Arkiv for juni 2010

30
Jun
10

officium: onsdag, 13. vike i det allmenne året, 2 sam 4,2-5,7 (matutin)

«Du skal vera hyrding for folket mitt, du skal vera fyrste over Israel» (5,2)

Her ser vi rota til den bibelske Messias-tradisjonen. David er urbiletet; han fører striden for folket, han er hyrding og fyrste for det. Dette gjer han på Guds vegner; det er Gud som gjev folket siger, det er Gud som er hyrdingen, det er Gud som er kongen. David er også den som inntek den uinntakelege jebusittarborga og gjer byen til Jerusalem, fredsbyen, gudsbyen, byen med Sion-klippa, byen for templet og Guds-næveret. 

Gudsfolket har konsolidert seg. Gud lagar seg eit bruhovud i verda. Frelseshistoria kan gå vidare. Gud kjem til oss no, men han har gått denne lange vegen for å kome hit.

Reklame
28
Jun
10

nota bene: Sekulære fellesrom

Fyrst publisert i Signert-spalten, Klassekampen, laurdag 26/6-10….

I eit integreringspolitisk stunt nyleg, lanserte Sosialitisk Venstreparti (SV) eit framlegg om fleire sekulære fellesareal i samfunnet. Der skal sekulariteten hevdast som ei aktiv målsetjing, noko som inneber forbod mot religiøse symbol, det vere seg hijab eller kross på halsen. Tanken er at det sekulære er lik det nøytrale og difor bra for integreringa.

Det er merkjeleg kor seigliva denne tankegangen er. Det har sett seg i det norske medvitet at vi har det meste felles her i verda bortsett frå religion, og at religiøs ulikskap eller usemje står i ei særstilling. Når berre religionen er nøytralisert, blir alt nøytralt og greitt. Sannsynlegvis botnar dette i at norsk mentalitet, i alle fall på det politiske og ideologiske planet, er djupt ukomfortabel med tru og religion som noko meir enn private synsmåtar og personlege haldningar. Religion som praksis er ein uvant med og redd for.

Redsle for det framande og ukjende pregar samfunnet vårt meir og meir. Kontroll, sikring og overvaking blir stadig viktigare. Vi får ein fryktkultur med religion som det fremste fryktobjektet. FrP har vore den sterkaste eksponenten for dette, men no prøver også SV å fange opp det populistiske fryktpotensialet. Det er dumt.

For å kome vidare må vi for det fyrste innsjå at sekularitet ikkje er det same som nøytralitet. Meir og meir framstår det sekulære som ein bestemt posisjon med ideologiske føringar. Det innber ein verdidom om religion som noko som må kontrollerast og haldast i sjakk meir enn andre samfunnsfenomen. Og det priviligerer dei ikkje-truande som forvaltarar av felleskapen og av opne arenaer i samfunnet. Truande menneske vil ikkje lenger la seg stigmatisere på denne måten. Dei vll ikkje bli sett på som villdyr som må temjast av andre.  Sjølvsagt må det vere lov å ha eit sekularistisk og kritisk syn på religion og sjå han som fårleg og skadeleg. Men det må lyse raudt dersom ein vil formalisere dette synet som eit politisk prinsipp vi alle skal bøye oss for.

For det andre må freistnadene på politisk marginalisering av religion jekkast ned. Ein må innsjå i kor høg grad dei religiøse tradisjonane har forma vår kulturelle og politiske historie og kor viktig det er for mange borgarar som livsfundament og identitet. Mange, også i Noreg, ynskjer ikkje å bli integrerte på kostnad av si religiøse tru.

Vi er nøydde til å finne ein måte å leve saman på der tru, livssyn og overtydingar av mange slag får spele med utan at vi køyrer over dei andre. Det vil skape diskusjon og spenningar, men det er ei utfording vi er tvungne til å ta i eit liberalt samfunn. Spelereglar må vi ha, men dei kan ikkje dikterast einsidig av dei minst truande.

For det tredje blir det stadig tydlegare at integrering ikkje berre har med islam og immigrantar frå andre land å gjere. Kva med oss andre? Vil SV at katolske ordenssystre skal kvitte seg med sine drakter og hovudplagg når dei er utandørs? Skal det bli forbod mot munkekutte på torget eller prestekrage på puben eller fotballtribunen? Skal vi oppfattast som ein fåre for samfunnsfreden dersom vi ikkje heng trua igjen i garderoben?

Det bryt på djupt vatn i det norske samfunnet på desse områda. Lenge har det vore rimeleg kontrollert og disiplinert – mest fordi tydeleg truspraksis har vore så sjeldsynt. Etter som synleg trusliv er kome for å bli, kjem angsten og aggresjonen opp til overflata. Det skaper dessverre også angst og aggresjon hjå den andre parten – og den vonde sirkelen er etablert. Å gå inn for å sekularisere fellesroma i samfunnet, opplever eg som utriveleg sabelrasling.

Meiningskampen når det gjeld religion og samfunn er på langt nær over og er i ferd med å bli ein politisk nevrose. Sekularismen er  dårleg terapi  fordi han gjev seg ut for å representere den  objektive posisjonen, sjølve ”samfunnet” i rein form. Vi treng andre signalord og andre strategiar for finne måtar å leve saman på. Det verkar på meg som vi ikkje vågar å kome fram med dei meir djuptsitjande intensjonane; korvidt vi ser på religionen si aktive og offentlege rolle som eit overgangsfenomen, noko vi må takle og tole så lenge det varer.

Både truande og ikkje-truande bør innsjå at ”dei andre”  ikkje har tenkt å forlate landet og at vi må dele på plassane, som dei vi er og slik vi ser ut.

27
Jun
10

carpe diem: Holmlia, Son…

Som sagt; i ettermiddag var det messe på Holmlia, der St Hallvard sokn låner (leiger?) den lutherske kyrkja til messe, kvar sundag kl 1700. Litt sommarferie-modus, så ikkje så fullt som vanleg. Her i Holmlia er det stor katolsk og muslimsk befolkning, og det er planar om å byggje katolsk kyrkje i området.

Skulle gjerne hatt ein dominikanar-kommunitet, eit lite kloster, her i denne drabantbyen (eg er jo gamal drababantbyprest). Her er det mange truande menneske, sosiale og kulturelle brytningar og variasjonar, eit miljø som er annleis enn i A4-Noreg. Bli kjend med folk, stikke inn om puben eller snackbaren, rusle i gatene mellom blokker og butikkar. Her bør kyrkja vere. Ei katolsk og kristen fornying vil gå ut frå slike plassar, trur eg. Her er det ikkje nok med «kulturkatolisisme».

Eg gjekk eit slag bortom torget og litt rundt omkring. Der kom det to karar, ein i sommarlett, kvit kaftan, som mi eiga kutte; afrikansk av opphav, tydlegvis. Saman med ein kamerat som trilla barnevogn; den kvite bønekalotten røpa at han (også) var muslim. -Hei! God dag! helsa dei, strålande! -God dag, eg er katolsk pater, bur i kloster i Oslo, har hatt messe her, kjekt å treffe folk, sa eg. -Ja! sa han med hua; du må kome og besøke oss i moskéen! -Ja, vi trur på Gud, begge, sa eg, – og her ute er det mange som trur på Gud. -Ja visst, og religionen seier ikkje at vi skal drepe, det er feil, svara han, med klar appell også til dei av hans eigne som måtte gi inntrykk av det. -Du må besøke oss. -Gjerne, sa eg. Ha det bra, God bless! -Ja, ha det bra du også!  For oss begge var dei ei glede  å møtast. På streeten i Holmlia.  Holmlia – ein  møteplass. Gud har eit godt blikk til Holmlia si…

Så køyrde eg Eirik, som bur i Son og kom til messe her, heimatt. Dagens middag blei ein burger  på kaikanten i Son. Strålande junisol og fri sikt utover Oslofjorden som opnar seg her. Frisk vind, men lunt bak sjøhuset der vi sat. No sit eg i hagen hos foreldra, har sett litt på VM-kampen mellom Argentina og Mexico; futt, fart og lidenskap med desse latinarane, ikkje den nordeuropeiske robotteknikken. Ikkje at eg har peiling, men litt legg eg merke til, hehe…

Dette er eit sivilsert hus, med trådlaust nett, så eg får tasta ned og sendt ei lita sommarkveldshelsing her frå ytre Viken (Hestviken). Sant å seie, er det nok meir Kardemommeby enn mellomalderstemning her no for tida. OK, på tide å vende nasen innover til Oslo igjen. Skoddedottar frå Skagerak kjem smygande inn og kjøler ned kvelden. Men høgt oppe er det stadig ljos, lett midtsommarhimmel…

27
Jun
10

homiletica: 13. sund. i året, St Dominikus krk, Luk 9,51-62

Kjære brør og systre!

Vi høyrer i evangeliet i dag at Jesus styrte sin skritt mot Jerusalem. Den målmedvitne Messias. Han visste kva som skulle hende, han visste kvar han skulle, han visste kva som var hans kall i verda. Han skulle gje livet sitt for oss og for alle.

På vegen møter han menneske. Nokre av dei skjøna kva det handla om, dei hadde høyrt om han som var på veg til Jerusalem, dei hadde kanskje venta på at han skulle kome forbi, dei hadde kanskje gått ut til vegen der han skulle passere. Då er det ein som stig fram og seier til han: Jeg vil følge deg, hvorhen du så går! På den tida ville det seie: ”Eg veit du er ein rabbi, ein magister, ein meistar, ein lærar- i visdom,  i vegen til Gud. Eg vil bli din elev, med andre ord: eg vil gå med deg, kvile med deg, ha måltid saman med deg, bu saman med deg, memorere det du seier, etterlikne det du gjer. Slik vil eg finne vegen; din veg er min veg, kva du enn går”.  Å seie: -Eg vil fylgje deg! var å skrive seg inn i ein skule. Ein vandrande skule.

Då skulle vi tru at Jesus berre er kjapp til å notere han i medlemsregisteret; ein ny tilhengar til statistikken. Her er det ingen krav, her er det berre å slenge seg med!  Men nei. I staden er det kaldt vatn i blodet: Revene har hi, og himlens fugler har reder, men Menneskesønnen har ikke det han kan helle sitt hode til”. I denne skulen melder du deg på med livet som innsats. Vil du verkeleg det?

Rundt neste sving er det han sjøv som seier: Følg meg! Bli min elev; eg ser at du har guts til å greie det, viss du vil. Så kom svaret: La meg først gå og begrave min far!” Så naturleg, så fint, så rett, så omsorgsfullt. Må berre ordne dette fyrst – så blir eg med. Fullstendig uventa – for han som høyrde det då – og endå meir for oss no – er magisterens suverene svar: La de døde begrave sine døde, men gå du ut og forkynn Guds rike!. Det same gjentok seg; ein annan ville slå fylgje, men ville fyrst si farvel til dem der hjemme. Så fint, så naturleg, så rett, så omsorgsfullt, så rimeleg. Men så skjér Ordets sverd igjennom, så det blinkar i eggen; alt no når du har ytra ynsket om å fylgje meg, har du gitt deg på veg; her er det ingen uforpliktande smaksprøver, her kan du ikkje sikre deg, her må du vite kva du vil, eller i det minste ville finne det ut, på alvor, her kan du ikkje gå framlengs og baklengs på same tid. For: Ingen som legger hånden på plogen og siden ser seg tilbake, er skikket for Guds rike.

Brør og systre: Herrens skule held fram, han vil ha elevar, disiplar, lærevseinar også i vår tid! Nokre skal ta det heilt ut, bryte opp frå heim og alt som er vel og bra, og gå med, slik ein gjer i klosterlivet. Nokre skal verkeleggjere det i ekteskap og familie og vanleg arbeidsliv. Også der er det nok av tilsynelatande viktige ting som hindrar oss i å leve vårt liv som eit kristent kall. ”Eg vil gjerne vere katolikk, men…” ”Eg vil gjerne gå til messe, men…” Eg vil gjerne gi av mine midlar til kyrkja, til dei fattige, men…”

Brør og systre: Guds rike er ikkje eit ”om-og-men”-rike. Det er eit ”fylg meg”-rike! Det vil ikkje seie at du skal kaste deg hovudstups ut i store prosjekt. Å love er lett, å halde er vanskeleg, som kjent. Du skal tenkje over kva det inneber å svare på kallet; vite kva du vil. Og så kan du gå.

Vi katolske kristne i dag, i dagens Noreg, må nettopp vite kva vi vil. Vi får ikkje med oss alt. I dåpen, i ferminga, i prestevigsle og i klosterkall – vi har alle lagt vår hand på plogen. Herren har kasta si profetkappe over skuldrane våre og han seier, som Elia til Elisja: Du vet hva jeg har gjort med deg. Ser vi oss tilbake, eller er vi skikka for Guds rike, for det målmedvitne livet? Lik han som ”uten å nøle styrte sine skritt mot Jerusalem?

Bror og syster;

Har hånd du lagt på Herrens plog/da se deg ei tilbake… Vil gråten kvele røsten/så tenk på gyldne høsten!

27
Jun
10

carpe diem: skrive, skrive…

Stille her ei stund… Denne vika har eg stort sett site i klosteromgangen og skrive, med stablar av bøker. Av Arne Garborg. Fordi eg skal levere ein artikkel til ei bok som skal kome ut om han i år, og deadline nærma seg plutseleg! 🙂

Ute har det vore-/er det nydeleg junivêr, med det gylne sommarljoset over kaskadane av grønt og – langs fjorden – lysande blått.

I dag: Høgmesse her (sjå utlagt preike) og no i ettermioddag på Holmlia, som vikar for presten i St Hallvard. Tysdag reiser eg til Sunnmøre. Meir om det.

27
Jun
10

officium: laurdag, 12. vike i det allmenne året, 1 sam 26 (matutin)

«Sjå, her er spydet ditt, konge» (v 22)

David kunne ha gjort ende på Saul der han låg og sov med spyde stukke i jorda. David tok det med seg, og gav det tilbake, for å syne at han ikkje gjorde det han hadde kunna gjere. Spydet vart et pant på den frie godleiken.

Det gode er det gode vi gjer for dets eiga skuld. Utfrå den djuapste forpliktinga i oss. Skadar du andre, skadar du deg sjølv, gjer deg mindre enn du er. Verda er full av den destruktive logikken: Du har såra meg, difor har eg rett til å såre deg.

I staden for å fylgje den urgamle lova om hemn, let David spydet vere ubrukt. I staden tala han ut med Saul. Andlet til andlet då dagen grydde.

Oftare skulle vi seie: Sjå her er spydet ditt, bror.

21
Jun
10

officium: måndag, 12. vike i det allmenne året, 1 samuels bok 17 (matutin)

«…fylkingane åt den levande Gud» (v 26 )

Gjetarguten David veit kven han representerer; difor vågar han å tale djerve ord mot holmgangskjempa Goliat som hånar Israels-folket.

Den gongen galdt det fyrst og fremst ytre makt og kamp om livsrom i landet. Men det har òg ein åndelege dimensjon som stadig er aktuell.  Gud er ein levande Gud, ikkje ein stammeguddom blant andre, ikkje ein teologisk eller filosofisk teori.

Vi har å gjere med han som har skapt verda og som stadig skaper og opprettheld alt som er. Gud er ikkje ein støttespelar for våre særintereser, men han som vi skuldar sjølve livet og som vi alle skal svare for. Goliat som David.

Når vi skjønar det, er det ikkje miltær styrke eller politisk makt  som tèl. Då kjem ein langt med tru og åndeleg vågemot og nokre småsteinar frå eit bekkefar.

20
Jun
10

homiletica: 12. sundag i året, St Dominikus krk, Luk 9,18-24

Kjære Kristtrugne!

Jesus stiller i dag det viktigaste av alle spørsmål – og fokuserer med det på sentrum i teologien og sentrum i den katolske, kristne trua: – Hvem sier folk at jeg er?…. Hvem sier dere at jeg er?

Mange svar kom fram, svar som viste kva folk meinte om Jesus. Så kjem apostlane sitt svar, det apostoliske svaret, gjennom apostelfyrsten Peters munn: -Du er Guds Salvede, altså Messias, Kristus.

Så snart kyrkja tok til å leve sitt liv etter pinsedagen, tok dette spørsmålet til å melde seg: -Kven er eigentleg Jesus frå Nasaret? Kyrkja heldt fast på si tru og vedkjente som Peter, slik det òg er gjengitt: -Du er Messias, Son av den levande Gud. Det er dette som kling igjen i den urkristne vedkjenninga: -Jesus er Herre, altså Gud, og i heile sin fylde i den nikenske trusvedkjenninga, vårt sundagscredo: Vi trur på han

Deum de Deo, lumen de lumine, Deum verum de Deo vero; genitum, non factum, consubstantialem Patri! (Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av den sanne Gud,fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen).

Eller som vi song i vårt Gloria/Laudamus: Herre, vår Gud, Guds Lam, Faderens Sønn… du alene er hellig, du alene er Herren!

Brør og systre! Det er dette – trua på Jesus Kristus –  som er aksen og kjernen i den katolske trua. Alt i kyrkja sitt liv heng saman med dette, alt spring ut av dette, stadfester, vernar og forkynner dette. Det er dette det er sikta til i den urgamle romerske kanon, den fyrste evkaristiske bøna, når vi bed for alle som trofast bekjenner og våker over den katolske og apostoliske tro. Det er denne trua katekumenane  får spørsmål om når dei dei blir døypte, det er denne trua foreldre og fadrar lovar truskap mot når dei ber born til dåpen, det er denne trua konvertittane tek stilling til og stadfester når dei blir opptekne i den katolske kyrkja sin fulle fellesskap.

Heile kyrkja er eit stort Kristus-mysterium. Utan han, blir alt eit tomt skal, uansett kor mykje interessant og spennande vi kan varte opp med.

Messa er Kristi levande nærvere – i dei truande som er hans lemmer, hans kropp, i presten som handlar i Kristi stad; i bibelorda og  Evangeliet er det han som talar, i hostien og kalken er det hans offer som er nær. Troens  mysterium som vi forkynner og lovpriser i evkaristien – det er han, hans død, hans oppstode, hans gjenkomst i herlegdom og triumf!

I skriftemålet er det han som seier, gjennom presten: Ego te absolvo! Eg tilgir deg dine synder.

Karismane, nådegåvene, det er Kristi gåver: Han som steig opp i det høge, som gav menneska gåver. Den heilage Ande, Talsmannen som han sender oss, skal ta av mitt og forkynne for dykk, slik han lova det. Han skal herleggjere meg, sa han også. Det finst ingen kristen spiritualitet, ”åndelighet”, utan Kristus!

Og diakonien – det er Kristi eigen kjærleik som blir levd og praktisert i kyrkja, i den kristne fellesskapen. For han sa, då han etter den fyrste messa la av seg messehakelen – kappa si – batt opp om seg, bøygde seg ned og vaska føtene til disiplane, som ein annan slave: Det er eit eksempel eg har gitt dykk. Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjere mot kvarandre.

Alle bønene vi bed, både i liturgien og personleg, bed vi Ved Kristus, vår Herre. I Jesu namn. Fordi han er vår øvsterprest, mellommannen mellom Gud og menneske. Ja, heile vårt liv som truande lever vi i Kristus, i Herren, seier apostelen. Fordi alt er nåde. Når vi er svake, er han sterk i oss, for hans makt blir fullenda i vår vanmakt. Som vi høyrde: I kraft av troen er dere alle Guds sønner, i Jesus Kristus: idet dere er døpt til Kristus, har dere også ikledd dere Kristus (2.lesn).

Helgnane – dei er ikkje noko i tillegg til Kristus, noko som skyggar for Kristus, slik mange meiner. Nei, dei er eitt med han, dei er i han og han i dei, dei er ein del av Kristus-mysteriet. Martyane døde med han og difor lever dei med han, det har dei kristne visst frå fyrste stund. Når vi feirar deira festar og minnedagar, feirar vi Kristus!

Ja, til og med hierarkiet og presteskapet er der, ikkje for sin eigen del, men for å representere Kristus, for å vere hans tenarar. Dei er rett og slett ’ministrantar’, dei også. Sjølv paven, ja nettopp paven,  har dette som si viktigaste oppgåve: Å styrkje sine brør i trua; nettopp den trua som den fyrste paven, den fyrste Peter vedkjende: Du er Guds Salvede! Den trua kjem Peter til å  vedkjenne heilt til tida sin ende, om så alle andre skulle fornekte.

Difor, brør og systre: I denne trua vil eg leve, i denne trua håper eg å få døy. Kva som enn skal kome over meg, kor mørkt eller kor ljost livet skal kome til å arte seg: Eg vil sjå opp til han som de har gjennomboret (1. lesn), han som gav alt for oss.

Berre i hans ljos ser vi ljoset.

I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. Amen

18
Jun
10

carpe diem: Frå klostergangen…

Sur sommar så langt. Sit i klosteromgangen og jobbar, dvs les, skriv, tenkjer…  Det er kjøleg, men med tjukk gensar utanpå kutta går det fint.

Tenkjer litt tilbake på dei siste dagane. Sist helg var eg i Stavanger som helgavikar for den katolske soknepresten – og feira fire messer. Kyrkja, St Svithun, er i ferd med å bli ombygd og utvida; ho er longe for lita. I mellomtida brukar ein kyrkjelydssalen som er sprengfylt fire, fem gonger kvar helg. I tillegg til den polske messa i ei lånt stavangerkyrkje.

Det fascinerande er det internasjonale preget, men også blandinga av generasjonane og kjønna. Skrukk-kinna vietnamesiske bestemødre, ungdomar, vaksne, ungar og babyar, menn og kvinner. Når eg preikar, er alle fiksert merksame og opne. Det ljomar i veggene når kyrkjelydssvara i liturgien kjem: Amen! Halleluja! Hosianna! Og med di Ånd! Herre, høyr vår bøn!   Songen og musikken er ei skikkeleg blanding av norske salmar, gregoriansk messesong (kyrie, gloria, credo, agnus dei)  og – i messa klokka eitt – deltaking av det vietnamesiske koret. Koret står ikkje utstilt på galleriet, men sit på dei fremste benkene og er ein del av forsamlinga. Kyrkjelyden syng med; voggande og sterkt, som på eit norsk bedehus. Alt akkompagnert på syntesizar av hjartans lyst. Nydeleg, ecclesia cantans, den syngjande kyrkja, av mange folkeslag, tungemål og stilarter. Den tradisjonelle messeliturgien held det saman i ein verkeleg einskap.

Etterpå er det kyrkjemåltid, med nudlar (trur eg), ris og norske kaker. Og prat og helsing og beskjedar. Nokon står nok bak og organiserer dette med fast hand. Det er sikkert spenningar og usemjer om mangt og mykje, her som elles der menneske er saman. Men trua samlar.

Presten er omringa av ministrantar, gutar og jenter, også godt organiserte. Rart å sjå fjortisane med dei supraste frisyrar, rare briller og sagga bukser; i sakristiet blir det plutseleg ein ordna gjeng som bed førbuingsbønene i kor. Så formar det seg til prosesjon; med ungdomar som ber kross og ljos og røykjelse og småtassane med røykjelsebåten (eit lite, båtforma kar) og diverse anna utstyr. Oppe i koret, dvs scena i kyrkjelydssalen i dette høvet, finn dei sine plassar og utfører sine opppgåver med presisjon. Like sjølsagt som presten og dei vaksne medhjelparane. Ein engleskare av born og tenåringar. Og dette er ei heilt vanleg sundagsmesse.

Velkomne til Guds familie!

Etter ein tur til Solastranda pg nordsjøbylgjene blir eg køyrd til Sandnes og ny messe klokka fire. Der leiger ein den lokale metodistkyrkja, og der er det same opplegget. Men med markert afrikansk innslag. Ny kyrkje trengs, denne er alt  sprengd. Eg er invitertert på middag i ein privat heim.  Vel tilbake i Stavanger, treff eg nokre gode vener; rask vitjing på ein kafé. Så er det tid for å dra til flyplassen. Snart glir flyet høgt over landet mot Gardermoen.

Summa: ”Guds menighet  er jordens største under”!

No går eg inn, brr, det er kaldt. God natt!

18
Jun
10

officium: fredag, 11. vike i det allmenne året, Dom 13 (matutin)

«Kvifor spør du om namnet mitt? Det er eit underfullt namn» (v 18)

Herrens engel stiller motspørsmål  når Manoah spør kven han er, den merkelege mannen som kom med bod til kona om at Samson skulle bli født. Manoah spør, ut frå si sterke, naive tru. Ein israelitt utan svik, ein som Gud vil gjeste, ein som Gud kan ta i si teneste.

Gud, som er nær i engelen, løyner seg i motspørsmålet. Gud er annleis.  Har han eit namn, er det som ein kode, eit teikn; du grip det og misser det. I engelen står Gud med føtene på Manoahs mark, så fær han opp i logen på offeraltaret. Gud kjem og drar.

Vår tids menneske har problem med Gud – fordi dei tenkjer at han berre er ei kjempeutgåve av oss sjølve, ein kosmisk klossmajor.

Men Gud er han som har «eit underfullt namn».  Manoah og kona hans høyrde røysta og såg engelen i elden og visste med eitt: Det er Herren. Då kasta dei seg ned og tilbad.

16
Jun
10

officium: onsdag, 11. vike i det allmenne året, dom 9,1-20 (matutin)

«Då Jotam fekk vita det, gjekk han opp på Garisim-fjellet. Der stod han og ropa til dei» (v 7)

Jotam var den yngste av Gideons sytti søner, dei Abimelek, éin av brørne, tok livet av «på éin stein»  for å sikre seg makta. Jotam rømde unna og greidde seg;  det er den yngste sonen som står for vettet og vona, som i så mange soger.

Ung vreide og heftig sorg sprengde på i Jotam. Det som storma inni han, måtte ut, måtte få luft. Som i eitt sprang er han oppe på Garisim-fjellet. Fjellet er ein gudsplass, ein heilag møtestad. Her får ropet makt og meining. Jotams bodskap er klage, anklage og dikt på éin gong. Han ropar til Sikems-mennene som har støtta Abimeleks maktovertaking og valdsferd.  Jotam påkallar merksemda til Gud og menneske; det han har å seie, gjeld alle. Det gjeld rett og urett, det gjeld sjølve grunnvollane i livet, ja i heile skaparverket.

Ropet inni osss må ropast! Indignasjonen, sorga, fortvilinga, protesten, bøna – det må ikkje stengjast inne. Det fysiske ropet opnar for den åndelege og eksistensielle apellen og sensibiliteten vi har i oss. Sjølve det menneskelege i oss. Jesus ropa på krossen, på Golgata-fjellet.

Vi skal kunne rope til Gud og menneske så vi og alle kan skjøne at no er det alvor.

15
Jun
10

homiletica: 11. s. i det allmenne året, St Svithun kyrkjelyd;Stavanger/Sandnes, Luk 7,36-50

…preike i Stavanger og Sandnes sist helg..

Kjære brør og systre!

Det handlar i dag om korleis Jesus Messsias frigjer og reiser opp mennesket. Det var nettopp hans gjerning, misjon og kall som Israels Messias. Å tilhøyre Guds folk, er å vere prest, konge og profet. De er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne, så de skal forkynna hans storverk . Apostelen Peter minner dei truamde om dette i sitt brev, som er ei dåpsundervising – og han siterer det som var sagt alt i den galme pakta, om den gamle pakts gudsfolk (1 Pet 2,9).

I Jesus Kristus er dette verkeleggjort fullt og heilt.

Og det er dette vi ser i forteljinga i evangeliet i dag. Fornyinga galdt ikkje berre på det ytre planet, ikkje berre for dei lærde og lovkyndige, slik fariseraren Simon tenkte. Fornyinga galdt heile folket, ikkje minst dei som synets å vere mest oppgjebme, mest ute, mest fortvila. Og fornyinga galdt heller ikkje berer eit snevert ”åndeleg” område av livet; det galdt heile livet; moralsk, kroppsleg, sosialt – på alle desse områda fekk kvinna erfare lækjedom og fornying. Ho møtte Messias, ho vart eit oppreist menneske, ei Israels dotter, med fult menneskeleg og åndeleg verde!

Guds nåde er så radikal, den når heilt ned til bånns i livet vårt og snur det om! Det hadde Simon så vanskeleg for å forstå. Som ei kjempestor gjeld som blir ettergjeven, ved eitt slag – slik er Guds nåde. Den eine augneblinken er du gjeldtyngd og ser berre veggen, all von ute – den neste augneblinken er gjelden sletta og du er fri, du kan leve, du kan arbeide, du kan vere eit normalt menneske!

Kvinna som gret ved Jesu føtter, opplevde at ho fekk heile sitt liv tilbake av Jesus Messias, Jesus Kristus! Difor kunne ho sikkert ha sagt som Paulus i den andre lesnaden:  Det er ikke lenger jeg som lever, men Kristus som lever i meg! Og David, som vi høyrde om i den fyrste lesnaden, han som hadde late Urias døy ved at han sette han på ”Urias-posten”, slik at han kunne få overta kona hans, Batseba –  han altså var ein drapsmann og ekteskapsbrytar – til han kom profeten Natan og sa: -Du er mannen! Og David vedgjekk utan forbisnakk: –Jeg har syndet mot Herren! –Så har også Herren tatt bort din synd, sa Natan. Etter dette forstod nok David at det er stort å vere Israels konge, men det er endå større å vere eit tilgjeve menneske! Som vi høyrde i Davids-salmen: Salig den hvis overtredelser er forlatt, hvis synd er tilgitt!

Brør og systre! Alt dette mottar vi og opplever vi i skriftemålet. Kyrkja i dag treng å gjere bot, treng å bli fornya. Det gjeld ikkje berer ”dei andre”, dei slemme, dei dårlege.  Det gjeld oss alle. –Du /eg er mannen; du/eg er kvinna! Kvinna i evangeliet skrifta med sine tårer, det var betre enn ord. David innsåg si synd utan snikk snakk og lange forklaringar og bortforklaringar – noko vi prestar, akk så ofte, er vitne til det i skriftestolen.  Skrift som borna, skrift som David, skrift som kvinna; ein spade er ein spade! Sei, som det også stod i salmen: Jeg har latt deg se min synd og ikke skjult mine feilgrep for deg. Jeg sa: ’Jeg vil gå til Herren og bekjenne min synd’. Og du, Herre, har utslettet min synd.

Kyrkja – det er det folket, dei menneska, som kjem ut av dåpen og ferminga som prestar, kongar og profetar! Og det folket, dei menneska, som kjem ut av skriftestolen, med eit fornya liv, frå paven til den minste ministrant! Vi lever alle av Guds nåde. Alt er nåde. Det er det vi feirar i evkaristien, i messa; der feirar vi Kristi offer, han som har vist sin kjærlighet til meg og ofret seg selv for min skyld (2. lesnaden).  Der gjev han oss alt sitt, der ventar han på oss, som Messias ved bordet i Simons hus; der kan vi gje han alt: Våre tårer, våre synder, vår skam, vår historie, vår alabasterkrukke med kostbar salve, vår kropp og sjel!

Jesus, meg selv jeg deg bringer/legger med ned for din fot/ at du meg evig skal eie/jeg er jo kjøpt med ditt blod!”

I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Amen.

15
Jun
10

officium: tysdag, 11. vike i det allmenne året, Dom 6 (matutin)

«Gå i veg, sterk som du er..!» (v 14)

Slik helsa engelen Gideon. Engelen under eika. Igjen treet som møteplass. Ikkje noko stas og fjas i domartida. Eit tre, en engel, ein mann.   Gideon var ingen smågut, og engelen såg styrken hans som noko godt, noko han skulle bruke i si teneste.

Gud møter oss også i vår styrke. At hans kraft «vert fullenda i vår veikskap», har Paulus lært oss (2 Kor 12; når vi er heilt uttømde, ligg  krafta vår i at vi dristig tek i mot Guds kraft.  Men vi skal ikkje gjere oss ynkelege. Det vi har motteke av gåver i livet, skal vi investere i kallet vårt. Gud satsar på oss!

Å vere som Gideon, er å la det stå til, å la Gud vise oss tillit.  Som Jesaja: «Sjå, her er eg, send meg!» (Jes 6,8)). Kom glede! Kom sorg!

14
Jun
10

officium: måndag, 11. vike i det alllmenne året, Domarane 4 (matutin)

«…det palmetreet som vart heitande Debora-palma» (v 5)

Det unge Israel vart styrt frå skuggen under trea. Der sat domaren, der kunne  saker avgjerdast. Det viktigaste var ikkje kongeleg makt og prakt, men lov og rett og gode råd. Domarae var ikkje tråkige juristar, men profetar.

Og profetkvinner. Debora går inn i domarrekkja utan at det vert gjort noko stort nummer av at ho var kvinne, det var noko sjølsagt. Israel var eit patriarkalsk stammesamfunn, utan tvil, men strukturen var «flat» og  visdom og Guds-kunnskap var det viktigaste. Avstanden mellom mann og kvinne var nok tydeleg, men ikkje stor.

Etter Ehud kom Debora. Ei mor i Israel.

12
Jun
10

officium: laurdag, 10. vike i det allmenne året, Josva 24 (matutin)

«De maktar ikkje å tena Herren, for han er ein heilag Gud» (v 19)

Josva var realistisk. Han hadde utfordra folket til å ta det avgjerande valet når dei no stod ved Jordan, på overgangen. No kunne dei avvise Sinai-pakta eller fornye henne. No kunne de velje fritt. Folket svara Ja til ny paktstruskap, men Josva held den gode viljen opp under nasen på dei: Vit kva du gjer, det er di avgjerd!

No måtte folket sjølve vere realistiske. Å vere paktsfolk, kostar. Ein heilag Gud gjev heilagt ansvar. I lange periodar har det å vere truande, vore ein del av den kulturelle eller nasjonale identiteten.  Men så kjem test-tidene, då trua fell tilbake på eit sjølvstendig og fritt val. Det er den normale relasjonen til Kristus og kyrkja; slik var det i oldkyrkja og slik er det i ferd med å bli i vår tid.

Det er tid for alle å tenkje nøye over dette: Vil du tene ein heilag Gud?

09
Jun
10

officium: onsdag, 10. vike i det allmenne året, Josva 3,1-17; 4,14-19; 5,10-12 (matutin)

«Så tok folket ut frå telta sine og skulle gå over Jordan» (3,14)

Guds folk er eit «overgangsfolk», eit folk som bryt opp, tek ut, går gjennom hav og hindringar, inn i det lova landet.  Herren, som kallar og vel ut dette folket er nærverande, midt i folket – og folket er ordna, samla kring sine hyrdingar; Moses, Josva, Joshua – Jesus.

Vi ser slike «bøyingsmønster» eller paradigme i den heilage historia. Når pilgrimsfolket Israel går over Jordan og slær seg ned i landet, er det ei påminning, ein anamnese (ihugkoming), av gjennomgangen i Raudehavet. Slik fornyar folket vilkåra for sitt liv, sitt kall og sin eksistens.

Gjennomgangen, utgangen, passah-en/påska, pakta, dåpen –  det er «gramatikken» for Guds-folket, der  ligg livet vårt, der er vegen vår.

06
Jun
10

carpe diem: blåkvit juninatt

Sit på veranden der mor mi bur, på Stranda, høgt oppe i bygda med utsyn over fjorden og fjella. Juninatt. Ljos, men kjøleg; ein nordleg trekk i lufta dei siste dagane.  Snøen klamrar seg fast langt ned i fjellsidene endå.  Toppane blånar inn i natta. Nede ved fjorden blømer aplane og heggen. Sein, men usvikeleg forsommar.

Tidlegare i dag har eg vore med på jubileumsmessa i Vår Frue krk ute i Ålesund.  Stappfullt av folk. Då dette soknet vart grunnlagt, ei god stund før kyrkja vart bygd i 1960, var det berre nokre få medlemer, no er det 900. Ei internasjonal forsamling, ei miniutgåve av den verdsvide kyrkja. Eit verkeleg integrerings-laboratorium. Mangfald og einskap.  Eit teikn på Guds rike.  Den katolske kyrkja er i ferd med å bli tydlegare på Sunnmøre. Det endrar både landsdelen og kyrkja.

No blir det kaldt om knea. Eg går inn. Og til ro.

06
Jun
10

carpe diem: jubiléum, nordvestland, junidagar…

Litt stille på bloggen nokre dagar. Fordi eg har vore busy og no på reise. Fyrst hade vi visitt av vår provinsialprior, fr Bruno Cadoré og alt som fylgjer med slike visitasar, sjølv om dette var ein  kortversjon. Møtet med biskop Bernt måtte vi ha på Gardermoen – vår provinsial skulle ta fly til Paris og biskopen kom frå Berlin; så det blei  flyplass-syndode på ein snackbar. Dagen etter sette eg meg i bil og dro opp gjennom dalane og ut til Møre. Er her i Ålesund for å delta i 50årsjubileet for Vår Frue kyrkje. I går var det omvising i den mellomalderske Borgud-kaupangen, der  Sunnmøre Museum ligg no, så seminar på muséet etterpå; mi oppgåve ved jubiléet var det eine foredraget der: «Sunnmøring og katolikk i dag» 🙂

I dag drar eg til Stranda, ein rask tur innom mor mi, og så tilbake til Oslo måndag. No er det like før pontifikalmessa her, med biskop Bernt, mange prestar og stappfulle hus, i vakkert junivêr! Meir seinare, klokkene ringjer snart…

02
Jun
10

officium: onsdag, 9. vike i det allmenne året, job 32,1-6; 33,1-22 (matutin)

«Det er ikkje alderen som gjev visdom, dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett» (32,9)

Elihus tese synest å stride  mot tradisjonell, bibelsk og forsåvidt allmenn-kulturell innstilling: Alderdom og klokskap  er identiske.  Forfattaren av Jobs bok vil gjerne vise at ei overflatisk forståing av tradisjonen endar ille, kor «rett» det enn kan verke.

Visdom fylgjer ikkje alderen automatisk. Mange gamle endar som bitre og kyniske, og ofte mindre opne også for trua enn unge menneske. Vidsom er ei dygd som må tileignast; det grunnlaget du legg i unge år, syner si berekraft elller sin svikt når du blir eldre. Lever du ikkje ope og sjølvkritisk, endar du i forsteina egoisme.

Anten du er ung eller gamal, er det dei personlege kvalitetane som tèl.  Med Elihus ord: «Det er ånda i mennesket og Anden frå Den Allmektige som gjev skjøn» (v 8 )




kategoriar