Arkiv for august 2010

31
Aug
10

carpe diem: frå valfart til bys

Det blei ei våt, men fantastisk vandring på kyrkjevegen over fjella i Hemsedal og Hallingdal. Regn over lang tid hadde bløytt opp skogbotn, stigar og jordsmonn over alt. Mange stader var stigane attgrodde, særleg der det var store, opne flatehogstfelt; for der skyt bringebærkratt, småskog og gras opp og legg seg som eit ugjennomtrengjeleg teppe over alt. Myrfelta lenger oppe var også blaute, med kulpar og småelvar på kryss og tvers. Stri var også vieren, samanfletta og floka og lite viljug til å la oss få auge på råsene. Likevel var det lettare å gå både i myrholta og vierskogen enn nede i granskogane. Som sagt før: Eg likar vieren, sta og tett, men med mjukt, sylvfarga lauvverk. Vieren varslar også høgfjell, lettare terreng, større utsyn.

Og det gjer også dvergbjørka. Vi kom inn på fastare grunn og tydlegare far etter folk. Rundt oss opna fjellheimen seg, som eit stort sursum corda!, lyft dykkar hjarto! Vi kjem så våte og litt nedkjøla til Fjelldalsstøl der ein har drive rideskule i mange år; med norsk hest, med enkle, men vel gjennomtenkte måtar å ordne innkvartering og stell på. Du kjem inn døra på den store hytta, og rett inn i glovarmen frå ein vedfyrt Jøtul-omn! Heten slår i mot deg, du kjenner at du tørkar og blir varm og du heng frå deg våte klede over snorene framfor omnen, du dreg av deg skorne og slepp varmen laus på dei også. Du får seng i eit firemannsrom og så får du skikkeleg mat langs langbord med ljos berre frå to vindaugo og frå bålet i den store peisen inst i rommet.

Vi søv godt om natta – og vaknar opp til skikkeleg sipregn. Legg likevel glade i veg. Som det står i ordtaket: «-Glad er eg støtt, sa guten, han gjekk og gret». No bortover og etterkvart nedover mot Opheim i Torpo. Ein vakker veg som eg også gjerne skulle vandra i godvêr. Det smale elvefaret mellom to vatn (nøre og søre Øknin), må eg ta av fjellskorne og vasse, og vassar like gjerne vidare bærrføtt eit godt stykke, men må sko meg att for å gå fort nok. Ned kjem vi, langs kanten av innmarka på Opheim – slik nok ofte pilgrimane kom til gards i gamal tid. På garden til Eiliv, som er vår lokale vegleiar denne dagen, er det stor veranda rundt huset, med utepeis og varmeanlegg! Eg går rett på sak og bed om å få ta ein rask dusj for å sjå nokolunde ut når eg skal forrette gudstenesta i stavkyrkja. Vi får kaffi og noko attåt, franske br Paul Adrien held eit sterkt innlegg om livet sitt som pilgrimsferd – eg er tolk. 

Opheimgrenda og gardane er vakre og intenst drivne. Grenda ligg høgt, i halling, sør- og solvendt; her var kornkammeret i dalen i gamle dagar, får eg vite. All innmarka var til korn; fôr til buskapen tok ein innover på fjellslåttane for ein måtte ha fe og gjødsel for å kunne ha åker! No er det gras og mjølkeproduksjon over heile lina – og mykje nydyrking. 

Valfarten blir avslutta med ekumenisk gudsteneste i (det som er att av- ) Torpo stavkyrkje. No skin det av og blir sol! Klokka 2025 sit vi som skal til Oslo, på toget nedover dalen…

Reklame
31
Aug
10

officium: tysdag, 22. vike i det allmenne året, jer 26,1-15 (matutin)

«Så vil Herren endra sin plan og spara dykk for den ulukka han har truga dykk med» (v 12)

Profeten Jeremia er litt annleis enn mange av ei andre profetane. Deira bodskap openberrar Guds velde, hans rettferd, hans velsigning for folket. Take or leave it. Guds majestet, i vreide som i kjærleik, synest urørleg.

Jeremia er profeten som opnar Guds hjarta for oss. Fordi bodskapen hans ikkje berre går gjennom munnen hans, men også gjennom hans eige hjarta, ja, gjennom hans eiga livsrøynsle.  Jeremias inderleggjer Guds tale og den profetiske talen. Hjarta er staden der retten bryt mot nåden, nåden mot retten. Guds kjærleik tek overhand. Gud gjev etter. Gud gjer seg veikare. Kjærleikens vanmakt.

Som aldri gjev opp. Som alltid endrar seg. For å nå oss.

27
Aug
10

homiletica: Marias opptaking i himlen (assumptio), 15. aug, st dominikus krk, luk 1,39-56krk,

..denne preika blei halden sundagen etter fr Haavars avleggjing av sine endelege lovnader som dominikanarbror…

Kjære brør og systre!

 

Når vi feirar Marias opptaking i himlen med kropp og sjel, feirar vi eigentleg menneskets veg til Gud, vår eigen veg til Gud; sjølve kallet og meininga med det å vere menneske. Maria er vår mor, den nye Eva, ho representerer oss alle.

Det er ikkje tvil om at Maria er Guds reidskap på ein spesiell måte, ho er Herrens tenarinne, Ancilla Domini, som ho sjølv seier. Evangeliet i dag vitnar om alt dette:

Ho er Guds mor, Herrens mor. Elisabet helsar henne og seier: Hvem er vel jeg at min Herres mor kommer til meg?  Og det sa ho nettopp om barnet som Maria bar under bringa; velsignet er han du bærer i ditt skjød.

Dette er den djupaste grunnen til at vi ærer Maria; ho er Guds mor, ho er Deigenitrix, Theotokos, Gudføderske. Vi fastheld og vedkjenner det nettopp som ei vedkjenning til Kristus: Alt i mors liv  var han ”Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av den sanne Gud” (Nicenum). Hyllesten til Maria kling gjennom kyrkja, som ein stadig gjenlang av desse orda i evangeliet: Velsignet er du fremfor alle kvinner.  Og, som ho bryt ut i sin lovsong: Heretter skal alle slekter prise meg salig. Maria er kvinna, kledd i sola, som vi høyrde om i den 1. Lesinga frå Johannes Openberring; ho er den som føder Frelsaren, han som en gang skal styre hedningene med et septer av jern.

Brør og systre; i dag, på Assumptio-festen, seier vi: Velsigna vere Jesus, Marias livsfrukt, men velsigna vere også mennesket som tek i mot han, som opnar seg for han med heile seg. Maria tok i mot han slik; ho opna sitt morsliv for Gud. Vi tek også mot Gud kroppsleg, sakramentalt; i dåpen, i evkaristien. Heile mennesket skal ta i mot Gud, heile mennesket skal guddomleggjerast. Dette skjer i Jesus Kristus, i hans inkarnasjon og hans frelsesverk, som vi høyrde: Førstegrøden er Kristus, så ved hans komme, følger de som hører Kristus til.  Og Maria kjem fyrst av dei som høyrer Kristus til, som vår mor, som vår forløpar, som vår forbederske.

Brør og systre; det er så lett å misse dette perspektivet på mennesket i dag, ja, på vår eige liv. Vi har vent oss til å leve som fjernt frå Gud, eller vi syns at Gud er så fjern frå oss. Gud verkar så irrelevant for mange i vår tid. Kva har han å seie, frå eller til? Mange har vent seg til å leve utan Gud, utan bøn. I dette ligg det sikkert eit opprør, men også ein resignasjon, eit tap av illusjonar, dessverre kanskje på grunn av oss truande, vi som skulle vere hans sendemenn- og kvinner i verda. Men desto meir har vi behov for å feire felleskapen mellom Gud og menneske i dag, slik vi gjer på denne festen; feire venskapen og intimiteten mellom Gud og menneske; Maria, vår mor, teken med kropp og sjel inn i Guds evige nærleik!

”Gud er menneskets ære” seier den heilage Ireneus av Lyon. Eg skulle ynskje at vi kunne sjå Guds historie med oss som det mest intime, det mest avgjerande, det mest underfulle ved livet vårt. Slik salmisten seier det: Herre, du kringset meg på alle sider, du har lagt di hand på meg. Det er for underfullt tilå skjøna, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det… Du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv. Eg takkar deg fordi eg er skapt på skræmeleg underfull vis. Underfulle er dine verk, det veit eg så vel  (Sal 139). Slik eg trur at bror Haavar, ikkje minst, kjenner det, desse dagane.

Slik nettopp Maria, den unge jødiske kvinna, kjende det; du har lagt di hand på meg, frå då engelen sto i døra. Slik at ho seinare kunne juble: Magnificat anima mea; Min sjel forkynner Herrens storhet, og mitt hjerte jubler i Gud, min Frelser… Store ting har Den Mektige gjort mot meg – hellig er hans navn.

 

Kjære vener! Dei store tinga Gud har gjort med Maria, det er det vi feirar i dag, og det ligg ein lovnad og eit håp for alt menneskeliv og for vårt eige liv. Vi vil leve solidarisk med alle menneske som kjenner realitetane in haec lacrimarum valle,  denne tåredalen. Og vi lyfter sinnet vårt og røysta vår og ropar, for oss og for alle: Eia ergo, advocata nostra, illos tuos misericordes oculos ad nos converte; Du vår mor og talskvinne, vend dine miskunnsame augo mot oss – og be for oss!

 

Vi skal ikkje gi tapt; himlen er høgre enn jorda, Guds nåde er sterkare enn alt. Saman med Maria vil vi difor prise Gud og seie:

Av hans fulnad har vi fått, nåde over nåde!

 

27
Aug
10

officium: fredag, 21. vike i det allmenne året, jer 4 (matutin)

«Bryt dykk nytt land, og så ikkje meir mellom klunger!»  (v 3)

Iherdig innsats er bra, å halde ut er ofte naudsynt. Men ikkje alltid. Stundom trør du berre sjøen eller trakkar opp jordsmonnet dersom du ikkje flyttar deg, dersom du ikkje tek eit nytt grep. Negative, oppgjevne haldningar for din eigen del eller der du lever og arbeider, kan bli ei felle, ei langsam forvitring av tru, von og kjærleik. Det går sjukdom både i deg og i det du driv med. Dette kan gjelde i vanleg arbeidsliv og i det kyrkjelege og åndelege livet og arbeidet.

Det kjem ikkje berre an på den som talar og det som vert tala, men på den som tek i mot. «Den som har øyro, han høyre», seier Jesus. Fred skal du byde der du går fram, der du forkynner Guds rike. Men der freden ikkje vert motteken, skal du gå vidare. 

Det skal mot til å bli når det er tungt. Men stundom skal det og mot til å bryte opp, til å gå vidare. Og: der du er; prøv å finne det gode jordsmonnet, det mottakelege mennesket. Også i deg sjølv.

27
Aug
10

carpe diem: valfart i hemsedal og hallingdal

For eit par timar sidan steig vi av toget på Ål, fr Paul Adrien og eg. Han er ein av dei franske dominikanarbrørne som deltok i fr Haavars profess nyleg og var med på turen til Sunnmøre. No er han i Noreg eit par viker ekstra for å lære litt meir om livet her – og kanskje for å leve og arbeide her ein periode seinare. På få dagar har han alt lært mykje norsk! 

Som ein del av den norske røynsla skal han vere med meg denne helga her opp i dalane. Kyrkjefolk i Ål og Hemsedal skipar til ein valfart/pilgrimstur langs dei delane av Nidarosvegen mellom Telemark og Trondheim som passerer her.  Mi/vår oppgåve blir å introdusere og leie tidebøner og halde bibelmeditasjonar og bibeltimar undervegs. Temaet er nettopp det å vere pilgrim i verda, leve i det sekulære samfunnet som borgarar av Gud by (kyrkja – og det komande Guds-riket); som ein positiv motkultur. Tekstgrunnlaget blir henta frå Hebrearbrevet 11-13, som nettopp ser det kristne livet under oppbrotet og vandringa sin vinkel; dei truande som «framande og utlendingar på jorda», med det himmelske riket som mål, heimby og forankring. 

Vi startar i morgon tidleg og avsluttar sundag ettermiddag i Torpa stavkyrkje, med ein «Ordets liturgi» med preike. Fr Paul Adrien og eg har også høve til å feire katolsk mese undervegs. Kanskje det er fleire katolikkar som er påmelde? I alt er det 25 deltakarar.

Vêret som er spådd, er ikkje det beste, men vi går, uansett. Be om brukbart vêr! I dag bur vi hos ein pensjonert lærarpar her i Ål, i eit gamalt, nyrestaurert hus langt opp i lia høgt over Sundre, som er stasjonsbyen i Ål. Svært kjekke og gjestfrie folk! Seint sundag kveld er vi tilbake i Oslo.

26
Aug
10

officium: onsdag, 21. vike i det allmenne året, jeremia 3,1-5;19 – 4,4 (matutin)

«Du ville ikkje skjemmast» (3,3b)

Skam kan vere øydeleggjande når ho er grunnlaus. Men eit teikn på menneskeleg verd når ho er eit sant møte med oss sjølve. Juda synda skamlaust med si avgudsdyrking – og rekna likevel med at Gud sto klar til å tilgje. Nettopp profeten Jeremia viser noko av Guds lidande hjarte; at vi kan såre Gud, at Gud kjenner seg utnytta og krenkt. Han er ingen tilgjevingsautomat.

Å kjenne skam er å vedstå seg at du har krenkt deg sjølv og ein annan. Då kan alt gjenopprettast.

22
Aug
10

carpe diem: tur med franske brør iii

Ny kjapp bloggpost på ferja, no på retur frå  sunnmørsalpane til Ålesund; messe i Vår Frue krk og så den lange driven  ned Gudbrandsdalen via Romsdalen til Oslo. Vi har hatt flotte dagar på Fausa! Fredag var det for dårleg vêr og folk var litt for trøytte til å gå på Slogen, så toppturen tok vi i går, til Dalmanshornet/Brunstadtinden (1500 moh), med kjempeutsikt over dalar, tindar, taggar, brear (som minkar, alas), skoglier, fossande elvar. Langt ute i vest øyriket vi kom frå, langt i sør ser vi Jostedalsbreen (Lodalskåpa), langt i aust fjellviddene i Nord-Gudbrandsdalen…

På gjenhøyr!

19
Aug
10

carpe diem: på tur med franske brør II

Rask posting på ferja mellom Magerholm og Ørsnes (Sykkylven). Vi har har hatt  flotte dagar ute i Haram; 25-26 varmegrader, strålande sol, vindstille, fisking, fjellturar, flott vandring rundt Lepsøya med bål og bading ytst ute  i storfjøra med blåkvite dønningar;  havørn og ramn under berghamrane… Fantastisk vertskap på Longva hos Kolbjørn og Ingunn Hellevik!  Stor takk til dei!

No: på veg til to hytter i Stranda (Fausa), med topptur i sunnmørsalpane i morgon, om Gud vil og vêret held. Meir etterkvart! (Tilbake i Oslo sundag kveld, til orientering)

17
Aug
10

carpe diem: på tur med franske brør…

Litt mindre bloggaktivitet denne vika… Er på reise (tilbake i Oslo den 22.)med franske dominikanarar som er i Noreg i smb br Haavars lovnadsavlegging nyleg. Vi prøver å gjere Noreg meir kjent for folk elles i den franske provinsen. Viktig for fellesskap og samarbeid. 

Vi er fyrst nokre dagar ute i Haram; og drar torsdag inn i fjordane for å ta nokre topp-turar i Sunnmørsalpane. Utlendingane må lyftars, både i havluft og fjell-luft. Frå norsk side er det br Haavar, br Jon Atle og eg. Vêret er maximalt; stille, i går var det 26 plussgrader og klassisk solnedgang. Familien Hellvik, som har sommahus på Longva, er våre vertar. Stor takk til dei! Sundag har vi høgmessa i Vår Frue krk, Ålesund.

Litt tilfeldig nett-tilgang her, så postinga blir litt til- g frå, likeeins må eind el kommentatar vente.

13
Aug
10

officium: fredag, 19. vike i det allmenne året, mika 6

«At du skal gjera rett, visa trufast kjærleik og ferdast audmjukt med din Gud»  (v8)

Dette er profeten Mikas regula for eit religiøst liv. Retten, truskapen, kjærleiken og vandringa. Gud er ein å ferdast med, ein medvandrar. Ikkje ein kontrollør som hersar med deg. Livet endrar seg, vi lærer over lange spenn, alt skjer ikkje som momentane omveltingar, kriser og sprang. Heller ikkje i høve til Gud. 

Du treng tida og vegen. Og det gjer Gud også.

12
Aug
10

officium: torsdag, 19. vike i det allmenne året, mika 4,14-5,7 (matutin)

«Mellom mange folk skal Jakobs rest vera som dogg frå Herren, som ei regnskur på gras» (5,6)

Berre orda gjer at vi  kjenner angen av  dogga og regnskuren; noko reint, friskt fornyande. Slik skal kyrkja merkast i verda. Det er fyrst og fremst helgnane som gjer at kyrkja kan verke slik. Kyrkja har sine plikter, sine strukturar, sitt oppdrag, sine manglar, synder og veikskapar. Fordi ho ikkje er ein fromt idéal, men ein konkret røyndom. Guds sår i svart jord, han kallar menneske og ikkje englar, syndarar og ikkje sjølvrettferdige til si teneste. 

Men lat oss stundom lyfte blikket frå alt det motsetningsfulle. Lat oss berre kjenne at når vi kviler i vår tru, i Gud, når vi berre avspeglar det vi tek i mot gjennom kyrkja  – då tek verda og menneska i mot oss «som dogg frå Herren, som ei regnskur på gras».

11
Aug
10

officium: onsdag, 19. vike i det allmenne året, mika 4,1-7 (matutin)

«For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem» (v 2b)

Den universelle freden og rettferda skal bryte gjennom i verda; i dei siste tidene, i ein stor overgang,  som ein eskatologisk røyndom.  Her samstemmer Mika med dei andre profetane. Guds rike, det messianske riket, er på gang, det skal bryte gjennom, men ikkje utan, oppbrot,  krise, parusi – at Kristus kjem til syne i all si makt. 

Fredstilstanden kjem som ei frukt av at Guds ord når ut . Det er Israel og kyrkja sin misjon. Alt no er verda avhengig av at rett og sanning; Guds tale om seg sjølv og om oss, blir framhalde. Gud har skrive sine ord og si lov inn i hjarto våre, inn i kulturen, naturen og historia. Men verda treng den frelseshistoriske openberringa – i Gudsfolket, i Skriftene og tradisjonen – for å tydleggjere det og for å opne vegen heilt fram til fullendinga. 

Verda er radikalt avhengig av at kyrkja heile tida forkynner og tydleggjer meininga med røyndomen, økologisk, politisk, moralsk og åndeleg.

10
Aug
10

officium: st laurentius, diakon og martyr, apgj 6,1-6; 4-8 (matutin)

«…og der forkynte han Kristus» (8,5)

 Kyrkja feirar i dag den hl Laurentius (Lars, på godt norsk); diakon og martyr i Roma. Han går inn i rekkja av diakonar frå den hl Stefanus si tid, eller den hl Filip som vart vald og vigsla til denne tenesta saman med Stefanus. Diakonane var nære medarbeidarar med apostlane, seinare med biskopane, i styringa av kyrkja, særleg i forvaltinga av økonomien og tenesta for dei fattige og trengande i kyrkja. 

 Men diakonane er óg forkynnarar. Ja, alle truande skal, på ulike måtar, forkynne. Kyrkja er breiddfull av ordet om Kristus, om Messias, om han som kjem med forløysing til verda.  Når dei truande vart forfylgde, vart kyrkja spreidd; når kyrkja spreidde seg, spreidde ordet om Kristus seg. 

 Deltek du i denne rørsla? Kva spreier du?

09
Aug
10

carpe diem: business as usual

Under har eg lagt ut nokre ferske tekster. Vel tilbake frå sommarlege oppdrag og rekreasjonsdagar, blei eg litt utslått av ei kraftig forkjøling, så difor har det vore stille på bloggen nokre dagar. No er vi igang igjen. Ikkje minst med førebuingane for br Haavar Simon (Nilsen)s avleggjing av dei høgtidlege (endelege) klosterlovnadene, her i klosterkyrkja no laurdag den 14, kl 1800. Etter fem i år i Frankrike skal han no sannsynlegvis vere eit par år i eit anna land for å fullføre si teologiske utdanning…

09
Aug
10

homiletica: 8. august, festen for den hl Dominikus, st dominikus krk, Luk 10

 

 Kjære brør og systre!

I år fell festen for den hl Dominikus på ein sundag – og heile den dominikanske familien – brør, systre og lekdominikanarar, og alle vener elles, feirar den hl Dominikus, vår far.

Men kva er det vi  då feirar? Vi feirar det vi las i evangeliet: vi feirar utsendinga av apostlane, vi feirar den apostoliske forkynninga, det apostoliske livet! Ja, vi feirar gjenoppdaginga av det apostoliske livet – for det var det St Dominikus og hans vener gjorde; dei gjenoppdaga det apostoliske livet i dets fylde!

Apostlane sitt liv, som etterfylgjing av Kristus, som noko djupt personleg og som eit liv i fellesskap –  det har vore ein inspirasjon for all fornying i kyrkja. Heile klostertradisjonen, den monastiske tradisjoen frå ørkenfedrene av, var ein freistnad på å verkeleggjere Kristi apostoliske kall: -Fylg meg! Om du så må gi avkall på alt anna! Men Dominikus og tiggarmunkane gjennoppdaga oppbrotet og vandringa i det apostoliske livet. Og ikkje minst Domiikus gjenoppdaga forkynninga! Difor grunnla han nettopp Ordo Fratrum Prædicatorum, Preikebrorordenen. Fordi apostlane, ja Kristus sjølv, så å seie var tiggarmunkar, dei kombinerte felleslivet, fatigdomen, lydnaden og forkynninga. 

Biskopane er jo apostlane sine offisielle etterfylgjarar; dei er den eigentlege og primære ordo prædicatorum, dei som fyrst av alle har ansvar for forkynninga og læra.  Men på den hl Dominikus tid, på 1200-talet, hadde mykje av dette gått i gløymeboka, biskopane var blitt feudalherrar og gløymt både fatigdomen og forkynninga, langt på veg.  Mens folkemengdene vaks, byane vaks – og avstanden mellom kyrkja og folket vaks.

Nettopp då skjøna Dominikus – og pave Honorius – , ved Guds nåde, at Kristi ord må ut til folket, og at det ikkje nyttar å tale berre med ord. Heile livet og livsforma må tale med. Sjølsagt må det talast med ord; det var nettopp skrikande mangel på forkynning og undervising, og vi skal ikkje høyre på dei som seier at muntleg og skrifteleg forkynning ikkje trengs, ikkje er viktig.  Dominikus stifta ein predikarorden og hans folk måtte studere Ordet for å kunne forkynne Ordet. Dei visste, som apostlane: Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord(Rom 10,17) , slik Paulus seier i Romarbrevet.  Men Ordet må levast, livet må formast av han som er Ordet; difor fatigdomen, difor lydnaden, difor sølibatet, for dei som vil ta det heilt ut. Difor bøna, difor sjølve det hjarteslaget som er Kristi medynk og miskunn med syndarar; lengselen etter å vinne det bortkomne mennesket tilbake til Faderen, for tid og for æve. Difor mottoet : For verda si frelse, dominikanaraordenen sin formålsparagraf.  Det er faktisk utfordrande og artig å tenkje på at St Dominikus kloster er registrert i Brønnøysund-registeret med fylgjande formål: ”Verda si frelse”! Det er meir enn fromme ord, det er vårt offisielle, faktiske formål. Gud veit det, Brønnøysund veit det. Veit vi det?

Å styrke den apostoliske forkynninga – det er vårt kall som dominikansk familie i dag. 

Det gjeld biskopane, no som då. Så lett blir det episkopale embetet tynga med av mange plikter, av administrasjon og representasjon og festlege markeringar. Men biskopane skal ikkje bere sjå til at andre preiker; dei skal sjølve preike og undervise, direkte, til folket, til truande og ikkje-truande. Fortløpande undervising i katolsk tru, ved den lokale biskopen – det ville oppfylle ei forventing, det ville skape fornying.

Det gjeld lekfolket – som treng å ta til seg ein større fylde av kristen undervising og teologisk vegleiing. Som profeten Jeremia seier:

Sjå, dagar skal koma,

        lyder ordet frå Herren Gud,

        då eg sender hunger i landet,

        ikkje hunger etter brød eller torste etter vatn,

        men etter å høyra Herrens ord.

Fornya mottaking av Guds ord, det vil i sin tur hjelpe dei truande til å formidle si tru, kvar på sin post i samfunnet, privat og offentleg. Vi er alle apostlar, vi er alle preikebrør- og systre!

Det gjeld oss som har tatt på oss arven frå den heilage Dominikus: Vi treng å la vår røyst høyre, både innover i kyrkja og utover i samfunnet. Og vi treng å leve den apostoliske forkynninga, leve Ordet, slik det regulære livet, livet etter kloster- og ordensregelen pålegg oss det.

Brør og systre; eg er er sikker på at vår tid berre ventar på å merke noko av dette. At vi har eit ord å seie som ingen andre har: Ordet om Kristus. At vi står for dette med heile vår eksistens. Då treng vi ikkje be om orsaking for at vi fins. Då kan vi, slik vi høyrde i den 2. lesinga,  alltid vere på pletten, i tide som i utide. Då kan vi vise hver og en til rette, snart med strenge ord, snart med oppmuntrende, og med all en lærerers tålmodiget og autoritet” (2. Lesn).  Då kan vi seie: ”Guds fred i huset” der vi stig inn; ein fred som vil bli tatt i mot eller avvist. Då kan vi seie: Guds rike står for døren! Med lekjedom, med forsoning, med nytt liv.

Vil du opne din munn og tale? Vil du leve det du talar? Slik som apostlane, slik som den hl Dominikus?

(Som vi høyrde i evangeliet:  )

Avlingen er rik, men høstfolkene er få; be derfor ham som er herre over avlingen, at han sender arbeidere ut for å høste den.

 

Og gå så avsted!

09
Aug
10

nota bene: utruleg tru

fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, 7. august-10…

Klassekampens lesarar har vel etterkvart funne seg  å ha ein pater som spaltist, sjølv om det sikkert stadig er kontroversielt. Takk til generøse ikkje-truande som også let truande tale!

Likevel; éin ting er å registerere at det finst folk som trur. Noko anna er det å førstelle seg at presumptivt tenkjande menneske verkeleg er overtydde, har trua som livsinnhald og let seg forplikte av henne. Og det endåtil tradisjonell og institusjonell tru som den katolske, som islam eller jødedom!  Éin ting er det å ta i mot deira manuskript, noko anna er det å møte dei andlet til andlet, over bordet, over ein halvliter eller liknande, som på sommarfesten for herverande avis nyleg. Sjølv er eg ofte på den truande sida av bordet og er van med å leggje merke til dei lette sjokkbylgjene som spreier seg nå den andre sida skjønar at eg er ved mine fulle fem og meiner alvor. Ikkje at nokon har mistenkt meg for kaldblodig bløffing, men glimtvis synest eg stundom like uverkeleg som ein marsbuar.

Så rart, i grunn, når ein veit at både historisk og globalt er tru noko normalt. Men det finst inga årsak til å nekte at mange i den vestlege kulturkrinsen, særleg i Europa, er blitt drastisk framandgjorde frå religiøs tru, for ikkje å seie fiendtleg innstilte. For min eigen del har eg ingen trong til å messe alvorlege truslar eller til å mane folk tilbake til ”gode gamle dagar”. Heller vil eg seie at eg let meg trigge av vantrua. Ho gjer meg minst like nysgjerrig på dei ikkje-truande som dei er på meg. Kvifor synest dei heilt døde for det som er livet for meg?  Kva har dei opplevd? Kva har forma deira tankegang? Sant nok at oppseding og livsvilkår er med å determinere oss. Eg trur likevel på den radikale fridomen mennesket har til å gjere autentiske val om kva det vil stå for og tru på. Kan vi kalle oss menneske om det ikkje er slik?

Bak både tru og vantru er det eit menneske som undrar meg, som fengslar meg – og altså triggar meg. Det får meg også til å reise hovudet for å stange litt tilbake når det trengs. Det har alt for lenge vore slik at dei truande kjenner seg forplikta til å vere snille aggresjonsobjekt. Det skaper berre fortrengjing og forsuring. Kva med å seie: -Tru på Gud er for meg ein innlysande og opplagt del av det å vere menneske, korleis kan du avvise din Skapar? Ei av dei sløvaste innvendingane mot tru og religion, er at det er noko som kan vere fint for dei som treng litt trøyst og hjelp i ei vanskeleg verd. Tru er for dei som ikkje orkar å innsjå kor absurd og meiningslaust tilveret eigentleg er, eller som må ha autoritetar å stø seg til. Trua er ei krykkje for sveklingar. Både folkelege bloggar, avisspaltar og akademiske aktørar køyrer denne versjonen  ustanseleg. Som om det skulle vere udiskutabelt at ingen ting står over mennesket og forpliktar det. Som om ikkje alle lét seg påverke av andre eller av noko anna enn snusfornuften.

Så kva med å seie: Eg trur ikkje på Gud fordi eg ”treng” det, men fordi han finst og har krav på meg?  Å tru på Gud er ikkje å fråskrive seg sitt eige ansvar, men nettopp å bli halden ansvarleg. Det finst ein Gud å svare for, ein yttarste instans for alle menneske.  Er det ikkje like rimeleg at avvisinga av Gud er ein freistnad på å fristille seg? Som det står på dei ateistiske bussreklamene her og der i verda: ”There is probably no God. Enjoy your life!”. Kva med å seie at å tru på Gud ikkje gjer livet lettare, tvertom pålegg det deg byrder, sender deg like gjerne inn i tjukt mørkre som i strålande ljos og kan gjere deg til martyr like lett som til kyrkjefyrste – men at du går inn i dette fordi sanninga seier deg det?  Å tru er ” å hauste med frygdesong”, men også ” å så med tårer”.  Tru er innsikt om røyndomen, ikkje eit terapeutisk hjelpemiddel eller eit plaster på såret.

Nesten like vanleg som å ta trua til inntekt for ynskjet om litt drahjelp i livet, er det å forstå henne som noko ein vil oppretthalde for moralen og samfunnsnytten sin del. Utan religionen går liksom alle gode saker til helvete. Det er ikkje usannsynleg, sant å seie,  men det er ikkje trua sin nytteverdi som frå meg til å tru. Det er Gud sjølv, og for meg er det heller slik at eit samfunn der dei store spørsmåla om Gud og det evige er lagt døde, er jammerleg keisamt i det lange løp. Eg spør meg også om ikkje den kokette dyrkinga av det meinigslause er mindre heroisme enn ein art sivilisert kynisme.

Vi får møtast over bordet, vi som trur og de som ikkje trur. Og ta inn det velgjerande sjokket over at vi begge er verkelege. Då fyrst kan samtalen starte.

09
Aug
10

discursus: Olavsarven – kraft eller klisjé

Føredrag i St Olav krk, Trondheim, Olsok 2010. Kompaktmanus…

1. Olavsarven – innhaldet; rask skisse

Fyrst vil eg prøve å summere opp i nokre stikkord kva eg ser som substansen i det som blir kalla ”Olavsarven”. Det kan sikkert utdjupast og supplerast, men eg føreslår fylgjande:

– Olav som nasjonal symbolfigur, som rex perpetuus Norvegiæ (Noregs evige konge). Dette er det lettast tilgjengelege, og det som er mest brukt, og lettast å lage klisjé av.

-Olav som lovgjevar; innføringa av kristenretten. Vanskeleg å snakke om når det blir for konkret (abort, evtanasi, ekteskap/samliv). I forlenginga her ligg forminga av Noreg som eit statssamfunn, overvinninga av ættesamfunnet. Rettsstaten.

-Olav som martyr, helgen, forbedar, apostel /kristningskonge. Det mest problematiske for mange ikkje-katolikkar; mykje fortrengjing og utanomsnakk her.

2. Ein teologisk refleksjon – for å komme frå klisjé til kraft.

Olavsarven er ein ”pakke”; ein kan ikkje berre ta ut bitar og brokkar. Det er ein del føresetnader som må vere der, om arven skal vere funksjonell/operativ.

a) Det ekklesiologiske.

Spørsmålet om kva kyrkja er – og kva samfunn/stat/nasjon er. Det ligg føringar på dette i Olavsarven.

Olav er fyrst og fremst ein katolsk kristen, ein kyrkjekristen. Det kristne kongedømet, den mellomalderske, katolske forståinga av kongen låg til grunn og var det han ville lansere. Det var kyrkja som utforma og forvalta denne forståinga. Ikkje utan konfrontasjon med andre tradisjonar; der kongemakta eller den sekulære styremakta blei sett som ei heilt sjølvstendig ordning, om enn ordna av Gud. Kong Sverre representerte noko av dette – og det blei sjølsagt fullt realisert i reformasjonen, i læra om dei to regimenta og nasjonalstaten under fyrsten. Heile den moderne lausrivinga av samfunnet frå kyrkja må sjåast i dette perspektivet. Den kristne kongeideologien, eller det katolske synet på styremakta, var å sjå kongen som messiasavbilete; ein av Gudsfolket, fremjar av retten, vernar for dei svake. Og han står under kyrkja si undervising og hennar disiplin.

Samfunnet blei sett som eit kristent samfunn; ikkje eit sekulært samfunn med kristne verdiar, men som eit uttrykk for communio sanctorum, samfunnet av dei heilage. Samfunnet blei sett i ljos av kyrkja, ikkje omvendt. Som vi syng i fedrelandssalmen: ”Lat folket som brøder saman bu/som kristne det kan seg søma”.

*Å gjere Olavsarven til ei samfunnskraft, førutset eit syn på kyrkja som eit sjølvstendig samfunn, eit verkeleg og konkret samfunn – ikkje berre som ein religiøs funksjon av den konfesjonelle staten, som i klassisk protestantisme – der er kyrkje og samfunn også samanfallande, men det er staten som har primatet – ei heller som i eit sekuært samfunn med ei statskyrkje tilpassa sine formål. Også her er det staten som er primær, men han har ikkje lenger konfesjonelle forpliktingar.

Olavsarven førutset altså ein annan ekklesiologi, ei anna lære om kyrkja – og ein annan kyrkjelege røyndom! – enn den vi finn i den stats- og folkekyrkjelege  tenkjinga og retorikken i dag. Elles blir det kljisjé; ein del av den religiøse legitimeringa av A/S Noreg i dag. Litt kristent stasj på på konstruksjonen.

b) Det hagiologiske[1]

Å gjere  Olavsarven til ei kraft, førutset også at ein tek på alvor synet på kva ein helgen er. Ein teologi eller ei kristendomsforståing der ein ikkje kan snakke om at mennesket blir helga/heilaggjort, kan ikkje forstå Olavsarven/kven kyrkja reknar Olav for å vere.

For å skjøne ein type som Olav, må ein også kvitte seg med den borgarleggjorte og viktorianske forståinga av det dydige/heilage livet. Ikkje den prektige og plettfrie, men den omvende syndaren, det grove materialet. Tenk på David, profetane, Peter, Paulus, Maria Magdalena, tollmenn og syndarar. Berre høyr kva foprfattaren av Hebrearbrevet  (kap 11) seier om dei heilage:

Ved tru fall Jerikos murar då folket hadde gått rundt dei i sju dagar. 31 I tru vart Rahab, ho som var prostituert, berga så ho ikkje mista livet saman med dei ulydige, for med fred hadde ho teke imot dei som kom for å speida ut landet.

    32 Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane. 33 Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, lukka gapet på løver, 34 sløkte veldig eld, slapp unna bitande sverd, gjekk frå vanmakt til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt. 35 Kvinner fekk tilbake sine døde; dei hadde stått opp. Nokre vart torturerte og sa nei til å bli kjøpte fri, for dei ville heller nå fram til ei betre oppstode. 36 Andre laut tola spott og piskeslag, ja, til og med lenkjer og fengsel. 37 Nokre vart steina, saga i to eller drepne med sverd. Andre måtte gå omkring i saueskinn og geiteskinn, i naud, forfølgde og mishandla. 38 Verda var dei ikkje verdig, og dei måtte flakka omkring i øydemarker og fjell og heldt til i grotter og holer.

    39 Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova. 40 Gud såg føre seg noko som er betre for oss: at dei ikkje skulle nå fram til fullendinga utan oss.

Helgenen er eit verkeleg menneske som med heile livet sitt blir brukt av Gud, så å seie på trass av seg sjølv.

Olav som forbedaren, ein  som vi påkallar om forbøn, høyrer saman med dette. Også tanken om Olav som rex perpetuus førutset at han lever no, i Guds nærleik, i himlen, ja; at han har del i Kristi kongevelde – noko som i seg sjølv har med helgenomgrepet å gjere; den heilage er prest, profet og konge. Vi utøver det no, i vårt jordiske kall, og ein gong i æva, saman med Kristus. Kong Olav forheld seg – for å seie det slik – til den norske nasjonen og til einskildmennesket som forbedar, som den som talar vår sak hos Gud – i Kristus. At vi er forbedarar for kvarandre, fortrengjer ikkje Kristus, slik ein ofte høyrer; tvert om, det er i Kristus vi bed for kvarandre, som lemer på hans lekam.

Olav er altså kongen som hevdar  retten, kongen som stør den svake og tek deira sak – eller rett og slett ein kristen bror som ved Guds nåde er brukt som Guds reidskap, som står oss nær i den historia, den kulturen og den livsopplevinga som er vår, og som vi kan be om forbøn hos Gud.

Utan dette –skal vi seie ”metafysiske”, at Olav er ein levande person, ein vi har samfunn med no – blir Olavsarven lett berre eit idéinnhald, ein ideologi. Ikkje minst som ein nasjonal(istisk) ideologi. Ein del av ”det norske”. Vi skal huske at det Olav gjorde med Noreg, var å innlemme  det i ein universell samanheng; den katolske/universelle kyrkja. Og dermed inn i ei forståing av stat og samfunn som noko vidare enn det nasjonale. Difor er Olav også ein helgen for andre enn nordmenn; tenk på hans popularitet i Sverige, i Danmark, i England. Eg er glad for at det nettopp var Emmanuel frå Nigeria som gjekk fyrst i prosesjonen med krusifikset i dag.

Olavsarven førutset altså ei positiv teologisk forståing av helgenen sin plass i kyrkja og i det kristne livet.

c) Det samfunnsmessige

Å gjere Olavsarven til ei kraft i dag, førutset ei gjennomtenkt forståing av tilhøvet mellom kyrkje og samfunn. 

Det seier seg sjølv at vi ikkje kan forstå samfunnet som ”kyrkje” i dag – like lite som vi kan forstå staten som ein konfesjonell stat (slik Grunnlova enno, formelt, gjer det jfr § 2: ”Den Ev Luth Religion forbliver Statens offentlige Reliogion” etc). Det nyttar ikkje å rekonstruere den mellomalderske, kristne einskapskulturen/einskapssamfunnet. Det nyttar heller ikkje å skulle gi eit pluralistisk samfunn eit kristent verdigrunnlag. Olavsarven handlar, som sagt, ikkje om abstrakte ”verdiar”, men om konkrete livsformer, om levd liv i eit levande samfunn.

Olavsarven må primært levast og takast i mot i kyrkja – som nettopp må vere eit samfunn, eit verkeleg samfunn. Det er kyrkja sine lemer som må forpliktast på- og som må leve ut Kristenretten i dag. Med dei implikasjonar det har i dag for

-menneskesynet. Vern av det ufødte livet, vern om det funksjonshemma, det ”utnyttige”, det sjuke, det gamle livet..

-forståinga av ”det felles gode” – økonomisk, økologisk.. Kor stor er ikkje kontarsten mellom det norske folks levemåte og det Olavsarven, jfr Gleditsch sin olsoksalme som vi song ved høgmessa: ”Da viet Olav første gang/vår stammes liv til veien trang…” !

Utover i det størrre samfunnet må ein delta som inspiratorar, som vitne, som vedkjennarar, som debattantar, som støttespelarar for alt som er godt og ære verd. På fritt grunnlag.

3. Difor er det nødvendig å stramme opp retorikken og feiringa rundt Olavsarven.

Breidda må vere der; kristendom er inkarnasjon, trusliv levd som sant menneskeleg liv i alle eksistensielle og sosale dimensjonar. Både marknad og konsertar høyerer med. Ja, alt høyrer med.

Men: Det må vere basert i ei full-lødig kyrkjeleg feiring og markering (Jfr programbladet for Olavsfestdagane; ”det heilage døgnet”, bokstaveleg tala heilt i margen i programheftet, marginalisert. Liturgi, bøn, feiring, men og undervising og forkynning av klasse. NB: Dette er ein apell også til den katolske feiringa. Også det folkeleg-kristne må vere med: Forkynnig til omvending og åndeleg fornying! Olav var apostel, han ville omvende folket (jfr antifon, 2. Vesper).

Og dette må vi våge å ta på alvor. Historisk mangfald (marknad, drakter, turneringar…) høyrer med; men utan å bli historiserande/estetiserande, kunstige ”innslag”, ”programvare”. Historiserande bruk av historia – er alltid eit skjold mot utfordringa som historia gir. Vi må unngå distanseringa.

Ein levande Olavsarv –vil skape kultur og folkeliv no, stadig på nytt! Det kan han bere gjere som ein grunnleggjande og tydeleg kristen trusrealitet.

Ikkje så tynt at alle kan vere med på det, utan å bry seg.Men så tydeleg at alle kan sjå det – og bli prega av det. Både som individ og nasjon.

 


[1] Hagiologi: læra om helgnane




kategoriar