Arkiv for september 2011

30
Sep
11

carpe diem: mikkelsmesse, sykkeltur, vestover…

Eg sette Mac-en att på skrivebordet i cella onsdag ettermiddag – pumpa sykkelen (som stadig er min DBS-tur-racar frå åttitalet) og la i veg til Drammen for å vitje Siri og Dag Tofteng med veslejenta Mathea. Mildt og fint, men skya vêr. Lit t dårleg merking av sykkelløypa her og der, men det gjekk med berre eit par blindvegar og returar. Traséen er stort sett gamle E18. Éin times kaffipause i Asker, og så gjekk det lett over Lierskogen og raskt ned dei gamle Lierbakkane, bortover sletta og over Drammmenselva, brei og blank som Donau.

Triveleg kveld med vener, altså. Dagen etter -i går, torsdag – var det klårt og skarpt så eg venta til lufta varma seg litt og ga meg avgarde. No ut mot Spikkestad og Røyken med  fyrste stopp ved Røyken kyrkje; ei vakker, lita mellomalderkyrkje. Sol og fagert gjennom fine bygder. Lauvskogen har fått fargar og lyser i dei grangrøne åsane. Eg trilla etterkvart ned mot Åros (ved Oslofjorden), kosta på meg nokre ekstra kilometer denne strålande dagen, drar meg forbi Nærsnes, Slemmestad til Nesbru/Holmen med matytkt der, nede på ei lita brygge i småbåthamna. Berre å lene seg tilbake og la haustsola varme seg. Raskt trakk inn til Oslo etterpå.

Bra med denne kviledagen(!) etter tett weekend med messer og preiker.

I går var det Mikkelsmesse, festen for erkeenglane, Mikael, Gabriel og Rafael. Viktig å feire og markere denne gamle merkjedagen. Mikjelsmøss, sa dei heime på Sunnmøre.  Englane er Guds skaparverk, for han har skapt «alle synlege og usynlege ting» (Nicenum). Vi er så sekulariserte at vi har avfolka den usynlege, himmelske verda. Protestantar er så fixerte på at berre Jesus skal omtalast, at dei  har gløymt både englane og helgnane. Men Gud blir ikkje større om ein fjernar hans skapningar og tenarar. Han er «Herren Sebaot», «Allhærs Gud», og Bibelen er full av englar frå fyrst til sist. Kjerubar, serfafar, livsvesen, truner, herredøme , erkeenglar, verneenglar, tenande ånder….

Lat oss ikkje overlate englane til diffus nyreligiøsitet og «engleskular». Englane høyrer med i den triumferande kyrkja, ecclesia triumphans, i det heilage samfunnet, communio sanctorum.  

Just no sit eg på Gardermoen og ventar på å entre fly til Bergen. Har oppgåver der i helga og måndag. Meir om det. Her har du ein bøn til verneengelen, omsett frå den klassiske Angele Dei-bøna:

Du Guds engel/vakt meg, vern meg/i di omsorg styr og vern meg/med Guds Ord opplys og lær meg. Amen

Reklame
28
Sep
11

officium: onsdag, 26. vike i det allmenne året, fil 2,12-30 (matutin)

«Om eg sjølv skal ofrast medan eg gjer mi heilage teneste og ber dykkar tru fram som offer, så er eg likevel glad, og eg gleder meg saman med dykk alle» (v 17)

Her ser Paulus si apostelteneste som ei liturgisk teneste og som ei presteleg offerteneste. «Heilag teneste» er norsk omsetjig av det greske «leitourgia» og «offer» er «thysia», blodoffer, noko som fører tanken til martyriet. Han kallar seg ein anan stad «Jesu Kristi prest mellom folkeslaga» (Rom 15, 16).

Dette viser den evkaristiske (takkseiande) og lovprisande retninga og grunntonen i apostolatet og forkynnartenesta. Resultatet av forkynninga skal gjevast som ei fri gåve til Gud. Forkynnnaren driv ikkje verving for eigen popularitet, eller eit privat firma for eigen profitt.

Han er Guds og alles tenar.

 

27
Sep
11

homiletica: 26. sundag i det allmenne året, 25/9-11, St dominikus krk, matt 21, 28-32

Kjære brør og systre!

Det handar om omvendinga, om bota i dag. Jesus kom med eit kall til omvending – og han sende apostlane ut med denne bodskapen: -Vend om, for Himmelriket er nær! Og han sa:

-Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag.

 På Pinsedagen er Peter fyrste mann ute med dette. Han forkynner, og folket spør:

-Kva skal vi gjera, brør? Peter svara: Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage Andens gåve. (Apgj 2,37-38).

Andens gåve, tilgjeving for syndene, dåpens bad –porten til alt dette er altså bota, omvendinga, konversjonen.

Jesus forløpar, Johannes døypar, forkynte òg bot: -Vend om og ber frukter som svarar til omvendinga, sa han! Det Jesus vil seie, er at det er den faktiske omvendinga og livsforandringa som tèl, ikkje formalitetar og posisjonar. Israels folk, og særleg dei som skulle halde oppe Guds-trua i folket, som yppersteprestene og folkets eldste, slik vi høyrde det, dei vende ikkje om. Dei tenkte kanskje: -Vi tilhøyrer Guds-folket, vi er prestar og lærarar, alt er på plass. Dei, derimot, som var tydelege, skinbarlege syndarar, forstod og innrømte at dei trong å gjere bot, at dei trong nåde – og mange av dei trudde på Jesus som Messias og begynte eit nytt liv saman med han.

–Johannes viste dere rettferdighetens vei, seier Jesus til øvsteprestane og dei eldste, -og dere trodde ham ikke; skatteoppkrevere og skjøger derimot, de trodde ham.

Jesu ord betyr sjølsagt ikkje at det er Ok med pengejuks og prostitusjon, han kallar jo nettopp mennesket til å vende seg frå sitt gamle liv, leggje det bak seg. Det han seier, er at det er ikkje utgangspunktet, forhistoria eller livshistoria di som tèl, men kva du vil gjere med det, kva slags framtid du vil velje. Du kan få ein ny start, uansett kven du er, viss du svarar Ja til kallet, viss du tar utfordringa, viss du tek i mot Guds nåde. Den nåden som slettar ut alt. Som profeten Jesaja ropar ut:

Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull (Jes 1,18).

Eller som profeten Jeremia sa i lesinga:

-Når den ugudelige vender om fra sin ondskap og gjør det som er rett og rettferdig, da skal han berge livet. Han så alle synder han hadde gjort, og vendte om fra dem. Derfor skal han ikke dø, men leve.

Jeremia tok nettopp oppgjer med den tanken at det er fortida, familien, slekta, historia di  som avgjer, at du så å seie er dømt til din skjebne. Nei, du er ansvarleg, du er fri, du kan gjere eit oppbrot. Du kan vende om. Det nyttar!

Mange har sagt nei til Gud, mange har gitt etter for det som er mot Guds vilje, det som er synd. Men så angrar dei – og nei-et blir forvandla til Ja! Og mange har sagt Ja til Gud – i dåpen, ved ferminga, ved klosterlovnadane eller ordinasjonen, eller i ein bevega augneblink! Og så blei det ikkje meir, sakte glei ein bort, det blei med orda.

Brør og systre! Å vere prest, ordensbror- eller syster, katolikk eller å vere rekna med av godtfolk – det gjev ingen forrang hjå Gud utan vidare. Det inneber eit ansvar, ei forventing – og det er resultatet som er avgjerande. På den andre sida: Har vi gått oss fast i ei rutinetru, kjennne vi at vi går på tomgang, har vi mist motet eller blitt kyniske og oppgitte – berre la det skure den tida eg har igjen – då skal vi vite at det nyttar, at det store, heilage NO står ope. Livshistoria vår, dei bitre erfaringane og nederlaga kan ta motet frå oss. Men husk: Det er berre eit pust, ei kort tid, i forhold til det evige livet, til det som er målet vårt; Himlenens rike, samfunnet med Gud, fullbyrdinga av vårt kall som menneske. Det er ikkje for seint å ta fatt på det, det er ikkje for seint å gjere nei-et til eit Ja.

Kanskje har vi alle grunn for å seie med salmen i dag:

 

-Kom ihu din godhet, din miskunn, Herre, for den er fra evighet. Glem min ungdoms synder, se til meg, Herre, i din kjærlighet,

 

 

 

27
Sep
11

officium: tysdag, 26. vike i det allmenne året, fil 1,27-2,11 (matutin)

«Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar andre»  (2,4).

Omtanken for andre – altruismen.  I dag er det mange som ser slik menneskeleg åtferd som eit reint evolusjonært fenomen. Vi har utvikla denne åtferda fordi det «løner seg» i overlevingskampen.

La det vere klårt at dette er noko heilt anna enn den frie, etiske haldninga vi møter både i den kristne tradisjonen og i mange andre etiske tradisjonar. I kristen tru er sjølvoppgjevinga for «den andre» eit grunnmotiv. Og meir enn eit motiv: Jesu Kristi liv og føredøme, inntil døden.

Livet er gåve. Difor kan du utan redsle gje av deg sjølv, gje ditt eige. Du lever ikkje på kostnad av andre. Gud held deg oppe.

26
Sep
11

officium: måndag, 26. vike i det allmenne året, Filipparane 1, 12-26 (matutin)

«For meg er livet Kristus og døden ei vinning»  (v 21).

Dette er eit av dei store orda i Bibelen, ja, i historia. For oss som kjenner dei, er det lett å bli for vane med dei, så vi ikkje fattar dimensjonane. Eit menneske frå antikken som uttrykkjer seg personleg, så intimt, med så høg føring. Og relasjonen er til ein historisk person han har møtt som den levande Gud sjølv, i kjøt og blod: Jesus nasarearen.

Det er møtet på Damaskusvegen som strålar gjennom dette ordet.  «Då han ikkje hadde langt att…stråla det brått et ljos frå himmelen ikring han» (Apgj 9,4).  Sidan såg han alt i det ljoset.

Noko nytt var kome inn i historia: Det djupt personlege og det guddomlege var samanknytt.

23
Sep
11

officium: fredag, 25. vike i det allmenne året, esek 40,1-4;43,1-12;44,6-9 (matutin)

«Og Herrens herlegdom drog inn i templet gjennom den porten som vender mot aust» (43,4)

Templet er Herrens bustad. Han som fyller himmel og jord, tilseier sitt nærvere i verda. For vår skuld. Guds inste vesen forblir utilgjengeleg for skapningen, men hans utstråling, hans enerigi, hans herlegdom kan vi nærme oss og få del i. Ljos, safir, eld, kraft, kjerubar, livsvesen – Esekiel opplever  alt dette grensesprengjande som eit teikn, ei synleggjering av den himmelske og guddomlege verda.

Til sist syner Gud seg i Sonen, han som kjem frå aust, som Solrenninga, som  Morgonstjerna. «Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord» (Hebr 1,3). Alt som «strålar» i verda, alt som ber bod om det gode, det vakre og det sanne, kjem frå Han.

Han «dreg inn» i verda, inn i kyrkja, inn i livet ditt, med sin herlegdom.

22
Sep
11

officium: torsdag, 25. vike i det allmenne året, esek 37,15-28 (matutin)

«Eg reiser min heilagdom mellom dei for alltid» (v26).

Esekiel er tempelprofeten, presten. Hans visjon er  Guds folk i Guds nærleik. Eit fornya og reinsa folk som kan stige fram for Gud i tilbeding og påkalling (v 28) . Eit folk som er omslutta av den himmelske herlegdomen, det overveldande og ufattelege.

Dette peikar fram mot fullendinga i «dei siste tidene», slik den hl Johannes ser det i sitt syn: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. Han skal vera deira Gud» (Op 21 3).

20
Sep
11

officium: tysdag, 25. vike i det allmenne året, esek 36, 1-16 (matutin)

«Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil gjera det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei» (v 27)

Esekiel – som Jeremia – ser djupt og langt i Guds frelsesplan, i Guds veg med Israel. Ikkje berre ytre, nasjonal tryggleik og velstand,  men fornya menneske er målet. Det er dette som er «den nye pakta», den nye fasen i Guds økonomi, hans frelseshushaldning. Ordet peikar fram mot den nye, åndelege fødselen, mot dåpen og åndsmeddelinga i den messianske fellesskapen, i den universelle Krist-kyrkja (Joh 3,6f). Og mot ei åndeleg nyskaping av det historiske Israels-folket (Rom 11,25-26).

Tydeleg er det at den åndelege fødselen verkeleg gjer noko  med mennesket. Frelsa er ikkje berre noko vi ber «utanpå», medan vi inni forblir dei same. Nei, vi får del i eit nytt liv, i «guddomleg natur» ( 2 Pet 1,4).

«Noblesse oblige» ; adelskap forpliktar…

19
Sep
11

officium: måndag, 25. vike i det allmenne året, esek 34 (matutin)

«Eg vil setja ein hyrding over dei, min tenar David, som skal gjæta dei» (v 23)

Her er David blitt ein symbolfigur, eller ein «typos», eit førebilete. Nemleg på Messias, den store, salva frelsarkongen. Messias er den sanne hyrdingen for gudsfolket. Han skifter rett og rettferd, han syrgjer for vern og tryggleik, og for gode beite. Trusselen frå villdyra skal fjernast, landet blir velsigna og grøderikt.

Det er denne messianske «pastoralen» som blir verkeleggjort når Jesus Messias kjem; fullt og heilt når han kjem med siger på siste dagen. Vona om Messias er djupt rotfest i den heilage historia og i Guds planar med verda. Og i den lengten som er nedlagd i alle folk og nasjonar.

Kyrkja trur han er komen og helsar han ved kvar messe: –Benedictus qui venit in nomine Domini!  –Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!

18
Sep
11

nota bene: Sivilreligionen

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, laurdag 17/9-11…

Havet av blomar og ljos framfor Oslo domkyrkje og mange andre kyrkjer i dagane etter 22. Juli, overrumpla mange. Likeins straumen av folk inn i kyrkja for ha ei stille stund. Det er grunn til å merkje seg at dei reint sekulære livssynsorganisasjonar plutseleg var uaktuelle som tolkar og mottakar av dei store, folkelege kjenslene. Det var kyrkjene som synte seg å ha den naudsynte symbolkrafta som skulle til.

Noko av det same kan ein seie om dei offisielle styremaktene, representerte ved politikarar og statsleiarar. I røynda skjedde det ei slags overlapping av dei to sfærene; den kyrkjelege og den statlege. Det kyrkjelege og kristne innhaldet i minnerituala var temmeleg nedtona og kunne førast i mange retningar. Kyrkja sine folk var varsame med å profilere det religiøse innhaldet i ljostennings- og blomerituala. Det er heller ikkje prestar og biskopars ord som blir hugsa best frå alle dei store markeringane. På grunnplanet gjorde dei heilt sikkert ein stor menneskeleg og sjelesyrgerisk innstast, men dei store, tolkande orda kom fyrst og fremst frå ein annan kant; frå den statlege og nasjonale leiarskapen. Kyrkja hadde rommet, men dei andre førte ordet, kunne vi seie. Når ein kom så langt som til den store minnehøgtida i Oslo Spektrum, hadde ein fått tid på seg til å regissere ei ikkje-kyrkjeleg høgtidsform. Religionane var der med sine representantar, men på line med alle andre.

Og likevel var det ei nesten religiøs stemning over det heile. Som det var det i dei spontane folkemøta med song og roser. Her kunne ein kjenne seg som deltakar i eit stort kollektiv, samla kring dei same kjenslene og i sterk identifikasjon med den nasjonale fellesskapen – med alt den ber med seg av historie og symbolikk. Ein sorgas 17.mai.

Alt dette er positivt for både den felles bearbeidinga av den krisa som 22. Juli var, og for ivaretakinga og styrkinga av einskap og god vilje i det norske samfunnet vidare framover. Likevel må vi spørje om denne nye sivilreligionen har substans i seg til å bli noko meir enn ein emosjonell episode. For kyrkjene burde det vere klårt at dei ikkje kan behalde den nye tilstrøyminga og sympatien utan å tydelegjere trua gjennom forkynning, opplæring og vegleiing. Det vil verke sakleggjerande og skvært for alle. Nokre, kanskje mange, vil gå andre vegar enn kyrkja, medan andre vil kunne få eit meir medvite og fruktbart tilhøve til tru og kyrkje. For samfunnet som heilskap har minnemarkeringane blitt ei påminning om religionen, rituala og livstolkinga sin sentrale plass både på det personlege og det institusjonelle planet. På lengre sikt spår eg likevel at både den rituelle og den verbale retorikken kring ”22. Juli” blir for grunn og vag til å ha berekraft og vekstkraft. Ljos, blomar og bamsar kan fungere så lenge kjenslene er sterke og nære, men treng eit tydlegare meiningsinnhald som ei meir varande tolking av grensespørsmåla i livet: Kva er døden? Kva er vondskapen? Er det tende ljoset uttrykk for ei bøn eller berre ei nesten-bøn?  Det prøvande og anande utrykket seier sjølvsagt noko om at vi nærmar oss realitetar som er større enn våre tankar, men det vekkjer også behovet for ei meir samanhengande forklåring av tilveret. Dei metafysiske spørsmåla melder seg, noko vi lenge har vent oss til å avvise eller fortrengje. Anten vi landar som  truande, ikkje-truande eller noko midt i mellom, blir vi no utfordra til å tenkje gjennom dette.

Også på det samfunnsetiske området vil vi etterkvart få bruk for referansar og termar som er meir presise og omfattande enn dei runde honnørorda som ”åpenhet” og ”demokrati”. Då kan det bli meir kontroversielt, men også meir gjevande og operativt. Ein ny debatt og eit større engasjement rundt etiske tema, er berre sunt. Det er bra med feiring av samkjensle og fellesverdiar slik kriser ofte framkallar det, særleg i kulturar som er blitt så invidiualistiske og profane som vår. Men dersom politikarane får tildelt for mykje av rolla som presteskap – og presteskapet liknar til forveksling alle andre velmeinande samfunnsaktørar, kan det bli noko sveitt i lengda. Då kan kjenslevarmen ende som sentimentalitet og leiarskapen tippe over i det manipulerande.

Kjensler treng også teori. Ein sivil kvasireligion er ikkje nok.

16
Sep
11

officium: fredag, 24. vike i det allmenne året: esek 16 (matutin)

«Og eg sa til deg: «Du som ligg i blodet ditt, skal leva; du skal leva og veksa» » (v 6)

Slik skildrar Esekiel Guds kall og utveljing av Israel. Eit kananeisk, «heidensk» folk – som Gud gjorde til sitt, av rein, fri kjærleik. Som eit forkasta barn, som blir funne og teke hand om – slik tek Gud seg av folket sitt.

Nettopp difor er det opprørande for Gud at folket svik han med si avgudsdyrking. Guds såra kjærleik. Som får han til å bruke heite og kraftige ord, henta frå elskhugens og prostitusjonens vokabular. Gud «tek han heilt ut». Han kjenner seg sviken av den han elskar.

For mange  er Gud blitt ein fjern idé. Ein slik «gud» kan vi kanskje svike. Men ikkje ein Elskar.

16
Sep
11

officium: torsdag, 24. vike i det allmenne året, Esek 12,1-16 (matutin)

«Kanskje dei då får opna augo…» (v 3)

Profeten skal utføre ei teiknhandling for å få folket til å fatte bodskapen: at kongen og mennene hans skal bortførast. Forkynninga av Guds ord verkar ikkje alltid plausibel og sannsynleg; som om vi skjønar det, men berre er litt trege. I staden verkar sanninga heilt malplassert, irrelevant, fjern og lite å bry seg om.

Heilt til vi brått skjønar kva det handlar om. Teiknet fører til ei vending, orda blir «synlege». Vi er ofte konformistar, vi held for sant det som alle andre synest å meine og som verkar rimeleg. Vi kan venje oss til å leve med det usanne, det omtrentlege.

Sanninga kjem ofte uventa på oss. Det vakande og opne mennesket er budd til å møte henne.

16
Sep
11

officium:: tysdag, 24. vike i det allmenne året, esek 8, 1-6.16 – 9,11 (matutin)(matutin)

«Då fekk eg sjå ein skapnad som likna ein mann. Nedover frå hoftene såg han ut som eld, og frå hoftene og oppover var det liksom ein glans, som skinande metall å sjå til» (8,2)

Esekiel er sjåaren som ser inn i den usynlege verda, inn i himlen. Han ser ein engel, nettopp i ei syn; «Herrens hand kom over meg medan eg sat i huset mitt», seier han (v 1). Engelens skapnad er knytt til dei himmelske elementa, til elden og ljoset. Gud sjølv er eld og ljos (Hebr 12,29; 1 Joh 1,5).  Elden fortærer ureinskap og reinsar bort slagg. Ljoset er eit anna ord for sanninga.

Å møte Gud, er å utsetje seg for dette.

12
Sep
11

officium: måndag, 24. vike i det allmenne året, esekiel 2,8 – 3,21 (matutin)

«Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp på føtene, så vil eg tala med deg» (2,1)

Med Esekiel kjem det ein ny tone i profetismen. Den usynlege verda, den komande verda, dei åndelege, ja, mystiske og ekstatiske røynslene – alt dette kjem oss meir inn på livet. Reinsinga og gjenopprettinga av templet og gudstenesta er Esekiels visjon. Han er presteleg og liturgisk orientert.

Som profet blir han dregen inn i Guds nærleik, inn på dørstokken til den himmelske røyndomen, inn i det heilage.  Derfrå blir han send tilbake til folket. Han får eit syn av den levande Gud ved Kebar-elva, ved Eufrat. Han fell på sitt andlet, overvelda. Så blir han beden om å reise seg.

Gud talar til han som ein ansvarleg og medviten person, som eit menneske ved sine fulle fem. Han kjem frå møtet med den ufattelege Gud, men han skal tale ord med tydleg meining.  Ord han skal kunne stå for.

11
Sep
11

homiletica: preike ved høgmessa i Oslo Domkrk; ekumenisk minnegudsteneste i høve tiårsdagen for «11.september», New York; Mark 7,31-37

Gjestepredikant i Oslo Domkrk i dag. Teksten er den oppsette preiketeksten i Den norske kyrkje for denne sundagen…

Kjære brør og systre!

Evangeliet i dag fører oss rett inn Jesu misjon, hans messianske misjon, hans oppdrag.  Folk var overveldet og forundret, høyrde vi, og dei sa: Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høre og stumme til å tale.  Dei kjende, kanskje utan å forstå fullt ut, at her var nettopp Messias på ferde, i arbeid.

For Messias, den salva frelsar-kongen som folket venta på, han skulle nettopp gjenreise godleik og rettferd, han skulle fornye både folket og menneska og reise dei sjuke, rettslause og fattige opp til fullt verd i Guds folk, til fullt verd som Guds skapningar, til fullt verd som menneske. –Herre, du Davids son, ropa den blinde Bartimeus der han sat ved vegkanten og venta på at Jesus Messias skulle passere; – gjer sælebot på meg, miskunn deg over meg, gjer meg sjåande!

Ja, Messias opne blinde augo, og – som vi høyrer i dag – han opna døve øyre og stumme munnar. Tungene tala, leppene opna seg; ord braut fram, lovprising lydde. For han, Messias, hadde tala sitt Effata!; Lat deg opp! Frå djupet av si sjel, med ein sukk som sette himmelske krefter i rørsle, gjorde han underet, viste han teiknet, teiknet på nyskapinga av mennesket!  Det mennesket Gud har skapt til å høyre og tale!

Jesu messianske misjon, hans frelsargjerning, omfatta også dette: Opninga av mennesket! Forløysinga av mennesket som eit meddelande og kommuniserande vesen. Mennesket er skapt til å vere ein open skapning, ein skapning som tek inn verda rundt seg og som kan gje av seg sjølv til verda, til sine medskapningar, til sine medmenneske.

Noko av menneskets ulykke, ei frukt av fallet, ein del av vår felles lagnad, er at vi stengjer oss. Vi blir autistar, lukka inne i vår eiga vesle verd, vårt eige fengsel.

Mennesket er skapt til å vere ope mot Gud, til å ta i mot dei store orda om livet, til å seie: Herre, tal, tenaren din høyrer! Mennesket er skapt til å lovprise og be. Mennesket er ikkje berre, eller fyrst og fremst, ’homo sapiens’, men homo orans, det bedande mennesket, homo adorans, det tilbedande og takkande mennesket! ”Jag vill tacka” ikkje berre ”livet”, men Gud, min Far, min Skapar, mitt Opphav!

Men vi er også skapte til å lytte til dei andre, til naturen og skaparverket rundt oss; suset frå bylgjene og skogen, bruset frå alt og alle som omgjev oss. Vi skal framfor alt lytte til mennesket, til våre brør og systre. Lytte til deira tale, deira klage og deira glede, til deira visdom, til deira  kultur og samfunnserfaring. Ta inn heile røyndomen i den menneskelege familien, lytte til fortida, lytte til samtida, ja, lytte til framtida, når det er fare på ferde, når det er von å spore.

Og vi skal meddele oss til kvarandre, ærleg, ope, tydeleg!

Kjære vener! Dei tragiske hendingane vi minnest i dag, den 11. September, seier oss noko om ei lukka verd; ei verd der aggresjon og forbitring lagrar seg opp heilt til det, så å seie, sprengjer seg veg. Demningar som brest, ja, tårn som styrtar… Ulike delar av verda som ikkje lenger forstår kvarandre eller deler med kvarandre, lid eit felles nederlag.  Dei vestlege landa, representerte ved USA, hadde kanskje kome i skade for å sjå seg sjølve som den altomfattande og dominerande sivilisasjonen, med si tru – og med si vantru, sin religion og sin sekularisme, ja ateisme – med si militærmakt og si finansmakt. Vi har oversett og overhøyrt dei andre, eller: ikkje sett, ikkje høyrt, ikkje vore på talefot med. Lukka inne i vår eiga verd. Ein stor del av den øvrige verda har kjent seg makteslaus, frustert, utnytta, nedvurdert. Over lang tid.

Kjære vener; vi treng å ta inn det messianske, ja, det guddomlege Effata! Ordet som opnar. Det opnande underet. Ja, kanskje er det eit under som må til, i denne tilsynelatande så fastlåste verda. Ikkje eit under i staden for vår vilje og innsats, men eit under som gjer at vona og viljen til det gode ikkje går til grunne i panikk og kynisme!

Effata! Opn deg opp, Europa og Amerika, for dei andre, for deira tru og deira liv!

-Effata! Opn deg opp, du som er frå andre verdsdelar, slik at alle kan innsjå at vi lever i fridomens tid. Det går ingen veg tilbake til tider og samfunnsformer der alle er like, ingen veg tilbake til einskapskulturane og einskapssamfunna – det vere seg kristne, muslimske eller sekulartistiske. Vi er her saman, under same tak. Vi må finne ut av det. Vi må greie å vende det til eit gode, til eit insitament, til noko skapande.  Ikkje ver så redd for dei andre! Har du tru på det du står for, vil det vinne gehør. Fri tilslutning til tru og livssyn er den einaste farbare vegen no. Så ver ikkje styrt av frykt og sinne. Terror er tenkt til å skape frykt – men terror og terrorisme er også skapt og næra av frykt, hos alle partar. Sjåvinisme og einspora nasjonalisme (der også tru og livssyn kan misbrukast) , saman med sosial urett, internasjonalt og nasjonalt, alle vår Babels-tårn av urettmessig rikdom og makt  – det er det som fyrst og fremst gjer verda til ein utrygg plass i dag. Å ta fatt i alt dette, er ikkje lett – men eg seier: Har vi noko val?

Brør og systre. I klosteret der eg lever til dagleg, opnar kvar dag med dei same orda, i tidebøna ved morgongry, etter den lange stilla gjennom kveld og natt, dei fyrste orda vi tar i vår munn: -Herre, løys mi tunge, så min munn kan forkynne din pris! Det betyr òg: -Herre, løys mi tunge så eg kan tale dei gode og sanne orda, Herre, opne mitt øyre, så eg kan høyre deg, og høyre dei andre!

Når Herren ser verda i dag, den 11. September, trur eg han sukkar djupt, og seier: Effata! Opn deg opp!

Og eg seier:

O Gud, all godhets giver: Kom, /ta bolig i vår fattigdom!

09
Sep
11

officium: fredag, 23. vike i det allmenne året, klagesongane 3,1-33 (matutin)

«Han stengde mine vegar med tilhoggen stein…» (v 9)

Kven? Gud. Gud gjorde seg til profetens motstandar. Pressa han. Hindra han. Heldt han i nakken. Men profeten held fast, sjølv om han skrik, for han kan ikkje stikke, han må la slåsskampen gå sin gang. Kjenne at han toler det, så vidt. Slik blir han kjend med sin veikskap og sin styrke. Og han veit: «Herren er min lut, difor vonar eg på han» (v24).

Gud er min lagnad. Som ryttaren på hesteryggen, held eg meg fast sjølv i villaste trav. Let meg ikkje slengje av. Heng med. Til det roar seg. Og stengde vegar opnar seg.

08
Sep
11

officium: festen for marias fødsel, 1 Mos 3, 9-20 (matutin)

«Fiendskap vil eg setja mellom deg og kvinna, mellom ditt avkom og hennar ætt» (v 15)

I den bibelske forteljinga medverka Eva til fallet åt dei fyrste menneska. Men ho er òg med -som kvinne og som mor – i Guds frelsesplan. «Hennar ætt» tolkar den hl Paulus nettopp om Frelsaren, Jesus Messsias, og han er Freistarens fiende og overvinnar. Kvinna er ein typos (førebilete) på kyrkja, og på Maria som føder Guds Son til verda.

Difor feirar kyrkja Maria. Ho vart Guds reidskap, ho er vår mor, ho er kyrkja si mor. Ho er den nye Eva som var lydig og open der den fyrste Eva var ulydig. Maria sa: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt» (Luk1,38).

Det var døra som opna for Gud inn i verda, inn til mennesket, slik at Frelsaren kunne fødast. Også i vårt personlege liv er det dette som er vegen til Gud. Å seie: -Lat det gå meg som du har sagt.

Det kan vere ei bøn for denne dagen.

 

07
Sep
11

officium: onsdag, 23. vike i det allmenne året, hab 2, 5-20 (matutin)

«Rikdomen skal svikta den stolte, han skal ikkje nå sitt mål» (v 5)

Ofte blir det sagt at Det gamle testamentet har eit meir positvt syn på materiell rikdom enn det vi møter i Det nye. Det er rett forsåvidt som det materielle er godt fordi det er skapt av Gud, og fordi Det nye testamentet er meir tydeleg eskatologisk retta; endetida og det komande Guds-riket relativiserer det jordiske og dennesidige.

Likevel: Profetane er svært kritiske til rikdomen – som ei freisting til hovmod og gudløyse, og som eit resultat av sosial urett. Habakuk ser korleis mange synder fylgjer den rike: Vald, utukt, mishandling av dyr og avgudsdyrking.

Det er «kunnskap om Herrens herlegdom» som er det eigentlege gode og som ein dag skal fylle jorda, «liksom vatnet dekkjer havsens botn» (v 14)

06
Sep
11

officium: tysdag, 23. vike i det allmenne året, Habakuk 1,1- 2,4 (matutin)

«For synet ventar på si tid, det jagar mot enden og slår ikkje feil» (2,3)

Det profetiske ordet er ikkje statisk. Det skaper historie. Ja, historia er Guds ords veg gjennom tida, gjennom verda. Med kraft og framdrift; eit «jagande» ord.

Mennesket er kalla til å vake, vente, speide. Gud har alt lagt ut dei store linene i sin plan, i dei heilage Skriftene. Profetiske røyster, kyrkja si stadige tillemping av Ordet i forkynninga, den truande sitt vitnemål i ulike situasjonar – gjennom alt kan vi ane Gud korleis styrer soga og verda fram mot sitt mål: Nyskaping og frelse.

Livet ditt er ein del av dette; du går ikkje rundt i ring, du er på veg; noko av Guds plan, Guds ord,  blir verkeleggjord i dag. Er du med?

 

 

05
Sep
11

officium: måndag, 23. vike i det allmenne året, jer 42,1-16; 43,4-7 (matutin)

«Dersom de vert verande her i landet, vil eg byggja dykk opp at og ikkje riva ned, planta dykk og ikkje rykkja opp» (42,9)

Det var freistande for dei som var att i Juda å røme til Egypt for å sleppe bortføring til Babylon. Men Jeremia rår dei til å bli verande, i tillit til Guds makt og hjelp.

Stundom er den mest radikale løysinga den minst trufaste. Det kan verke dristig og modig, men er eigentleg meir eit uttrykk for sjølvvalt overmod enn for Guds-tillit. Våre storslåtte planar, stundom i trua sitt namn, kjem i vegen for Guds vegar. Å tru, er å vente på Gud. Audmjukt.




kategoriar