Arkiv for oktober 2011

31
Okt
11

officium: måndag, 31. vike i det allmenne året, 1 makkabearbok 1,1-25 (matutin)

«Kva og ein skulle oppgje sine eigne seder og skikkar»

Aleksander den store delte riket mellom sine fremste menn, og son av kong Antiokos, Antiokos Epifanes, slo seg opp til hellenistisk potentat. Den hellenistiske kulturen skulle innførast overalt i hans part av imperiet. Dei av jødane som ikkje bøygde seg, blei hardt forfylgde. Bort med omskjering, med matføreskriftene, inn med heidensk kultus i templet.

Mange isrealittar gav etter. Men nokre forblei trufaste mot pakta og mot Israels Gud.

Lat oss ikkje gløyme at einskapskulturane ofte har eit Janus-andlet.

29
Okt
11

officium: laurdag, 30. vike i det allmenne året, visdomen 11,20b-12,2.11b-19 (matutin)

» Heile universet gjer knapt utslag på di vekt, det er som ein drope av morgondogga når ho fell på jorda»

Guds ufattelege vesen. Vi er i ferd med å oppdage dimensjonane i universet; at det synest uendeleg, og at der er fleire univers… Og likevel som ein drope av morgondogga.

Kosmos, universet, er ikkje den aller yttarste røyndomen. Alt kviler i hans hand  som «elskar alt som er til». Ikkje det blinde, uendelege rommet, men kjærleiken ber verda.

28
Okt
11

torsdag, 30. vike i det allmenne året, visdomen 7,15-30 (matutin)

«Frå slekt til slekt tek han sin bustad hjå heilage menneske og gjer det til profetar og Guds vener»

Slik er Visdomen. Å tileigne seg Visdomen gjer oss til profetar og Guds vener. Eit liv som strålar ut noko godt og spennande. Venskap med Gud – vi kjenner korleis angsten og krampa vik, at vi er verdsette, at vi kan senke skuldrane og rette oss opp i vår fulle lengde, vere den vi er. Profetar – menneske med innsikt, skarpsyn, dømekraft, vågemot, taleevne.

Eit overskot å leve i.

26
Okt
11

carpe diem: oktobersnø

På toget frå Bergen til Oslo. Widerø flyselskap melde at flighten til Ørsta/Hovden var innstilt p g a tekniske problem. Det synte seg at flyet blei ståande på Hovden i går kveld, og kom seg ikkje på vengene sørover. Litt dårleg av Widerø å ikkje fixe eit alternativ (eller fixe flyet) i løpet av tolv timar.

Dermed må lanseringa av den nynorske bibelen greie seg utan meg. Det går nok bra – og eg får ein roleg arbeidsdag på toget. Vi kryssar Hardangervidda, og snøen har alt lagt sine fyrste lag her oppe. Haustfjellet kvitnar.

Oppdraget i Bergen er utført: Føredrag om Garborg under «Kulturuken»  (jfr Jan Erik Vold i  Bergen Vest. Eg er nok ein av dei få som går i rette med Garborg for hans tidstypiske kristendomskritikk. Norsk mentalitet er endå sterkt prega av dette.  Heller ikkje idéar og mentalitetar kjem som resultat av ei blind utviklling eller som noko uomgjengeleg. Heller ikkje brotet med kyrkja og hennar tru.  Det er noko som har vilja det. Garborg var ein av dei.

26
Okt
11

officium: onsdag, 30. vike i det allmenne året, visdomen 6,1-24 (matutin)

«Dess fleire vise, dess tryggare er verda»

Forfattaren av Visdoms-boka skriv om dei mektige i verda. Framfor alt skal dei søkje visdom og rett. Her er det snakk om den åndlege og moralske visdomen, om all sann kunnskap om verda og det gode.

Dessverre er det ofte ein annan visdom som rår i verda. Machiavellis politiske filosofi, med viljen til makt som det einaste realistiske, har for lengst slått gjennom.

Vi skal likevel ikkje gje opp kampen for at personleg integritet og vilje til å fremje det som er godt, er uoppgjeveleg i det politiske livet.  Det er viktigare enn nokon gong.

24
Okt
11

carpe diem: oktobersol II

Kl 1820 Snøggbåten til Bergen

Har nettopp stoppa i Krakhella, inst i Solund. Heile dagen har oktobersola stråla langs kysten, no etterkvart som kveldsol, som fager og smilande har sige ned i horsionten rett vest her. Vi har stoppa i Smørhamn (Bremanger), Florø og Askvoll, så langt. Super framkomstmåte dette. Fin var også bussturen frå Hareid via Ulsteinvik, Myrvåg, Leikong, Larsnes, ferje Årvik-Koparnes, vidare via Fiskå, Åheim og Maurstad til Måløy. Blank og stavstill sjø inn alle fjordar og ut alle sund og havblikk ytst ute. Turist langs eigen kyst på vanleg Fjord1 rute-basis. Dette kan eg.

Dei siste par timane inn til Bergen skal eg taste ned føredraget til i morgon kveld. Fjella kring leia her er mørkeblå no, med ei låg ljosrand bak.

24
Okt
11

officium: måndag, vike 30. i det allmenne året, Visdomens bok 1, 16-24 (matutin)

«Dei ugudelege kallar døden til seg ved det dei seier og gjer, dei går til grunne fordi dei reknar han som ein ven og sluttar pakt med han» .

Uhemma livsdyrking og livsnyting – vitalisme og hedonisme – har ein slags allianse med døden og dødslengten. Vi må tyne mest mogeleg ut av dette livet, for snart er det slutt. Og vi kan «la makta vere vår lov og rett» (v 2), for døden utslettar alt og noko ansvar og oppgjer deretter er det ikkje. Er du smart nok, kjem du i mål med skinnet intakt.

Verkeleg open for livet er den som kviler i tilliten til Skaparen og som veit at vi alle skal svare for han.

24
Okt
11

carpe diem: oktbersol

Kl 1130, Hareid

Her sit eg i sommarvarm oktobersol, med glitrande, haustblå fjord like nedfor meg. Dei store ferjene pendlar og glir fram og tilbake mellom Sulesund og Hareid. Med jamne mellomrom kjem snøggbåten, katamaranen, frå Ålesund spurtande forbi her. På dette store arkepelaget  av små og store øyar bunde saman med bruer -Hareid, Ulstein og Herøy – bur det 20 000 menneske. Søraustover er det tunnellsamband under Storfjorden mot Ørsta og Volda – som snart får kortare veg austover mot Strynefjellet via Kviventumnelen til Grodås  – og dermmed også nærare kontakt med indre, austre Sunnmøre, som Stranda og Sunnylven.  Dynamiske regionar, dette.

Føremiddagen har hatt kvilepuls, og snart blir det fin tur med buss til Måløy og snøggbåt ned langs vestlandskysten, til Bergen. Ypparleg modus for å lese, skrive og meditere litt. Pakke sekken og pusse tennene no…

23
Okt
11

nota bene: Bibel rett på sak

Fyrst publisert i Dag og Tid (kommentar), fredag 21/10-11, à propos den nye bibelomsetjinga…

Ny bibelomsetjing – det er både eit kulturelt og kyrkjeleg landemerke av dimensjonar. På mange måtar er det grunn til å helse den nye omsetjinga hjarteleg velkomen.

Ikkje minst fordi ein har gått bort frå det såkalla idiomatiske omsetjingsprinsippet som låg til grunn for den førre (1978), der ein la vinn på å omsetje heile meingssamanhengar heller enn ord for ord. Det var velmeint, men vel skulemeistaraktig. Det blir forståeleg, men i det lange løp veit ein ikkje lenger kva ein skal forstå. Det vil alltid trengast teologiske og filologiske fagfolk, eksegetar, forkynnarar og formidlarar, og lesaren sjølv har bruk for å fundere litt, og for noko å vekse seg inn i. Når ein no har vendt tilbake til ei meir ord-nær omsetjing, kjem vi nærare inn på stoffet.

Dette medfører også at teksten blir tøffare. Omsetjarane har ynskt å la både einskildord og forteljingar stå fram med mindre polstring og sminke. Dei har ynskt å gje oss ”ein meir usminka bibel”, seier dei sjølve. Det er  bra for alle partar. Dei bibelskeptiske slepp å kjenne seg lurte av kyrkja – og dei som i dag søkjer trua og vil snuse på dei heilage tekstene, er stort sett langt meir tiltrukne av ei tru med konturar og utfordringar enn av slapp, verbal og telogisk velling.

Bibel-lanseringa bør gje alle eit høve til å oppdage kor tett desse tekstene og forteljingane er innvevde i kulturen og samfunnet vårt; åndeleg, litterært, estetisk, etisk og sosialt. Bibelhistoria er menneska si historie, ja, vår personlege historie. Historia om opphav, meining, svik, fall, tilgjeving og oppreising, om krig og fred, jubel og fortviling. Bibelen har også skapt mykje av det symboluniverset og den førestellingsverda vi operer med: Himmel og helvete, englar og demonar, helgnar og profetar, ørkenvandringar, paradis og lova land.  Denne symbolikken finn du i populistiske og kitsjy utgåver likesåvel som i akademiske og høgkulturelle. Bibelen er verkeleg ”common ground”! Ja, tek du bort bibelske vendingar og allusjonar, blir det ikkje ein gong lett å banne. Reint ateistiske eidar er ikkje særleg skræmande. Med Bibelen blir både røykjelsesangen og svovelstanken borte frå kulturen.

På eitt avgjerande punkt er eg kritisk til den nye omsetjinga: Val av nynorsk-normal. Her har Lomheim-nynorsken skora for mykje. ”Håper”, ”fryktar” og ”lys” kunne vi unngått i ein representativ tekst som den bibelske. ”Sørgjer”, ”ønskjer”, ”bølgjer”, istaden for ”syrgjer”, ”ynskjer”, ”bylgjer” osv, legg føringar for framtidig nynorsk som hadde fortent meir diskusjon, spør du meg.

Elles er det berre å seie som den hl Augustin: Tolle, lege. Ta og les!

23
Okt
11

carpe diem: Kulturstemne

I går deltok eg altså på 50-års jubileet for Hareidsstemna. I den store møtehallen var det 1000 menneske og eit omfattande program – med topp opplegg av ljos, lyd, scenearrangement m m. Heilt annleis enn då det vart avvikla i det store Hareid bedehus. Eit proft program med song av ulike kor og vokalgrupper, med gjestande strykekvartett, Ytre Suluøen jassensemble, lokal  jassballettgruppe, presentasjon av unge musikktalent frå bygda, festtale v Gunnar Stålsett, fleirstemmig allsong og matpause med heimlelaga saker  og kaker for alle desse tusen, gjennomført raskt og sunnmørsk effektivt. Sjøl bidro eg  denne gongen med lyrikk. Og helsa på masse folk under og etter festen (som tok fire timar).  Alt dette i ein kommune med fire tusen innbyggjarar, for det meste utført på friviljug og ulønna basis.

Utfordringa for slike arrangement er at dei ikkje ekspanderer seg ut av den etiske/intellektuelle  profilen og substansen som  eigentleg gjev meining til det heile. Aktivitetsnivå og innhaldsnivå må halde tritt. Nihilsmen kan snike seg inn overalt; vi blir trøytte på innhald og meining og kompenserer med mengde.  I eitt av innlegga blei det lese av eit møtereferat  frå ungdomslaget for lang tid tilbake. Då heldt lokale ungdomar føredragskveldar med tema frå «Jesusbarnet», via jordbruksspørsmål og sildesalting til politikk og sjelesorg. På éin og same kveld, med høvelege salmar og songar innimellom. Ein sterk vilje til å lære, diskutere og formidle. Det er denne driven som må oppretthaldast og fornyast i lokalkulturen.

I dag: Godt, mildt haustvêr og ein tur vestom øya, til Flø. Liknar på Haram. Grøne, flate gardar frå fjellfoten og ned til storfjøra, med kvit sand og enorme mengder havtare som har drive i land. Gråblått hav utover mot Runde.

22
Okt
11

carpe diem: Turné

Så var det ut på talarferd igjen. Deltek på kulturfestivalen «Hareidstemna» i dag. Så til Bergen med føredrag og det same på Aasen-akademiet i Ørsta/Volda, før retur til Oslo, onsdag kveld.

Hit til Hareid kom eg i føremiddag, etter tidleg flytur frå Gardermoen til Vigra. Bur hjå kjende her, med vidt utsyn frå verandaen mot Storfjorden/Vartdalsfjorden, Masdalskloven, Jønshornet, Festøya og innover mot Sykkylven. I går var det storm – så i morgon skal eg ein tur ut til Flø, vest på Hareidlandet, for å få med meg litt av restane…

Nysnøen er komen i dei svarte fjella sørom fjorden. Overskya i dag, men lovnad om sol i morgon. Haust over Sunnmøre.

22
Okt
11

officium: laurdag, 29. vike i det allmenne året, Baruk 3,9-15.24 – 4,4 (matutin)(

«Stjernene skein på sine postar, dei stråla av fryd. Han kalla på dei, og dei svara: «Her er vi!»  »

Teksten er ein typisk visdoms-tekst. Guds visdom fyller jorda med meining og venleik. Heile skaparverket vender seg aktivt mot Gud. I alt som er, er det ei rørsle i retning av Skaparen, ei ibuande, strålande glede. Som ikkje døden og forgjengelegdomen greier å knekkje.

Vi skulle alle gjenoppdage denne «drifta» mot Gud i oss. Tilhøvet til han er ikkje noko passivt og statisk. Som stjernene, skulle vi kvar dag «skine på våre postar» og rope: «Her er vi!».

21
Okt
11

officium: fredag, 29. vike i det allmenne året: baruk 1, 14 – 2,5; 3,1-8 (matutin)

«Retten tilhøyrer Herren, vår Gud, og over oss kviler skamma»

Baruk framfører si botsbøn for heile folket. Bot inneber å gje Gud ære. Bota plasserer mennesket. Ein tanke som er blitt uendeleg framand for oss. Vår livskjensle er: Vi har rett, Gud har feil. Job hevda sin rett, men ikkje som ei arrogant forkasting av Gud, berre som ein kamp. Til sist gav han Gud rett – og Gud gav Job rett.

Å gje Gud rett, skal ikkje vere slavens knurrande underkasting. Det er det frie mennesket som ser sitt ansvar og som ser seg som ein avhenging og skuldig skapning. Det frigjer. Derfrå kan alt starte på nytt.

21
Okt
11

officium: torsdag, 29. vike i det allmenne året, ester 5,1-5; 7,1-10 (matutin)

«For vi er selde, både eg og folket mitt, til å øydast, drepast og tynast» (7,8)

Holocaust er ingen ny idé. Hatet mot jødane fylgjer soga som ein mørk straum, også den kristne soga. Ikkje minst, er vi nøydde til å vedgå. Guds folk, gløymt av Gud, kan det ha sett ut som. Likevel er det ikkje gått til grunne.

Fordi Gud likevel ikkje har gløymt det.

21
Okt
11

officium: onsdag, 29. vike i det allmenne året: ester 14,1-19 (matutin)

(Dette kapitlet står berre i dei bibelutgåvene som har med heile den GT-lege skriftkanon som omfattar dei sk «devterokanoinske bøkene». I lutherske biblar var tidlegare også desse skriftene med, men samla for seg mellom GT og NT. Bibelselskapet har i dei seinare år gjeve ut ein slik bibel, og dessutan  ei særutgåve av desse skriftene.  For katolikkar og ortodokse er dei ein del av kanon, fordi ur- og oldkyrkja sin bibel nettopp var Septuaginta, der dei er med; GT på gresk, basert i diasporajødedomen…)

«Eg er åleine og har ingen annan hjelpar enn deg. Eg går med livet i hendene»

Her kjenner vi att den åndelege innstillinga frå Salmane: Guds menneske kvir seg ikkje for å rope ut si nakne naud. Mennesket er utsett, sårbart, veikt. Men det vender kropp og sjel mot Gud med ein voldsam, indre styrke.

Slik er det å be. Bøner som når fram.

 

 

 

17
Okt
11

officium: måndag, 29. vike i det allmenne året, esters bok 3 (matutin)

«Lovene deira er annleis enn lovene åt alle andre folk» (v  8)

Eksiljødane i Persia på Esters tid  budde «spreitt og for seg sjølv mellom dei andre folka i alle provinsane» i riket.  Kong Xerxes imperium var ikkje ein nasjonalstat, men omfatta mange nasjonalitetar. Likevel var jødane meir tydeleg sjølvstendige, kulturelt, juridisk og åndeleg, enn dei andre.  Dette provoserte. Ingen «gettoar» eller subkulturar her, takk.

Viljen til å utrydje – om ikkje så drakonisk som Haman ville gjennomføre det – og fjerne alle avvik frå storkulturen dukkar ofte opp, også i vårt samfunn.  Vestiga terrent. Spora skræmer.

16
Okt
11

homiletica: 29. sundag i året, st dominikus krk, matt 22, 15-21

Kjære brør og systre!

Evangeliet i dag handlar om lojalitet: Er det tilatt å betale skatt til Cæsar, eller ikke? Jesu motstandarar prøvde igjen å fange han i ei felle: Svara han at, ja, de er rett å betale skatt til keisaren – så var han ein svikar av folket sitt, av Guds folk og av folkets Gud. Svara han nei, det er feil å betale skatt til keisaren – så var han ein fiende av imperiet, av Cæsar, av okkupasjonsmakta.  I begge tilfelle ville dei ha noko på han, som grunn for å få han fjerna.

Men han fangar dei i deira eiga felle; dei blir svar skuldige; han vender utfordringa tilbake, dei må sjølve ta stilling: Gi Cæsar hva Cæsars er, og Gud hva Guds er.

Dermed lærer han oss noko viktig om vårt liv som truande i denne verda. Cæsar, keisaren, eller kva namn og form styremaktene må ha, har ein viss rett i denne verda. Gud brukar samfunnsordningane som ein reidskap for å halde fred og orden slik at det menneskelege livet kan utfalde seg; sosialt, kulturelt og på alle vis. Det skal finnast ei rettsordning i samfunnet, det skal finnast fungerande lover. Vi må rekne med å vise respekt, betale skatt, oppføre oss omsynsfullt og ryddig. Slik var dei fyrste kristne sit etos, sjøl om dei ikkje levde i eit kristent samfunn. Det kom seinare. I oldkyrkja heitte det:

Gjer rett og skil mot alle: Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære…. elska broskapen, ottast Gud, æra keisaren (Rom 13, 7// 1Pet 2,17).

Dei kristne skulle ikkje vere asosiale eller sekteriske.

Samtidig visste dei at keisarar, kongar, ja, ministrar og parlament og alle slags samfunnsordningingar ikkje er det same som Guds rike. Guds rike skal vere som ei surdeig i samfunnet, dei truande skal vere salt og ljos i verda – men Guds rike vil aldri kunne vere samanfallande med eit jordisk rike. Kyrkja har kunna hatt posisjon og prega samfunnet med sine verdiar – eller ho har måtta gå under jorda, i katkombane, eller i alle fall vore ein minoritet, ein motkultur. Faktum er at vi no er i ferd med å vende tilbake til ein slik situasjon i vår del av verda, etter mange hundre år med kristen dominans.

Guds fullstendige og fullkomnne rike er eit rike som skal kome, ved Kristi synlege gjenkomst, i parusien, i ’tilsynekomsten’. Difor bed vi stadig: Adveniat regnum tuum/’Komme ditt rike’! Riket er her no, sjøl om det kan synast skjult, lite, ikkje-dominerande. Ein dag skal det kome i sin glans! Difor skal kyrkja heller ikkje forvente eller krevje at Cæsar – eller styremaktene – alltid skal vere kristne. Det vi skal kunne forvente, er at dei skal ivareta rett og rettferd, at vi skal kunne leve i eit rettssamfunn.

Brør og systre! Cæsar og styremaktene skal vi respektere og vi skal be for dei, så langt dei fremjar rimeleg rettsorden. Vi skal gi Cæsar hva Cæsars er. Men: Vår djupaste lojalitet er Gud. Han som er kongen over kongane og Herren over herrane. Difor hyller vi han i kvar messe: Kyrie, eleison! Herre, miskunn deg! Det er Du som er vår eigentlege Herre. Liturgien var i den tidlege kyrkja ikkje berre fromme og inderlege formuleringar, men hadde eit samfunnsmessig og kritisk potensiale i seg. Difor syng vi også:

Gloria in excelsis/ Ære være Gud i det høyeste – han er den høgste – og: Du som sitter ved Faderens høyre hånd, miskunn deg over oss. For du alene er hellig, du alene er Herren, du alene er Den Høyeste,-så å seie den høgste Cæsar –  Jesus Kristus, med Den Hellige Ånd i Gud Faderens herlighet.Amen.

Denne hyllinga song også martyrkyrkja når ho feira evkaristien i katakombane – og difor kunne dei truande, dei ”kristtrugne”, ikkje hylle Cæsar som den høgste, som gud. Dei kunne gje Cæsar ”hva Cæsars er”, men dei kunne ikkje gje han ”hva Guds er”. Gud ville bruke til og med persarkongen Kyros i sin plan, men han skulle hugse, som vi høyrde: Jeg er Herren, ingen annen!

Korleis er det med oss? Vi skal vise alle skyldig respekt. Men er Kristus den som er den djupaste forpliktinga i livet vårt? Eller lever vi eit splitta liv, eitt liv på jobben og i det offentlege og eit anna når vi er i messa? At vi skal gi Cæsars ”hva Cæsars er” og ”Gud hva Guds er”, betyr ikkje at vi skal leve eit smart dobbeltliv, eitt liv i business og eit anna i bøn. Det kan vere freistande i eit samfunn der vi som kristne er nøydde til å leve i eit sekularisert samfunn som ofte fylgjer sine eigne lover. Når det blir lojalietskonflikt må vi, som Skrifta seier, lyde Gud meir enn menneske (Apgj.).

Må Gud gje oss dømekraft her. Slik at vi blir mennske med integritet, også i vanskelege situasjonar. Er det noko som verkeleg trengs i samfunnet i dag, er det menneske med integritet. Som ikkje gir alle ”cæsarane” meir enn dei skal ha, anten det er samfunnsmakter, pengemakter eller meiningsmakter.  Lykkesmedar, profittørar, karrieristar og opportunistar er det nok av.

Difor:

Alltid freidig når du går/veie Gud tør kjenne//selv om du til målet når/først ved verdens ende!”

 

16
Okt
11

nota bene: Tomrom

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen 15/10-11…

Eg såg nyleg Joachim Triers film: ”Oslo.31 august”. Eg gjekk inn på Colosseum frå gata på Majorstua, såg filmen, og gjekk ut att – og det var som eg var i det same romet heile tida. I kinosalen var eg eigentleg ute i Oslo, då eg kom ut, var eg framleis i filmen. Trier er så skjønsam og varsam at han kjem heilt inn på byen. Oslo er ikkje ein kulisse for ein serie med hendingar, men det romet vi lever i. Byen og vi, hud mot hud.

Merkeleg at ein forbarka sunnmøring og vestlending opplever dette? Ja, eg blei litt overraska sjøl, men hadde godt av å forstå i kor stor grad hovudstaden og tigerstaden også er min by. Trier hjalp meg til å vedgå  min blyge kjærleik til Oslo. Fordi byen sjølv, mitt i storbyståket, er ein blyg by. Bergensarar er meir patrtiotiske, og meir rappkjefta,  høgrøysta og tydlege. Eg har budd der lenge, og du får litt nok av det. Det er ei tid for alt. Oslo er den slække byen; den late diksjonen, den melankolsk-muntre uttrykksmåten, det tilbakelente, diskré sjølvmedvitet: Dette er hovudstaden, vi treng ikkje å heve røysta.

Det er nettopp fascinasjonen over Oslo som gjer det mogeleg for Trier, og for oss som ser filmen, å få kontakt med det smertefulle og vonde som også denne storbyen slit med. Den narkomane unge mannen frå Oslo vest, synleggjer sjukdomen i bysjela.  For det fyrste i sin eigen generasjon. Det ørkeslause i det vellukka familielivet så vel som den beinharde kampen for suksess i festmiljøet. Her er det verkeleg ”köttets lustan og själens obotliga ensamhet” (Söderberg) som rår. Ikkje vanskeleg å skjøne at rusen på stoff og alkohol blir ein utveg for mange. Den eigentlege tomleiken røpar seg likevel i dei bakanforliggjande miljøa, i foreldregenerasjonen og det offisielle samfunnet. Filmens suicidale hovudperson har fått ein tidsriktig og frisinna oppvekst, med foreldre som har lagt alt til rette utan utidige moralske eller åndelege føringar. Karrikaturen ligg ikkje langt unna: -Sjølmord? Så fint at du tek sjølstendige val, slik vi har prøvd å lære deg. Det er ditt liv! Slik blir ein sugd inn i denne kulturens ”black hole”. Foreldra har formidla si livskjensle til den unge mannen; og i denne er tru på Gud sjølsagt noko forkvakla og ingen option for menneske i dag. Sjølv vågar han å seie at han ikkje er så sikker på det, men han har ikkje nok nerve og motivasjon til å gjere meir med det.  Gud er død på Oslo vest.  Også terapeutane og fagfolka på mentalsjukehuset framstår som velmeinte og hjelpelause. Tomme når det kjem til stykket.

Trier avdekkjer denne atmosfæren utan å bruke store fakter.  Midt i meiningskrisa bryt også det uutryddeleg menneskeleg igjennom her og der. I humor og sjølironi, i glimt av kjærleik, venskap og ømleik. Men det festnar seg ikkje i mannen. Han er blitt ei glattcelle inni seg. I den pene, men nedmonterte  og folketomme barndomsvillaen, tek han overdosen etter eit vemodig postludium på flygelet.  Dei sterkt eksistensielle og moralske tematikkane i filmen får inga oppfylgjing. Det er berre den nakne krisa. Difor sluttar filmen også brått. Livsresursane var oppbrukte. Heilt parallelt til mangelen på etiske resursar i denne kulturen. Der alle metafysiske perspektiv er borte, kan det synast som  fridom, ansvar,  anger, død og liv blir skuggeaktige termar.  Orda for meining utover det å hevde seg i livskampen, blir borte. Ikkje meir å seie, ikkje meir å filme. Det gode med filmen er at han vågar å antyde at det er noko som manglar. Han opnar døra i Oslo-livet på gløtt så vi ser at det er tomt på den andre sida.  Vi møter ikkje berre eit isolert, mislukka tilfelle, men eit menneske som blir eit bytte både for seg sjølv og andre i den felles mangelen på meining.

Filmen viser meg , anten det er tilsikta eller ikkje, at den norske storbyen er veldig etablert i sin nyhedonistske livskjensle. Det er både noko komfortabelt og resignert over denne  kjensla. Ein urban kynisme, forsona med seg sjølv. Nihilisme à la Oslo.

Sett frå mitt synspunkt er det noko djupt tragisk over dette, men Triers film gjev ingen trong til fordøming. Berre til sorg, og ein underleg sympati.

 

 

 

 

 

 

16
Okt
11

officium: fredag, 28. vike i det allmenne året, malaki 1 – 2 (matutin)

«For ein prests lipper tek vare på kunnskap, frå hans munn skal folk be om rettleiing, for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud» (2. 7)

Malaki var send til folket fordi det hadde teke til å forakte tempeltenesta. Ikkje så nøye med kva ein brukte som offergåver, ikkje så stivt med korleis prestane ivaretok tenesta si.  Rett nok måtte profetane ofte hevde at det liturgiske livet var verdlaust utan rett livsførsel, men det innebar ikkje at ein kunne oversjå dei heilage ordningane Gud hadde gjeve Israel for at folket skulle leve i samfunn med han.

Presten skulle ofre på vegner av folket – men også forkynne og undervise som Guds sendebod. Noko av det profetiske kallet høyrde også til prestetenesta.

Dette trengs stadig. Eit presteskap utan gudskunnskap og utan evne og vilje til å vere rettleiarar, er ei sjølvmotseiing og eit forfallsteikn.

13
Okt
11

officium: torsdag, 28. vike i det allmenne året, sak 8 (matutin)

» Elska sanning og fred» (v 19).

Sakarja anonnserer ei tid med frelse og glede for Israel; teksten lyser av Guds lengt etter å leggje tida for straff og oppgjer bak seg og velsigne med raus hand. Midt i gleda skal folket hugse å gjere det gode: Tale sanning, felle rette domar på tinget, skape fred, ikkje leggje vonde planar mot andre.

Ingen åndelege eller moralske raritetar, berre den retten, godleiken og sanninga alle menneske lengtar etter og som Gud elskar. Der står vår prøve.




kategoriar