Godtfolk, her har det vore litt bloggpause, i overgang frå studie- og skriveopphald på Iona/i Oxord, mange ting å ordne på basen i klosteret, så hit til Solvorn i Sogn. Her tek eg del på eit lite seminar om filosofen Ludwig Wittgenstein. Var her i fjor, også. Som språkfilosof, er han interessant for det eg jobbar med (Newman) for tida.
Det var finne dagar i Blackfriar’s (vårt kloster) i Oxford, saman med br Haavar og brørne der. Sist fredag tok eg bussen derfrå til London/Heathrow og fly til Bergen, for å vere med i ein konfirmasjon i Loddfjord/Olsvik. Fint å kome inn over Nordsjøen og sjå øyriket i Sunnhordland opne seg under meg når skylaget rivna. I Bergen traff eg også gode vener og hadde høgmessa i St Paul krk sundagen. Dagane i Oslo var ei mellomlanding i denne studieperioden – som no altså har ført meg hit til Sogn. Var her i fjor også, då dette semimaret vart skipa til for fyrste gong. Regn og skyer hang tungt i åsar og fjell under heile bilreisa frå Oslo i går, men i dag strålar sola over ljosgrøn, ung bjørkeskog som kryp opp over i fjellesidene, heilt opp i den siste snøen, endå tjukk og kald over toppane.
Seminaret går av stabelen på vesle eksotiske Walaker hotel her i sogneidyllen Solvorn, men eg og fleire bur, som i fjor, på B&B-pensjonatet Eplet rett ovanfor. Trivleg plass! Seinare i dag er det ekskursjon til Urnes stavkyrkje, rett over fjorden, og så inn til Skjolden, der Wittgensteinn hadde ei hytte/ei skrivestove. Sjølv om han var professor i Cambridge.
Herleg å vere vestafjells, her ved Den store fjorden, sjølve Sognefjorden, ein arm av storhav rett inn under Jotunheimen.
Eg er veldig glad for at ein så god formidlar som du arbeider med Newman, fr Arnfinn – eg prøver sjølv å ta i bruke det rike tankegodset hans i arbeidet mitt, og det kan kjennast ganske ensamt. Eg gler meg til å sjå boka di når den kjem i sal.
Dette var utolig godt å lesa for meg idag. Som ei ekte Sogne- åpenbaring. Var i Solvorn for første gang ifjor sommar, på ein strålande sol-dag, da var det 45 år siden sist. Takk A, Haram for at du finns. Helsing Else fra pilgrims tur i Hallingdal
Høyrest godt ut! Wittgenstein og Newman er vel på en måte i slekt (men kjenner kun N sporadisk mest gjennom fotnotar hos enkelte engelske filosofar) Er sjøl i Stavanger, for første gong, og på eit oppdrag under maijazz, men likevel tid til å nyte litt av byen – i sol og vind! 🙂
Er innom jevnt her med deg og kikar etter nytt,ventar på mat for sjela.
Solvorn er ein av stadane som står på ynskjelista mi 🙂
God helg!
Marieklem