I dag er det Mikkjels-messe. Festen for erkeenglane Mikael, Gabriel og Rafael og alle englar. Den 2. oktober er minnedagen for verneengelen (skytsengelen).
Det rår både veksande interesse for- og forvirring om englane sin plass i kyrkja, i teologien og i trua. Avvisinga av nyreligiøs englelære har fått mange til å tru at englane er avskaffa i kyrkja, at det dreier seg om overtru gamle mytar som vi er ferdige med.
Dette blir så knytt til debatten om kontakt med dei døde (spiritisme), og mange protestantisketeologar synest å meine alt livet etter døden er noko vi nesten ikkje skal befatte oss med.
Her er det bra at katolsk (og ortodoks) lære har ein ryddig og stadig fasthalden tradisjon. Helgnane (som vi skal kome tilbake til ved Helgemesse (Allehelgen)-tid ), er ikkje dødningar som vi manar opp av dødsriket gjennom «medium» for å avtvinge dei løyndomar. Helgenkulten – at vi ærar helgnane som føredøme og bed om deira forbøn hjå Gud – høyrer saman med læra om communio sanctorum (samfunnet av dei heilage), slk det er uttrykt i dei felleskristne trusvedkjenningane. Dei heilage er levande i himlen, i den sigrande kyrkja, saman med engleskaren, i Guds nærleik, dei er «skya av vitne» som omgjev oss, som fylgjer med oss (Hebr 12,1ff).
Gud er ikkje einsam i sin himmel; han er Herren Sebaot, allhærs Gud. Englane er Guds skapningar; for Gud har skapt omnia visibilia et invisibilia (alle synlege og usynleg ting), slik det òg står i trusvedkjenninga (Nikenum); «den usynlege verda» er like reell som den synlege. Sekularisert teologi og trusliv, slik vi ofte møter det i vår kultur, har nesten gløymt dette. Også når ein talar om «skaparverket». Vi har fått eit reduksjonistisk syn både på skapinga, på røyndomen og på vårt eige liv.
Det finst kjerubar, serafar, livsvesen, troner, makter, herredøme, erkenglar, englar som tener Gud i hans skaperverk og hans verdsstyre, ja, i livet til kyrkja og den eisnkilde truande(Hebr 1,7). Alle Guds born har ein engel som «alltid ser Faderens åsyn», seier Jesus (Matt 18,10). Englane – Guds sendebod – er overalt med i Bibelen; dei lovsyng og tilbed (Jes 6), dei kjempar med Jakob (1 Mos 32,24ff), dei går føre Israel og strir for det ( 2. Mos 14,19), dei prisar Gud over Betlehemsmarkene, (Luk 2,8ff) dei syner seg for menneske slik dei gjer det for Manoah og kona hans (Dom 13,2ff), Sakarja, Josef og Maria (Luk 1 og 2; Matt 1); dei styrkjer Jesus i Getsemane (Luk 22,43), dei velter steinen frå og helsar dei som kjem til den tome grava på påskedag (Matt 28,1ff), dei frir apostlane ut av fengslet (Apgj 5,19)osv…
Erkengelen Mikael er sigerherren over demonane og deira fyrste ( Jud v 9; Op 12,7,ff; Sak 3,2) Noko som minner oss om at det også finst vonde åndsmakter og englemakter; englar som har falle frå sin Skapar (Efes 6,10ff;). Mikael (mi-ka-el) tyder «Kven er som Gud?» Det er eit namn fullt av fred og trøyst. Vi har all grunn til å takke Gud for englane og bed om deira vern og om at dei må gripe inn forat Guds rike og alt godt skal vinne fram.
Så ta fram att biletet av engelen over barnesenga dersom du har fjerna det- eg har ein liten ikon av den hl Mikael som har fylgt meg i tretti år – og ta det fram i trua di og i livet ditt.
Siste kommentarar