Arkiv for februar 2010

28
Feb
10

homiletica: 2 SUND I FASTE, ST DOMINIKUS KRK, LUK 9,28b-36

Kjære brør og systre!

Fastetida er ein del av kyrkja si feiring av Jesu liv; av hans mysterium. Gradvis, stegvis, nærmar vi oss sentrum i dette mysteriet, sentrum i Jesu liv, sentrum i kyrkja sitt liv: Påska. Vi går opp til Jerusalem.

Gradvis openberra også Jesus sitt livs mysterium for disiplane sine. Her var meir enn meistaren, rabbinaran, den omvandrande læraren. Ein dag seier Peter: ”Du er Guds Messias!”, men Jesus forbyr han og dei andre å tale meir om det, for dei forsto ikkje endå kva det innebar. Difor seier han: ”Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slått i hel, og tredje dagen skal han stå opp att” (9, 20ff).

Skyer skal dekke himlen, åsane i Galielea skal leggjast bak og Golgata-klippa skal tårne seg opp. Populariteten skal ta slutt, massene skal forlate han. Forlate dei. Døden skal sjå ut til å vere sterkare enn livet. Alt skal takast frå dei.

Difor tar Jesus dei med opp på Tabor; for Gud er ein Gud som syner seg på fjellet, som stig ned på fjellet for å openberre seg, for å avsløre seg, for å la sine vener få sjå ein glimt av seg, som han i si tid steig med på Sinai. Her, på det heilage fjellet, får disiplane sjå Jesu guddomlege herlegdom, i eit overveldande syn, slik at dei skal hugse kven han er når krisa kjem, når mørkret rugar. Når døden og dødskreftene synest å ha vunne.

Ikkje minst i Vesten har vi nesten mist evna til å erkjenne ”den usynleg verda”. Himlen, englane, Herren, allhærs Gud; – og Jesus som ho Pantókrator, Allherskaren, som Lammet, som Kvitekrist, den strålande og sigrande Kristus. Vi ser skuggane og konturane, vi ser ikkje ikkje sola; vi ser det synlege skaparverket, vi gløymer Skaparen. Vi kan forestille oss ”den historiske Jesus”, men ikkje han ”qui sedes ad dexteram Patris” , som sit ved Fadernens høgre.

Heile påskemysteriet ligg i dette at ”Gud var i Kristus og forsona verda med seg” (2 Kor 5,19)! Gud var i Kristus, i Messias, i Jesus!  – det var det som skulle lyse for apostlane når det såg ut som Gud hadde forlate han, ja; når han det synest som han hadde forlate dei, også!

Når Jesus døyr på krossen, skjer det noko i den usynlege verda, i himlen. Jesus er ”prest til evig tid på Melkisedeks vis”, står det; han går inn i ”det teltet – det tabernaklet – som… ikkje er laga av menneskehender”, inn i det himmelske templet; ”ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod”!, seier Hebrearbrevet.  (Hebr 9, 11ff).

Det er dette vi feirar i Påska. Det er dette vi feirar i ei kvar messe, einkvar evkaristi!

Brør og systre! Dette er ikkje fjern metafysikk, det er ikkje ei eventyrleg historie om enkle folk som fekk hallusinasjonar på ein fjelltopp; det handlar ikkje om overtru og fantasiar! Det handlar om det dramaet som livet er. Skaparverket er ikkje berre tilfeldig masse, på blind ferd gjennom rommet. Det er er eit verk av han som er ”ljosens Fader”, han ”som er opphav til ”all god gåve og all fullkomen gåve”;  han som skapte alt ”fagert i si tid” (Jak  2,17; Fork 3,11). Mennesket er eit pattedyr, men også ein liten gud, imago dei, Guds bilde, med fridom og evig ansvar! Og alt dette er kasta ut i ein kamp mellom ljos og mørkre, mellom liv og død, mellom Gud og hans fiende! Ditt liv utsepelar seg i den synlege verda – men også i den usynlege, om du berre hadde sett det! Om du berre hadde innsett det.

Brør og systre! Det kan sjå ut som om Gud er borte, som om alt er tapt! ”Redsle kom over ham – et stort mørke”, stod det om Abraham (jfr den fyrste lesnaden). Redsle og mørkre kom over Jesus, redsle og mørkre kjem over oss alle. Vi veit at vi må gjennom det. Vi veit at der er ljos på den andre sida av det ofte ugjennomtrengelege mysteriet som er vårt liv.

Vi skal sjå både Jesu liv og vårt eige liv i Tabor-ljoset. Difor skal vi ein dag få sjå at

”…morgenrøden/ bak tvil og vånde veller ut”!

I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Amen.

27
Feb
10

nota bene: Islamhysteriet

Islamhysteriet og religionsfrykten ligg som eit konstant lågtrykk og ventar på stadig nye høve til å sige innover den  norske opinionen. Sist såg vi det  samband med demonstrasjonane mot Dagbladet og griseteikningane av profeten Muhammed.

Demonstrasjonen gjekk roleg og verdig for seg, mot alle odds. Dessverre greidde ein ung mann, MM, å skade saka med sine ekstreme parolar.  Så var lurvelevenet igang igjen. Til tider har ein inntrykk av at det er blitt ein sjølvoppfyllande profeti: Opinionen skrur seg opp med si besverjing av vestlege verdiar og ytringsfridom – som om det skulle ta frå oss ei kvar forplikting til å opptre høvisk og vettugt. Så pøser ein på med nye provokasjonar for å syne kor modig og vestleg ein er – og  reaksjonane på muslimsk side uteblir ikkje, noko motparten tek som eit yttarlegare prov sin  eigen rett o s v.

Det er underleg at så mange «vestlege» ikkje ser den lange historia der aggresjonen og forbitringa mot Vesten har bygt seg opp; gjennom økonomisk og politsk imperialisme, gjennom kulturell arroganse og manglande kunnskap og innsikt om resten av verda. Dersom ein ladar lenge nok, er det ikkje rart om det blir eksplosivt.

Ikkje minst syner alle dei ulike karrikaturstridane, moskédiskusjonane og hijabdebattane kor yttarst framandgjorde europearar er blitt når det gjeld religion og tru. Det er ingen ting ein har rekna seg så totalt ferdig med, ingen ting ein har så grundig frigjort seg frå, ingen ting ein har parkert så ettertrykkjeleg som tradisjonell tru og praksis. Det var det. Og så kjem det tilbake med  ny kraft, så å seie som vinden frå dei fire verdshjørna. Ikkje berre dei store media – med nokre heiderlege unntak – men den folkelege bloggsfæren er på tuppa og til tider frådande av frustrasjon.

Det er trist. Men óg ei stor utfordring til å framelske ein meir balansert og informert innsikt om religiøse tradisjonar. Viktige kulturaviser som Klassekampen (!),  Morgenbladet opg Vårt Land har vore modige nok til ta til orde for dette. Skribenten og debattanten Olav Elgvin gjer, med sitt klårt kristne utgangspunkt, ein kjempejobb for å skape større forståing og innsikt i alle retningar.

For truande kristne er det ei utfordring å syne at tydeleg tru går saman med eit ope og liberalt storsamfunn.  For norsk/europeisk islam gjeld det same; å innsjå at religiøs tru og etikk ikkje kan tvingast på dei europeiske samfunna, korkje med makt eller list og lempe. For kristne like lite som for  muslimar innber dette at den offentlege eller politiske dimensjonen ved religionen skal bort, men at ein må lære seg å leve i demokratsk brytning med mange andre truer og livssyn.

Som eg har sagt før når nokon hevdar at dette er «naivt» og umogeleg:  -Har vi noko val?

Og for dei som verkeleg ynskjer at kristen tru framleis skal ha ein plass i våre samfunn, er det no heilt naudsynt å innsjå at det berre kan skje på éin måte: Ikkje ved kristen-nasjonalistiske parolar, men ved bot, omvending og eit fornya liv.

27
Feb
10

officium: laurdag, 1. vike i faste, 2 mos 12,37-51; 13,11-16 (matutin)

«Den dagen skal du seia til son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg for frå Egypt» «(v 8 )

Pedagogikk er overlevering, tradisjon. Noko du skal «seia til son din», til etterkomarane dine. Ord og handlingar; tydelege, til å hugse og til å gjere. Til å bli gjevne vidare. Den som overeleverer og lærer frå seg, har sjølv eit tilhøve til det han seier, det er ikkje død kunnskap; folket er ein fellesskap, men den einskilde er sjølv med i forteljinga; Gud gjorde det «for meg»!

Kva har du å seie til borna dine? Kva går vidare etter deg?

27
Feb
10

officium: fredag, 1. vike i faste, 2 Mos 12,21-36 (matutin)

«Når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk, skal de svara: «Det er påskeoffer til Herren…» (v 26)

Den heilage handlinga, feiringa av påska, prenta forteljinga om Guds frelsesgjerning inn i Israel-folket, i generasjon etter generasjon. I påska høgtida dei den hendinga som skapte folket og som heldt det opp gjennom tidene.

Den heilage handlinga kan ikkje vere opp til vurdering kvart år; skal vi gjere det annleis no, er dette forståeleg? Handlinga er som eit innarbeidd felles kropps-språk i folket; ho held fast på den store forteljinga under alle omskiftingar, uavhengig av kjensler og mentalitetar. Kroppen hugsar betre enn tanken. Difor kjem handlinga fyrst og så forklaringa. Riten blir utført og overlevert, spørsmål og undring blir vekt, utleggjinga fylgjer. Dette er det pedagogiske mønstert. Så ulikt vårt, der forståinga kjem fyrst.

I den  heilage pedagogikken kjem feiringa fyrst og tydinga etterpå.

25
Feb
10

officium: torsdag, 1. vike i faste, 2 mos 12,1-20 (matutin)

«Når de et det, skal de belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren» (v 11)

Påskelammet skal etast i hast. Guds folk har hastverk. Guds folk er eitt oppbrots-folk. Påske er ein oppbrots-fest. Ut av fangenskapen, fram mot det lova landet, Guds rike. Kyrkja er eskatologisk; hennar tru handlar om «dei siste tinga», som er «dei fyrste» i Guds fornya skaparverk.

Dette perspektivet er der heilt frå Abrahams oppbrot frå Ur og det er heilt sentralt i Israels påskehending og påskefeiring. Vi er i tida, men vi representerer den nye tida. Frelseshistoria går ut over den noverande historia, sprengjer rammene for den tida som er fanga av døden og forgjengelgdomen.

Difor er kyrkja ein motkultur. Ho lar seg ikkje mure inne i nasjonar og sivilisasjonar. Dette gjev henne ein indre fridom som, paradoksalt nok, nettopp påverkar og formar nasjonane og kulturane sterkare enn noko anna.

Berre dei som ser ut over denne verda, ser denne verda klårt. Vi trur på han som seier: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» (Op 21,5).

23
Feb
10

officium: tysdag, 1. vike i faste, 2 Mos 6,29-7,25 (matutin)

«Eg har så vanskeleg for å tala» (6,30)

Mange profetar har vegra seg mot mot å tale, vegra seg mot kallet. Fordi det forpliktar, fordi det utleverer oss; ja, apostelen Jakob seier at «ikkje mange av dykk bør verte lærarar; for de veit at de skal få dess strengare dom» (Jak 2,1). «Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag», seier Jesus (Matt 12,36). Då er det lett å tenkje som tenaren som grov mned pundet sitt og gav det heilt, men ubrutkt tilbake – så hadde han ikkje gjort noko gale.

Gud brukar menneske. Moses, profetane, David, apostlane, skjøkja Rahab. Kven han vil. Kallar han, får det stå si prøve.

Gud i vald.

21
Feb
10

carpe diem: helsinki II

Tidleg på morgonkvisten vakna eg av det var kaldt i rommet. Eg søv alltid med ope vindauga, i det minste ein liten gløtt på kaldaste vinterstid. Så eg gjekk bort for å late litt meir att – og såg at glaskarmen var full av snø! Vinden – som ikkje kunne merkast eller høyrast i denne solide bygarden – hadde drive snøen inn! Då vi seinare kom ut på gata, måtte vi vasse gjennom snødriver som hadde hopa seg opp i løpet av natta. Gradstokken synte berre minus 16 grader, så det var reine mildvêret.

I dag gjekk fr Antoine og eg til Liturgien (messa /evkaristien) i ei finsk-ortodoks soknekyrkje like ved; Treieningskyrkja, eit sokn for russisk-talande ortodokse. Vanlegvis er det Johannes Krysostomos-liturgien som blir feira; i dag var det Basilios-liturgien, kanskje fordi det er fyrste sundagen i fastetida (som i år fell på same tid som den vestlege/katolske). Lesinga, som blir sungen/resitert, var frå Hebrearbrevet 11 og evangeliet, også resitert, var forteljinga om Natanael og Filip.  «Kom og sjå!», seier Fiilip då Natanel tvila på om Filip verkeleg hadde funne  Messias. «Kom og sjå!»,  Gud har gjort seg synleg i Jesus Messias; han har verkeleg teke på seg menneskeleg natur! Presten som preika, med stor iver, knytte dette til den ortodokse ikontradisjonen; Kyrkja feirar «Ortodoksiens siger» til minne om at ikonoklastane (dei som i oldkyrkja ville forby ikonar) vart overvunne. Kristen, ortodoks (rett) tru er trua på at at «Ordet vart kjøt»; at Jesus er sann Gud og sant menneske.   Heile frelsa avheng av det.

Songen tona gjennom rommet; Sæleprisingane, kjerubimhymnen, Trishagion. Koret var ikkje stort og ikkje supert; dette var ei gudsteneste, ikkje ein konsert. Nattverden blei utdelt, som vanleg, med ei skei frå kalken der det konsakrerte brødet er blanda i. Store og små gjekk fram. Etter kommunionen får alle, også vi, ein liten kopp med varm vin og eit stykke brød, ikkje sakramentet, men ein reminisens av det oldkyrkjelege agapemåltidet.  Under liturgien var det også mottaking i kyrkja av ei ung mor og eit nyfødt barn (jfr «Mødres kyrkjegong» også i den lutherske kyrkja). Presten møtte mora, faren og dei andre småsyskena nede ved døra, tok barnet i armane sine og bar det framover i kyrkja medan familien fylgde med. Tre gonger stogga prosesjonen, presten lyfte babyen høgt opp og gjorde eit stort krossteikn med han, heilt fram til kortrappa nedanfor den store porten inn til høgkoret og altaret. Mora gjekk like bak; eg såg at tårene rann. Heilt framme song presten orda frå evangeliet om Simeon som tek imot Josef og Maria og Messias-barnet og seier: «No, Herre, kan du la tenaren di  fare herfrå i fred, for augo mine har sett di frelse..» Det nyfødde barnet; eit teikn på Frelsaren som kom til verda. Guds inntog i templet.

Etter liturgien var det verkeleg agape; enkelt måltid i kyrkjelydssalen, med finsk-russisk servering, med russarar, serberar og sikkert andre nasjonalitear. Ein serbisk-ortodoks prest var komen med båten frå Stockholm for å betene  serbarane; presten som hadde presidert og preika i kyrkja, var der, og vi to dominikanarbrørne. Kaffien varma – og det gjorde også noke dropar vodka i eit plastbeger som ein av dei frammøtte villig baud på, til dei som ville.  Alt høyrer med!  🙂

Studium Catholicum har ei stor samling Newman-litteratur, takka vere at ein tidlegare katolsk biskop her (Verschuren) var særleg interessert i Newman. Så i ettermiddag har eg site stille og lese i ei bok av den franske forfattaren Henry Bremond.  Snart tar eg bussen til flyplassen. Vonar ikkje kulden lagar problem for flytrafikken. Farvel, Suomi!

Helsinki Car

20
Feb
10

carpe diem: Helsinki

Det er Norden, men ikkje Skandinavia. Nesten Russland, ikkje mist etter arkitekturen her i sentrum å døme. Eg er i Helsinki, for å forelese om John Henry Newman på det dominikanske kultursenteret her; Studium Catholicum. Gjennom vindauga på gjesteromet ser eg opp og bort til den lutherske katedralen; klassisistisk, høgt plassert, som eit luthersk Areopagos, med greske søyler i fronten. Men også med kuplar som «snakkar russisk», med forgylte krossar på tårna, lysande i den iskalde vintersola.

For det er skikkeleg kaldt her; minus 20 seier gradstokken. Heilt sibirsk. Finnland er ein stor skog, og Helsinki ligg liksom i storskogen med islagd Austersjø rett i mot. I går føremiddag kom eg hit, og i heile går og i heile føremiddag har eg jobba og skrive. No er Newman-sesjonen over. Ei kvinne, opphavleg frå Birmingham der Newman residerte i sitt katolske liv, hadde køyrt heilt frå vestkysten for å høyre på. Det viste seg at ho også hadde vore elev på den skulen  Newman starta i Birmingham, knytt til kommuniteten hans,  the Birmingham Oratory.

Studium Catholicum er hovudsakleg eit stort teologisk bibliotek, ope for alle. Men det er også ein liten fellesskap av dominikanarbrør her, for tida berre éin; fr Antoine Levy – jødisk av opphav, oppvaksen i Paris, konvertitt til kristendomen, dominikanarpater, universiteslærar… I  dag, etter kurset, feira vi messe i kapellet her – på hebraisk! Kadosj, kadosj, kadosj! Heilag, heilag, heilag! Innimellom kjende eg att andre ord; Adonai, Mesjiach, Josjhua, shalom… Som om messa brått kom «heim til seg sjølv».

Eg skal leggje ut her i alle fall det eine av førelesingane: Newman as an educationalist. Hans  tenkjing om danning og utdanning.

I natt skulle det visst bli uvêr, snøstorm frå Finskebukta. Men endå er det stille ute. Eg tar fly til Oslo i morgon kveld. God natt.

20
Feb
10

officium: laurdag etter oskeonsdag, 2 mos 3,1-20

«Der synte Herrens engel seg for han i ein logande eld, som slo opp or ein klungerrunne»

Moses streifar rundt som flykting og gjetar i Midjan-ørkenen. Det turre, svidde landskapet, sand, berg og busker. Med eitt logar det opp i klungerkrattet. Ein brand som står stille og berre brenn og brenn utan å fortære treet.  Det er Gud; stri, brennande, fascinerande, insisterande. Ein Gud som talar ut or klungeren. Ein Gud som gjer ein tornebusk til tempel.

Aldri sluttar denne forteljinga å fengsle meg. Ein Gud som vil at vi skal kome han nær, men ikkje for nær, ikkje utan vidare.  Ein Gud vi må nærme oss berrføtte.

Han gjer englane sine til vindar,
tenarane sine til logande eld…


19
Feb
10

officium: Fredag etter oskeonsdag, 2 Mos 2,1-22 (matutin)

«Ho kalla han Moses; «for eg har drege han opp or vatnet», sa ho»

Vi er i starten av den fundamentale forteljinga om Guds frelseshandlingar; tekstane som leier oss gjennom fastetida fram mot  feiringa av påskemysteriet: Exodus (Utgangen), eller 2 Mosebok. Hebrearkvinnene har late vere å lyde faraos påbod om å drepe alle dei hebraiske guteborna. Dei set ein liten levitt ut Nilen i ei korg – og kongsdotra finn han og tek han til seg.  Ho gjev han det egyptiske namnet Moses; «dregen opp or vatnet». Redda, takka vere vatnet.

Som døypte, er vi óg «dregne opp or vatnet». Vi unslapp fienden.  Kyrkja tok oss til seg og fostra oss opp. Fordi Gud har ein plan med oss.

17
Feb
10

officium: oskeonsdag, Jes 58,1-14 (matutin)

«Då skal Herren svara når du kallar på han, når du ropar om hjelp, skal han seia: «Her er eg!» (v 9)

Når? Når du fastar rett -slik at du lever eit liv som fremjar rettferd: Friar ut dei som er trælka og undertrykte, deler brødet ditt med dei som svelt, gjev husly til heimlause, kler den nakne, ikkje sviktar  dine eigne (v 6-8). Det er så uvant for mange norske kristne å sjå vår livsførsel og Guds nåde saman. Men nåden kan berre takast i mot der mennesket omvender seg. Angeren og konkret livsendring høyrer saman. Ord og kjensler er ikkje nok, «gjerning og sanning» må syne at vi meiner alvor.

Uvant er det også at livsførselen skal vere så sosialt og kroppsleg orientert. Men det svarar til Jesu ord om den yttarste domen.  Teiknet på trua er at vi metta han når han svalt, gav han å drikke når han var tyrst, tok i mot han som framand, kledde han som naken, såg til han i sjukdom og fangenskap (Matt 25, 31ff).

Fastetida er ei tid for omvending, av heile vårt liv. Då opnar vegen seg mellom oss og Gud.

12
Feb
10

officium: fredag, 5. vike i det allmenne året, Gal 5 (matutin)

«De er kalla til fridom, brør. Lat berre ikkje fridomen verta eit påskot for kjøtet» (v 13)

Tilgjeving er ikkje tillating. Når Gud tilgjev oss, er det kanskje ikkje så nøye, tenkjer vi lett.  Vi er kløpparar til å lure oss sjølve. Så lenge vi ikkje har ein verkeleg indre motivasjon som gjer at vi skjønar at det å lure seg unna, er i strid med vår sjølvrespekt.

Dersom tilgjevinga  berre er  noko reint ytre – så slapp vi unna denne gongen, også – og ikkje eit verkeleg ærleg møte med Gud, er vi ikkje verkeleg frie. Når den ytre tvangen er borte, då kjem det for ein dag om vi verkeleg ha søkt Gud eller berre ein billeg utveg.

12
Feb
10

carpe diem: Gran – Gøteborg

Frosten bit skarpt og lett i huda og i naseborane når eg kjem  ut av Nikolaikyrkja her på Granavolden. Den fyrste sola gjer himlen turkis og det snøkledde landet kjøleg-blått. Den gode norske vinteren, med turr snø, ikkje for kaldt, med bygda lagd breidt utover mellom skogåsane. Roleg, kvilande i seg sjølv. Norsk vinter. Norsk austland. Det knitrar lett under skorne når eg går ned til gjestgiveriet til frukosten.

Eg kom hit i går for å forelese på Musica Sacras årskurs; for prestar og kyrekjemusikarar (DNK) og andre interesserte, for folk som jobbar med kyrkjesong og liturgi. No har vi sunge Laudes. Møtet held fram. Men eg reiser vidare – til Gøteborg; tar toget frå Oslo kl 13 og kjem heim til klosteret i morgon, laurdag på kvelden.  I Gøteborg held eg foredrag for ei samling med katolske prestar og biskopen, Msgr Anders Arborelius, i det svenske katolske bispedømet. Om evangeliserande forkynning i eit etterkristent samfunn.  På bakgrunn av dei aksjonane/misjonane vi har hatt i Oslo katolske bispedøme dei siste åra.

Sola skin, snart går toget frå Gran stasjon…

12
Feb
10

officium: torsdag, 5. vike i det allemenne året, Gal 4,8-5,1 (matutin)

«Mine born, som eg atter føder med smerte til dess Kristus kjem» (4,19)

Ein apostel er ein åndeleg far. Ikkje ein funksjonær eller ein sjef i eit firma. Fordi kyrkja er ein famlile i Gud. Som apostelen, så alle dei som fører lære- og hyrdetenesta vidare: Biskopane, og prestane som deira medhjelparar.  Dei har del i Guds faderlege gjerninig som er å la åndelege born bli fødde og vekse til.

Difor er det ein åndeleg relasjon mellom deit truande og deira hyrdar, ikkje berre ein teknisk eller praktisk.  Den åndlege faren må gje av seg sjølv, må dele livet åt dei truande. Paulus tek innover seg, som det det galdt han sjølv, heile utviklinga i Galatar-kyrkja. Han er djupt forbunden med dei truande.

Det er klårt at ei slik teneste aldri kan bli ein ni-til fire-jobb på konoret.

09
Feb
10

homiletica: 5. sundag i det allm. året, 7/2-10, St Dominikus krk, Luk 5,1-11

Kjære brør og systre!

Forteljinga vi høyrer i Evangeliet i dag, om Peters fiskefangst og kallet han får til å bli menneskefiskar, er ei typisk, bibelsk kallsforteljing. Den som blir kalla, får eit overveldande møte med Gud. Kallet blir formidla gjennom ein teofani, ei Guds-openberring.

Vi høyrde det i den fyrste lesnaden; om Jesaja  som såg inn i det himmelske templet, som høyrer serafropet:

Hellig, hellig, hellig er Herren, Hærskarenens Gud. All jorden er full av hans herlghet. Boltene i ristet i dørstokkene når ropet runget og huset ble fylt med røk. Da sa jeg: ’Ve meg! Det er ute med meg’ ”. Akkurat som Peter der han fell på kne på stranda og bryt ut: ”Gå bort fra meg, Herre, synder som jeg er”. Så får begge kallet. Jesaja høyrer orda: ”Din skyld er tatt bort, din synd er sonet…. Hvem skal jeg sende og hvem vil gå for oss?”, og Jesaja svarar: ”Se, her er jeg. Send meg!” Slik Peter får høyre det: ”Frykt ikke! Fra nå av skal du fange mennesker”.

Eller som Paulus ved Damaskus: Brått lyser det guddomlege ljoset opp rundt han, han blir slått til jorda, blenda og overvelda. Det er Jesus, HERREN sjølv, og han høyrer røysta: ”Saul, Saul, kvfor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden. Men reis deg opp og stå på føtene dine” (Apgj 26, 12ff) – så får han kallet:  ”Eg har synt meg for deg fordi eg har kåra deg til vitne”. Han blir den store apostelen for folkeslaga.

Eller tenk tilbake på Moses. På flukt frå farao, så å seie asylsøkjar i Midjan, ute og gjeter i ørknenen. Då flammar klungeren opp rett fram for han og igjen høyrest røysta: ” ’Moses, Moses!… Kom ikkje nærare! Ta av deg skorne! For staden du står på er heilag jord… Eg er Gud åt far din, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud’. Då løynde Moses andletet; for han våga ikkje å sjå på Gud”.  Slik fær han sitt oppdrag, fyrst redd og nølande, så sterk og urokkeleg; å føre folket sitt frå trelldom til fridom, frå Egypt til Kanaan.

Det som vibrerer under alle desse Guds-møta er den bibelske tanken at ”ingen kan sjå Gud og leve”. Gud sprengjer alle rammer, også rammene for vårt liv. Heilt til han seier: -Ver ikkje redd; eg treng deg, eg elskar deg, eg kallar deg, eg sender deg. Reis deg, stå på føtene dine. Frå no av skal du fange menneske, frå no av skal du tale mine ord, frå no av er du min ven, min fortrulege!

Brør og systre! Vi treng alle eit møte med Den levande Gud, vi treng ei røynsle av det numinøse, det overveldande, det heilage, det som får  grunnen til å skjelve under oss. Slik har all dei heilage gjennom tidene opplevd det, på sin måte; at Gud ikkje er ein pusekatt, eit husdyr, men ”mysterium tremendum et fascinosum” – eit mysterium som både er fryktinngytande og fascinerande. Vi treng er erfaring av ”ærefrykt”, av ærefrykt for livet, slik Albert Schweitzer sa det, og av ”ærefrykt” for han som har skapt livet, for Gud.

Vi treng å å sjå Kristus, Herren, slik han faktisk er no, i den usynlege verda, i himlen; han er stadig Gud og menneske, men han har lagt av tenarskapnaden og fornedringa som han bar under sitt jordeliv. Vi treng å sjå han slik Johannes apostel såg han i sitt syn på Patmos på Herrens dag: Herren, Menneskesonen, ”kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld… I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvasst, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft. ” (Op 1,12ff). Han såg den levande, han som er Alfa og Omega, den fyrste og den siste.

Det er denne Jesus Kristus som er usynleg nærverande i vår midte i messa, i evkaristien. Det er difor vi syng med serafane: Sanctus, sanctus, sanctus! Det er difor vi hyller han med røykjelse. Det er denne Kristus som er nærverande i hostien og i kalken, som løyner seg i tabernaklet; det er difor vi bøyer kne, og bøyer oss djupt. For han som ein dag alle kne skal bøye seg for, han som har fått namnet over alle namn.

Bror og syster! Korleis gjekk det med respekten og agen for Gud i livet vårt?  Det som skaper kall til klosterliv, til presteteneste, til kristent liv? Det som får menneske til å seie: -Her er eg, send meg. Det som skaper eit nytt ”frå no av” i livet ditt.

Alt dette blir borte når religionen blir borgarleggjort. Når gudstenesta liknar meir og mer på kyrkjekaffien. La oss våge å leggje ut på djupet i trua vår. Vi har all grunn til respekt, til ”ærefrykt”, men vi kan seie:

Han brukte Moses, han brukte Peter, han brukte Paulus, han brukte store syndarar. Han kan bruke meg!

I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.

09
Feb
10

officium: tysdag, 5. vike i det allmenne året, Gal 1,13-2,10 (matutin)

«Vi skulle berre hugsa på dei fattige, og det har vi alltid gjort» (2,10)

Dette er ein passus som mange bibellesarar går fort forbi. Det er så uvant og uventa i ein tekst som handlar om frelse, om rettferdiggjering – om «åndelege ting». Det er fordi vi har eit for snevert syn på frelsa. Rettferdiggjeringa av tru – som er eit hovudtema også i Galatarbrevet – handlar også om fellesskap; den nye fellesskapen mellom jødar og heidningar, mellom Gud og menneske. Kyrkja, det nystestamentlege Guds-folket, omfattar alle i kjærleikens einskap.

Difor har dei truande ansvar for kvarandre, også sosialt. Diakonien er ein del av evangeliet.

09
Feb
10

officium: måndag, 5. vike i det allmenne året, Galatarane 1,1-12 (matutin)

«Han som gav seg sjølv i døden for våre synder, så han kunne fria oss ut frå den noverade vonde verda» (v 4)

Frå fyrste stund, som her, i Galatarbrevets fyrste liner, forkynner Paulus Kristi soningsdød. Den er eit gjennomgripande oppgjer med dei kreftene som avgjer lagnanden til verda: Døden, djevelen og konfrontasjonen med Guds indignasjon på grunn av synda. Ved slutten av historia ventar det eit endeleg oppgjer mellom desse maktene. Frelse er å bli fridd ut i den krisa og domen som då kjem over den noverande verda. Frelsa er eskatologisk; denne verda er datostempla, ei ny verd er i emning.

Mange meiner at det berre er når ein har fokus på verda slik ho er, på denne tidsalderen, dette sæculum, at vi kan påverke i god retning. Men det er i røynda tvert om.  Det er når denne verda, med heile sitt grep på menneska, ikkje er vår forankring, at vi kan endre henne – som teikn på den nyskapinga som skal kome.

06
Feb
10

Officium: laurdag, 4. vike i det allmenne året, 2 Tess 3 (matutin)

«Herren har gjeve oss den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk» (v 4)

Her talar Herrens apostel. I dei nytestamentleg skriftene ser vi tydeleg at det fanst ein apostolisk autoritet i kyrkja. Dei truande er brør, men Kristi mynde som hyrding og lærar blir vidareført gjennom apostlane. Om urkyrkja i Jerusalem står det at ho frå dag éin, som er pinsedagen, heldt trutt fast ved undervisinga åt apostlane (Apgj 2,42). Apostlane ikkje berre tala og lærte, dei styrde kyrkja, gav påbod og rettleiing. Dei såg til at tru og liv var i samsvar med Kristi ord; dei var tilsynsmenn, episkopoi (gresk), dei fyrste biskopane i kyrkja.

Utan apostolisk autoritet, vidareført i det universelle episkopatet, hierarkiet, fell kyrkja frå kvarandre i sekter og skisma, både i tru og liv. Ein kropp har kjøt og blod, sener, musklar og nervar – men også ein beinbygnad som held kroppen samla, oppreist og rørleg.

04
Feb
10

officium: torsdag, 4. vike i det allmenne året, 2 tess 2 (matutin)

«Den Lovlause…han som opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed» (v 4)

Den Lovlause er den same som Antikrist. Den fortetta motstanden mot alt guddomleg. Paulus reknar med at det i alle menneske er ein innsikt og eit medvit om det guddomlege, om at verda og livet er forankra i ein høgare vilje, i ei høgare verd; ei aning av at Gud finst, kva namn han enn får i ulike religionar og tradisjonar.

Når verda og det menneskelege samfunnet kollektivt fornektar og framandgjer seg frå sjølve tanken på ein åndeleg røyndom og på Gud, har mennesket verkeleg stilt seg på berr bakke og opna seg for tomleiken.  Då kan alt hende.  Då gjenstår den direkte konfrontasjonen mellom Gud og Motstandaren.

03
Feb
10

officium: onsdag, 4. vike i det allmenne året, 1 Tess 5 (matutin)

«Lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue» (v 6)

Vaka, vigilien, er ei grunnform i truslivet, både i Det gamle testamentet og i kyrkja. Ur-vaka er Israels vakenatt ved utgangen frå Egypt, sjølve Påskenatta. Å vake er å vere budd. Konsentrert. Fokusert.  Jesus var often vaken i bøn, likeeins apostlane. I oldkyrkja heldt ein fast på dei faste bønetidene frå jødedomen og natta var, ikkje minst, bønetid. Ektefolk skulle stå opp  ved midtnattstid og halde bøn; for: «Midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han» (Matt 25,6). Bønevaka høyrer med til det eskatologiske medvitet i kyrkja; ho veit at denne tida snart er ute, snart bryt den nye tida gjennom.

I klosterlivet høyrer nattbøna med på ein avgjerande måte, sjølv om denne asketiske praksisen har vorte svekka etter mange av reformane på seksti-syttitalet. Eg er sikker på at det vil kome tilbake. Natta er ein kamp-plass og ei kamptid. Då er demonane ute. Og natta er den stille, djupe tida; Guds mørkre og Guds ljos.

Aldri er han nær som då. Vake og bøn er tvillingar.




kategoriar