Arkiv for november 2010

30
Nov
10

homiletica: 1. sund i advent, st dominikus krk, matt 24,37-44

Kjære brør og systre!

Advent handlar om Jesus Kristi gjenkomst; adventus domini, Herrens parusi, hans tilsynekomst. Han kom og tok på seg ein tenars skapnad; vart som ein slave, lydig til døden, døden på ein kross. Han skal kome igjen. Amen. Han skal då kome i sin herlegdom, i si kraft, si allmakt, sitt kongelege velde; då skal alle kne bøye seg for han – i himlen, alle englane; på jorda, alle menneske; i djupet, alle demonane og maktene. Og alle skal sanne: Jesus Kristus er Herren, til Gud, Faderens ære. For ein dag det blir! Den dagen kjem; det er sikrare enn alt, jamvel sikrare enn døden, som vi elles reknar for det sikraste av alt; for Messias kjem att midt i livet, midt i den daglege donten: Som vi høyrde:

To menn kan være ute på marken og den ene blir tatt med, mens den andre står igjen; to kvinner kan være i ferd med å male korn, og den ene blir tatt med, mens den ene står tilbake. Så våk da!

Slik skal det vere i ”Menneskesønnens dager”. Det er slik Jesus omtalar dei siste dagane for verda, dei siste dagane av tida, av historia. Han kalllar seg Menneskesonen – som nettopp er ein gamal jødisk tittel på ein himmelsk figur som opptrer i endetida, det er ein messiastittel, som nettopp står for hans guddom, slik vi les hos profeten Daniel:

Så såg eg i nattsynene mine: Sjå, med himmelens skyer kom det ein som var lik ein menneskeson. Han gjekk bort til den gamle av dagar og vart ført fram for han. Han fekk herredøme, ære og rike…Hans velde er eit evig velde, det skal ikkje forgå; hans rike skal aldri gå til grunne (Dan 7,13ff).

Brør og systre!  Mange kristne, ikkje minst i dei etablerte, gamle kristne landa i Vesten, har eit noskå svett og forlegent forholdt til dette, til bodskapen om Kristi kome i glans, til at denne verda, dette sæculum, skal ta slutt, at Guds rike skal bryte inn. Kanskje fordi vi er blitt så altfor bundne til denne verda? Kan vi få det betre enn her? I den gamle liberalteologien vart alt guddomleg med Jesus plukka bort; alt som blei igjen, var noko som likna mest på ein velfrisert, tysk, religiøs humanist. Seinare oppdaga den nytestamentelege forskinga at Jesus framstod i si samtid som ein apokalyptisk profet, ein endetidsprofet; ein som forkynte ei ny verd og samla seg eit folk – eit folk av alle som trudde på han og som ville fylgje etter han. 

Det var denne trua som gav martyrane mod til å vitne om han heilt inn i døden og vedkjennerane mod til å vedkjenne.  Det er denne trua som kling gjennom heile den evkaristiske liturgien; Din død forkynner vi Herre, og din oppstandelse lovpriser vi, inntil  du kommer! (akklamasjonen etter innstiftingsorda). Det er denne trua som gjer at nokon lar sitt liv bli teikn på det riket som skal kome, der ein ikkje lenger skal ’ta til ekte eller gi til ekte, kjøpe eller selje’. Difor går dei bort og sel alt dei eig og gjev det til dei fattige. Anten det er sølibatet eller den evangeliske fatigdomen – det skal vere teikn på ei anna verd, på ein annan målestokk.

Mange vil hevde at å vente på det komande Guds rike, tek bort engasjemenet og omsorgen for denne verda og for samfunnet her. Eg trur det er omvendt. Berre den kan endre verda som er fri, som ikkje sit fast i henne opp til øyrene, berre den kan endre verda som har eit fast punkt, eit fast punkt utanfor alt som kjem og går, oppstår og forgår.

 

Brør og systre! Det er på tide å klare synet. Alt eg balar med, alt eg kjempar med det kjem på plass når eg ser at eg skal gå i møte med min Gud! Bu deg, Israel”, seier profeten Amos, bu deg til å møta din Gud”, (4,12). Når eg skjønar det, er det mykje eg kan greie meg utan, mykje eg kan halde ut, mykje eg må ordne opp i. Ikkje seinare, men no. Kristendomen er ikkje eit livssyn, kyrkja er ikkje ei  dennesidig klubb – vi trur på han som skal kome med nye himlar og en ny jord. Han som alt no møter menneske, i dag som då orda i evangeliet lydde den fyrste gongen; eit ord forkynt i hast, til å bli motteke i hast. Liksom Israel skulle ete påskemåltidet i hast, med ombunde lender. Når Gud talar, når Gud handlar, må du vite kva du vil, må du har tenkt over livet ditt.

Han seier: Eg kjem snart! og kyrkja svarar som alltid: Maran atha! Kom, Herre, Jesus! Mange ventar deg ikkje, alt går som før, seier dei. Men vi veit at du kjem, at du skal kome til syne; vi ventar deg! Kom, ja

kom, konge, konge, kom i morgenglans/og gjør en ende bratt/på jordens mørke// Tenn den dag/som aldri mer blir natt!

30
Nov
10

officium: den hl andreas, apostel (laudes)

«Andreas sa til Simon, bror sin: «Vi har funne Messias!» Og han førte han til Jesus» (3. antifon)

Denne vakre teksten song vi i tidebøna i dag tidleg,som innleiing til Salme 149.  Den hl Andreas blir i den ortodokse tradisjonen kalla «den fyrst kalla». Han er ur-disippelen, ur-apostelen.  Han syner oss essensen i apostolatet: Å ha funne Messias. Og å føre menneske til han, til Jesus. 

Sjølv heiter eg frå min katolske konfirmasjon og inn i klosterlivet bror Arnfinn Andreas. Andreas – eit vanleg namn i slekta mi på Haram. Noko av dominikanarkallet ser eg her. Livet mitt har handla om dette, også før eg gjekk inn i ordenen.  

Å finne han som fann oss fyrst. Å ta andre med. 

 

 

30
Nov
10

officium: måndag, 1. vike i advent, jes 1,21-2,5 (matutin)

«Eg vil venda mi hand mot deg, reinsa ut ditt slagg som med lut og skilja ut alt ditt bly» (1, 25)

 I løpet av livet samlar vi slagg inni oss, i sjølve grunnstoffet i personen. «Sølvet ditt har vorte slagg, vinen din blir blanda med vatn», seier Jesaja om Israels-folket..

Slagg og bly tyngjer oss og hemmar oss. Det merkast når Guds hand tek fatt i oss for å skilje det ekte frå det uekte.  Gråt om du må, men slepp ikkje taket. 

Det er advent. Tid for skriftemål. Der arbeider Gud.

27
Nov
10

nota bene: lex gelius

Gelius er gått av. Og støttespelarane hans har laga ei virtuell Facebook-kyrkje; ei «kyrkje» som skal ta vare på «den opne og inkluderande folkekyrkja» som Gelius meiner han har ofra seg for. Stadig apellerer han til politikarar og media om å passe seg for den fæle Kvarme og  hans hær slik at at ikkje stats- og folkekyrkja blir øydelagd av dei konservative. 

Gelius-stunta er spektakulære og ekstreme, men noko av motivasjonen har ein lenge lagt opp til på eit langt breiare plan i dei kyrkjelege miljøa. Det gjeld om å få folk til kyrkjehuset, ikkje fyrst og fremst gjennom den vanlege høgmessa med grundig forkynning av Ordet og feiring av den hl Nattverden, men gjennom spesialinvitasjonar, kultur- og underhaldingsprogram. I beste fall.  Mange kjem kanskje, men kjem dei tilbake til kyrkja sitt ordinære, berande liv? Korleis er kyrkjesøkjinga på ein vanleg sundag? 

Mange syns også det er gjevt når kyrkja sine folk bekreftar det menneske trur, tenkjer og gjer, uansett kor langt borte det er frå kyrkja si overleverte tru.  Prestar som ivrar for dette, blir populære  og rekna som folkelege og livsnære, Men igjen: Kvar er alle som applauderer når kyrkja forkynner og feirar det ho er forplikta til? Det ser ut som ein treng kyrkja til å velsigne og bekrefte det ein står for. Og kyrkja på si side får bekrefting tilbake; sårt etterlengta når ho ser at det elles skrantar med oppslutninga.

Mykje av dette er det eg vil kalle «tomme kaloriar». Kyrkja veks ikkje verkeleg av slik oppslutning. Det gjer ho berre av at menneske vedkjenner hennar tru på ein forpliktande måte, tek på seg det kristne livskallet og feirar Ordet, sakramenta og liturgien som eit møte med Jesus Kristus. 

Tida bør vere ute då folk må ha kyrkja i ryggen, kva val dei enn gjer. Og kyrkja bør ikkje vere så sjølhøgtidleg at ho prøver å oppretthalde denne utdaterte landsmoderrolla. Uansett er det berre skinet att av det.  I  dag bør alle partar kunne stå på eigne bein og respektere at kyrkje og folk kan gjere ulike val.

26
Nov
10

officium: fredag, 34. vike i det allmenne året, 2 pet 3 (matutin)

«Men vi ser fam til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur» (v 13)

Peter har åtavara og oppmuntra dei truande, eit alvorleg perspektiv er opna opp; historia og verda går mot ein ende, den siste, store krisa, den universelle domen når Herren kjem att. 

Men over desse mørke skyene ser han sola stå opp og ljoset stråle fram. Målet er ikkje undergang og kaos, men ei ny verd og ein ny verdsorden; «ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur». Himmel og jord – det er det bibelske omgrepet for kosmos, for universet. Rettferd – det er summen av alt godt, rett og sant; Gudsfreden som til sist skal omfatte alt. 

Vi må gjennom krisene. Men krisene er ikkje det siste. Korkje i verdshistoria eller i vår personlege historie.

25
Nov
10

officium: torsdag, 34. vike i det allmenne året, 2 pet 2,9-22

«Dei lovar fridom…» (v 19)

Peters oppgjer med dei dårlege profetane røpar eit problem som tidleg møtte kyrkja. Fridomen frå deler av Moselova vart lett oppfatta som etisk og moralsk frislepp. Dersom det er nåden og trua som gjeld, kan vi gjere som vi vil. 

Denne misstydinga har fylgt kyrkja som ein skugge. Også i samfunnet elles er spørsmålet om fridom  blitt lausrive frå forplikting og ansvar. Billege lovnader om fridom må ofte betalast dyrt av dei som prøver seg på det.

Vi er frie.  Til å gjere det som er rett. 

 

 

24
Nov
10

officium: onsdag, 34. vike i det allmenne året, 2 pet 1,12-21

(obs: tekstane/meditasjonane for måndag /tysdag er ombytte, ved ei feiltaking…) 

«Dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar» (v 19).

Profetordet – orda i Skrifta og forkynniga og undervisinga til apostlane, ja, djupast sett han som er Ordet, Jesus Kristus – morgonstjerna, det er han, han er ljoset som skin i mørkret. Verda sveiper mørkre kring seg, vil løyne seg for Gud og hans ljos. Heilt inn i menneskehjarta trengjer mørkret seg. 

Der skin stjerna når Ordet lyder, når Herren talar, når Kristus vert motteken. Livet får konturar, vi ser oss sjølve og verda, vi ser historia, vi ser opphavet og enden, vi ser meininga, vi ser vegen. Vi «orienterer» oss; vi let Oriens, austerstjerna, gjeve oss retning.

Ex umbris et imaginibus in veritatem /frå skuggar og førstellingar til Sanninga (Newman). Det er det kristne livet.





23
Nov
10

officium: tysdag, 34.vike i det allmenne året, 2 pet 2,1-9 (matutin)

«Sameleis skal det stå fram vanglærarar mellom » (v 1)

Dei falske profetane leidde folket vilt både i lære og liv; slik var det i Israel, slik er det i kyrkja, seier den hl Peter. I Bibelen er lære og liv ein einskap; læra siktar på livet, sanninga er praktisk og handlar om praksis. Herren lærer oss «å halde», å observere, å overhalde, det han har bode oss (Matt 28, 18-20); apostelen Paulus er ein «lærar for folkeslaga» og seier at han «i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru» (Rom 1,5).

Menneske kan falle i synd, men fatalt blir det når vi hevdar at det som er galt, er rett. Det er dette Peter siktar til, anten det gjeld «havesjuke» (v 3), å vere overfokusert på pengar og eigedom, for å seie det meir rett fram – eller «sanseleg lyst» (v 10), drifter utan grense. 

I det antikke samfunnet var det ikkje gjort på éin dag å leggje om til nøktern, kristen livsferd. Det fanst mange «kultar»,  mykje «spiritualitet» og mange kombinasjonar. 

Den jødisk-kristne trua sette livsførsla og etikken i sentrum. Det står ved lag.

22
Nov
10

oficium: måndag, 34. vike i det allmenne året, 2 peters brev 1,1-11 (matutin)

«Difor, brør, må de setja endå meir inn på å gjera dykkar kall og utveljing fast» (V 10)

Det er Gud som kallar og Gud som vèl ut.  Men straks er vi medansvarlege. Fordi vi er menneske, skapte i Guds bilete. Vi kan dra oss unna eller vi kan fylgje røysta. Vi kan ta dei stega han syner oss; eitt om gongen, om nødvendig. Her er det retninga som tèl.

Livet går seg til i samsvar med grunnretninga i livet ditt.  Sjekk den. 

 

22
Nov
10

Forfattarkulten

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, laurdag 20/11-10…

Det lyser mot deg frå bokhandelhyllene og utstillingsvindauga, frå storannonser i avisene, frå avissider og magasin: Namn og bilete av norske skjønnlitterære forfattarar og biografiskribentar. Dei figurerer hyppig i tidsskriftartiklar og i bokmagasina i dags- og vikeavisene. Dei blir eksponerte på dei stadig meir talrike kultur- og litteraturfestivalane med diskusjonar på oppløpsida og i etterkant.  Dei held det gåande. Julelitteratur og påskelitteratur, sommarlektyre og haustlege bokslepp. Det er alltid sesong for desse folka.

Er dei verkeleg så viktige? Kva med mange andre grupper av kulturabeidarar og kunstnarar? Tenk på ein utøvande musikar i eit filharmonisk orkester eller i eit anna ensemble; sannsynlegvis like gåverik, hardtarbeidande og innlevande som forfattaren, men han eller ho forblir ein anonym bratsjist eller kva det kan vere. På tide å verdsetje og fokusere denne livsinnsatsen også, meiner eg. La oss få vite mer om dei og om den allmenne vurderinga og verdsetjinga av det dei gjer. Nyleg prata eg med ein nyutdanna, ung pianist med laurdagsjobb i ei musikkforretning. Ikkje lett å få økononomisk eller moralsk støtte til å halde konsertar og organisere turnear, kunne han fortelje. Eller folka eg møtte på Dansens Hus i Oslo, i samband med ein liten debatt etter ei framsyning av moderne dans med etiske og religiøs tematikk. Dansarane var unge og etter mi vurdering svært dugande, med intens kroppsleg og sjeleleg uttrykksevne. Korkje dei eller institusjonen dei opptrådde i, Dansens Hus, synest å vere særleg omtala i den offentlege kultursfæren.

Interessant ville det også vere å vite meir om den nye given på teaterfronten. Der kan ein melde om stor tilgang på talentfulle unge mennneske, både innan skodespel, regi og scenografi. Men ein kan òg melde om mangel på arbeidsplassar – og på synleggjering i samfunnet. Og kva med biletkunstarane? Dei er også mykje meir bortgøymde enn dei som skriv bøker. Kven er målarane og skulptørane? Korleis tenkjer dei? Kva vil dei formidle?

Vi kan spørje: Har denne oppkøyringa av forfattarfaget noko å gjere med at journalistane sjølve er litterært orienterte og ein smule wannabe-forfattarar? Skribentar skriv gjerne og mykje om skribentar. Kommersialiseringa av litteraturen og av forlagshusa spelar nok også ei rolle. Nyleg var eg innom foyeren på eit av dei store forlaga i Oslo sentrum – det var skikkeleg butikk; bøker og kos, litteratur som fast food.

Andre kunstarter enn litteraturen bør kome til med si tolking av kulturen og menneskelivet. Det skulle undre meg om dei ikkje har andre innsikter og andre vinklingar enn det som går igjen i bokbransjen. Med nokre unntak synest forfattarane å ha forbausande like meiningar i samfunns- og livssynsspørsmål; stort sett innanfor den norske konsensusen og med lite positiv utforsking av andre tematikkar, som metafysikk og spiritualitet. Når det er på tale, er det som regel trygt innanfor ein reservert og kritisk sjanger.  Samtalar med folk i andre profesjonar, let meg ane ei modigare og meir nysgjerrig innstilling.

For alle kunstnarar kan det vere lett å finne si form, gjerne på eit bra nivå, og så bli verande der. Kunst og litteratur som merkevarebyggjing. Kundane står klare, dei veit kva dei får. Meir Nesbø, meir Saabye Christensen, meir Kolloen, meir Knausgård for den del. Meir av det same. No ventar eg på andre uttrykk og andre røyster. Nettopp slike som ikkje meddeler seg verbalt mellom to permar. Dei må intervjuast, omtalast, inviterast, utfordrast.  Eg ynskjer meg ein presentasjon av ein fersk regissør eller registudent, eg kunne tenkje meg å høyre meir om korleis ein fiolinist eller organist opplever livet og ser på samfunnet og sin eigen funksjon der. Sannsynlegvis ville vi bli vitne til høg teknisk dugleik – og litt filosofisk underskot, men med ei open og spørjande haldning.

 

I alle fall: Gje meg ein forfattarpause. Please.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

22
Nov
10

officium: fredag, 33.vike i det allmenne året, sak

«Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge…» (12,9)

Den gjennomstungne Messias, den forkasta Messias.  Eit teikn til fortviling og eit teikn til von. Fortviling – når vi i han kjenner at den Gud som har kalla på oss og som vi har vist bort frå oss. På den siste dagen skal dette gå som eit styng gjennom alle; når «kvart kne skal bøy seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda, og kvar tunge sanna: Jesus Kristus er Here, til Gud Faders ære!» (Fil 2, 10 jfr. Joh Op 1,7) .

Men no kan vi sjå opp til han med von, dersom vi seier som forbrytaren like ved: » Jesus, kom meg i hug når du kjem i ditt rike!»(Luk 23,42).

Med alle vår sår kan vi gå til han som verkeleg er Den gjennomstungne.

21
Nov
10

officium: torsdag, 33. vike i det allmenne året, sak 11,4-12,8 (matutin)

«Dei som snåvar, skal vera som David den dagen, og Davids hus skal vera som Gud, som Herrens engel framføre dei» (v8)

For eit ord! Profeten har sett  ei lysande sanning og sender henne som eit sveip av sol inn i mørkret.

Når Gud har sett seg føre å bane veg for oss, gi oss eit lyft så det merkast, fordi han ser at no treng vi ein full horisont av fred og glede – då går det unna. Då snåvar  du utan å falle, då er du som Gud, då går hans engel fyrst i livet dit..

18
Nov
10

officium; onsdag, 33. vike i det allmenne året, sak 10,1-11,3 (matutin)

«Ja, det skal gå dei som om eg aldri hadde støytt dei bort, for eg er Herren, deira Gud, og eg vil høyra deira bøner» (10, 6)

Når orda om nåde når oss, er det som mjuke vengeslag; berre å ta i mot, berre å la seg lyfte opp, berre å la seg bere.  Få ting lengtar menneske meir etter enn at fatale hendingar i livet aldri skulle hendt og vonde handlinga ugjorde.  Gud kan. Han omskaper livet vårt med orda: «som om aldri».  

Få ynskje har mennesket sterkare enn dette: å vite seg høyrd av Gud. «Og eg vil høyre deira bøner» , seier han. Utan atterhald. Dei store dørene opnar seg. Berre gå inn.

17
Nov
10

officium: tysdag, 33. vike i det allmenne året, sakarja 9 (matutin)

«Eg spenner Juda som ein boge og legg Efraim på som pil» (v 13)

Kor ofte oppfattar vi ikkje livet vårt som truande som tungt og alvorsfylt; ein hard jobb, ein bratt motbakke. Vi står på, men kjenner oss på defensiven. Trauste – og triste. 

Heller skal vi sjå oss som ein spent boge og ei pil på bogestrengen. Slik ser Gud på folket sitt og tenarane sine. Spenst, fart, brodd. Lett og råkande flyg pila avgarde. 

Gud  legg deg på bogestrengen i dag. Er du klar?

13
Nov
10

officium: laurdag, 32. vike i det allmenne året, dan 12 (matutin)

«Dei vituge skal skjøna» (v 10)

Gud er ikkje demonstrativ. Han løyner seg også når han openberrar seg; berre den som er open og som søkjer han, tek i mot hans tale. Det er eit spørsmål om innstilling.  

Verda og historia er Guds bok, som han skriv heilt til han set strek. Mange ignorerer det. Dei vituge skal skjøna det.

 

13
Nov
10

officium: fredag, 32. vike i det allmenne året, dan 10 (matutin)

«…reis deg opp att» (v 11)

Guds engel synte seg for Daniel og mennene hans. Redsle og maktløyse overvelda dei. Sanninga om Gud og om oss sjølve kan overvelde oss og slå oss ut. Alle våre solide forsvarsverk blir knuste. Vi går overende.

Gud stansar oss ikkje for å døme oss, men for å gje oss ein ny start og for å stadfeste og utdjupe kallet vårt. Ikkje bli liggjande når du kjenner deg utslått både av Gud og menneske. Reis deg opp att. 

Gud har tala til deg.

11
Nov
10

carpe diem: heimom…

… ein tur; har halde foredrag på den årlege kulturkvelden, arrangert av Stranda Sogelag (lokalhistorisk lag), i går kveld. Full sal i det store, moderne kulturhuset. Kom i går morgon, retur frå Vigra flyplass i kveld. Strålande sol, og kaldt her; snø på Stranda, skinande sunnmørsalpar! Eit lyft..

11
Nov
10

officium: torsdag, 32. vike i det allmenne året, Dan 9 (matutin)

«..for du er elska av Gud» (v 23)

Daniel var som David, ein mann etter Guds hjarte. Rikt utrusta, trufast og open mot Gud og menneske. Truskapen mot Israels Gud og det heilage folket var djupt innprenta i han. Den audmjuke bøna om tilgjeving og nåde for seg sjølv og heile folket låg som ein grunntone i livet hans og orda hans. Difor kunne Gud bruke han, difor var han elska av Gud.

Det gjeld oss alle når vi ikkje slepp  Guds hand: «Du er elska av Gud!»  Treng vi då å vite meir?

10
Nov
10

officium: onsdag, 32. vike i det allmenne året, Daniel 5 (matutin)

«Dette er det som var skrive: mene, mene, tekel ufarsin. Og såleis skal orda tydast:… Vegen er du på vekta og funnen for lett» (v 25-26)

Skrifta på veggen til kong Belsasar; tydd av den vise Daniel. All anna skrift må vike når Gud skriv. Alt vi skryt av, alt vi talar lett om, alt som ikkje har sanninga i seg. Det er sanninga som gjev vekt til orda våre og til heile vår personlegdom. 

Gå til skriftemålet. Sei det som det er. Som du er. Skriv på Guds vegg – før han skriv på din.

05
Nov
10

officium: fredag, 31. vike i det allmenne året, 2 makk 12,32-45 (matutin)

«Difor let han bera fram syndoffer for dei døde, for at dei kunne verta forløyste frå synda» (v 46)

Judas Makkabeus oppdaga at nokre av dei falne mennene hans hadde gøymt små avgudsbilete under kappene sine. For å sone for dei, syrgde han for at det vart frambore syndoffer for dei i templet. Fordi han «tenkte på oppstoda»  (v 43) og trudde på livet etter døden.

Kyrkja held fast på denne trua og fylgjer dei avsovna med sine bøner. Bøna om Guds nåde og miskunn kjenner ingen grenser.




kategoriar