04
Jun
12

nota bene: verdiparagrafar

Den norske staten er ikkje lenger ein konfesjonell stat, ein evangelisk-luthersk stat – slik han har formelt har vore det fram til den siste grunnlovsendringa. No har vi fått ein såkalla verdiparagraf i staden. Staten skal heretter vere forplikta på «vår kristne og humanistske arv» (fritt sitert).

Men kva er det? Det veit sjølsagt ingen heilt presist – og det var nok meininga, for då kan den som til ei kvar tid har makta, definere og operere han som ein vil. Kristen og humanistisk politikk vil vere den politikken styremakta til ei kvar tid fører. Ein har teke eit gamalt bilete ned frå veggen og på det tome feltet har ein måla nokre dekorasjonar som ser rimeleg pene og beroligande ut.

Skal storting, regjering og departement avgjere kva som er innhaldet i den kristne arven? Skal ein spørje representantar for den nye «folkekyrkja»? Og kva svar skal ein velje – frå ei kyrkje som er truga av teologisk dekonstruksjon og utan ein samlande læreautoritet? Nettopp at dette flyt, gjer det endå lettare for staten å køyre fram sin eigen definisjon.

Også omgrepet «humanistisk» er alt for utydeleg til å vere særleg operativt. Er det Humanetisk Forbunds forståing ein skal legge til grunn? Der prøver ein jo nettopp å innarbeide ordet «humanisme» som namn på det humanetiske livssynet. Er det humanisme i den kristne tradisjonen verdiparagrafen siktar til, eller er det humanisme som noko anna enn kristendom, for ikkje å seie noko heilt motsett av kristendomen?

Som kristne bør vi nedtone våre forventingar til at den sekulære staten skal ivareta dei kristne verdiane. Både teoretisk og praktisk er det kyrkjene sjølve som må ta dette ansvaret. Her ligg det ei stor utfording til positivt, ekumenisk samarbeid, t d for Norges Kristne Råd. Ikkje minst den katolske kyrkja må kjenne sitt ansvar som talsmann for kristne verdiar og kristen praksis i samfunnet.

I det heile er det vanskeleg å sjå at ein pluralistisk stat skal kunne formulere eit positivt og tydeleg verdigrunnlag. Det blir lett eit minste felles multiplum, lett manipulerbart og lite utslagsgjevande i praksis (jfr Verdikommisjonen på 90-talet). Gode rettsordningar, religions- og livssynsfridom og vilje til respektfull sameksistens held lenge.

Advertisements

0 Responses to “nota bene: verdiparagrafar”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: