Arkiv for februar 2012

28
Feb
12

Office: tysdag, 1. vike i faste, frå kom. til Herrens bøn, av den hl Kyprian (+258), biskop av Kartago (matutin)

» Kva for bøn kan vel vere i Anden om ikkje den som Kristus gav oss, han som sende oss Den heilage ande?»

Kyprian er heilt framand for den vanlege tanken, at å be med faste ord, er det motsette av å be «i Anden», eller «i ånd og sanning». Inga bøn kan vere meir åndeleg, meir i samsvar med Guds vilje enn Herrens eiga bøn, Fadervår. Mange tenkjer at ho berre er tenkt som eit slags mønster, ein modell, og at vi er uavhengige – ja, skal vere det – av sjølve den konkrete ordlyden.

Då må vi hugse at Fadervår nettopp har vore overlevert og brukt som ei levande og verkeleg bøn lenge før ho var nedskriven i Det nye testamentet. På same måte som dåpen og nattverden og sjølve trusregelen, kimen til trusvedkjenninga.

Fadervår er kjernen i  kyrkja si offisielle bøn, messa og tidebønene, og gjev oss grunnorda i all kristen bøn.

Reklame
27
Feb
12

discursus: Treng vi askese? -Om asketisk teologi.

Stikkordmanus for foredraget i Katolsk Forum, Stavanger. Tematikk som eg har vore innom fleire stader i det siste, ikkje minst pga av fastetida som vi no er inne i….

(Kompaktmanus/stikkord)

I Omgrepet og historia

Askese – eit ord som sjokkar litt? Uvant og litt provoserande. Litt fy-ord. Det er difor eg har valt det J, men også fordi det verkeleg handlar om noko fundamentalt viktig, både teologisk og kulturelt/antropologisk..

Askese (gresk) = øving, trening.

Som teologisk omgrep vekkjer det reaksjon, i protestantiske samanhengar: Frykt for ”gjerningar” og ”gjerningsrettferd”.

Som kulturelt omgrep: Avvist som livsfornektande, unaturleg osv. Ein arv frå Opplysinga (samtidskulturens Store mor) – som jo greip tilbake til antikken, til hedonismen og epikurismen. Jfr Peter Gays store klassikar om Opplysingstida: ”The Enlightenment, the Rise of Modern Paganism”.

I opplysings-prosjektet var det – er det – meir enn rein fornuft; de er ein spiritualitet, ein kult. Det er Lucrets redevivus, og bak der: Epikur. Rota til det moderne:

Hedonisme og utilitarisme. Mest mogeleg lukke til flest mogeleg. Kva lukka er, har vist seg å ikkje vere så enkelt å definere. Alt frå stoisk glede over å ver vis og god, til verkeleg ’lyst’- drifts- og nytingsdyrking.

Opplysingsfilosofane sin syntese av dette: ”Det naturlege”. Ikkje telos; meining, mål som i tradisjonell dygdelære eller som i dei store religiøse tradisjonane, men nettopp ’natur’. Live and let live! Optimistisk som  trad liberalisme, eller meir drakonisk: styrt og kontrollert av ei sterk – NB ikkje-religiøs  – sentralmakt (Hobbes o a); Staten tar seg av askesen ved å halde oss i sjakk.

Askesen – og motstanden mot askese – har med synet på kroppen  og alt som knyter seg til den å gjere.

-Protestantisk ’inderlighet’. Det åndelege for seg, det materielle/fysiske/politiske for seg.  Ny giv for den sekulære makta > fyrsten (seinare absoluttismen/det opplyste eineveldet, t d Fredrik den store). Luther: Sjela for kyrkja, kroppen for fyrsten.

– Opplysinga usurperer det kroppslege. Forviser dermed relogionen til privatsfæren, tømer det for det konkrete (frå ’kyrkje’ til ’religion, frå konkrete praksisar til sinnstilstandar, synsmåtar, ”fromhet”, Gud, dyd og udøyelegdom, ”livssyn”…)

NB Renessansen for den antikke hedonismen er ambivalent i høve til det kroppslege: Kroppen er både veldig viktig – og ikkje viktig. Gnostisk. Pendling mellom overdriven askese og orgiar.

Den moderne hedonismen er verkeleg ein kult, ein spiritualitet (demonisk, vil eg seie): Overvinninga av kroppen ved:  trening, tekonologi, medisin, medisinsk vitskap > evig dennesidig liv, evig muskuløst liv, evig venleik…

II  Eit asketisk program

Askese handlar om erkjenne det kroppslege, på ein positiv og balansert måte.

Det åndelege heng saman med det kroppslege. Praksis formar tru. Det kroppslege (drifter, relasjonar, materialitet, sosialitet) må vere tilordna det åndelege/det moralske. Styrast i retning av telos: Kjærleiken til Gud og nesten! I retning av det sant humane.

Sett frå kristen synstad:

*Ta kroppen tilbake,

frå staten med dens reguleringar (detaljane i livsførsla, kontroll på fruktbarhet og avkom…)

frå dei kapitalistiske og marknadsliberale kreftene og konsum-ismen.

*Ta kroppens sosialitet tilbake; det politiske.

*Kroppen og tilbedinga: vika, året, bøna og gudstenesta sin plass) Eit asketisk val!

*Kroppen og rytmen: dag/natt, arbeid/kvile, sosialitet/stille) Rytme er grunnleggjande. Det førutseibare.

*Kroppen og eros (mat, sex, venleik, kunst..). På tide å seie: Less is more!

-Promiskuøs sex > dårleg sex, og gir mange konsekvensar for NB andres kroppar». Skjønner-tyranniet (gastronomi, vinsmaking, musikkspaltar, innreiingsmagasina, kulturreiser) Men, for å seie det slik: -Kor god kan ein saus bli? Eller kor supre stereoanlegg kan det finnast? Eller kva som helst. Vi treng oppgjer med Feinschmeckeriet og «skjønnåndene».

Paulus: -Eg tvingar kroppen min/ikkje fekte i lause lufta…

Jesus: -Søk fyst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.

Det er kristen askese.

27
Feb
12

homiletica: 1. sund i faste (invocavit), St Svithun krk, Stavanger//Messe, Sandnes, Mark 1, 9-15

 Kjære kristne!

Vi har nettopp gått inn i fastetida. Det er ei tid då vi som kristne og som menneske skal bli realitetsorienterte. Møte røyndomen. Møte oss sjølve. Møte Gud. Ja, møte demonen, djevelen. Og sjekke om vi har gehalt, om vi er ekte eller om livet vårt er juks og illusjonar. Om vi har fått tak i det som verkeleg har verdi.

Israel blei sendt ut i ørkenen i 40 år for å bli testa. Dei måtte forlate kjøtgrytene i Egypt, dei måtte faste, dei måtte leve av det Gud gav dei; manna, eit slags brød. Dei måtte vise om dei stolte på Gud. Dei var heilt avhengige av Gud; han gjekk framfor  dei som ei skystøtte om dagen og som ei ljosssøyle om natta.

Og i dag høyrer vi om Jesus, at han også blei sendt ut i ørkenen, ikkje i 40 år, men i 40 dagar og netter, for å bli testa. I 30 år hadde han vakse opp i Nasaret – no skulle ha  stige fram og byrje sitt virke, som forkynnar, som helbredar, som meistar og rabbi for dei som ville vere hans elevar, hans disiplar, hans vener. Og så skulle han lide, for heile verda, sveitte blod i Getsemane, bli hengd på ein kross på Golgata. Ville han greie det? Ville han bestå prøva?

Israel svikta mange gongar i Sinaiørkenen – men Jesus, som det sanne Israel, bevarte sin lydnad og sin tillit til Gud. Då djevelen pusha han og lokka han med all verdsens rikdom berre Jesus ville falle ned og tilbe han, sa Jesus: -Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena! Då forlet djevelen han, han gav opp, han hadde funne sin overmann. Den sterke hadde møtt Den sterkare. Jesus bestod prøva. No kunne han stige fram og forkynne: -Tiden er inne, og Guds rike er nær. Vend om, og tro på Evangeliet!

Jesus måtta face realitetane. Han måtte møte Guds- og vår fiende, djevelen. Djvelen finst, nemleg. Noreg er eit land der alt går på skinner for dei fleste. Vi er blitt rike og overflatiske. Men så, plutseleg, bryt røyndomen inn, som vi har sett det i  det som skjedde den 22. juli. No byrjar det å demre at det finst vonde krefter utover det som slemme og dumme menneske kan prestere. Her er noko vondt som vi ikkje kan forklare. Heller ikkje psykiatrane og psykologane og alle forståsegpåarane. Vi begynner å forstå at der er ein vondskap som er ”meir enn menneskeleg”, det vil seie ei vond åndsmakt. Vi begynner å forstå det som den kjente norske kunstnaren Håkon Bleken skriv i eit innlegg (Adresseavisa) à propos 22. juli og om der finst ei vond åndsmakt, ja ein plass om fortener å bli kalla ’helvete!. Han seier at vi no er i ferd med å oppdage at der er ”avgrunner vi ikke visste eksisterte” (sit.).

Brødre og systre! Vi er i ferd med å oppdage at det vonde og det gode har ein åndeleg dimensjon. Vi burde vite det; for evangeliet handlar i stor grad om at Jesus nedkjempar dei vonde åndskreftene, demonane. Og apostelen seier:- Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod – altså mot reint menneskelege krefter – men mot makter og herredøme… mot vondskapens åndehær i himmelrommet (Efes 6).

Vi burde vite det – for når vi blir døypte, lyder det: -Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen!

Kjære bror og syster! Kor lenge skal vi leve i det småpene og sjøltrygge verdssbiletet vi nordmenn har tileigna oss? Det er liksom berre oss, pengane våre og fornuften vår. Vi skjønar ikkje at livet og verda har større dimensjonar. At mennesket, at du og eg, er bestemte til å nå Gud, til å leve i han. At når Jesus seier til djevelen: ”Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena” – så seier han det på vegne av oss, om oss. Kva er det det eigentleg handlar om i vårt samfunn, i vår kultur? Jo, djupast sett om kven og kva mennesket skal tilbe, kven vi skal tene, kva som er målet med det heile. Vi innbiller oss – eller rettare sagt: demonen innbiller oss – at vi kan ekspandere inn i himlen, økonomisk, materielt, teknologisk, opplevingsmessig. Men alt dette skaper berre større tomrom, som vi stadig på nytt må fylle opp med erstatningar og surrogat, surrogat for Gud, surrogat for det vi er skapte til å vere; Guds bilete, imago Dei. 

Det store tomrommet – det er demonens, det er djevelens element. Når det blir tomt nok, fyller det mennesket med forvirra tankar, med fortviling, panikk og angst og får det til å gjere kva som helst. Så lenge vi har nok materielle resursar, kan vi halde tomrommet unna, men ingen ting er så usikkert, ingen ting så skjørt som reint menneskelege krefter, som pengar og finansar. Når som helst kan spelebordet velte, og alt trillar utover. Samtidig ser vi at uventa vondskap slår inn midt i den norske ”bestestua”. Den rådløysa og angsten som alt dette  utløyser, kan bli farleg, og eg trur at vi alt merkar det. No kan alt skje.

Brør og systre! Alskens tiltak kan vere vel og bra; men til sjuande og sist er det éi røyst vi bør lytte til no. Hans røyst som seier:- Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men taper si sjel? Han som seier: –Tiden er inne og Guds rike er nær! Vend om, og tro på Evangeliet!

Og finner du ham, da finner du alt/hva hjertet kan evig begjære/Da reiser seg atter hvert håp som falt/og blekner så aldri mere!

 

 

 

 

 

27
Feb
12

Dagane gjekk fort i Stavanger. Det var fullt i dei ekstra preste- og gjesteleilighetene, så eg var innlosjert hos familien James, på Stokka. Veldig triveleg og gjestfritt!  Fredag og laurdag kom eg meg ut til Jær-strendene, til Orrestranda og Rægeanden. I sol og frisk bris, med brusande bylgjer og vind i håret! Fredag saman med god ven, Jørg Jørgensen, og dotra, Idun. Elles var det jobb og førebuing på føremiddagane og retrettpreiker og messe om ettermiddagen og kvelden. I går, sundag, fyrst høgmesse i Stavanger og så i Sandnes der ein leiger den elles nok så lite brukte Metodistkyrkja. Retrett-deltakarane var ein avgrensa gruppe, men på sundagsmessene var det, som vanleg, overfullt, både i Stavanger og på Sandnes.  Den nye/utvida kyrkja i Stavanger er endå ikkje ferdig, så ein må bruke menighetssalen, i fleire rundar. Det er imponerande å sjå denne store og raskt veksande kyrkjelyden greie seg med enkle midlar og dårlege lokale. Her er det ein katekeseskule med 700 elevar, drivne av friviljuge; i kjellar- og bomberom, på loft og lemmar. Ikkje overflod og luksus til disposisjon her. Eg unner verkeleg St Svithun ei større kyrkje og bedre lokalitetar for arbeidet! Det beste er folka. Arbeidsfolk for det meste, «tenarskapet» for det nyrike Noreg. Unge og gamle, foreldre med babyar på armen, folk frå Lithauen, asylsøkjarar frå Irak, utan opphaldsløyve, dei store gruppene frå Vietnam, Polen og Filippinane, franske og belgiske innimellom, tamilar og afrikanarar. Då eg stod og delte ut kommunionen under messa i Sandnes og sa: Kristi lekam! til alle som strøymde fram fror å ta i mot, tenkte eg: Desse er òg Kristi lekam, Kristi kropp i verda, stadig fornya nettopp ved å ta i mot Kristi kropp i sakramentet. Fin tog-retur i dag; passerer Vennesla no. Bra å jobbe på toget; korrespondanse, skriving. Og våren er her, langs ruta…

I dagane som kjem, er det regulær visitas  i klosteret, av provinsialprioren i den franske dominikanarprovinsen som vårt kloster tilhøyrer. Bra.

 

27
Feb
12

Dagane gjekk fort i Stavanger. Det var fullt i dei ekstra preste- og gjesteleilighetene, så eg var innlosjert hos familien James, på Stokka. Veldig triveleg og gjestfritt!  Fredag og laurdag kom eg meg ut til Jær-strendene, til Orrestranda og Rægeanden. I sol og frisk bris, med brusande bylgjer og vind i håret! Fredag saman med god ven, Jørg Jørgensen, og dotra, Idun.

Elles var det jobb og førebuing på føremiddagane og retrettpreiker og messe om ettermiddagen og kvelden. I går, sundag, fyrst høgmesse i Stavanger og så i Sandnes der ein leiger den elles nok så lite brukte Metodistkyrkja. Retrett-deltakarane var ein avgrensa gruppe, men på sundagsmessene var det, som vanleg, overfullt, både i Stavanger og på Sandnes.  Den nye/utvida kyrkja i Stavanger er endå ikkje ferdig, så ein må bruke menighetssalen, i fleire rundar. Det er imponerande å sjå denne store og raskt veksande kyrkjelyden greie seg med enkle midlar og dårlege lokale. Her er det ein katekeseskule med 700 elevar, drivne av friviljuge; i kjellar- og bomberom, på loft og lemmar. Ikkje overflod og luksus til disposisjon her. Eg unner verkeleg St Svithun ei større kyrkje og bedre lokalitetar for arbeidet!

Det beste er folka. Arbeidsfolk for det meste, «tenarskapet» for det nyrike Noreg. Unge og gamle, foreldre med babyar på armen, folk frå Lithauen, asylsøkjarar frå Irak, opphaldsløyve, dei store gruppene frå Vietnam, Polen og Filippinane, franske og belgiske innimellom, tamilar og afrikanarar. Då eg stod og delte ut kommunionen under messa i Sandnes og sa: Kristi lekam! til alle som strøymde fram fror å ta i mot, tenkte eg: Desse er òg Kristi lekam, Kristi kropp i verda, stadig fornya nettopp ved å ta i mot Kristi kropp i sakramentet.

Fin tog-retur i dag; passerer Vennesla no. Bra å jobbe på toget; korrespondanse, skriving. Og våren er her, langs ruta…

23
Feb
12

carpe diem: i st svithuns by

Det regnar tett og mjukt her i Stavanger. Kom i ettermiddag med toget frå hovudstaden. Sol og fint på Sørlandsbanen, heile vegen til vi kom til Egersund, då tjukna det til. Snø var det ikkje å sjå frå Kvinesdal og vestover, så her er det grønt og vårleg, og dei fyrste krokussane er observerte. Og i morgon er det meldt sol. Vestlendingen i meg har det bra slik.

Er her for å tale (!). Fyrst fasteretrett med føredrag og messer/preiker frå og med i morgon til og med sundag høgmesse; så Katolsk Forum sundag kveld. Tog til Oslo måndag føremiddag.

I går kveld var det Oskeonsdag-messe i St Dominikus krk (sjå utlagd preike) – og kyrkja var full som aldri før. Stappa. Mange unge.  Mange leitar etter eit nytt veggrep i livet sitt, både truande med lang røynsle, og andre.  Alle som ville, kom fram og mottok oskekrossen i panna; ein lang prosesjon… Andlet til andlet med Gud.

23
Feb
12

officium: torsdag etter oskeonsdag, frå ei fastepreike av pave Leo den store (matutin)

«Sjølv om det fyrst og fremst er atterfødingsbadet [dåpen] som skaper nye menneske,  gjenstår det at alle kvar einaste dag må gni vekk døyelegdomens rust».

Fornyinga av mennesket er ei gåve som vi mottek heilt og fullt ved evangeliet og dei heilage sakramenta. Likevel er det noko som skal verkeleggjerast og aktivt takast i mot; vi skal «bli det vi er». Vi har lett for å tenkje at det nye livet og frelsa er ein slags røyndom, nærast av reint prinsippiell karakter, som vårt faktiske menneskelege liv er urørt av. Dei som er vane med ein reindyrka luthersk «samstundes retteferdig og syndar»-teologi, hamnar lett i dette duble sporet.

Alt det vi mottek i Kristus, må bli verkeleg vårt.

23
Feb
12

homiletica: Oskeonsdag, St Dominkus krk, Joel 2,12-18/ Matt 6,1-6; 16-18

Kjære kristne!

Fastetida er fyrst og fremst ei tid for bot, for omvending, for konversjon. Det er det som kling frå liturgiens tekstar i dag:

Nå lyder ordet fra Herren: Vend om til meg av et helt hjerte, med faste og gråt og klage! Riv ikke i stykker klærne, men la angeren rive i hjeret!

Og Jesu ord om at når vi fastar og ber, er det det djupe tilhøvet til Gud det gjeld, det er den løn han gjev, ikkje den ære vi får av menneske, som er målet, fokuset!

Det er ikkje tvil om at den omvendinga, den metanoia eller sinnsendring vi treng i dag, i vår kultur, er å innsjå mennesket si begrensing. Vi er skapte i Guds bilde, men vi er også tekne av jorda, er eitt med stoffet, er eitt med våre medskapningar. Difor lyder det når vi snart får osketeiknet i panna: –Menneske, kom i hu at du er støv/og at du skal vende tilbake til støv! Som ei føregriping av vår dødsdag, den endelege oskeonsdagen som ventar oss alle: Av jord/av støv er du komen/til jord skal du bli. Dust to dust/ashes to ashes. I Bibelen er jord, støv og oske ord for det same.

Vi er begrensa, vi er avhengige, vi er sårbare vesen. Å ville oppnå evig liv utan Gud, utan Kristus, eit slags surrogat-evig liv  ved hjelp av vår eigen paniske, for ikkje å seie fortvila innsats, er  patetisk og øydeleggjande. Sunnleik, velvere, teknologi, vitskap, medisinar – vel og bra, men døden innhentar oss, likevel. Babelstårna når aldri inn i himmelen uansett kor strebande og flotte dei ser ut.

Både naturen, kulturen og samfunnet i det heile ville ha godt av eit meir realistisk menneske. Eit menneske som veit seg meir avhengig av andre. Mykje av  våre godar er resultat av hardt, menneskeleg arbeid andre stader i verda, ofte dårleg løna, og av dei resursane jorda gjev.  Det kjem ikkje automatisk ut av minibanken på veggen. Og vi treng å innsjå at vi er  avhengig av Gud, vår Skapar, han som opnar si hand og mettar alt levande med hugnad. Ja, vi sjølve, kropp og sjel, har godt av å innsjå at vi ikkje kan vekse inn i himmelen.

Samfunnet, så vel som einskildmennesket,du og eg, har godt av ei fastetid, ein ny nærkontakt med våre begrensingar – og dermed det som verkeleg kan gje oss glede og meining. ”Less is more”; det stadig maximerande mennesket blir aldri fornøgd, blir blasert, misser evna til å glede seg over det gode.

Å innsjå sin begrensing – det er eit evangelium, Oskeonsdagens evangelium. Det frigjer deg til å setje di lit og alle dine forventingar til Gud. Han kjenner oss, og veit kor sterke og kor veike vi er. Oskeonsdag er påminning også til Gud; som det heiter i ein salme i denne dagens tidebøner:

Som en far er kjærlig mot sine barn, så kjærlig er Herren mot dem som frykter ham.Han vet hva vi er skapt av/ han kommer ihu at vi er jord.

Han veit kven vi er. Vi veit kven vi er. La oss ta det derifrå. Det er Oskeonsdag.

21
Feb
12

officium: tysdag, 7. vike i det allmenne året, frå same tekst som i går (matutin)

» «Ei tid til å fødast, ei til å døy» (Fork 3,2)… Vi blir så å seie våre eigne fedre når vi ved å gjere rette val formar og føder oss sjølve og set oss sjølve til verda»

Gregor tolkar Forkynnarens ord om den åndelege fødselen som det kristne menneske mottek i Kristus. Å vere i Kristus, innber også å døy med han, seier Gregor; det er tida ’til å døy».

Fødsel  og død – dei vilkåra som er sette for mennesket, er meir enn banale, statiske fakta. Nettopp fordi dei er gjevne av Gud, er det «ei tid» som har potensiale i seg. Guds tid er skapande. Guds meining med alt, med den «tid» han har sett for alt, blir fullbyrda i Kristi død og oppstode, «då tida var inne».

Liv og død er ikkje ein mekanisk lagnad, men ein veg til Guds fullnad.

21
Feb
12

måndag, 7. vike i det allmenne året, frå den hk Gregor av Nyssas «Homiliar over Forkynnar-boka» (matutin)

» «Den vise har augo i hausen» (Fork 2,14). … Kor mange menneske som er metta av dei godane som er i det høge, og som vigjer si tid til å skoda den røyndomen som verkeleg er, blir ikkje sett på som blinde og dumme..»

At det «som verkeleg er», er den usynlege, himmelske verda, er ein uvant tanke for mange. Vi tenkjer som regel motsett. I den platonsk-bibelske tankengangen som ligg under hos Gregor, er det synlege skaparverket forankra i Gud; det er skapt og oppretthalde av hans Ord.

Vi prøver å finne alle tings grunn og opphav gjennom den naturvitskaplege undersøkjinga av verda. Gjennom vitskapen kan vi finne ut mykje om korleis verda er, men ikkje svaret på kvifor noko er i det heile.

I dag er dette ei avgjerande og viktig trusvedkjenning: Gud er alle tings opphav. Å innsjå det, er å «ha augo i hausen».

 

 

 

18
Feb
12

officium: fredag, 6. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins «Traktatar over 1 Joh brev»(matutin)

«Slik er vårt liv: Å øva oss i lengsel».

Uforliknelege Augustin; ein bror, ein ven, ein velkjend med mennesket til alle tider, ikkje minst det moderne mennesket, sjølv etter 1600 år! Å vere menneske er å lengte. Smerten høyrer med, elles var det ikkje lengt. Men lengten er eit teikn på noko positvt, på vår kapasitet som menneske. Lengten er ei rørsle mot det fullkome og fullbyrda, det endelege, det tilferdstillande. Augustin meiner at all lengt kjem til ro fyrst når vi når Gud. Mennesket kan berre tilfredsstillast av Gud, sin Skapar.

All anna lenngt kan vere ein veg mot Gud, for det er han som har lagt lengslene ned i oss. Men det kan også bli ei stengsle for Gud, dersom vi nøyer oss med erstatningar for Gud. Venleik, ideal, kjærleik, drifter – det er gode lengsler, men det må alltid vere noko i dei som fører oss vidare. Lausrivne frå Gud, endar dei som «kjærleik til verda», som godar tekne ut av sin samanheng og heilskap.

Lat oss ikkje fornekte våre lengsler, men lat dei opne oss mot Gud!

16
Feb
12

officium: torsdag, 6.vike i det allmenne året, frå den hl Ambrosius» utlegging av Salmane, (matutin)

«Når du sit, skal du tala med deg sjølv som ein som dømer seg sjølv. På vegen skal du tala, slik at du aldri kastar bort tida. På vegen talar du dersom du talar i Kristus, for Kristus er vegen».

Ambrosius underviser om den indre, meditative samtalen eller dialogen med Gud. Ein dialog som også alltid er med deg sjølv, ei indre rådslagning. I det daglege, når vi går, når vi er opptekne med våre gjeremål og i ledige stunder. Ambrosius nyttar den bibelske vendinga for å meditere: Å grunne på. Som nettopp er ei indre utveksling av tankar, som skaper «mellomrom» og ljos mellom orda slik at noko opnar seg vidare.

Når du fører ein slik roleg og kontinuereleg samtale med deg sjølv og med Gud, held du opne dørene i sinnet ditt.

16
Feb
12

officium: onsdag, 6. vike i det allmenne året, frå «Kommentar til Ordtøka», av Prokopios, biskop av Gaza (matutin)

»  «Visdomen bygde seg eit hus» (Ordt 9,1). Gud Faderens kraft, som kviler i seg sjølv [visdomen], stelte til sin eigen bustad, nemleg heile universet der den bur og verkar, og mennesket som er samansett både av ein synleg og ein usynleg natur, skapt som det er i Guds bilete og likskap».

Gud bur i skaparverket, sjølv om har er annleis og heva over det. Særleg i mennesket, hans bilete. Mennesket står midt i skaparverket, seier den hl Albert den store, mellom Gud og resten av skapningen. Det er både eitt med den animalske naturen og eitt med Gud. Det har noko av den himmelske, usynlege verda i seg,  det tilhøyrer også den åndelege røyndomen. Alt dette blir forløyst og fullenda i Kristus, skada som det er av synda.

Eit menneskesyn som underslår dette, vil føre eller seinare redusere det menneskeverdet vi har lagt til grunn i vår kultur.

14
Feb
12

officium: dei hl Kyrillos og methodios (+ 869, 885), frå ein gamalslavisk «vita» om konstantin kyrillos (matutin)

Kyrillos og Methodios, kalla apostlane for dei slaviske folka. Vernehelgnar for Europa…

«Dei du har gjeve meg, gjev eg deg tilbake, for dei er dine…»

Slik bed den hl Kyrillos på dødsleiet. Her er det misjonæren, hyrdingen, sjelesyrgjaren som bed. Det er svært freistande for alle som har eit offentleg kall i kyrkja, å bli sjøldyrkande. Respekten for tenesta blir overført på personen, og folkets kjærleik og  venskap kan også beruse. Fansen blir uunnverleg. Biskopen, presten, forkynnaren, leiaren – som alltid må han nokon som applauderer….

Gi dine tilhøyrarar og dei du har fått ansvar for, tilbake til Gud. Dei er hans. Som du sjølv.

13
Feb
12

officium: br Jordanus frå sachsen o.p. (+1237), frå hans «bok om opphavet til preikebrørne» (matutin)

Br Jordan frå Sachsen var ein av dei fyrste brørne og forgrunnsfigurane i St Dominikus» orden, «Ordo Fratrum Prædicatorum» (OP). Det er hans minnedag i dag..

«Ved den guddomlege nådens hjelp tok eg avgjerda om å gå inn ordenen, for eg vurderte det slik at eg hadde funne ein sikker veg til frelse»

Dominikanarordenen, eller «Preikebror-ordenen» som er det offisielle namnet, har forkynninga som sitt særleg kall og formål. Det kan lett bli forstått aktivistisk og som noko på sida av sjølve klosterkallet. Men visdomen i det dominikanske ordenslivet er at det knyter saman formidlinga av Ordet til andre og eins eige, personlege kall. Contemplare et aliis tradere contemplata, lev i kontemplasjon og gje det du har kontemplert vidare til andre, som det heiter i vårt motto.

Heile det dominikanske livet – liturgien, bøna, studiet, askesen, fellesskapen, studiet og forkynninga – er ein veg til Gud for kvar preikebror. Vårt kall er ikkje ein «jobb» ved sidan av livet, men ei retning for heile livet, ei investering av heile personen. Studiar og forkynning utan dei monastiske lovnadane (fatigdom, sølibat, lydnad) og eit liv som svarar til det, ville misse ein dimensjon: at eg peikar på en veg for andre som eg sjølv har valt å gå.

Utan at eg sjølv søkjer frelse, vil eg ikkje kunne formidle henne til andre.

12
Feb
12

homiletica: 6. sundag i året, Vår Frue domkrk, Tromsø, Mark 1, 48-45

Kjære brør og systre!

Jesus kom for å nyskape og gjenopprette mennesket og heile skaparverket. Det gjorde han ved å bli eit menneske, ved sin inkarnasjon,  ved si liding og si oppstode, ved sitt offer der han sigra over synda, over dødens og djvelens makt.

Det var ein forsmak på denne sigeren som kom til syne – som ein glimt, som eit teikn – kvar gong han gjorde eit lækjedomsunder, eit jærteikn. Alle Jesu under er teikn på det som skal kome fullt ut når han kjem igjen i sin herlegdom på den yttarste dag, når det verkeleg blir ein ny himmel og ei ny jord, altså eit heilt nytt univers, ei heilt ny verd.

Midt i Guds verd står mennesket, som Guds eige bilete, med stor vyrde og med stort ansvar. Synda og døden har fått makt i verda fordi mennesket har brutt med sin Skapar og med hans vilje. Vi er alle ramma av det, ikkje fordi nokre er meir syndige enn andre, men fordi vi lever under forgjengelegdomens vilkår – der sjukdom, død og sorg har makt og gjer seg gjeldande.

Når Jesus lækjer den spedalske mannen, slik vi høyrer det i evangeliet i dag, er nettopp for vise at han skal lækje og fornye mennesket og heile livet. Å vere spedalsk var det verste som kunne ramme ein israelitt – fordi det er ein sjukdom som misdannar mennesket, ein sjukdom som er veldig smittsam, og som difor gjorde den spedalske til ein utstøytt, ja, ein urein. Som vi høyrde i den fyrste lesinga: Han skal skjule skjegget og rope: ’Uren, uren!, og: Utenfor leiren skal han sitt tilholdssted.

Den spedalske var forhindra frå det aller viktigaste: Å kunne vere med i kulten, i gudstenesta saman med dei andre i folket. Han miste det viktigaste og største for ein israelitt: Å kunne vere fullt og heilt med i det heilage folket, i gudsfolket. Han miste sin menneskelege verdighet og sjølrespekt.

Jesus vil fornye mennesket, til kropp og sjel, i våre relasjonar, i alt som har med vår fortid, vår notid og vår framtid å gjere.  Han gjer det når vi ber for dei sjuke, i vanleg forbøn, ved  valfarter, ved sjukesalvingssakramentet, gjennom dei karismar og utrustningar Gud har gitt til kyrkja for at vi skal fortsette Jesu fornyande gjerning i verda.

Alle sakramenta er nyskapande: Dåpen sameinar vår kropp, ja, heile vårt liv, med Jesu død og oppstode, med alle hans fornyande krefter. Ferminga gir oss Andens fylde; Gud sender ut sin Ande og fornyar andletet til jorda, står det i salmen. Heile naturen, også vi, også vårt ansikt! Evkaristien forenar oss med Kristi kropp, det nye Mennesket; det er ”udøyelegdomens lækjemiddel”. Ikkje minst i skrftemålet, i forsoningssakramentet, møter vi den Herren og Frelsaren som nyskaper oss. Der, i skriftestolen, kan vi kome med alt, og seie: Herre, dersom du vil, kan du gjøre meg ren! Og der kan vi også høyre Herrens røyst, som vi las: -Så vil jeg det. Bli ren!   «Ego te absolvo!»- Eg tilgir deg alle dine synder!  Vi veit at ingen ting kan bryte ned vår fysiske og psykiske helse som uoppgjorte, uskrifta synder. Så lenge eg tagde, blei mine bein bortærde. Min livskraft svann som i sommerens heter, seier salmisten. Og, slik vi nettopp song i salmen: Salig den hvis overtredelser er forlatt/ hvis synd er tilgitt!

I alt sitt virke skulle vi også som kyrkje oppmuntre det som fornyar mennesket og skaparverket. Vi skal våge å seie at synd og urettferd, både på det personlege og det sosiale og politiske planet, bryt ned mennesket og menneskets verd. Vi skal også våge å ha mot og von for mennesket når mange vil gi opp, når det ser mørkt ut, når det ikkje synest å lønne seg lenger.

Jesus ser alltid lenger, kyrkja ser alltod lenger; ho ser Mennesket, Guds bilde, gjennom alt, all sjukdom, veikskap, synd og  fortviling. Evangeliet er sterkare enn alt; det er Guds kraft til frelse for kvar den som trur, seier apostelen, dvs for alle som vågar å satse, på trass av alt, slik som den spedalske i dagens tekst.

Brør og systre! Det er røynsla av Guds fornyande kraft i eit liv som skaper lovprisning, som forvandlar liturgien til meir ei sundagsplikt, som gjer oss til apostlar, til prestar, kongar og profetar, slik vi alle er kalla til å vere det i kraft av dåpen og ferminga, som katolske kristne. Det er møtet med Kristus som kan få også oss til å bli vitne slik den spedalske mannen blei det: Han gikk avsted og gav seg til å fortelle vidt og bredt om det som var hendt, slik at Jesus blei kjent og at folk fortsatte å komme til ham alle vegne fra!

Det er dette som trengs også i vår tid –  i vår katolske kyrkje, i vårt land og folk!

12
Feb
12

nota bene: snille og slemme

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekasmpen, laurdag 11/2-12…

 

Vi lever i eit samfunn som rosar seg av å vere ope og demokratisk. Dei store minnemarkeringane etter 22. juli var ei veritabel feiring av den norske suksseen, både på det offisielle og det meir uformelle planet. Eit kvart samfunn som sjølv definerer seg som ope og godt, står i fare for å ikkje leggje merke til sitt ekskluderande og aggressive potensiale. Vi er ”innanfor” på vilkår som ikkje alltid er eksplisitte og like lette å leggje merke til. I vårt samfunn  er det opplysingstida som har etablert den dominerande forteljinga” og sjølvforståinga.

Det gjeld også synet på kva religion er, både som saksinnhald og som samfunnsfenomen. I mellomalderen og langt framover var  ordet  ”religion” ukjent som eit generelt samleomgrep for tru og trusførestellingar. Det var ein konkret term for ordens- og klosterliv, og slik blir det stadig brukt i tradisjonelt katolske land, side om side med den moderne bruken. Det var den politiske og moralske filosofien utover i opplysingstida som gjorde ”religion” til ein abstrakt og universell definisjon på alt som ein meinte hadde med kult og trusførestellingar å gjere.  På denne måten kunne ”religionen” hevast opp frå den konkrete, praktisk-politiske sfæren, og i neste omgang setjast på sidelina som tankar, kjensler og devosjonar til fritt bruk i privatlivet. Dette samverkar med dynamikken i den protestantiske reformasjonen, som både gjer trua til ein reint indre affære og banar veg for den verdslege styremakta og borgarskapet sin dominans over kyrkja.

Ved å ta makt over terminologien, har det moderne regimet skaffa seg ein merkelapp som kan heftast på ”dei andre”. Det er dei som er overtruiske, bakstreverske, absoluttistiske og valdelege. ”Vi” er rasjonelle, universelle, tolerante, gode og fredlege. Dermed ser ein ikkje uynskte drag i si eiga framtoning. Ein ser ikkje religiøsiteten, kulten og ikonografien i sine eigne samfunnsformer; i kropps- og velverekulturen, i politiske ideologiar  – og ikkje minst i dyrkinga av det nasjonale og dei nasjonalstatlege verdiane. Om muslimar eller kristne skulle kjempe for si tru, er det fanatisme og ekstremisme; når nokon døyr for fedrelandet eller ”våre verdiar”, er det heroisk. At nasjonale statar har ståande enorme miltære styrkar med eit valdspotensiale utan sidestykke, er sjølsagt og påkrevd; kva slags religiøse institusjonar har noko som i det heile teke kan samanliknast? Når Winston Churchill bombar tyske byar i grus og grav etter at krigen er vunnen, er det for å statuere eit eksempel. Når ”dei andre” viser aggresjon, er det terror.

Religionen krev blind lydnad blir det sagt. Men den strengaste munkeorden blir slapp jamført med det som blir forventa av ein norsk eller amerikansk soldat under kommando. Den truande blir skulda for å godta kadaverdisiplin, medan den militære ofrar seg for Den gode saka.

Heile denne opplesne og vedtekne asymmetrien rettferdiggjer seg ved å ta for gitt at religion er uviktig og uverkeleg, nærast ein illusjon, medan sekulær makt, doktrinar og disiplinar representerer røyndomen. Sjølsagt også fordi den sekulære makta målmedvite og over lang tid har usurpert bit for bit av religiøse institusjonar og konkrete praksisar, som skular og universitet, sosialvesen og helsestell. Til og med Litteraturhuset i Oslo var opphavleg ein lærarskule, starta og driven av indremisjonen.

Gjennom paradar, flaggseremoniar og statshøgtider feirar samfunnet sine mytar og sine verdiar, og fastheld og fremjar dei for sine undersåttar og medlemer.  Slik kan ein oppretthalde biltetet av seg sjølv som positivt, harmonisk og fredsskapande til skilnad frå religionen som berre skaper strid og spetakkel.

I røynda er det i dag ikkje mykje som trugar freden og utviklinga i verda, politisk, sosialt og økologisk, så sterkt som uhemma nasjonalisme, oftast i pardans rundt gullkalven saman med  dei globale kapital- og marknadskreftene. Meir søkjeljos på denne ”verdsreligionen” hadde gjort seg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

12
Feb
12

carpe diem:romsa ii..

Her har det gått i eitt; lange møtedagar på karmelittklosteret Totus Tuus  (Heilt Din), så det har vore lite å hente på bloggen. Kjem sterkare tilbake! Vi (liturgikommisjonen) har jobba med nye ritualbøker for den katolske kyrkja i Noreg (omsetjing og tilrettelegging av latinsk original), Rituale Romanum. Dei viktigaste katolske liturgiske bøkene er jo Missale (messeboka), Tidebønene og altså Rituale (dåp, ferming, skriftemål, osv osv), samt salmeboka/hymnarium som er meir eit frittståande tillegg. Missalet og Tidebønene har vore i hamn  ei stund, no er det Rituale som står att i norsk versjon, som ein serie skikkelege bøker og ikkje berre som småhefte og lause ark, slik det har vore lenge. Det endelege resultatet skal godkjennast av Roma før det får offisiell status. Vi har alt  ei messebok til bruk for lefolket under liturgien, og ei bønebok til personleg bruk. Så no hjelper det etterkvart.

Det har vore mildt, men litt tungt vêr her, godt innever, sjølv om vi gjerne skulle hatt klårvêr på rundturen til Malangen og Balsfjord i går, men det var fint, likevel. Eg har vore her mange gonger før og kjenner landet.

Men nettopp difor, på den andre sida, hadde det vore gjevt å få sjå meir av dei storslegne omgjevnadene. For nettopp det store, det vide, det høge, frie og omfattande er det som er dette landskapets nådegåve. Arkitsk aristokratisk.  I dag tidleg letta det på sløret; når eg drog gardinene frå, var skyene borte og himlen klår, om enn med bankar av snøbyger som mørkna til innimellom.

Eg gjorde ferdig homilien/preika til høgmessa i Vår Frue (den katolske domkyrkja) og vandra innover til sentrum. Ned bakkane til torget høyrer eg eit skikkeleg rap av ein stormåse, ein svartbak – og eg kjende at eg er i ein havby, i noko av mitt eige. Ein annan lyd enn dei snille hettemåkane i Frognerparken! Salt sjølukt frå hamna høyrer med. Det er nettopp hamna og hamneområda, med bryggene, sjøhusa og kaiene, som gjer Tromsø. Og skikkelege båtar, fortøydde eller på slipp. Snurparar, linebåtar, trålarar, sjøsterke ferjer; «Harry Olsen», «Nordic Girl», og den slags namn.  🙂

Nei, no skal eg seie farvel til systrene her, før avreise til flyplassen. Skal leggje ut dagens preike og litt til snarast råd.  Ka du trur?

09
Feb
12

carpe diem: Romsa

…er «Tromsø» på samisk, og her er eg no. Etter nokre hektiske dagar på heimleg klosterbane og tilsvarande ro på bloggen, er eg på møte i den katolske liturgikommisjonen. Fleire av medlemene bur nordpå, så no va det oss søringane sin tur å ta ut på langferd. Eg blir her til sundag.

Vi er innlosjerte i det store, gilde og vakkert liggjande karmelittklosteret, heilt sør på Tromsøya. Raudt var ljoset av vintersola over fjella på Kvaløya og Malangen då eg i morgongryet gjekk frå gjestehuset til kyrkja for å syngje Laudes. Kvar dag blir merkbart lengre her nord etter solsnu. Fagert er landet her oppe, ein arktisk svip som gjev høgtid og   ro.  Karmelittsystrene og landskapet møtest her i det kontemplative perspektivet.

Ein god plass å arbeide med liturgi og bøn.

03
Feb
12

2. februar: kyndelsmesse, frå ei preike av den hl Sofronios, biskop av Jerusalem (matutin)

«Etter at vi har sett Guds nærvere og teke han i vår sjels armar, kallast vi det nye Israel, og dette nærveret feirar vi med ein årleg fest slik at det aldri skal gå oss av minne».

Festen som st Sofronios siktar til, er Kyndelsmesse (Ljosmesse), eller som det offisielle namnet lyder: Presentatio Domini (Herrens framstelling i templet), festen som kyrkja feira i går, den 2. februar, den førtiande dagen etter Jul. . Det er ein fest som har sin bakgrunn i Lukas-evangeliets forteljing  om Maria og Josef og framberinga av Jesus i templet (Luk 2,22ff). Som igjen har sin bakgrunn i føreskriftene i Lova om reinsingstid for mødre etter fødselen.  Den gamle Simeon, ein av «dei stille i landet», tek Israels og verdas Messias i armane sine, takkar Gud og velsignar dei tre med ei profetisk bøn.

Gjennom den heilage handlinga, som Josef og Maria fromt utfører som paktstrue israelittar, hender noko uventa: Barnet, ein omskoren jødisk gut, viser seg å vere Herrens Salva, Ljoset for folkeslaga (Jes 60), ja Gud sjølv, og Ordet blir oppfylt: «Brått kjem han til sitt tempel, Herren som  de leitar etter. Sjå, han kjem engelen for pakta som de stundar etter, seier Herren, Allhærs Gud» (Mal 3,1).

Født av fattige foreldre – dei hadde berre råd til det enklaste offeret –  velsigna av ein olding, kjem Gud til sin heilagdom. Til oss.




kategoriar