Arkiv for mai 2009

31
Mai
09

carpe diem: Bloggpause til torsdag…

God Pinse! Eg drar no litt avsides (Valdres) for å mure meg inne i ei hytte og jobbe med studiar og skriving. I fjelllet er det nok ingen mnett-tilgang, så alle blogglesarar må vente. Mest sannsynleg er eg tilbake seinast fredag. Sekken er pakka og bussen går snart….

31
Mai
09

bokmelding: Cupidos jubileumsskrift, meldt for Morgenbladet

denne bokmeldinga skreiv eg etter oppdrag frå Morgonbladet; fyrst publisert i MB fredag 28/5-09…

Eg må innrømme at eg nettopp har pressa meg til å lese gjennom det erotiske tidsskriftet Cupidos jubileumsnummer. Det var eit pæs, for det dreiar seg sjølsagt om pornografi, uansett kor lekkert og seriøst utgjevarane ynskjer å presentere det. Eg har full forståing for at folk som likar slike tekstar, vil finne mine meiningar urettferdige som bokmelding. Så kom gjerne med ein alternativ resensjon og la det eg skriv, stå som mine heilt subjektive oppfatningar.

Og eg oppfattar dette heftet og heile sjangeren som andpusten raddisporno. Eller som orda fall frå ein eg viste boka til: ”SV-sex!”
Her finst det meste: Tradd heterosex, litt for lesber og homsar, gruppesex og blandingssex, sadomachosisme med spanskrøyr og børstar, overgrep på fjortisar i gymgaredroben m.m. Ille nok, men tanken er at det er moralsk akseptabelt som estetiske smaksprøver for eit kultivert publikum. Den danna og beherska lesaren kan nyte ubeherska sex utan skruplar.  Han vil gjerne bli kåt, men syns det er triveleg å kombinere det  med ei meir estetisk tilskodarrolle. Tekstens ”vidunderlige potensial også for sekseull tenning” dukkar kanskje opp ”først ved andre gangs lesning” i fylgje  intervju med pionérredaktøren (s 4).  Ei historie med grovt overgrep av ei kvinne, utført av firmaets ”ledergruppe”, blir heilt Ok gjennom den intellektualiserande introdukjsonsteksten: ”I bunnen av det hele ligger hovedpersonens vilje til å gi fra seg all kontroll, og samtidig være den som bestemmer alt. Dermed blir ikke dette en historie om et overgrep, men en drivende god beskrivelse av lykke, både fysisk og mentalt” (s 49). Vips!

Cupidos mjukporno for middelklassen presenterer sexlitteratur som noko greitt og tilbakelent, som hedonisme for skjønnånder. Sex som gastronomi.  Vi har klubbar for lutefisk, for østers, for smalahovud, for whisky og for fine vinar. Kjennarane nyt ikkje berre produkta, men sjølve kunsten å nyte.  Skal tru om ikkje den menneskelege evna til nyting har ein av sine verste fiendar i den gastronomiske forfininga og spesialiseringa? Kor gode kan godsaker bli? Kor teknisk perfekte CD-ar og høytalaranlegg kan vi tole? Kor elegant kan elegansen bli? Kor mykje kan sensualiteten stimulerast før vi byrjar å smuggjespe?  Etter min Cupido-lektyre kan eg berre seie: ”Less is more!” Asketisk avgrensing er bra, ikkje berre for dygdene, men også for sensualiteten.  Kanskje vill gastronomar og hedonistar av alle slag vere samde i at eit visst avhald inngår i nytingskunsten. Eg meiner det tippar nettopp når nytinga blir ein kunstart, noko utsøkt, noko søkt.

Men røpar eg ikkje her berre den munke-puritanismen som Cupido vil gå til felts mot? Nei. Det er ikkje opplagt at det å vere kysk fører til forakt for kroppen og frykt for sensualiteten. Det erotiske og det etiske har blitt sett som motsetningar både av moralistane og av antimoralistane. Mennnesket er eit erotisk vesen, eit lengtande vesen. Det vi lengtar etter, er ikkje abstraksjonar. Kroppen lar oss ta  i mot alt som er godt som noko verkeleg. Mennesket er kropp og må elske kroppsleg. Ekteskapet er eit sakrament, fullbyrda i den seksuelle og kroppslege akta. Er mennesket skapt i Guds bilete, må det vere noko sensuelt ved Gud også: At han elskar, at han lengtar, at han er sjalu, at han trår etter oss, at han saknar og syrgjer.  Gud lar seg inkarnere, ”ikjøte”, sakramenta er materielle og guddomlege på same tid, ikonane er kroppslege avbildingar og manifestasjonar av åndelege røyndomar. Ortodoks teologi har alltid fasthalde det positive ved det kroppslege og materielle og avvist manikeisme og dualisme.

Det er ei gjengs oppfatning at det er kyrkja og kristendomen med sitt asketiske ideal som har skapt fiendskap mot kropp, sex og sensualitet. Men det rare er at nettopp libertinismen kan slå over i avsky for det kroppslege. Kvifor er sadisme og innslag av vald seksuelt pirrande?  Oppgjeret med kristen og religiøs praksis har vilja gje tilbake eigenverdien åt det sanslege og naturlege. Men kva hender når mennesket og røyndomen blir berre ”natur”? Cupido-festskriftet siterer Marquis de Sades hedonistiske opprop frå ei av bøkene hans: ”Nytelsesmennesker i alle aldre og av alle kjønn! Det er kun dere jeg tilegner dette verket. La dere nære av bokens prinsipper, for de vil fremelske deres lidenskaper, og disse lidenskaper…er ikke annet enn nettopp de samme midler som naturen benytter for å få mennesket til å nå frem til de anskuelser som naturen selv har på det. Ikke lytt til noe annet enn disse deilige lidenskaper” (s 7).

Når ”det naturlege” blir lausrive frå dygdene, er vegen kort til menneskeleg rovdrift både på seg sjølv og andre. Her er de Sade sjølvsagt heilt usamd og Cupido siterer han igjen, sannsynlegvis med samtykke: ”Formelen for historien er enkel: Det finnes ingen Gud, dyd leder til ulykkelighet, og laster førrer til glede og triumfer” (s 77). Men er mennesket så eindimensjonalt som dette? Er det ikkje heller slik at den sanselege nytinga har ei uro i seg, noko som søkjer ut over sansinga? Eller som nettopp gjev sansinga intensitet som ei menneskeleg oppleving? Har ikkje moderne psykologi kritisert det einsidige synet på driftene som den djupaste, menneskelege drivkrafta?  Er det ikkje eigentleg lengten etter fullstendig fellesskap, forståing og aksept som er det inste i oss? Det kroppslege er ein del av dette, men er ikkje alt. Pornografi, også den mjuke varianten, er seksualitet med humanistisk underskot.

Det er nettopp det grenseoverskridande, fordjupande og utvidande ved erotikken som kjem til kort i Cupido. Samanlikn med eit erotisk dikt som Høgsongen: ”Eg er ein mur, og mine bryst er som tårn. I augo hans har eg vorte lik ein som finn fred” (8, 10).  Den erotiske kjærleiken er ikkje berre eit poetisk tema par excellence, erotikken er i seg sjølv poetisk lada; han er eit teikn og ikkje berre rå smatting. Flørten og den frivole humoren har sin plass, mennesket kan ikkje vere ha-stemt heile tida, men det erotiske kan vere like sterkt når det berre røpar seg i forteljinga utan å bli klint opp i trynet på lesaren heile tida. Ein klassikar som Decameronen er lystigare både som litteratur og som er erotikk, etter min smak.

Alt i alt spør eg meg om eit prosjekt som Cupido eigentleg handlar om erotikk i seg sjølv. For meg framstår det meir som eit ideologisk manifest og som eit julenummer for den seksuelle frigjeringa. Difor verkar det også litt forsinka, som eit programskrft for grånande livsnytarar. Kor sensasjonelt er det med endå meir sex i eit samfunn som liknar stadig meir på eit slags permanent russefeiring? Det sentrale idékapitlet i skriftet plasserer pornografien og dei obskøne tekstane nettopp som modernitetens ”demrende håp om en ny tid etter middelalderens prestestyrte mørke” (s. 71), som ”hovedsaklig antigeistlig” og som særleg retta mot ”moralelementene i den katolske kirken” (s 71).

Det er stadig dette det dreiar seg om, og det får vere opp til lesarane å vurdere i  kor stor grad seksuelle restriksjonar er ein trussel no for tida.  Alt for omstendeleg sexlitteratur verkar meir trivialiserande enn stimulerande, trur eg. Det er kanskje ikkje tilfeldig at ein innimellom dei dristige tekstane og heftige illustrasjonane finn små, greie statistikkar som opplyser oss om prosentsatsen av analsex, flexisex og ”slikk og sug”.

Erotisk kveik er menneskeleg og nødvending. Men dersom eg vil ha seksuell tenning, droppar eg Cupido og tek heller ein tur i Bogstadveien.


31
Mai
09

homiletica: Pinsedag -09; St Dominikus krk, Joh 15,26-27; 16,12-15

PINSEDAG, 31/5-09, ST DOMINIKUS KRK, 15,26-27; 16,12-15

Brør og systre! Vi feirar pinse – som er femti dagar etter; etter Påske! Pinse, det er fullbyringa av Påska. Kristus overvann synda og døden så han kunne utrenne sin livgjevande Ande over alt kjøt og fornye vårt liv, fornye heile skaparverket.

For det er det pinse handlar om.  Den Heilage Ande må ikkje lausrivast frå den store samanhengen. Det dreiar seg ikkje om ei frittsvevande kraft; det dreiar seg om Den Treeinige Gud, han som er Fader, Son og Ande! Vi trur på Anden; ”Dominum et vificantem…qui cum Patre et Filio simul adoratur et conglorificatur”; Han som er ”Herre og livgiver… som med Faderen og Sønnen tilbes og forherliges”! (Nicenum)!

Difor kan også Andens verk berre forståast saman heile Guds verk, saman med det som Faderen og Sonen gjer! Anden er med i skaparverket: ”Guds Ande sveiv over vatnet”, står det i Genesis (1 Mos 1,2). Og Gud bles sin livsande inn i mennesktets nase så det kom livsande i det.  Og Anden er med i frelsesverket: Profeten Esekiel ser i si syn korleis dei daude beina i dalen får livsande i seg, og reiser seg opp:”Tal profetisk over desse beina og sei til dei: ’De turre bein, høyr Herrens ord!…Sjå, eg let det koma livsande i dykk så de livnar opp att!” (Esek 37, 4f).

Jesus seier i det same evangelie-kapitlet som vi har lese frå i dag,  at fornyinga av mennesket skjer ved bota, som også er Andens verk: ”Når han kjem – Sanningsanden – skal han gjere det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er”! Å motta Guds Ande, er ikkje berre søte kjensler og kraftopplevingar; det er også oppgjer, anger, oppreising, forsoning med Gud og menneske.

Når så mennesket blir fornya, blir heile skaparverket fornya, for skapningen sukkkar og lengtar som i fødeslsrier etter Guds borns forløysing, står det i Romabrevet (8,22).

Bør og systre! Alt som er, treng Guds Ande! Mennesket og den synlege naturen, er materie. Materien og det kroppslege er skapt av Gud og alt han har skapt er godt. Gud blei kjøt og blod i Kristus, han let seg inkarnere; materien og kroppen er noko godt, men det treng Guds livgjevande Ande. Kropp og ånd høyrer saman. Vi skal verken vere materialistar eller spiritualistar. Vi skal vere heile menneske!  I vår kultur har vi langt på veg fornekta eller fortrengt den åndelege dimensjonen. Men utan Guds Ande flatar alt ut, misser si djupne, sin styrke, sin glans og si meining.

Difor skal pinsefesten vere kyrkja sitt rop etter Guds fornyande Ande, utrent over alt som er; ein stor epiklese, ei stor påkalling: Veni, Sancte Spiritus! Når presten i nattverdens liturgi bed, med utstrekte hender,om at Guds Ande skal stige ned over dei evkaristiske gåvene på altaret, skal vi alle be med; be om at vårt liv og alt liv, skal bli fornya: kropp og sjel, arbeid og liv, samfunnet og kulturen. Be om at Gud fornyar i deg den livsande han pusta inn i deg då han skapte deg, at han fornyar dei karismene, dei nådegåvene, du fekk i dåpen og i ferminga! Be om at Guds Ande må gjennomntrengje kyrkja frå topp til tå, at han må bli utrent over alle turre bein, over alt visna åndeleg liv.. Be til Gud og sei: ”Du sender ut din Ande, og liv vert skapt, heile jordflata nyar du opp att” (Sal 104,30).

Men kanskje tek det nettopp til med vår bot, med at vi opnar oss for Gud og lar han reinse ut alt det som er dødt og forgjengeleg i oss. Då kan eg be for meg sjølv, for kyrkja – og for den verda og det samfunnet eg lever i, med Pinseskvensens gamle ord:

” Avtvett urenhetens spor/kveg med dugg den tørre jord/rens og hel de syke sår.// Bøy alt som er stivnet til/smelt det frosne ved din ild/led du den som veiløs går!”

31
Mai
09

nota bene: Religionsdebatten: Om «dei andre»

fyrst publisert i Signert-spalten, Klassekampen, laurdag 29/5…

Debatten om religion og samfunn er ikkje fyrst og fremst ein debatt mellom truande og ikkje-truande. Der handlar i høg grad om ei intern meiningsbrytng i det sekulære samfunnet.  Fordi ein er blitt teken på senga av religionen som ny, offentleg aktør. Brått må ein takle probemstillingar som lenge var rekna for uaktuelle.

Kjensla av å vere overraska og truga skaper ein viss panikk. Då oppstår det haldningar som heile tida vekslar mellom aggresjon og nølande storsinn. Det er ikkje lett å vere for pluralisme og samstundes motstandar av  nettopp dei fenomena som utgjer det nye mangfaldet. Skal ein vere tolerant mot dei intolerante? Religionen blir sett på som intolerant fordi han ikkje lenger nøyer seg med å vere ein kulturell fargeklatt for privatlivet, men forpliktar mennesket på alle livsområde. Dei som sel inngangsbillettane i det fleirkulturelle samfunnet, ynskjer å ha monopol på det som er rasjonelt, universelt og offentleg representativt.  Berre dei mest ekstreme ynskjer å fordrive religionen, men mange syns det er opplagt at han skal vere kontrollert av dei sekulære.

Eitt av premissa for denne tenkjemåten er at sekularitet er det same som nøytralitet. Det kan verke som denne parolen er i ferd med å bli gjenomskoda. Vantru er sjølvsagt ikkje meir nøytralt enn tru. Det sandre premisset er seigare: At religionen eigentleg er eit vonde som vi i verste fall må leve med. Kronikkørar, redaktørar, journalistar, bloggarar og deltakarar på offentlege debattmøte vidarefører nokså unisont den tradisjonelle, vestlege religionskritikken med einsidig og svartmåla framstilling av religionen som ”mørk”, fordummande, krigshissande og konfliktskapande. Ein ser suverent bortfrå kor omfattande og kompleks religionen er, både aktuelt og historisk. Samstundes ser ein bort frå alt det massivt negative  i sekulære og ateistiske ideologiar, epokar og regime. Dette kan ein gjere utan å svare for seg fordi ein  kjenner sitt publikum og kan rekne med bifall både frå eliten og frå dei populistiske miljøa.

Ein del av problemet er naturlegvis at det norske, offentlege rommet er så lite. Kvifor verkar  dei store riksavisene og distriktsavsene så klona i spørsmål som har med religion og kyrkjepolitikk å gjere? Når ein les leiarartiklar og redaksjonelle kommentarar i desse blada, må ein bli slått av den fullstendige mangelen på forståing for tradisjonelle, religiøse synsmåtar. Alt er svart-kvitt og ein tek for gitt at skal religionen unnast eit offentleg liv, må han totalt tilpassast dei kulturliberale majoritetsverdiane. Teologisk sett, må desse redaksjonane vere noko av det mest usofistikerte og forenkla ein kan tenkje seg.

Det er bra og uunngåeleg at religion og tru blir diskutert og kommentert. Men det kan ikkje lenger vere eit internt ordskifte mellom dei som eigentleg ikkje identifiserer seg med religionen – og det gjeld svært mange av dei som har offentleg makt og innflyting i Noreg. Dei kan ikkje lenger oppføre seg som om dei ”eig” både debatten og samfunnet. Dei må gjerne vere kritiske, men må finne seg i å opptre på same golvet som dei truande.  Kvifor er det, å sjå til,  så få aktivt religiøse blant dei som redigerer aviser og debattsider eller har ansvaret for i TV- og radiodiskusjonar?  Kva med litt integrereing der i garden?

Ein religionsdebatt der herrefolket drøftar seg i mellom kor nådige dei skal vere med dei arme eller skumle  truande, er ikkje konstruktiv. Korkje fiendtleg avvising eller snille, ”gode råd” er det som trengs. Det vi treng, er likeverdige og nyanserte versjonar av både tru og ikkje-tru.

Å diskutere  tru som noko som berre gjeld ”dei andre”, er i dag ikkje berre nedlatande, men også ute av takt med realitetane.

30
Mai
09

officium: Laurdag, 7. vike i Påsketida, 3 Joh (matutin)

”..kor trufast du er mot sannninga; den lever du i” (v 3)

Kvifor har dette korte brevet fått kanonisk status og er teke med i Det nye testamentet? Fordi det er skrive av ein apostel, sjølvsagt, men også fordi det innheld ei påminning om noko som høyrer saman i den apostoliske trua:

Vi skal halde fast ved sjølve trussanninga, vedkjenninga til Jesus Kristus. Dette kan vi berre gjere om vi lever eit liv i kjærleik, i samsvar med ”det gode” (v 11). Og dersom vi forblir i fellesskapen med apostlane. Ditotrefes var ein skismatikar; han ville ikkje ha noko med Johannes og hans medarbeidarar å gjere (v 9).

Sanning og einskap høyrer òg i hop.

29
Mai
09

officium: Fredag, 7. vike i Påsketida, 2 Joh (matutin)

”Den som ikkje held seg til Kristi lære, men går ut over den, har ikkje samfunn med Gud” (v 9).

Det synest å vere to tendensar som Johannes imøtegår med breva sine: Manglande innbyrdes kjærleik i kyrkja – og fornekting av anten Jesu fulle guddom eller av hans fulle menneskenatur. Apostelen held saman det som i vår mentalitet er blitt motstykke: Rett liv og rett tru.

Hjå Jesus finn vi begge spørsmåla: ”Kven seier folk at Menneskesonen er?” (Matt 16,13). ”Simon Johannesson, elskar du meg?” (Joh 21,16).

Både tru og kjærleik tèl for Gud.

28
Mai
09

officium: Onsdag, 7. vike i Påsketida, 1 Joh 5, 1-12 (matutin)

”Kven er det som sigrar over verda, utan den som trur at Jesus er Guds Son?”

Verda er skapt av Gud og elska av Gud. Men ein mot-fyrste har etablert seg der: Fyrsten over denne verda, Guds fiende. Difor er verda også ein plass for motstand mot Gud.  Denne motstanden er ikkje berre ein ytre fiende, noko utanfor oss; det ein mentalitet som vi alle kan falle for: ”Alt her i verda, sanseleg lyst, augnelyst og hovmot fordi ein er rik, det er ikkje av Faderen, men av verda” (2, 16).

Å vere ”av Faderen” er det mennesket er kalla til, og det skulle verkeleggjerast i livet åt den truande. Berre ei levande vedkjenning av Jesus som Guds Son kan hindre oss frå å bli bytte for motkreftene mot Gud – i oss og ikring oss.

26
Mai
09

officium: Tysdag, 7. vike i Påsketida, 1 Joh 4, 11-21(matitin)

”Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han Gud” (v15).

Kyrkja si tru på Jesus som sann Gud og sant menneske er tydeleg omvitna i Det nye testamentet. Her er vi ved sjølve kjernen i det kyrkjelege dogma: Jesu guddom. Som ikkje kan løyast frå hans ’manndom’, hans menneskenatur. Det er òg Johannes som seier, i det same brevet: ””Kvar ånd som sannar at Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud” (4, 2).

Dette er ikkje berre døde teoriar. Det handlar om Guds veg til oss og vår veg til Gud. I Jesus Kristus og hans offer ser vi at det er Gud som elskar – og at han elskar nettopp oss! Kjærleiken mellom Gud og menneske; drama og mysterium. Ufatteleg og verkeleg.

24
Mai
09

carpe diem: Bergen, ein maikveld.

Det vart kveldsol over Askøylandet! Heilt uventa, for i løpet av dagen seig det tung skodde nedover fjellsidene rundt Bergen og eit par timar regna det tett. Og så: Ein lett vind frå vest feia heile det blygråe skydekket austover land, som eit digert høylass som vart lempa vekk.

I morgon tidleg set eg meg på toget til Oslo. Til basen.

24
Mai
09

discursus: Føredrag på aKFs teologiske arbeidsdagar, 23/5-09: «Eit liv i bøna og kontemplasjonen»

her er føredraget i kompaktform. aKF: den ekumeniske «arbeidsfelleskapen Kyrkjeleg Fornying’…

0.Innleiing

Emnet gjev meg igjen eit høve til å understreke: I all talen om ”kristne verdiar”, og om kristendomens plass i samfunnet, om sekularisering o s v, må vi ikkje gløyme at kristen moral/etikkk handlar om eit kristent og kyrkjeleg trusliv; eit liv i nåden, eit liv i kyrkja, ein liv i dåpen – eit liv i bøna.

Nettopp bøna er testen på om vi berre driv med ideologi og performance, eller om det verkeleg handlar om vårt samfunn med Gud!

Då vil eg sjå på nokre aspekt ved dette som har med bøna å gjere:

1. Infrastrukturen

Bøna sin infrastruktur (eller suprastruktur, alt ettersom ein ser det) struktur må alltid vere på plass både teori og i praksis når det gjeld eit liv i bøn. Det handlar om:

Messa. Som er feiring av Kristi frelsesverk; hans kongelege, prestelege og profetiske gjerning. I fortid (historisk; ’i dei dagane’), i det evige (i himlen, i dety hommelske templet, jfr Herbrearbrevet) og i notid (aktualisering/realpresens). Kyrkja tek del i Jesu øvsteprestelege forbøn i himlen når ho feirar messa. Han plederer (talar) vår sak hos Fadern (”please!”) – både når det gjeld frelsa og alt vi treng. ”Han som gav sin eigen Son for oss, korleis kan han anna enn gje oss alle ting med han?” (Rom). For meg er det viktig å ikkje sjå ”frelsesbehovet” lausrive frå heile livet vårt!

Den einskilde truande sameinar seg med Kyrkja og med Kristus i messa. Fordi kyrkja er Kristi kropp. Viktig at vi ser både det kollektive/korporative og det individuelle i einskap. Kyrkja er eit makro- og den einskilde truande eit mikrokosmos.

Officiet (tidebønene). Dette er også Kristi bøn; den messianske bøna. I Salmane tek Messias opp i seg alle menneskelege relasjonar – og heile skaparverket – og lyfter dei inn i relasjonen til Gud. Han ber alt fram for Faderen, i klage, i takk, i lydnad, i overgjeving, forløyst. Gjennom dei bibelske salmane tek eg i mot heile min gudsrelasjon –saman med gudsfolket og alle mine medskapningar; Israel, naturen, kosmos, alt er i salmane – på ein ”rett” og balansert måte. Å be med Salmane, i Krstus, hindrar skeivutvikling, både åndeleg, psykisk og etisk/moralsk.

Den personlege bøna/ den indre bøna (’orasjonen’).
Berre liturgisk og kollektiv bøn, blir usunt.

Men: Vi må oppfatte denne strukturen, denne ordo, som noko gjeve, noko ontologisk (vesensmessig), som ein tilstand, som noko vi går inn i. Noko vi går inn- og ut av, noko vi vandrar i. Som heile røyndomen. Heile røyndomen er ein liturgi, sentrert i Kristi liturgi (hans kross-offer og hans stadige forbøn for oss hjå Faderen), i Kyrkja sin liturgi.

Vi må oppfatte bøna som ein relasjon som ligg føre; mennesket er skapt for å leve i Gud, saman med Gud – og dette blir forløyst i Kristus, i Anden; barnekårsanden som ropar: -Abba, Fader! (Rom 8).

2. Eit liv i bøn, i kontemplasjon

– det er å leve dette naturleg-overnatureleg livet. Det er å overvinne diktonomien (motsetninga) mellom det heilage/guddomlege og det menneskelege. Dei treng kvarandre! Det menneskelege treng den kontemplative fordjupinga. Det kontemplative treng det sant menneskelege, det verkelege! Vi må overvinne den splittande patologien, denne sjukdomen, denne schizofrenien.

Særleg:

Oppgjer med den deistiske bøna, det deistiske gudsbiletet! Den fjerne gud, den reint filosofiske gud, anten det er den autoritære gud, eller den ’slappe’ gud… Tilbake til den levande Gud, til Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, El Eljon, El Sjaddaj! Ein Gud med tilnamn! Til den kjempande Gud, til den Gud som har ’gått ut av seg sjølv’ og prisgjeve seg til skaparverket, til mennesket.

Oppgjer med den sensurerte/fromme bøna. Sei alt som det er! Mi røynsle er at den stille bøna, den indre bøna etablerer seg fyrst når vi har tala ut! Når vi har sett ord på alt vi ber på! Bøn er grunnleggjande ’bedebøn’. Å be er å be om noko. All talen om den ordlause bøna kan botne i frykten for ein Gud som ikkje svarar; ei fendra, defensiv bøn, software-bøn, terapibøn.

Vi treng konfrontasjonen mellom livet vårt – slik vi seier det er, slik vi set ord på det- og Gud – slik han seier han er, slik han har openberra seg, slik Skrifta og kyrkja formulerer det.

Verda/røyndomen/eksistensen vår er så kompleks, så tvetydig, så intens, at vi må kjenne etter kva som er botnen. Å be er å kjenne etter! Berre det kan samle kropp og sjel. Kontemplasjonen er å heile tida finne vegen til det basale, til kjernen, til sjølve malmen i veden. Ved å ta særleg tid til det. Ved å gjenfinne det i løpet av det daglege livet. Halde kanalane opne. Denne ’rekolleksjonen’ (gjenfinninga) er viktig! NB Utan skriftemålet går det ikkje. Skriftemålet realitetsorienterer oss. ”Så lenge eg tagde, vart minebein borttærde. Mi livskraft svann som i sommarheten”, seier salmisten.

Summa:

Det kontemplative livet er ikkje eit plysjaktig ”liv” ved sidan av livet. Det er mitt menneskelege liv, vendt mot Gud.

Det heilage livet er ikkje ei motsetning til det menneskelege. Men ei intensivering av det menneskelege.
Det er å innsjå at:

”Det strøymer ei livselv av lukka/av gleda fordi eg er til,//av Gud fekk hans bilet’ til gåva,/og aldri han gløyma meg vil!”… ”Snart gryr det ein æveleg morgon/og då skal eg verta han lik./Det strøymer ei livselv av lukka!/Min Gud, eg er endelaust rik!” (Bjerkrheim)

23
Mai
09

officium: Laurdag, 6. vike i påsketida, 1 Joh 3, 11-24 (matutin)

”Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elske kvarandre, såsom han baud oss” (v 23)

Tru og gjerningar høyrer saman. Dogma og læresatsar høyrer saman med kjærleiken. Mitt tilhøve til Gud og til mine brør og systre er ein einskap. Kvifor har vår tid sett dette opp mot kvarandre?

Å tru er ikkje ei smakssak, eit slags ekstrautstyr, noko moralsk likesælt. Å tru er å ikkje avvise Gud, Skaparen, når han kjem deg i møte og vil ha eit svar, ein respons, ein reaksjon. Gud vil også bli elska. Han og nesten din går hand i hand. I Kristus er Gud og menneske eitt.

Guds ”bod” hjå Johannes er Guds tale, Guds vilje. Han vil at du skal både tru og elske.

20
Mai
09

carpe diem/poetica: «Og når vårsol i bakkane blenkjer…»

…fekk han hug til si heimlege strand», syng Ivar Aasen i «Mellom bakkar og berg», som kjent. Han budde sitt vaksne liv i Pilestredet i Oslo, stakkar, og såg for seg våren og sommaren heime i Ørsta. Ikkje langt frå Stranda, der eg er no. Skal, som sagt, preike ved kyrkjejubileum i Sunnylven i morgon. Køyrde frå Oslo i går tidleg, opp den alltid like vakre Gudbrandsdalen, opp Ottadalen, over Grotli og Stryn. Hit.

Her er det skiftande maivêr; med sol og nokre regndropar, nygrøne bjørkelier oppetter alle fjellsider, heilt opp i snøbreane som endå ligg langt ned i hamrane. Fjorden tøyer seg gråblå og langarma gjennom det heile..

I dag har eg gått ein lang tur framover fjellvegane, til den høgtliggjande, fråflytte garden Andeberg, ein av dei største i Stranda etter gamalt. Aust- og sørvend, med breie bøar som skråar nedover mot dalbotnen, med stor, lunande skog rett innpå seg, med solsvidd røykstove og tilbygd, toetasjars, raudmåla»lån», med  rommeleg  låvebygning , med  eldhus, og andre småhus  rundt tunet. Midt i mot: Digre fjell med svarte hamrar og kvite fonner, som kjempesøyler i ei kyrkje. Her sat eg lenge.  Det var på fjellet tvers over dalen her eg skreiv denne songen (som sikkert er lagt ut her før):

HEIMOVER

Ein dal stryk opp til fjells
med lange liers gras og skog,
det luktar sterkt av jord og lyng,
frå bygda høyrest skjer av plog
og kringom dalen stend eit kor av berg
og syng og syng.

Her fekk eg alt eg kallar mitt,
alt det eg er –
så eg stend skjelvande og takkar Gud..
Her kan eg le slik gutar lær,
her kan eg gråta ut.

Hit skal eg venda att ein gong
når det vert skumt mot kveld,
då skal eg nå mi siste høgd,
når sola raudnar over fjell..

då har eg sona alt,
då er eg nøgd.

18
Mai
09

homiletica: 17. mai/6. sund. i Påsketida, St Dominikus krk, Joh 15. 9-17

kort preike under morgonmessa på 17.mai/sist sundag…

Kjære brør og systre! I år fell nasjonaldagen på ein sundag. Det kastar ljos over tilhøvet mellom kristendomen og dei nasjonale, norske verdiane. Det kan ikkje vere tvil om at Noreg er blitt eit svært sekularisert land, likevel vil mange tale om at landet og kulturen er tufta på eit kristent grunnlag; ja, det står t o m i Grunnlova.

Vi skal takke for den kristne arven som har prega landet og folket vårt heilt frå St Olavs tid. Men kanskje er det grunn til å vere realistiske med tanke på korleis det er i dag? Kanskje er det på tide å gjenoppdage at kristne verdiar ikkje kan lausrivast frå trua, frå kyrkja, frå eit kristent liv, frå Jesus Kristus?

”Som Faderen har hatt meg kjær, har jeg også hatt dere kjær. Bli i min kjærlighet”, seier Jesus i evangeliet. Og han seier: ”Det er jeg som har valgt dere og satt dere til gå ut og bære frukt, og frukt som varer”. Med andre ord: Det kristne livet, den kristen moralen, er ikkje noko som kan dyrkast fram gjennom lover og paragrafar dersom sjølve trusgrunnlaget blir borte. Djupast sett, kan kristent liv berre levast i Kristus, når vi blir i han, som Johannes evangelist uttrykkkjer det.

Korleis føre dette tilbake til landet og samfunnet vårt i dag? Fyrst og fremst ved at dei som trur, står tydeleg for si tru og for eit kristent syn på livet – i ord og tale, i den frie samfunnsdebatten. Den kristne røysta skal ikkje la seg fortrenge til privatsfæren. Men aller mest ved at vi lever vårt liv i fellesskap, i broderkjærleik, i bøna og tilbedinga, i sakramenta, i nåden og i nådegåvene. Det beste vi kan gjere for den kristne arven i dag, er rett og slett å vere ei levande kyrkje – ikkje nødvendigvis stor, men trufast mot han som er Herren vår.

Brør og systre! Vi må la det norske folket finne sin veg, våge å sleppe taket, våge å sleppe illusjonane. Trua kan berre gjenfinnast i fridom. Kanskje vil då ein kultur som er komen langt bort frå faderhuset, finne seg sjølv og seie: -Eg vil ta i veg og gå heim til far min! Kanskje vil det bli fleire som, når alt kjem til alt, vil seie: -Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord og vi trur og vi veit at du er Guds heilage!

Som kristne er vårt fedreland og vårt borgarskap fyrst og fremst i himmelen, hjå Gud. Her er vi eit pilgrimsfolk, eit vitne, salt og ljos. Då kan vi også be for nasjonen og for landet og seie:

”Signa då Gud, vårt folk og land,/ signa vårt strev og vår møda!/Signa kvar ærleg arbeidshand,/ signa vår åker med grøda!/Gud, utan deg den vesle urt,/ veiknar og visnar, bleiknar burt./Ver du oss ljoset og livet!»

18
Mai
09

carpe diem: på hjul igjen…

Til orientering for dei som treng å vite kvar frateren er, legg han ut på siste mai-oppdrag i morgon. Helgetorsdag (Kristi himmelfarts dag) tek eg del i endå eit kyrkjejubileum, på Hellesylt i Sunnylven, i Stranda kommune. Der har det vore halde kristen gudsteneste sidan tusentalet; fyrst ved ein kross, på garden Korsbrekke,der jubileumsgudstenesta skal vere. Eg skal ta del som predikant. I morgon køyrer eg (har lånt dominikanarsystrene sin Golf) opp Gudbrandsdalen og Ottadalen, over Grotli og Stryn, til Stranda. Blir éin dag der. Retur til Oslo torsdag ettermiddag.

Fredag går ferda igjen til Bergen med føredrag på den ekumeniske bøne – og arbeidsfelleskapen Kyrkjeleg Fornyings teologiske arbeidsdagar. Høgmesse hos systrene på Marias Minde sundag og tog til Oslo måndag morgon den 25. Mac-en og bloggen fylgjer nok med på ferda.

18
Mai
09

officium: Måndag, 6. vike i Påsketida, 1 Joh 2, 1-8 (matutin)

”Han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda” (v 2)

Bodskapen om den universelle forsoninga i Jesus Kristus er ikkje noko vi finn berre hos Paulus. Sterkt og klårt forkynner Johannes det same. Det er ein bodskap som er tydeleg omvitna i heile Det nye testamentet, i ulike fasettar og nyansar. Fordi bodskapen stammar frå Jesus sjølv. Han kom for å gje livet sitt som løysepenge for dei mange, sa han (Matt 20,28), og i nattverdorda tyder han sin død som ein soningsdød (t d Matt 26, 26f).

Med jamne mellomrom kjem det ut bøker om Jesus som avviser trua på forsoninga. Men Jesus er ikkje berre profet, han er også konge og prest. Å ta bort bodskapen om Jesu soningsverk, er å skjere hjarta ut or kristendomen, ut or Bibelen, liturgien, trusvedkjenninga og sakramenta.

13
Mai
09

officium: Onsdag, 5.vike i Påsketida, Op 21, 1-8 (matutin)

”Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden” (v 6)

Jesus Kristus omsluttar alt som er. Han er meininga. Han er ”språket” for naturen og historia. Utan alfabetet kan vi ikkje formulere det vi vil ha sagt.

Utan Jesus Kristus, Ordet, fell røyndomen frå kvarandre. Heile livsdramaet er difor ein del av ”Jesu Kristi openberring”, som boka Johannes Openberring handlar om. Konfliktane, katastrofane, kampane, heile menneskja si soge, slik ho faktisk er – alt skal forløysast. Openberringsboka sine voldsame scener er ikkje lette å forstå, å få samanheng i.  Gud kan gje sine sjåarar syner, men berre han ser alt.

”Tenk når ein gong dei lettar alle skuggar/som her ligg tyngjande på all min veg, /når sol som aldri sig, mitt hjarta huggar,/og ljos omstrålar kvart av mine steg” (Nynorsk Salmebok , 709)

12
Mai
09

officium: Tysdag, 5. vike i Påsketida, Op 20 (matutin)

”Dei sto framfor trona, og bøker vart opna” (v 12)

Vi skal alle svare for livet vårt. For heile livet og for alt i livet. Ingen ting blir berre ”borte”. Ei menneskeleg handling eller eit menneskeleg ord er ikkje sporlaust. Gode og vonde spor. Det vonde kan erkjennast, tilgjevast og lækjast.

Men ikkje løynast lenger enn til den dagen då bøkene skal opnast.

Lat oss difor ta oppgjeret med Gud og kvarandre no. Oppgjer og forsoning er den sterkaste krafta i verda.

11
Mai
09

discursus: » «Gjev det vidare!» – formidling av evangeliet i vår tid»

og her er jubileumsføredraget ved 75års-jubileet for Hildre kyrkje i Haram, torsdag 7/5. Også dette manuskriptet er skrive i munnleg og fortetta form og ikkje som artikkel. Etter føredraget i kyrkja var det kveldsmat og samtale i bedehuset…

Disp:

0. Innl.

”Gjev det vidare”, formidling av evangeliet – det må stå i fokus ved eit kyrkjeubileum, fokus på kyrkja sitt vesen og kyrkja sitt oppdrag. Jubileum, meir enn statisk feststemning. Må vere ei utfordring, ei fornying! Eit sakleg anliggande!

Med det same tenkjer ein at ’jubileum’ = sjå tilbake, takke for fortida, for det Gud har gjort her, gjennom Hildre kyrkje, gjennom dei menneska som har levd, bede og arbeidd her, gjennom forkynning, gudsteneste og folkeliv.

Og det høyrer med. Ja, skal vi gje vidare, må vi skjøne at det også handlar om noko vi har motteke, noko som er gjeve vidare til oss. Å forkynne evangeliet – å gje det vidare – handlar om tradisjon, om overlevering! Tradere – overgje! Ein stafett!

1. Tradisjon – ta i mot!

Difor er det det fyrste: Evangeliet og trua er ikkje noko vi har funne på sjølve, ikkje noko som har dala ned frå himmelen. Det har kome til oss gjennom historia. Vi har motteke det. -Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut? spør Paulus retorisk utfordrande i brevet til korintarane. Dei ville vere så åndelege at dei ikkje hadde bruk for den apostoliske autoriteten; dei ville fixe opp bodskapen slik det passa dei. Fåren ved dei falsk ”åndelighet” > skryt, overmot, hybris.

Eit kyrkjejubileum skal lære oss: Vi er ikkje dei fyrste kristne i verda, vi er ikkje dei einaste. Kyrkja er lokal, men også universell og historisk. Ho omfattar alle land, folk og nasjonar; ho stammar frå det som hende ”i dei dagane”, frå Guds inngrep og handling i historia, frå Abraham til Jesus, og vidare fram gjennom tidene, frå Jerusalem til Samaria, og heilt til endane åt verda.

Bibelen. Nedskriven, opplesen, utlagd, fortolka, forkynt, fortald…

NB Bibelsoga som grunnformidling. Gje det vidare! Den store forteljinga om mennesket, om verda, om naturen, om språket, om Gud!

Trusvedkjenninga(ne). Dei korte satsane vi finn alt i NT: ”Jesus er Herre”. Jesu person og frelsesverk. Gud, den treeinige.

Vidare heilt fram Apostolicum (dåpsvedkjenninga) og til Nicenum. (trusvedkjenninga frå konsilet i Nicea)

Liturgien. Arven frå synagoge, tempel og jødisk husgudsteneste. Det vi kallar messa/høgmessa, med Ord- liturgien og Nattverd-liturgien. Her lyfter eg eit lite varselrop: Lat ikkje denne arven gå tapt i eksperimentering og påfynstrer! Berre den fullstendige gudstenesta (messa) med fullverdig skriftlesing, lødig forkynning, forbøn, takkoffer og nattverdfeiring kan bere kyrkja inn i ei ny tid. Det er for dette denne kyrkja på Hildre er bygd! Kyrkje = forsamlinga kring dette. Alt anna veks fram rundt det. Kyrkja er ei forsamling, ikkje eit mangfald av tiltak. Utan ei skikkeleg forsamling som feirar Ordet og Nattverden, er det ingen kyrkjelyd, inga kyrkje. Uansett kor mange kontor og tilsette ein måtte ha.

Den kristne etikken. Her raknar det veldig i samfunnet vårt. Jfr debattane i vår tid – som aller mest handlar om tru og etikk. Den kristne etikken; menneskesyn, abort, seksual- og familieetikk. Men: også den kristne sosialetikken; mennesket som samfunnsvesen, synet for det felles beste, motvekt mot einsidig materialisme. ”Gudsfrykt med nøgdsemd er ei stor vinning”, står det i Skrifta. Har den moderne sunnmørskristendomen omforma det til: ”Vinning utan nøgdsemd har ein stor plass hos dei gudfryktige”? Nøgdsemd er viktig også for miljø og økologi. Mennesket må dele på naturen med alle sine medskapningar.

2. For å kunne gje dette vidare:

Husk at kyrkja eit samfunn, ein fellesskap, ikkje eit religiosnvesen, ein religiøs serviceinstans, ein aktivitetssentral.

Husk at kristendomen ikkje er eit ”livssyn”, men fellesskap med den levande Gud.
Gudserfaring blir viktig. Bøna; der den levande Gud møter levande menneske. I bøn, i forbøn, i omgang med Gud, heilt inn i det stille og ordlause.

Husk at kyrkja må lære seg å vere minoritet, å vere i eksil, i diaspora, som Israel i Babylon, som jødefolket : eit folk, utsådd mellom folka.

Det å ville omfatte alle, uavhenging av aktiv stillingstaking, verkar så inkluderande, men er eigentleg autoritært. Vi er den store, snille mor, dei andre er undersåttar som vi skal vere nådige mot, paternalistisk/nedlatande. Vi må våge å sleppe taket, våge å mangle den stadige bekreftinga som ligg i nominell oppslutning (jfr foreldre som vil bli bekrefta av borna og ikkje vågar å gje dei fridom, la dei bli vaksne og frie). Vi må ansvarleggjere dagens norske menneske ! Forkynninga må kalle til tru og etterfylgjing, kunne gje konstruktiv rettleiing. Til dei som verkeleg er søkjande, som verkeleg vil, skal vi kunne seie: -Dette er vegen! Vil du gå han, skal vi informere deg, støtte deg; vi går saman!

Vi må dele plassen med andre trus- og livssynssamfunn i framtidas Noreg! Slutt på einskapskulturen – og samtidig slutt på fortrengjinga av trua og religion til privatsfæfen. Husk at kristen moral er dåpsetikk, for dei som friviljug tek han på seg, det dreiar seg om eit trusliv, ikkje om generelle moralske ”prinsipp”. Dette vert ei vanskeleg omstilling for alle, både for storsamfunnet og religionane, for truande og ikkje-truande. Her er det verkeleg tale om ei ”attføring” som må til!

Trua/evangeliet spreier seg gjennom vårt liv og gjennom at vi tek del i samfunnet: i debatt, i engasjement, i samtalar på alle slags arenaer: Arbeidsplassar, skular, universitet, kaféar og pubar, over kaffikoppen og svela på ferjeturen osv.

Du må kunne di tru! Undervising av dei vaksne må prioriterast og leggajast til rette! Vi må ikkje bruke born og unge som ”religiøse vikarar” for vaksne som ikkje lenger å ta si eiga trun på alvor! Du må vere nysgjerrrig på menneska, på livet, på kulturen, på samfunnet!

Vi lever i ei vanskeleg og motsetningsfull tid – men nettopp difor i ei open og spanande tid. Ei tid der vi kan oppdage den kristne trua og evangeliet på nytt, på ein frisk måte. Difor:

”Gå inn i rekken! Gå inn i kampen nå!/ I dag, når Jesus kaller deg,/da svar ham ja, og gå!”

10
Mai
09

discursus: «Helse er heilskap» – helse sett frå eit klostersynspunkt

føredrag på konferansen «Kropp og sjel» (for helsepersonell), i Bergen fredag 8/5. NB: Manuset er innsikta på munnleg framføring, ikkje ein artikkel; difor meir kompakt og stikkordprega…

0. Innleiing

I går var eg på Sunnmøre og tala. Gjekk meg eit slag i fjøresteinane ute i Haram, kjende att barndomens landskap; steinane, sjøen, konturane på fjella ute på øyane og innover Moldefjorden, kjende att ljoset vêret, luktene. Å vere midt i alt dette, med heile meg, kropp, sjel, med spennet i mi livshistorie – som omfattar også dei såra som barndomen kan bere med seg – alt dette er helse. Og lukke. Mens eg gjekk heimover mot husa, ringde mobilen med spørsmål om deltaking i eit panel, på Litteraturhuset i Oslo til hausten. Tema: Religion og lukke.

Lukke og helse. Det høyrer saman, ja, i vårt samfunn er det blitt nesten identisk. At det høyrer saman, er både sant – og ikkje heilt sant. Problemet med mange av verdiane i moderniteten er at dei blir eindimensjonale, reduserte. Moderniteten er reduksjonistisk. Eg ynskjer å peike på nokre vidare aspekt. Helse og heilskap er same ordet. Også som katolsk teolog legg eg vekt på dette: ’katolsk’ = kata holon’ (gresk), ’i samsvar med heilskapen’. ”Heil deg, Maria ”– Ave (latin), Xaire (gresk); ver helsa, måtte du vere heil, glad! Og ordet ’heilag’ er av same rot i vårt språk. Helse utan det heilage trur eg ikkje på. Det blir som å jakte på regnbogen; når du vil gripe han, er han borte…

1. Helse – eit fleirdimensjonalt fenomen

Vi gløymer at dei fleste grunnleggjande omgrepa og røyndomane vi opererer med, er operative berre som plasserte i ein kulturell samanheng. Vårt helseomgrep – og helseideal – er reduksjonistisk. Vi har droppa den metafysiske sida ved røyndomen. Berre den dennesidige finst. Vi er djupt prega av den positivistiske røyndomsforståinga. Heile den moderne skulemedisinen (somatisk og psykiatrisk) og psykologien er avgjort og fundamentalt positivistisk. Med nyanseringaar og litt åndeleg stasj her og der. Mennesksynet er ofte radikalt naturalistisk og materialistisk. Mennesket er/blir ein biologisk maskin.

Dette kjenner vi til, men det er mindre fokusert på at dette også gjer noko med opplevinga av vårt eige liv, kroppsleg og sjeleleg. Livsrøynsla blir flata ut: Vi har berre eitt liv, det jordiske, det hinsidige/transcendente blir borte. Alt er eintydig konstaterbart: Enten/eller. Enten frisk eller sjuk, enten lukkeleg elller ulukkeleg, enten vellukka eller mislukka.

Klart at dette aukar presset på mennesket: -Du aldri bliver gift om det i dag ei skjer, seier Holberg i Kærlighed uden Strømper. Det hastar alltid for det moderne mennsket; tida går og mest mogeleg må erfarast som positivt. Opplevingane står i kø, vanskar og sjukdomar må fjernast for ein kvar pris/til ein kvar pris.

Helse – noko du må sjå i eit større perspektiv. Livet mitt er ein prosess heilt inn i det evige. Det er eit no – og eit seinare. Det sjuke og smertefulle kan ha ein plass undervegs. Også når eg er sjuk, kan eg ha ei fundamental helse; botnen/grunnen/substansen i meg er frisk. Ein snakkar forakteleg om placebo: men det er berre fordi ein har dette empiristiske/positivistiske synet på kva det er å vere frisk og sjuk. Helse er eit ord, det kjem an på kva du meiner, kva du legg i det! Helse er ein personleg tilstand. Sjukehuset, legane, apparatet, helseindustrien eig meg ikkje. Eg er ikkje eit objekt, eg er ein person, eit subjekt; det er mi oppleving som tèl.

Eg vil aldri gje frå meg helsa mi til helseindustrien og helsekapitalismen. To bilete:
– disseksjon av lik, måleri frå 1600-talet. Patologar og studentar/publikum i eit auditorium/”demonstratorium”
– lika eg har gravlagt; ofte tome, obduserte skal fylte med avispapir. Det tok ei tid før eg skjøna rutinene på sjukehusa…

2. Helse – kropp; både sensualitet og spiritualitet (om askese)

Moderniteten er eit frigjeringsprosjekt – eit opprør mot metafysiske autoritetar, band, bindingar; eit opprør mot kyrkja og religionen sitt grep på det kroppslege, det menneskelege, det dennesidige, det sensuelle. Klart at det til tider var ei overdriving av det åndelege/det transcendente i høve til det dennesidige og menneskelege. Sjølv om vi nok skal få sjå at jødisk-kristen tru er det sterkaste vern for eit heilskapleg menneskesyn (kropp og sjel). Gud er skapar, Gud let seg inkarnere i Kristus; sakramenta er både ’ånd’ og ’materie’. Den livskjensla ein ville restaurere i moderniteten, var nytte- og lystorientert, ein retur til den antikke hedonismen/epikurismen. Som vi ser ei oppblomstring av i dag. Ja; livskjensla i dag er på mange måtar hedonistisk. Gjer det du har lyst til, så lenge det ikkje skadar andre. Parolen er: -Nyt livet; du har berre dette eine livet, som sagt..

Det rare er at det naturalistiske og hedonistiske ofte pendlar over til det rasjonalistiske, det abstrakte, det kroppsfornektande. I religionen fører det til at ein avskriv det rituelle, det konkrete, det sakramentale, det mystiske, alt blir moral og ”livssyn”. Gud blir ein fjern autoritet.

Sensuell tilfredsstilling er ikkje berre den flate tilfredstillinga; det vere seg sexopplevinga, trim-kicket eller generelt velvere. Berre å sluke den fysiske erfaringa, gjev ein tom ettersmak, ”sigerens melankoli” (Paul Otto Brustad), ”köttets lustn och själens obotliga ensamhet” (August Strindberg). Vi må ha nokon å dele seksualiteten med, som relasjon. Vi må sjå ei meining, t.d. at trimmen gjer meg betre skikka til å vere det mennesket/den personen eg tar sikte på å vere. Vi må kjenne at velveret stemmer med resten av livet vårt; godt samvit, fred med oss sjølve og med andre. Eller viss du står i konfliktar/konfrontasjonar – at du veit du gjer det utfrå din integritet. Igjen: Det kroppslege/sensuelle treng heilskap. Ikkje for å redusere den direkte sensuelle erfaringa, men for å la henne vere reidskap for ei total oppleving.

Den kroppslege nytinga og det velvere som den gode helsa gjev, førutset også måtehald og sjølvdisiplin. Umiddelbart skjønar alle at helsemessig er det øydeleggjande med bulemi, med overstimulering og fråtsing. Det siste er dessutan ei av dødssyndene. Her ligg det ei stor utfordring til det som har med helsetilstanden i våre samfunn å gjere. Den feite amerikanaren, dei overvektige tenåringane…

Men det gjeld generelt: Less is more! Den ekstreme, uavgrensa tilgangen på opplevingar, på stimuli, på godar, NB også på edle godar, fører til uttrøytting – og svekkar evna til verkeleg sensualitet. Bøker, reiser, musikk, treningsstudio, klubbar for kjennarar: Vinkjennarar, gastronomar av alle slag (lutfisk, spareribs, smalahove, gudveitkva…). Det gode blir rutine, til slutt merkar ein ikkje sklilnad på ’husets karamellpudding’ og ein karamell i godtebutikken. Alt er så lett, berre nokre tastetrykk unna. ”Tilværelsens uutholdelige letthet”, som den tjekkiske forfattaren (Milan Kundera) kallar det.

Livet treng motstand, friksjon! Eg meiner rett og slett det er ei grense for vårt sensoriske apparat; det sublime kan berre registrerast som noko som overskrid det sensuelle, det fysiske. Dette overskridande, transcenderande er – igjen – det vi er redde for i dag. Vil ha allt direkte, vi vil ha stadig meir av det same.. -Mykje vil ha meir, sa ho mormor mi alltid. Det var ein asketisk livsregel, ei åtvaring.

Klosteret er ein asketisk institusjon. Askesen skjerpar både kroppslege og sjelelege/emosjonelle eigenskapar. Askese (gresk)= trening, øving, kontroll, endring, utvikling. Sjela, sjølve livet som totatlitet av kropp og sjel, er ein ”muskel”; han må trenast! Elles får vi sjeleleg muskelsvinn; og ”sjel” er altså den totale livsopplevinga, den totale livssituasjonen.

Det er klart at også redusert helse, kroppsleg veikskap, smerte og livshindringar kan takast som askese. ”Ikkje korleis du har det, men korleis du tar det”, som ordtaket seier. Difor kan ein handikappa – ein blind, ein døv, ein i rullestol o.s.v. – ha bedre helse enn ein som er kjernesunn, men svekka og sjuk i sjølve grepet på livet sitt! NB: Dette seier eg ikkje for å bagatellisere tunge lidingar og funksjonshemmingar, men for å vise at sensualitet, velvere, helse er noko komplekst. Du får det ikkje inn på éin dimensjon, på éin kanal..

Askese innber avgrensing/avhald/måtehald i mat, stimuli, lyd, sosialitet.. I klosteret er det stilt: Stille soner, stille tider. Der er avgrensa plassar, som klausuren og cella. Der er ei tidsordning som ikkje lar visse aktivitetar oppta udimensjonert plass. Der er ein balanse i kva mennesket treng: Bøn og kontemplasjon, fellesskap, einsemd, studium, arbeid…

Heilt grunnleggjande er rytmen! Klosteret er eit rytmeinstrument; eit verkeleg treningsstudio som gjer at rytmen set seg i kroppen. Eg brukar å seie, basert på eiga erfaring: -Regelmessig avføring og regelmessig bøneliv = eit sunt liv/god helse! 🙂

3. Helse – eit spørsmål om økologi.

Det gjeld det fysiske klimaet – men også det moralske, estetiske, åndelege klimaet/miljøet. Ja, generelt er der ein samanheng: Klimakrisa i dag heng saman med korleis menneske har det med seg sjølv, kva slags livsmønster vi har lagt oss til!

Helse treng omgjevnader, alt verkar inn. Øko-logi: Av oikos = (gresk), læra om ’huset’ du bur i, ’huslyden’ du tilhøyrer! Klostreret materialiserer og manifesterer ein modus vivendi, ein måte å leve på, ein måte å vere menneske på! Obs: Den grunnleggjande noviseopplæringa i dominikansk ordensliv: Gjennomgang av klosteret; klosteranlegget som eit bilete/ein analogi på mennesket: refektorium (matsal), bibliotek, kapittelsal, parlatorium (talerom), celle, kyrkje.

Miljø som er stygge, fulle av hindringar, ufunksjonelle – vi skjønar at det er nedbrytande helsemessig Kapitalismen og industrialismens tingleggjering av mennesket. Men kva med eit miljø som er strippa for transcendente/metafysiske/åndelege teikn? Den moderne ’byen’ (og byen er også eit miljø) handlar ofte berre om effektivitet, konsum, om fornøyelsesliv, sport og hobbies. Ingen katedralar, kyrkjer, tempel, moskear, kloster. Eit reduksjonistisk miljø, The Secular City, destruktivt for helse som heilskap. Eit miljø utan englar, utan ”paradisgrønt” der dei kan ”dale ned i skjul” og gje ein ange av det gode, det sanne og det vakre.

Ord er viktige i miljøet. Dei bibelske salmane; reine, sanne, haldbare ord. Menneskelege, guddomlege, prøvde, svadafrie. Formar kropp og sjel. I klosteret tek dagen til med tunga: -Herre, løys mi tunge/så min munn kan forkynne din pris! Slik opnar mennesket seg, slik reiser det seg, slik samlar det seg…På spranget til livet.

Helse er å vere heile seg, heile meg. Med fokus på noko(n) som samlar livet mitt, gjev meg integritet, i relasjon til andre og til min Skapar, mi livskjelde!

”…hvor er jeg sæl [lukkeleg, heil, frisk] /som kan med liv og sjel/tjene så nådig en Herre!”

God helse!

10
Mai
09

nota bene: Låst verdidebatt

For berre får sidan ville kven som helst forsverga at religion og etikk skulle bli eit dominerande tema i samfunnsdebatten. I dag kan vi slå fast at nettopp denne tematikken samlar sprengfulle hus, at nettstader og bloggar, TV-, radio- og avisredaksjonar renn over av innlegg og  utfall om alt frå hijab til familie- og seksualmoral. Stormen rundt den siste Fritt Ord-pristildelinga til Nina Karin Monsen er eitt forløpig topp-punkt i offentleg interesse for religionsrelaterte saker.

For det kan ikkje vere tvil om at også debatten om ekteskapslov og homofilt foreldreskap har ein religionspolitisk klangbotn. Både kyrkjene og islam er sterke bastionar for dei tradisjonelle livsformene. Sjølv om mange kan vere både for- og imot den nye lovgjevinga utan  religiøs referanse, ligg heile tida haldninga til religionane si rolle som samfunnsbasis og ulmar under overflata.  For tida synest motsetningane å vere maksimalt tilspissa og uforsonlege.

Det er bra at harmonien er broten og at usemjene kjem til overflata. Men skal det bli meir enn bitter stillingskrig, må begge sider prøve å sjå sine posisjonar med nytt blikk.

Dei truande og dei verdikonservative bør alvorleg overvege om det er mogeleg å gjenvinne norsk lovgjeving for den overleverte  etikken. I norsk samanheng dreiar det seg hovudsakleg om kristen etikk, men det er like aktuelt sett frå eit muslimsk synspunkt. Talsmenn og –kvinner for desse frontane må kunne delta fullt ut i dei offentlege debattane og kampane om etikk og lovgjeving. Likevel er det på tide å innsjå at eit pluralistisk og sekularisert samfunnn ikkje har dekning for å la seg styre av t.d. kristne grunnverdiar. Mange truande vil argumentere med at desse verdiane er allmenne, men i røynda er verdiar og moralske standpunkt knytte til tydelege tradisjonar. Trua på ein frittsvevande, universell etikk er utbreidd i alle leirar og er noko av det ein etterkvart blir tvungen til å ta eit oppgjer med. Både kyrkja og islam må forplikte sine eigne truande på dei etiske normane og samtidig våge å innsjå at andre menneske og fellesskapar gjer andre val. Det er ein frigjerande innsikt.

På kristent hald vil ein slik gjenoppdage den kristne etikken som del av ei heilskapleg livsform.  Kristen etikk er forankra i dåpen og førutset ei fri tilslutning og ein personleg motivasjon. Og ikkje minst: Nåden og tilgjevinga. Den kristne einskapskulturen, som no humpar vidare på stumpane, har nesten fått oss til å gløyme dette. Kristendom er ikkje primært eit verdisystem eller ein moral, men eit trusliv.

På den andre sida kan dei ikkje-truande då ta til å skjøne at motparten ikkje tenkjer i teokratiske baner. Dessverre er debatten  blitt profilert slik at det dreiar seg om alternative hegemoni. Då blir kampen bitter. Dei sekulære skal sleppe å bli påtvungne verdiar dei ikkje står for – men då må dei også tole at dei truande både får hevde og etterleve sine eigne prinsipp, ikkje berre i privatsfæren, men som organiserte og institusjonelle fellesskapar.

Her er det på høg tid med ei kraftig realitetsorentering i den kulturliberale leiren. Trur ein verkeleg at store tradisjonar og samfunn som dei katolske, dei ortdokse eller evangeliske kristne, eller islam, vil la seg forby? At ein kan påtvinge dei å praktisere dei nye lovene?   Noko av det mest oppsiktsvekkjande med den etiske debatten den siste tida, er den nesten draumeaktige trua på kor lett og greitt det skal kunne gå an å gjennomføre så drastiske endringar i lovgjevinga. Her grip ein raskt og drastisk inn i den mest utbreidde og historisk forankra institusjonen av alle: ekteskap og foreldreskap – og så skulle det gå like lett som å skifte skjorte?

Formelen for framtida må vere at alle partar godtek å leve saman og gjev kvarandre lov til å stå for sitt syn. Draumen om den store, harmoniske einskapen, anten han er religiøs eller antireligiøs, må sleppast. Vi bør innrette oss på å leve i eit skiftande spel av motkulturar og subkulturar – som møtest, som kranglar og som påverkar einannan. Gettoar og sekter får vi dersom vi prøvar å fortrengje kvarandre. I framtida vil vi få eit meir polarisert samfunn, men også meir sannferdig og kreativt.

Alternativet er ein kulturell borgarkrig. Vil vi det?

(Fyrst publisert i spalten «Signert» i Klassekampen, laurdag 9/5)




kategoriar