22
Mai
12

nota bene: staten og kyrkja

Tilhøvet mellom stat og kyrkje vart tydeleg endra i- og med storingsvedtaket i går. Personleg har eg vore motstandar av statskyrkjeordninga og har argumentert mot henne heilt frå studiedagane på MF (syttitalet) og framover, som prest i DNK (Den norske kyrkja) og heile vegen vidare. Både av historiske og aktuelle grunnar er det ei sak som angår oss alle, også ikkje-medlemer i DNK. Både fordi vi er medkristne og har eit ekumenisk ansvar, fordi DNKs ordning har konsekvensar for andre trussamfunn, og fordi det er eit politisk anliggande som har med tilhøvet mellom religion, verdigrunnlag og samfunn å gjere.

Statskyrkjekritikken omfattar også folkekyrkjekritikken. Begge deler botnar i det teologiske synet på kva kyrkja er, i ekklesiologien. Det kritiske arbeidet med desse spørsmåla er ikkje avslutta etter stortingsvedtaket, sjølv om det var eit steg i rett retning. Fordi:

1. Ideen om «folkekyrkja» lever vidare og er til og med innarbeidd som omgrep in den nye grunnlovsteksten. Det er all grunn til å vidareføre debatten om dette. Kyrkja som eit lokalt og universelt Guds-folk med sentrum i feiringa av evkaristien/messa – og ikkje som eit nasjonalt, religiøst tenestetilbod må vere utgangspunktet for tenkjing og praksis på dette området. Både dei lutherske og dei andre protestantiske kyrkjesamfunna har her ei stor utfordring å ta. Kyrkja som eit fritt, synleg, ordna samfunn – dogmatisk, embetsmessig, sakramentalt, liturgisk, diakonalt og evangelsiserande/misjonerande – må tematiserast tydlegare.

2. DNK er framleis knytt til staten og den sekulære samfunnsordninga. Ho skal framleis ha ei særstilling, ho skal framleis vere ei «kommunekyrkje», prestane skal vere statstenestemenn og vere løna av staten, og det juridiske- og forvaltingsmessige rammerverket kviler endå i den statlege lovgjevinga. Mest alvorleg: Statlege organ har framleis ansvar og fullmakter i læresaker. På sett og vis har vi berre fått ei «Statskyrkje light».

3. Formuleringa av eit statleg verdigrunnlag, «kristent og humanistisk», er utydeleg. Korleis forpliktar det kristne verdigrunnlaget den aktuelle norske statsstyringa? Og kva meiner ein med «humanistisk»?

Kort sagt: Ein vil gå framover, men ser for mykje bakover. Eit viktig steg er teke, men mykje gjenstår før kyrkjene har kome skikkeleg til rette med sitt liv og si teneste i eit moderne, sekulært og pluralistisk samfunn som det norske.


0 Svar to “nota bene: staten og kyrkja”



  1. Kommenter innlegget

Kommenter innlegget


kategoriar