Arkiv for desember 2008

31
Des
08

poetica: NYTTÅR

NYTTÅR

Eit nytt år
la seg over det gamle

eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos
over berrfrost og skare
over alt livs
sprukne hud

det dreiv forbi
i ein augneblink av sanning
det berre kviskra over markene
sveva gjennom skogholta

la seg til ro
som ei uventa von
som ung nåde
over ei gamal jord

Reklame
31
Des
08

carpe diem: Nyttårsaftan -08

Mildvêr med tung himmel og snøslaps; slik er den siste dagen i året her i dei sunnmøske fjordbygdene. I går kveld blei det seint; i romjula treff ein slekta også og syskenbarn Pål (Øie) er på heimevitjing ikkje så langt unna i gannelaget her.

Han lagar film og er ein hovudmann bak grøssarfilmen ”Villmark” for nokre år sidan. No er ein ny film på trappene; ”Skjult” – også ein grøssar. Eg er beden til premieren i Oslo i vår. Vi hadde mykje å prate om, med ulike innfallsvinklar til den norske, kulturelle verda. Artig med slikt i juleferien…

Eg har ei kjensle av at dette årsskiftet får ein litt meir ettertenksam tone enn i fjor og mange år før. Vi har skjøna meir kor skjørt samfunnet er, at det finst grenser for mennesket. 2009 blir eit annleis år. Vansklegare  –  og opnare.

I morgon ved middagstid tar eg buss til Åndalsnes og går på ettermiddagstoget til Oslo. Om Gud vil.

31
Des
08

officium: 7. dag i juleoktaven/nyttårsaftan -08, Brevet til Kolossarane 2 (matutin)

”I han [Kristus] ligg alle skattar av visdom og kunnskap løynde”(v 3)

Kolossarbrevet er ein proklamasjon av Jesus Kristus som den universelle Frelsaren, Iesus Hominum Salvator, som det heiter i det gamle monogrammet (IHS). Ordet, Sonen, som vart kjøt. Guds uendelege visdom buande, tilgjengeleg, i eit menneske med kropp og sjel; ”i han bur heile guddomens fullnad lekamleg” (v 9). I det inkarnerte Ordet møtest Gud og menneske, møtest himmel og jord – difor vert alle ting forsona gjennom hans liv, død og oppstode; ”..ved han ville Gud forsona alle ting med seg” (1, 20).

I Kristus opnar perspektiva seg – Guds frelsesplan med Israel opnar seg til heile verda, alle søking etter vidsom og gudskjennskap vert oppfylt. I Kristus, Gud og menneske, har alle menneske og heile verda tilgang til dei djupaste løyndomane om skaparverket, om mennesket, om rett livsførsel, om frelse og forløysing. Alle spora og teikna som kan finnast i naturen og kulturen – i Kristus ser vi meininga og målet.

Med Guds Visdom i Kristus går vi inn ein ny tidsbolk. 2009 vil bli eit år då fleire vil spørje etter han.

29
Des
08

carpe diem: Romjulsdag i nordvest…

Byferda over. Eg sit og ventar på ferja tilbake til Aursneset. Derfrå tilbake til Stranda. Mildevêr i dag; skyer, men ikkje så tunge, med glimtar av blått innimellom. I går kveld var det lange samtalar med gamle vener, som i fjor. Vi gjekk ei kveldsvandring ytst ute på Tueneset (ved Ålesund>), ut mot Breisundet og havgapet. Gloraud solnedgang over Runde ute i vest. I det blåe mørkret som tetna rundt oss, lyste sørstjerna så tydleg og nært rett over ytste fjell-nova på Sula. Rolege dønningar slo sakte innover svaberga nedanfor oss. Vi var midt i eit maritimt julekort.

Og det var som alt sa: -Skjøn at ein epoke er over. Den kristne trua går ned over dette landet. Men ho skal stå opp att, som sola – i menneske som trur og vedkjenner, i eit fordjupa kristent liv.

I dag føremiddag drog eg utatt til Tueneset; sat lenge i ly av ein liten hamar. Ein romjuls-retrett for meg sjølv. Ein audiens hos Skaparen. Så mange å be for. Her er det tid og plass…

28
Des
08

carpe diem: Over fjordar…

«Kjærleikens ferjereise» (Hoem) er lang; helsing frå ferja over Storfjorden, frå Aursnes (Sykkylven) til Magerholm (på Ålesund-sida)… Rask bytur i dag. Ein fantastisk dag med sol over lett snøkledde Sunnmørs-alpar. Fjella skin som massivt gull i vintersola. Stille og rolege dagar på heimefronten.

À propos «fronten»: I går kveld såg eg ein TV-film med motiv frå fyrste verdskrigen. Tyske, franske og skotske soldatar som gjekk ut av skytargravene og «fraterniserte» på julekvelden. Filmen synte det absurde i krigens vesen – og ikkje minst det absurde i at det var kristne på båe sider av fronten. Pave Benedikt den 15. skjøna dette og engasjerte seg sterkt for fred i det dåtidige Europa.

Nett-tilgangen tillet ikkje lengre kommentar enn dette no, men eg kjem tilbake til denne probematikken. Som i høgste grad har å gjere med han vi feirar i Jula: Fredsfyrsten.

27
Des
08

officium: 27/12, St Johannes (apostel, evangelist)

I dag er det festen for apostelen/evangelisten Johannes. Det er han som frå oldkyrkja av har fått tilnamnet «teologen». Han er «ørna» – evangelisten med det høge synet. Han er «den læresveinen Jesus elska», som stod han særleg nær, som stod under krossen og var med «to the bitter end». Dette syner oss at «telologi» i den bibelske og kyrkjelege tradisjonen ikkje primært er ein akademisk-rasjonell disiplin, men ei kontemplativ gåve, gjeven av Gud. Det er skodinga, kjærleiken og erfaringa som gjev mennesket Guds-kjennskap, som gjer mennesket til teolog. I den nye pakta skal alle truande vere «lærte av Gud». Også fagteologen må leve i dette. I kjærleik og i bøn.

Teologi er mystikk; innsikt og deltaking i Krsisti mysterium, i løyndomen om Den treeinige Gud.

27
Des
08

carpe diem: Vestlandsk romjul…

… nesten snøfrie marker; naken, brunlilla bjørkeskog, mildt vêrlag som gjer fjorden mattgrå og skiftande. Mildvêret fyller lufta med lukter; sjø, jord, rotnande lauv. Sjølv om det er kvardag i bygda, er det ei slentrande stemning, eit slags limbo-tid, ei tid til berre å vere, utan nyttige føremål. Eg les vidare i Charles Taylor, får bedt mine tidebøner innimellom, tek det heilt med ro, skal køyre systra mi – som har vore på julevitjing – til Stryn, ein liten time unna, til expressbussen til Bergen.

Eg kom velberga til Stranda i går ettermiddag/kveld. Til vika blir det nok ein svipptur til Ålesund og nokre vener og kjenningar der. Fint å halde kontakt. Kanskje får eg ein glimt av havet. Skulle ynskje det blei skikkeleg storm, men det er vel mykje forlangt. «Lov Herren… du storm som set hans ord i verk» (Sal 148)!

26
Des
08

officium: 26/12, St Stefanus, protomartyr

Den hl Stefan vart kyrkja sin fyrste martyr (protomartyr). Han målbar den apostoliske trua, som såg at  templet og Sion ikkje var endepukt i Guds frelseshistorie. Jesus Messias er det eigentlege templet og den eigentlege Sion-berget.  Difor ser Stefanus ”himmelen open og Jesus stå ved Guds høgre hand” (Apgj 7,56).

Det er hjartet i den kristne trua, hjartet i Guds plan, hjartet i alt som er til, sentrum i kosmos: -Jesus ved Guds høgre hand.
Når det verkeleg vert vår tru, kan vi kanskje greie å halde fast på det også om vert sette på den yttarste prøva.

26
Des
08

carpe diem: Romjul på Sunnmøre; landfast på Sjøholt

I dag tidleg dro eg vestover frå Oslo S; komfortabel togtur opp gjennom Gudbrandsdalen og ned Romsdalen, som vanleg. Buss ut fjordar og bukter, over Ørskogfjellet, ned til Sjøholt ved Storfjorden. Her er det vanlegvis korrespondanse med éin gong inn til Liabygda og ferje derfrå dei siste ti minuttane til Stranda.

Vanlegvis. Men 2. Juledag er det sundagsruter (det skulle eg sjølsagt ha sjekka) – så no blir det eit par timar å vente her. På ”Systra” kafé med alt som skal til: kaffi og svele og trådlaus nett. Med slike universelle innretningar – særleg svelene – er det heilt OK å vente. Ting kan skrivast, bloggast, lagrast. Bøker kan lesast. I år har eg med ei tjukk bok av Charles Taylor (kanadisk, katolsk filosof): A Secular Age”. 800 sider (!) om framveksten av den vestlege moderniteten.

Personleg syns eg at slike bøker er meir spanande enn mykje av den notidige skjønnlitteraturen. Kanskje fordi han nettopp er prega av ”the secular age” med fråvere av det metafysiske, både ”det vonde” og ”det gode”? Kor interessant kan ei bok utan det bli? Har lova meg sjølv å lese Petersons ”Jeg forbanner tidens elv”, for å sjå om det er endring i sikte.

Moderniteten har – i ifylgje Taylor – skift ut det ’symbolske’/det sakrale i røyndomen med det ’instrumentalistiske’. ’Produksjon’ og økonomi dominerer den moderne levemåten. Dynamikken i dette er å fremje individualisme og fridom. Det er på mange måtar ein kristen dynamikk – men ikkje når det blir absoluttert. Individet høyrer saman med Gud og menneske på ein fundamental måte. Og fridomen må ha eit mål, eit innhald.

Korleis skal vi kunne gjenreise ein fellesskap utover det produktive og nyttige? Korleis skal vi gjenoppdage det som kjem etter fridomen? Dette er dei store utfordringane for eit samfunn som vårt.

Tenkjer eg, her eg sit ved kafébordet på Sjøholt. Det skymest ute. Det er heller ikkje snø til å lyse opp anna enn oppe i fjella.
Men det er fint å vere på heimlege trakter. Blir her til 1. Nyttårsdag. Meir etterkvart…

25
Des
08

homiletica: Julenatt-08, St Dominikus krk, Luk 2, 1-14

Kjære brør og systre!

I denne høgheilage natta feirar det mest underfulle av alle under: At Gud vert fødd som eit barn, så vi kan nærme oss han, sjå inn i hans augo, famne han, ta han inntil oss. I denne høgheilage natta feirar vi Guds ømleik, Guds kjærleik, Guds lengt etter oss!. Alt dette ser vi i Gude-barnet i krubba, som englane sa: ”Dette skal dere ha til tegn: Dere skal finne et barn, svøpt og liggende i en krybbe”!

Men dette barnet er nettopp eit teikn: det er Skrifta og profetiane sitt perspektiv: ”Sjå ei møy skal verta med barn og føde ein son og ho skal kalla han Immanuel ” (Jes 7)–altså: Gud med oss! Vi ser barnet, men ser vi at det er eit profetisk teikn, eit teikn på Guds frelse? Ved omskjeringa skulle dei gi han namnet Jesus – ”for han
skal frelsa folket sitt frå syndene deira” (Matt 1,21), står det.

Kjære Krist-trugne; ser vi barnet, men ikkje teiknet? Det
Er lett å bli ståande med barnet; men i ei kristen jul skal vi hugse det som er sagt om dette barnet, som vi høyrde det i den fyrste lesnaden: ”For et barn er oss født, en sønn er oss gitt. Herreveldet er lagt på hans skulder, og hans navn skal være: Underfull Rådgiver, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste. Så skal herreveldet bli stort og freden uten ende over Davids trone og hans kongerike” – det vil seie det messianske riket, Jesu Kristi verdsvide rike. Og vi syng: ”Natum videte/ Regem Angelorum”; Kom og sjå den nyfødde; han som er kongen over englane!

Mange har vanskar med å tru på Gud fordi han med si allmakt ikkje grip synleg inn mot all lidinga og alt det vonde i verda. Men Gud skal gripe inn, synleg og mektig. Barnet i Betlehem vart mann, gav sitt liv på krossen, braut ut av grava, sette seg ved Guds høgre hand, som betyr: klar til aksjon! Og han skal kome att, når alt er klart, når tida er inne, som vi høyrde i den andre lesnaden ”Vi ser fram til vårt salige håp, til den dag da vår store Gud og frelser Kristus Jesus skal stå fram i sin herlighet” !

Gud vil gripe inn i verda; men fyrst vil han gripe inn i menneska sitt liv; Gud vil endre verda, men fyrst vil han endre  meg! Det er difor han drøyer. Alt skal bli nytt: mennesket skal bli nytt, himlane og jorda skal bli nye. Dødens velde skal ta slutt. Difor lengtar kyrkja etter at det som tok til julenatt, skal fullbyrdast, skal bryte fram i all sin glans, ikkje berre over Betlehemsmarkene som den gongen, ”den fyrste gongen/ved natt over Davids by”, men over all verda. Difor ropar kyrkja som ho gjer i dei store antifonane i Adventstida: Å ,Visdom, Å Adonai, Å ,Jesse rot,  Å, Davids nykkel,  Å Oriens, Solrenning: Kom! Kom, Herre! Frels oss! Dryg ikkje lenger! Ha medynk med ditt folk!

Kjære bror og syser! Jorda er ikkje berre ei grønblå kule som rasar gjennom rommet, gjennom eit audsleg univers. Heile universet er i Guds tanke, i Guds hjarte, i Guds hand! Også denne vesle jorda, menneska sin heim. Og eg og du; vi er ikkje for små til at livet vårt har meining. Gud vart som oss. Gud har sett foten på jorda. Han skal kome til syne heilt og fullt.

Kjære bror og syster; evangeliet er det einaste verkelege haldepunktet i denne verda, i denne tida då så mange voner og forventingar går til grunne. Det er i ferd med å demre for mange – om dei berre kunne våge å innrømme det! Vi kjenner han som er Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste. Gud har gjesta oss. Han kom. Han kjem att. Han er her no!

For ”Jorden var aldri helt forlatt – en stjerne lyser i natt!”

25
Des
08

poetica: Jul (Fil 2, 1-11)

JUL

Incarnatus es pro nobis!
Eitt med Faderen frå æva,
alt du åtte,
alt du ofra.

Incarnatus es pro nobis!
Eitt med menneske her nede,
fødd som oss,
men rein og uskadd.

Incarnatus es pro nobis!
Tung var krossen,
djup var grava,
djupast elska du oss då.

Incarnatus es pro nobis!
Difor: Lovpris, exultate,
Namnet over alle namn!

24
Des
08

carpe diem: Høgtida for Kristi Fødsel (også kalla «jul») er her…

Eg skimtar stjernene på himlen, høgt over den snøfrie Oslo-jula. Det er stille ute i byen, stille i klosteret. Høgtida stille innleia med vesper. Dagen har elles vore som ein vanleg dag. Klosteromgangen, fortaug og kyrkjetrapper er feia. Nokon har sett opp eit par julenek. Den store julekrubba vart sett opp i kyrkja går, ved Maria-altaret. I natt skal Jesus leggjast i krubba. Under midnattsmessa. Missa in nocte.

Det er blitt heilt klårt for meg at den kristne julehøgtida, Krist-messe, er noko anna enn den ”norske” jula. Som er blitt ei etterkristen jul med mange restar og etterklangar av den kyrkjelege høgtida. Inkarnasjonen vart fyrst feira, ikkje som ’fødselsdag’, men som teofani, som Guds-openberring. Den fyrste og eigentlege julehøgtida er ”Epifania”, Kristi Openberringsdag, Heilagtrekongarsdag og sundagen etter: ”In Baptismate Domini”, festen for Jesu dåp.

Vi treng, utan tvil, eit forsterka fokus på Kristus for å feire ei verkeleg jul. Ja, om vi måtte overlate jamvel ordet ”jul” til den etterkristna kulturen, slik det eingong kom frå den førkristne – så skulle vi overleve det. Det ville truleg verke oppklårande.

Her er eg på cella mi. Skriv ned preika/homilien som eg skal halde i natt. Les litt. Opnar juleposten. Mediterer. Eit tid for bøn, også. Verda har trekt seg unna; folk eg kjenner, har dratt kvar til sitt. Ein avstand av fred. Skal gjere mitt juleskriftemål for fr Joseph frå Irland. Han har si celle rett ved sidan av her. Klokka 24 er det fullt i kyrkja. Opp med dørene! På med ljosa!

Vi skal feire den natta då Gud kom.

23
Des
08

officium: Tysdag 23. desember, Jes 51, 1-11 (matutin)

«Mi rettferd er nær, mi frelse er i kjømda» (v 5a)

Han kom. Gud var ikkje berre langt borte, han var ikkje berre ord og lovnader. Han kom, i eigen person, som ein av oss. Gud i krubba. Kan det verte meir påtakeleg`?

Men det var berre ein del av byrjinga. Han kom som barn, døydde som mann, stod opp som den Eine, den fyrste av mange. For det skal komne eit framhald. Han skal kome att, han skal gripe inn!

Kor mykje av avvisinga av Gud, av ateismen, kjem av at ein ikkje orkar å tru på ein allmektig Gud som er fråverande, passiv! Som truande har vi lett for å seie at Gud berre verkar ”indirekte”, gjennom sitt fyrste kome og så gjennom oss.

Det gjer han. Han vil vinne menneska innanfrå. Det tek tid. Det er ein del av Guds offer. Men: Han skal ein dag gripe inn på brei front! Synleg for alle. Mot urettferda, mot vondskapen.

Det er kristen tru. Det er kristen von. Det vesle barnet i krubba ” skal vera stor… og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans” (Luk 1, 32-33). ”Mine armar skal hjelpe folka til deira rett”! (v 5b).

På Adventens siste dag ropar vi: -Kom, Herre Jesus!

23
Des
08

officium II: 23. desember, «O Emmanuel»

Å, Emmanuel, du vår konge og vår lovgjevar, du frelsar som folka lengta etter! Kom og forløys oss, Herre vår Gud. Kom, Herre, frels oss! Dryg ikkje lenger!Ha medynk med ditt folk!

Her ser vi det igjen. Kristen tru handlar om meir enn Guds åndlege nærvere. Ho handlar om det alle lengtar etter. Det alle forventar av Gud, Skaparen: At han skal redde sitt skaparverk. Gjere alt godt.

Jul er at alt skal bli nytt. At alle voner skal oppfyllast. Som ei bylgje skal Guds rettferd skylje over verda.

Måtte det snart hende! Måtte vi alle vere budde til å ta i mot det. Ta i mot han. I barnet – og i Allherskaren.

22
Des
08

officium II: 22. desember, «O Rex gentium»

Å, Rex gentium, Å heimsens konge, alle nasjonar ventar deg med lengsle. Du er den hjørnesteinen som samlar alle til eitt. Forløys det falne mennesket som du har skapt av jorda! Kom, Herre, frels oss! Dryg ikkje lenger! Ha miskunn med ditt folk!

Alle nasjonar? Vi kjenner at dette hyllingsropet utfordrar vår tid, vårt folk. Opnar eit sår. Vi må våge å seie det: -Noreg, kvifor er det så mange som ikkje ventar deg med lengsle her? Kvifor har vi vendt ryggen til deg?

Noko må skje med menneske her; ei fornying på djupet. Når vi skjønar at mennesket er skapt av Gud; teke av jorda, innanda av Gud. Og at det må forløysast av Gud. Berre han har lykelen til hjartet vårt. Han er den som kan tale til oss og seie: -Du er min.

22
Des
08

officium: Tysdag, Advent vike 4, Jes 49, 14-26 (matutin)

”Dei som skal byggja deg, skundar seg hit” (v 17)

Trøysteprofeten opnar Guds store dør av frelse, kjærleik, von og siger for Sion, for den han elskar. Guds trøyst er ikkje berre klapp på kinnet, er ikkje berre ei stemning, er ikkje berre passiv godvilje.

Guds kjærleik er aktiv, oppfinnsam, overskridande, på spranget imot deg! Når timen er der. Timen som må vere der. Fordi det er ’ei tid for alt’. Guds tid. Då vert livet ditt bygt opp att, då får det ny form, ny venleik, ny glans, ny kapasitet.

”Det kors som har tyngte din nakke/skal blive din kjæreste sang// og da kan det skje du vil takke/for det som du gråt for en gang”.

Eg veit det. ”Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren” (v 18).

21
Des
08

officium: 21. desember, «O Oriens»

Å, Oriens, Å Solrenning, du glans av det evige ljoset, rettferds sol. Kom, lys for dei som sit i mørkre og dødsskugge! Kom, Herre, frels oss! Dryg ikkje lenger! Ha medynk med ditt folk!

Eg vil ikkje skildre mørkret i verda. Det blir så lett tome og billege ord. Vi veit kva det er, vi kjenner så alt for godt skuggen av døden og alt dødt.

Vi vil sjå mot ljoset, mot aust, mot Kristus! Halde blikket fast så ikkje mørkret trengjer inn i oss. Så vi blir mørkre. Bli ikkje kynisk, innrett deg ikkje i det som er mørkt, hald deg oppreist og vaken! Hugs Malakis ord:

”For dykk som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom under sine vengjer.” (Mal 4, 2).

20
Des
08

nota bene: Folkepositivismen

Den som ei stund har fylgt med på norske lesarinnlegg og bloggkommentarar om tru og religion, kjem ikkje akkurat i julestemning. For meg har det vore litt av eit sjokk å sjå i kor høg grad overtrua på ”vitskap” og ”framsteg” framleis lever mellom folk flest. I fullt alvor og med høg føring hevdar ein at det moralsynet og det livssynet ein forfektar, er ”vitskapleg” og ”rasjonelt” og at alle andre kriteria må avvisast.

Saman med denne naive dyrkinga av vitskapen fylgjer den skråsikre vissa om at folk i fortida var dumme, særleg i ”den mørke middelalderen” då ein stort sett dreiv med heksebrenning og inkvisisjon. No, derimot, badar vi i humanitet og universell framgang – om det då ikkje var for desse hælsikes religionane som jo – som alle veit – er opphav til alle krigar, all ufred og alt vondt i verda. Og korleis kan nokon legge vekt på ting som står i ”ei gamal bok” som Bibelen; ”vi lever jo i år 2008!”? Paven er like ille, for han er også ein gamal mann og dermed dum.

Det er ikkje vanskeleg å identifisere desse tabloide ytringane som populistisk avleiring av den offisielle kulturen. Lenge etter at haldningar og meiningar i det minste er blitt problematiserte i samfunnet elles, held dei fram å leve sitt liv i mange krinsar.

Dette stadfester den rådande livkjensla i moderniteten, det den kanadiske filosofen Charles Taylor kallar ”self-sufficing humanism”; sjølvtilstrekkjeleg humanisme. Mennesket plassert på toppen, over naturen og også over Gud – eller det fyller sjølv den ledige plassen etter at Gud blei borte. Karakteristisk og innarbeidd inntil det umedvitne er også trua på at sekulariseringa er ei utvikling som går av seg sjølv dersom ein ikkje legg kunstige hindringar i vegen. Religionen er, så å seie, avskaffa av ei slags historisk tyngdekraft som ein korkje kan- eller bør motstå.

Eg meiner det er naudsynt å sjå kritisk på dette tankegodset. Historia er forma av aktørar med ein klår agenda og uttrykk for medvitne og vel overvegde val. I vår kulturkrins har det vore viktig å marginalisere og motarbeide religiøse institusjonar fordi dei har vore oppfatta som hinder for menneskeleg frigjering. Ein har ynskt ei anna forvalting av økonomi og naturresursar, av seksualitet, familieliv og statsmakt enn det kyrkja og religionen har stått for. Røyndomsforstånga har gått frå det sakrale til det instrumentalistiske med vekt på teknologi og profitt, effektivitet og statleg disiplinering av borgarane. Ingen ting er heilagt, alt kan konstruerast, rekontsruerast og dekonstruerast. Vi er ”gud”, vi kan skape verda som vil vil. Det held ikkje opp å undre meg at denne progressive utopien lever i beste velgåande, trass verdskrigar, atombomber, økokrise, krise for samliv og seksual-praksis og andre område der ein i namnet åt vitskapen og framsteget har spådd gull og grøne skogar.

Men kva med ”Snåsamannen” som i desse dagar sel i titusenvis av eksemplar? Er ikkje det eit signal om den folkelege sekulariseringa ikkje er så typisk eller at ho i alle fall er på retur? Det kan vere, men eg trur suksessen for ein stor del kjem av den synske healaren er presentert med så låg religiøs og kristen profil at han kan lesast utan alt for stort prestisjetap. Dei mest garva motstandarane av alt åndeleg tillet seg nok å lese slike bøker om lag som ein munk les ”Se og Hør” hos frisøren.

Det burde uansett vere slutt på å sjå sekulariseringa som noko naturnaudsynleg og nærast uunngåeleg. Vi treng å bli oss medvitne at det dreiar seg om grunnleggjande val både på det politiske og det personlege planet. Det krev ei kraftig omstilling for det vestlege mennesket som er vant med å sjå sin identitet og samfunnsform som sjølvsagd, universell og som topp-punktet på den historiske utviklinga. Det ville vere klokt om ein våga ein verkeleg open debatt om kor viktig sekularismen er for å ta vare på dei positive sidene ved den vestlege kulturen. Å utsetje eit slikt ”kulturelt konsil” fører truleg berre til at polariseringa og konfliktpotensialet aukar.

Frå religionane si side må ein gjere det klårt at ein ikkje drøymer om å ”overta” samfunnet, men om større rett til å gjere seg gjeldande der. Det må til for at den naudsynte nyanseringa av sekularismen kan takast fatt i både på grunnplanet og hos elitane.

Alle Babelstårn står for fall. God jul!

(fyrst prenta i spalten «Signert» i Klassekampen, i dag, laurdag 20. des

20
Des
08

carpe diem: Ravnkloa og Nidarosdomen…

Det lysna seint, men vakkert i Olavs-byen i dag. Etter matutin og laudes for meg sjølv, triveleg frukost med sokne-administratoren (ein slags konstituert sokneprest, kan vi seie), pastor Dominic, frå Vietnam, gjekk eg meg ein tur nedover Munkegata, over torget med julemarknad, ned til Ravnkloa. Ein av min favorittplassar i Trondheim. Trondheim er historieby, kyrkjeby, pilegrimsby – men også ein saftig bondeby og ein frisk sjøby. Her er det sjø som luktar, med flo og fjøre og skikkeleg tare og tang! I fiskehandelen på Ravnkloa sel dei fiskekaker og saltfiskball; ein slik i handa vart dagens lunsj på kaikanten.

Heim til prestegarden, rask dusj; med korkåpe og stola over armen og med vievatn-dispensar i handa labba eg over til Domen og vigde dei to. Faren til brudgomen er luthersk prest og han heldt preika. Elles var det ei katolsk vigsle.

No gjenstår bryllupsfesten, på Kvilhaug gard. Fint å vere her. Det er sus over Nidaros!

20
Des
08

officium II, 20. desember, «O Clavis David»

Å, Clavis David! Å, lykel til Davids hus, du Israels kongestav. Når du opnar, skal ingen late att, når du let att, skal ingen opne. Løys fangane frå syndelekkja og før dei ut or dødens skugge. Kom, Herre, frels oss! Dryg ikkje lenger! Ha medynk med ditt folk!

Kongen, den legitime kongen – det er han som har fullmakta og styringsretten, det er han som kan ”løyse og binde”. Det han seier og gjer, dei råd han gjev, har dekning. Det trengs ikkje kallast tilbake. Det er inga feiltaking. Det kan ikkje overprøvast. Det står fast. Han har makt over synda; ho treng ikkje binde meg, døme meg og rå hemningslaust over meg lenger.

Kristus, Davids lykel, rår over verda, rår over kyrkja, rår for mitt liv. Amen.




kategoriar