Arkiv for juli 2010

31
Jul
10

carpe diem: til oslo via sunnmøre

«Systra kafé», Sjøholt. Her har eg site mange gonger og venta på busskorrespondanse innover Storfjorden. Mørelina-bussen frå Trondheim kom nettopp og eg med den. Tok laust frå Nidaros Pilgrimsgard (der vi har overnatta sidan den 28.) litt før klokka ni, og nådde bussavgangen klokka kvart over ni. 

Eg må vere ein enkel sjel – for eg synst at ei vanleg laurdagsreise med buss gjennom norske landskap er ei stor oppleving. Inn langs fjorden til Orkanger, opp til Meldal, over til Rindal og ned Surnadalen, ut til Halsa og over fjorden til Kanestraumen, vidare over Gjemnesbrua (Krifast), forbi Batnfjordsøra, over til Kleive og Molde, så over ny fjord  til Vestnes, så hit. 

Våningshus og driftsbygningar, kornåkrar og eng, skogkledde åsar, og når du etterkvart kjem til Nordmøre, reiser tunge fjell seg over og bak idyllane og dei breie jordbryksbygdene. Dei nordmørske fjordane er store og opne og sender angen av hav langt inn i landet.  Her reiser eg, omslutta av alt dette. Og no kjem neste buss… Stranda neste.

29
Jul
10

carpe diem: i mål

Norske vêrmeldingar er heldigvis ikkje pålitelege for tida; i dag skulle det vere grått, men sola og varmen er på topp Olsok-nivå her i Nidaros. I går ettermiddag gjekk vi frå Sverresborg (museet), ned over Feginsbrekka og innover Ila til Kristkyrkja (Nidarosdomen). Fremst gjekk Emmanuel, asylsøkjaren frå Nigeria, med prosesjonskrusifikset høgt heva, og Paul med røykjelsen. Som i antikkens keisarlege sigerstog, brukar kyrkja røykjelse også for å proklamere si apostoliske sigersferd gjennom verda, slik den hl Paulus skriv:

Gud vere takk, som i Kristus alltid fører oss fram i triumftog og ved oss spreier angen av kunnskapen om han på kvar stad.  For vi er Kristi gode ange for Gud mellom dei som blir frelste, og mellom dei som går fortapt; ein ange av død til død for dei som går fortapt, ein ange av liv til liv for dei som blir frelste.

Som katolske pilgrimar kjende det vi det som eit kall og eit privilegium å kunne toge inn som ei forkynning av Kristus for alle vi møtte på vegen og for heile byen. Den moderne urbane røyndomen fortrengjer Kristus og Guds rike, demonane er mange med all si prakt og alle sine distraksjonar. Ved songen, bøna og symbola ville vi hevde Kristi velde i verda. Krossen fremst er sigersfana, som vi òg kjenner frå antikken, særleg i dei keisarlege orda: In hoc signo vinces!  Ved dette merkje skal du sigre!

Vi gjekk syngjande opp Munkegata mot Domen og svinga inn framfor den vanlege inngangen på sørsida av kyrkja. Det var lang kø for billettkjøp til kveldens arrangement, på sett og vis ein kontrast til det Olsok eigentleg er.  Nettopp difor song vi : «Navnet Jesus blekner aldri», «Jesus, du er Konge midt i blant oss «!  Og sjølvsagt trur vi at den hl Olav, nettopp  i Kristus, er vår forbedar i himlen, slik at vi for oss sjølve, for kyrkja og alle truande, for nasjonen og samfunnet kunne også kunne syngje: «Be for oss, hellig Olav, Norges evige konge//Du som kristnet forlk og land, Kristi tjener, kong Olav..!»  Den mellomalderske kongen var ikkje ein absolutt  monark, men ein kristen lekmann, forplikta av Kristus og til å tene folket og fremje retten, særleg for dei svake- med det bibelske, messianske kongedømet som førebilete.  Alle truande er døypte og ferma (salva) til å vere kongar, prestar og profetar i verda. 

Så var det Olavs-vesper i St Olav kyrkje rett over vegen. Deretter innlosjering på den nye pilgrimsgarden, like aust for Domen, ned mot Nidelva. På flatseng og i rekkje og i rad. Ein svært vakker og fredfull plass (skjønt nokre fleire dusjar for litt møkkete pilgrimar hadde gjort seg)! I dag tidleg deltok vi i den katolske høgmessa i Nidarosdomen. Ei s k pontifikalmesse (høgtidleg messe leia av biskop) med fire biskopar; ein dansk, to norske og ein rumensk. Heile høgkoret i Domen var sprengfullt, og det klokka 0800 om morgonen.

Den katolske olsokfeiringa må vere med å halde oppe det sentrale innhaldet i denne høgtida: Kallet til heile det norske folket, til høg og låg, om å bli Jesu Kristi etterfylgjarar.

28
Jul
10

carpe diem: rennebu

Sol og lett luft over Langklopp gard der vi er no! Vi er på ein fjellgard; det kjennest på luftdraget, og du ser det når du kikkar opp mot skoggrensa -som ikkje er så langt unna. Her på garden er det 22 kyr, og over 50 hestar på sommartid. Her er det folk som går på rideskule og altså ei gruppe katolske pilegrimar.

I går ettermiddag kom vi hit etter ein lang marsj på landeveg i vakkert landskap, oppe i lia frå Oppdal og nordover. Det røynde på fotblada etter asfaltmarsjen i går, men det heldt. Her på Langklopp er det godt å vere; vask, kvile, vesper, messe og kveldsmat. Nokre hoppa i den oppvarma badestampen på tunet og fekk mjuka opp stive føter og bein. Himlen var klår og månen full over fjellbygda. Ute på snora hang kutta som hadde hatt ein runde i vaskemaskinen for å bli presentabel til Olsok.

Og i dag vakna vi til heilt skyfri himmel; må berre seie det som det er, sjølv om det høyrest ut som ein skulestil. Frukost, berre sitje på tunet, ta ein rusletur. Det fine med Langklopp er den frie og upretensiøse stemninga. Enkle tilhøve, men stor omtanke frå husmora som driv staden saman med nokre hjelparar. Ein verkeleg fristad og kvileplass! 

I to-tida blir vi køyrde inn til byen og går ned frå Sverresborg (museet) over Feginsbrekka, inn til Olavs-vesperen i den katolske soknekyrkja. Men fyrst skal vi gå tre gonger rundt Domen og syngje lovsongar. Så er vi framme!

26
Jul
10

carpe diem: oppdal

Lang oppstiging på Vårstigen i går – og inn på fagre fjell i SørTrøndelag; dei vide utsyna, dei lav-grøne, slakke fjellsidene; langt i vest  Trollheimen, langt i aust Østerdalane. Langsamt svingar vegen ned i Vinsterdalen og vi kjem til pilgrimsrefugiet på Ryphusan, innreia i setrelåven, og i tillegg får vi låne det gamle selet. 

Her er det godt å vere. Ein støl på andre sida av elva er i drift, og vi får ei skål ekte rjome som venskapsteikn! Sveitte og litt støle kjem vi fram, og sjølsagt legg eg meg avkledd og langflat i den iskalde setreelva som renn gjennom dalen. Herleg. 🙂 

Fin distanse i dag, 25 km, ned Vinsterdalen – og så inn til Oppdal langs E6en (den gamle vegen er ein omveg); stress med biltrafikken, men kulturlandskapet er vakkert. Å kome ned til bygda etter dagar i fjellet, er ei eiga oppleving. Strålande julivêr, den store, fulle sommaren med djupgrøne marker og åkrar og ein gyllen glans over skogen og i den varmblå himmelen. 

Til Rennebu i morgon.

25
Jul
10

carpe diem: Vårstigen

I dag har vi feira høgmesse på festen for den hl Jakob apostel, her  i Eysteinskyrkja på Dovre. St Jakob (den eldre) var den fyrste martyren blant apostlane – og er dessutan alle pilgrimars vernehelgen. No pakkar vi sekkene og tar opp Vårstigen til Ryphusan, inn på fjellet. Blir der i natt. Til Oppdal i morgon. Så no blir det ikkje noko blogg å lese før vi kjem dit. 

Veret er vakkert og forma er god! Snart er vi nordafjells…

24
Jul
10

carpe diem: Dovre

Her sit eg på Hageseter truristhytte, like før Hjerkin. Vi kom nettopp inn pilgrimsleia frå Fokkstugu og Furuhaugli. Godt med ein rast her før vi labbar i mål på Hjerkin. Vi tok ein ekstra sving oppom Midhø og tok unnabakken ned til Avsjøseter. Som faktisk er seter for Tofte i Dovre. Store dimensjonar over alt  i Gudbrandsdalen; lange setrevegar og store setergrender.  

Langs Avsjøen er det fint å gå. Småbylgjene skvalar mot stranda og friskar opp sinnet. Nokre myrar å forsere, men stort sett lett på marsj på morenekanten. Frampå ei bryn ser vi ned til Hageseter, svingen sørover mot Folldal og rundt fjellkanten til Hjerkin. Her rastar vi og syng Non. Vel nede på turisthyttaer det fint med pause og resten av nista. Lufta er lun og sommarleg. Meir lettskya vêr i dag. Kanskje blir det fint i morgon også. Då skal vi feire tidleg høgmesse i Eysteinskyrkja. Neste etappe er Vårstigen inn til den enkle turisthytta Ryphusan i Oppdals- fjella.

23
Jul
10

carpe diem: sol, sol… og valfart

Macen er med i sekken – fordi eg skal jobbe på han i Trondheim når eg kjem så langt. Så no har eg bore han opp Hardbakken frå Budsjord i Dovre, via Fokkstugu og hit til Furuhaugli. Her er det, som de skjønar, nettsamband. 

Ein fantastisk dag har det vore! I går kveld klårna det opp  med stålblå himmel og natt-temperatur ned mot null. Eg blei henta på Dombås, dei andre kom  frå Oslo. På garden Budsjord  langt ope i lia, like ved Tofte gard, tek dei mot pilgrimar. Her vanka det rjomegraut – sjølsagt – og vi innlosjerte oss i dei gamle husa. Etter bibelmeditasjon og Kompletorium (kveldsbøn)senka freden seg etter kvart. 

Laudes (morgonbøn) og messe i dag tidleg, frukost, pakking og avmarsj. Strålande sol, høgsommarljos over fjellet. Dovre, som er Fjellet med stor F. Det vide utsynet, høene, myrane, Snøhetta som eit eventyrfjell i nordvest. Berre å ta det inn. Dvergbjørk og vier der stien snor seg fram. Vieren, med sine blågrøne, fyldige blad  i krullar og kratt  – sterk, seig og mjuk.  Eit tre å vere ven med..  Ein frisk fjellbekk er aldri langt unna.

På Fokkstugu har dei skapt ein ny profil, ein verkeleg pilgrims- og retrettgard, endå under etablering. Der song vi Non (ettermiddagsbøn), bad Angelus og rasta. Opp i lia, over skog-grensa, bortover under høene og ned til Furuhaugli. Ei sæter som no er utbygd med rom og hytter. Vi syng Vesper  (aftansongen) ute i solljoset. Middag – og snart ny bibeltime som br Haavar Simon (dominikanarbror) skal halde. Før kveldsbøn og nedroing til natta.  Vidare til Hjerkin i morgon.

22
Jul
10

Carpe diem: regn, regn… og no valfart

Fine dagar på Løvsøya med bror, syster og svigerinne i leigd hus; tur i fjøre og fjell dei fyrste dagane – og så kom regnet! Eit kjempelågtrykk som senka Vestlandet ned i skodde og vatn. Tre samfulle dagar og netter! 

I dag: pakke, bli køyrd til Moa/Ålesund, buss og tog til Dombås og så bli henta opp til Budsjord der vi tek laust på valfarten over Dovre i morgon. Skal vere i Trondhein til Olsok. Meir om dette! Be om godvêr for ca 20 unge og leiarar… Vale, vale!

19
Jul
10

carpe diem: å hjul med din glede v

 

Terminus. Løvsøya (Lepsøya) i Haram. I går tok eg ut frå Tjørvåg i Herøy, inn til Ulsteinvik, over eidet, Hareidet, til – Hareid. Raskt innom ein god ven frå ungdomstida, Arild Grimstad; lærar, songar, anvareleg for det lokale kulturarrangementet «Hareidstemna» –  og mykje anna som er typisk for mine vener  på desse kantar. Det var mange fleire som eg gjerne skulle sett innom en passent, men det må eg ha til gode.,

For eg måtte nå snøggbåten Hareid- Ålesund som korresponderte så vidt med båten Ålesund – Hamnsund. Eg nådde begge to, og då var det berre å sykle innover og nordover forbi Gamlem og langs Hildrestranda til Synnaland, så å seie innkøyrsla til Brattvåg. Her budde eg dei fyste sju åra av livet  mitt. Folket i garden var på hytta, men ikkje noko problem å låne lykjel og seng så eg fekk logi for natta. 

I dag var det litt tilbake langs den same stranda, til ferjestaden Skjelten – og så ut på øya her. Ei av øyane i Haram, som sagt; dei ligg høgtidleg på rekkje og rad, med grøne, breie strandflater og fjellet som panne eller nase ut mot storhavet.   Stadig same vêret, skiftande, mykje sol, varm luft, men så mørknar det i skylaget, vinden pustar seg opp, nokre dropar – eller byger, i verste fall – så skin det av att og du kan sole deg i léveggen.

Eg fann fram til huset som syster mi skal leige i ferien, og fekk alle nødvendinge instruksjonar av eigarfamilen. Veldig kjekke folk! Vi har fleire felles kjende, synte det seg. Eg roa meg litt, og sykla så ut til Rønstad, på sørsida av øya. Her kjem storhavet rett inn. Det går ei merka løype langs heile den ytre kystlina her, mellom fjellveggane og storfjøra; har gått der mange gonger. Gjekk no så langt vest at eg runda neset og såg nordetter. Dønningen veltar inn og bråkar mot svaberga, eit skip går ut den ytre leia, havet glitrar  og skifter lèt ettersom sommarskyene driv på himlen med litt regn på slep. 

Her kan du rope. Å be er å rope. Å lufte skikkeleg ut. Ofte ligg det vi treng å  be om, og mugnar fordi vi ikkje opnar skikkeleg opp. Gud tek i mot det vi gjev frå oss. For å få gjeve det skikkeleg, må vi ta røysta til hjelp. Full røyst. Så Den Allmektige skjønar at vi meiner alvor.Då blir det stille i deg. Då kan du vente. Då kan du gå roleg heimover.

16
Jul
10

carpe diem: å hjul med din glede IV

Eg kom meg heil-, men våtskinna frå Runde. Mens eg sat på Miljsøsenteret, tjukna det alvorleg til, som det gjerne gjer når det er lummert sunnavêr, og det tok laust med toreskrall og styrtregn. Det letna såpass at eg heiv meg avgarde, men måtte hykje meg inn på eit buss-skur på Remøya. Forsynet kunne ikkje plassert det betre. Regnet for forbi og himlen blåna igjen, også typisk for dette vêrlaget. Skulle handle litt mat til kvelden, men ingen butikkar korkje på Remøya elller Leinøya sjølv om det bur tett med folk der, så eg måtte ta ein omveg til Coop- Eggesbønes. 

Vel tilbake i huset på Bølandet, blei det ein roleg kveld med boka i fanget. Skal kome tilbake til denne lektyren; ei bok av Hans Urs von Balthazar om den franske forfattaren Bernanos (vonar eg stavar det rett no..), Det blei seint.

Nydeleg vêr i dag tidleg og eg fekk ei stille økt på verandaen.  Rydda, pakka saman og sykla. Til Herøy gard. skal kome tilbake seinare  til dette. No er eg i Tjørvåg, Indre Herøy… [vart avbroten her, nokon som ville prate litt, framhald fylgjer…]

Herøy gard – ein gamal  handelsstad. Her på Herøya, ei lita øy midt i skipsleia, låg den opphavlege kyrkjestaden i Herøy. Fyrst ei mellomaldersk steinkyrkje som dessverre vart riven, og så ei 1800-tals trekyrkje; grunnmuren er bygd av den nedbrotne  mellomalderkyrkja og no er det berre denne muren som stend att. Det var lenge snakk om å byggje oppatt den fyrste kyrkja, men ein har i alle fall markert plassen og omrisset og sett opp eit lite altar i det som var koret. Altarplata er den opphavlege, eg såg relikviegøymet midt på. Relikvien blei nok raskt fjerna ved reformasjonen, no var det berre holrommet att, fyllt med regnvatn.   

Eg bøygde meg og kyssa altarsteinen, slik katolske prestar alltid gjer ved byrjinga av messa, dersom altaret er vigsla og har ein relikvie. Her er det ingen no, men det har vore, og gjennom hundreåra har Kristi lekam  vore framboren og motteken her . Som Jakob sa då han hadde slåss med engelen: «Sanneleg, her er Guds hus, her porten til himlen» (1 Mos 28,17).  Her har englar stige opp og ned og folket frå øyane og fastlandet i kring har halde høgtid med dei og med «han som tronar over kjerubane».  Gud og fiskarbøndene – det er kortversjonen av historia på denne staden. 

Det er så stille her ute. Englar er her. Ein plass å  be. Slik blei denne delen av turen ei pilgrimsferd. Eller rettare: Vitjinga her gjer heile reisa til pilgrimsferd. Og ei pilgrimsferd gjer du for å be. For å hente inn alt det som utgjer livet ditt: Alle dine vener gjennom alle åra, alle som reknar med dine forbøner, alt du arbeider med og har ansvar  for, alt du er redd for, alt du vonar på – og, ikkje minst, alt det du er. Kjenn etter no. Kom fram med det. No har du tid. Her er det plass. 

Også naturen og kulturlandskapet høyrer med i reisa mot Gud. Ikkje nødvendig med noko spesielt for å oppleve det; sjølve reisa, kroppen, vegen, vêret, menneska, sansane, tankane, pausane, måltida, boka, sykkelen… Skaparen er ditt mål og ditt reisefylgje. Alt du opplever, er ei påminning om noko som alltid er. Bak hovudbygningen på Herøy er det eit lite steinhus (ein gamal kjellar, tenkjer eg) som er  innreidd som eit stille rom, «Løynkammaret», har dei kalla det. Her såg ei antikvarisk bok som var lagt fram, forfatta av ein benediktinarmunk, Dom Alberto,  i 1645. Eg bladde litt. Innleiingskapitlet opnar slik, omsett frå latin: «Det mest verdige gjeremål er å tenkje over verda slik ho er», consideratio mundi. Fordi røyndomen er Guds spor. 

Å tenkje over verda – som Guds spor. Det er det eigentleg fascinerande med livet. Å skjerpe sporsansen, det er preikebrorens kall, trur eg.

Som sagt; hos vener i Tjørvåg i kveld. Vidare i morgon. Om Gud vil.

15
Jul
10

carpe diem: å hjul med din glede iii

Runde i dag. Akkurat no bryt sola gjennom, skjønt det har vore varmt og fint i heile dag. Kom til Leinøya/Bølandet i går. Losjerer i eit ledig sommarhus der, eit par netter. Kom dit ut på kvelden etter å ha trilla rundt det meste av Søre Sunnmøre. Frå Volda, ferje til Lauvstad, vidare via Rovde, Syvde, ferje Koparnes-Årvik, Larsnes, Drageskaret, Gursken, Gjerdsvika, Moltustranda og over Herøybrua. Ikkje noko regn før i går kveld og nokre dropar i dag tidleg. Mens det regna frå seg, sat eg turt i stova og las mi tjukke, medbrakte sommarbok.

Å sykle  gjennom bygdelaga og over øyane i Herøy, er ei reise gjennom nyrik velstand; store kataloghus og nesten like store garasjar, samt  hypermoderene båthus og hamner med ein armada av svære og raske fritidsbåtar. Her og der ruvar ein flott snurpar, eller helst linebåtar og trålarar, gjerne med eigne fabrikkanlegg. Her tener dei pengane, men like mykje med å byggje og bemanne supplyskip av supraste sort. Ulsteinvik (like her inne) og Fosnavåg (like her ute) er marine metropolar både når det gjeld produksjon og drift. Det både lyser og laver – som det står i eventyret. Hus og driftsbygninar frå før gullalderen, små femtiårshus og raude minilåvar overlever mellom dei nye bungalovane. Velhaldne, typisk nok;  som eit album over av ei tid som var. Men som òg har vore føresetnaden for velstanden no.

For dette er puritansk velstand; påkosta, men endå med fotfeste i det vanlege livet. Det ligg kulturelle verdiar i botn her, men vil dei overleve sin eigen suksess? Puritanske verdiar er gode, men for smale. Då er det lett å misse balansen.

Goksøyra og Runde er mest turisme; men av det lette, sympatiske slaget. Fotturistar, syklistar, camparar, fugle- og naturinteresserte. Sjølve Goksøy-garden (ei grend med med mange bruk/tun, blir etter gamalt kalla «garden», i alle fall på Sunnmøre), nørdst og lengst vest på Runde, opnar seg for deg når du svingar rundt ein hamar, som eit stykke Færøyane: Grønt, graskledd, bratt fjell; ein krans av hus langs stranda, kvit brenning innover steinfjørene og svaberga. Det kan vere stille sommarsadagen, men dei siste dagane har det blåse nordavind ute i havet. Så no bryt det.

Eg gjekk heilt ut på neset og fann ei skorte for meg sjølv. Stille og lunt på land – eit grønkvit koke av brottsjøar rett under meg. Her kan ein sitje. Her kan ein be. Her kan ein vere.

På kaféen her sit eg no, med Mac og nett. Syklar tilbake til Leinøya om litt.

13
Jul
10

carpe diem: Å hjul med din glede…

Eg sykla vidare. Berre éin time tok det opp (!) heile Bondalen, ned mot Vatne i Ørsta og til starten på Krøvelseid-vegen. Opp brattbakkane til sjølve eidet trakka eg meg på eitt kvarter. Ikkje verst. På trappa til sportskapellet Helgatun (det såg litt aude, attgrodd og forlatt ut no, sant å seie…) las eg vesper – og trilla ned til Volda sentrum og opp i Klokkarvegen 2. Der bur familien Werenskiold ( han jobbar på høgskulen, ho er lækjar) som eg kjenner frå Bergen der dei studerte i si tid. Døypte fyrste barnet deira. 

Lang og triveleg kveld med prat og diskusjon om Rolfs fagfelt: Mediehistorie. Kva makt har media? Korleis funkar det, eigentleg? Eg er  prima innlosjert i kjellarstova. Og no er det på tide å sove litt.

13
Jul
10

carpe diem: på to hjul igjen…

…nemleg på den nye sykkelen; den gamle tur-racaren min frå åttiåra er blitt for usikker  drift. Vêrmeldingane for i dag var ikkje lovande; kraftig regn i fylgje yr.no. Og då eg dro frå Stranda, sila det det ned, sant nok. Syskenbarn Pål (han med filmane «Villmnark» og «Skjult») køyrde meg gjennom dei for tida ekstra utrivlege tunnelane mellom Stranda og Hellesynt (vegarbeid og mørkt og fælt) – med rask stopp på Hellesylt, Coop, for å kjøpe ein lett regndress – og eit stykke opp i Nebbedalen/Norangsdalen. Heilt ok å få litt skyss i regnvêret.

Men så letta det, mens eg trilla ned Norangsdalen; regnskodda dreiv i dottar opp langs dei ramnesvarte fjellveggene. Irrgrøne skreder med grass oppover liene, smaragdgrøne fjellvatn som ei lekkje nedover dalen, kvite breflak heilt inn i vegen.  Nede på Øye, ved Norangfjorden, ei arm av Hjørundfjorden, rasta eg i fjordkanten. Blank fjord, svimlande toppar rundt deg, fossar i grasiøse, ekstremsport-aktige fall utover hamrar og avgrunnar. Dramatikk og stor fred på same tid.  På Leknes, forbi Urke lenger ut i fjorden, venta eg ein halvtime på ferja. Nordavinden stod inn fjorden, men her på Sæbø-kaia er det  lunt og det lettar stadig meir.  Gode meldingar for morgondagen! Opp Bondalen no, ned mot Ørsta, så snarvegen over Krøvelseidet og ned til Volda. Stoggar der i natt. 

Det luktar skikkeleg fjordakai her; litt sjø, litt tjøre, litt olje, litt eim frå nygjødsla marker fram i bygda. Her er til og med bakeri med kaffi å varme seg på. Perfekt! Har med ei god bok som skal fortærast på turen. Om alt går godt og etter planen, blir det altså Volda, Syvde, Larsnes, Gursken, Herøy, Ulstein, Hareid, Ålesund – og så til Løvsøya ute i Haram.  Vi får sjå..

08
Jul
10

carpe diem: Håholmen…

…heiter plassen som  sunnmørs-eventyraren Ragnar Torseth bygde opp for nokre år sidan. Ein gamal handelsstad rett ut mot Hustadvika; ei omflødd, lita øy, berre tilgjengeeg med båt. No er det gjestehus og overnattingsplass, fem minutt med kjapp båt ut frå Atlanterhavsvegen.

Her er eg no. Har site lenge yttarst ute og sett sola gå ned, sett dei sommarlege regnbygene som bygg seg opp i sommarvarmen, drive forbi som skrå skuggar under kôlblå skyhattar  og gyllen himmel. Berre godvêret. Vi køyrde frå Drøna (sjå nedanfor), over Midøya og Otrøya, ferje over Julsundet, innover rundt Frænfjorden med sine breie bygder, stansa i solsteik på Bud og tok pause. På Bud heldt det norske riksrådet (dei som var att av adelen etter svartedauden, og elles biskopane i riket) eit av sine sine siste møte før reformasjonen og danskane tok over. På Riddarsalen som det er minne om enno. I dette fiskeværet og stormpunktet nordvest i Noreg. 

Vidare nordover langs Hustad-landet – med lyng og hamrar  uendeleg og flatt innover mot kystefjella som her reiser seg høge og markante. Ytst her er ute, på kanten av dette enorme myr- og lynglandskapet, har folk budd for det meste; nærast havet og fisken. Harde Hustadvika blir små idylliske vågar og hamner langs landet her. Ei bukt opnar seg mot sjølve Hustad som breier seg ut med vidt jordbruksland, kvite låner (bustadhusa) og store, raude driftsbygningar. Grønt, grønt, med vaiande gras heilt ned i havsanden. 

Forbi Vevang, nørdst på denne store halvøya – og no er vi på Nordmøre. Herfrå slangar det dristige veganlegget (Atlanterhavsvegen) seg over holmar og små øyar, med bruspenn og fyllingar over eit ope havstykke, til det når land på Averøya.Derfrå går  det vidare mot Kristiansund.

Men vèl midt på strekka er det kai for båten ut til Håholmen. Den tok vi.

Det er enno ljost i skrivande stund. Kunne site der ute heile natta. Berre sett, lytta, grunna. Stilt hav, men eg ser høg sprut av brenning lenger ute, det bryt mot dei usynlege skjera og båane. Blank natt.  Ein av regnskurane vaska meg i håret, med store sommardropar; berre fem  minutt, så for han vidare.

Best å sove litt.

08
Jul
10

carpe diem: på tur

Go’morn! Nydeleg vêr på Møre i dag – og eg er på ein tur med mor mi (87) som òg treng litt ferie. Ho stiller med bil (Subaru); har fått sertifikat dette året også, men i dag er eg sjåfør. Vi dro frå Stranda, over Storfjorden og ut til Brattvåg. Sit  no på ferja over til Drøna og skal etterkvart finne Atlanterhavsvegen med stopp på Håholmen i kveld.

Det er sommar over landet her, med varme vindar, skimrande hav ute i vest, djupgrøne fjellsider heilt til tops, berre brote av kolsvart norsk grunnfjell. Innover opnar Moldefjorden seg, sør og ut er det øyane i Haram.  Her ute vaks eg opp dei sju fyste åra mine og sidan nesten alle somrar. Heimlandet Barndom på sitt finaste i dag. À propos: vi skal passere Fræna og Hoem; det barndomslandet Edvard Hoem skildra i si beste (meiner eg) bok.  Meir i  kveld…

07
Jul
10

officium: onsdag, 14. vike i det allmenne året, 2 sam 24 (matutin)

«Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand. For hans miskunn er stor» (v  14)

David innsåg si synd; mistilliten han synte Gud ved å halde folketeljing og dermed lite mest på reint  menneskelege resursar. Han innsåg òg at det måtte få konsekvensar. Men han visste  samstundes at Guds er rettferdig og miskunsam; menneskeleg hemn kan vere vilkårleg og omsynslaus. 

Vi må ta imot tukt når vi har fortent det. Sjølv når det gjer vondt, skal vi vite at Gud ikkje sluttar å elske oss og at alt endar vel når vi overgjev oss til han.

05
Jul
10

carpe diem: stranda

Rundreisa med biskopen er gjennomført. Sundag var det meldt regn, men dagen rann opp med sol. Etter oppbrot frå Leinøya/Bølandet (Herøy), køyrde vi biskopen til snøggbåten på Hareid med retning Vigra og Ålesund lufthamn. Vi andre tre dro under fjorden frå Hareid-landet (Eiksund-sambandet) til Ørsta  og Volda, til Sæbø og Hjørundfjorden, tok ferja til Leknes, pausa på Øye, for vidare gjennom ville Norangsdalen ned til Hellesylt. Derfrå tok Oslo-fararane den lange ferjeturen inn Geirangerfjorden og stakk nasen austover. Mens eg venta på buss til Stranda, eit par,tre mil unna.

No er eg her. No er det fjell og sykling, slekt og vener. Og litt blogging innimellom.

05
Jul
10

Officium: måndag, 14. vike i det allmenne året, 2 Sam 15-16 (matutin)

«Kanskje Herren ser til meg i mi naud» (16,12)

Absolon gjer opprør mot sin eigen far, og vil rane til seg kongsmakta. Sterk og vakker, høgt elska av David, men heilt forblinda av sine ambisjonar. Davids fiendar ser krisa og kjenner seg ovanpå; no kan dei ause ut si forbtring og sitt hat. Sjimi, son til Gera, forbannar kongen med sterke ord. Men David lét han halde på. Grip ikkje inn. Han tek mot forbanninga som ei audmjuking frå Gud. 

Men han gjev ikkje opp tilliten til at Gud skal ta seg av han. David trur ikkje berre på Guds vilje, men også på Guds godvilje. Midt i fornedringa.  Han let ikkje  Gud gløyme sine lovnader.

Så audmjukt og så trassig er Guds menneske.

03
Jul
10

carpe diem: selje!

Pax! I dag er den biskoppelege vestlandsferda komen til Selje. VI har feira messe (for St Thomas apostel) i den gamle steinkyrkja i Åheim, St Jetmund – og no er det ein liten matpause her på Selje før vi gek båten ut til den heilage øya, til Selja. Vêret er strålande,  med sol, lette  sommaskyer og fleire og rjue varmegrader. Vakrare kan det ikkje bli!

I går var det også lummert, men meir skya. Vi så Herøyspelet, «Kongens ring», om kvelden, på den gamle kyrkjestaden, sjølve Herøya, midt i skipsleia. Blnading av amatørar og proffar – veldig bra! Musikk, kor, solistar, skodespelarar; alle var topp. Skodesepelarane hadde ei speleglede og eit trøkk som ein faktisk sjelden opplever på instistitusjonsteatra. Fordi dei identifiserer seg med storyen, trur eg. Det handlar om kristningsverket og konfrontasjonen mellom heidenskap og kristendom, i lokal tapning. Heilt klår kristen profil. Verkeleg forkynning, faktisk. Heilag-Olav var framstilt med stor sympati og innleving. Her låg heile den katolske oppfatninga av ein helgen til grunn, kanskje unmedvite, eller heller som noko sjølsagt. Han  var brutal nok, men samstundes den som står for lov og rett og som er innvigd til Kristus. Sterk – og sterkt spela – er scena der den Møre-Karl  møter Kristi kraft gjennom kongen, som står våpenlaus framfor han, og let heidenskapen fare. Det er tydleg å merke på publikum at, tras alll sekularisering, er det kristendomen som sit i folket her vest, som struktur i tankegang og livskjensle.

No går båten ut til Selja, eg må sku de meg…

02
Jul
10

carpe diem: Runde!

Her er eg, saman med biskop Bernt (Eidsvig), Sindre Bostad og Bjørn Øiulfstad – vi er er  eit lite fylgje som visiterer Sunnmøre, biskop Eidsvigs ættejord. Vi har vore i Ålesund, i sjølve EidsvikV vidare på Longva ute i Haram – på Haram var vi innom den gamle kyrkjegarden der stavkyrkja låg, og forbi Anfinngarden der eg stammar frå. Strålande sol i går, vi sat utanfor naustdøra på Longva, med solnedgangen rett vest. 

I dag er det varmt og stille, 20 grader her ute yttarst i havgapet, og skal labbe opp på Rundebranden, ut mot fulglefjellet. I kveld er det «Hærøyspelet», «Kongens Ring» på den vakre friluftsscena med utsyn sørover Flåværleia mot Stadthavet. Referat og melding skal kome etterkvart. Og altså: her på det nybygde Miljøsenteret er det både mat å få og nett å koble til. 

Noreg er større enn Akersveien! Herleg å vere heime!




kategoriar