20
Mai
12

homiletica: 7. sundag etter Påske, Harstad krk, Joh 3, 16-21

Kjære kristne!

Det er alltid ein risiko å høyre alt for kjende tekster; det verkar varmande og kjært, men så glepp det, fordi vi ikkje legg merke til innhaldet, det blir berre ein lyd. Ofte er det slik fordi vi misser samanhgengen det kjære ordet står i. I dagens evangelium er vi midt inne i ein teologisk læresamtale mellom Nikodemus og Jesus. Men Nikodemus kom ikkje berre for å diskutere teoretiske spørsmål; han ville finne ut av rabbi Jesu lære, han ville finne ut noko om vegen til Gud, til liv i Gud.

Og Jesus lærer han om den nye fødselen, om nyskapinga av mennesket gjennom Den heilage Ande, Skaparanden, Spiritus Creator, gjennom vatnet, gjennom dåpen, den nye fødselens sakrament.  Alt dette – at vi blir Faderens born gjennom Andens verk, det skjer ved trua på Sonen, på Jesus Messias. Ja, på den krossfeste Messias, den lidande Messias, sonaren. For, seier Jesus like før:

Liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv (v 14).

Det er det same han siktar til når han seier at Gud elska verda så høgt at han ”gav” Son sin, den einborne. Gav – det vil seie gav han som offer, som sonoffer for oss.

Det er denne bodskapen, denne frelsa, menneska er kalla til å ta stilling til gjennom forkynninga av evangeliet. Alle stader der dette Ordet lyder, blir menneske stilde på val. Å opne seg for det, å ta i mot det, kallar Jesus ”å kome til ljoset”, ”å fylgje sanninga”.

Menneske i dag har vondt for å tru at det finst noko forpliktande sanning; eg har mi og du har di. Eller at det finst noko ljos som er tydlegare enn andre; eg fylgjer mitt ljos og du fylgjer ditt. Vi har edå meir vondt for å tru at det skal ha så store konsekvensar som frelse og fortaping. Etter døden er det ikkje noko, tenkjer dei fleste, og viss det er noko, går det sikkert bra. Og: Skulle det vere så himla avgjerande kva eg trur om denne jødiske rabbien Jesus, eller kva eg trur i det heile? Religion og tru er ei privatsak; ingen kan stå og falle med det.

Kvifor tenkjer vi slik? For det fyrste fordi vi har redusert meininga av kva det vil seie å vere eit menneske. Vår kultur har vore boren oppe av eit menneskesyn som gjer mennesket til eit uendeleg ansvarleg vesen, eit fritt vesen, eit vesen som ber sin Skapars bilde, nesten som ein liten gud er menneske (Sal 8). Mennesket har ei evig bestemming og eit evig ansvar. Men korleis tenkjer fleire og fleire i dag? Jau, vi er biologiske maskinar, høgt utvikla dyr berre; det gjeld om å ha det bra i dette livet – og det var det. Det er klårt at då blir tru på Guds Son, frelse, fortaping og evig liv meiningslaus tale.

Men det har, for det andre, også å gjere med korleis vi ser på Gud og det å høyre Guds ord. Vi blir jo overkøyrde av alle slags tilbod, også når det gjeld livssyn og tusen gode måtar å leve livet på, åndleg og materielt. Den kristne bodskapen, Guds Ord, evangeliet, forkynninga av Jesus Kristus – det blir eit tilbod blant mange, eit livssynsalternativ blant mange.  Vi vel og vi vrakar, og når det gjeld kristendomen og kyrkja, vrakar vi det meir og meir.

Men: Å høyre Guds Ord, å bli møtt av Evangeliet, det er å bli tiltala av sin Skapar, sitt Opphav. Det er å stå andlet til andlet med Den allmektige. Kjære brør og systre: Ingen ting kan vere meir høgtidleg, meir forpliktande, meir skjebnesvangert enn å høyre sin Skapars ord; ingen ting meir drastisk enn å avvise det. Det burde vi alle ha meir respekt for, ikkje minst vi som talar det og tek vår Guds ord i vår munnn.

Kjære vener! Skaparen, Frelsaren og vår evige bestemming, vår evige framtid som vi ber i våre hender – det er det perspektivet folket vårt er i ferd med å gløyme. Tenk på den gamle klokkarbøna:

Herre, jeg er kommet inn i dette ditt hellige hus, for å høre hva du Gud Fader, min skaper, du Herre Jesus, min frelser, du Hellige Ånd, min trøster i liv og død, vil tale til meg”.

Der er inga fortaping, seier du. Korleis kan du vere så sikker?  Jesus seier altså noko anna. Nettopp i dag, i denne teksten, med den ”lille Bibel”, nettopp her viser han oss at det handlar om store ting. Inga fortaping ? -Igjen: korleis kan du vere så sikker? Så trygg?

Eg trur Jesus er på sporet når han seier at mennesket kvir seg for å kome til ljoset. Det er ikkje alltid dei intellektuelle problema som hindrar oss i å tru. Heller dette at å kome til Gud, er å kome til ljoset, til sanninga. Som vi høyrde:

Den som gjør det onde, hater lyset, og vil ikke komme til lyset for at hans gjerninger ikke skal bli avslørt. Men den som følger sannheten, kommer til lyset for at det skal bli klart at hans gjerninger er gjort i Gud.

Brør og systre: Jesus kallar oss til å kome fram, ut av våre innskrenkingar, ut av vår vantru, ut av våre unskyldningar og tildekningar. Han vil møte oss som han møtte Nikodemus. Nikodemus kom til Rabbien frå Nasaret – og blei ført langt lenger enn han hadde tenkt. Han møtte seg sjølv og sin Gud.

På dørstokken til Pinshelga er det nettopp det vi treng. I det vi bed:

Kom, Heilag Ande, Skaparmakt/reis opp det synd har øydelagt//og glede i kvart hjarta giv/som du har født til evig liv!


1 Tilbakemelding to “homiletica: 7. sundag etter Påske, Harstad krk, Joh 3, 16-21”


  1. 1 Solveig
    mai 21, 2012 ved 8:12 am

    Angåande det med fortaping: Dei fleste i det postreligiøse samfunnet ser vel på døden som fortaping i den direkte tydinga «tape seg sjølv», bli til ingenting. Og om det å vere i den tilstanden seier Hamsun: «En fange sitter på sin kjærre og kjører til skafottet, en spiker gnager ham i sætet, han flytter på sig og føler det mer behagelig.»


Kommenter innlegget


kategoriar