Arkiv for oktober 2009

30
Okt
09

officium: Fredag, 30 vike i det allmenne året, Visdomens bok 8 (matutin)

”Når eg kjem heim til huset mitt, skal eg kvila ut hos han” (v 15b)

Nemleg hos visdomen. Mennesket er uroleg og konfliktfylt når det stengjer visdomen ute og berre sentrar rundt sine lidenskapar og impulsar.

Visdom inneber å gje plass til ettertanken. Å gje sanninga rett, sjølv om det er audmjukande. Du må overvinne hovmodet i deg og opprøret mot det du veit er rett.

Guds tale kan berre nå inn til det audmjuke mennesket. Berre den som er audmjuk nok til å la visdomen råde, finn kvile i huset sitt.

Reklame
27
Okt
09

carpe diem: uppsala

Det barst rett frå Sunnmøre, via klosteret, til Uppsala. Møte mellom katolske teologinstitusjonar i Sverige, Noreg og Finland (Newmaninstituttet og den katolske seksjonen på Menighetsfakultetet). I så små tilhøve som dei nordiske er det mykje som kan gjerast under eitt.

Uppsala vekkjer mange minne til live for meg. I studietida, på 70-talet, var eg her nesten årleg på «kyrkodagarne», arrrangerte av Arbets- og Bönefellesskapen Kyrklig Föryelse. Den store domkyrkja var ofte fullsett; den svenske liturgien og salmesongen med sin særeigne vare og høgtidlege tone på same tid, gjorde sterkt inntrykk på meg.  Gode predikantar som Bo Gietrtz, Bertil Gärtner og Per Olof Sjögren likeeins. Føredragshaldarar og førelesarar frå både den katolske , den anglikanske og den ortodokse kyrkja opna store perspektiv. Mange venskapsband vart knytte.

I går kveld gjekk eg innom domkyrkja, som står open. Minna var der, men også ei stor sorg. Svenska Kyrkan er åndeleg og teologisk nedtappa. Fornyingsrørsler som aKF er så godt som borte; undertrykte og resignerte. Svært mange av dei som var med, er blitt katolikkar. For nokre viker sidan, vart den biskop Gärtner gravlagd i Göteborg – og på mange måtar heile rørsla med han. Ein stor tradisjon («högkyrkligheten»); enormt aktivt på alle plan – kyrkjelydsarbeid, teologi, publisering, instistitusjonar -har møtt veggen.

Ein time etter står eg i St Lars katolska kyrka lenger nede i gata og konselebrerer saman med to andre prestar og biskop Anders Arborelius (Stockholm). Kyrkja er enkel, det er vanleg kvardagsmesse med ein førti, femti personar. Den svenske salmen kling like vakkert som i domkyrja i si tid, organisten er den same, han konverterte i 1978 sa han. Alt er mindre storslagent enn på «kyrkodagarne», men eg ser at eg i grunnen er mellom dei som fekk halde fram det eg trudde på- og søkte då. Den vegen eg då hadde valt, førte meg hit. Eg merka ei stor takksemd, like stor som sorga i domen.  Kanskje difor kunne sorga også ha plass for takksemd for alt det eg fekk i aKF!

Det gode såkornet blir sådd – og renn ofte opp annleis- og på andre stader enn vi ventar.

I ettermddag er det tilbake til Oslo. Arbeidet held fram. Meir blogging etterkvart.

24
Okt
09

carpe diem: kunst, sol og sunnmøre

«Du veit viss du vil noke – og viss du har bruk for å tenkje på det, vil du eigentleg ikkje» – sa sunnmørsgründaren til dotra som skulle ta over skipsverftet. Ho sa ja, på rappen, ho ville!  Far min, Kåre Haram, hadde også denne sunnmørske viljen; ikkje til å selje seg sjølv og kunsten sin, men til å måle, til å søkje det maksimale. I dag har eg og syskena mine vore med på lanseringa av boka som eg alt har blogga litt om. Det blei ei både fagleg kyndig og estetisk svært vakker bok. Skriven av kunsthistorikaren Eva Furseh, med føreord av professor Gunnar Danbolt.  Samtidig vart «Kåre Haram-prisen oppretta», for yngre kunstnarar  frå Haram, innan biletkunst, litteratur, musikk, film og drama.

Same stille, vakre haustvêret har det vore; gyldne dagar heime. I morgon tidleg er det bussen til Åndalsnes og toger til Oslo. Vi bloggast!

22
Okt
09

carpe diem: frå den ene lanseringa til den andre

Litt hutrande her eg sit, ved eit trebord utanfor kafé med nett, på Sjøholt på Sunnmøre. Ventar på buss innover mot Stranda. Som ofte før.  Tog til Åndalsnes frå Oslo i dag tidleg, buss hit, og vidare. Burde få meg breiband-modem så eg kan vere på nett overalt, men litt av sjarmen er å finne connection her og der.

Usannsynleg vakkert haustvêr. Blakke bøar, stille fjordar, fjell med tynn nøsnø frå toppen og med i liene. Beitande sauer, utplaserte ulldottar. Godvêret byrja ved Otta, og også Gudbrandsdalen er ei openberring ein dag som i dag. Og Romsdalen – med kaskadar av sol over svartkvite, raggete tindar mot grøn mark og grønblå elv, Rauma, i dalbotnen!

I går kveld var det altså boklansering på Litteraturhuset i Oslo.  Med 150 menneske stua inn i den altfor lille salen. Flying start fpr Efrem – forlag med profil og ein artig stall av skribentar 🙂 I morgon drar eg ut til Haram, til Brattvåg, då gjeld det ei anna bok. Meir om det. No kjem bussen straks.

20
Okt
09

Carpe diem: klosterrydding, boklanseringar, reiser…

Puh! Hektiske dagar på klosteret, stadig pga priorskiftet. Slike høve kan også nyttast til praktiske krafttak: Radikal rydding i kott og bakrom, i verkstad og uthus. Saman med subprior fr Jon Atle  og friviljuge hjelparar har vi fått pussa opp portnarrommet (resepsjonen), innretta klosterkontor, nyinnreidd kapitelsalen; køyrt bort kubikkmetervis med skrot. Fint er det blitt! No står meir ”indre ting” for døra.

Dette har teke tid, men no er vi gjennom flaskehalsen.

Så må det nemnast at boka som nyleg kom (essaysamlinga ”Tre florentinarar”) skal lanserast på Litteraturhuset her i Oslo i morgon, onsdag, kl 19. Eskil  Skjeldals: ”Den svake Gud” og Kjell A Nyhus’: ”U Allminnelig” (om Jon Fosses dikting) skal også sleppast. Underteikna blir intervjua om Gud og om boka av Morgonbladredaktøren Alf van der Hagen. Kom, det kan bli artig! Sjekk linken: http://www.litteraturhuset.no/program/2009/10/gud.html

Torsdag reiser eg til Sunnmøre, der ei annan bok skal feirast; den nyutkomne kunst- og biografiboka om far min, Kåre Haram. Det skjer laurdag, i Haram kulturhus. Ein ”Kåre Haram Kulturpris” skal også sjøsetjast. Eg er tilbake her sundag – for så å måtte dra til Uppsala på eit møte for teologar og katolsk teologiundervising i Noreg og Sverige. Eg drar saman med MF-professor (og katoikk) Øystein Lund; som kanskje nokon veit, underviser eg sjølv ved MF på dei katolske studiane der. Retur frå Upsala tysdag – og så blir eg ved basen, Får sjå korleis det går med bloggen undervegs.  Men noko blir det.

Må eg også få nemne det store intervjuet med Hans Fredrik Dahl, om tru, konversjon, kukturradikalisme etc, i siste nr av Morgenbladet, ved Alf v d Hagen? Fire samanhengande sider med tett innhald; hurra for bladet som vågar å trykke skikkeleg lange artiklar ! Nye tider, både på den éine og den andre måten. Glad eg lever no!

20
Okt
09

officium: Onsdag, 29. vike i det allmenne året, Ester 4 (matutin)

”Så gjekk han ut i byen og skreik og jamra høgt og sårt” (v 1)

Mordekai hadde fått vite om Hamans planar om at heile den jødiske folkesetnaden i landet – ikkje få – skulle drepast på éin dag. Holocaust. Då er det ingen ting å seie. Ingen ting å forklare. Når alt styrtar saman i det meiningslause. Då står berre skriket att. Klagen.

Vi har mist den krasse, offentlege klagen. Å skrike og jamre på gata – det er eit kulturutrykk som ikkje kan bli borte utan at noko av det menneskelege i samfunnet blir borte.

Mennesket har lov å vere offentleg fortvila. Det tragiske og vonde angår alle.

20
Okt
09

officium: Måndag, 29. vike i det allmenne året, Ester 3 (matutin)

”Men Mordekai fall ikkje på kne og bøygde seg ikkje til jorda for han” (v 2b)

For kven? For Haman, den øvste embetsmannen til persarkongen. Mordekai var trufast mot Israles Gud også i eksilet der han var saman med mange andre av folket sitt. Berre Gud er Gud.

Jødefolket vart i sin diaspora eit folk mellom folka, ein kultur i kulturen; djupt involverte der dei måtte slå seg ned, men samstundes ein motkultur. Motkultur er ikkje å vere sekt, er ikkje å isolere seg. Motkultur påverkar.

Motkultur er å risikere noko, kanskje livet.

17
Okt
09

officium: laurdag, 29. vike i det allmenne året, Malakia 3-4(matutin)

” Men for dykk som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom under sine venger” (4,2)

Dette ordet er sjølv som ei solrenning. Som ei ørn, som ein engel; ein berar av lækjedom for alt det som har blitt sjukt og skadd i livet ditt, i kyrkja, i verda, i skaparverket.

Gud sender dette for deira skuld som har age for namnet hans. I Malakia-boka handlar det om å gje det beste til Gud i gudsteneste og offer. Ikkje ringeakt liturgien, ikkje tenk at det berre er moralen som tél! Gud vil bli elska og tilbeden for si eiga skuld. Så fjernt for alle som ikkje vil sløse nardussalve eller noko som helst dyrebart og vakkert  av kjærleik til Gud! Kjipe menneske og kjip religion.

Kom med det beste du har, med brødet og vinen, med røykjelsen og rørslene, med fargane og bileta, med songen og spelet, med jubelen og med tårene! Solrenning og lækjedom ventar deg.

15
Okt
09

poetica: Rainer Maria Rilke: Haustdag

Hausten er poetisk. For tre år sidan omsette eg dette diket – og innvier hausten både med originalen og med omsetjinga…

HERBSTTAG

Herr: es ist Zeit. Der Sommer war sehr gross.
Leg deinen Schatten auf die Sonnenuhren,
und auf den Fluren lass die Winde los.

Befiehl den letzten Früchten voll zu sein;
gib ihnen noch zwei südlichere Tage,
dränge sie zur Vollendung hin und jage
die letzte Süsse in den schweren Wein.

Wer jetzt kein Haus hat, baut sich keines mehr.
Wer jetzt allein ist, wird es lange bleiben,
wird wachen, lesen, lange Briefe schreiben
und wird in den Alleen hin und her
unruhig wandern, wenn die Blätter treiben.

HAUSTDAG

Gud: Timen kom. Ein storslått sumar svann.
Legg skuggen din på solur-talet;
send vindar svale over eng og land.

Byd at den seine frukt av fullnad skin
og gjev oss endå nokre sydlandsdagar,
før di fullending fram, som jagar
den siste søtleik til den tunge vin.

Den hus ei har, kan huslaus bu i fred,
den einsam er, skal lenge einsam sviva,
skal vaka, lesa, lange brevblad skriva,
skal i alléar ganga opp og ned
og rastlaus lata lauvet fly og driva.

12
Okt
09

nota bene: Slik skal det gjerast!

I går, sundag, hadde eg messa her i klosterkyrkja klokka ni. Ein sjeldan gong skal eg korkje preike her ved høgmessa eller vere ein annan stad på helgeoppdrag.

Så eg tok det som ein ekumenisk dag og gjekk til den lutherske grannekyrkja, Uranienborg. Det skulle vere konfirmantpresentasjon, viste det seg, og med ulike ”spesialgudstenester” i smerteleg minne, blei eg litt sett ut då eg såg programmet.  Kvifor ikkje rett og slett ei vanleg høgmesse utan påfunn?

Og så blei det nettopp det, med konfirmantpresentasjonen lagt inn,  fint og smidig! Presten, Knut Tveitereid, presiderte på ein verdig og samtidig relaxed måte. Preika var kort og tydleg, forbønene presise, med forbønsemna tydeleg og greitt lesne av konfirmantar med presten som leiar av bøna slik det skal vere; tekstlesing ved konfirmantane var også tydleg og etter boka utan noko fuss. Nattverdfeiring med innleiande offertorium (at ein samlar inn takkofferet under salmen før nattverden/offertoriesalmen), prefasjon og nattverdbøn etter boka, kontinuerleg kommunion – og ikkje minst: nydeleg liturgisk spel av organisten, god og diskret forsongargruppe i tillegg til eit gjestande – og framifrå – ungdomskor frå Auferstheungskirche i Essen, Tyskland! Til overmål oppførte konfirmantane seg eksemplarisk – og det viste seg at det er heilt unaudsynleg å kutte nattverdfeiringa fordi det er konfirmantar og fylgje tilstades. Dei unge deltok i altargangen på ein verdig og fin måte. Godt instruerte, etter alt å døme. Her har ein jobba med sakene!

Kvifor kan ikkje liturgikommisjonen i DNK berre ta utgangspunkt i slik Uranienborg feirar sundagshøgmessa? Litt liturgisk ”pen i tøyet” er sjølsagt ei gudsteneste på Vestkanten, men lokal koloritt er OK.

Moral: Dette er DNK på sitt beste. Der fullstendige høgmessa som sjølvsagt  sentrum for trusliv og kyrkjeliv. Gratulererer!

12
Okt
09

officium: måndag, 28. vike i det allmenne året, Haggai 2,10-22 (matutin)

”Frå i dag vil eg velsigna” (v 19b)

Sola treff akkurat tårnet på klosterkyrkja her. Det lyser mot den grå kyrkja som endå ligg i skuggen. Den digre trekrona som ragar opp over hagen, skin også, i sterkt grønt med gule islett. Lysande haust.  Gud held alt i si hand. Når året hallar, er eit nytt i ferd med å opne seg. ”Frå i dag vil eg velsigna”.

For meg personleg er denne dagen ein liten merkjedag. Nye oppgåver som skal takast fatt i. Stundom fell orda frå Gud som ei sol inn i livet vårt. Når vi treng det.

Ikkje som ein billeg garanti, men som eit ljos å fylgje. Dersom vi vågar.

10
Okt
09

officium: Laurdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 6,1-21

”Den einaste som er udøyeleg og som bur i eit ljos der ingen kan koma” (v 16)

Det er Gud. Kvifor syner han seg ikkje, kvifor kan han ikkje demonstrere sin eksistens for oss, éin gong for alle?

Mange spør slik i dag, som til alle tider. Uansett vil det vere noko utilgjengeleg med Gud. Noko som alltid skaper fleire spørjeteikn enn utropsteikn. Hans spor og hans gjerningar kan vi sjå. Dersom vi vil sjå.

Gud ”finst” ikkje på same måte som oss, som alt anna som finst. Han er den djupaste grunnen til at noko finst i det heile. ”Han som inkje menneske har sett eller kan sjå” (v 16).

Du kan fornekte han – eller du kan seie: ”Han skal ha ære og evig makt! Amen (ib.).

09
Okt
09

officium: Torsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 6,1-10 (matutin)

”Kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt” (v 10)

Pengar er ikkje nøytrale. Dei er eit symbol på materielle verdiar. Dei symboliserer – samanfattar – vår evne til å skaffe oss godar. Fordi pengane er eit slikt ”teikn”, apellerer dei til oss. Med pengar kjenner vi oss sterke, utan pengar blir vi kraftlause. Denne makta og tryggleiken i pengar og gods kallar Bibelen mammon; ei åndeleg makt, ein Gud.

Pengar kan brukast rett, som eit hjelpemiddel for menneskeleg utveksling av varer og tenester til det felles beste. Kommersialitet tyder nettopp deling, utveksling, fellesskap. Handel og økonomi er meint å vere eit uttrykk for den menneskelege fellesskapen.  Men det krev integritet, sjølvtøyming og ei forankring i verkelege verdiar.

Elles tek pengane styringa over oss.  ”Drivne av pengehug har mange fare vilt og er komne bort frå trua”, seier apostelen (v 10). Ikkje minst i vårt samfunn, vil eg leggje til.

08
Okt
09

carpe diem: Heim frå Mariaholm

Tilbake frå Mariaholm og prestemøte. Tysdag tjukna det til med regn, men til gjengjeld var det skinande fint i går og i dag. Endeleg fann eg meg ein turveg i ope landskap ikkje langt frå leirstaden. Tidlegare har eg berre funne vegar i mørke granskogar og i brattlendet ned mot Øyern.

Så viste det seg at eg kunne gå utover markene frå Mørk gard, sørover ein smal grusveg midt gjennom kornåkrane, ut mot andre gardar som låg som øyar i åkerhavet; tette tun med vakre hus og driftsbygningar. I bakgrunnen er alt innramma av høg lauvskog og balndingsskog, med mørkegrønt, ljosare grønt og flammande gult. Himmelen over, vid og blå og haustskarp.  Der eg gjekk, bøygd mot den ganske friske vinden, med kappa flagrande rundt føtene, kjende eg meg nesten flytt tilbake til eit nordfransk område, landskapet i Artois, Bernanos-landet. Der gjekk den svarte og skrinne landsbypresten hans og bauta seg fram i regn og sol og leirjord. Med kvitkalka landsbyar som skulle visiterast.

I dag tidleg var det ein raud soloppgang over Øyern; heile leirstaden og kapellet vender mot aust med utsyn over innsjøen og bygdene og åsane på den andre sida. Austsida. Bygdene og skogane inn mot Sverige.

Professor og studieleiar ved Menighetsfaklutet (MF )hadde ein heil dag med førlesingar for prestane; ein teologisk fagdag om Bibelen. Det var svært positivt. Han blei nyleg katolikk og det er interessant å merkje seg at det no på mange måtar er ein  ny generasjon konvertittar som gjer seg gjeldande. Folk med aktv bakgrunn i norsk-kyrkjelege miljø. MF tilbyr no studiar også i katolsk teologi, i samarbeid m  a med universitetet åt dominikanarane i Roma, Angelicum (der eg oppheldt meg i fjor vår). Dei norske katolske prestestudentane/seminaristane, tek deler av sine studiar ved MF.

Mykje av det beste i den norske, kyrkjelege og kristne kulturen også frå tida etter reformasjonen, blir no med inn i den katolske kyrkja. Der det høyrer heime.

08
Okt
09

officium: torsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 5,3 – 25 (matutin)

”… at dei har brote den lovnaden dei fyrst gav om truskap” (v 12)

Det innvigde livet, friteke frå dei vanlege oppgåvene i heim og arbeidsliv, finn vi alt i Det nye testamentet, i urkyrkja og apostelkyrkja. Vi finn det, som her, som ein særleg stand og ei særleg teneste i kyrkja: Enkjene – som avla ein lovnad om truskap i  denne livsforma. Ikkje fordi famile, ekteskap og arbeid er noko negativt, men fordi eit friare liv er eit teikn på den komande verda og ei kjelde til fordjuping og bøn for heile kyrkja.

Som ”dei stille i landet”, som Simeon og Anna Fanuelsdotter, skulle enkjene leve ”i bøn og påkalling dag og natt” (v5).

Her skimtar vi også nokre av røtene til klosterlivet.

08
Okt
09

officium: onsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 4,1 – 5,2 (matutin)

”Alt Gud har skapt, er godt” (v 4).

Dette er eit dogme, ei trussetning, ei erklæring, ei avgjerande sanning. Ja, ho ligg i botnen for heile den kristne trua. Dei tidlegaste og mest intense vranglærene gjekk nettopp ut på å fornekte at materien og det naturlege livet var godt.

Å fornekte skaparverket, er å fornekte Skaparen. Vi skal ikkje vere redde for kroppen, for seksualiteten, for kulturen, for politikken, for kjenslene, for livet.  Alt kan misbrukast, og det skjer, men det er godt i seg sjølv, som skapt av Gud. Gud stadfester dette ved å bli menneske, ikle seg skapningen, forløyse han og lyfte han opp.

Fornektar vi skaparverket, fornektar vi Kristus, komen i kjøt, oppstoda av lekamen og heile det sakramentale livet i kyrkja.

Skaparen og Frelsaren er den same.

08
Okt
09

officium: tysdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 3,1-16 (matutin)

”Løyndomen i vår gudstru er stor” (v 16)

”Gudlegdom” stod det før; fordi det handlar heile det kristne livet, praxis pietatis, det fromme livet. Vi manglar gangbare ord på moderne norsk; ein djup skepsis til det å ver from har sett seg i sinnet og i språket. Den fromme er ein hyklar, ein verdsfjern, ein gjerningsrettferdig. Tilhøvet til Gud blir sett på som anmassande; etikk og moral er nok.

Det fyrsteTimoteusbrevet talar  om gudsmennesket. ”Guds mann” (6,11). Menneske som venskapen med Gud er viktig for. Deira liv har ein løyndom, er eit mysterium: Guds Son, Ordet – inkarnert, eitt med oss, fornedra og opphøgd, trudd og forkynt.

Jesu Kristi person og gjerning er ikkje berre noko utvendig, han er ikkje berre ”Kristus for oss”, han er ”Kristus i oss”. Livet i vårt liv.

06
Okt
09

carpe diem: kanskje bloggpause til torsdag…

… på grunn av prestemøte i Oslo katolske bispedøme, på leir- og konferanseplassen Mariaholm i Spydeberg. Tvilar på at det er nett-tilgang der, så dermed blir det kanskje ikkje noko på bloggen før torsdag. Det vil vise seg, for eg drar dit no, etter Laudes morgonsongen). Eg kjem til å skrive der – og leggje det ut på bloggen når eg kjem tilbake. Er det nett der, vil de høyre frå meg før det.  Det blir fint å køyre utover Follo og Østfold, denne vakre haustdagen.  På gjenblogg!

04
Okt
09

Homiletica: 27. sund. i det allmenne året, St Dominikus krk, Mark 10,2-16

Brør og systre!

Fokuset i alle tekstane denne sundagen er at menneskelivet, i alle sine former, er ei gåve frå Gud som skaparen! Livet vårt er ikkje ein kulturell eller sosial konstruksjon. Ei heller er det resultat av ei blind, biologisk utvikling. I vår tid pendlar vi ofte mellom desse to ytterpunkta, desse to alternativa: Anten er alt kultur- og miljøbestemt, noko vi kan endre og skifte, trikse og fikse med – eller så er så er alt avgjort av naturen sjølv.

Kristen tru  seier oss at mennesket har fridom til å forme sitt liv, men også at noko er gitt oss: ”Gud”, høyrde vi i den andre lesnaden , ”er alle tings opphav og mål” (Hebr 2, 9-11).

Midt i skaparverket står mennesket, skapte som mann og kvinne. Mennesket, sett til å leve i fellesskap. Adam sa om kvinna ved si side: Dette er ben av mine ben og kjøtt av mitt kjøtt, høyrde vi i den fyrste lesinga, frå boka om alle tings opphav, Genesis/ 1. Mos (2,18-24)

I sentrum av menneskelivet står ekteskapet mellom dei to: Derfor skal mannen forlate sin far og mor og holde seg til sin hustru, og de to skal være ett (ib.). Slik var det frå opphavet, slik er Guds grunnleggjande vilje for alle tider. I Jesu samtid hadde denne fellesskapen, denne menneskelege og guddommelege pakta, blitt utydeleg gjennom juridiske ordningar som skugga for Guds opprinnelege vilje og plan. Jesus grip tilbake til opphavet, han skjér gjennom jussen og seier: Det som Gud har sammenføyd, det har mennesket ikke lov å adskille (ib.). Jesus opphever ikkje Guds skaparvilje; han stadfester og innskjerpar den. Han var ikkje komen for å avlyse, men for å oppfylle, sa han.  Som den hl Thomas av Aquinas òg seier: Nåden opphever ikkje naturen, men fullendar han.

Dette viser oss to viktige sider ved den institusjonen vi alltid har kalla ekteskapet: Det er noko varig, livsvarig. Det tar sikte på å vare ”inntil døden”. Og det er ein relasjon, eit samliv, mellom ei kvinne og ein mann. Igjen: Mannen skal forlate sin far og sin mor og holde seg til sin hustru, og de to skal være ett (ib.). Herrens ord er rimeleg tydelege, får vi seie…

Både i kyrkja og i samfunnet kan det vere mange andre slags relasjonar; venskap, familiformer, kommunitetar, klosterfellesskap – alt dreiar seg ikkje om kjernefamilien. Men ekteskapet og familen som knytt til det, er likevel ein grunnleggjande fellesskap; ”det fyrste av alle fellesskap”, som det står i den katolske vigselsliturgien, i brudemessa. Der blir livet til, der blir det vidareført. For døypte og truande mennesket er ekteskapet også eit sakrament, eit stort mysterium (Efes 5) som apostelen Paulus kallar det. I Herreni Kristus, blir Guds skaparvilje fullbyrda og fullkomengjort: Samlivet som eit teikn på Guds trufaste og livgjevande kjærleik til oss.

Dette synet på ekteskapet og på menneskelivet, som gitt av Gud, er i dag ikkje noko som er sjølsagt lenger. Det er eit perspektiv som fordrar eit medvite val!  I dag er det å gå inn i det kristne ekteskapet noko som er like spesielt og like utfordrande som det å gå inn i klosterlivet. Det er ikkje noko du kan tvingast til, det går ikkje av seg sjølv. Det er noko du må velje. Å leve i sølibat er eit teikn. Å leve som kristne ektefolk er i dag også eit teikn! Eit vitnemål.  Vi kan ikkje forvente at eit sekularisert samfunn skal forstå det eller greie det utan vidare. Det kristne livet, disippellivet, er eit fritt kall, det fordrar Guds nåde, Guds kraft, Guds velsigning.

Det kristne kallet kan koste motstand, men la oss fyrst og fremst leve det slik at vi kan seie – om vi lever i ekteskap eller ei:

Herre, jeg hjertelig ønsker å fremme din ære!/ Dertil du skapte meg, at jeg din tjener skal være.

I namnet åt Faderen og Sonen og DHA. Amen.

03
Okt
09

nota bene: kyrkjevalet

Kyrkjevalet er i mål. Det vart ein ny variant av historia om berget som fødde ei mus.  10-12% oppslutning er ikkje mykje i eit val der ein tek mål av seg til å matche dei borgarlege, politske vala.

Særleg ille er det at det heile er eit regisert spel frå Giske-regimet si side for å forme DNK ideologisk før eit evetuelt frislepp frå statskyrkjeordninga. Aller verst er det at dei leiande kreftene i DNK, både sentralt, regionalt og lokalt, tilsyndelatande smilande og bukkande let seg disiplinere på denne fornedrande måten. For meg er det stadig like uforståeleg at ein ikkje har ein viss byrgskap på vegner av seg sjølve og kyrkja. Her ligg den moralske krisen i DNK slik ho framtrer i dag. Den folkekyrkjelege retorikken og ideologien har rykt kraftig fram i Giske-epoken.

12 % oppslutning kan ein få til når ein plasserer valurnene framfor nasen på folk i  dei politiske vallokala. Men berre 2% går til gudsteneste. Det er det det eigentlege kyrkjevalet. Mobilisering av dei nominelle massemedlemene er ein del av panikken som slår eit kyrkjesamfunn som freistar å halde på oppslutnad frå einskapskulturens tid. Det er museumsbyggjing, ikkje kyrkjebyggjing. Våg å ta eit radikalt grep: Synleggjer dei lokale forsamlingane av truande, så dei kan utrustast til å gje eit levande vitnemål om kristen tru i det norske samfunnet.

Alle ventar eigentleg på det.

For orden skuld: I katolske ”folkekyrkjeland” er utfordringa den same som i det lutherske Noreg.




kategoriar