NOVEMBER
Nakne
står trea no
sommarens skrud
kasta av
gjeven tilbake til jorda
no
er vi berre
stamme og
greiner
berre
line og skrift
rissa inn på
veikt lysande himlar
det må vere slik
når vinteren pustar på deg
gjeld berre
det som Er
NOVEMBER
Nakne
står trea no
sommarens skrud
kasta av
gjeven tilbake til jorda
no
er vi berre
stamme og
greiner
berre
line og skrift
rissa inn på
veikt lysande himlar
det må vere slik
når vinteren pustar på deg
gjeld berre
det som Er
Festen for ANDREAS APOSTEL, Sal 19 (matutin)
”Himmelen forkynner Guds herlegdom, kvelven fortel kva hans hender har gjort” (v 2)
Kva har kyrkja tenkt med å velje denne salmen på apostelfestane? Truleg det at heile skaparverket har eit apostolat, er Guds talsmann og utsending! Gud er ein forkynnande Gud; han opnar seg, han talar, han vil noko; ja, han som er Ordet (Logos), er ”Gud av Gud, ljos av ljos” (Nicenum). Gud opnar seg ved å skape. Skaparverket er ein veg til Gud. Alt er skapt ved Ordet, ved Sonen; han er mønsteret, meininga, harmonien, ”logikken” i alt som er. Skaparordet er vevd inn det skapte.
Naturen, universet, altet – det er ikkje ”a black hole”. Det er eit rom å leve i. Det talar til oss og det vil samtale med oss. Om det gode, det sanne, det vakre. Om Gud. Om Kristus. Om oss. Skaparverket er ein ven, ikkje ein ”stum-tenar”.
Salmen seier også at apostlane si forkynning er noko meir enn ”fromme ord” for nokre få. Kristus sender ut apostlane og seier: ”Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for all skapningen!”. Evangeliet er universelt, katolsk; fjell og fjordar, himmelkvelv og stjerner, menneske og dyr, land og nasjonar – alt og alle lyttar etter Ordet; han som kom ”til sitt eige” for å nyskape det.
FOBIAR
Kanskje nokon har høyrt det amerikanske slagordet om katolisisme som ”the last acceptable prejudice” (”den siste godtekne fordomen”)? Etterkvart er ein blitt nødt til å skjerpe seg med kva ein seier offentleg om visse ”grupper”, men det er framleis OK å seie negative ting om katolsk tru og katolske truande. Motviljen mot det katolske sit djupt både i det protestantiske og det modernistiske sjiktet i det kollektive, vestlege medvitet. Les meir «nota bene…»
Torsdag, vike 2, Sal 44 (matutin)
”Alt dette er kome over oss, endå vi ikkje har gløymt deg..”
Gudsmennesket er altså realistisk – og ærleg. Det vågar å innrømme at det kan vere frustrerande å ha med Gud å gjere. Og det vågar å seie at det har vist ærleg vilje til å halde fast ved Gud. Ikkje at det er fullkome, men det har gjort eit val, teke eit steg, risikert noko. Det er ikkje noko sjølvsagt. Mange menneske har brote med Gud, beint opp i andletet hans. Kvifor snur han ryggen til dei som trass alt har vendt seg til han, satsa på han? Han har spurt, vi har svara. Slik menneske svarar – ikkje heilt påliteleg alltid, ikkje heilt konsekvent. Det tek tid. Det er ikkje englar han har inngått pakt med. Som skrive står: ”Det er ikkje englar han tek seg av. Nei, han tek seg av Abrahams ætt”(Hebr 1,16). Ei ætt av nomadar, på veg gjennom usikre land. Kven veit kva som møter oss, kor sterke vi er når det røyner på? Men det er slik han vil ha det. Difor kan han ikkje berre slengje oss bort, ikkje berre gå frå oss, overgje oss. Eg er sta, eg forlet ikkje Gud. Han slepp ikkje så lett unna. Eg står på mitt. Eg stangar hovudet mot veggen. Guds vegg. Til han opnar seg.
GI LYD!
Då paven i si tid (1200-talet) akspeterte Dominikanarordenen (Preikebrørne), var han veldig oppteken av at dei skulle vere velstuderte og dristige predikantar. Prelatane i samtida vart blitt for føydale og for late. «Hundane gøyr ikkje lenger», sa paven. Han ville at dominikanarane skulle vere verkeleg «Domini canes«, Herrens hundar, som kunne gi lyd i forkynning og undervising på alle plan i eit samfunn som heldt på å fjerne seg frå trua. Les meir «nota bene…»
Onsdag, vike 2, Sal 39 (matutin)
”For eg er ein gjest hjå deg, ein framand som alle mine fedrar… Sjå bort frå meg, så lyser eg opp, før eg fær min veg og er ikkje meir”.
Mennesket som ytrar seg i salmane, veit at det er ein skjør skapning. Vi er skapte av Guds hand, vi er levande, frie og ansvarlege personar. Små ”gudar”. Men vi er også i ferd med å bli til, heile tida. Heile tida må vi ta fatt, prøve å samle saman bitane, fragmenta. Ikkje gå i oppløysing, ikkje flyte ut, ikkje blir fragmenterte. I oppstoda skal vi bli heile, konsistente.Vi er endå ikkje på plass – i oss sjølve, i verda, i vårt tilhøve til Gud. Vi er framande. Vi er pilgrimar. Vi har lov å be om at Gud ikkje må overvurdere oss. At han ikkje legg handa si altfor tungt på oss, ikkje ser altfor gjennomborande på oss. Guds menneske er heilt utlevert til sin skapar, prisgitt hans intensitet, hans fordringar, hans sjalusi, hans stringens. Han er ljos – og må minnast om at vi treng litt skyming, litt skugge; vi orkar ikkje alt på ein gong. Mennesket må få vere litt åleine, kjenne at det har grenser, skiftingar, veikskap; få kjenne sjølv at det er ein skapning. Kjenne at det er seg sjølv. Avhengig, dødeleg, endeleg, verkeleg. Ikkje berre ein idé.Vi skal gjere ei vandring saman med den Veldige. Stundom må vi seie til han at han ikkje må ta så lange steg . Den som skal verte helgen, må finne takta – ikkje berre Guds, men si eiga.
MEIR OM MILJØ
I “bånn” av dei problema vi snakkar om, ligg mennesket si framandgjering (om eg får låne eit omgrep frå marxismen) i høve til sine eigne “drivkrefter”, sine lidenskapar, sin materielle og kroppslege “dimensjon” . “Dødssyndene” (jfr TV2–serien) dreiar seg om dette. Den fyrste “berekrafta” vi treng, er å kunne bere vår eigen eksistens i harmoni med oss sjølve som kroppslege, psykiske og åndelege individ og med alt anna som er til. Les meir «nota bene…»
Tysdag, vike 2, Sal 37 (matutin)
”Venta på Herren og fylg hans veg! Så lyfter han deg opp…” (v 14).
Så lyfter han deg opp. Eg kjenner korleis orda tek tak inn under meg. Eit grep. Mennesket i krise veit ikkje alltid kva som hender med det, det ser ikkje lenger konturane av det vonde og det gode. Det har trøytta seg ut og sjølve dømekrafta vert viska ut. Som i ein døs lever du vidare. Du veit ikkje at du har sige saman og ligg som ein bylt på botnen av livet ditt. Då lyfter han deg opp. Det er nok. Blodet strøymer gjennom deg. Du står på føtene. Du ser at du ikkje lenger går i eitt med det som er vanskeleg. Det som trugar deg, er også noko utanfor deg, andsynes deg. Du kan gjere noko med det. Noko ber deg oppover. Guds hand under deg. Ei kraft som veks i deg. Rørsla bakover og nedover vart stogga. Veit ikkje heilt korleis alt skal bli, kvar utvegane opnar seg. Veit berre: Midt i fallet og i undergangen vart du lyft, vart du boren. Fekk du ljos.
MILJØ, LIVSSTIL OG POLITIKK
«Deilig er jorden», syng vi – og det er sant. Men jorda er nok også temmeleg sliten for tida, av vår samfunnsform og levemåte. Ein må vere temmeleg forherda og sympatisør av av eit visst populistisk parti for ikkje å (ville) skjøne at den økologiske krisa er reell. Diskusjonen går om hjelpa ligg i politiske føringar eller i omleggjing av livsstilen. Eg trur begge deler trengs. Dei harde grepa som må til, kan berre gjennomførast politisk. Men politikken og politikarane er i høg grad avhengige av kva individ og grupper kan og vil vere med på. For å pushe politikken, er det difor naudsynt og konstruktivt at nokon viser vilje og evne til å leve i samsvar med det som må verte konsekvensen av politiske endringar. I framtida vil evna til askese verte viktig i vår kultur. Les meir «nota bene…»
Måndag, vike 2, Sal 31 (matutin)
”Eg seier: -Du er min Gud!» (v 15)
Det er viktig å seie det. Kjærleiken vil vite: Elskar du meg? Er eg din? Og kjærleiken talar, gjer seg ikkje kostbar. Ord er ikkje berre informasjon, dei er teikn. Kjærteikn. Gud vil høyre desse orda, til seg: -Du er min! Gjennom orda utleverer du deg. Du let reservasjonane fare. Du er i desse orda. Ikkje ei meining. Ikkje eit synspunkt. Ikkje ei vurdering. Men ein risiko, ei avsløring, ei avkleding. Utan den andre, er du naken, ufullenda. Den som seier: -Du er min Gud!, er ikkje lenger den same som før. Alle som ser deg, ser deg og din ven, din ven og deg. Det finst ingen tomrom i samlivet mellom Gud og det mennesket som tilhøyrer han. Du går når Gud går, du roar deg når han kviler. Du går i han, han kviler i deg. Han gjev og han tek; kva gjer det? Han er i alt han gjev, han veks i alt du misser. Når sola skin og fargane fløymer, sei: -Du er min Gud! Når regnet og vinden piskar og grunnen blir borte under deg, sei: -Du er min Gud! Gud leikar med deg i alt som er godt – og når alt svartnar, skal du vakne igjen og sjå at du stig opp or oska som Fugl Føniks. Med eit sterkare liv.
(Publisert 1. gang i «Signert», Klassekampen, november 2007)
Han står på giljotinen utan bind for augo, klar til å døy som militærnæktar. Datoen er 9. august, året er 1943, plassen er tukthuset Brandenburg i Brandenburg an der Havel, mannen er Franz Jägerstätter frå den austerrikske landsbyen Sankt Radegund. Som truande katolikk har han nekta å gjere teneste som soldat for den tyske Wehrmacht etter at Austerrike hadde vorte ”tilslutta” Det tredje riket i 1938. I fylgje ”nyordninga” sin Kriegssonderstrafrechtsverordnung § 5, kunne ein dømast til døden for ”ytringar mot den nasjonalsosialistiske verdsåskodinga” (sit.). Dette hadde Jägerstätter gjort ved å reservere seg mot militærteneste fordi han var katolikk. Les meir «Tilfellet – Jägerstätter»
Høgtida for Kristus Kongen, Sal 72 (matutin)
«Gjev kongen må hjelpa dei verjelause i folket, så dei får sin rett. Han skal berga dei fattige og knusa valdsmannen…Han ynkast over småkårsfolk og bergar livet åt dei fattige» (v 4 og 14).
Det bibelske kongeidealet er ikkje makt for makta si skuld. Kong Salomo vart rett nok rik og mektig, men nettopp han vert eit døme på forfallet i kongeinstitusjonen: Urett, overmod og avgudskult tek overhand. Det messsianske kongeidealet som peikar fram mot Jesus Messias, er annleis. Kongen utstrålar noko av Guds eigen glans og godleik, men fyrst og fremst er han ein tenar for Retten og rettferda. Her er det ingen «solkonge» eller «staten-det-er-eg»-fyrste. Han skal sjå til at den fattige får sin rett: dei sosialt veike, som enkjer, eigedomslause og folk av små kår. Kongen vert aldri så opphøgd at han opphøyrer å vere ein av gudsfolket. Han kan ta del i folket sine festformer; som David, dansande framfor arka, som Jesus, ridande fram over palmegreiner og utbreidde klesplagg med ropande born rundt seg: «Hosanna! Velsigna vere han som kjem…!»
Kongemakt – og styremakt i det heile – er ikkje til for å dyrke seg sjølv. Det er ei teneste, ein diakoni. Kongen skal vere Guds ven og folks ven. Som det også står i den gamle norske Kristenretten, om «landsdrotten» (kongen): «Han vere vår ven og vi hans – og Gud vere ven åt oss alle».
AFGHANISTAN?
Skal norske soldatar føre krig i Afghanistan? Er det ei oppgåve for norsk forsvar? Den offisielle motiveringa er «krigen mot terror». Dette er i ferd med å bli ein kollektiv nevrose i dei vestlege samfunna og kan snart brukast som motivasjon for kva som helst. Eg meiner det er grunn til å spørje om ikkje slike militæroffensivar verda rundt mest er uttrykk for vestleg, kulturell imperiebyggjing. Les meir «nota bene…»
Laurdag vike 1, Sal 105, (matutin)
”Han opna berget, og vatnet strøymde fram, det rann som ei elv i det turre landet”
Gud rår for kjeldene. Der det friske og livgjevande strøymer fram, innanfrå og nedanfrå, frå det mørke, det som ikkje er jaga opp av ståket og impulsane på overflata. Kjeldevatnet – frå bøna si underjordiske, søkjande rørsle; leitar seg fram, trengjer seg fram, forbi harde hindringars berg, ikring innfløkte tankars rotsystem, gjennom lidings slagg og grus – og opp i dagen som noko friskt, ljost, forvandla! Keltarane visste om kjeldene og lundane som livsfornyinga sine heilagstader. Alt kan synest tørt. Overlete, forsteina, ferdig. Då opnar Gud ei kjelde: det vatnet som har runne under overflata i livet ditt, lenge, langt nede i grunnfjellet, blitt nesten borte. Det kjem frå Gud, men det har runne gjennom ditt hjarta, ditt liv. No får du det att. Du trudde det var dødens vatn – så mørkt, så stille – og så var det livets
Denne bloggen har no halde på vel ein månad – og har alt hatt om lag 15000 treff. Som du har sett, har bloggen ulike spaltar /overskrifter; éin med ein meditativ/teologisk (spiritualitet) tekst: «Officium», og éin med synspunkt og kommentarar (aktualitet): «Nota bene». I «Carpe diem (grip dagen) får du vite litt om kva eg held på meg og kvar eg er (!). Av og til legg eg ut ei preike under «Homilia». Etterkvart legg eg ut fleire «tekstar» og «artiklar» som gjerne har stått publiserte i andre media. Kommentarar til dette stoffet passar sjølsagt best under den kategorien. Fylg med! Kommenter gjerne!
The black Pa(n)ter
EKUMENISKE ENDRINGAR
I norsk ekumenikk (arbeidet for kyrkjeleg einskap) har det vore naturleg å tenkje at dei lutherske kyrkjesamfunna, særleg Den norske kyrkja (DNK), har vore næraste samtalepartnarar for katolske kristne. Lutherdomen har teke vare på mange katolske element; læremessig, i kyrkjeordninga, i liturgi og sakramentfeiring. Med den siste utviklinga innnan DNK er ikkje dette fullt så sjølsagt lenger. Mange ting tyder på at trussamfunn og kristne miljø som tradisjonelt har vore svært antikatolske, no har ei veksande forståing for katolsk tru og tradisjon. Les meir «nota bene…»
Fredag vike 1, Sal 35 (matutin)
”Reis deg, vakna og hjelp meg til min rett. Min Gud og Herre, før mi sak!” (v 23)
Den barnlege tilliten til Gud er ingen passiv idyll. Fordi Gud er der, blir han min apellinstans. Han engasjerer seg i livet, i eksistensen, han, som er ein levande Gud – Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Difor kan eg utfordre han, rope på han, påkalle han. Som barnet: Far, høyrer du meg, ser du meg? Opp att og opp att kan det leikande barnet gjenta si bøn om merksemd. Ein liten detalj, ei lita glede, eit sår som gjer vondt – for barnet er det alt, det fyller heile fortida, heile framtida; det vil eit ”no” av merksemd, av total konsentrasjon om det som hender med det. Det store oversynet, dei lange linene, den balanserte røynsla – det er ikkje barnet si verd. Far, er du der, elskar du meg – så høyrer du meg, no! Ikkje snart, men no. Trassig sjølvoppteke.
Lat det vere slik. Gud drøymer ikkje, han er på veg til meg. Han vil meg. Men hans rørsler er så store at eg ikkje alltid ser konturane av dei. Ofte synest dei berre som skuggar. Vi ser ikkje handa når ho nærmar seg, vi kjenner berre styrken i henne når ho – endeleg – grip fatt i oss. Gud reiser seg, men i ei uendeleg rørsle. Og det uendelege, transcendente, evige, verkar langsamt, stilleståande. Medan det i røynda dreiar seg om kolossale krefter, svimlande hast, veldige energiar. Står kanskje sola stille? Ho gjer alt liv mogeleg, men stundom kjenner eg at strålane fell på andletet mitt, at ho lyser på meg. På meg. Slik er Gud. Når min time er Guds time.
Vike 1. Torsdag. Salm 57 (Laudes)
”Mitt hjarta er roleg Gud, mitt hjarta er roleg. Eg vil syngja og spela.” (v 1)
Her talar eit hjarta som veit kva uro er. Ja, tidlegare i same salmen heiter det: ”Eg må liggja midt imellom løver..” . Det utleverte livet, det nakne hjarta. Den hjartefreden som bibelens Guds-menneske talar om, er ikkje den overlegne sjølvkontrollen sin fred. Freden er ei gåve. Ei deltaking i Guds eigen fred. ”Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk” seier Kristus til apostlane ved det siste måltidet. Det er ein fred som toler å ”liggje midt mellom løver”, slik Kristus tok opp kampen mot ”maktene”, synda, døden og djevelen. Kristi fred sigra fordi han, som Son, var ”i Faderen”. Når vi er ”i Sonen”, er vi også ”i Faderen”. Berre ”i Gud” kan mennesket ha eit roleg hjarta. Uroa blir ikkje borte, men ho misser overtaket på oss. Midt i mørkret og skremslene kan eit barn vere heilt roleg og trygt – berre det har far si hand å halde i. Eller mors, eller ein vens. Guds hand har mange namn. Les meir «officium…»
er, som kjent, latin og tyder: Legg godt merke til! Under denne vignetten kjem eg her i «På direkten» til å gje ein aktuell kommentar; ting eg har sett, høyrt og tenkt i løpet dagen eller dei siste dagane.. Som i dag:
OM DET PRE-PREPOLITISKE
I ettermiddag deltok eg på «seminar» i høve femtiårsjubileet for tidsskriftet Minerva . To bøker har kome ut i same høve; ei artikkelsamling redigert av Lars Roar Langslet, Minerva-krinsens «sjef», og ein historikk om Minerva-krinsen, av Johannes W. Løvhaug . Tolle, lege..! I sitt innlegg på semniaret framheva Langslet at Minerva -krinsen og tidsskriftet ville slå til lyd for det «pre-politiske»; for politisk filosofi, for etisk- og til og med religiøst forankra tenkjing. Fleire av paneldeltakarane var inne på at dagens politikk er blitt ein «bransje», nærast eit yrke, ein karriereveg, ikkje lenger eit verv eller ombod, forankra i djupare politiske idéar. Les meir «nota bene…»
I denne spalten vil eg legge ut ein meditasjon/refleksjon over ein tekst frå dagens liturgi, gjerne frå tidebønene der dei bibelske salmane er hovudsaka. Oftast frå morgonbønene (Matutin/lLaudes).. Slå opp og les heile salmen fyrst..
Vike 1. Onsdag. Sal 18 (matutin)
”Herre min styrke, deg har eg kjær” (v1-3). -Har eg deg kjær, Herre? Ja, fordi du er min styrke! Du held ikkje styrken din for deg sjølv, du deler han med meg. Då er det noko som brusar inni meg, noko som strålar ut mot mine medskapningar – og då meiner eg alt som omgjev meg, både menneska og naturen : Vi er glade, gode vener for kvarandre, denne dagen skal vere ein dans, Guds dans med oss! Les meir «officium…»
Siste kommentarar