04
Nov
08

officium: Tysdag, vike 3, 1 Makkabearbok 2 (matutin)

”Sjå, våre heilagdomar og den den venleik og herlegdom vi åtte, er øydelagde…Kva har vi no å leva for? ” (v. 14).

Mattatias og sønene hans, makkaberarane, presten og hans familie som forblir trufaste mot si gudstru midt i den aggressive, hellenistiske religionspolitikken der alle skulle tvingast til heidensk gudsdyrking.

Mattatias og sønene hans, menneske med kjensle for det som er heilagt, for venleiken i det guddomlege, i det heilage romet, i dei heilage ritane, i dei heilage orda. Innsikten om at all venleik og alle verdiar får sin glans frå Gud og det som er vigd til han. Når det heilage vert teke frå oss, kva har vi då å leve for? ”Og Mattatias og sønene hans reiv sund kleda sine, kledde seg i sekk og syrgde djupt” (v. 14).

Kor sjeldan ei slik sorg er i vår sekulariserte kultur! Vi som lever for alt anna enn for Gud. Trua som noko esktra. Gud og hans heilagdom som luksus. Mattatias og sønene hans ville seie at vi var usle. At hjartet vårt har døydd inni oss.

Salmisten seier: ”Brennhug for ditt hus har ete meg opp”; det ordet læresveinane kom i hug då Jesus reinsa templet.

Utan brennhug og iver, ingen levande kristendom.


2 Svar to “officium: Tysdag, vike 3, 1 Makkabearbok 2 (matutin)”


  1. november 4, 2008 ved 4:02 pm

    Jeg tror det er mange som bærer på en slik sorg i dag også, men at det er veldig varierende hvor beviste vi er på det. Noen kan formulere det, mens andre bare kjenner på en tomhet.
    tore erik


Kommenter innlegget


kategoriar