17
Mai
12

homiletica: Kristi himmelfartsdag/17. mai, st dominikus krk, mark 16, 15-20

I år fall Kristi himmelfartsdag saman med Grunnlovsdagen. I katolsk liturgi er det den kyrkjelege høgtida som har forrangen og vi feira høgtidsmessa. Men det kan også kaste ljos over nasjonaldagen…

Kjære kristne!

Vi feirar i dag Jesu Kristi herrevelde over verda! Han har fått all makt i himmel og på jord, han sit på trona i den himmelske verda, i sjølve senteret for Guds verdsstyre. Det er ikkje sant at verda, at kosmos, at historia, at livet er eit kjempemessig absurd spel, utan mål, utan meining. Stadig fleire trur det, openlyst eller i sitt stille sinn. Før eller seinare raknar den illusjonen at livet då kan gå vidare, som før, som alltid. Det raknar anten ved openlys fortviling, ved stålhard kynisme eller ved utagerande livsførsel. Så lenge ein tærer på overlevert kristent syn på mennesket og på verda, i tru, i etikk, i lovverk, i sed og skikk, kan det fungere, men den dagen det er slutt, vil vi merke skilnaden og tomromet. Å fornekte Gud og at der er eit høgare mål og ei mening med livet, er så å seie ein luksus som samfunnet kan tillate seg så lenge der er nokon som trur. Som det står i det oldkyrkjelege skriftet, Brevet til Diognet: ”Det sjela er for kroppen, er dei kristne i samfunnet” – ein surdeig, eit ljos, eit salt, slik Herren sjølv seier det i Bergpreika.

Dei kristne lever midt i verda, i alle land og fedreland og arbeider for kvar nasjons beste. Men dei veit at deira rette fedreland er Guds rike, at deira statsborgarskap er i himlen, at dei er borgarar av Guds stad, Guds by, Jerusalem; hans kyrkje i himlen og på jorda. Det er vår basis, vår heim. Difor er Kristus vår konge, vår Cæsar, vår Herre, han som er Pantókrator, Allherskaren. Han utbreier sitt rike, ikkje ved ytre makt, men gjennom si kyrkje, gjennom Evangeliet, gjennom trua og Anden, gjennom at menneske lyder hans kall: -Fylg meg! Det er dette vi høyrer i dagens evangelium. Nettopp på himmelfartens berg, seier han:

Gå ut og forkynn Evangeliet verden over, for hver og en som Gud har skapt. Den som tror og lar seg døpe, skal bli frelst, men den som ikke tror; skal bli fordømt.

Det Jesu Kristi misjon, hans sending til verda, handlar om, er ikkje å fallby eit livssyn blant mange, men å kalle menneske tilbake til sin skapar. Det er nettopp dette universelle: Kristus angår alle, alle angår Kristus, som gjer kyrkja katolsk, universell. Når kyrkja, utsend av Kristus, driv ut demonar, talar ulike tungemål og helbredar sjuke er det nettopp som teikn på Guds endelege vilje med verda: At synda, døden og demoniets makt er broten, at ingen lenger treng å liggje under for det.

Brør og systre! Det kan ikkje vere tvil om at vi lever i eit folk som på mange måtar har falle frå Kristus, falle frå si dåpspakt, gått bort frå Skaparen sin og er i ferd med å bli som sauer utan hyrding, utan Gud og utan von i verda. Det fins ingen kollektiv veg tilbake til eit kristent Noreg, ingen veg tilbake gjennom tvang, reglar og paragrafar. I dag må kvart menneske ta stilling til Kristi kall. Fyrst og fremst er det eit kall til alle truande om å vite kvar dei høyrer heime; vi er ikkje berre norske, vi er kristne, vi er katolske kristne, vi tilhøyrer Guds folk, Kristi nasjon, av alle ætter og folk og tungemål, vi har brør og systre over alt. Snever nasjonalisme er det motsette av katolsk tru. Kristus er vår konge og hans Bergpreike er vår primære grunnlov. Om dette vil vi tale og vitne i det norske samfunnet; dette vil vi leve, privat og offentleg.

”Ville vesten er ikke som før”, syng vi – men det er heller ikkje gamle Noreg. I den gamle kristenretten heitte det: ”Dette er det fyrste i lovene våre; at vi skal venda oss mot aust og tilbe den Kvite Krist”. Det vil seie: Den sigrande, den himmelfarne, den tronande Kristus; Frelsaren og Herren, Kongen over kongane og Herren over herrane. I dag er det vårt kall som truande å minne om han, å peike på han, å halde fast ved han; hans bodskap om frelse, hans lover for livet.

Når nasjonaldagen fell saman med Kristi himmelfarts dag, minner det oss om at vi skal sjå lenger enn til Eidsvoll eller Dovre; vi skal sjå heilt inn i Guds rike, der livet vårt her i tida, her i dette landet, er forankra. Difor seier vi i dag:

Jesus i det høye troner/ham lovsynger millioner//som på jorden, så i himlen/englekor og folkevrimlen/seierherren fredegod.


3 Responses to “homiletica: Kristi himmelfartsdag/17. mai, st dominikus krk, mark 16, 15-20”


  1. 1 Kristin B Aa
    mai 17, 2012 ved 8:53 pm

    Takk for en fin preken og en god start på grunnlovsdagen!

  2. 2 Jan Schumacher
    mai 18, 2012 ved 8:07 am

    KJære Arnfinn.
    Jeg og Aud vil takke deg så mye for prekenen på Kristi Himmelfartsdag!

  3. 3 Ann Kristin Hanssen
    mai 18, 2012 ved 9:26 am

    Takk for en god preken på Kristi Himmelfartsdag!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar