Pinsehelga var varm og vakker. Etter høgmessa pinsedag, tok eg toget til Tangen, ved Mjøsa – og gjekk den gamle pilgrimsvegen fram til Stange kyrkje. Tidlegare har eg gått ei lei i same retning, langs sjølve Mjøs-kysten. No tok eg den merka leia over åsane austanfor. Forbi eitt og anna småbruk; tidlegare husmannsplassar inni skogen, attanfor dei opne bygdene og storgardane.
Eg fekk gå for meg sjølv, ein lang landeveg, litt i skuggen av granskogen. Berre gå, tenkje, be. Ein dag åleine.
Så opnar den breie Stange-bygda seg. Vakre gardar med korte, gamle namn: Rå nordre, Rå søndre,Store Re… Namn som viser at her har det vore folk og drift frå arilds tid. Namn frå Snorres soger. Og bylgjande enger og åkrar, med svart jord, pløgd opp og harva, kraftige felt mot dei ljosgrøne, vide slettene med bryddande korn. Ned mot Mjøsa som glitra sørover og nordover. Av og til eit kast av sval bris. Lurer meg til ein rast under eit stort tre i eit tun ut mot vegen.
På lang avstand ser eg det slanke spiret på Stange kyrkje. Eit heilagt merkje i landskapet. Eg gjeng heilt fram – og møter Kjell Nyhus, ein studiekamerat frå MF-tida, no fengselsprest i Hamar. Eg bur hos han og Anne, kona, til dagen etter og er med på gudstenesta i fengslet, 2. pinsedag. Kjell har teke til med å arrangere turar for nokre av dei innsette, til Fokstugu på Dovrefjell der vertskapet har opna garden som eit pilgrimssenter, med gjesterom og kapell. Dugnadsarbeid, fjellturar, samtalar og samlingar i kapellet. Det gjer noko med dei som er med.
Vi er alle menneske – som treng Guds nåde, i skaparverket, i stilla, i Ordet, i fellesskapen. På vegen.
Siste kommentarar