Arkiv for desember 2007

31
Des
07

poetica…

stille snø, ei nyttårsnatt, nokre få år sidan…

NYTTÅR

Eit nytt år
la seg over det gamle

eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos
over berrfrost og skare
over alt livs
sprukne hud

det dreiv forbi
i ein augneblink av sanning
det berre kviskra over markene
sveva gjennom skogholta

la seg til ro
som ei uventa von
som ung nåde
over ei gamal jord

31
Des
07

carpe diem…

Stille sit eg her i klostercella. Det nærmar seg midnatt, litt bråk av rakkettoppskytinga som tek til så smått (mykje stillare enn i fjor og åra før, forresten). Har meditert på preika eg skal halde på høgmessa her i morgon. Skal snart gå ned i den stille, mørke kyrkja. Han er der. Alltid ventande.

Dette melder seg for meg:

Takksemd for menneske eg har møtt og hatt kontakt med i 2007. Svært ulike, av tru, av bakgrunn, av livssituasjon. Men noko har sprunge over frå den eine til den andre. «Cor ad cor loquitur», hjarta har tala til hjarta .. Noko som utvidar livet, som gjer at eg ser meir og lenger.. Særleg takkar eg for dei aller næraste av vener. Utan dei ville eg ikkje vore verkeleg menneske. Bøyer meg djupt i takk for dykk..!

Så, når tida skifter, tenkjer eg på orda i ei av bønene i messa, ei bøn som alltid går att, etter Fadervår-orda » men frels oss frå det vonde»:

«Libera nos quaesumus, Domine, ab omnibus malis, praeteritis, praesentibus, et futuris…«:

Fri oss, Herre, frå alt vondt, i fortid, notid og framtid; og på forbøn av den heilage og ærerike Maria, alltid møy og Guds mor, saman med dei sæle apostlane Peter, Paulus og Andreas og alle heilage: Gjev oss nådig fred i våre dagar, så vi ved di miskunns hjelp alltid må vere fri frå synd og trygde mot all trengsle. Ved Son din, Jesus Kristus vår Herre..».

Eg siterer etter den gamle messboka si formulering; fordi den nye, forkorta utgåva har teke bort noko viktig (som nok kjem tilbake): At vi verte fridde både frå fortida, notida og framtida sine fårar! I tida er både fortida, notida og framtida forbundne! Vi lever aldri berre i «noet». Kor mange er det ikkje som slit med notida og framtida fordi fortida har vore vond, fordi det er noko som er uoppretteleg, noko som synest uråd å lækje?! Men i Gud, i Kristus -nærverande i messa – kan fortida også misse sin brodd, sin dom og sine sår! Så utruleg! Så sant! Så uverkeleg! Så verkeleg! Difor kan vi «gripe dagen», gripe det nye året!

31
Des
07

officium…

Juleoktaven, 7. dag, sal 96 (matutin)

”Marka og alt det ho ber skal jubla, kvart tre i skogen skal ropa av fryd. Dei skal ropa for Herren, han som kjem; han kjem og vil døma jorda” (v 12-13).

Dagens tre matutinsalmar, salme 96 -98, er ein einaste stor lovsong over Guds frelse for himmel og jord. Ein lovsong for det frelsesverket som har sitt sentrum i Ordets inkarnasjon, i Jesus Kristus, Gud og menneske. Det er når vi les, eller helst syng, desse salmane, at vi skjønar kva verkeleg ”julesong” er. Ikkje ”white Christmas”, ”jinglebells” og ”Rudolf er rød på nesen” – men: Lovprising, liturgi, eukaristi (takkseiing) for eit fornya skaparverk! Les meir «officium…»

30
Des
07

nota bene…

DEN IDYLLISKE FAMILIEN

er ikkje det same som ”den heilage familien”, Jesus, Maria og Josef, som vi har feira i dag, sundagen mellom jul og nyttår. Det ser så søtt ut med julekrubba, og den barnlege fantasien har lov til å sjå det vakre i ”det heilage tablået” i grotta eller stallen i Betlehem. Sjå det himmelske i det jordiske og det jordiske i det himmelske.

Men dette må ikkje forvekslast med sukkersøt idyll eller eit glansbilete av den lukkelege, borgarlege ”kjernefamilien”. For det fyrste var det ein røff og utsett situasjon for ein liten familie, nettopp komen heim etter flukt til framandt land – fordi den lokale statsmakta stod barnet etter livet. Og vel heime, skjønt i fedrebyen og ikkje der dei budde til vanleg, får dei ikkje eingong sleppe inn i ein heim, men må la fødselen føregå i uthuset. Les meir «nota bene…»

30
Des
07

officium…

Juleoktaven, sundag, høgtida for Den heilage familien, sal 87 (matutin)

”Men om Sion skal det seiast: Der er alle fødde” (v 5).

Mennesket må ha ein heim. Mennesket har foreldre, sysken, fellesskap. Mennesket er eit ”sivilisert” vesen, det høyrer heime i ein ”civitas”, ein by, eitt tett samfunn. I alt mangfald er det ein einskap – og til sjuande og sist er det Gud og det samfunnet han skaper og held saman, som er menneska sin heim. Les meir «officium…»

30
Des
07

officium…

Juleoktaven, 5.dag, sal 72 (matutin)

”Han ynkast over småkårsfolk og bergar livet åt dei fattige” (v 13)

Mange av versa i denne salmen har dette fokuset: At kongen skal halde oppe retten, verje dei verjelause, sjå særleg etter dei fattige. Og for at det ikkje berre skal vere tale om ”åndeleg” fattigdom, står det ”småkårsfolk”. Ein sosial ”klasse”, ei definert gruppe, ein del av den samfunnsmessige røyndomen, rett og slett, ikkje berre einskilde stakkarar. Kongen skal ta sosialt parti. Les meir «officium…»

28
Des
07

nota bene…

RAMASKRIKET

Kyrkja feirar i dag festen for ”dei uskuldige borna”, dei som kong Herodes let avlive for å ta rotta på dette nye kongsemnet som skulle vere født i Betlehem. Slik har det seg at julesongen blandar seg med Rama-skriket

Kristus gjer seg til eitt med mennesket på det aller veikaste og mest utsette: som barn, utan fortenester og nytteverdi, utan å ha kunne prova at det får eit ”bra” nok liv til å rettferdiggjere sin eksistens. Det berre er. Mennesket. Guds bilete. Les meir «nota bene…»

27
Des
07

poetica…

er vestpå no, nærare heimlandet…

HEIMOVER

Ein dal stryk opp til fjells
med lange liers gras og skog,
det luktar sterkt av jord og lyng,
frå bygda høyrest skjer av plog
og kringom dalen stend eit kor av berg
og syng og syng.

Her fekk eg alt eg kallar mitt,
alt det eg er –
så eg stend skjelvande og takkar Gud..
Her kan eg le slik gutar lær,
her kan eg gråta ut.

Hit skal eg venda att ein gong
når det vert skumt mot kveld,
då skal eg nå mi siste høgd,
når sola raudnar over fjell…

då har eg sona alt,
då er eg nøgd

27
Des
07

officium…

Juleoktaven, 4.dag, festen for den hl Johannes apostel og evangelist, sal 99 (matutin)

«Moses og Aron var mellom hans prestar, Samuel mellom dei som kallar på hans namn» (v 6)

Israels lovsong har mange emne, mange tema: Skapinga av verda, utveljing av patriarkane og Israel, utfriinga av Egypt, Guds føring av folket sitt gjennom ørkenen inn i det lova landet. Les meir «officium…»

26
Des
07

poetica…

til ein god ven og hans familie, men kanskje til andre òg?…

GODNATTSONG FOR EIN VEN

God natt min bror
fred
over deg og ditt hovud
over dine
som kryp saman med deg under dyna
ein trinitet av kroppar

god natt
over alle dine gjerningar i dag
det du har leita fram
frå din lærdom
din visdom
di tru
og kanskje din tvil
som ikkje er ein tvil
men berre ditt
store alvor

god natt
over lidinga
som du gøymer inst inne
mot hjarteveggen
det som gjev augo dine
det store djupet
som er du

god natt over oss alle
fordi vi aldri kan sovne heilt bort
frå kvarandre
aldri vakne opp
og berre ha gløymt
vere gløymde

god natt
over dei timane som
alt er i ferd
med å bli
ein ny dag
ein ny glimt
av ei underleg framtid
der alle dine gåter og draumar
vaknar og faldar seg ut

fordi du har vore trufast

ditt hovud
ennå ungt men trufast
kviler no
under din engels åsyn

26
Des
07

officium…

Juleoktaven, 2.dag, festen for den hl Stefanus, protomartyr, sal 17 (matutin)

”Eg fylgde i dine fotefar og gjekk med faste steg” (v5)

Guds menneske, slik vi møter det både i salmane og andre stader i Det gamle testamenet, er ikkje redd for å vise til sin truskap mot Gud. Job insisterer på si rettferd, han ser Skaparen sin midt inn i augo og fordrar sin rett. I siste runde vert også han overvelda av den Gud som sprengjer alle våre dimensjonar, men samstundes får han den attesten at han har ”tala rett” om Gud. Les meir «officium…»

25
Des
07

poetica…

i ei sanddyne på Nordsjø-kysten, ein rar dag…

GEOMETRISK DAG

I alt skapt
er det rørsler
vinklar

byger skrått ned frå skyene
skip siglande langs horisonten
bortover
utover
hitover

bylgjer flytande mot meg
fuglar drivande over meg

alt er komande
farande
berre eg sit her

25
Des
07

carpe diem…

ROMJULA VIDARE

I dag har vi altså feira høgtida for Herrens fødsel; In nativitate Domini; «Fyrste juledag», som det vanlegvis heiter i Noreg. «Andre juledag» er festen for Stefanus protomartyr. Så fylgjer den 27. med festen for Johannes, apostel og evangelist. Den 28. er det festdagen for Dei uskuldige borna; dei jødiske guteborna som kong Herodes kverka for å å bli kvitt Jesus. Desse vert rekna for martyrar. Les meir «carpe diem…»

25
Des
07

poetica…

JUL (Fil 2, 1-11)

Incarnatus es pro nobis!
Eitt med Faderen frå æva,
alt du åtte,
alt du ofra.

Incarnatus es pro nobis!
Eitt med menneske her nede,
fødd som oss,
men rein og uskadd.

Incarnatus es pro nobis!
Tung var krossen,
djup var grava,
djupast elska du oss då.

Incarnatus es pro nobis!
Difor: Lovpris, exultate,
Namnet over alle namn!

(Oslo, 24 des-07)

25
Des
07

homiletica…

stjernene lyste i Oslo-natta, kyrkja var overfull då klokka slo midnatt og fr Arnfinn heldt denne homilien (preika), som han ynskjer gledeleg jul med…

JULENATT -07, ST DOMINIKUS KRK, LUK 2, 1-14

Brør og systre! I natt feirar vi Den store venskapen – venskapen med alle ting, mellom alt som er. Jula har store dimensjonar sjølv om hendinga går føre seg i ei grotte, i ein stall. Det handlar om venskapen mellom Gud og alle hans skapningar. Det handlar om ein glad bodskap for ”alt folket”, ja, for heile universet, for heile kosmos! Les meir «homiletica…»

24
Des
07

poetica…

i denne heilage natta…

DJUPASTE MØRKER

Djupaste mørker
ligg over jord,
frosthard er marka,
stjerna står stor
høgt over huset
– der på eit fang
Frelsaren kviler,
natta er lang

Kransa kring bålet
hyrdingar små
englesong høyrer.
No vil dei gå
like til stallen,
stilt stig dei inn,
kneler for barnet,
kysser hans kinn.

Angen av høyet,
bitter og yr,
pusten av trøytte,
nattvarme dyr,
vinden som kviskrar
– alt andar ut:
No er han komen!
Her er vår Gud!

Kongar frå Austen,
vismenner tre,
røykjelse, myrra,
gull har dei med.
Vidt har dei fare,
langt skal dei dra,
bodskap få bera.
Halleluja!

Tettast ved krubba,
moderleg god,
vaker Maria,
glad er ho no.
Guten ved barmen,
tvegen og fin;
Gudeson er han,
sjå kor han skin!

Maria, Maria,
visste du vel
alt som deg ventar:
Sverd i di sjel,
naglar og tornar,
blod på ein kross!
Ofrast lyt Sonen,
ofrast for oss.

Djupaste mørker ligg over jord,
alt fekk du prøva,
Jesus, min bror.
Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed!
Ven frå det høge,
du er min fred.

(Skriven i Bergen, jula 1995; «Salmar-97» nr 4, «Katolsk Salmebok» nr 584)

24
Des
07

officium…

Måndag, vike 4, sal 73 (matutin)

”Eg vart harm på dei hovmodige, då eg såg at det gjekk dei gudlause vel” (v 3)

Det kunne vere freistande å starte med eit anna av versa i denne salmen, eit av dei som uttrykkjer freden i Gud: ”Kven har eg elles i himmmelen? Når eg berre har deg, har eg ikkje hug til noko på jorda” (v 25). Men det går ikkje bra dersom vi prøver å ” late som”, å gå for raskt fram. Vi vil at livet vårt skal vere som ei andaktsbok; som fromme kapittel eter kvarandre. Slik er det aldri. Les meir «officium…»

23
Des
07

poetica…

fransk Nordsjø-kyst…

BERRE DETTE

Berre dette kan eg no:
gå ved havet
lange strender fram
lange tilbake

Berre dette høyrer eg no:
stor sus av bylgjer

Berre dette ser eg no:
Vind og himlar

Berre dette ventar eg på:
sjå Gud

23
Des
07

carpe diem…

Den siste adventssundagen vart stille, blåleg og ljos. Ein lett lag av rein snø over Oslo. Etter messa klokka ni gjekk eg utover i den ”store parken” som er Bygdø. Åkrane låg opp-pløgde inn til turvegen på båe sider, som ein stor sjø med frosne bylgjer. Les meir «carpe diem…»

23
Des
07

officium…

Vike 4, sundag, sal 66 (matutin)

”For du har sett oss på prøve, Gud, og reinsa oss, som dei reinsar sølv. Du let oss gå i garnet og la ei bør på våre hofter” (v 10-11).

Han let oss gå i garnet! Han utleverer oss! Han spelar høgt med oss! Han gjer oss heilt hjelpelause, fangar oss i vonløysa og desperasjonens nett. Fordi den kursen vi er på, endar der, dersom han ikkje reddar oss. Men fordi han held ei hand i kavlen, det tjukke tauet som held garnet saman, så blir vi redda nettopp når garnet snører seg til rundt oss. Då dreg han garnet til seg, riv det opp – og let oss sprelle i ein nyvunnen fridom! Han ”førte oss ut og gav oss overflod” (v12b). Som fisken i vatnet.

Ingen fisk er så fri som når han blir løyst ut av garnflokane, levande! Då slær han med sporen og skyt avgarde, glinsande av muskelkraft, med friskt vatn strøymande gjennom gjellene. Fri! Eg har vakse opp i havkanten og ved fjordane på Sunnmøre og har sett det…




kategoriar