg gir deg alt, av fullt hjerte. Men jeg kan ikke gi, jeg gir som når en blir fratatt noe. Det beste er å holde seg i ro. For selv om jeg ikke kan gi, kan du ta.

Lat det skje – og alt blir omskapt!

06
Nov
09

carpe diem: sørlandet

Eg er på preikeferd til Arendal (der eg var i går, i Katolsk Forum) og Lillesand, der eg tala i kveld (torsdag), i kyrkjeakademiet. I dag var eg så heldig at vertskapet her køyrde ut på Justøya og heilt ut til havet – for det hadde eg ytra eit sterkt ynskje om ☺ Når eg bur inst i Frognerkilen, må eg av og til lufte kropp og sjel skikkeleg.

Det triste, mørke novemberveret, med slaps og kald væte, låg tungt over dei sørlandske heiane på nedoverturen med toget i går. Så friskna vinden til kuling og i dag har det vore  nordleg bygevêr, med mørkre og ljos i dans med kvarandre. Og opplett mellom bygene.

Vi gjekk heilt ut på svaberga. Skagerak velta inn. Havet er så nært her på Sørlandet, så kort veg frå skog og lun skjergard til open sjø. Når du kjem ut på berga, skjønar du at ”Sørlandet” er ei merkjevare; ein myte.  Det idylliske, det koslege, det ferierande. Her ute på berga bles alt dette bort.  Eigentleg er Sørlandet eit hardt stykke norsk kyst. Med mange små gardar og audslege heiar innanfor. Med sjøfolk og kanskje litt kystfiskarar. Alt det andre er eit seinare kulturelt ”belegg”.

Vel, alt utviklar seg og no er det som det er. Men det er bra å sjå litt djupare inn i sjela av dette landet. Sjå havet, sjå uvêret, sjå spora av eit striare liv.

Der sat eg. Så langt ut eg kunne kome. Ein dønning, kanskje to, tre?, gjer eit sprang mot meg og slengjer ein kasakade av skum og sprøyt heilt opp i fjeset mitt: – Hei, der er du! Her er vi, same slekta som bylgjene på kanalkysten, på sunnmørskysten; glad for å sjå deg, kva har du på hjarta? Og eg sikra meg at eg verkeleg var der åleine; sat der i mi kutte, med den vide svarte pelerinen (ull-kepen med diger hette) utanpå. Det dura nede i botnane, den djupe duren i skaparverket, den som er inst inne i alt liv, også i menneskehjarta, De profundis-duren (Or djupet-duren, salme 130).

Derifrå kunne eg rope ut bøna om det som pressar og slit i livet mitt, no igen: Ut med det! Ta det, bylgjer! Ta det, Herre!. Då skrur vinden seg opp og bles på meg frå sida; bles for å famne meg, bles for å ruske i meg, bles for å blåse vekk  alt det eg har ropa ut, føre det langt til havs.  Så sit eg stille. Vere i lyden av bårebrottet, vere berre ein kropp på berget. Kroppen er ei sjel, sjela er ein kropp. Mennesket er eitt. Eg. Her.

I morgon tidleg tar eg bussen til Oslo.

05
Nov
09

officium: torsdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makk 4,36-59 (matutin)

”Og dei reinsa templet og bar bort dei ureine steinane, bort til ein urein plass” (v43)

Etter Lova skulle steinane i altaret vere utilhogne. I den heidenske kulten som kom med hellenismen, hadde ein klussa med altaret og sett inn hoggen stein.  No var fiendane overvunne og tempeltenesta kunne reinsast og gjenopprettast.

Jesus reinsa også templet.  Det skule vere eit bønehus for alle folk. Å reinse ut det ureine blir i dag ofte sett på som utidig og fanatisk perfeksjonisme. Men reinleik er ikkje å fortrengje det vanskelege, det mørke og vonde. Alt det må vi vedstå oss. Reinleik er å ha eit samla hjarte, å vite kva du vil med alt det som utgjer livet ditt. Reinleik er truskap mot Gud og hans pakt med deg og med folket sitt. Reinleik er å ikkje leve eit dobbelt liv der du gjev ein hemmeleg plass til det som korrumperer kropp og sjel.

Ber bort dei ureine steinane, uansett kor tilhogne og tilpassa dei måtte vere. I skriftemålet kan du bli av med dei.

04
Nov
09

officium: Onsdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makkabearbok 3 (matutin)

”Vi strir for vårt land og våre lover” (v 21)

Makkabearane, Judas Makkabeus og hans søner, reiste seg mot den hellenistiske religionstvangen og forfylgjinga under Antiokios Epifanes, ein av ettermenne til Alexander den store. I dette imperiet var det ingen pragmatisk romersk fridom. Her skulle alle innordne seg i den greske, heidenske gudsdyrkinga. Også jødane. Mange av dei tilpassa seg gjekk over til hellenismen. Men ikkje Judas Makkabeus.

I vår tid reagerer vi på at nokon verjer seg med makt for å forsvare religiøse verdiar. Men når vi tenkjer etter, er sjølvsagt etiske, kulturelle og religiøse verdiar nært forbundne. Når grunnleggjande fridom til å leve etter eiga overtyding blir overkøyrd, er det ikkje vanskeleg å skjøne at menneske vil verje seg og sine; sitt land og sine lover.

Slik konfliktane i verda har utvikla seg, har vi lært oss at det beste er å prøve alle andre utvegar enn å bruke vald, jamvel i naudverje. Uansett har vi lov å stå for det vi meiner er rett og uoppgjeveleg. Vi bør stride for det med ord og argument, med sivilt mot og av eit heilt hjarte.

For oss om truande i dag, er det vitnemålet og vedkjenninga som er vegen å gå.




kategoriar