30
Mai
12

officium: onsdag, 8. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins «Vedkjenningar» (matutin)

«Gje det du krev, og krev så kva du vil!»

Augustin streva med å overgje sine lidenskapar, kanskje fordi han hadde teke dei så sterkt ut i illegitimt samliv. Alt set spor. Han ville no leve åleine – og difor avhaldande. Det er noko med den kroppslege lidenskapen som spreier oss og sprengjer oss, meiner Augustin. «Ved å vere avhaldande bli vi samla og førde tilbake til den einskapen vi forlet då vi blei oppløyste i mangfald», legg han til. Sterke krefter må styrast, ikkje berre med tvang, men utfrå ein indre fridom. Å elske Gud og nesten krev fokus – og gjev fokus. Sentrifuga som slyngjer oss ut når vi lar våre apetittar drive oss, må staggast så vi ikkje går i oppløysing, både kroppsleg og sjeleleg.

Å makte dette, fordrar eit overskot som berre Gud kan gje oss. Vi må fyrst ta i mot, så kan vi gje. Alt.


3 Svar to “officium: onsdag, 8. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins «Vedkjenningar» (matutin)”


  1. 1 Solveig
    mai 30, 2012 ved 9:07 pm

    sjølv i legitime samliv kan jo trongen bli sterkt etter å leve aleine og så når ein lever åleine kan ein desperat ynskje seg noko anna. Det er ikke lett dette menneskjelivet.. Veit sjølv at ein av beste periodene i livet var åra i studentbyen på Moholt med mat og bufellesskap med andre studentar, på ein måte (kun ein, veit jo at det viktigaste mangla i studentfellesskapen) er det vel slik klosterlivet er!

    • mai 31, 2012 ved 8:53 pm

      Eg trur at i også felleslivet, som familie og ekteskap, er det viktig å gje tid og rom til personleg tilbaktrekning (ein tur, ein retrett eller eit klosteropphald). Paulus seier faktisk at det er bra om ektefeller «held seg frå kvarandre» visse tider, nettopp for å kunne be, i vidaste tyding (1 Kor 7).

      Vi har også behov for å vere med i ein kyrkjeleg fellesskap der noko av det same blir realisert som i ein klosterfellesskap. Klosteret er jo berre ei særleg form for det kristne felleslivet vi alle er kalla til, tillempa vårt livskall elles. I framtida vil denne dimensjonen i det å tilhøyre kyrkja, berre bli viktigare, som i dei fyrste kristne århundra. Dei ulike kyrkjelege livsformene høyrer saman og treng kvarandre.

    • 3 Herman
      mai 31, 2012 ved 9:02 pm

      Uten at jeg skal gi svarene (for da blir det jo ikke noe morsomt..! + det faktum at de svarene ikke finnes annet enn hos Gud), så er menneskelivet ganske riktig både sammensatt og komplisert. Og enkelt. Og det finnes mellomting. Klosterlivet har sine sider, legitime samliv har sine sider, alle mennesker har en eller annen form for behov og mer eller mindre styrke til å takle dem, eller vilje, eller tilgang til å la seg utfordre. Det er min erfaring. Mennesker i samliv kan ha behov for ensomhet, enslige kan ha behov for samvær. Dette er det nok skrevet mange kloke bøker om, uten at jeg har lest dem.

      Men en gang husker jeg å snakke med en venninde om synd. Og det å synde. Min konklusjon var at synd er jo gøy! Men det hun ikke forsto var at hva jeg mente å si med det, var at det ikke var synden i seg selv som var så morsom, men «kampen» mot den. I meg, i mitt indre selv. Jeg vil anta at vi brynes litt av Gud på vår vei mot Ham, som er Veien, Sannheten og Livet. Ingenting er gratis, selv om noe er det, livet er ingen dans på roser uten at tornene også er der, etc.

      Vel, vi syndet ikke, og ingen av oss gjorde noe galt. Heller ikke «synderinnen» som åpenbart mente at det ikke var så fryktelig å ta en fest av og til etc. som mange andre heller ikke har problemer med å takle.

      Hilsen


Kommenter innlegget


kategoriar