Kompaktmanus:
Takk for invitasjon. Eg sympatiserer med LO-tilknyting for prestar og teologar, faktisk, i ei tid der borgarleggjeringa – for ikkje å seie småborgarleggjeringa –av kyrkjene er sjenerande…
Kloke ord om sjelesorg i etterkant av 22. juli, blir ikkje mi vinkling. Eg meiner at 22. juli i høg grad aktualiserer ekklesiologiske spørsmål – fordi det har med relasjonen mellom folk og kyrkje, mellom stat og kyrkje å gjere. Korleis kyrkja forstår si eiga rolle, heng nøye saman med korleis ho forstår seg sjølv. Utan ein ekklesiologisk refleksjon, kan ein kome til å manøvrere litt i blinde. Farvatnet ser så ope og innbydande ut, men vi treng eit skikkeleg kart for ikkje å gå på skjer og grunnar under den rørande overflata.
Så difor blir mitt tema: ”Folkekyrkja etter 22. juli. Eit ekklesiologisk perspektiv”.
Fyrst ein ekklesiologiske markør; eit par memento når det gjeld kyrkje og nasjonale kriser.
1.Ver nøkterne i krisetider – eller: pass opp for tomme kaloriar!
Risikabelt for kyrkjene å innkassere stor oppslutning i krisetider. Eg meiner ikkje at oppslutninga er fake, ikkje er reell, eller til og med positiv. Men eg tilrår ei nøktern innstilling, velovervegde slutningar og grep.
Døme:
-Aust-Tyskland. Det blei ingen brei religiøs/kyrkjeleg renessanse, etter murens fall sjøl om kyrkjene var viktige fristader under omveltingane. Aust-Tyskland forblir det kanskje mest sekulariserte landet i verda (etter Noreg, hadde eg så nær sagt, skjønt på ein annan måte).
-Polen. Kyrkja har enda overveldande oppslutning, får vi seie, men langt nær slik ein hadde tenk seg etter Solidaritets siger og kommunismens fall. Situasjonen er svært motsetningsfull, på mange måtar. Nasjonalisme, kapitalisme, katolisisme – ikkje enkle konstellasjonar..
-Noreg under og etter 2. verdskrig. Stor oppslutning om kyrkja, nytt kyrkjeleg sjølvmedvit. Men: etter krigen; brått slutt. Både på oppslutning og på kyrkjeleg sjølvmedvit/frigjering. Berggrav var djupt desillusjonert, og den aarflotske versjon av reformrørsla vart noko ganske anna ein det ein hadde tenkt seg (både i den opphavlege reformrøsla og i Kirkens Grunn-prega tenkjing under krigen).
Kort sagt: Ei ny, folkeleg oppslutning om kyrkja må for det fyrste takast for det det er: nokså vag religiøsitet. Dei mest positive vil seie: med eit potensiale. Gjerne det, seier eg. Det potenseielle må aktualiserast. Potens må bli akt. Men då må oppslutninga fylgjast opp med substansiell katekese og innføring i kyrkja sine basale livsformer, i teologi, liturgi og kristen spiritualitet. Å sjå på eit slikt anliggande som ringeakt for for folkets spontane religiøsitet, er forhasta.
Mange av dei som tende ljos, og mange av fortolkarane, ville tone ned det eigentleg religiøse, og: å kaste seg i armane på ljospopulismen, utan ein planmessig teologisk kvalifisering av det som rørte seg hos folk, blir fårleg anti-intellektuelt og avteologiserande. Eg minner om at denne foreninga kallar seg ’TeoLOgene’. Altså: Både kyrkja-institusjonelt forstått – og folket må våge den teologiske jobben som no ventar. Fromme klisjéar er ikkje nok.
Ein institusjon som er altfor rask til å innkassere alle summar på kontoen, og ta all umiddelbar oppslutning, uansett premissar, til inntekt for seg, ber i seg ei djup, indre uvisse. Når firmaet går dårleg, har kunden alltid rett og prisane er alltid låge… Med integritet og sjølvtryggleik, våger ein å behalde ein kurs. Navigare necesse est, non vivere! for å seie det med antikken.
Eg ser så behovet for ei meir omfattande
2.Ekklesiologisk fokusering.
Sett frå katolsk hald, er det klårt at kyrkja ikkje kan la seg definere berre som bekreftar av generell religiøsitet eller nesten-religisøitet.. Kyrkja er ikkje ein institusjon for betene folk; behovet for høgtid for ritual eller kva det kan vere. Alt dette – generell religiøsitet, ritual og høgtidsbehov – har sin plass, men i ein større økonomi, ei større samanheng, i ein bestemt samanheng for å vere meir presis ekklesiologisk: Nemleg som ein del av kyrkja sitt liv som trusmessig, liturgisk, sakramental og diakonal fellesskap. Kyrkja er ikkje primært ein institusjon vis -avis folket, eit slags overbygning over folkelivet, samfunnet eller kulturen. Kyrkja er ein fellesskap, eit folk. Guds folk. Felleskapen kring Kristus. Dei som er ’kalla saman’, for ikkje å seie ’kalla ut’ (som Israel frå Egypt), ho er ja, nettopp: ekklesìa! [av det greske «ek-kaléo«, kalle ut].
Kyrkja er ikkje berre dei døypte, men dei døypte som vedkjenner trua, fordi dåp og trusvedkjenning høyrer saman, og som er samla kring feiringa av evkaristien/messa/nattverden. I det minste døypte som er dregne inn i ein dynamikk fram mot vedkjenning av trua, fram mot altaret. Kyrkja etter 22. juli må våge å seie dette. Tale eksplisitt om trua og om nattverdfeiringa. Vettugt, pedagogisk, sjelesygerisk – men dermed også teologisk, med kateketisk og forkynnande vilje.
Dåpen er eit initiasjonssakrament, ikkje berre ei individuell eller isolert akt. Dåpen – og for katolikkar og ortodokse også konfirmasjonen eller krismeringa – innlemmer i den nattverdfeirande kyrkja, og forvaltinga av dåpen må synleggjere og drive fram denne intensjonen. Eit av dei store ekklesiologiske jordskjelva kjem difor når dei døypte normalt sett ikkje lenger er kommunikantar – noko som kom med den johnsonske vekkjinga for den norske statskyrkja sitt vedkomande. Dåpen blir ein eisam planet, riven ut av sitt solsystem, borte frå si sol, Kristus, borte frå den fullstendige, sakramentale og kyrkjelege fellesskapen.
På denne torsoen har ein så konstruert ein dåpsteologi eller dåpsideologi som så å seie lever sitt eige liv. I dag kan det sjå ut som om rite de passage – elementet tek heilt over, dåpen som rein velsigningshandling, på skaparplanet. (framandt for oldkyrkjeleg teologi og dei klassiske dåpsliturgiane)..
Ein ekklesiologi sentrert rundt feiringa av Ordet og Nattverden, er også den lutherske, må eg få lov å minne om. CA: ”Kyrkja er forsamlinga [ekklesia] av dei truande der Evangeliet vert rett forkynt og sakramenta rett utdelte”. Ikkje berre som eit abstrakt prinsipp, men som eit sosiologisk fenomen, ein kollektiv praksis: Rett og slett feiringa av den fullstendige messa. Dette er det normale livet for ein kyrkjekristen, dette blir han eller ho døypt til, dette er kyrkja.
Dette er også underteksten i Den vesle katekisma – som kateketisk instruerer ’vanlege kristne’ om korleis dei skal leve i denne kyrkjelege røyndomen; etisk, trusmessig, sakramentalt og liturgisk. Det er dette som er folkeleg kristendom, slik Luther ser det – i fullt samsvar med allmenkyrkjeleg/katolsk tradisjon.
Eg vil rå til og ynskje at ein gjenoppdagar og anvender berekrafta i denne visjonen, og dermed den folkelege berekrafta i kyrkja sitt sakramentale og liturgiske liv. Ofte er nyare liturgireformar prega av halvgod middelklassepoetikk; pen, mjuk og passe borgarleg.
I sin spiritualitet og i si livstolking bør kyrkja i dag bli meir nøktern, mindre overstrøymande, mindre overkompenserande i sin lengsel etter å inkludere alle, enten dei vil eller ikkje – noko responsen på det siste kyrkjevalet viser. Vi treng ei meir sakleg, mindre paternaliserande instilling. Kyrkja skal vere open for alle – men også respektere folks val. ”Drep meg, herre konge”, heiter det i soga, ”men ikkje med graut”. Også nåden har sin økonomi, sin veg, sine etappar..
Altså: Kyrkja bør bli meir nøktern sjelesyrgerisk og i sin spiritualitet – men gjerne meir radikal i sitt sosiale, diakonale og poltiske engasjement. Eg støttar difor biskop Jørgensen i nord og biskop Pettersen i sør i deira utfordringar til oljebransjen og norsk resusrpolitikk. Meir av det. Her bør den katolske kyrkja kome meir på banen.
Summa: Vi kan møte framtida også etter 22. juli, best ved å forså kyrkja ikkje som eit nasjonalt/statleg terapeutisk nettverk, men som eit nettverk av levande, feirande og tilbedande forsamlingar, samla kring Han som er Den oppstadne! Det vil ha størst impact, både eksistensielt, sosialt og – ikkje å forgløyme! – i det evige perspektivet.
Siste kommentarar