Arkiv for januar 2010

31
Jan
10

homiletica: 4. sundag i det allmenne året, 31. jan-10, St dominikus krk, Luk 4,21-30

Kjære brør og systre!

I dag møter vi Herren som predikant i synagoga i Nasaret. Han har har nettopp vendt tilbake til byane etter prøvinga i ørkenen, etter møtet med Freistaren, med Fienden. Hans offentlege forkynning og verksemd tek til. No drar han gjennom Galilea, gjennom heimlandet sitt.  Midt i synagogegudstenesta ropar han ut, med orda frå profeten Jesjas bok:

Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein gledesbodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå og løysa dei trælka or tvang og ropa ut eit nådeår frå Herren!  (Luk 4,18f).

No er han her; Messias, Den salva, Guds apostel, Guds utsending: Profeten og kongen, full av kraft, full av mynde.

Og orda vekkjer gjenklang, undring og beundring; folket i Nasaret kjenner makta og utfordringa  i hans tale. Men så kjem reaksjonen: -Men dette er jo Josefs sønn?  Underforstått: Han må ikkje ”kome her og kome her”!. Vi treng ikkje å gjere bot, vi kjenner familien, han kan passe sine eigne saker, vi treng ikkje å bli belærte, vi treng kkje å gjere bot, her er alt Ok, i alle fall like Ok som andre plassar. Vi er då vel ikkje verre ennn andre!

Jesus merkar denne brodden i spørsmålet deira – og han gjer det motsette av det vi lett tenkjer; at han skulle ha kome dei møte, jekka seg ned, prøvd å forhandle, å forklare. Men nei; han trappar opp konflikten, eller rettare sagt: Han avslører konflikten. Han triggar, han utfordrar. Han opptrere som profet, slik vi høyrde det i den fyrste lesinga:

Du skal spenne beltet om livet og stå frem og tale til dem alt det jeg befaler deg. Du skal ikke være redd for dem, ellers vil  jeg gjøre deg redd for dem… De skal stride  mot deg, men ikke vinne, for jeg vil være med deg og berge deg, lyder ordet fra Herren.

Han syner at Gud har rett mot folket; at Guds tale og Guds teikn og under berre kan takast i mot der det er tru og eit ope sinn. Her er det ikkje slagordet ”kunden har alltid rett” som rår. Der menneske ikkje vil, kjem heller ikkje Gud noko veg, Gud er ikkje til sals. Han lar seg ikkje presse, han lar seg ikkje prute med.

Brør og systre! Kor annleis er ikkje ofte dei truande si haldning i den situasjonen vi lever i? Vi har late oss drive på defensiven. Ved den minste motstand går vi i dekning. Vi blir lett flaue på kyrkja og trua sine vegner; ja, på Guds vegner. Våre eigne synder skal vi  ikkje forsvare, men trua skal vi forsvare. Som kristtrugne er vi døypte og ferma til å vere apostlar, til å vere kongar, prestar og profetar. Vi skulle aktivt føre Gud og hans Kristus, hans Messias, på tale. Vi skulle føre Gud tilbake til ei verd som har fortrengt og forkasta han. Vi har eit apologetisk kall, eit kall til frimodig trusforsvar – ikkje negativt og foruretta, men med spenst og alvor og glede.

For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, seier apostelen, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggje festningar i grus. Vi riv ned tankebyggnngar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus (2 Kor 10,4).

Som katolske kristne har vi eit tydeleg forbilde i vår eigen Sigrid Undset, lekdominiknarinne; stor forfattarinne, men også ein modig og aktiv apologet.

Det hardna til rundt Jesus. Nasarearane avviste han; dei dreiv han ut av synagoga, ut på ein fjellskrent for å styrte han utfor, for å bli av med han.  Men han går tvers gjennom gjennom mengda;  ”midt gjennom skaren”, og drar bort, for aldri å kome tilbake.  Alle vik unna for hans kongelege stordom, for  hans guddomlege mynde, for hans usynlege, men merkbare integritet.

Det er denne integriteten som også gjev oss og våre ord overtydingskraft. Den hl Dominikus, vår far, og hans første preikebrør skjøna at dei måtte forkynne (verba et vita) ”med ord og med liv”, med tomme hender, vandrande til fots, i tale og i samtale. Og kanskje med denne songen frå salmane inni seg:

Du Herre, er mitt håp, min støtte fra ungdommen av… Min munn skal forkynne din pris, hele dagen din frelse!

I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Amen.

Reklame
29
Jan
10

officium: fredag, 3. vike i det allmenne året, 5 Mos 31,1-15 (matutin)

«…då skal denne lova lesast opp for heile Israel» (v 11)

Moselova skulle lesast for alt folket, små og store, under lauvhyttehøgtida. Heilage tekster, lesne opp for den gudstenestefeirande forsamlinga – det er ein del av arven vi har frå Israel.  Opplesinga er informativ, særleg i ein epoke då andre kommunikasjonsmåtar ikkje var tilgjengelege; dei fleste kunne ikkje lese, men alle kunne høyre. Opplesinga er pedagogisk: Lær dette! Opplesinga er moralsk: Gjer dette! Opplesinga er anamnetisk, påminnande: Hugs dette, hugs at slik handla Herren, slik er Gud, slik handlar han alltid.

Men ikkje minst er opplesinga liturgisk: Gled dykk over dette! Det er gleda og alvoret i høgtidsfeiringa som dannar sjølve rommet og atmosfæren for det du høyrer. Orda skal høyrast, men også feirast, mottakast som levande ord, ord som Gud er tilstades i, no, når vi høyrer dei.

28
Jan
10

officium: festen for den hl Thomas Aquinas, Sirak 39, 1-14 (matutin)

«Tidleg om morgonen står han opp for å søkja Herren»

Dette verset er ein del av ei lengre skildring og hylling av den skriftlærde, av teologen; han «som kan vigje seg heilt til å granska lova åt Den Høgste». Ein slik vismann og teolog var den hl Thomas. Han var lærd, han granska, han skreiv, han tala. Men han ba også. Han tilhøyrde Preikebror-ordenen, dominikanarordenen; på den tida sett som drastisk radikal med sin strenge askese og sine krav til studiar og kontemplativt liv – eit dårleg val for ein som ville gjere karriere, slik Thomas» høgadelege familie forventa.

Som preikebror hadde han valt eit liv i studiar, men òg eit liv i bøn. Teologi som ikkje er født i bøn, er ikkje verkeleg teologi. For teologi er å «lære om Gud», men også «å vere lært av Gud».

27
Jan
10

officium: onsdag, 3. vike idet allmenne året, 5 Mos 29 (matutin)

«Det dulde høyrer Herren, vår Gud til; men det som er openberra, gjeld for oss og våre born til evig tid, så vi kan halda alle boda i denne lova» (v 29)

Moses står på Moabsletta med folket samla «framfor Herren» (v 10);  Sinai-pakta skal fornyast – for den generasjonen som dro ut frå Egypt, for dei som kom til undervegs og for dei som skal kome i framtida. Israels Gud er veldig, ufatteleg, heilag – korleis skal vi forhalde oss til slike høgder og slike avgrunnar? Slik kunne tvil og innvendingar dukke opp.

Vi kan ikkje kjenne Gud i hans utilgjengelege vesen, anna enn i skuggar og glimt. Men han har opneberra seg. Han har tala. Han har peika ut ein veg å gå på. Der kjem vi fram, der kan vi møte han.

Guds velde skal vi vite om. Og tilbe. Guds tale skal vi høyre. Og etterleve.

26
Jan
10

officium: måndag, 3. vike i det allmenne året 5 Mos 26 (matutin)

«No kjem eg med fyrstegrøda av det eg har  avla på den jord du gav meg» (v 10)

Dette kapitlet er ein liturgisk tekst, med rubrikkar og med ord som skal utalast for Herrens åsyn. Det er ein evkaristisk liturgi, eit takkoffer.  Når israelitten takka, sanna han at heile hans liv var ei gåve. Å gje, er å ta i mot.  I takkseeinga ligg også oppsummeringa og påminninga om hans paktsttruskap: «Eg har vore lydig mot Herren, min Gud og gjort alt det du har sagt meg» (v 13). Det er i pakta Israel mottek livet sitt og framtida si  frå Gud.

Kyrkja held framn å feire dette – i Den heilage messa; der blir livet vårt fornya, som kall og som gåve.

25
Jan
10

carpe diem: Rudshøgda på veg sør

Sunnmørshelga er over. Alt vel på heimefronten. Starta i 730-tida heimanfrå, med ferje over fjorden og kurs utover, så over Ørskogfjellett, inn Romsdals-fjordane, opp dalen og bortover Lesja og ned resten av Gudbandsdalen. Kunne køyrt over Stryn-Grotli ferjefritt, men greitt å sleppe høgfjellet i januar.

Lett snøvêr i natt og skyer ned i fjella heime, men nedover dalane lyste det opp. Fint å fare. Rask rast her på Rudshøgda nord for Hamar. No tek eg til med «innflyginga» til kvardagslivet på St Dominikus; førebuingar, samtalar, korrespondanse, styr og stell – men heldigvis også til liturgien og dei stille timane.  Vel heime før messe og vesper i kveld. God willing.

24
Jan
10

homiletica: sundag 17. jan -10; «Trefoldighetskirken», Oslo;

Aksjonen «Bøn for Oslo» vart avslutta med ekumenisk gudsteneste i «Trefoldighetskirken» – leia av biskop Ole Christian Kvarme (DNK) og pastor Håkon Fagervik (Pinserørsla). Underteikna var predikant. Tekstane er siterte frå dagens liturgske lesnader…

Kjære brør og systre!

Jesus er på reise gjennom Galliela og Samaria. Her sit han, sliten og tyrst, ved Jakobsbrunnen, ved Sykarsbrunnen.  Her sit han som sjølv er brunnen, han som sjølv er kjelda. Han som seier: ”Den som drikker av det vann jeg vil gi ham, skal aldri mer tørste”!

Jakobsbrunnen – det er patriarkbrunnen. Og dermed eit symbol på heile Guds lange frelseshistorie med sitt folk, det folket som fekk namnet Israel etter sin stamfar Jakob. Her sit Jesus ved den kjelda som flyt fram gjennom  Den gamle pakta; i alle Guds store gjernigar, i alt det som Gud tala gjennom Moses og profetane, alt det som lyser fram frå Dei heilage skriftene. Alt det som er oppfylt nettopp i Jesus Messias, Jesus Kristus., han som sit her som ein ukjent på brunnkanten. Han som sjølv er brunnen. Han sit her, for – som han seier – ”Frelsen kommer fra jødene”.

Kristus, Guds Son, sit ved ein jordisk brunn og ventar. Ventar på at mennesket skal passere, skal dukke opp, skal kome i samtale med han. Brør og systre – vi lever i eit tid der vi også må ha tid til å vente på mennesket. Vi lever i ei tid då mennesket må opne seg for Gud, for Kristus, i fridom, fordi det sjølv begynner å søke han, å samtale med han. Gud kan berre nå inn der mennesket har opna seg, der det er blitt mottakeleg. Avkristna menneske kan ikkje dresserast og  suggererast til å bli truande, til å bli disiplar. Dei må opnast, i samtale med Herren.

Det er mange som er i ferd med å opne seg i dag, i ferd med å kome ut til brunnen. Ikkje alle, men mange; stadig fleire. Spørsmålet, trangen, tørsten, lengten etter det levande vatnet, begynner å melde seg. Folk begynner å våge å setje ord på det. Det er lov å snakke om på ein heilt annan måte enn tidlegare, sjølv om det også vekkjer motstand og skaper konfrontasjon. Det kan vere provoseande, men provokoasjon er  å ”kalle fram”  eit svar, ein respons, eit val!

I Jesus Messias, i Dei heilage skriftene, i heile Guds frelseshistorie, finn menneska det vatnet som åleine kan stille torsten i mennesket:

Det er torsten etter Meining. Det som så lenge har vore tabu. Vi ser det i litteraturen, vi ser det over alt.

Det er torsten etter Tilgjeving, etter legdom for kropp og sjel.

Det er torsten etter eit Oppreist liv, etter eit verdig liv, ja, etter evig liv.

For mennesket kan berre leve opp til sitt fulle verd, sin fulle ’verdighet’, når det ser sitt utgangspunkt og sitt mål i Gud, sin Skapar. Mennesket er Guds bilde, ”lite ringare enn englane skapte han det”, seir salmisten. Derfor er det berre Gud som kan matche mennesket. Som kan stille tørsten i mennesket. Som den hl Augustin seier: ”Gud, du har skapt oss til deg, og vårt hjarta er uroleg til det finn kvile i deg!”

Kanskje må vi gjennom ei krise, både personleg og kulturelt og samfunnsmessig, for å forstå det, for å våge å innrømme det. Kvinna frå Sykar blei konfrontert med si krise; alt det som var usant og uheilt i livet hennar: ”Du har ingen mann, og den du nå har, er ikke din mann” Der snakket du sant”. Bror og syster: Den frelsande krisa er der når du ser at du endeleg må snakke sant, at ”det du nå har”, er ein bløff, for Gud og menneske. Då krakkar betongen du har støypt livet ditt inne i – slik at den mjuke hjarterota kan kome fram, slik at det levande vatnet kan nå inn.

Kjære vener! La oss gå ut og oppsøke han som sit ved brunnen. Skal vi evangelisere verda, evangelisere Oslo, treng vi fyrst sjølve å få sjelesorg, treng vi å skrifte ved brunnen, pne oss for Messias. La oss også gå ut til brunnane i denne verda, i denne byen; der mennska dukkar opp, der dei kan møtast. Alle møteplassar blir brunnar med levande vatn, dersom eit levande kristent menneske sit der. Jesus seier jo: ”Den som drikker av det vann jeg vil gi ham, skal aldri mer tørste. Det vann jeg vil gi ham, skal bli en kilde i ham med vann som veller frem og gir evig liv”!

Hugs også at Gud tyrstar etter mennesket, etter oss! Han sit ved brunnen fordi han er tyrst. Og på krossen ropa han ut: -Eg tyrstar!

Ja, hos profeten Jesaja seier han: ”Av kjærlighet til Sion vil jeg ikke tie, for Jerusalem skyld vil jeg ikke være rolig, før den Rettferdige stråler frem som morgenrøden, før Frelseren flammer som en fakkel! (Jes 6,1f).

Brør og systre: Bønn for Oslo; det er bønn om  dette: At den Rettferdige skal stråle fram, at ”Frelseren flammer som en fakkel” over denne byen, der han lenge har vore i ferd med å blir fortidd, skjult, fortrengd. Difor skal dette vere ei pakt for alle oss som deltek i Bøn for Oslo:

Jeg vil ikke tie om Jesus,

Jeg vil ikke skjule hans navn.

Hvor skulle jeg nekte ham ære

Som allting har gjort til mitt gavn?


I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Amen.

24
Jan
10

carpe diem: Familievisitt

Denne helga er eg på Sunnmøre, på rask visitt hos mor mi som bur på Stranda. Ein tur til Ålesund i dag; avstandane er korte på Sunnmøre; feira vesper og sundagens fyrste messe i Vå r Frue krk, ved  Nørvasundet.

Vêret er fint; sol og nokre få kuldegrader i går, lettskya og mildare i dag. Svært lite snø i fjella her vest denne vinteren, gråe rabbar og svarte hamrar er lett synlege gjennom det tynne og forblåste snødekket. Retur til Oslo måndag

23
Jan
10

officium: laurdag, 2. vike i det allmenne året, 5 Mos 16 (matutin)

«Rettferd, ja, rettferd skal du jaga etter»  (v 20)

Vi merkar den formanande tonen i 5 Mosebok. Formaning, parenese – det er i Bibelen ikkje ein lyft peikefinger, ei bister mine, ikkje sur moralisering. Både i Det gamle- og Det nye testamentet er formaninga ei tilskunding, ei oppmoding, ei oppmuntring, Med ein alvorleg og inntrengjande tone i seg. Gleda veit alltid at ho ferdas i eit utsett terreng. Konsentrasjon, målmedvit  og innsikt om kva som står på spel, gjev henne nerve og spenst. Herren heiar deg fram.

Summen av det Gud vil med mennesket og med folket sitt, er rettferd. Det omfattar  heile livet, både vårt tilhøve til Gud og til nesten, kropp og sjel, individet og samfunnet, liturgien og politikken.

Rettferd.  Høg himmel, vidt utsyn, stort ansvar for mennesket.  Alt ligg i det ordet.

22
Jan
10

officium: fredag, 2.vike i det allmenne året, 5 Mos 10,12 – 11,9. 26-28

«Sjå, i dag legg eg framfor dykk velsigning og forbanning» (11,26)

Moses summerer heile sin tale til folket på Moabslettene, hans «bergpreike», med desse orda. Menneskelivet – både individuelt og kollektivt – lever seg ut i ei av desse to historiane: velsigning eller forbanning.  I det vi gjer, syner det seg før-eller seinare ein raud tråd, ein tendens, ei retning. Velsigninga – der det gode vinn fram, trass i alt det som ser vondt ut. Forbanninga – der det gode glepper trass i at alt ser ut som ein suksess.

Den avgjerande retninga er noko som er lagt fram for oss, ikkje noko vi kan tvingast til. Gud stiller oss på det avgjerande valet. Kvar dag.

20
Jan
10

officium: onsdag, 2. vike i det allmenne året, 5 mos 7,6-14; 8,1-6 (matutin)

«Han ville syna deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjme frå Herrens munn» (8,3)

Nærings- og livskrafta i alt det Gud har gjeve oss til livsopphald, ligg ikkje berre i det fysiske og dem materielle. Guds skapande ord er stadig verksamt også i den materielle verda og held livet oppe. I ei viss tyding, er alt det vi lever av, «sakrament» – formidlarar av liv og velsigning frå Gud.

For heile vår eksistens, kroppsleg, sjeleleg og åndeleg, er Guds ord eit «næringsmiddel». Mennesket er ein heilskap. Også kroppen treng Gud.

19
Jan
10

officium: tysdag, vike 2 i det allmenne året, 5 Mos 6,4-25 (matutin)

«Høyr, Israel! Herren din Gud, Herren er éin» (v 4)

Slik byrjar den israelittiske trusvedkjenninga, Shema Israel.  Den grunnleggjande trua på at Gud er éin. Ur-dogmet.

Denne trua, dette dogmet, er ikkje ei abstrakt læresetning, uttenkt av menneske. Det er noko vi mottek; ein bodskap, ei openberring, ei røyst som bed om vår merksemd. Å tru er å lytte. Å lytte er i Bibelen – som vi har sett før –  å lyde, å stille seg open for, å stille seg til disposisjon for. «Tala, Herre, tenaren din høyer!» svara Samuel då han blei vár Herrens røyst i templet.

Du trur som du svarar.

16
Jan
10

nota bene: Tidleg toleranse

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, 9. jan 2010

Politisk toleranse er noko dei fleste knyter til opplysingstida og etterfylgjande epokar. Før det, var det berre tvang og einsretting som galdt, særleg i ”den mørke mellomalderen”. Slik er gjengs tankegang.

Då har ein truleg ikkje høyrt om Paul Wlodkowic(1370-1435), også kalla Paul av Krakow, rektor for det jaggelonske universitetet i Krakow. Han var jurist, teolog og filosof, utdanna både i Praha og i Padua.  Den polske kongen valde han som sin talsmann på konsilet i Konstanz (1414-1418); eit kyrkjemøte som både skulle ta opp indrekyrkjelege reformspørsmål og drøfte den politske situasjonen i det dåverande Europa.

Polen var pressa av Den tyske orden; ein offensiv riddarorden som hadde teke til med hospitalverksemd, men som etterkvart hadde utvikla seg til ein ekspanderande politisk og militær maktfaktor, særleg i dei austeuropeiske områda som nettopp var blitt misjonerte og gradvis  innlemma i den kristne sivilisasjonen. Det polsk- litauiske storriket omfatta lenge både kristne og heidenske folkegrupper – og dei tyske riddarane brukte no dette som brekkstang mot  den polske kongemakta. Argumentasjonen var at heidningar ikkje har same rettar som kristne; dei kunne fritt tvingast til tru, utnyttast og herjast. Slik freista Den tyske orden å legitimere sin kolonialisme og å oppnå vidtrekkjande kyrkjelege og keisarlege privilegia.

Inn i denne problematikken går Paul Wlodkowic og famfører sitt forsvar for dei politiske og menneskelege rettane åt ikkje-truande i møte med eit kristent regime – slik det framgår av det fyldige skriftet: Tractatus de postetate papae et imperatoris respectu infidelium (”Traktat om pave- og keisarmakta i høve til ikkje-truande”). Han viser til anerkjente kyrkjelege teologar og tenkjarar som t.d. Thomas Aquinas og til autoritetar som pave Innocence III.

For det fyrste skal trua berre fremjast gjennom fri overrtyding og ikkje påtvingast nokon ved vald og makt. For det andre er det klårt at retten til å oraganisere ein stat og råde over landområde, er gjeven av Gud til alle menneske og ikkje berre til kristne. For det tredje har keisaren ingen legitim suverenitet over ikkje-truande dersom dersom dei ikkje sjølve gjev han si tilslutning som herskar. Vik ein frå dette, vert keisarmakta tyrannisk. Militær valdsbruk kan berre rettferdigjerast på tydlege og svært avgrensa kriteria: Ein klerk har under ingen omstende lov til å bruke våpen; liv, gods og fridom må vere truga; krig må vere siste utveg for å  løyse konflikten og ein skal ha som intensjon å gjenopprette rettferd og varig fred.  ”Det må ikkje vere nokon tvil”, seier Wlodkowic, ”om at den som med makt tiltvingar seg andres godar i ein urettferdig krig, ikkje har noko krav på at det er hans legitime eigedom, og han kan ikkje  behalde dei utan å synde”. Vil han frelse si sjel, må han levere rana gods tilbake. Dette gjeld både soldat og general. Og han legg til at ansvaret for drap og kriminalitet i ei slik krigføring sjølvsagt er endå meir alvorleg.  I tillegg til dette: ”Ein krig kan berre iverksetjast etter ein grundig saksprosedyre. Berre eit internasjonalt tribunal kan ta stilling til om ein krig kan rettferdiggjerast eller ei”.

Vart apellen til Wlodkowic motteken av konsilet og av opinionen? Prinsippa vart faktisk applauderte og godtekne av forsamlinga, men det kom ikkje til noko konkrete vedtak. Wlodkowic fekk støtte frå framståande folk i samtida også innnan kyrkja, som Jean Gerson, kanslaren ved Paris-universitetet. Som så ofte i historia, vinn makta fram på kostnad av retten og den gode viljen. Men Wlodkowic og det intellektuelle miljøet rundt universitetet i Krakow lyfte fram standardane i den politiske og etiske tradisjonen. Ideala skulle ikkje utan vidare kunne gå i gløymeboka. For ettertida gjev dette oss mange nyttige påminningar. Det er all grunn til å merkje seg – og det ser ein ikkje minst når ein les det skriftlege materialet – kor avansert og modig Wlodkovic formulerer sin doktrine. Ein viktig observasjon er det at det dreia seg om meir enn akademiske disputtar. Vi er vitne til korleis spørsmål om moral og politikk blir tekne hand om som internasjonale forpliktingar og i eit internasjonalt forum med høg status, slik eit konsil var det den gongen. Samfunns-spørsmåla var ikkje låste inn bak dei nasjonalstatlege rammene.

Wlodkowic gjer det også klårt for oss at grupper med ulik religion og kultus skal kunne leve saman og ordne sine relasjonar fredeleg vis innan eit og same politiske område. Det er ei utfordring til såvel sekulære som religiøse monokulturistar i dag.

Og dette var det folk som skjøna alt for seks hundre år sidan. Velkomne etter.

16
Jan
10

officium: laurdag, 1. vike i det allmenne året, Sir 44,1-2.16 – 45,5 (matutin)

«Enok ferdast med Herren og vart så teken bort» (44,1)

Sirak reknar opp dei store trusheltane i Israels-soga; Noah, Abraham, Jakob, Isak, Moses… Alle var reidskapar i Guds hand, ansvarlege for viktige etappar i frelseshistoria.

Enok står der som på eit døme på sjølve det indre gudslivet. Det som til alle tider er eit kall for alle truande. Den konteplative, mystiske nærleiken til Gud. Ei vandring saman. Difor vart Enok lyft ut av historia, rett inn i den nærleiken til Herren som han praktiserte  til dagleg.

Planar , verksemd, misjon, målsetjingar; stundom skal vi sjå over kanten på alt det, og berre sjå Gud sjølv. «Tett ved sida mi…»

14
Jan
10

officium: torsdag, vike 1, det allmenne året: Sirak 42,15-43,12 (matutin)

I det katolske kyrkjeåret er vi no inne i dei fyrste vikene i det allmenne året; det held fram til fastetida – og går vidare etter pinse (grøn farge)…

«Han granskar havdjupet og menneskehjarta, han kjenner dei begge til botnar»

Sirak utfaldar den tradisjonelle læra om Visdomen. Guds visdom gjennomtrengjer og «informerer» heile skaparverket. I visdomen er Gud sjølv nærverande i alt som er til.

I alt som er, er det djup, ikkje berre overflate. Vi anar Guds eige mysterium i røyndomen, slik han møter oss. Havdjupet står for det uutgrunnelege i naturen. Hjartet røpar djupa i mennesket.

Lat oss lytte etter dei djupe røystene i tilveret; det vi ikkje alltid oppfattar umiddelbart, det som krev konsentrasjon og innleving. Der høyrer vi Gud.

09
Jan
10

carpe diem: vinterreise

Eg er på Lillehammer.  Landet døser i ein eim av låg sol og intens kulde. Kom hit i går for å tale til i Katolsk Forum – med både katolikkar og andre til stades. I dag har eg vore med på laurdagskatekesen for dei katolske borna – i denne svære sokna som rekk til Valdres og heilt opp til Lesja og Lom. Borna kom, saman med éin elller begge av forelda; frå Vinstra og frå Tretten, frå byen her og mange andre stader. Familen frå Tretten køyrer over ein time kvar sundag for å vere med på høgmessa her i Mariakyrkja. Og ein time tilbake, sjølvsagt. I tillegg til dei laurdagane då det er katekese, altså kristendomsopplæring, her.

Denne gongen har eg lånt ein bil – for å ha med utstyr til å feire messe på Gran, i ei av systerkyrkjene der, i morgon. Så no durar eg ned langs Mjøsa snart, over Eina og ned til Brandbu og opp på Granavollen. Bilen, ein Golf, er i god stand og startar lett, sjølv etter ei nartt med 25 minusgrader. Vinterreisa går vidare. I Oslo sundag ettermiddag. Om Gud vil.

PS Eg ser at fleire norske aviser no trykkjer dei famøse Muhammedteikningane frå Jyllandsposten. Kjem tilbak med ein liten kommentar om det…

09
Jan
10

officium: 9. januar, Jes 63,7-64,1 (matutin)

«Kvar er din brennhug og di kraft? Di djupe medkjensle og di miskunn held du att frå meg» (63,15)

Profeten Jesaja hadde ei sterk røynsle av kven Gud er. Han levde intenst i den store forteljinga om alle Guds storverk, som skapar og frelsar; han såg, som i syner, Guds verdsvide frelsesplan, inn i det fullkomne Gudsriket. Profeten med dei store perspektiva. Dette vitna han om for Israel for å kalle folket tilbake til pakta med Herren; Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, den Gud som synte seg for Moses og steig ned på Sinai og openberra si lov og sitt ord til folket.

Folket måtte vende tilbake – men kva med den andre parten, med Gud? Kvar vart han av? Kvifor ser det ut som han har gløymt det han har lova, gløymt folket, gløymt profeten, gløymt oss? Denne fortvila undringa har alltid fylgt Guds vener – og dei har ropa det ut i si klage, si bøn, sin indignasjon. Som Jesus sjølv på krossen: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

Under denne fortvilinga ligg det nettopp ei tru på- og ei røynsle av at Gud er slik; full av brennhug og kraft, av medkjensle og miskunn.  Profeten og dei truande slepp aldri dette av syne, sjølv når det berre er den nakne trua som held fast på det. Gud er slik: Sterk, medlidande, miskunnsam. Det lyser for meg, også når Gud synest å gå eitt med mørkret. Eg ropar, eg ventar.

Eg veit kven eg ventar på.

04
Jan
10

officium: 4. januar, koloss 3,17-4,1(matutin)

«Alt de gjer, i ord og gjerning, gjer det i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han» (v 17)

Det kristne livet er ein heilskap – og heilskapen er gudstenesta. Etikken kan ikkje isolerast frå tilhøvet til Gud, som eit tilhøve av kjærleik og tilbeding. Kristen moral er ikkje turr moralisme.

For at heile livet skal bli gudsteneste, må gudstenesta ha sin eigen plass; i den liturgiske feiringa blir heile livet vårt helga og vigsla. Gudstenesta er Jesu Kristi frelsande nærvere som omsluttar og omformar alt vi gjer, for alle ting vert «helga ved  Guds ord og bøn» (1 Tim 4,5).

Gudstetensta er, samla sett, nettopp takkseiing, evkaristi. Det er òg eitt av dei eldste og mest ærverdige namna på liturgien, på messa.  Messa skal vere plassen der vi tek med  alt vi gjer og alt vi er. Vi ber det fram som eit  takkoffer til Faderen i Jesus Kristus.

Menneska rundt oss vil merke om det vi seier og gjer, er evkaristisk. Om det er bore av takk eller av tvang.

02
Jan
10

carpe diem: Mälaren

Det er ein pause i forhandlingane under dei nordiske dominikanardagane. Eg sit på rommet mitt i øvste etasjen på stiftsgarden; ein ombygd sommarvilla, gitt til bispedømet av ein høgborgarleg familie for fleire år tilbake.

Eg ser ned og ut mot den stille innsjøen. Ganske smal her aust innmot Stockholm der Mälaren møter Austersjøen, så å seie midt i byen, med berre ei sluse i mellom. På sørsida ser eg så vidt Södertälje, eitt av dei store nærbyområda til Stockholm. Industri, blokker, innvandrarar, ikkje minst katolikkar av kaldeisk (orientalsk) ritus, frå Midtausten – i så stort antal at ein har måtta byggje ei eiga, diger kyrkje for dei.   Dei praktiserer si tru tydleg og intensivt – og er med å endre Sveriges «andlet».  Også ei påminning om at innvandarar ikkje berre – eller fyrst og fremst – er muslimar. Undersøkjingar i det siste har synt at dei fleste som kjem til våre land, har kristen bakgrunn.  So take it easy! Eller: Kanskje er det det at folk er truande, som er skummelt for skandinavar?

Sjøen er i ferd med å fryse til for vinteren. Isen legg seg i tynne flak utover vassflatene. Det låge landskapet av knausar og små åsar og med åkrar og enger innimellom er kledd med vintergrøn skog, gran og fure, ispedd eik og ask og andre varmekjære lauvtre.  Det er vidde og horisont over eit svensk landskap, ei einsformig ro som vert broten av sjøar og vatn. Eit land som har funne si form, gjennom «fornstora da’r», gjennom det sosialdemokratiske «folkhemmet» – men som no må takle oppbrot og utfordringar, økonomisk, demografisk (eit slags svensk FrP er i ferd med å skyte fart) og kulturelt, religiøst.

Vinteren er, trass alt, kort. Om nokre månader bryt isen opp og vatnet opnar seg; vindane og våren får Mälaren til å kruse seg og skogen til å svaie lett langs strendene. Grønblått land under solgult ljos. Sverige.

No, kl 12, er det messe i kapellet.

02
Jan
10

officium: juletida, 2. januar, koloss 2,16-3,4 (matutin)

«Når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han» (3,4)

Livet vårt er eit mysterium, ein løyndom. I Kristus finn mennesket seg sjølv, i han kjem den djupaste meininga til syne med alt du er. Fordi han har teke på seg og sona alt det vonde vi ber med oss, blir også dette forvandla og omskapt.

Når forhenget blir drege til side, skal vi sjå alt i ein anna ljos. Alt skal utfaldast, etter Guds plan, slik han hadde tenkt det, han som  veit kva tankar han har med oss; «fredstankar, og ikkje ulukketankar» (Jer 29,11).

Livet her i tida er ei danningstid, ei fostertid, eit frø som ventar, djupt i jorda.




kategoriar