Arkiv for mai 2008

31
Mai
08

officium…

31. mai; Marias vitjing, 2. Responsorium (matutin)

 ”Venite, audite, et narrabo vobis…”

 (”Kom hit, høyr, så skal eg fortelje dykk… ”Sal 65,16)

Marias vandring opp i fjellet for å vitje Elisabeth; ikkje minst i Noreg har ein sett dette for seg i eit norsk landskap. Tenk deg Thomaskyrkja  mellom Valdres og Sogn der denne festen vart feira før, i juli –etter den gamle kalendaren. Maria på Filefjell! Noko lett og gledefylt med eit stort rom rundt, med veldig himmel over.

Børa er barnet som ho ber under hjarta. Ho har verkeleg noko ”på hjarta”; ho har noko ho må fortelje! Ho kjenner det på seg, i seg; veit ikkje heilt kva, men ho har hatt gjesting av Bodberaren, ho har funne nåde hos Gud, ho har teke mot noko som sprengjer alt ho skjønar, alt ho anar, men ho har sagt: Lat det hende! Fiat mihi! Og snart skal Elisabeth tale velsignande til henne og seie underlege ord om at ho skal verte mor til HERREN hennar..Og ho kan berre svare med song: –Magnificat anima mea Dominum! –Mi sjel høglovar Herren!

Maria er eit bilete på kyrkja; kyrkja som ber fram Ordet, Sonen, Frelsaren! Som må kalle folk til seg og skunde seg til dei: Venite! Kom hit! Audite! Høyr etter, det er viktig! Narrabo! Eg har noko å fortelje! Eg tumlar og snublar innover fjella for å fortelje det! Med ord, med mitt ivrige liv, med song; ja, mest av alt med song; i lovprisinga, i eucharistifeiringa, i tusen tunger!  Alt dette handlar om kva han har gjort mot alle, mot folket sitt, men midt i det:  ”quanta fecit Deus animæ meæ”, om kva Gud har gjort mot meg, i livet mitt!

Kyrkja sin lovsong er Marias lovsong; ein menneskeleg lovsong, med kjøt og blod, med røynsle (det ufattelege møtet!). Og ein sti under foten.

 

Reklame
31
Mai
08

carpe diem…

STADIG LITT BLOGG-TRUBBEL ,

men det går bedre! Skal snart ta litt «vask» og «opprydding» i elektronikkens kjellar- og loftsetasjar; det samlar seg mykje el-skrot i datamaskiner. Takk for gode råd – og linkar…

31
Mai
08

officium…

Høgtida for Jesu heilage hjarte, Antifon, Benedictus/Sakarjas lovsong (1. Vesper)

 ”Ignem veni mittere in terram, et quid volo nisi ut accendatur?”

 (”Eld er eg eg komen for å kaste på jorda; kor eg ville at han alt var tend!”, Luk 11,49)

 Dette er Jesus-ord som er uventa for mange. Herren opnar sitt hjarta vidt opp i desse orda. Ofte talar han meir stille; lærande, i likningar, underleg og likefram på same tid. Enkelt. Han held tilbake den fulle gløden i sin guddom; han tala også ”i ein tenars skapnad”. Men stundom er det Tabor-ljos og Sinai-brann i orda hans. Som her.

 Det er Guds eld. Gud er eld. Ein fortærande eld (Hebr.)– som kjærleikens eld er fortærande: ”For kjærleiken er sterk som dødsriket i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himlen” (Høgsongen 8, 6). Og apostelen Jakob seier: ”Med brennade iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss”(Jak 4,4).

 Jesu ord var eit varsel om Pinsedagen – for vi kan aldri skjøne det han sa og gjorde, ei heller at han leid og døydde, stod opp og sette seg på sigerplassen i universet, ved Faderens ”høgre hand” dersom vi ikkje ser heilt fram til Pinsefesten i Jerusalem. Då kom elden frå himlen, då steig han ned – for å setje verda i brann gjennom forkynninga av Evangeliet.

 Kva gjer du med dei orda av Herren som dirrar, som er fulle av uro og iver? Han er tålmodig. Ja. Men han er også utålmodig. Han er ingen demagog, sanninga treng ingen geberdar, han held røysta si tilbake. Ja. Men han har også eit skrik i orda sine; det han ropte ut på krossen, då han ”ropa med høg røyst” og  anda ut (Luk 23,46).

 Kristi ”høge røyst”. Kristi uro. Som skaper uro.

 Sløkte ord og eit sløkt liv. Det er nok for mange. Men ikkje for han som kastar eld på jorda.   

30
Mai
08

carpe diem/discursus…

 

LESEGLIMT FRÅ NEWMAN-INSTITUTTET I ROMA

Eller: Med spyttebakk på preikestolen.

 

Tysdag var det ”Keats and Shelley House” ved Spansketrappa; onsdag (og i går)  var eg  på det romerske Newman-instituttet, i Via Aurelia, bak Vatikanet, litt oppi bakkane.. Fint bibliotek, svalt og godt i Roma-heten. Nokre systre frå Austerrike driv plassen. Svært imøtekomande.

Som Frater Oskeladd finn eg, som før, mange rare ting langs lese-vegen. Av ting eg var innom i dag, i forbifarten, var stoda i The Church of England på byrjinga av 1800 –talet. Eg siterer og fortel litt hulter til bulter – frå samtida åt Newman et co:

Den offisielle, anglikanske kyrkja var prega av ”apathy and irreverence”; prestane var ofte ikkje teologar, men klassisk utdanna (antikkens språk og litteratur); ein lat overklasse, lite motiverte for den åndelege og pastorale tenesta.

Og gløym det du assosierer med anglikanisme i ein seinare fase: med liturgisk, ”katolsk” høgtid, vakker song etc… I ei vanleg landsens kyrkje var det ofte ein svær tre-dekka preikestol midt i kordøra, ”altaret” var eit stusseleg bord i det fjerne; der var det gjerne  blekkhus og penn til underteikning av attestar og dokument (eit lite prestekontor!) eller det tente som garderobebord for kyrkjelydens hattar, pledd, kåper, frakkar og paraplyar. I døypefonten kunne det ligge skurebørstar og golvtvoger (så det var vaskekottet!), men det var ikkje så fårleg, for –hald deg fast – ofte vart det ikkje nytta vatn ved dåpen!!

Dette viser også at den statskyrkjelege forslappinga gjekk saman med den markerte, lågkyrkjelege protestantismen som alltid har vore ein del av anglikanismen (meir calvinsk enn luthersk) og som fekk ein oppsving med Cromwell. Ein forfattar (Neal), skriv at då han kom som kapellan til ei kyrkje, var han vitne til at kyrkjetenaren labba opp på altaret og stod der for å opne aust-vindauga i kyrkja!

”Altar” var eigentleg forbode, ein tala om ”communion table”, og presten stod for enden (nordenden), altså ikkje austvendt, og heller ikkje vendt mot folket; han skulle ikkje stå midt for altaret – for då kunne det vere uttrykk for ”popery” (”papisme”, katolisisme), for katolsk messeoffer-lære og ritualisme.  Og dette var ein del av den offisielle ordninga (t o m Newman praktiserte dette i si soknekyrkje som anglikansk prest..)

”Popery” var det også dersom ein hadde ljosestakar på ”altaret”; det blei oppskrik då ein prøvde seg – og vedkomande fekk tillating til å ha ljosa der, men ikkje tenne dei! Og blomar? Fysj; i alle fall berre éin vase! Og fargen på blomane måtte ikkje vere kvit på helgendagar og ikkje raude på martyrdagar – for då kunne nokon tenkje at ein vill gjeninnføre liturgiske fargar og altså –”popery”: Slike reglar måtte biskopane gje heile tida – for klagene på Oxford-folka hagla inn!.

Over kordøra (eller deromkring) var det greitt å ha sin ”stol” for  den lokale adelsfamilien eller landeigarfamilien. Eit augevitne fortel at midt under gudstenesta, når tida var der, kom ein tenar frå slottet med lunsjbrettet til Lorden! Gudstenesta vart som regel forretta av presten i vanlege klær, med ei open og skiten korskjorte slengt over. Messehakel og den slags var uhøyrt. I høgda den svarte prestekjolen (stundom knekort av omsyn til reve- og fasanjakta, krokket-spelinga, coktailselskapa og middagane som presten i eigenskap av lokal gentleman sjølvsagt var med på).

Tekstane i Bøneboka (Book of Common Prayer – ei nydeleg bok!) vart ikkje sungne, men leste– og ein plass brukte presten å stå på preikestolen og veksellese med forsamlinga med skråtobakk-klypa i munnhola  – og for kvart ’amen’ som avslutta dei oppsette Davids-salmane, spytta han skråa ut (i ein spyttebakk, må vite!).

Holy Communion (nattverdfeiring) var det mange stader berre tre gongar for året. Mens preikene var laaange; ”expansive sermonising”, som det blei kalla i boka eg las dette i.

Kyrkjesongen var dårleg (som han var det her til lands også på den tida). I ei bok om den store fornyinga av kyrkjesongen (slik vi kjenner det frå anglikanske kyrkjer i dag) står det om den ikkje uvanlege lokale tilstanden:

Conscious of their standing as local musical celebrities, the singers indulged their vanity without restraint»  Virkar kjent?  : ) 

Den liturgiske krisa var sjølsagt uttrykk også for ei teologisk og åndeleg krise. Så kanskje  var det ikkje så rart at det kom ei Oxford-rørsle og ein Newman?

 

 

 

 

 

27
Mai
08

carpe diem/discursus…

ROMA-NTIKKEN

I dag kom varmen skikkeleg til Roma! Heldigvis sat eg svalt og dunkelt under loftsbjelkane på «Keats and Shelley House» ved Spansketrappa – for å lese om Coleridge et co. Eg har no skjøna at sjølv om Keats, Byron og Shelley ikkje var truande (i alle fall ikkje Shelley), var dei likevel i kontakt med Coleridge og «den sida» av Romantikken; dei dyrka han ein god del og likte dikta hans godt. Coleridge skreiv vidløftige-, ikkje u-systematiske, men spreidde tekstar on teologi, filosofi, litteratur og politikk. Men det var ikkje bøkene som var greia. Hans enorme innflyting (dei som kritiserer han, må ergerlege innrømme det) på ein heil epoke skuldast like mykje Personen; hans liv, lidingar, nevroser, drugmisbruk, pengeproblem, forelskingar, venskapar… Og dette er jo noko av Romantikkens idé. «Heile personen» med sitt intensive liv, det er filosofen – filosofien! Eg hugsar Bjørnsons dikt, om si tid som ung student ein stad i verda: «Jeg levet mere enn jeg sang…!» Han var så aktiv, personleg, at han fekk ikkje dikta noko!

Immanuel Kant, etter klisjéen og legenden (og et trur han har noko for seg, élas!) ein nokså pedantisk fyr frå Aust-Preussen (men ein stor filosfof!) – skal ein gong ha grynta til ein «elev» av seg, Jacobi (ein spennande og lite kjend tysk, klårt kristen filosof!) som tenkte meir utfrå det estetiske, det intuitive og det åndelege: «Filosofi er grunnleggjande prosaisk!». Typisk «klok» utsegn som alle som vil reknast for fornuftige og nøkterne og ansvarlege og vitskaplege, vil akklamere.

Coleridge et co såg meir sjela i tinga – som i desse linene frå eit lite dikt («Phantom») om eit vakkert menneske:

«She, she herself, and only she,
Shone through her body visibly»

Dette er heile Romantikken, filosofisk – og teologisk. Skal snart skrive noko om «teologi» og «antropologi»; det har vorte aktualisert av nokre kommentarar.

Eit sveittande God natt! Eller God dag!, om du les dette på dagtid… Vindauga er ope, Roma-natta susar inn, svart og varm.

27
Mai
08

poetica…

dette skreiv eg i Strasbourg for mange år sida; passar her i Roma også, no…


VESTNORSK DRAUM

Draget av vind over fjorden

å lette ange av salt
saman med angen
av furene granene
bjørkene ospene

og dei brudekledde aplane
med tunge raudkvite blomar

og angen
av lysande lette brudemøyar av
kirsebærtre

og av den drivkvite
viljesterke heggen

og gløym ikkje einekagen
med sin kvasse friske eim!

å fjorden min
å strendene mine
i den unge førsommarens fang

26
Mai
08

officium…

-ein meditasjon om det heilage landet – og om oss...

ABRAHAMS SVEVN (Gen 15, 5-18 )

”Elden for fram mellom kjøtstykka…” slik står det i forteljinga om Abraham som la offeret til rette på det primitive altaret, slik Herren hadde bode. Redsle og mørker kom over han.

Men fyrst hadde han sovna. Han orka ikkje meir. Ikkje meir tvil og frustrasjon fordi kvart steg han hadde teke i tillit, berre førte ut i nye absurditetar. Guds ”gøyme og leite”-leik.
Når du både trur og ikkje orkar å tru, når du både held ut og gjev opp, når du både er blind og sjåande, når du er alt på ein gong – då kan du berre sovne i Guds armar, berre flate ut, berre gli avstad, berre falle, falle innover i det uendelege djupet, innover i Gud. Og når du vaknar, er det ikke ljos og fred, men eit agande nærvere, ei ur-hand som ristar deg, ein eld som fær fram og tilbake mellom kjøtstykka i livet ditt.

Då – når det berre er ulmande glør igjen av deg – då sluttar han pakt med deg, han som er Israels Redsle. Då opnar det store landet seg, frå Egyptar-elva til Eufrat. Eit land du ikkje visste om. Fløymer det med mjølk og honning? Langt i frå! Det er berre kaktus og ørken og bergskorter og dessutan fullt av moabittar og jebusittar og filistrar.

Men storhavet slår mot strendene i vest og høgt i nord bylgjer det i reine liner rundt vide innsjøar. Og endå høgare opp lyser Libanons sedrar under si kvite krune. Fritt er landet – eller i ferd med å bli det; heile tida i ferd med å bli fritt. Landet der Gud veks opp og går ikring på vegane, gjestar byane…

«Israel» heiter landet. Eit fritt land. ”Du har kjempa med Gud – og vunne”, heiter det; Ruben, Benjamin, Sebulon og Manasse heiter det… Alle vakre namns land. Alle dine namns land. Og det vart født i mørker, født i redsle, medan sola var i ferd med å gå ned, medan elden for fram og tilbake; den fortærande elden, den elskande elden.

25
Mai
08

carpe diem…

SJEKK KOMMENTARANE…

Til dei som har posta kommentarar og spørsmål i det siste: Det skal ligge ein svarkommetar på plass no, stort sett. Og til blogg-lesarane: Hugs at det står mykje vettugt i innkomne kommentarar… Sjølv prøver eg å henge med i bloggen så godt eg kan i stadig Roma-eksil. No nærmar heimreisa seg (den 26. juni, om Gud vil). På tide.

25
Mai
08

officium…

Corpus Christi, 2.antifon (matutin)

”Si quis sitit adveniat ad me…”

(«Den som tyrstar, han kome til meg…”)

Kva er eit menneske? Ein som tenkjer? Er ’fornufta’ det mest menneskelege? Eg vil heller seie: Menneske er den som som seier: -Eg tyrstar! Som i bibelsk/johannesisk språkbruk er det same som å seie: -Eg lengtar! ”Som hjorten lengtar etter rennande bekker, slik lengtar mi sjel etter deg, å Gud!”, seier Salmen.

Mennesket er eit lengtande vesen. Også i den greske filosofien og diktinga visste ein dette: Mennesket har ’eros’, trå’ (”begjær”), ’désir’ (fransk). Slik er vi skapte av Gud. Dessverre har vi ofte berre oppfatta det erotiske som seksuelt og ’trå’ i det heile som syndig. Og ’eros’, ’trå’, kan misbrukast fordi det er råka av syndefallet. Men det er ikkje syndig i seg sjølv. Tvertom: eit menneske som ikkje kan lengte, med den styrke som ordet ’trå’ eller ’attrå’ avspeglar – det mennesket lever ikkje. Er ikkje menneskeleg.

Det er lett å ta ein from short cut og tru at så skal vi altså berre lengte etter Gud. Men det er umogeleg, for mennesket elskar og lengtar berre med det éine hjarta som det har! Den som ikkje kan elske menneske eller det som er godt, kan heller ikkje elske Gud.

Gud lengtar etter oss; etter ein verkeleg kjærleik, like verkeleg som den han elskar oss med. Ikkje ein sær-religiøs papp-kjærleik. Han elskar oss som menneske – med kropp og sjel, hud og hår.

Også Gud tyrstar. Då han, i Kristus, hang på krossen sa han sju ord; seks av dei var eigentleg fleire ord. Berre eitt av ropa hans er attgjeve med berre eitt ord (i den greske originalen, og på latin): –Sitio! -Eg tyrstar! Det var nok. Det ordet rommar alt. All hans smerte. All hans kjærleik. All hans lengt.

Så menneskeleg er Gud. Så menneskelege må vi òg vere. Gud og menneske kan berre falle til ro i kvarandre. Lengt mot lengt.

24
Mai
08

officium…

24.MAI, TRANSLATIONIS S.P. DOMINCI, PRESBYTERI
(minnedagen for overføringa av vår heilage far Dominikus, prest)

Frå den korte skriftlesinga; Efes 3, 8-9 (laudes)

«Mihi omnium sanctorum minimo…»
(«Til meg, den minste av dei heilage…»)

Den heilage Dominikus, prekebrørne sin far og ordensstiftar, døydde i Bologna i Italia og vart gravlagd der «sub fratribus pedibus», under føtene åt brørne, under kyrkjegolvet. Mange under hende på hans forbøn; han vart «flytta over» (av det kjem translatio) i eit verdigare gravmæle og etterkvart helgenkåra (1234).

Dette feirar alle dominkanarbrør- og systre og alle lekdominikanarar i dag. I laudes las vi den korte lesinga frå Efesarbrevet, apostelen Paulus si «eigaerklæring»: «Til meg, den minste av alle dei heilage, er denne nåden gjeven: å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom og føra Guds frelseplan fram i ljoset, det mysteriet som frå evig tid har vore løynt hos Gud, han som har skapt alt».

Her ligg heile eksistensen åt Preikebror-ordenene, dominikanarordenen. Å forkynne for folkeslaga om Kristi ufattelege rikdom, om Guds frelsesplan, om mysteriet som frå æva har vore løynt hos Gud. Ein rikdom, ein plan, eit mysterium som skal opnast opp, gjerast kjend. Gjennom studiar, medtasjon, bøn, lovprising, forkynning i skrift, tale og liv. Prædicare, laudare, benedícere! – det er preikebrørne sitt motto: -Forkynn, lovpris, velsign!.

Det er utstrålinga frå dette store kallet som får Paulus til å seie med lett hjarte, det som elles kunne vere tungt nok når han tenkte på si fortid: «Til meg, den minste av alle dei heilage…».
Den heilage Dominikus var, som Paulus, ein intens, men ikkje ein «barokk» og storslagen person. Han glødde, innanfrå og ut. Han sa, med heile seg det Paulus sa: «For meg er livet Kristus…»

Det er dette som skaper apostelen og det apostoliske livet som dominikanrane er kalla til. Og alle kristne, på sin plass, i si livsform. «Til meg, den minste av dei heilage.. «, «sanctorum minimo…» Guds «minimum» er så stort: du er eit menneske av kjøt og blod, du står midt i verda, i universet, du er eit kristent menneske – og for eigen del legg eg til:ein katolsk kristen, for meg er det «basic», alt det andre er tillegg – Kristus har, uventa, stogga framfor deg på vegen og sagt: «Vade prædica!», som det står på Dominikus-ikonet i klosterkyrkja «Santa Sabina» her i Roma.. «Gå og forkynn!».

Stundom kjennest alt det vanskelege i livet for stort, det vonde for sterkt. Då kjenner du styrken og berekrafta i Guds «minimum». Då kan du seie: Eg, «… den minste han kjenner på jord. Tenk eg skal hans sendebod vera/og gå med ei underfull trøyst!/Guds englar den bod skulle bera/med lovsong og jublande røyst!» Då skjønar du òg at det eigentleg ikkje finst nokon verdigare gravstad for eit menneske enn under føtene åt sine brør.

22
Mai
08

carpe noctem…

grip natta…

må det visst heite no. Eg har site seint oppe for å jobbe. Innspurt tek tid. Så kort blogg no: Viser til vettuge kommentarar frå andre bloggarar, sjå ikkje minst under posten «På jakt etter romantikarane». Så sjekk opp!

Med mykje Coleridge og Romantikk i hovudet (og ikkje berre i hovudet; det er Romantikkens poeng…) i desse dagar, fell det lett å sitere fylgjande:

«All thoughts, all passions, all delights,
Whatever stirs this mortal frame,
All are but ministers of Love,
And feed his sacred flame».

22
Mai
08

carpe diem…

BLOGG NEWS PÅ «CORPUS CHRISTI»

stundom klikkar eg på ein av dei bloggane som dukkar opp blogg-dashbordet. Ettersom nesten alt viktig i vår tid startar i USA (I’m serious!) – og trass at eg stadig sjølv kjem til skrive tekstane på min eigen blogg – limer eg inn nedanfor-ståande kommentar i dag. I dag, på Corpus Christi («Kristi lekams fest») er det forresten ein stor sakramentprosesjon gjennom Roma, leia av pave Bendedikt. Prosesjonen går ut frå Santa Maria Maggiore, like opp i gata her. Tanken var å vandre med. Kristus er jo Ordet, Logos, som vart kjøt… WebLogos, kunne vi seie; han er det store Mønsteret i «verds-veven», den store Meininga, det avgjerande Ordet! Han har skapt oss som «kommuniserande» menneske. Han vandrar gjennom våre byar, våre samfunn, våre ord…. Så difor:

«Zoom ahead to today and I’ve realized how wrong I was. Blogging has become a major avenue for everyday people to make social commentary with an ease that had been unheard of. Because just about anybody who cares enough can do it, blogging has become the central mouthpiece for our generation. But beyond that, the fact that we are all connected through the Internet makes the blogging generation hugely influential, allowing people to come together around a voice they agree with through networking. This collective quality of blogging has shown to be a major influence during this historic election» [presidentvalet i USA; min merknad].

21
Mai
08

officium…

Tysdag, vike VII i Året, frå 1. Lesing (matutin)

”Omnia tempus habent…”

(”Alt har si tid”)

”Alt har si tid”, sier den ettertenksame og flegmatiske Qohelet, Forkynnaren (Fork 3,1)

Vi må leve i ’noet’ høyrer eg ofte sagt. Oftast er det berre uttrykk for den livsfilosofien og livskjensla som verkeleg er vårt tids; Epikurismen: det dennesidige, den kloke livsnytinga, å akte som illusjonar alt som er utover det. Er ikkje Forkynnaren berre ein semittisk Epikur:”Det beste eit menneske kan gjera er å eta og drikka og unna seg gode dagar midt i alt sitt strev” (Fork 2,24)?

Eg hadde nær sagt; tvert om. Han er heller pessimist. På vegne av mennesket sine dumme ambisjonar, som er ”fåfengd og jag etter vind”. Erkjenninga som han utforskar, er ei heilt anna: ”Eg fekk sjå at det òg kjem frå Guds hand» (v. 24b).

Alt kviler i Gud – det er Forkynnaren sin bodskap, det er den sanne visdomen. Hans coole visdomslære må vere der for å balansere det som også er sant: Gud har gjeve oss fridom, ansvar, skaparevne; vi er medskaparar. Men mennesket gjer vel i å kjenne sine grenser likesåvel som sitt potensiale.

”Alt har si tid” – det innbyd deg til ta i mot det som hender. Du skal kjempe, du skal ikkje godta alt, men du skal godta at akkurat no er det denne fasen, denne utfordringa, denne sorga, denne gleda du skal takle. Tida er skapt av Gud, ho er ikkje eit tomrom. Vi kan samarbeide med tida. Det gjer du når du tek deg tid– eigentleg: tek i mot tid – til å gjennomleve det som hender deg. Det er noko anna enn å tvihalde på det lukkelege ”noet” ved å sjå alt som kan forstyrre deg, som illusjonar som skal ignorerast. Kanskje er det verkeleg, men ”kvar dag har nok med si eiga sut”, seier Herren – han som er den eigentlege Qohelet, Forkynnaren. Ta deg tid til å leve ferdig den ’tida’ som no er komen til deg; gjer det som skal gjerast så godt du kan, lat smil kome, lat tårer få renne; slepp det til! Du har tid.

Etterpå kjem noko anna, ei anna tid, ei anna glede, ei anna prøving.

Gud tek seg den tida han treng med oss. Til ei kvar tid.

20
Mai
08

carpe diem/discursus…

PÅ SPORET AV ROMANTIKARANE

Endeleg kom eg meg til plassar i Roma der det er meir å finne av den litteraturen eg treng å sjå på før eg er ferdig her.

Såleis hamna eg i dag på det eksotiske ”Keats and Shelley House” på hjørnet av plassen ved Spansketrappa. Og etterpå i det viktoriansk trygge Newman-senteret i Via Aurelia, oppover forbi Vatikanet.

Regnet plaskar ned i kveld – som det gjorde tidlegare i dag då eg sprang avgarde på sleipe brusteinar bort dei smale gatene forbi Jesuittane sitt universitet, Gregoriana, forbi Trevi-fontena og til huset der altså Keats, Shelley, Byron og andre heldt til når dei var i Roma. Der finst det eit lite eksotisk bibliotek med gamle utgåver av engelske romantiske diktarar, men også anna litteratur om diktarane og diktinga deire. Heilt opp på loftet vart eg teken med, av den trivelege engelske styrarinna. Der hadde ho kontoret sitt med PC og ein liten hund, ein fox terrier, slike som tradisjonelt vert/vart brukte i den aristokratiske revejakta, med lordar, horn og hestar. Styrarinna viste seg å vere frå Nordaust-England og var svært på bylgjelengde då ho høyrde at eg var norsk vestlending. Yorkshire, Lindisfarne, det skotske høglandet, Hebridane og Iona – stader eg har vore fleire gonger – viste seg å vere ein felles ”romanse”. Vel, bøkene vart funne, eg las ei stund og gjorde avtale om neste vitjing. Her får ein ikkje låne bøkene med seg, nemleg; dei må lesast on location.

Av dei engelske romantikarane er det særleg Coleridge som opptek meg. Både han og Wordsworth og fleire knytte gjenoppdaginga av kjenslene, imaginasjonen, intuisjonen, språket og poesien til eit åndeleg syn på røyndomen. Coleridge var, trass (eller på grunn av?) sin storslagne, intense personlegdom heile tida sterkt oppteken av kristen tru. Medan Byron og ikkje mist Shelly var ateistar, den siste svært rabiat og krass. Men begge likte Coleridge… Shelley drukna på ein båttur i Middelhavet, endå berre ein ung mann – og vart brend på bål på den kvite sandstranda. Det mystiske og okkulte som kunne fascinere romantikarane, får her ein skugge av det demoniske og tragiske over seg, syns eg..

Kva var det som gjorde at nokre vart vantru og andre truande av dei intellektuelle frå denne epoken? Sjølsagt fordi dei var ulike; å plassere folk i ’epokar’ (les: båsar), som ”Romantikken”, er ettertida si sortering. Det var i alle fall ein periode der den menneskelege personen i sitt djup, med heile seg, med kjensler, kjøt og blod, med dunkle djup og høge lengsler blir funnen fram att etter Opplysingstida sin kjølege objektivisme. Som endå får oss til å tru at det er ”fornufta” som avgjer våre viktigaste val og overtydingar. ”Go back as far as you may, you cannot come to a man without a previous aim or principle”, skriv Coleridge ein plass. Du ber alltid med deg noko som orienterer personlegdomen din; ei grunnretning, ei grunnkjensle, noko personleg, som påverkar også tru eller ikkje tru.

Det meiner eg Romantikken syner oss. Mennesket reagerer, tenkjer, vil, med heile seg. Når nokon ikkje trur, er det ikkje fordi han eller ho ikkje ”kan” på grunn av fornuften. Det er eit spørsmål om kva som er dine djupaste sympatiar. Gjevne i di livshistorie, i den kanskje umedvitne visjonen eller draumen om korleis du vil leve livet ditt.

Både Coleridge og Shelley var kompliserte, ofte ulukkelege. To uregelemessige verb. Som valde ulike gramatikkar for seg sjølve.

Kvifor er nokre Coleridge og andre Shelley? Og kven er du?

19
Mai
08

carpe diem…

DOMINICA; HERRENS DAG

Det var sundag i går. I klosteret her feirar vi høgmessa alt klokka åtte om morgonen – så etter frukosten i refektoriet har eg ein stille, fin føremiddag på cella (!). Som eg brukar til å lese og skrive for å kome i mål med det eg skal her i Roma (å, så prektig!, men det er faktisk tilfelle :)). Middag og ein siesta fylgjer klokka eitt. I går kosta eg på meg å vere litt turist og pilgrim ettersom eg snart er ved målstreken med studiane og skrivinga.

Sundag er ein fin dag å be på, for mangt og mange som du elles ikkje får konsentrert deg om i vika, sjølv i eit kloster. Eg har funne det eg kalla «Newman-kyrkja» mi; det som var hans titularkyrke då han vart kardinal; ei svært gamal kyrkje frå antikken. Utan den vanlege, romerske barokken, med krusedullar, liksom-englar og svært gestikulerande menneskefigurar, gjerne omgjevne av rullande skyer og ljosformasjonar i overmål. Dette slepp du i «San Georgio in Velabro». Heilt enkel, oldkyrkjeleg, skeiv og rar på grunn av at ho har vakse sakte og blitt endra framgjennom tidene. Der plar eg be. I går var det førbuing til eit bryllup, så eg måtte gå ein annan plass. Og i Roma slepp du gå langt for å finne ein anna kyrkje. No hugsar eg ikkje ein gong namnet.

Der har dei eit sidekapell med Altarsakramentet framstilt i ein monstrans – og med kontinuerleg bøn og tilbeding. Heilt stille der. Nokon sit, nokon kneler, nokon legg seg langflat på golvet, tilbedande…Folk kjem og går; lokale folk, sikkert; men også gjester, turistar, kven som helst. Ute ved inngangsdøra til sjølve kyrkja står det ei stor oppslagstavle med inndeling av vika og døgnet. På den er det klistra mange gule lappar – slike som vi brukar for å notere: hent ungane, kjøp kål, ring til tante Olga..- og der kan ein skrive seg inn på «bønevaktlista»; nokre frå midnatt til klokka to om morgonen, nokre til klokka fire, nokre til klokka seks. Kontinuerleg tyder her bokstaveleg: heile tida, natt og dag, vika gjennom: tilbeding og bøn. Framfor Kristus, nærverande i sin lekam. Han som sa: «Sjå, eg er med dykk alle dagar…»

Ein idé for soknerådet?

19
Mai
08

officium…

Sundag, vike III, 1. Antifon (matutin)

”Per singulos dies bendicam te, Domine”

(”Kvar dag velsignar eg deg, Herre”)

’Velsignar eg deg..’? Er det ikkje Gud som velsignar oss? Jau, men i den bibelske og gamaltestamentlege tradisjonen er det også mennesket som velsignar Gud! Gå gjennom Salmane og finn tallause døme på det… I den katolske messa finn vi, i offertoriet (der brød, vin, pengar og andre gåver vert framborne som innleiing til Nattverd-liturgien) den gamle jødiske bordbøna i botnen av den bøna presten bed og som folket akklamerer:
”Velsigna vere du, Herre, skaparen av himmel og jord! Av din rikdom har vi motteke det brødet (den vinen..) vi ber fram for deg…” ”Velsiga vere du i all æve!”.

Å ’velsigne’ i er i Bibelen å lovprise og takke – det som i oldkyrkja vart kalla ’å gjere evkaristi (gresk: takkseiing). I messa tek kyrkja del i Jesu Kristi ’evkaristi’, hans krossoffer. Vi legg livet vårt og heile skaparverket fram for Gud under velsigning og takkseiing, sameina med Jesu Kristi evkaristi. ’Ved han’ og og for hans skuld vert det motteke av Faderen. Det var dette han påbaud oss: ’Gjer dette’, altså det han gjorde: han feira felleskapsmåltidet saman med læresveinane, etter det jødiske ritualet; og der inngår den store velsigningsbøna over brødet og over begera. Den store takkebøna for alt Gud har gjort som Skapar og som Frelsar. Gjennom Jesu verk, og gjennom orda han tilføyer: ’Dette er min lekam som vert gjeven for dykk/dette er paktsblodet som vert utrent for dykk’, gjev han den gamle liturgien eit nytt og fordjupa innhald.

Difor seier også Paulus om nattverdfeiringa: ”Velsigningskalken som vi velsignar – er han ikkje samfunn med Kristi blod?” (1 Kor 10,16)

I livet vårt skal vi gjere nettopp det vi, fortetta, gjer i messa: Velsigne Gud! Gjennom bøner, lovsongar og kjærleiksgjerningar; gjennom det vi må lide og bere – med heile livet, med kropp og sjel. Slik vert alt liv omskapt til ei stor Velsingnig av Gud! Det er på ei vis ikkje heilt sant at ”Gud er Gud om alle land lå øde” og ”alle mann var døde” (Petter Dass). For Gud vil skapareverket! Han vil glede seg i det, vil bli velsigna av det, velsigna i det. Han vil verte elska.

Ein Gud som treng deg. Ein Gud som vil velsignast av deg.

17
Mai
08

poetica…

dette har eg visst posta her før, men det høver i dag…

HEIMOVER

Ein dal stryk opp til fjells
med lange liers gras og skog,
det luktar sterkt av jord og lyng,
frå bygda høyrest skjer av plog
og kringom dalen stend eit kor av berg
og syng og syng.

Her fekk eg alt eg kallar mitt,
alt det eg er –
så eg stend skjelvande og takkar Gud..
Her kan eg le slik gutar lær,
her kan eg gråta ut.

Hit skal eg venda att ein gong
når det vert skumt mot kveld,
då skal eg nå mi siste høgd,
når sola raudnar over fjell..

då har eg sona alt,
då er eg nøgd.

17
Mai
08

nota bene…

DEN SYTTANDE

Rart å vere i Roma ein «17.mai». For ein norsk katolikk, som må leve med ein nasjonalsong der det eine verset seier: ”Fra dets høye Sverre talte / Roma midt i mot”.

No gjorde han eigentleg ikkje det, om eg har skjøna soga rett; det var dei lokale biskopane, særleg erkebiskop Eystein Erlendson, som var hans motstandarar. Han ville styrke kongsmakta mot kyrkja si makt, i ei tid då den internasjonale katolske rørsla Libertas Ecclesiæ (Fridom for kyrkja) vaks seg sterk i vest. Kyrkja skal ikkje gå opp i staten og nasjonen; difor må ho ha eit internasjonalt tyngdepunkt: Roma, der apostlane Peter og Paulus levde – og leid martyrdøden. Slik tenkte ein. Den kyrkjelege ”fridomsrørsla” var ei reformrørsle: prestane si livsførsle, klosterlivet, liturgien – alt skulle lyftast opp. Folk som den hl Bernhard av Clairvaux med sine cisterciensarar, den hl Dominikus med sine preikebrør må sjåast i ljos av dette.

Kong Sverre ville vere- og var ein bra katolikk, noko anna ville vore underleg på den tida. Men meir ”statskyrkjeleg”. Eg skal ikkje blande meg i historikarane si tolking av korkje kongen eller hans epoke. Utan tvil er det trong for ei nyansering av den tradde norske forståinga av mellomalder-historia, inklusive kong Sverre og hans policy. Det har vore ein del av den norske ”myten”.

Og eit samfunn treng ein ”myte”; eit heilskapleg bilete av seg sjølv, med ord som går utover dei abstrakte omgrepa, eit symbolspråk som uttrykkjer grunnleggjande verdiar og sjølve meininga med det samfunnet ein tilhøyrer. Det er faktisk noko av dette eg arbeider med i studiane min her; med dei engelske romantikarane (særleg Coleridge og Wordsworth). Fordi dei gjenoppdaga det poetiske språket som det viktigaste; livet, naturen og samfunnet, ikkje som ein maskin, men som eit kunstverk. Med Gud som kunstnaren og oss som medkunstnarar.

Korleis gjekk det så med ”den norske myten”; som sjølve ”17.mai”-dagen både er ein del av og ei feiring av? I den myten finn vi heile ”det nye Noreg” med Wergeland og Grunnlova, modulert og etterkvart radikalisert av Bjørnson (den norske mytens Melkisedek, så å seie), Ibsen, Kielland, Vinje og Garborg – med den danske raddisen Georg Brandes i bakgrunnen. Men i myten fanst også kristendomen, med litt Olsok og mellomalder etterkvart, men med mykje Bibelsoge, salmevers og Pontoppidan på kistebotnen. Arbeidarrørsla har hatt si stordomstid; sunge sine songar og dikta sin del av myten, ho også. Og målrørsla og fråhaldsrørsla…

Men no? Mitt innspel på ”den 17. Mai” er at den norske myten er gått på grunn; han vert omtala og lagt kransar på, men har ikkje lenger noko sterk, formande kraft. Det er myte på sotteseng. Personleg trur eg ikkje at eit slikt djupare eller høgare ’symbolspråk’ elller ’meiningsunivers’ kan oppretthaldast utan eit religiøst grunnlag. Det finst knapt nok lenger og eg trur óg at tida er ute for å ’samle Noreg’ på eit slikt grunnlag i dag. Vi bør heller oppmode kvarandre til å fornye vår eigen symbolikk; formulere i ord og song, i ritar og skikkar, dei verdiane vi vil stå for. Saman med andre som vil det same. Og gje fridom til dei som ser annleis på det sjølv om vi som kristne vil leggje den kristne tradisjonen til grunn for vårt eige liv og vår eigen fellesskap.

Då kan vi kanskje finne ut kva vi eigentleg vil med samfunnet. Borsett frå å bli stadig rikare.

Ja, vi elsker.. Men kva?

16
Mai
08

carpe diem…

Litt sakte fart i blogginga akkurat no; eg er i innspurten på det eg skal skrive her i Roma og må konse på det. Det går bra – og eg skal kome tilbake til stoff og tankar som dette arbeidet har grave fram.

I morgon er det 17. mai (eller i dag, i skrivande stund; dominikanarar har lov å sitje over bøker og tastar utover natta, om naudsynt; slik har det vore frå St Domikus» tid, skjønt då var det ikkje tastatur, men andre skrivereidskapar). Då plar nordmenn i Roma, protestantar som katolikkar, samle seg ved det såkalla «St Olavs-altaret» i den svære kyrkja på Corsoen: «San Carlo al Corso». Eit sidealtar med ei svært nasjonalromantisk framstillimg av Heilag-Olav på altartavla; historia om kvifor det er der, er det for langt på kveld til å fortelje no, og ikkje er eg heilt stø på henne, heller.

I alle fall skal eg feire messa der om nokre timar, saman med soknepresten i St Olav i Oslo, pastor Frode Eikenes som er i Italia eit ærend. Og to diakonar, snart prestar, dei norske seminaristane her i Roma, Pål og Fu. Ekumenisk vert det òg; med preike av den lutherske presten Steinar Skomedal. Med eit lokalt, norsk kor (!) og med Maria Juntila som kantor.

Messa vert ei votivmesse (= ei messe feira for eit særskilt føremål) for fedrelandet. Det kan trengast.

På gjenblogg, snart, vonar eg…

16
Mai
08

officium…

Fredag, vike 2, antifon (matutin)

”Iniquitatem meam annuntiabo tibi..”

(”Eg kunngjer mi syndeskuld for deg..”)

Kunngjer. Annonserer. Mi skuld, min urett. Ikkje for all verda, men for Gud. Fredag er botsdag; den dagen Kristus gjorde bot for oss på krossen slik at vår bot er mogeleg. Difor minner salmane og antifonane (omkveda) i tidebønene alltid om det når det er fredag.

Å gjere bot, å innrøme sine synder og si skuld – det er meir enn ein tanke som flyg gjennom hovudet, meir enn litt omtrentlege, halvkvedne viser av typen: Ja, eg er ein syndar, sånn i det store og heile, men eg kan ikkje kome på noko ”spesielt”.

Eg høyrer skriftemål – og sjølv om syndene vert kviskra eller stamma fram, kan eg love at for den som skriftar, kjennest det som som ei ’kunngjering’, ei utlevering av seg sjølv. Som kostar. I alle fall dersom det er eit verkeleg skriftemål og ikkje berre generelle vendingar. Men det er dei tydelege orda som er frigjerande. Ord som får greiene ut av skåpet, opp av gjørma! Ord som med ettertrykk avleverer heile affæren hos Gud. Du må snakke så tydeleg du kan til Gud. Er du kraftlaus, skjønar han det; er du forvira, likeeins. Men slappe ord dett rett ned.

Ta ein djup innpust, kjenn at du når heilt inn i botnen av lungene, heilt ned i innvollane. Derifrå skal orda dine kome. Ei kunngjering i klårtekst, ikkje små fotnotar. Kom til saka, sei det som det er. Slutt å surre, ta det heilt ut!

Det er å skrifte.

Gud toler det. Han ventar på det.




kategoriar