Arkiv for juli 2009

31
Jul
09

Til lesaren: Kommenter gjerne!

Etter statistikken å døme, har visst denne enkle bloggen mange lesarar og brukarar. Det er fint. Meninga er at han ikkje skal vere for vidløftig i form og utstyr, men ha så bra innhald som mogeleg.

For vel eit år sidan var det ein del ivrige debattar og kommenteringar på bloggsidene. På eit tidspunkt måtte eg vere litt ordstyrar og setje litt grenser. Kanskje gjorde det at folk var litt for stille av seg? Kanskje ville det vere bra om fleire av dei som les bloggen, gjev seg til kjenne med tankar om tinga? Sjølvsagt er det mogeleg å berre bruke bloggen som «lectio», som lesnad til eigen ettertanke. Eit litt fordjupande og kontemplativt preg syns eg det er bruk for i den litt rastlause og spragla bloggverda. Men: Skriv gjerne kommentarar og tankar som du vil dele med andre – og med meg. Gjerne kort og greitt. Kom igjen 🙂

Reklame
31
Jul
09

officium: Fredag, 17. vike i det allmenne året, 2 Kor 11,30-12,13 (matutin)

”Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko…” (12,1)

Sjølvros tener eigentleg ikkje til noko når ein som apostelen veit at mysteriet i eins liv er Jesus Kristus og hans makt i vår vanmakt. ”Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt”, seier Paulus. Guds røyst kviskrar i sinnet hans: ”Min nåde er nok for deg” (12,9).

Og likevel: Paulus vedstår seg livet sitt, også det positive, sterke og gode. Kvifor ikkje? Det er jo Guds gåver! Han bøyer seg ikkje for dei som vil usynleggjere han, få han til å teie og vike. Han veit kva han står for, han underslår ikkje sin innsikt og si livsrøynsle. Heller ikkje åndeleg. Han har ei røynsle av Gud; for fjorten år sidan vart han ”rykt inn i den tredje himmelen” (11,2).

Livet er verkeleg. Ikkje ein teori. Det må vi våge å vedstå oss.

30
Jul
09

officium: Torsdag, 17. vike i det allmenne året, 2 Kor 11,7-29 (matutin)

”Ofte var eg på ferder, i fare på elvar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark…” (v 26)

Å vere apostel er å vere på ferd, er å vere i fare. Ein apostel overskrid denne verdsens kategoriar; by og land, framand og landsmann. Han tilhøyrer ein annan orden:  Den verda som kjem, som alt er i ferd med å finne feste i denne verda. Ein apostel ser alt i eit høgre og lengre perspektiv: ”Alt for alle”, seier den hl Paulus; ”Ad majorem gloria Dei” (til større ære for Gud), seier den hl Ignatius av Loyola; ”Korleis skal det gå med syndarane?”, sa den hl Dominikus; ”Eg har vore trufast mot det himmelske synet”, sa Hans Nilsen Hauge, og gjorde Pauli ord til sine.

Biskopane er dei fyrste apostlane sine etterfylgjarar, i samarbeid  med dei alle prestane og tenarane for Ordet – og alle truande er vigde til eit apostolisk kall i dåpen og ferminga. Dei skal sjå lenger enn alle hindringar og fårar. Sjå tvers gjennom mørkret, sjå Guds plan som vert verkeleggjord i verda.

Ofte nedslegne. Aldri utslegne.

30
Jul
09

discursus: «PIlgrim i dagens Noreg»

her er kompaktmanus for føredraget på Avaldsnes under Olavsdagane der. Og med bloggens markering av Olsok. Avaldsnes kyrkje ei Olavskyrkje frå mellomalderen. Ein viktig historisk plass…


Det handlar om mentalitet; dette er ein liten pilgimsteologisk mentalitetsanlyse…

Pilgrimsferder, ja sjølve pilgrimstanken, er blitt vanleg igjen i dagens Noreg. Eg hugsar fyrste gongen eg gjekk med ei gruppe over Dovre mot Nidaros, på åttitalet. Aftenposten kom og laga reportasje. Det var noko nytt; kombinasjonen av historie, fellesskap, natur, fysisk anstrenging, undervising, og bøn. Sidan har det teke heilt av.

Vi må sjå det som ein del av den religiøse oppvakninga. Samtidig som det er mangetydig. Det ventar ei verkeleg lang pilgrimsferd for å finne fram til det som er grunntanken i det tradisjonelle pilgrimsmotivet. Fordi det norske landskapet, religiøst og ideologisk, har mange hindringar som vi oppdagar når vi legg i veg…

Lat oss sjå nærare på nokre av desse hindringane; dimensjonar ved den tradisjonelle pilgrimstanken som buttar mot den norske tenkjemåten:

-At det i det heile er tale om eit religiøst mål. At Gud i det heile finst. Det finst nosk gudstru, men ofte svært vag. Ja, ein del av ideologien er at trua helst skal vere vag. Trua som privatsak.

-At målet er vktig, ikkje berre vegen. Vi vil vere søkjande. Men: kan ein søkje noko ein ikkje ynskjer å finne. Den som leiter etter ein bortkomen…? Den som lengtar etter den han/ho elskar…? Å søkje, er å søkje noko…

Jfr Hebrearbrevet, som talar om trua som ei pilgrimsferd, og om dei heilage gjennom tidene som pilgrimar: Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser... (Hebr 11,1). Ikkje uviktig at det vi trur, verkeleg finst, at det vi søkjer å finne, verkeleg kan finnast! Tru er å tru noko bestemt, tru er å ville noko, å ha eit mål. Vi les vidare, om dei heilage trusvitna:

I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda. Dei som talar slik, viser at dei lengtar etter eit fedreland. Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å venda tilbake. Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av dei, men vil kallast deira Gud, for han har gjort i stand ein by til dei. (Hebr 11,13ff)

Sjølsagt er vegen viktig, sjølsagt opplever ein noko godt og viktig undervegs; gleder og strabasar, strabasiøse gleder og gledelege strabasar. Vandringa er ein skule – som for Israel i øydemarka. Dei skulle til Kanaan, målet var tydeleg, men det var på vegen dei mottok Lova, blei innvigde i Sinai-pakta, lærte Guds veg og vilje å kjenne.

-At det finst heilage stader og heilage menneske. Vi har eit nivellerande og egaliteriserande syn på røyndomen. Bra, men einsidig. Alle stader er heilage, som skapte av Gud. Men stader der Gud særleg møter oss, er heilage på ein særleg måte. Då Moses møtte engelen, møtte Herren, i den brennande busken: Då sa Gud: Kom ikkje nærare! Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord’ (Ex 2,5). Kor uvante er ikkje dette fos oss norske verdsmeistrar: Kom ikkje nærare! At noko er heilagt. At noko ikkje er direkte tilgjengeleg! At noko ikkje er laga av menneske!
Og: Gud brukar menneske ulikt. Trua har sine førebilete, sine heltar: Martyrane, vedkjennarane, dei som Gud fekk forandre, omskape, bruke, ofte på trass av seg sjølve; som David – krigar, mordar (Urias), horkar (Batseba); som Peter (fornektaren); som Paulus – medskuldig i drapet på Stefanus, ein forfylgjar, ein som sa: -Kristus kom for å frelse syndarar og mellom dei er eg den største.

Oscar Wilde, som omvende seg på slutten av eit ikkje altfor fromt liv, sa at det var den katolske kyrkja han heldt for sann – fordi han han hadde fått stole paraplyen sin i ei kyrkje og skjøna at denne kyrkja er for syndarar. -Den katolske kyrkja er for syndarar, dei respektable kan greie seg med den the Church of England, sa han.

Helgenen – eit menneske som Gud har fått bruke, om så på tvers av han sjølv; som Olav! Vi har eit borgarleggjort syn på det heilage, ja, på trua og kyrkja i det heile. Alt skal vere på det jamne. Men kristen tru ferdast i djupet og i høgda! ”Frå det djupe…” (sal 130)! ”Sursum corda/Lyft dykkar hjarto…”(innleiingsdialogen/prefasjonen til nattverdbøna, slik det har lydd heilt frå tida i katakombane; ja, nettopp der)

Vi er så uvane med det å kunne ta de heilt ut; difor uvane med det heilage, med helgnane, med klosterlivet; med sølibatet, fattigdomen, lydnaden –ikkje som noko betre enn andre livsformer, men som radikale teikn på det som er annleis, på det umogelege, det ”hinsidige”, på det Guds rike som skal kome og snu alt opp ned, og som samtidig er kome, er nær…!

Det er dette gjennomtrengjande og verkelege ved det heilage som også ligg i i trua på at at jordiske leivningar av ein heilag kan ha kraft i seg:
Som Elisjas bein i grava;
som Jesu kappedusk (han snudde seg fordi han kjende det gjekk ei kraft utfrå han…), ei sjuk kvinne hadde rørt ved han;
som skuggen av apostlane som fall på dei sjuke dei hadde bore ut på gata der apostlane passerte

Frelsa, helginga omfattar ikkje berre sjela og moralen, men også kroppen! Slik at mennesket verkeleg vert endra, fornya, heilaggjort, guddomleggjort!

-At Gud verkeleg kan høyre bøner! At han lever og handlar! Gud er ein levande Gud! Han elskar, lid, endrar seg, bryr seg, kjempar med oss, ”gjer så godt han kan”, så å seie, fordi han er bunden av truskapen mot sitt eige skaparverk, slik det no ein gong er også som fallen skapning, bunden av den fridomen han har skapt menneska med.

NB: Dei tankane eg har lista opp, er det uråd å oversjå dersom vi skal vere pilgrimar i kristen tyding. Ingen kan vere kristen pilgrim utan å tru på dette. Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han. (Hebr 11,6).

Nokre andre moment i den kristne pilgrimstanken:

-Bota. Ein strabas, ein omveg, som Israel i øydemarka igjen; ein skule, ein skuleveg… Syndstilgjevinga tek ikkje bort Guds pedagogikk, ’den timlege syndestraffa’ som vi katolikkar kallar det. Alle Guds heilage får kjenne det: Peter: -Ein annan skal binda opp om deg og føra deg dit du ikkje ville. Paulus:- Herren har sendt meg ein Satans engel, ein tagg i kjøtet, for at eg skal skjøne: -Min nåde er nok åt deg.. mi kraft vert fullenda i di vanmakt..

Vi treng å kjenne det på kroppen: Eit glas vatn, ein mynt eller setel i korga, kjenne forsakinga (faste), dele smerten åt dei andre.

Ein verkeleg pilgrim, gjer alltid ei indre reise. Han endrar seg, kjem lenger. Skriftemål og livsoppgjer høyrer med i den kristne valfarten.

Kva så med dei som legg ut på pilgrimsferd i ein heilt annan modus? Velkomen til alle, seier eg! Kven veit kva som kan skje undervegs? -Den som ikkje er mot oss, er med oss, seier Herren om dei som gjer det gode.

Men: Lat kyrkja halde fast på si forståing og sin praksis! Så ho kan vise veg for dei som vil vere kristne pilgrimar.
Kvifor er mange framande for den kristne forståinga? Å tru på noko betsemt, å søkje mot eit verkeleg mål, å vente noko konkret av Gud? Kanskje fordi det forpliktar oss? Vi må ta ein sjanse. Ta eit val. Satse på noko. Stå eller falle med det. Ikkje kunne ”levere tilbake” når det ikkje passar oss lenger.

Å våge oppbrotet. Å ta steget.Det er kallet til det norske mennesket, den norske pilgrimen i dag! Kven du enn er; du må gjere eit val, vite kven du er, kven du vil identifisere deg med, no man is an island, anten du er rik eller fattig, uansett kva livshistorie du har, med sigrar eller nederlag, du må velje kvar du vil, kven du vil gå saman med – Eg vil tilrå at du seier, som det står i pilgrimssongen:

Jeg har valgt å gjøre selskap med Guds enkle vandringsmenn/det må koste hva det vil/men jeg vil hjem til himmelen!


28
Jul
09

carpe diem: Avaldsnes

Avaldsnes. Det kan du lese om i Snorre. Ein vakker stad, eit grønt nes like ved leia gjennom Karmsundet i innseglinga sørfrå til Haugesund. Ute på neset, høgt på haug, ligg den gamle steinkyrkja frå mellomalderen; fylkeskyrke var ho, og difor stor og stasleg.

Hit kom eg i embets medfør som preikebror i dag, for å halde føredrag i samband med dei årlege Olavsdagane her. Kom frå Sunnmøre, via Bergen, og returnerer same vegen i morgon. Reisa gjekk med buss og ferje (Halhjem-Sanmdvikvåg). Som lettmatros i ferje- og kystfart i skuledagane mine, og som alltdi interessert i skip og båtar, treivst eg med å ta dei nye gassdrivene ferjene som no går i dette sambandet. Flotte farty, robust utstyrde for pasasjerane både i salongar og på dekk; ikkje noko dill. Stål og tre.

Og dei gjer god fart og skjer seg gjennom sjøen, eit heilt lite cruise gjennom vakre Sunnhordlands-farvatn. Vel forbi Reksten på innsida og Austevoll på utsida, opnar havet seg rett ut. Så kjem vi til den lune hamna nørdst på Stord, i Fitjar. Sol og høge tårn av skyer, frisk bris og mørke, krafige regnskyll som er over like fort som dei kjem. Det har vore ein turr sommar, vatn trengs, særleg i dette grøne landet her vest.

28
Jul
09

officium: Måndag, 17. vike i det allmenne året, 2 Kor 8 (matutin)

”Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud” (v 14)

Den innbyrdes solidariteten, ikkje berre åndeleg, men også materielt og økonomisk, har vore ein del av livet i kyrkja frå fyrste stund. Urkyrkja i Jerusalem hadde felles kasse og sytte for sosial hjelp til trengande grupper, til dømes enkjene.

Diakonien tilhøyrer kyrkja sitt vesen. Kyrkja er ein verkeleg fellesskap. Vi kan ikkje selje ut all omsorgen til det sekulære samfunnet. Trua angår både kropp og sjel. Difor er innsamlinga av midlar ein del av det apostoliske ansvaret. Difor er instruksane om gjevartenesta  teken med i Det nye testamentet.

Nokon syns kollekt og innsamlingar er uåndeleg pengemas. Medan det i røynda er ei gudsteneste.

27
Jul
09

officium: Sundag, 17. vike i det allmenne året, 2 Kor 7 (matu

”Verdsens sorg fører til død” (v 10)

Kropp og sjel heng saman. Sorg og uro som set seg fast, bryt livet vårt ned. Døden er redsla i alle våre redsler, i alt vi engstar og uroar oss for. Også uro og sorg som er realistisk nok og som har med omsorg for andre å gjere, kan bli destruktiv. Gud har skapt oss med ei naturleg tiltru til livet, men problema vi møter, kan maktstele oss. Døden er ikkje berre eit siste punkt. Døden er ei psykisk og fysisk makt.

Difor skal vi overgje vår sorg til Gud. ”Er Gud for oss, kven er då mot oss?” (Rom 8, 31). Guds born møter også vanskar, men det dristar seg til å seie: ”Syrg, å kjære Fader, du/eg vil ikkje syrgja”.

I denne bøna er det livskraft. Fordi ho overvinn angsten for dei tapte sjansane. Overvinn døden.

24
Jul
09

carpe diem: Haram

I dag har eg vore ute på Haramsneset. Eg sykla utover Åkre og Haram i middagstida. Det er jordbruksland av klasse. Strandflata frå fjell til fjøre er heilt oppdyrka, som eng og som beite. Andreslåtten, hoa, står tjukk som ein kornåker utover dei flate, breie markene. Fjorden mellom Haramsøya og Løvsøya i sør er spegelblank. Øyasommar. Eg slengjer frå meg sykkelen ved grinda der fellesbeita byrjar. Seksti, sytti kyr talde eg.

Det er ikkje lenger fiskerinæriga som dominerer Haram kommune. Det er ei jordbruks- og industrikommune. I avisa i dag las eg at kommunen er den nest største industrikomunen i Møre og Romsdal, med over 2000 tilsette i ulike verksemder. Stort sett knytt til marin teknologi: Skipsverft, produksjon av peileutstyr, styremaskinar, skipsvinsar osv. Folk er flittige; ”sunnmøringen rullar stein mens han kviler”, som kjent.

Ute på Stavneset, det ytste neset, sat eg i sola. Ti skarvar sat svarte på sin stein like utfor land. Stundom piler dei ut frå land, ofte to og to. For å dukke og fiske. Av og til fær dei opp i dei høge, stupbratte fjellhamrane bak meg, og tidlegare har eg sett korleis dei leikar seg med avansert glideflyging utover havet i lange sveip, i rasande fart. Stormåsen ror meir bedageleg til og frå.

På returen er eg innom den gamle kyrkjegarden på Haram, midt i det som var det gamle garden; som ein landsby, før utskiftinga av jorda og utflyttinga av husa rundt 1880. Her stod stavkyrkja fram til 1838. Då vart ho riven og ny kyrkje sett opp lenger inne på øya.

Eg bad Fadervår og Salve Regina – det har vore bede her før – og sykla sakte innover øya.

24
Jul
09

officium: Fredag, 16. vike i det allmenne året, » 2 Kor 5 (matutin)

”Fordi vi kjenner otten for Herren, prøver vi å vinna menneske, medan livet vårt ligg ope for Gud”  (v 11)

Paulus insisterer frimodig på sitt embete – fordi han ikkje går sitt eige ærend, men Guds. Noko som berre kan provast i praksis, ved hans opne og synlege livsferd.

Tenesta må tole å bli sett av alle, fordi ho angår alle. Evangeliet er ikkje eit partiprogram, det er ein universell bodskap. Gud har skapt alle, Kristi frelsesverk gjeld alle; ”ein døydde for alle, difor har dei alle døytt” (v 14). Gud har i Kristus forsona heile verda med seg. Difor går denne apellen gjennom verda: ”Lat dykk forsona med Gud!” (v 20).

Evangeliet er verdsomfattande, katolsk. Difor kan ikkje dei som tener det, vere drivne av snevre særinteresser, korkje eigne eller andres.

23
Jul
09

carpe diem: Ut i øyane

No er det Nordøyane; øygruppa nord for Ålesund, for det meste Haram kommune. Her er det romsleg; fine, flate gardar, fjell som er gode gå på og med heftig utsikt innover og utover, vêrharde svaberg og fjellskallar eller lange nes og breie strender yttarst ute mot vest. Der sit eg mykje. Som i går; på ei berghylle med storalda (havdønningen) rett nedfor føtene, fem, ti meter ned. Det bryt nydeleg, særleg over ein liten holme tett ved. Kvitt skum og grøn sjø, sjølv no når havet er i sommarleg godlage.

Skarvane frå ein skarvestein litt innanfor fyk forbi i låg høgd over bylgjene. Men havsulene – dei verkeleg svære sjøfuglane, som albatrossar – ser eg ikkje i år. Dei hekkar på Runde, men tar vanlegvis lange slag også hitover. Kanskje det er lite mat i havet for tida? Sola varmar, shortsen og T-skjorta er meir enn nok. Dette er ein super plass å lese Newman; engelsk kultur- og kyrkjeliv frå Victoriatida får lufte seg her.

Eller berre sitje. Gud er her. Så sykle tilbake innover Ulla-garden, kome seg i hus. Etter å ha site ei god stund i den opne naustdøra. Kveld.

Same program i dag, men istaden for Ulla var det Flem. Flodheim. Same vêret; varme skyer med store flak av solblå himmel, stadig skiftande. Skal vere her ute til sundag, då har eg messe i Vår Frue krk i Ålesund.

23
Jul
09

officium: Torsdag, 16. vike i det allmenne året, 2 Kor 4, 6-18 (matutin)

”Vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss” (v. 7)

Apostelens legitimet og truverde inneber ikkje at hans liv er ein suksses og er vellukka i det ytre. Noko av det Paulus måtte lære sine born i Korint, var at motstand, vanskar og liding er adelsmerke for Guds sendebod. Dei representerer den krossfeste Gud, ikkje berre med sine ord, men med si eiga livsrøynsle; ikkje berre ved å  tole ytre vanskar, men òg ved å tole sin eigen veikskap, sin ”tagg i kjøtet”.

Fordi bodskapen er større enn bodberaren. Fordi Guds kraft overvinn vår veikskap. Karrieristar og supermenn er ikkje det kyrkja treng.

Heller ikkje samfunnet elles.

23
Jul
09

discursus: Undset aktuell

idag er det festen for den hl Birgitta (av Vadstena), ein av Europas vernhelgnar. Då passar det med litt Sigrid Undset – som både har skrive om Birgitta, og som kanskje liknar henne litt…

ETISKE VERDIAR OG KRISTEN TRU

Sommarlektyren omfattar også stoff som dukkar opp undervegs; det må alltid vere plass for det som er impromptu, tilsydelatande tilfeldig, det som Oskeladden finn i vegkantane.

I dag kom eg over ei bok av Sigrid Undset; ei essaysammling (Etappar, Oslo 1933. À propos: Ver obs på nyutgjevinga av Undset-stoff, ved Liv Bliksrud dei siste par åra). I det eine essayet: ”Svar til en sogneprest” syner Undset, som så ofte, si profetiske innsikt om kulturutviklinga. Ho seier m.a.:

Vi maa forsøke at gjøre os dette klart – vi tør ikke gaa ut fra, at noget i Europæisk tradition, kulturværdier, moralbegreper, følelsesrikdommer, som har sin oprindelse i den katholske Kirkes dogmatisk definerte kristendom, skal fortsætte at leve videre et ”naturlig” liv, hvis Europas folk forkaster kristendommen og nægter at ta imot Guds overnaturlige naade. Man kan like gjerne tro, at et træ hvis røtter er hugget over, skal bli ved at grønnes og bære blomster og frugt” (s 211).

Poenget mit her er ikkje ei markering i høve til andre religionar. Eg trur Undset i dag ville skjønt at alle som trur på Gud og på ei guddomleg makt, har grunnar for å stå saman. Poenget er hennar klårsyn når det gjeld å ta positive verdiar for ”gitt” utan å sjå deira forannkring i konkrete tradisjonar. Ja, for Undset handlar det om å få sagt at også moralske standarder og livsformer er svært utsette dersom dei ikkje har støtte frå Guds openberring, slik kyrkja og Bibelen har overlevert det til oss.

Ho appliserer dette på område som t.d. sjølvmord og ekteskap. Respekten for livet, også mitt eige, er forankra i trua på Gud som skapar og på mennesket sin evige lagnad. Om framtida for ekteskapet seier ho:

Ikke fordi jeg tviler paa, at mange enkelte protestantiske kristne hver for seg kjæmper for kristendommens gamle standarder. Men som organiserte kirkesamfund har alle protestantiske sekter omntrent, i alfald i spørsmålet om egteskap og familieliv, kapitulert overfor de hedenske synsmaater” (s 224).

Sjølv om eg ikkje meiner det utan vidare er rett å kalle protestantiske kyrkjesamfunn for sekter, er Undsets ord svært råkande for den situasjonen vi står midt oppe i idag, både kyrkjeleg og samfunnsmessig.

Vi har lett for å tenkje at ei katolsk forfattarinne som skriv om mellomalderen på ein positiv måte og framhevar den katolske historia som ein verdfull arv, vil agitere for ei samfunnsmessig tilbakevending til gylne epokar. Då er det frigjerande å sjå kor fjernt dette er for en tenkjar og samfunnsdebattant som Undset. Ho var fullt på det reine med at katolsk – ja, kristen- tru og etikk, ville måtte ta høgde for å kome i minoritetsposisjon i framtida. Ho er pessimistisk, men ikkje på ein sur og snerpete måte. Det er ein klargjerande og sanerande pessimisme, ei naudsynt realitetsorioentering.

Som kristne – og særleg som katolske kristne – er det viktigast å halde fast på ideala for vår eigen del, noko som er desto vansklegare når vi ikkje har støtte frå samfunnet elles. Det må vere klårt at kristen etikk, ikkje minst på det samlivsetiske området, i praksis førutset Gud og hans openberring, lært og formidla av kyrkja, stødde av andre truande og av menneske av god vilje. Eit kristent liv førutset også Guds nåde og nådemiddel, ein levande fellesskap, innsikt om at mennesket både er skapt i Guds bilete og ber i seg destruktive krefter. Til sjuande og sist førutset det også ein innsikt om at mennesket er skapt til evig liv hjå Gud og at det har ein evig lagnad å ta stilling til.

Gud kan endre alle situasjonar. Nettopp difor kan vi, utan fortviling og forsuring, våge å vere ærlege.

22
Jul
09

officium: Onsdag, 16. vike i det allmenne året, 2 Kor 3,7-4,4

”Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit” (4,2)

Ein apostel og forkynnar er ein person som er tillit verdig eit påliteleg og sunt menneske. Sameleis er forkynninga ein offentleg bodskap, ein tale som toler dagsljos og etterprøving. Kvart menneske har eit samvit og ei dømekraft som kan ta stilling til kva som er truverdig og sannferdig.

Teologi og forkynning stiller ikkje ein klasse for seg der ein er unndregen menneskeleg omdøme og berre lar orda klinge som ”heilage lydar”. Talen om Gud skal gje meining, sjølv om han sprengjer våre meiningar.

Som forkynnar må du tole å at både Gud og menneske er dine tilhøyrarar.

21
Jul
09

officium: Tysdag, 16.vike i det allmenne året, 2 Kor 2,12-3,6 (matutin)

”Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev” (3,2)

Kyrkja har ein autoritet, eit hierarki. Apostelen skriv for å verje sitt apostelembete. Jamvel Kristus sa til læresveinane, då han gav dei tenaren som føredøme: ”De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg” (Joh 13,13).

Men kyrkja er ikkje eit folk av kommandantar og kommanderte, ytre disiplin er ikkje det som held henne saman. Mellom dei truande og deira hyrdingar er det ein fri og ekte relasjon. Folket og hyrdingane er brør og systre og samstundes er Paulus deira åndelege far som har vore med å født dei til liv i Gud.

Den frie mottakinga av forkynninga og undervisinga er det som gjev leiarane legitimitet. Når korintarane syner skepsis mot Paulus, minner han dei om at dei høyrer saman med han frå fyrste stund; som ”eit brev som har vorte til ved vår teneste” (v 3).

Ein hyrding og ein leiar, ein som har autoritet, må dele lagnad med sine eigne. Vere èin av dei.

21
Jul
09

carpe diem: Frå Kinn til Haram

Regntung transit frå Kinn, Askrova og Florø, via Stranda til øyane i Haram. Messa på Kinn var ei verkeleg valfartsmesse for meg. Viktig å kome til ein av dei stadane der Gud fyrst sette foten på land i Noreg. Kinn er ei lita øy med mykje fjell, berre ti fastbuande. Kulturlandskapet er vakkert som landskapet elles. Godt vedlikehald, hus som blir brukte, bøar som blir slegne, sjølv om det meste er fritidsdrift. På innsida av det smale Kinnasundet ligg Rognaldsvåg på øya Reksta, med god hamn og ein tett krans av hus rundt vågen. Då kystfisket var på si høgd, kunne det vere tusenvis av menneske her i sesongane. Og det var ferdselsleia heilt her ute som var hovudvegen med dei største stadane; Nord-vegen, langs kysten og ut mot verda elles. Det er vel òg noko av grunnen til at ei så stor kyrkje som den på Kinn kunne leggjast her, som ei hovudkyrkje i området.

Messa var enkel. Tretti menneske. Tre tamilske katolske familiar frå Florø var med og bidrog med sterk og tydeleg respons i dei liturgiske svara og i songen av kjende norske salmar. Her var det ikkje turistar som feira, men vanlege truande i den verdsvide kyrkja. Sri Lanka, Florø, Kinn – eitt i Kristus, i den katolske kyrkja. Dei same bønene som lydde her dei fyrste hundreåra av soga åt dette kyrkjehuset. Veggene lytta, og song med. Kinn er ei engleøy.


No blir eg nokre dagar her ute på heimlege øytrakter. Her er både farsslekt og mange vener og kjenningar. Fjell og fjøre ventar.

20
Jul
09

discursus: Newmaniana iv: Kjeldene for trua

Religion for Newman begins for all believers in devotion to Christ, and theology (…) is the rational explication of thos devotion, seier Newmans biograf, og siterer Newman sjølv: The ordinary Christian
does not encounter the Curch’s doctrinal teaching in the writings of theologians but in the trust and confidence and love of the Church’s worship.

Her stadfester Newman det gamle prinsippet: Lex orandi lex credendi; bøna si lov er trua si lov – ”lov” står her for ”regel” eller ”norm”. Å innsjå dette, er også å innsjå den historiske dimensjonen i trua, ja, i idéutvikling i det heile. Det er uhaldbart å tenkje seg at vi kan setje oss ned med ei bok- som sjølv er blitt til i ei svært lang historie – og lese direkte ut av henne dei ferdige læreformuleringane vi vedkjenner oss til. Trua, dogmagtisk og læremessig formulert, er noko vi har teke i mot som eit resultat av teologisk refleksjon, av debatt og kontrovers, av vedkjenning og vitnemål, av trusliv og tilbeding. Gudstenesteliv, forkynning, liturgiske og sakramentale ritar – alt dette har vore med å meisle ut dei kyrkjelege læresatsane og trusvedkjenningane.

Å hoppe bukk over denne lange historia og å lausrive seg frå den vedkjennande felleskapen som er den historiske kyrkja, er late att augo for korleis vi har motteke trua, Skrifta, ja, heile den kristne arven.

Aller viktgast er gudstenesta og tilbedinga som arnestad for truslæra. At Gud er treeining, at Kristus er Gud og menneske, at han er unnfanga og fødd på underfull vis, at han vart lekamleg reist opp av grava og sit ved Fadernes høgre hand, at hans liv og død var ei frelsargjerning, at han skal kome att i herlegdom og døme levande og døde – alt dette har kyrkja teke mot som ei gåve som ho har takka og lovprisa Gud for. Å forkynne Herrens gjerningar, som det ofte heiter i GT, eller å forkynne hans død til dess han kjem, som den hl Paulus seier det i det fyrste brevet til korintarane – det inneber nettopp å lovprise slik ein gjer det i den liturgiske feiringa. Lovprisinga forkynner og lærer; ei rett lære er lovprisande.

Bibelen, Den heilage Skrifta, har alltid vore ein avgjerande refereanse for tilbedinga, for læra og forkynninga. Skrifta er guddomleg inspirert og vil alltid vere hovudbsubstansen i lære og liturgi. Men Skrifta har også alltid kome til oss gjennom gudsfolket, gjennom Israel og kyrkja. Ingen av oss kunne ha motteke eller vedkjent trua utan gjennom denne heilage fellesskapen som har ført stafetten gjennom historia. Heilt til oss.

20
Jul
09

officium: Måndag, vike 16 i det allmenne året, 2 Kor 1,15-2,11 (matutin)

”Eg tek Gud til vitne – han som rår for livet mitt” (v 23)

Tillit er vanskeleg. Paulus måtte skrive både fyrste og andre brev til korintarane for å overtyde dei om sin autoritet som apostel. For mange av dei synetst han ikkje å vere åndfull nok. Han måtte syne dei at også lidinga og motgangen, ja, krossen, er eit teikn på Guds makt og Guds kraft. Guds kraft syner seg i vår vanmakt, seier han.

Apostelautoriteten er gjeven av Kristus, og kyrkja har eit hyrde- og læreembete med fullmakt frå han. Men også dei som har slik autoritet, gjennom sitt kall og sin vigsel, må vere personleg etterrettelege og tillitverdige. Til sjuande og sist er det vårt tilhøve til Gud som er avgjerande. Han kjenner oss. Det mennesket som vågar å la Gud rå for livet sitt, fylgjer ein bein veg. Han eller ho kan du lite på.

Det kan ikkje provast, anna enn i praksis og som røynsle.

19
Jul
09

poetica: Eit dikt i dag

ASKROVA

Du voggar meg mot vest, du vesle øy!
Er du eit skip med kjøl og segl?
Er du ei gamal, fura kvinne,
eller ei blyg og grønkledd møy?

Du er visst alt! Her har det slite folk på berg og bø,
her har dei losa inn i frå vest,  i brott og sjø.

No er du som ein kviledag, no er du heim for folk
som du gjev fanget fullt av sol og salt og vêr,
av venskap med kvarandre og med deg og alt som er,
med Gud som kastar øyar ut som perler or si hand,
og let dei gli igjennom neven sin, som rosenkrans og bøneband.

Eit lite stykke kosmos er du laga av;
eit gledefullt mysterium av himmel og av hav.

19
Jul
09

carpe diem: Askrova vaknar

Askrova; ei lita øy som vaknar ein tidleg sundagsmorgon. I går, som dagen før, var det varmt og lummert, og i løpet av natta seig dei fuktige sommarskyene frå sør innover øyane og la seg ned over fjellsidene. Og slapp stille, tett regn i frå seg. Så då eg stod opp i dag tidleg, var det skikkeleg grått og vått her. Men Laudes og morgonkaffi hjalp, for raskt tok det til å lette: No ser eg Kinn og Reksta ute i nordvest, alle fjella hiv av seg skoddehatten og den lange rifta med blå himmel i horisonten, veks seg stadig større. Nokre friske vindpust hjelper også til. Vêr og vind skifter fort i havgapet.

Øya her er idyllisk, meir og meir overteken av sommargjester; både folk som kjem tilbake og tek vare på dei fråflytte husa, og folk som byggjer seg sommarhus og hytter her ute. Eg kan sjå korleis to epokar, to næringstrukturar, skifter gradvis plass. Småbruk og fiskeri vik plassen for fritid og turisme. Nokre få bønder brukar det meste og beste av den dyrka jorda, til sauderift og mjølkeproduksjon, som vanleg på Vestlandet. Eit forholdsvis nytt grendahus er eit livsteikn, men skulen – som og er ny og fin, er dessverre nedlagt. Butikken ved kaia går bra takka vere turistar og hyttefolk. Bedehuskapellet ser velhalde og fint ut.

Men elles er det mange spor av at den gamle levemåten med kombibruk, er over og ut. Litt nedfalne naust og uthus gjev ei viss melankolsk-nostalgisk stemning, men feriefolk, ombyggjing og nybyggjing for fridtidsføremål, muntrar opp. Det har nok vore tøffe livsvilkår her ute; gardane er mykje mindre og magrare enn på sunnmørskysten der både øyar og fastland har store, vide strandflater med djup jord. Her har det vore fisken, og ikkje minst silda, som har vore livsgrunnlaget.

I dag skal vi skyssast over til Kinn og Kinnakyrkja, eit par, tre sjømil ut- og nordover.- Messe kl 1600. Sola skin snart….

18
Jul
09

Officium: Laurdag, vike 15 i det allmene året, 2 Kong 2,1-15 (matutin)

”Og Elia for opp til himlen i stormen” (v11)

Elia og Elisja vandra saman, meistaren og læresveinen. Elija, profeten som hadde teke vare på Israels tru og truskapen mot Sinaipakta, i ei tid då folket nesten hadde gløymt henne. Berre ein mann som levde nær Herren, kunne vende folket tilbake til deira Gud. Elia – som ein munk, ein einebuar i ørkenen, i si grotte, med ramnar som bar mat til han. Ein profet som levde på døstokken mellom Gud og verda, mellom den usynlege og den synlege røyndomen.
Difor var han henta heilt inn; med kropp og sjel lyft opp i himlen, boren av storm og eld. ”Å far, far! Israels vogner og hestfolk”, ropte Elisja ut då han såg himlane opne seg.

Eit meir kontemplativt liv ville få oss til å kjenne kor tynn veggen er mellom himmel og jord. Englar omgjev oss.




kategoriar